Olav H. Hauge-senteret treng kreativ formidlar  som er glad i lyrikk
Foto: Ingvil Skeie Ljones

Olav H. Hauge-senteret treng kreativ formidlar som er glad i lyrikk

Formidlaren vår går ut i permisjon, og eit årsvikariat er ledig frå 27. mars 2017 til 31. mars 2018 for ein idérik person med strategisk blikk som er glad i lyrikk.

Som formidlar ved Hauge-senteret får du sjansen til å gjere alt om litteratur som du har drøymt om. Du utviklar kulturprogram med arrangement gjennom året. Du følgjer opp og gjennomfører elevprogram for ulike alderssteg og tilboda våre i Den kulturelle skulesekken. Du gir gjester og grupper omvisingar i utstillingane våre, får høve til å vidareutvikle det tilbodet og står for vedlikehaldet av utstillingane. På Haugesenteret.no er du med og publiserer godt stoff om lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser.

Til dette treng du relevant høgare utdanning og pedagogisk erfaring, helst frå skuleverket. Røynsle frå museum eller formidling kjem godt med. Som formidlar får du bruk for alt du kan om litteratur og språk, Olav H. Hauges dikting, og om lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser. Du bør like å skrive og snakke, vere stø i nynorsk og ha god kjennskap til engelsk.

Hauge-senteret held til i gode lokale i Ulvik sentrum. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke. Vi tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur og engasjerte kollegaer, ryddig organisasjon, romsleg fleksitidordning, medlemskap i Statens pensjonskasse som inkluderer avtalefesta pensjon, og gruppelivsforsikring. Alle nye medarbeidarar går gjennom eit grundig introduksjonsprogram. Hos oss nyttar alle nynorsk skriftleg.

Nærmaste overordna er dagleg leiar ved Hauge-senteret. Fleire opplysningar får du hos dagleg leiar Geir S. Netland, tlf. 900 38 286.

Grip sjansen: Send søknad med cv og relevante attestar til admin@aasentunet.no seinast måndag 6. februar.

 

Hauge-senteret med Ulvik poesifestival er eit dokumentasjons- og formidlingssenter om Olav H. Hauge og lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser. Senteret er ei avdeling i Nynorsk kultursentrum, som også eig og driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta med Dei nynorske festspela, Allkunne og sju andre nettstader, Vinje-senteret og som forvaltar Vinje-fondet. Nynorsk kultursentrum blei kåra til Årets museum 2015, har eit driftsbudsjett på 29 millionar i 2017 og utviklar stadig rolla som samfunnsaktør med nye prosjekt og publikumstilbod.