9 Vidaregåande skule

Kvart år tek om lag 3200 nynorskelevar og 44 000 bokmålselevar eksamen i den vidaregåande skulen. Talet på nynorskelevar var lågt, men konstant – talet på bokmålselevar høgt og aukande. Berre i åra 2009–2015 fekk Akershus og Oslo 4000 fleire elevar som tok eksamen på studieførebuande program.

9  Vidaregåande skule
Figur 9.1 Nynorsk- og bokmålselevar ved examen artium og eksamen vidaregåande skule 1915–2015. Absolutte tal

 

Litt over halvparten av nynorskelevane held fram med nynorsk gjennom vidaregåande skule, men den andre halvparten skiftar til bokmål. Våren 2015 brukte 6,4 prosent av elevane nynorsk ved eksamen i vg3, mot 7,4 prosent fem år før.

Der var nynorskelevar i alle fylka i skuleåret 2014/15, men nedgangen har vore særleg stor i Oppland, Buskerud og Telemark. I Sogn og Fjordane var nynorskdelen endå større enn fem år tidlegare. Til liks med grunnskulen går mange nynorskelevar i små nynorskmiljø i dei vidaregåande skulane. Det gjer dei utsette for eit sterkare språkpress.

I absolutte tal var det nokre få hundre nynorskelevar i gymnaset, medan der er fleire tusen i den vidaregåande skulen som blei innført frå 1974.

I gymnaset tok etter kvart ein av ti examen artium på nynorsk, og der var ein svak tendens til at fleire kvinner enn menn brukte nynorsk i gymnaset. Av dei som då tok examen artium i Sogn og Fjordane, brukte derimot åtte av ti nynorsk. I større grad enn no kom gymnasiastane frå fleire kantar av landet. Difor kan gymnastala ikkje fullt ut jamførast med nynorskprosenten frå tida då desse elevane gjekk i grunnskulen.


9.1 Vidaregåande skule

9.2 Fylke
9.3 Examen artium
9.9 Historisk statistikk
Tema: den destabiliserande faktoren
Perspektiv: utdanning bort frå eige språk

Last ned heile teksten i pdf her.

 

9.1 Vidaregåande skule

Noreg har i over hundre år hatt detaljrike og pålitelege tal for bruk av nynorsk og bokmål i folkeskulen og seinare grunnskulen. For realskulen blei det aldri offentleggjort data, og for gymnaset berre i avgrensa omfang. Den vidaregåande skulen blei innført frå 1975, men først i 2012 kom den første dokumentasjonen, i Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012. Det vil seie at både sentrale og lokale styresmakter har mangla ein del relevant kunnskap om språklege endringar i samfunnet og dermed hatt eit dårleg grunnlag for politisk handling.

Førstespråket til elevane blir ikkje registrert systematisk og påliteleg når dei tek til på vidaregåande skule, berre ved oppmelding til eksamen. Då skjer det på to ulike nivå. For yrkesførebuande program blir eksamen gitt lokalt, og dokumentasjonen av fordeling mellom nynorsk og bokmål blir verande lokalt. For studieførebuande program blir eksamen gitt sentralt, og her ligg det no føre informasjon om førstespråket til elevane frå og med 2008. Utdanningsdirektoratet har sytt for at denne statistiske dokumentasjonen no er komen inn i ordna former.

Eit fragment av statistisk informasjon dukka opp i spørjetimen i Stortinget i 1983. Det var nok til å gi ein peikepinn om korleis dette språklege landskapet såg ut i skuleåret 1980/81 og 1981/82 (tabell 9.1.1). Dei åra gjekk ein tredel av elevane på allmenn studieretning. Av desse brukte 11 prosent nynorsk. I 2015 hadde det talet bikka under sju for studieførebuande fag.

