8 Barnehage og grunnskule

Det språklege mangfaldet har auka mykje i Noreg dei siste tiåra. Kvart år kjem elevar med nye innvandrarspråk inn i grunnskulen, og i skuleåret 2014/15 gjekk elevar med 108 ulike morsmål i skulen. Dei tre største innvandrarspråka var somalisk, polsk og arabisk.

8  Barnehage og grunnskule
Figur 8.1 Nynorsk- og bokmålselevar i folkeskulen 1910–1970. Absolutte tal

 

8  Barnehage og grunnskule
Figur 8.2 Nynorsk- og bokmålselevar i grunnskulen 1976–2014. Absolutte tal

Barnehagen var i 2015 blitt ein allmenn samfunnsinstitusjon. Nesten alle barnehagane driv ei eller anna form for språkstimulering, men berre fire av ti gjer det i systematisk form.

Utover på 2000-talet hadde jamt fleire elevar samisk som førstespråk, medan færre hadde kvensk eller finsk. Mange fleire elevar fekk morsmålsundervisning i store innvandrarspråk som somalisk, urdu og arabisk enn i urfolksspråket samisk og historiske minoritetsspråk.

I skuleåret 2014/15 hadde 77 000 elevar nynorsk som førstespråk, og 538 000 hadde bokmål. Nynorskbrukarane utgjorde då 12 prosent av elevane, mot 15 prosent i 2000. Nynorskprosenten var noko høgare i barneskulen enn ungdomsskulen.

Det går nynorskelevar i grunnskulen i fire av ti kommunar, og tre av fire nynorskelevar bur i nynorskkommunar. Flest nynorskelevar i skuleåret 2014/15 hadde Hordaland, men for første gong sidan 1920-åra var Sogn og Fjordane nest størst.

Eit fleirtal av alle nordmenn har no hatt ei form for skriftleg undervisning i nynorsk. For 50 år sidan gjaldt dette berre eit lite mindretal. Først med omlegginga til obligatorisk ungdomsskule og ny vidaregåande skule i 1970-åra blei nynorsk ei sak for alle unge i Noreg.

Skulen gjer mange nynorskbrukarar reelt tospråklege, men dei fleste bokmålsbrukarane blir verande eittspråklege. År om anna svarar talet på nynorskbrukarar på 10. steget i Sogn og Fjordane til talet på dei som ikkje har sidemålsundervisning i Oslo-skulen.

8.1 Nynorsk og bokmål
8.2 Urfolksspråk og minoritetsspråk
8.3 Barnehage
8.4 Folkeskulekrinsar og skular
8.5 Kommunar
8.6. Fylke
8.7 Lærarar
8.9 Historisk statistikk
Tema: eit fleirtal med opplæring i nynorsk
Perspektiv: språk i barnehøgd

Last ned heile teksten i pdf her.

 

8.1 Nynorsk og bokmål

Det blir jamt færre nynorskelevar i grunnskulen, men i absolutte tal er situasjonen ganske stabil.

I skuleåret 2014/15 er det 54 000 nynorskelevar og 374 000 bokmålselevar i barneskulen, og 23 000 nynorskelevar og 164 000 bokmålselevar i ungdomsskulen (tabell 8.1.15). Fire fylke var utan nynorskelevar i barneskulen, seks fylke i ungdomsskulen. Alt i alt var dette 4000 færre nynorskelevar og 6000 fleire bokmålselevar enn fem år tidlegare (tabell 8.1.13).

77 000 nynorskelevar i skuleåret 2014/15 utgjorde 12,4 prosent av dei norskspråklege elevane (tabell 8.1.9). 88 000 nynorskelevar i skuleåret 2004/05 utgjorde 14,2 prosent, og 81 000 elevar i skuleåret 1994/95 var 17,2 prosent av dei norskspråklege elevane. Denne utviklinga kan studerast på kommunenivå for perioden 1993–2009 (tabell 8.1.10). For skuleåret 2008/09 kan situasjonen vurderast på skulenivå (tabell 8.1.12). I Nynorsk faktabok 2005 blei for første gong ein slik totaltabell for eit skuleår publisert, for skuleåret 2004/05. Tabell 8.21 i den utgåva er på 99 sider og er her med i eit samandrag på kommunenivå (tabell 8.5.7).

