Kjeldekritikk og vidare forsking

Med sine desimalar og eintydige storleikar ser tal meir pålitelege ut enn dei fleste menneskelege uttrykk. Nettopp difor bør tal lesast like kritisk som tekstar. Grunnlaget for ein tabell kan vere for lite, utvalet skeivt, faktorar kan mangle. Dette blir det gjort greie for nedanfor.

Behov for meir kunnskap

Det er ikkje mogleg å nå målet om å samle all relevant dokumentasjon om språk i Noreg. Same kor systematisk ein måtte arbeide, vil der vere noko som blir oversett, og dokument som er for lite allment spreidde til at dei blir fanga opp. I Språkfakta 2015 er det brukt stoff frå mange masteravhandlingar, men der er nok fleire. Trass i alle manglar i både offentleg og privat statistikk er det eit særsyn at utviklinga i utbreiinga av språk innanfor ein nasjon kan følgjast så nøye som vi faktisk kan i Noreg.

Frå slutten av 1990-åra har studentar, forskarar og meiningsmålingsinstitutt gjennomført svært mange undersøkingar av haldningar og meiningar om språk i Noreg. Så mange er det blitt at vidare undersøkingar bør konsentrerast om regelmessige gjentakingar for å fange opp eventuelle endringar til dømes kvart femte år.

Ein ting er materiale som faktisk finst. Noko heilt anna er det med materiale som ikkje finst, og dei analysane som difor ingen har tenkt ut enno. I Nynorsk faktabok 1998 blei det peikt på 25 mangelområde. Mange av dei er no dekte, men somt står att. Mykje av materialet i Språkfakta 2015 bør studerast meir grundig enn det har vore mogleg å gjere i denne publikasjonen. Ved å kombinere stoffet med materiale frå databasar som Statistisk sentralbyrå kan meir oppdagast, forståast, nyanserast. Likeins ville det gjere seg med fleire jamførande analysar som inkluderer fleire språksamfunn enn det norske. Ein god stad å ta til er å utvikle meir pålitelege og relevante data for utbreiinga av språk i dei nordiske landa.

Den norske grunnkulen er godt dokumentert; det einaste måtte vere studiar i språkleg stabilitet hos nynorskbrukarane. Det same kan ikkje seiast om barnehagar, vidaregåande skular og høgare utdanning. Den faktiske språkstimuleringa i barnehagane er statistisk luft, for tidsrommet 1970–2010 veit vi så godt som ingen ting om status og endringar i vidaregåande skule, og paradoksalt nok er det skrive svært få akademiske studiar av bruk og utbreiing av språk i høgare utdanning eller forsking. Der er nokre viktige rapportar, men historia om språk i akademia er så langt mest munnlege fragment. For høgskulane ligg det førebels ikkje føre tal om førstespråk for studentane, og heller ikkje for universiteta er alt på plass.

Innanfor offentleg forvaltning veit vi mykje om staten, litt om kommunane og nesten ingen ting om fylkeskommunane sin praksis. Dei interkommunale selskapa er aldri blitt systematisk kartlagde, og studiar som jamfører ulike kommunale sektorar er neppe nokon gong utførte. Kor viktig ulike nivå i offentleg forvaltning er for den samla utbreiinga av ulike språk, finst det til no berre ein og annan krokete peikepinn om.

Like lite veit vi om kva leiarar og medarbeidarar i arbeidsliv, yrkesorganisasjonar og frivillige organisasjonar meiner om språk, og korleis desse mange verksemdene og organisasjonane arbeider språkleg i kvardagen. Språkpraksis i frikyrkjer, lekmannsrørsle og dei mange nye religionane er heller ikkje blitt kartlagd enno.

Digitale medium er enno eit ungt fenomen. Viktige studiar ligg alt føre, men her trengst det meir kunnskap om bruksmønster på nasjonalt og regionalt nivå.

Språkhistoria til NRK kan skrivast frå og med skipingsåret 1933. Det er ikkje mogleg verken for TV 2, TV Norge P4 eller Radio Norge. I sine studium av den norske mediebransjen har medievitskapen det meste ugjort innanfor harddata der språk er ein like sjølvsagt kategori som eigarskap, opplag, sjåar- og lyttartal.

Mange støtteordningar for bøker og presse er dokumenterte i kapittel 10, 15 og 16. Det står att å få til eit komplett oversyn over ei støtteordning for lærebøker i grunnskulen som blei oppretta i 1961. Med det aukande presset frå engelsk mot bokmål kan viktig kunnskap vinnast ved å analysere bokutgivingar og utbreiing av bøker på bokmål etter sjanger over tid. Saman med fleire analysar av same slag for nynorsk litteratur kan dette vise kor like og ulike desse to norske skriftkulturane er.

Dokumentasjonen av boktitlar i sal kan koplast til omsetning på eit overordna nivå, og arbeid blir sett i gang for å få til dette. På same måten som alle bøker i sal er merka med språkkode, gjeld dette også bøker i bibliotek. Kulturrådet blir invitert til eit samarbeid om å forbetre bibliotekstatistikken ved å leggje til kategorien språk. Dewey-systemet i biblioteka kan ikkje koplast direkte til bokgruppesystemet i bokbransjen, men nokre jamføringar kan gjerast for somme sjangrar.

Sjølv om kunstfeltet på sett og vis blir marginalisert, er der mangt vi burde vite meir om, frå repertoar sortert etter språk ved ulike teaterscener til grundige studiar i film og musikk. Det samla repertoaret i eit år eller for ein periode kunne analyserast grundig med scenespråk som ein av variablane.

Medlemsdata for språkorganisasjonar skal byggjast ut slik at denne dokumentasjonen blir mest mogleg komplett. Fleire organisasjonar var i 2015 ganske ukjende med si eiga historie på dette punktet.