Eit anna fragment skriv seg frå ei stor spørjeundersøking i 1996 der 5000 elevar ved 111 vidaregåande skular over heile landet svara på mange spørsmål. Då brukte 11 prosent av elevane nynorsk, 87 prosent bokmål (tabell 9.1.2). Enno var altså situasjonen ganske stabil.

I 2015 tok 3200 nynorskelevar og nær 47 000 bokmålselevar eksamen i studieførebuande fag og allmenn påbygging i den vidaregåande skulen (tabell 9.1.5). Dei tilsvarande tala i 2009 var 2900 og 37 000, og i 2012 3100 nynorsk og nær 46 000 bokmål. I absolutte tal blei det fleire nynorsk- og bokmålselevar, men frå 2009 til 2015 fall nynorskprosenten frå 7,4 til 6,4 (tabell 9.1.3). Den fallande kurva flata ut frå 2012 (tabell 9.1.4). I absolutte tal var der ti prosent fleire nynorskelevar i 2015 enn i 2009 – ein auke frå 2956 i 2009 til 3200 i 2015.

Utanfor Vestlandet var det desse åra forsvinnande få nynorskelevar. Heile 93 prosent av nynorskelevane i 2015 budde på Vestlandet, og kvar tredje av dei gjekk på vidaregåande skule i Hordaland. På 10. steg i ungdomsskulen var det 2400 fleire nynorskelevar i Hordaland enn i Sogn og Fjordane i 2012 (tabell 8.1.15). I vg3 på vidaregåande skule tre år seinare skilde det berre 200 elevar i favør Hordaland.

Alle fylkeskommunane har nynorskelevar på vidaregåande skular, men dei regionale skilnadene er både store og overraskande. På Vestlandet hadde 50 prosent av elevane nynorsk som førstespråk i 1997, og 41 prosent hadde det i 2012. Tilbakegangen var størst Møre og Romsdal. Nynorsktradisjonen har vore sterk i både Telemark, Oppland og Buskerud. I Telemark utgjorde nynorskelevane fem prosent i 2009 og fire prosent i 2015, medan Oppland gjekk frå sju prosent til fem prosent, og i Buskerud var nynorskelevane så få i 2015 at dei kunne teljast på to hender.

I Sogn og Fjordane var derimot nynorsk hovudmålet for 86 prosent av elevane i 2012 og for 84 prosent i 2009. På ny slår stabiliteten inn som det typiske.¹²⁹ Dette fortel lite om det som skjer i dei tre åra på vidaregåande skule. I ei undersøking frå 2010 var nynorsk førstespråket for 93 prosent av elevane på vg1 ved Firda vidaregåande skule på Sandane (sjå kapittel 5.8). Tala for oppmelding til eksamen i 2012 syner at 93 prosent i vg1 var blitt til 92 prosent i vg3. Svært få avgangselevar i 2012 har altså skifta til bokmål i dei tre Firda-åra.

Ei lita overrasking i tabellen dukkar opp nordpå. Også det elles ganske nynorskfrie fylket Finnmark har som regel nynorskbrukande elevar ved eksamen i vidaregåande skule. Til dei vidaregåande skulane kan elevar reise ganske langt, og Finnmark er av dei fylka som har skular med mange langvegsfarande elevar. Særleg ein del private skular får slike konsekvensar. I Sogn og Fjordane var nynorskelevane i mindretal berre ved Sygna vidaregåande skule i Balestrand. Denne skulen er eigd og driven av Norsk Luthersk Misjonssamband.

Tabellar syner aldri årsaker, men minst tre tendensar kan lesast ut av dette materialet.

For det første inneber urbanisering og sentralisering fleire bokmålsbrukarar. Berre på desse fem åra fekk Akershus og Oslo 4000 fleire elevar som tok eksamen på studieførebuande program. Talet på nynorskelevar var lågt, men konstant – talet på bokmålselevar høgt og aukande. Mange av desse hadde nok bokmål frå før.