Prosentdelen nynorskelevar er noko større i barneskulen enn i ungdomsskulen (tabell 8.1.11). Både i 1994/95 og 1999/00 var det rett nok omvendt, men i skuleåret 2014/15 er det 0,5 prosent færre nynorskelevar i ungdomsskulen enn i barneskulen. Denne skilnaden var dobbelt så stor berre fem år tidlegare. Den språklege lekkasjen frå nynorsk til bokmål er omtalt ein annan stad (sjå kapittel 7.5).

Dei absolutte tala viser at nynorsk skriftkultur er langt over nivået for kritisk masse. Det samla talet på nynorskelevar i grunnskulen held seg no kring 75 000. I 1972 kom den nye ungdomsskulen med fleire årssteg inn i materialet. Difor auka dei absolutte elevtala mykje det året. Eit liknande, men mindre hopp gjorde tala då den tiårige grunnskulen blei innført frå 1997.

Ein del nynorskbrukarar går over til bokmål, men framleis kjem det også til mange nye nynorskbrukarar kvart år (tabell 8.1.7). Hausten 2014 tok 7800 elevar til i 1. klasse med nynorsk som opplæringsspråk. I absolutte tal er dette svært langt over nivået for kritisk masse for bruken av eit skriftspråk. Kvart år mellom 1920 og 2014 har det kome til mellom 19 000 (i 1946) og 8000 nye nynorskbrukarar i skulen.

Prosent nynorskbrukarar nådde sitt høgdepunkt i 1944 med 34,1 prosent (tabell 8.1.1). I absolutte tal blei høgdepunktet nådd ti år etter med 106 000 elevar. Etter ein sterk vekst i talet på nynorskelevar fram mot 1940-åra fall nynorskprosenten i grunnskulen jamt i heile etterkrigstida. Nivået i 1990-åra svara i prosent til tida kring 1910. Sjølv om sentraliseringa både sosialt og administrativt i etterkrigstida svekte grunnlaget for nynorsk i skulen, førte folketalsutviklinga til at elevtalet på ny auka opp mot 100 000 i 1970-åra. I 1910 hadde 47 000 elevar nynorsk som opplæringsspråk, i 2014 var dei 77 000.

Fram til 1970-åra utgjorde nynorskelevane ein stabil prosentdel i mange fylke (ta-bell 8.1.5 og 8.1.6). I Oppland og Telemark tok nedgangen til i 1950-åra, på Sørlandet var fallet endå større på den tida, og det minka mykje både i Rogaland og Hordaland. Denne utviklinga kan studerast på kommunenivå for tidsrommet 1935–1950 (tabell 8.1.8). Nedgangen flata ut og blei jamvel delvis snudd til oppgang i fleire av desse fylka i 1960-åra, med sikrare tal frå og med 1971 viser at nedgangen nok heldt fram også i 1960-åra.

Dei siste 20 åra har nynorskelevane gått frå å utgjere 17 prosent til 12 prosent i den tiårige grunnskulen (tabell 8.1.6). Denne nedgangen er no på sitt største sidan 1960-åra (tabell 8.1.2, 8.1.3 og 8.1.4). Sidan 1994 har nynorskprosenten falle frå 24 til 18 i Oppland, frå 20 til 10 i Telemark, frå 33 til 24 i Rogaland og frå 49 til 38 i Hordaland (tabell 8.1.6). Dette heng nok saman med folkeflyttingane i retning av byane i desse to fylka. Nord-Vestlandet skil seg ut: Nynorskprosenten gjekk ned frå 55 til 51 i Møre og Romsdal og auka frå 96 til 97 i Sogn og Fjordane.