 

Feilmarginar i meiningsmålingar

Alle spørjeundersøkingar med eit representativt utval har statistiske feilmarginar. Desse feilmarginane minkar di større utvalet er. Di fleire i utvalet som svarar det same på eit spørsmål, di meir usikkert er det om svaret er representativt.

Tabellen nedanfor frå TNS Gallup 2009 viser feilmarginane for ulike utval og føreset at talet på alle som kunne ha vore spurde (populasjonen), var minst ti gonger større.

 

Kjeldekritikk og vidare forsking

Talet før skråstreken er sannsynsprosenten. Viss 30 prosent i eit utval på 1000 har svara ja på eit spørsmål, er det 70 prosent sannsynleg at mellom 27,2 og 32,8 prosent av befolkninga ville svare slik. Viss 50 prosent i eit utval på 2000 har svara nei på eit spørsmål, er det 50 prosent sannsynleg at mellom 47,8 og 52,2 prosent av befolkninga ville svare nei.

Meiningsmålingar er altså upålitelege, men likevel langt frå ubrukelege. Vanskelegast er det å byggje konklusjonar på dei når spørsmåla gjeld tema der meiningane er flyktige. Partipolitiske spørjeundersøkingar er av det slaget, særleg i vekene før eit val. Di større endringane er, di større grunn er det til skepsis. Språkfakta 2015 inneheld mange data frå spørjeundersøkingar gjennom sju tiår. Det slåande fellestrekket er at endringane er små over tid. Ingen stad er det store sprang. Det gjer dei lange linjene meir pålitelege.

Om språk tek det tid å endre meining.

Eintydige er likevel ikkje tendensane. Ulike spørsmål og spørjemetodar gir ulike svar, og særleg dei undersøkingane som blir laga i arbeidet med akademiske avhandlingar, byggjer gjerne på eit utval så lite at det fell utanfor tabellen ovanfor. Då blir også analysar og konklusjonar skjøre.

Terskelen for å ta med undersøkingar har vore låg. I mange undersøkingar er utvalet så lite at det knapt har noko for seg å presentere resultata, men summen av mange små undersøkingar kan gi ei viss meining. Det har også vore viktig at ingen skal kunne så tvil om kor etterretteleg denne dokumentasjonen er. Språkfakta 2015 er ei samling nyansar, inga kvitbok. Mellom 1953 og 1965 var der ein avtale mellom Norsk Gallup Institutt, Arbeiderpartiet og Høgre om at dei partipolitiske meiningsmålingane ikkje skulle offentleggjerast, då nokon meinte at slik informasjon kunne gi såkalla uheldig påverknad.¹

Det hadde såleis ein særleg verdi at norsk valforsking tok form i 1950-åra. Der var språkspørsmål med frå første stund, og eit halvt hundreår seinare var desse tala verdfull historisk dokumentasjon. Det valforskarane fann ut i ettertid, stemte godt med det Norsk Gallup Institutt fekk av svar på sine språkspørsmål i 1950- og 1960-åra. Til skilnad frå dei partipolitiske meiningane blei aldri dei språkpolitiske meiningane haldne attende. Om dei nyheitsmeldingane hadde noko å seie, står att å finne ut.

 

1 Verda

Så godt som all internasjonal dokumentasjon av allmenn bruk av språk gjeld talt språk. Her er Noreg eit unntak ved at opplysningane om fordeling mellom nynorsk og bokmål stort sett gjeld skriftspråk, ikkje talt språk.

Ethnologue har til tider vore kritisert for at litt for mykje av kjeldematerialet har vore forelda, og at det historiske perspektivet stort sett manglar, men at slike manglar på langt nær opphevar den verdien denne databasen representerer.² Delar av denne kritikken har Ethnologue svara på ved å utvide analysane sine, mellom anna av språkleg mangfald. Det sterkaste ved dokumentasjonen frå Ethnologue er at dette arbeidet er så konsistent over så lang tid.

Mengdetal for språk vil veksle med skiftande definisjonar av språk, jf. merknadene i forordet. Det er ukjent om same definisjonen er brukt av internasjonale organisasjonar som UNDP og UNESCO.

Ethnologue introduserte systemet for identifisering av språkleg vitalitet i 2013 (tabell 1.2.2 og 1.2.3). Alt to år etter var mange språk plasserte i ein annan kategori. Her må ein rekne med at det tek mange år før grunnlaget for den systematiske inndelinga er godt nok utvikla og mange nok erfaringar vunne.

Kunnskapen om utbreiinga av skriftsystem er mangelfull på viktige punkt (tabell 1.2.4). Meir arbeid må gjerast før denne dokumentasjonen blir så god som den bør vere.

Få tal i desse tabellane er meir politiske enn prosentar for lese- og skrivekunne (tabell 1.3.1 og 1.3.2). Den empiriske avstanden kan dermed vere stor mellom røynda og det talet som er oppgitt.

Kunnskapen om omsetjingar av Bibelen er sikrare enn det som gjeld Koranen (tabell 1.4.1 og 1.4.2).

Noko slitesterkt system for å identifisere språk på nettstader og i sosiale medium er ikkje etablert (tabell 1.5.1, 1.5.2, 1.5.3, 15.4 og 1.5.5). For eit såpass nytt fenomen er likevel tidleg dokumentasjon viktig å ta vare på.

Å setje opp ordforråd for namngitte forfattarar og oppslagsord i namngitte ordbøker må seiast å vere risikabelt (tabell 1.6.1 og 1.6.2). Det same gjeld dei mest omsette forfattarane (tabell 1.6.5). Dette er døme på tabellar som kan utviklast til mykje større presisjon over tid, når grunnlaget no er lagt.

Nokre av dei mange spørsmåla som melder seg når språk skal dokumenterast, er drøfta i essayet «Teljing og forteljing».