For det andre fører urbanisering og sentralisering til språkskifte. Dette er særleg tydeleg i Rogaland og Møre og Romsdal. Nynorskelevane blei færre og bokmålselevane fleire. Dei språkmøta ein del elevar kjem borti, får særleg språklege følgjer for dei som er usikre språkleg eller på anna vis. Då er det greiast å følgje fleirtalet. Det er ikkje sikkert at desse opplever dette som noko problem, men for posisjonen for nynorsk har desse språkmøta altså negative følgjer.

For det tredje blir nynorskbrukarane gjerne verande nynorskbrukarar viss dei bur i miljø der nynorsk pregar kvardagen og er eit respektert fleirtalsspråk. Slik er det i store delar av Sogn og Fjordane. Fylket manglar dei tette, større byane, men den urbaniseringa som finst, slår i liten grad ut negativt for bruken av nynorsk i vidaregåande skule. Av dei offentlege skulane i Sogn og Fjordane har berre Flora og Måløy vidaregåande skular eit vesentleg innslag av bokmålsbrukarar. Ved begge skulane har prosentdelen nynorskbrukarar auka mykje dei siste åra.

Nynorskbrukarane utgjorde ein større del av avgangselevane kring 1980 enn dei hadde gjort ti år før, og det store fallet kom utover på 2000-talet. Kva som skjedde, står att å finne ut.

 

9.2 Fylke

Materialet om avgangselevane i vidaregåande skule er brote ned på skulenivå for fleire fylke. Då blir det tydeleg kor små nynorskmiljøa er på dei fleste vidaregåande skulane.

I Rogaland hadde berre Bryne vidaregåande skule meir enn 50 avgangselevar med nynorsk som førstespråk i åra 2009–2012 (tabell 9.2.1). I Hordaland var det derimot ni slike skular berre i 2012 (tabell 9.2.2). Desidert størst var Stord vidaregåande skule med 180 nynorskelevar. Nesten like mange var der i Sogn og Fjordane, der åtte av 13 skular hadde så mange nynorskelevar (tabell 9.2.6). Sogndal vidaregåande skule var størst med 182 elevar. I Møre og Romsdal var det derimot berre tre slike skular (tabell 9.2.7). Størst var Volda vidaregåande skule med 172 nynorskbrukande avgangselevar. Dette vil seie at den største nynorske vidaregåande skulen i 2012 låg i Sogn og Fjordane.

Også i Sogn og Fjordane er det altså færre nynorskelevar på påbyggingskurset enn på studieførebuing, men her skil det seg mykje frå skule til skule. Nedgangen skriv seg frå Firda, Hafstad og Sygna vidaregåande skular, medan Måløy vidaregåande skule har like mange nynorskelevar på påbyggingskurset som elles, og Flora jamvel har fleire. Dette kan ikkje forklarast med moglege allmenne skilnader mellom ytre og indre strøk. Skilnader i yrkesprofilar og eventuell sosial status kan derimot verke inn, eventuelt også tilflytting.

For eitt fylke, Hordaland, ligg det føre komplette tal for alle aldersstega, skuleåret 2012/13 (tabell 9.2.4). Størst av alle var Stord vidaregåande skule med over 800 nynorskelevar. Nummer to på den lista var Kvinnherad vidaregåande skule med 335 nynorskelevar. Det ser ut til at dei store nynorskskulane jamt over har få bokmålselevar, som dermed blir det vesle mindretalet som nynorskelevane er så ofte elles.

Tala er henta inn frå Hordaland fylkeskommune og skal vere ganske pålitelege. I dette materialet utgjorde nynorskelevane 26,5 prosent. I tala for oppmelding til eksamen i åra 2013–2015 varierte derimot nynorskprosenten mellom 19,4 og 21,1. Det signaliserer at ein del skiftar språk når dei nærmar seg eksamensporten. Det ligg også føre opplysningar om heim kommunen til alle vidaregåande-elevane i Hordaland i skuleåret 2012/13 (tabell 9.2.3). Det gjer det mogleg å analysere desse endringstendensane meir inngåande.