Det som slår mest ut, er at byane veks og at folketalet i utkantstrøka går ned. Folkerøystingane om opplæringsspråk i skulen har hatt mindre å seie dei siste tiåra (sjå kapittel 6.1). I skuleåret 2009/10 budde dermed ni av ti nynorskelevar i grunnskulen på Vestlandet (sjå kapittel 4.5).

 

8.2 Urfolksspråk og minoritetsspråk

Fleire elevar får opplæring i samisk no enn for 15 år sidan, medan færre elevar lærer kvensk eller finsk, og for kvart år kjem elevar med nye innvandrarspråk inn i den norske skulen.

Hausten 2014 hadde 1900 elevar nordsamisk som førstespråk, andrespråk 2 eller andrespråk 3 (tabell 8.2.1). Hausten 2001 var det tilsvarande talet nær 1700. Talet på lulesamiske elevar auka noko, og det var like mange sørsamiske elevar i 2014 som i 2001. Berre talet på elevar med finsk eller kvensk gjekk tilbake, frå nær 1100 hausten 2001 til under 600 hausten 2014. I dette tidsrommet har det offentlege satsa på ein meir systematisk kvensk språkpolitikk, og det kan hende at denne har hindra ein endå større tilbakegang.

Det språklege mangfaldet av nye minoritetsspråk i grunnskulen er stort, men ikkje større no enn for ti år sidan (tabell 8.2.2). Skuleåret 2000/01 var det registrert elevar med undervisning i 117 ulike morsmål i tillegg til den ordinære undervisninga. I skuleåret 2014/15 femnde den same morsmålsundervisninga om 108 identifiserte språk.

Dei tre største innvandrarspråka i skulen 2014/15 var somalisk, polsk og arabisk, mot somalisk, urdu og arabisk fem år tidlegare (tabell 8.2.3). Blant dei språka som hadde 1000 eller fleire elevar i eitt skuleår, auka derimot polsk mest frå 2000/01 til 2014/15. Av dei ti språka med flest elevar hausten 2012, var sju språk med på same lista i 2000. Jamt over blir dei store innvandrarspråka verande store, medan det er til dels ganske store endringar mellom dei språka som har frå 1 til 10 elevar.

Mellom 2000 og 2015 har elevar fått opplæring på 206 morsmål utanom norsk i skulen. Det var 33 fleire enn i 2009 og 89 fleire enn i 2000. Talet på elevar var lågare enn før i 2014, men det språklege mangfaldet hadde auka.

I dei fleste kommunane er det no innvandrarar som står for det meste av folketalsveksten (sjå kapittel 4). For den nynorske skriftkulturen har det mykje å seie at dei som buset seg i nynorskkommunar eller nynorskdominerte område, kan meistre nynorsk, og at innvandrarar andre stader i landet er godt kjende med denne delen av den norske røynda. Borna får si opplæring i skulen, med dei avgrensingane som dei såkalla fritaksreglane set. Også dei vaksne har sine språklege rettar, og sine ønske om kulturell og sosial integrering, utan at det må innebere ei assimilering.

Alt i 1951 var norskopplæring på plass for vaksne innvandrarar, og det offentlege dekte desse kursa frå 1970.¹¹⁹ Tidleg på 2000-talet var opplæringstilbod i nynorsk for vaksne innvandrarar heilt minimale. Gloppen opplæringssenter utvikla pionerprosjektet Nynorsk+, men det tok tid før slik opplæring kom inn i ordna og forpliktande former. Vox, det nasjonale fagorganet for kompetansepolitikk forvaltar norskprøvene for innvandrarar. Tala derifrå seier ingen ting om fordeling mellom nynorsk og bokmål (tabell 8.2.4). Då nynorskkommunane i 2011 blei spurde om opplæringsspråk for vaksne innvandrarar, svara fire av ti nynorskkommunar at det var nynorsk (tabell 8.2.5).