 

2 Europa og Norden

Nokre av tabellane inneheld meir enn dei 50 europeiske statane, og det er ikkje opplagt kvar alle grenser skal gå. Ethnologue reknar til dømes ikkje Kosovo som eige land, og manglar difor informasjon om dette området. Opplysningar om Kosovo er då henta inn frå andre kjelder.

Dei gamle minoritetsspråka er rekna med, men ikkje dei nye innvandrarspråka. Det faktiske mangfaldet av talt språk i Europa er difor mykje større enn det som går fram av dette kapitlet. For ein dokumentasjon av språkleg dominans i dei ulike landa har dette likevel lite å seie (tabell 2.1.5).

Som nemnt i kapittel 1 er det mykje uvisse om den faktiske lese- og skrivekunna (tabell 2.2.5).

I tabellane om språk i Norden er det som før blei kalla hovuddialektane i samisk, rekna som ulike språk (tabell 2.3.2 og 2.9.4). Opplysningar om bruken av dei mindre språka er kombinerte med informasjon om samla folketal i kvart land. Desse tala kan difor ikkje reknast som absolutt pålitelege, men er meir som påslag å rekne.

Primærkjeldene for historisk statistikk om utbreiinga av store europeiske språk er ikkje oppgitt i dei bøkene materialet er henta frå. Forfattaren har nøgd seg med å vise til at der ikkje er nokon opphavsrett for statistikk. Som for alle eldre tal er det nødvendig å lese desse med atterhald.

3 Noreg

Det meste av dokumentasjonen byggjer på meir detaljert dokumentasjon i seinare kapittel. Heile vegen er det då vist til dei tabellane materialet er henta frå. Der vil ein finne utfyllande kjeldeinformasjon og ein del viktige merknader.

Dette kapitlet gir eit tverrsnitt av viktige delar av stoffet i resten av kapitla. For å gjere framstillinga så tydeleg og informativ som råd er, er informasjon frå ulike tabellar kombinerte. Ønsket om få fram flest mogleg lange linjer har overprøvt risikoen for at data blir kombinerte som strengt vitskapleg ikkje burde kombinerast. Med det atterhaldet har det altså vore mogleg å få fram ei nesten ubroten linje like frå 1951 om kva skriftspråk nordmenn bruker privat (tabell 3.4.1). Det går fram av dei tabellane som er brukte, korleis spørsmåla har vore formulerte i dei ulike undersøkingane.

Både her og i seinare kapittel er der tabellar med lakuner i form av tal som manglar. Vurderinga har vore at det er likevel er givande å presentere den dokumentasjonen som faktisk finst, også når denne er fragmentarisk eller mangelfull. Eit døme på dette er dokumentasjonen av kor mykje norsk musikk det blir spelt i ulike radiokanalar (tabell 3.13.5). Mange data manglar, men mange nok er på plass til at resonnement kan gjerast. Radiostasjonane fører her som regel opp kor mange prosent av prosentdelen norsk musikk som er norsk musikk med norsk tekst. Det blir ei fagleg meir korrekt framstilling å rekne ut kor stor del av all spelt musikk som er norsk på norsk, men då er nok ein del av tala også mindre flatterande.

På same måten som det i kapittel 1 er uvisse om dokumentasjonen av dei mest omsette forfattarane, gjeld dette også for presentasjonen av eit slikt materiale om norske forfattarar (tabell 3.11.2).

 

4 Demografi og geografi

Som i kapittel 3 er mange av tabellane redigerte på grunnlag av meir detaljert materiale utover i kapitla. Merknader og kjeldeinformasjon vil finnast der. Det har ikkje vore noko mål å samle alle regionale data i dette kapitlet. Framstillinga er i staden konsentrert om dei viktigaste og mest relevante funna.

Dei gamle, etablerte landsdelane har vore brukte alle stader der det er mogleg. I spørjeundersøkingar har handelsdistrikt teke over, særleg frå 1990-åra, men det er også blitt meir vanleg å skilje Oslo ut frå resten av Austlandet. Nett det har mykje for seg

Kapitlet inneheld ein del data om innvandrarane i Noreg (tabell 4.2.3, 4.2.4 og 4.2.5). I alle slike samanhengar er dei definisjonane for innvandrarbefolkning brukte som Statistisk sentralbyrå har etablert.

 

5 Haldningar og meiningar

Nesten alle spørjeundersøkingane er samla i dette kapitlet. Det går fram av kvar tabell kor stort utvalet har vore. Ein god del av tabellane skriv seg frå undersøkingar med små utval, og fleire gonger tilseier faglege kriterium at materialet ikkje blei teke med. Generelt gjeld dette ein del masteravhandlingar frå seinare år. Når stoffet alt finst, er det likevel ein fordel å ta det med, dels fordi ein då lettare kan sjå dei svake punkta, men også dels fordi det er eit poeng i seg sjølv å ha lett tilgjenge til det som alt er gjort. Då kan nye undersøkingar bli meir treffsikre. Der er også ein openberre nytteverdi i å kunne studere svar på ganske like spørsmål om same emne.

Nokre av undersøkingane er frå 1940- og 1950-åra. Då var metodane enno ikkje fullgodt prøvde ut, og eldre tabellar bør difor lesast med eit ekstra atterhald.

Særleg i seinare tiår gjer dei tekniske utvegane i programvarene at resultata ofte blir presenterte berre som figurar. Det har vore eit sjølvstendig poeng å presentere tala bak, og som regel berre dei. Då kan kven som helst bruke materialet på føremålstenleg vis og i den forma ein ønskjer.

Kåringar gir aldri representative svar fordi respondentar kan organiserast og mobiliserast. Slik blei slimålen i si tid kåra til den norske nasjonalfisken. Det same gjeld ei kåring av dei mest og minst sjarmerande dialektane som Dagbladet gjennomførte i 2011 (tabell 5.3.12). Eit lite rom for slike kuriosa er det likevel plass til.