 

9.3 Examen artium

Berre eit mindretal av årskulla tok i si tid examen artium. Det gamle gymnaset og den nye vidaregåande skulen var lenge den kvite flekken i all statistisk dokumentasjon av nynorsk. Ein tabell i Einar Haugens Riksspråk og folkemål (1968) om språk ved examen artium 1935–1960 var eit av få opplysande bidrag.

I årstale nr. 4 om tilstanden for nynorsk skriftkultur hausten 2004 blei for første gong materialet bretta ut så langt det då var mogleg utan å ha tilgjenge til klausulerte delar av norske skulearkiv. Frå publikasjonen Universitets- og skoleannaler var det mogleg å hente ut data ordna etter språk like frå 1913, året etter at ordninga med sidemålsstil blei innført i gymnaset, og fram til 1945. Dette kunne supplerast med stoff frå ei rekkje andre offentlege kjelder fram til og med 1971. Resultatet blei lagt fram i Nynorsk faktabok 2005 (tabell 9.3.1).

I femtiårsperioden frå 1920 til 1970 utgjorde nynorskbrukarane mellom 7 og 10 prosent av alle avgangselevane i gymnaset. I absolutte tal var dei få – 100 i 1920 var blitt til 128 i 1930, nær 500 kring 1950 og vel 600 i 1960. Den såkalla utdanningseksplosjonen i 1960-åra gav heilt andre storleikar – 1400 avgangselevar i 1968 (tabell 9.3.4) og nær 2500 i 1971 (tabell 9.3.5).

Geografisk fordelte desse artianarane seg noko jamnare enn avgangselevane frå vidaregåande skule fire tiår seinare. I 1971 gjekk åtte av ti avgangselevar på skular på Vestlandet, mot vel ni av ti i 2015. I 1971 var ordninga med landsgymnas avvikla, men denne kan då likevel ha vore med og gitt ei slik jamnare fordeling.

Noko uventa var Sogn og Fjordane også kring 1970 det fylket som hadde nest flest avgangselevar frå gymnaset. I 1971 gjekk det ut 224 fleire elevar ved gymnasa i Hordaland enn i Sogn og Fjordane. Eit varsamt overslag tilseier at der var 1200 fleire avgangselevar frå folkeskulen i Hordaland enn i Sogn og Fjordane i 1967, som er det året som ligg nærmast (tabell 8.1.3). Dette indikerer ein høgare utdanningsgrad i Sogn og Fjordane enn i Hordaland.

Kring 1970 var det ein svak tendens til at kvinnene utgjorde ein større del av nynorskelevane enn mennene, men skilnaden til bokmålselevane var liten på dette punktet.

I 1960-åra vekte det oppsikt då målfolk hevda og dokumenterte at nynorskelevar gjorde det betre til eksamen enn bokmålselevar. For Noregs Mållag hadde studentane Arnulf Eide og Dag Aanderaa analysert eksamenskarakterane ved 11 landsgymnas og 11 bygymnas i åra 1959–1961.

For karakterane i hovudmål var skilnadene ganske små, men signifikant fleire nynorskelevar enn bokmålselevar fekk Mykje tilfredsstillande. I sidemål var det noko heilt anna. Elevane med Særs tilfredsstillande var ganske få og fordelinga ganske lik. Derimot fekk 17 prosent av bokmålselevane ved vanlege gymnas og 30 prosent av bokmålselevane ved landsgymnas fekk Mykje tilfredsstillande, mot 41 prosent av alle nynorskelevane. «Som ein kunne venta, ligg nynorskelevane høgt over bokmålselevane», konstaterte Dagfinn Mannsåker.¹³⁰

Han såg fleire forklaringar: Landsgymnasa hadde betre elevar og gav betre undervisning i nynorsk, den gjensidige respekten for dei to språka var større ved landsgymnasa enn i bygymnasa, og elevane ved landsgymnasa var meir språkblanda og fekk dermed også meir kontakt med begge språka i skulekvardagen. Så kvesste Mannsåker det til: I utvalet var der 140 nynorskelevar ved bygymnas. Dei var best av alle; 26 prosent fekk Mykje tilfredsstillande i hovudmål, mot 22 prosent av alle nynorskelevane i utvalet, og 58 prosent fekk same karakteren i sidemål, mot 41 prosent av alle nynorskelevane i utvalet.