Denne situasjonen blei kartlagd på nytt i 2014. 60 av 102 nynorskkommunar svara på spørsmål, og sju av ti kommunar gav berre tilbod på bokmål til vaksne innvandrarar v(tabell 8.2.6). Berre kvar fjerde nynorskkommune gav tilbod på nynorsk. I alt rapporterte dei 60 kommunane om 3350 deltakarar. 70 prosent av deltakarane brukte bokmål. Dette skaper store vanskar for dei delane av næringslivet som ønskjer å bruke nynorsk. I ei spørjeundersøking blant bedrifter i den maritime klynga på Sunnmøre i 2015 peika fleire leiarar nettopp på dette. Det problemet dei hadde med å bruke nynorsk, var at viktig arbeidskraft frå andre land hadde fått si norskopplæring på bokmål, ikkje på nynorsk (sjå kapittel 12.3).

Det er nøye bestemt korleis vedtak blir gjort om opplæringsspråk i grunnskulen og i vidaregåande skule. For tilbod til vaksne innvandrarar finst ingen slike reglar. Ein god del kommunar opplyste ikkje om korleis avgjerda var teken (tabell 8.2.7). Der slik informasjon låg føre, viste det seg at mange instansar tok avgjerdene, og at éin tendens var tydeleg: Der tilbodet var på bokmål, var det nesten alltid leiaren for norskopplæringa som hadde bestemt det i samråd med sine tilsette.

Korleis det faktisk stod til med opplæring på bokmål og nynorsk, kunne først dokumenterast frå hausten 2014 (tabell 8.2.8). Då tok 6200 innvandrarar norskprøva, av dei berre 97 eller 1,6 prosent på nynorsk. Mellombels tal for våren 2015 viste at 8800 tok same prøva då, 151 på nynorsk og 8615 på bokmål. I alle tal som finst for språk i Sogn og Fjordane,. Var dette det einaste området der nynorskbrukarane var i mindretal jamvel i det fylket.

Eit integreringsbarometer har vore publisert regelmessig frå og med 2005 (sjå kapittel 5.1). I 2014 var 87 prosent heilt eller delvis samde i at det bør vere obligatorisk å greie ein språktest i norsk for å bli norsk statsborgar.¹²⁰

 

8.3 Barnehage

Det finst mykje pedagogisk kunnskap om arbeid og tilbod i barnehagane, men den språklege sida er knapt dokumentert. Ein første enkel studie blei presentert i årstale nr. 8 om tilstanden for nynorsk skriftkultur i 2008.¹²¹ Denne blei følgd opp med ei rekkje tiltak frå målrørsla si side.

Ein av konklusjonane i studien frå 2008 var at forholdet mellom dei to norske språka og dermed også bruken av nynorsk ikkje blei tematisert. Barnehagane blei med det ei sone utanfor den norske språkrøynda.

Den einaste vesle undersøkinga som finst om praksis gjeld nynorskkommunane og er frå 2011 (tabell 8.3.1). Seks av ti kommunar svara at det blir drive språkstimulering i barnehagane som var i samsvar med opplæringsspråket i kommunane. Interessant nok svara tre av ti at dei ikkje visste.

 

8.4 Folkeskulekrinsar og skular

Ein av dei første tabellane som blei laga i arbeidet med statistisk dokumentasjon av den nynorske skriftkulturen, var framveksten av skulekrinsar med nynorsk opplæringsspråk (tabell 8.4.1).

Offisiell statistikk presenterte språksituasjonen i folkeskulen for første gong i 1910. Då hadde det skjedd store endringar etter at skulestyra i 1892 hadde fått løyve til å avgjere kva som skulle vere opplæringsspråket. For desse to viktige tiåra mellom 1890 og 1910 er det først og fremst Peder E. Hovdans innhaldsrike materiale som dokumenterer situasjonen. Materialet hans er ikkje feilfritt, men berre det visuelle inntrykket av kolonnane seier noko om spreiing og utbreiing, kor lite som skjedde mellom 1890 og 1897, og kor fort det gjekk etterpå.