I ei spørjeundersøking om verdien av å lære både nynorsk og bokmål brukte Sentio ei gradering frå 1 til 10 i svaralternativa (tabell 5.6.12 og 5.6.13). Ei så finmaska inndeling vil mange ha vanskar med å ta stilling til, og det som ser ut som nyansar kan difor like gjerne vere visse. Lettast vil det då vere å leggje seg inn mot midten.

Med berre 68 lærarar som har svara på spørsmåla i tabell 5.7.1, kan desse tala ikkje lesast som representative.

 

6 Folkerøystingar og val

Fram til 2009 fanst det ingen offisielle og dermed pålitelege kjelder om folkerøystingane om opplæringsspråk i skulen. Eit første oversyn laga Olaf Almenningen og Åsmund Lien i Striden for nynorsk bruksmål i 1978. Dei bygde då mest på opplysningar frå bladet Ordet, utgitt av Riksmålsforbundet. Seinare har Noregs Mållag følgt opp med årlege dokumentasjonar i årsmeldingane sine. Det arbeidet er svært fortenestefullt.

Frå og med 2009 har Statistisk sentralbyrå ansvaret for at dokumentasjon av alle lokale folkerøystingar kjem med i den offisielle valstatistikken. Byrået publiserte dei første data i desember 2009 og dekte med dette tidsrommet 1970–2008. Då synte det seg at tidlegare publisert oversyn i 1998 og 2006 mangla tre folkerøystingar, medan Statistisk sentralbyrå på si side mangla ni. Seinare er også andre mindre manglar retta opp. Materialet er no så komplett som det kan bli for tida etter 1964.

Å utvikle ein komplett dokumentasjon for dei skilsetjande tiåra tidleg på 1900-talet og den ganske dramatiske perioden 1940- og 1950-åra er truleg umogleg. I prinsippet skal alle data finnast i ulike offentlege arkiv, men dei årsverka dette krev, kan ein ikkje rekne med at nokon har høve til å bruke. I staden vil fragment dukke opp eller bli funne fram, og litt om litt kan mosaikken utvidast. Arbeidet er i gang (tabell 6.1.1).

I finstudiar av lokalval i enkeltkommunar er det tilrådeleg å supplere materialet i dette kapitlet med dei komplette offisielle valstatistikkane. Felles for framstillinga av kommunevala i 2007, 2011 og ikkje minst 2015 er at tabellane er laga ganske kort tid etterpå. Dei siste finteljingane er difor ikkje alltid fanga opp. For dei overordna linjene har dette likevel svært lite å seie.

7 Individuell språkbruk

I tabell 7.1.1 er tidspunktet for opplysningane med av di samansetjinga i Stortinget kan endre seg i kvar stortingsperiode.

Som i kapittel 5 er ein del tabellar mangelfulle av di det materialet som har vore publisert, har vore ufullstendig. I nokre tilfelle er informasjon frå tekst omforma (tabell 7.1.2).

Nokre tabellar formidlar det språklege sjølvbiletet til folk, og dette kan vere eit anna enn det språkvitarar ville analysere seg fram til. Sjølvforståinga er ein faktor å rekne med i mange samanhengar, også språklege.

I tabell 7.2.14 er det ein urealistisk høg nynorskprosent blant innbyggjarane i Troms. Også nynorskprosenten i Oslo ligg høgt over tendensen i tidlegare undersøkingar.

Det er ukjent om spørjeskjemaet dei vernepliktige fyller ut på sesjonane, er blitt endra i det lange tidsrommet frå 1947 (tabell 7.4.1). Derimot har det vore kjent at det ofte har gjort seg gjeldande eit visst gruppepress når dei vernepliktige skulle svare på desse spørsmåla. Det har også hendt at dei som ikkje sjølve kryssa av for språk, automatisk er blitt rekna som bokmålsbrukarar. Dette har ført til ein viss skepsis mot tala om nynorskbruk blant vernepliktige. I seinare år byggjer klassifiseringsstyrken på utdrag av årskulla. Trass i dette syner tala stor stabilitet også det siste tiåret. Ein gjer klokt i å rekne med at vernepliktsstatistikken har vore språkleg ganske påliteleg, berre ikkje i 1950- og 1960-åra.

Eit atterhald er likevel at Forsvaret ikkje har kalla inn heile årskull kvart år på 2000-talet. Korleis det slå ut, kan studerast nærmare i tabell 7.4.8 og 7.4.9. Vernepliktsverket gjennomfører denne kartlegginga systematisk kvart år, og det gjer at dei verne- og sesjonspliktige er den gruppa utanfor grunnskulen som er best kartlagd språkleg.

Kapittel 7.5 om språkleg stabilitet kunne ha vore delt opp på dei to kapitla om grunnskule og vidaregåande skule, men materialet er samla for at tendensane frå ulike miljø og aldersgrupper lettare kan studerast i samanheng. Når stoffet blir analysert, bør ein ta omsyn til at somt av dette dels er meiningsytringar om kva ein har gjort eller trur ein vil gjere, dels systematiske studiar av det som faktisk er gjort. Ein kan ikkje trekkje eintydige slutningar frå éin region til heile landet, og sjølv om tendensane i ulike regionar ser like ut, kan årsakene vere meir samansette.

Tabell 7.6.1 kunne ha vore supplert med nokre avgrensa, liknande data frå tidlegare tidsrom, men dette har ikkje vore prioritert.

I 2008 og 2011 gjennomførte Nationen ei undersøking om opplæring i nynorsk og bokmål med identiske spørsmål. Berre 2008-materialet har vore tilgjengeleg i komplett form.

Den analysen som tabell 7.9.2 er ein del av, blei gjennomført før eit meir utfyllande materiale låg føre som kunne auke presisjonen i studien. Hovudlinjene er likevel ikkje skipla.