Mannsåker var ikkje i tvil: Karakterfordelinga vitna om «kor stor rolle det spelar at elevane møter sidemålet dagleg i skulemiljøet og utanfor, at dei møter det i eit miljø som stimulerer dei til å ta det alvorleg, og ikkje minst at dei får undervisning i det av høgt kvalifiserte lærarar».

Dette var truleg eit av dei første empiriske bidraga til verdien av språkleg mangfald. Perspektivet blei henta fram at på 2000-talet. Nynorskelevane gjer det best når dei er mange nok, konstaterte språkforskaren Øystein A. Vangsnes i 2014.¹³¹ Dette heilt sentrale poenget utdjupa han saman med to andre språkforskarar i eit prosjekt der den første publikasjonen kom i 2015.¹³² I studien analyserte dei 240 000 nasjonale prøver for åttandeklassingar i ungdomsskulen i åra 2009–2012. Når sosioøkonomiske faktorar var rekna med, kunne dei dokumentere ein fordel for nynorskelevar i å vere tospråklege i det norske.

Årsaka til skilnadene i karakterar låg ikkje i språka, men i situasjonen og skulen. Tendensen er der enno. Kvar haust tek ein del elevar om att eksamenar, eller dei tek eksamen først då av helsegrunnar eller andre årsaker. Stikkprøver tyder på at viss oppmeldingane til hausteksamenar hadde vore rekna med, ville alle nynorsktala vore om lag 0,5 prosent lågare. Årsaka er at mange fleire bokmålselevar enn nynorskelevar tek (om att) eksamenar til hausten.

 

9.9 Historisk statistikk

Gymnaset var linjedelt i reallinje, naturfaglinje, engelsklinje, norrønlinje, latinlinje og meir til. Langt inne i dei offentlege utdanningsarkiva ein stad ligg nok informasjon om korleis gymnasiastane fordelte seg på desse linjene, kanskje også slik at materialet kan sorterast etter førstespråket til elevane.

For perioden 1933–1941 kunne tal for tre av linjene finnast i dei årlege universitets- og skuleannalane (tabell 9.9.1). I desse åra gjekk 46 prosent av nynorskelevane i dette utvalet på reallinja, 35 prosent på latinlinja og berre 19 prosent på engelsklinja. Fordelinga endra seg lite frå år til år, og det sterke innslaget av realistar peikar i retning av ein ingeniørtradisjon der mange iallfall i utgangspunktet brukte nynorsk. Blant bokmålsbrukarane i gymnaset desse åra gjekk 45 prosent på reallinja, berre 20 prosent på latinlinja og 35 prosent på engelsklinja. Nynorsk- og bokmålselevane i gymnaset hadde altså ganske ulik fagprofil i 1930-åra.

Landsgymnasa blei ei viktig rekrutteringsarena for akademiske nynorskbrukarar utover på 1900-talet til ordninga blei avvikla kring 1970. Mållag og ungdomslag stod bak dei fleste landsgymnasa, og språkpolitisk var nok dette noko av det viktigaste målrørsla utretta i første halvdel av 1900-talet.

