To nye innbyggjarar til Ulvik og Hauge-senteret
Foto: Harald G Johnsen

To nye innbyggjarar til Ulvik og Hauge-senteret

Per Magnus Finnanger Sandsmark (25) er tilsett som formidlar ved Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Elisabeth Tveite (25) er tilsett i stillinga som salssekretær. Med desse to tilsetjingane får Hauge-senteret på plass særs kompetente vikarar for dei to tilsette som går ut i permisjon i september.

Per Magnus Finnanger Sandsmark (25) er tilsett som formidlar ved Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Han kjem frå ei stilling som politisk rådgivar for Venstre i Oslo. Elisabeth Tveite (25) er tilsett i stillinga som salssekretær. Ho er frå Voss og har jobba deltid i Fagforbundet medan ho har studert i Oslo. Begge tek til for fullt stillingane i september og er engasjert for eit år. 

Med desse to tilsetjingane får Hauge-senteret på plass særs kompetente vikarar for dei to tilsette som går ut i permisjon i september.

Formidlar Per Magnus Finnanger Sandsmark er frå Halden og har master i kulturhistorie og museologi frå Universitetet i Oslo i 2014. Han har praksis frå m.a. Norsk folkemuseum og Kulturhistorisk museum og har skrive masteroppgåve om forvaltning og formidling. Han har også utvikla undervisningsopplegg for Noregs Mållag for elevar i Hordaland og Rogaland.

–Ved tilsetjinga av Sandsmark får Hauge-senteret ein dyktig og dynamisk medarbeidar med relevant erfaring frå formidling og museumsarbeid. Han har fått eit breitt fagleg nettverk som foredragshaldar, gjesteførelesar og kommunikasjonsrådgjevar, seier dagleg leiar Geir S. Netland ved Hauge-senteret.

Elisabeth Tveite har master i kunsthistorie frå Universitet i Bergen i 2014 og studerer no arkivkunnskap. Ho har også erfaring innan sal og service frå fleire butikkjobbar.

– Tveite har utmerka seg med sosialt og kulturelt engasjement i ei rekkje lag og foreiningar under studietida. Ho er ein ryddig og systematisk person som vil meistre eit breitt arbeidsfelt, seier Netland.

 

Meir informasjon

Dagleg leiar Geir S. Netland, 900 38 286

Kommunikasjonsrådgivar Laila Walseth Lid, 70 04 75 82