I 1901 prøvde likevel Kirkedepartementet å kartleggje situasjonen. Dette første grunnlaget for offisiell dokumentasjon av den språkdelte norske skulen blei presentert i Nynorsk faktabok 2005 (tabell 8.9.1). Kjell Haugland har samla dokumentasjonen og viser at landsmålet i 1901 var brukt i minst 17 prosent av dei skulekommunane som kom inn under lova om landsfolkeskulen.¹²² Alt i 1901 var landsmål i bruk i skulen i 13 fylke.

Utviklinga på krinsnivå er dokumentert for heile det 20. hundreåret, frå 1900 til 1995 (tabell 8.4.2 og 8.4.3). I ni fylke har dei nynorske skulekrinsane på eit eller anna tids-punkt vore i fleirtal. Dette gjeld alle fylka langs kysten frå og med Telemark til og med Møre og Romsdal, dessutan Oppland og Nord-Trøndelag. Kring 1940 var det nære på at det var fleirtal i Troms også. I vestlandsfylka frå Hordaland til og med Møre og Romsdal har det vore fleirtal heile tida sidan 1910–1920. I dei andre fylka varte fleirtalet frå 20 år (Oppland, Nord-Trøndelag) til 40 år (Telemark, Rogaland). I Nord-Noreg blei nynorsk eit blaff fram mot 1940.

I ein del kommunar er det svært få nynorskelevar. Ein del av desse går i nynorskklassar på skular som elles har bokmål som opplæringsspråk. Eit materiale som ikkje lenger blir oppdatert, syner at det dreia seg om 200 klassar tidleg på 2000-talet (tabell 8.4.4). Utdanningsdirektoratet undersøkte saka for ungdomsskulens del i 2015.¹²³ I åra 2010–2015 var det på eit eller anna tidspunkt 136 skular i 99 kommunar som hadde 15–30 nynorske-levar på 8.–10. trinn. Variasjonen var ganske stor over tid, men 21 skular hadde slike grupper i kvart av desse skuleåra. For skuleåret 2014/15 gjaldt dette 1600 elevar på 75 skular i 67 kommunar.

Kontrasten til dette er dei store nynorske skulemiljøa. Hausten 2004 hadde 36 ungdomsskular 300 nynorskelevar eller fleire, og ti år seinare var der 38 slike skular (tabell 8.4.5). Alle desse låg i vestlandsfylka.

 

8.5 Kommunar

På 2000-talet har fire av ti kommunar nynorskelevar i skulane sine (tabell 8.5.1). Slik har det vore sidan 1970-åra. På det meste, kring 1940, var det nynorskelevar i seks av ti kommunar.

Ikkje berre står bruken av nynorsk generelt sterkt i Sogn og Fjordane. Skulemiljøa er også meir eittspråklege enn dei er i andre område der nynorsk blir mykje brukt. Dette kjem fram ved å analysere kor mange kommunar som har minst 90 prosent nynorsk- eller bokmålselevar (tabell 8.5.2). Kommunar der ingen av språka utgjer 90 prosent, blir då rekna som blanda kommunar. Sogn og Fjordane har ingen slik bokmålskommune og berre Vågsøy er tydeleg språkblanda. Det motsette mønsteret er det typiske i Noreg og blei meir typisk på Vestlandet i andre halvdel av 1900-talet. Det vil seie at ein aukande del av nynorskbrukarane går i språkdelte skulemiljø alt i grunnskulen.

I alle fylke har det på eitt eller anna tidspunkt vore grunnskuleelevar med nynorsk til hovudmål. Det er tydeleg at folketalsutviklinga (og med den sentraliseringa) frå slutten av 1950-åra og dei mange kommunesamanslåingane på 1960-talet over tid gjorde mange nynorskbrukarar til bokmålsbrukarar. Den toppen i elevtal som var kring 1940, var truleg aldri reell i den forstand at her kom det mange raske endringar med nye skulekrinsar som gjekk over til nynorsk, men der opplæringsspråket i skulane aldri blei integrert i kvardagen elles. Blir biletet presentert i tiår, kjem nokre modifikasjonar til syne. Grundige studiar trengst for å få eit fastare grep om desse årskulla med mange mellombelse nynorskbrukarar. Der er rikeleg med materiale å studere. Dønnes kommune på Helgeland kan stå som døme: frå ingen nynorskelevar i 1935 til 100 prosent nynorsk i 1940 og 1945, og ned att til 5 prosent i 1950. Det var likevel unntaket, ikkje regelen, at nedgangen var så bratt.