Etter initiativ frå Arne Garborg blei Rogaland off. landsgymnas opna på Bryne i 1924. Forholdet mellom nynorsk og bokmål dei første 50 åra er ukjent, men det ligg føre opplysningar om førstespråket til avgangselevane 1974–1999 ved det som då heitte Bryne vidaregåande skule. På dei 25 åra melde nesten 4200 elevar seg opp til eksamen (tabell 9.9.2). 52 prosent av dei brukte nynorsk, 48 prosent bokmål. I dette tidsrommet endra elevane språkprofil. Frå og med 1989 var bokmålselevane i fleirtal. Tre av fire elevar i 1974 brukte nynorsk, berre tre av ti i 1999. Avgangskulla var større i 1990-åra enn i 1970-åra, men 110 nynorskelevar i 1974 var blitt til 60 i 1999.

Som landsgymnas rekrutterte skulen vidt og hadde elevar frå heile Rogaland og jamvel frå andre fylke. Som vidaregåande skule blei rekrutteringsområdet avgrensa til Jæren. Det store skiftet kom med overgangen frå linjegymnas til vidaregåande skule i 1976; dei siste linjefagelevane gjekk ut i 1978. Med vidaregåande skule kom nye fagtilbod som idrett, handel og kontor, og der var det mykje færre nynorskelevar enn på skulen sett under eitt.¹³³

I femårsperioden 1974–1978 gjekk dei fleste elevane på engelsk- og reallinjene, og nynorskelevane utgjorde ein like stor del på reallinja som på engelsklinja (tabell 9.9.3). Berre økonomilinja skilde seg ut. Der var 57 prosent av elevane nynorskbrukarar desse åra.

Den nynorske nedgangen heldt fram ved Bryne vidaregåande skule utover på 2000-talet. Berre frå 2009 til 2012 minka prosentdelen nynorskelevar ved eksamen i vg3 frå 33 til 17 (tabell 9.2.1). I absolutte tal var dette framleis den største nynorskskulen i fylket, men ingen stad var endringane større enn på Jæren. Dei økonomisk-sosiale endringane i regionen viste her att i det kulturelle.

 

Tema: den destabiliserande faktoren

Den som er 15 år gamal i Noreg, avgjer sjølv om ho eller han vil vere medlem i Den norske Kyrkja og om bokmål eller nynorsk skal vere opplæringsspråk. Det er vaksne val å ta for personar som enno har tre år att før dei er myndige. I dette ligg ein stor tillit til den unge samfunnsborgaren.

Gjennom ungdomsskulen endrar dei færraste sitt eige opplæringsspråk. Det er på veg inn i den vidaregåande skulen det skjer, den første store språkendringa hos norske språkbrukarar. Kva faktorar som påverkar desse vala, er vanskelege å identifisere. Å studere slike prosessar er å studere korleis sosiale og kulturelle konvensjonar tek form og verkar.

Desse maktmekanismane er mange og samlar seg i hegemoniets usjarmerande framferd.

Det handlar om det ein trur er den allmenne oppfatninga. Kva gjer det med ei 15 år gamal jente å høyre språket hennar bli latterleggjort eller nedlatande kommentert i medium ho har respekt for og av personar ho kanskje ser opp til? Ein vil helst ikkje skilje seg ut, og iallfall ikkje negativt, og ei rekkje undersøkingar syner at ganske mange unge nynorskbrukarar har eit vanskeleg forhold til sitt eige førstespråk.

Det handlar om sosial status. På nasjonalt nivå har nynorsk aldri fått nokon tung sosial status. Derimot fekk nynorsk etter få tiår ein ganske sterk kulturell posisjon som språk for kunst og tanke. Kva det har hatt å seie for allmenn bruk og sosial status, er uråd å seie, men det har sin verknad at miljø langt utanfor dei nynorske erfarer den språklege verdien av nynorsk. Det er mange som seier at dei helst ikkje eller absolutt ikkje vil lese nynorsk, men kor mange av dei som også les lite bokmål, veit vi lite om, men det er sannsynleg at mange les meir nynorsk tekst enn dei tenkjer over.

