Om gamal kjærleik og unge vampyrar
Foto: Elisabeth Tveite

Om gamal kjærleik og unge vampyrar

Formidlar Per Magnus Finnanger Sandsmark bloggar denne veka om haust, død og kjærleik.

«Å? Jobbar du med dikt? Blir mykje «hjerte og smerte» på deg då,» sa ein kompis og fniste då eg fortalde at eg hadde fått jobb på Hauge-senteret. Så langt har eg jobba svært lite med kjærleiksdikt, men i denne ytringa vert det litt hjarte, litt smerte og litt rotning. Det må til.

Hausten er rotningstid. Det friske og fruktbare visnar bort. Det daude trer fram. Ofte som noko vakkert, som fargerike tre. Men òg som noko daudt - som ròten nedfallsfrukt.

Det er nok difor eg aldri har likt uttrykket «livets haust» om den tida der det er legitimt å kalla eldre folk forgamle. Det er å redusera ein stor del av livet til eit langdrygt avslutningsnummer før alt frys til, eller berre forsvinn.

Førre veke fortalde eg om Olav H. Hauge for to ungdomsskuleklassar frå ein nabokommune. Eg fortalde at Hauge var nærare 70 då han først fekk seg kjærast og gifta seg. «Det er rart å verte forelska når ein nesten er daud», sa ei av jentene i klassen etterpå. Ein av gutane reagerte annleis: «Fjoh! Då vil eg òg ha ein sjanse til å få meg nokon».

Ei av dei andre jentene meinte det passa å vera gamal når ein skulle skriva dikt. Språket og emna passa godt for eldre, syntest ho. Den leseopplevinga som har gjort meg mest positivt overraska i år synte meg det motsette. Kunstnaren Anders Brenno debuterte i vår med diktsamlinga Vampire! Yeah!. Eg er litt skeptisk til engelske ord i norsk litteratur. Eg er enno meir skeptisk til vampyrar. Eg tykkjer koplinga mellom tenåringsjenter og blodtørste mannfolk i populærkulturen er meir morbid og trist, enn vakker og spanande. Likevel er altså Anders Brenno si diktsamling den beste leseopplevinga eg har hatt i sommar. I møtet mellom kyrkjegardar, vampyrestetikk og ung avslutta kjærleik, klarer han å mana fram bilete og ein stil eg tykkjer er god. Det er kult og røft, men det er samstundes ekte og nedstemt, som i diktet "Du ser ut som regn":

Shit baby, du ser ut som regn
Høstregn som bare regner om natta
når gatelysa gjør deg synlig
Jeg legger meg på bakken
og lukker aua, før jeg slår dem opp igjen
og stirrer mot regnet
som skyller over meg

Her er det ungdomen som tek over hausten. Alt er haust hjå Brenno. Det regnar alltid. Alt går mot slutten, og alt er litt dramatisk. Det finst ikkje rolege netter. Dei har vore. No er det alvor, og altså haust. Brenno har fått skryt frå fleire kritikarar for å fornya korleis ein skriv om kjærleikssorg i dikt. Av og til overraskar han. Då er ikkje kjærleiken berre «Yeah, baby», men overraskande vakker, som i diktet "Eye of death":

Du sier: fordi du ser meg, og syns jeg er sexy på innsia
Jeg sier: jeg har erotiske fantasier om følelsene dine
Du sier: jeg bryr meg ikke om åssen det høres ut, så lenge det er sant
Jeg sier: jeg kysser deg, fordi du fortjener det
Du sier: kyss meg slik du forestiller deg det

Men av og til er han så dramatisk, som berre kjærleikssorg når du er tenåring kan vera, slik han syner i "Dream Cementery":

Jeg toucher steinen din
og lar fingeren gli over navnet ditt
fordi det er det nærmeste jeg kommer

Haust er ikkje berre daud. Det er òg hausting av ny, fersk frukt. Her i Ulvik er det torgdag om to veker. Då er det fruktslepp, og bygda bognar over av folk og eplesortar. Også gamle gjenstandar får ein ny sjanse til nytt liv på bygdas største loppemarknad. Slik kan òg livets haust vera.

Brenno, Anders (2015). Vampire Yeah!. Oslo: Aschehoug.

 

Ulvik, 18.9.2015

 

Per Magnus Finnanger Sandsmark, formidlar, Olav H. Hauge-senteret