Frå og med Nynorsk faktabok 1998 har ulike metodar vore prøvde for å formidle ein kortversjon av store datamengder. Det aller første språkbarometeret blei laga med data frå 1995 (tabell 7.9.5), med seinare utvidingar og endringar for 2004, 2009 og 2011 (tabell 7.9.8, 7.9.9 og 7.9.10). I alle desse er data frå fleire år kombinerte, men dette er det gjort greie for i merknadene til tabellane.

8 Barnehage og grunnskule

Med offentleg og ganske systematisk skulestatistikk frå og med 1910 er folkeskulen og grunnskulen dei samfunnsinstitusjonane vi veit mest om på alle forvaltningsnivå, språkleg sett. Særleg den tidlege statistikken var likevel langt frå feilfri, og korrigeringar frå pålitelege, private kjelder som Peder Hovdan og Noregs Mållag har difor vore brukte til oppretting og utviding i nokre tilfelle. Her har det også vore eit problem at Statistisk sentralbyrå har rapportert på noko ulikt vis fram gjennom tiåra.

Tabellane med nyare data er bygde opp med data frå Grunnskolens Informasjonssystem, GSI, som har vore i drift sidan 1992. Det tok tid før dei ambisiøse planane for denne databasen kunne realiserast slik at data frå GSI var pålitelege. Iallfall frå og med 1998 reknar Statistisk sentralbyrå denne basen som påliteleg. Nokre av jamføringane bakover på 1990-talet må difor lesast med det atterhaldet. Framleis er det også slik at ein del summeringar av tal på kommunenivå kan gi andre resultat enn dei tala GSI rapporterer om på fylkesnivå. På detaljnivå er der nokre feil i tabell 8.2.2, der nokre av dei språka GSI listar opp, ikkje eksisterer.

Tabell 8.1.7 byggjer på ein føresetnad om at den offisielle skulemålsprosenten kvart år kan knytast til 1. klasse. Mange detaljar i denne analysen er utdjupa i årstale nr. 4 om tilstanden for nynorsk skriftkultur i 2004.

Fram til 1952 omfattar tala på skulekrinsar med nynorsk berre heradskommunane (tabell 8.4.2 og 8.4.3). For bykommunane ligg ikkje slike tal føre tidlegare, men i 1950-åra utgjorde dei om lag 150 krinsar. Elevtala i tabell 8.1.9 gjeld derimot for alle kommunane.

Dei største tabellane i dette kapitlet er også dei største tabellane i heile verket, og størst av alle er tabell 8.1.12. Når tabellane først ligg føre, var det også rimeleg å ta dei med, for dei inneheld alle saman relevant og svært detaljert informasjon.

Blant dei meir usikre framstillingane er tabell 8.4.1 om innføring av nynorsk som opplæringsspråk i skulen. Det som står der, er ganske påliteleg, men det kan vere ein del manglar.

 

9 Vidaregåande skule

Som i kapittel 8 er det aller meste av stoffet henta frå offisielle kjelder. Først i seinare år har det vore mogleg å få fram pålitelege data for vidaregåande skule. Nynorsk kultursentrum etterlyste dette i eit møte med Kulturdepartementet, Utdanningsdirektoratet og Statistisk sentralbyrå i 2004, og etter kvart blei det betre. For yrkesfaglege studieretningar er likevel dokumentasjonen framleis svært mangelfull.

Systematikken i dokumentasjonen av gymnasa har på langt nær vore så god som for grunnskulen. Det gjer at tabell 9.3.1 om examen artium både manglar ein del data og inneheld nokre forsøk på rekonstruksjon ut frå kjende faktorar. Detaljnivået i til dømes tabell 9.3.3 om linjeval etter språk i gymnaset vitnar likevel om at det ganske sikkert er meir å finne i dei offentlege arkiva for desse skuleinstitusjonane.

 

10 Universitet og høgskule

For høgare utdanning og forsking har det diverre aldri vore ført offentleg statistikk som gir informasjon om bruken av ulike språk i akademia. I lys av det presset bokmål er utsett for på dette området, kunne meir påliteleg informasjon spele ei viktig språkpolitisk rolle. I 1950- og 1960-åra interesserte riksmålsmiljøet seg mykje for språk i akademia, medan målrørsla såg bort frå det som der skjedde.

I undersøkinga om vitskaplege tilsette sin kjennskap til språkpolitiske styringsdokument og eigen bruk av engelsk som undervisningsspråk, er gruppa av tilsette med andre førstespråk enn nynorsk og bokmål lita. Svara i tabell 10.1.6–10.1.10 og 10.7.1–10.7.2 må difor tolkast varsamt. Det blei i denne undersøkinga ikkje spurt om kor mykje dei tilsette underviste på engelsk, eller på kna nivå dei underviste.

I tabell 10.2.1 er det nok med ein del avhandlingar frå utanlandske lærestader for året 2011.

Ein god del informasjon manglar om den offentlege tilskotsordninga for lærebøker i høgare utdanning (tabell 10.4.2). Mot slutten av 1990-åra blei openbert statistisk dokumentasjon av arbeidet ikkje prioritert, og det verkar vanskeleg å få til ein komplett tabell.

 

11 Offentleg forvaltning

Lovdata publiserer jamleg oppdaterte oversyn over gjeldande mållovsvedtak om tenestemål i kommunane og fylkeskommunane. Dette blir gjort på ein slik måte at historiske data og endringar over tid blir borte. Difor inneheld kapittel 11.1 mykje detaljinformasjon på kommunenivå. Så har nok dette også vore eit område der målrørsla har følgt ganske nøye med. Verdien av det viser seg i tabellar som elles ville vore nær sagt komplett umoglege å få til.

Nokre kommunar har i seinare år gjort vedtak om tenestemål som ser ut til å vere lite konsistente i høve til intensjonen i lov om målbruk i offentleg teneste. Dette gjeld til dømes Bjerkreim, Finnøy og Tysvær i Rogaland.