Det handlar om allmenn bruk av språket. Di meir eit språk blir brukt i kvardagen, di sterkare blir den sosiale norma om at det er greitt eller rett å bruke det språket. Di mindre eit språk blir brukt allment, og di meir det blir avgrensa til nokre samfunnsområde, di lettare er det å sjå bort frå det.

Det handlar om haldningane i nærmiljøet. Tenåringar tek ikkje utan vidare opp alle verdiar og meiningar hos foreldra, heller ikkje er lærarane ein avgjerande faktor, knapt nok venene. Likevel, det er lettare å slutte seg til negative oppfatningar i nærmiljøet om noko som i utgangspunktet har lite sosial status knytt til seg enn det er å stille seg positivt.

Det handlar om målretta nyttetenking. Mang ei folkerøysting om opplæringsspråk er gjennomført av di foreldre med store ambisjonar for borna sine har gått ut frå at borna vil vere best tente med å bruke bokmål. På same måten skiftar ein del tenåringar språk før eksamen fordi dei trur dei då vil få best karakterar totalt. Ein kan ikkje rekne med at alle desse har noko identitetsprega forhold til skriftspråk.

Det handlar om språkets politiske posisjon. Resonnement om at det er viktig å sjå mykje nynorsk rundt seg, kan ikkje forklare den raske framveksten av ganske store nynorskmiljø tidleg på 1900-talet. Dei fleste under 20 år lærte og brukte nynorsk i Sogn og Fjordane før det språket dominerte i pressa i fylket, og før næringslivet tok til å bruke nynorsk ganske allment. Her var det heller ei politisk kraft som gjorde seg gjeldande, og som kom til uttrykk i form av ei allmenn oppfatning om at dette var viktig. Den krafta blei ikkje varig og sterk nok i dei områda i Trøndelag, på Austlandet og på Sørlandet som ein gong var prega av nynorsk, men som ikkje lenger er det.

Alt dette og meir til har sitt å seie for den språklege stabiliteten blant nynorskbrukarane. Vegen frå folkeskule til examen artium var kritisk for mange nynorskbrukarar i første halvdel av 1900-talet, og det har vegen også vore for mange frå grunnskule til vidaregåande skule.

 

Perspektiv: utdanning bort frå eige språk

Det moderne kunnskapssamfunnet representerer ei reell utfordring for den nynorske skriftkulturen. På den eine sida aukar den språklege og kulturelle toleransen når folk har meir utdanning (sjå kapittel 5). På den andre sida går mange nynorskbrukarar over til å bruke bokmål (nokre få engelsk) di meir utdanning dei tek. Brukarane blir færre, men toleransen aukar.

Kring 1900 utdanna skulane i Noreg elevane bort frå deira eige talemål og deira eigen kultur. Vegen til kunnskap førte dei bort frå deira eige språk. Dette er situasjonen i mange land den dag i dag: Borna lærer eit anna språk enn sitt eige i skulen, og deira eige språk står dermed i fare for å gå ut av bruk. Dette er eit mentalt kritisk punkt. Finske Antti Tuori sa det ein gong slik: «Eg kan seie alt eg har lært på eit anna språk, men at eg kan berre på mitt eige språk.»¹³⁴

Ein skriftkultur er avhengig av eit jamt aukande utdanningsnivå blant brukarane. Iallfall er det slik i moderne kunnskapssamfunn. Er brukarane av eit språk vesentleg lågare utdanna enn brukarane av eit anna språk, kan det få store følgjer. Slik sett var det ikkje opplagt at posisjonen for nynorsk skriftkultur skulle bli styrkt utover på 1900-talet, då nynorskbrukarar flest fekk kortare skulegang gjennom landsfolkeskule enn bokmålsbrukarar fekk gjennom byfolkeskulen. Mange bokmålsbrukarar gjekk også i landsfolkeskulen, men dette strukturelle skiljet i norsk skulevesen talte ikkje til fordel for nynorsk skriftkultur.

