Allkunne tek over NRK Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrumFoto: Aasen-tunet

Allkunne tek over NRK Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane

Det nynorske, digitale oppslagsverket Allkunne tek over NRK Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane med om lag 7000 artiklar og over 14000 bilete.

Det nynorske, digitale oppslagsverket Allkunne tek over NRK Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane med om lag 7000 artiklar og over 14000 bilete. Heile leksikonet er no publisert på www.allkunne.no og er gratis tilgjengeleg. NRK Sogn og Fjordane har sidan 2001 arbeidd med faktainformasjon om fylket. Det aller meste av stoffet er skrive av Ottar Starheim og Kjell Arvid Stølen, og NRK har halde stoffet oppdatert heilt til no.

– Vi er svært glade for at fylkesleksikonet lever vidare. Allkunne har leksikon som spesialfelt og vil sikre at dette materialet blir oppdatert og utvikla til beste for publikum, seier distriktsredaktør Kai Aage Pedersen i NRK Sogn og Fjordane. NRK gir no frå seg materialet for å konsentrere seg om eigne prioriterte oppgåver.

– NRK har gjort framifrå arbeid med fylkesleksikonet. Vi har forplikta oss til å føre vidare den høge kvaliteten på artiklane, og vi er stolte over den tilliten NRK viser oss ved denne overføringa, seier styreleiar Lodve Solholm i Allkunne AS. – No skal vi oppdatere og vidareutvikle dette rike stoffet. Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane inneheld artiklar om kommunar, bedrifter, stader, personar, historie, næringsliv og kulturliv, organisasjonar og mykje anna. 

Allkunne er eit gratis og reklamefritt oppslagsverk som no inneheld 22 000 artiklar. Allkunne AS er eit dotterselskap i Nynorsk kultursentrum med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn som dagleg leiar.

www.allkunne.no