Frå 2001 gjekk staten over til å registrere sin eigen bruk av bokmål og nynorsk i ulike typar dokument ut frå sidetal i dokumenta, ikkje tal dokument. Desse to reknemåtane gir ulike data, men skiftet kan ikkje forklarast taktisk. Rekna i tal dokument brukte staten meir nynorsk enn om ein reknar i sidetal. For 2000 var 22 prosent av stortingsdokumenta på nynorsk, men berre 14 prosent av alle sidene var på nynorsk året etter (tabell 11.2.2 og 11.2.4).

Diverre har ikkje arbeidet vore utført så systematisk at alle tabellar kan gjerast komplette. Særleg gjeld dette dokumentasjon av skjema på nynorsk og bokmål (tabell 11.2.8).

Per 2015 hadde Lovdata ikkje innført språkkode for lover og forskrifter. Det gjorde det urimeleg tidkrevjande å få fram oppdatert informasjon om språkfordeling på dette området (tabell 11.3.1 og 11.3.7). Eining for EØS-omsetjing i Utanriksdepartementet hadde derimot full oversikt over bruken av nynorsk og bokmål i sine dokument (11.3.6).

Både i 2006 og 2011 blei det gjennomført omfattande spørjeundersøkingar blant nynorskkommunane om deira bruk av nynorsk og bokmål på ulike område. Ingen av desse undersøkingane gav fullstendige svar; mange kommunar svara aldri. Kunnskapen om språkpraksis i språknøytrale kommunar og kommunar med bokmål som tenestemål manglar heilt. Ein kan seie mykje om statens måte å drive språkleg jamstilling på, men denne delen av offentleg forvaltning kontrollerer i det minste seg sjølv. Det gjer verken fylkeskommunane eller kommunane.

 

12 Næringsliv

Alle data frå spørjeundersøkingar om språk i næringslivet er samla i dette kapitlet, ikkje i kapittel 5.

Tabell 12.1.1 og 12.1.2 om språk i avisreklame mellom 1948 og 2012 er døme på at ein og ame metode har vore brukt på ulikt materiale over lang tid – tre aviser i den første, ei i den andre. Likevel kan der vere inkonsistensar, men samlinga av data i Språkfakta 2015 gjer det lett å gjere det same på andre område. Detaljar i den første av dei to undersøkingane er presenterte i tabell 12.9.2, 12.9.3 og 12.9.4.

Ivar Aasen-tunet kartla våren 2015 reklamespråket i tv, vekeblad og magasin (tabell 12.1.8). I ein del annonsar og reklameinnslag var det brukt meir enn eitt språk. Reklame som inneheldt slagord på engelsk eller der delar av teksten var på engelsk, blei registrerte som bokmål + engelsk. For tv-reklame blei det skilt mellom innslag med til dømes berre dialekt i tale og bokmål i skrift, og innslag med både dialekt og bokmål i tale. Jamt over var det også då berre bokmål i skrift. I kategorien bokmål + engelsk tv-reklame blei det rekna med reklame med engelsk tekst og bokmål tale, eller der musikk med tekst på engelsk var eit berande element i reklamen og tekstplakaten etterpå var på bokmål.

I kapittel 12.3 er det presentert eit omfattande materiale frå ei relativt enkel undersøking frå 2014 og 2015 om språk i eit bedriftsmiljø på Sunnmøre. Dette har det vore gjort så lite av at spørsmåla i stor grad blei forma for første gong, med den risikoen det inneber.

 

13 Digitale medium

Som nemnt i kapittel 1 ovanfor er statistisk dokumentasjon av språk i digitale medium enno på prøvestadiet. Teknisk skulle det vere ganske greitt å få fram slike data, men på dette området rår private interesser det meste, og den digitale delekulturen gjeld ikkje på konsernnivå.

Den første dokumentasjonen for norske nettstader blei gjennomført i 1997 til bruk i Nynorsk faktabok 1998. Der heitte det: «Ved å gjennomføre same søket med andre søkjebasar enn Alta Vista kan talgrunnlaget bli sikrare. Det er likevel ingen grunn til å rekne med at Alta Vista inneheld feil som systematisk slår ut til fordel for den eine målforma.»

Det har mykje å seie kor god søkjemotoren er i dette kartleggingsarbeidet. I 2004 var tida inne til å utvide søkjearbeidet og ta i bruk det som då var blitt den viktigaste søkjemotoren, Google. AltaVista har kvar gong fanga opp vesentleg fleire dokument enn Google, som på si side har ein større nynorskprosent enn AltaVista.

I dei søka som blei publiserte i Nynorsk faktabok 1998 og Nynorsk faktabok 2005, var ordparet kvart/hvert med. Ordparet representerte med ulike synonym av orda ikkje noko eintydig skilje mellom nynorsk og bokmål. Det er difor teke ut av seinare søk, og tidlegare publiserte tabellar er korrigerte for denne endringa.

Då den ame metoden blei brukt i 2015, gav søk i Google, Bing og Yahoo tre heilt ulike svar som vanskeleg kunne kombinerast. Difor stoppar tabell 13.1.1 i 2009.

Den første store studien av namngitte nettstader blei utført for Nynorsk faktabok 2005 i samarbeid med Språkrådet (tabell 13.3.3 og 13.4.1). Metoden var langt på veg den same som ovanfor, og Språkrådet har ført dette vidare i sitt tilsynsarbeid med mållova.

I 2015 var det enno vanskeleg å jamføre tal for unike brukarar frå ulike plattformer. Til det var metodane for ulike.

Det låg i 2015 føre nokre studiar i avgrensa format om språk i digitale medium, då særleg dei sosiale. Ingen riksdekkjande undersøkingar var gjennomførte som gjorde det mogleg å lese desse regionale studiane i eit større perspektiv.

 

14 Radio og fjernsyn

Dei vanskane som melder seg når språk skal registrerast i radio og tv, er drøfta i kapittel 14. Over tid har mange vore usikre på kor pålitelege tala har vore, men dei statistisk meir pålitelege systema som har vore brukte i seinare år, indikerer at eldre data ikkje har vore hakkande gale.