Gymnasa låg få stader i landet og fungerte slik sett ein ei sentraliserande kraft. Med dei mange vidaregåande skulane frå 1970-åra kunne mange tenåringar bu heime lenger. Inga undersøking ligg føre som seier noko om skiljet mellom heimebuande og hybelbuarar viser att i dei språklege endringane. Dei tala som finst, tyder ikkje på at den desentraliserte vidaregåande skulen, målt mot gymnaset, har styrkt den språklege stabiliteten hos nynorskbrukarane (sjå kapittel 7.5).

Eller var det norske samfunnet i første halvdel av 1900-talet slik forma at det styrkte den allmenne bruken av nynorsk at mange blei verande på bygdene og i dei kulturmiljøa dei hadde sin bakgrunn frå? Historia om språkleg knot, om språking, går langs ei linje like frå Ludvig Holbergs tid på 1700-talet. Urbanisering og sosial karriere gjorde noko med språket til mange, og i Norge snudde dette først seint på 1900-talet. Då blei det jamt meir legitimt å bruke eigen dialekt både utanfor eigen heimstad og i heilt andre sosiale situasjonar enn dei ein kom frå.

Dette presset for å snakke korrekt hadde sin parallell i det å skrive korrekt, det vil seie slik fleirtalet meinte det skulle skrivast. I praksis innebar det eit press for å gå bort frå nynorsk. Også inn på 2000-talet var det slik at nynorskbrukarar som regel tilpassa seg fleirtalsspråket dit dei flytta, medan bokmålsbrukarane i større grad ville gjere sitt språk til bruksspråket dit dei kom.

Å forlate heimstaden for å ta vidare utdanning blei ein del av denne endringsprosessen. Når det i tillegg viste seg at fagterminologien i mange fag ikkje var godt nok utbygd på nynorsk, var det nyttig for mange å skifte til bokmål. Gjennom flytting, vidaregåande skule og høgare utdanning mistar den nynorske skriftkulturen mange brukarar og får få nye.

Der ligg paradokset og problemet: bruk vs. toleranse.

 

Publisert 4.10.2015

Sist oppdatert 22.9.2015

 

¹²⁹ Tal frå Utdanningsdirektoratet for delar av eksamenskullet i 2008 tyder på at 7,7 prosent då skreiv nynorsk til eksamen. I Sogn og Fjordane gjorde 88,7 prosent dette. 
  Dagfinn Mannsåker: «Eksamensresultat og sidemålsopplæring», Arbeiderbladet 4.2.1964, udatert særtrykk.
  Øystein A. Vangsnes: «Kva veit vi om tospråklegheit?», foredrag på Nynorskdagen i Førde 29.4.2014, eigne notat.
  Øystein A. Vangsnes, Göran B.W. Söderlund og Morten Blekesaune: «The effect of bidialectal literacy on school achievement», International Journal of Bilingual Education and Bilingualism, 2015, s. 1–16.
 
¹³⁰ Dagfinn Mannsåker: «Eksamensresultat og sidemålsopplæring», Arbeiderbladet 4.2.1964, udatert særtrykk.  ¹³¹ Øystein A. Vangsnes: «Kva veit vi om tospråklegheit?», foredrag på Nynorskdagen i Førde 29.4.2014, eigne notat.  ¹³² Øystein A. Vangsnes, Göran B.W. Söderlund og Morten Blekesaune: «The effect of bidialectal literacy on school achievement», International Journal of Bilingual Education and Bilingualism, 2015, s. 1–16.  
¹³³ Audun Skryten: «Nynorsk eller bokmål?», Bryne vidaregåande skule 75 år 1994–1999, Bryne 1999, s. 51 ff.  
¹³⁴ Sitert av Vigdís Finnbogadóttir i foredrag på landsmøtet i Noregs Mållag i Ørsta 19.4.2013, eigne notat.
    Artikkellesar