Nesten alle data gjeld NRK, som har utvikla mykje kompetanse på området. Det er eit svakt punkt i studiet av desse tala at ein har så lite å jamføre med frå andre radio- og tv-stasjonar.

Særleg for grunnskulen ligg det føre mange undersøkingar, dei fleste i akademiske format. Slike finst det merkeleg få av for radio og tv (og for pressa). Dåverande dagleg leiar Randi Alsnes i Kringkastingsringen utførte i 1990-åra fleire mindre studiar som fleire tiår seinare har fått auka bruksverdi.

 

15 Presse

For avisene har medieforskaren Sigurd Høst i ei årrekkje publiserte årsrapportar om status og endringar. Desse har vore viktige referansar for arbeidet med eigne data og framstillingar. Dokumentasjonen i Språkfakta 2015 inkluderer noko fleire aviser enn dei han reknar som aviser. Det er likevel ikkje slik at eit og same omgrep er definert likt i publikasjonane Avisåret og Språkfakta. Ikkje minst skil det litt i dei samla tala for aviser, men berre litt. For 2014 lista Høst opp 230 aviser, i Språkfakta 2015 er der med 235.

I analysen av datamaterialet i kapittel 14 er det gjort nøye greie for dei kriteria som har vore brukte for å skilje aviser og periodika frå kvarandre etter redaksjonelt språk. Den metodikken som blei utvikla i arbeidet med Nynorsk faktabok 1998, er seinare ført vidare i forbetra form. Når publikasjonane først er skrivne inn i systemet på namnenivå, blir jamføringane lette å gjennomføre. For nokre aviser kan informasjonen om redaksjonsspråk vere usikker, men dette påverkar i liten grad dei store linjene.

Sorteringa i nynorskaviser, språkdelte aviser og bokmålsaviser byggjer fullt ut på avisene sine eigne opplysningar om kva språk dei formelt er redigerte på. Dette seier ikkje alt om den faktiske språkpolitikken deira. Bergens Tidende er som nemnt offisielt bokmålsavis, men både denne og fleire andre regionaviser kan ha førstesideoppslag på nynorsk. Bruken av nynorsk som redaksjonsspråk i norsk presse er difor i røynda større enn det tabellane i kapittel 15 syner. Tabell 15.3.4 indikerer dette. Her blir bruk av nynorsk i utvalde aviser mellom 1950 og 2005 dokumentert, henta frå ein liten studie av Terje S. Skjerdal.

Det historiske materialet er nok meir variabelt, men det er kontrollert mot ulike kjelder så langt det har vore mogleg.

Tingartal for Norsk Barneblad før 1969 i tabell 15.2.1 har vore henta frå svært ulike kjelder og representerte nok ei viss blanding av brutto- og nettoopplag. Med jubileumshistoria Skrinet med det rare i av Eirik Helleve frå 2012 er desse tala no så sikre som dei truleg kan bli. For nyare tid viser tabellen kor mange blad som er blitt leverte til Posten for utsending. Opplaget varierer gjennom året, og er som regel størst for nr. 1. Frå og med 1970 gjeld tala for nr. 2.

16 Bøker

Med den sosiale status boka har hatt i svært lang tid, ligg det føre omfattande statistisk materiale. Dette er det einaste området er skrifter heilt frå 1800-talet i dag kan identifiserast etter språk. Desse registreringane er ikkje feilfrie; med slike datamengder ville noko anna ha vore rart. Ein og same tittel kan vere oppført med ulik språkkode i dei to databasane Norbok og Bibsys, men dette kan no vonleg reknast som eit historisk problem. På eit finmaska tittelnivå vil der altså vere ein del misvisingar, men det er uråd å seie noko sikkert om kor stort dette problemet er.

Ei rekkje tabellar er spesialstatistikk frå Nasjonalbiblioteket, levert august 2009 og laga på oppdrag frå Nynorsk kultursentrum. Registreringsarbeidet var då ikkje komplett for dei siste åra. Tala etter 2006 er difor lågare enn dei vil vere når desse tala kan oppdaterast.

Diverre var det uråd å oppdatere og utvide tabellane i tide. Frå og med 2011 tok Bibsys over ansvaret for den norske nasjonalbibliografien frå Nasjonalbiblioteket. I 2015 var Bibsys så oppteken med å innføre eit nytt katalogsystem at det ikkje var rom for spesialkøyringar.

Ein del tabellar og analysar i Nynorsk faktabok 2005 må no reknast som førebelse studiar. Kjeldegrunnlaget var ikkje så påliteleg som det såg ut til å vere. Tabellane i 1998- og 2005-utgåvene bygde i stor grad på søk i Norsk bokfortegnelse (Norbok), men slik systema var då, var det uråd å få korrekte tal når utgivingar blei sorterte etter språk eller andre kategoriar som gav svært mange treff. Dette gjekk meir ut over presisjonen for absolutte tal enn for prosentfordeling mellom språk m.m. Ein del jamføringar må lesast med dette atterhaldet.

På detaljnivå kan diverre ikkje alle tabellane lesast like nøye. Grunnen er at kriteria for kva som blir rekna med, varierer. I titteltala for Samlaget i tabell 16.7.1 er som regel også nye opplag i utgivingsåret med, medan det ikkje gjeld for forlaga i tabell 16.9.2. Slike nye opplag er heller ikkje med i nasjonalbibliografien. Difor blir det rettast å bruke tal for Samlaget frå denne databasen når forlaget skal samanliknast med andre utgivarar.

Kjeldegrunnlaget for nasjonalbibliografien har endra seg over tid. Frå og med 1983 er ikkje lærebøker rekna med i Norsk bokfortegnelse. I tabell 16.3.2 er det registrert påfallande låge titteltal for bøker på bokmål i tidsrommet 1975–1985.

 

17 Kyrkje og religion

I eit lengre tidsrom førte Statistisk sentralbyrå nøye oversyn over liturgispråk i kyrkjesokna. Siste gongen dette blei gjort, var i 1953. Som på fleire andre område har difor private initiativ vore uunnverlege for å få fram relevant dokumentasjon. Dette er også årsaka til at nokre tabellar er førte heilt ned på soknenivå med namns nemning.

I tabell 17.2.2 gir tala for sal av utdrag frå Bibelen først og fremst den informasjonen at tilbodet av slike skrifter har vore mykje større på bokmål enn på nynorsk. Difor gir det ikkje meining å rekne desse med i samla sal og prosentdelar.

Tabell 17.9.1 er ein parallell til tabell 8.4.1, sjå ovanfor. Heile tida er det ført opp positive tal. Det vil seie at tabellen registrerer kor mange som innførte salmar eller liturgi dei enkelte åra, men ikkje har med dei som eventuelt gjorde om slike vedtak i den perioden tabellen dekkjer. I Peder E. Hovdans store arkivprotokoll for norsk målreising er tvillaust tala for Blix-salmar mest komplette. Talet hans for sokn med nynorsk liturgi ligg noko høgare i 1933 enn i Statistisk årbok 1934, og det kan tyde på kontravoteringar eller administrative endringar. Særleg for tida etter 1947 må denne protokollen reknast som mindre påliteleg.

Tabell 17.9.2 er eit utdrag frå ein større database som i 2015 enno var for mangelfull til å bli publisert in extenso.

 

18 Kunst og brukskunst

I fleire tabellar blir verksemda dokumentert på detaljnivå for fleire sceneinstitusjonar. Desse kan trygt reknast som pålitelege. Diverre vil det neppe vere mogleg å få komplette rekneskapstal for Det Norske Teatret også for tidsrommet 1913–1946.

Til ein analyse av språk på den norske filmmarknaden høyrer også sal og utleige av video og dvd med. Her ligg det ikkje føre data som gjer ein slik analyse mogleg.

Der kan vere mindre kategoriseringsfeil i finalesongane frå Melodi Grand Prix (tabell 18.3.1. I dette ligg at ein song som er registrert som bokmål, kanskje er ei blanding av dialekt og bokmål. Tvilstilfella er så få at det ikkje har noko å seie for dei store linjene.

Språkrådet presenterte hovudfunn frå ei spørjeundersøking om musikk våren 2009. Synovate hadde då gjort nokre feil i eit par figurar. Tala er retta opp i kapittel 18.3, og i den delen av materialet som er publisert i kapittel 5.9.

 

19 Språk- og kulturinstitusjonar

Liksom for andre organisasjonar varierer kvaliteten på medlemstalsrapporteringa over tid i norskdomsorganisasjonane. Tabell 19.1.1 er sett saman av informasjon frå svært mange og til dels ulike kjelder. Difor kan det vere enkelte misvisande opplysningar enno.

Tala for Noregs Ungdomslag for perioden fram til 1921 er stort sett stipulerte ut frå ein grafisk figur i 25-årssoga frå 1921, og den figuren byggjer igjen på ei stipulering av det samla medlemstalet. For enkelte år i denne perioden ligg det føre opplysningar om det faktisk registrerte medlemstalet, men det varierte frå år til år kva lag som sende inn medlemstal. Difor svingar tala i oppstillinga her meir enn godt er.

I seinare år var den datatekniske registreringa av medlemer i Noregs Ungdomslag svært mangelfull. Berre for dei aller siste åra inneheld årsmeldingane informasjon om medlemstal, og Noregs Ungdomslag har opplyst at det er uråd å rekonstruere dette materialet.

Ein del år brukte Kringkastingsringen omgrep som «betalande», «registrerte», «aktive» og «passive» medlemer ganske vilkårleg. Det tyder på at medlemstala i enkelte årsmeldingar er meir politisk enn rekneskapsteknisk korrekte. Utover på 2000-talet har det vore god orden. Organisasjonen har ein del livsvarige medlemer, familiemedlemer og innmelde lag. Dette er også med og gjer tala usikre; kategoriane livsvarige medlemer og familiemedlemer var med i 1997 og 1998, men fall ut i åra 1999–2003. I mange årsmeldingar står det difor at det samla medlemstalet er «noko høgare» enn talet på betalande medlemer. I årsmeldinga for 1996 heiter det meir presist at Ringen har 162 livstidsmedlemer og 227 familiemedlemer. Frå og med 2003 er berre betalande medlemer registrerte.

Også Noregs Mållag sleit ei tid med nokre av desse registreringsprinsippa. Det er ein del lokallag som over tid ikkje har levert årsmelding, men som likevel er rekna med i tala. Frå og med 2014 gjekk organisasjonen over til å ha landsmøte annakvart år, og i mellomåra vil talet på lokallag vere lågare enn elles. Difor blir desse tala no berre tekne med for annakvart år.

Lista over nynorskbrukande festivalar og sogespel i tabell 19.3.4 kan ikkje reknast som komplett per 2015.

I tabell 19.4.4 og 19.4.5 er nasjonale nynorskinstitusjonar kartlagde når det gjeld stillingar og årsverk. Av historiske grunnar er utvalet avgrensa til medlemsinstitusjonane i Nynorsk Forum, skipa 1997. For fleire institusjonar har skiljet mellom kultur- og driftsfaglege medarbeidarar vore vanskeleg å handtere, og driftsfagleg er ikkje eit synonym for administrasjon.

 

Publisert 15.10.2015

Sist oppdatert 22.9.2015

¹   Harald Stanghelle: «Meningsmålingenes tyranni», Aftenposten 29.8.2015.  
²  John C. Paolillo: “Evaluating Language Statistics: The Ethnologue and beyond”, Unesco Institute for statistics, 2006.

 

    Artikkellesar