Den minkande nynorskprosenten i grunnskulen kan nyanserast ved å vise kvar endringane er størst på kommunenivå (tabell 8.5.3). Frå 1998 til 2008 auka talet på nynorskelevar med meir enn ti prosent i 12 kommunar, medan 39 kommunar fekk minst ti prosent færre nynorskelevar i det same tidsrommet. Jamt over var nedgangen større enn oppgangen i prosent.

Alle kommunane med minst 300 elevar i grunnskulen låg som nemnt på Vestlandet. Det same gjaldt dei 22 kommunane som hausten 2014 hadde over 1500 nynorskelevar i grunnskulen (tabell 8.5.4). I 2004 var det 13 slike kommunar. Dei fem største kommunane var Stord, Hå, Time, Os og Førde. Hå var samstundes eitt av fleire døme på at kommunar med mange nynorskelevar i grunnskulen og nynorsk som dominerande kyrkjespråk likevel er språknøytrale når det kjem til tenestemålet (sjå kapittel 11).

Motsetnaden til dei mange språkblanda kommunane er dei kommunane som er eittspråkleg nynorske i grunnskulen. Kva kommunar som har vore det, varierte mykje frå 1994 til 2014 (tabell 8.5.5). I 1994 var der 33 slike kommunar, i 2014 12. Jølster og Vanylven var dei einaste kommunane med 100 prosent nynorskelevar både i 1994, 2004 og 2014.

Alle kommunar med nynorskelevar i skuleåra 1998/99 og 2003/04 er kartlagde (tabell 8.5.6) Hausten 2003 hadde 180 kommunar nynorskelevar i grunnskulen. Av desse utgjorde nynorskelevane meir enn 65 prosent i så mange som 121 kommunar (tabell 8.5.8). Altså var nynorsk dominerande i to av tre kommunar med nynorskelevar. Fordelinga var den same i 2009.

Lov om opplæring gir elevar rett til å gå gjennom ungdomsskulen og/eller vidaregåande skule utan opplæring i sidemål. I ungdomsskulen gjeld dette elevar som får opplæring etter ein individuell opplæringsplan, og elevar med anna morsmål enn norsk. I vidaregåande skule gjeld dette for dei som etter ei legevurdering har vanskar med å meistre både nynorsk og bokmål, dei som ikkje har gått på ungdomsskule i Noreg, og dei som var fritekne for sidemålsundervisning i ungdomsskulen.

Kor mange elevar som på landsplan får slike fritak, dei kallar, er ukjent. For den største kommunen, Oslo, ligg det derimot føre påliteleg dokumentasjon frå og med skule-året 2007/08 for 10. steg i ungdomsskulen (tabell 8.5.9). Tre av ti avgangselevar i ungdomsskulen var fritekne av ein eller annan grunn, og der var små avvik frå år til år. Kvart år gjaldt dette 1400–1500 elevar. Det er like mange som talet på nynorskelevar på 10. steget i Sogn og Fjordane eller Rogaland.

Oslo kommune har tilsvarande tal for vidaregåande opplæring, men kommunen registrerer ikkje vedtak om fritak. Dermed er tala ikkje pålitelege nok til at dei bør setjast opp i ein tabell.¹²⁴ Likevel er det ein peikepinn at om lag 37 prosent av vidaregåande-elevane i skuleåret 2010/11 var utan sidemålsopplæring, og at det same gjaldt 32 prosent av elevane i skuleåret 2012/13. Desse tala står ganske bra til fritaksprosenten på 10. steget. I absolutte tal dreiar det seg om 3300–3400 elevar. Med atterhald om misvising er dermed like mange Oslo-elevar utan sidemålsopplæring i vg3 som det er nynorskelevar i heile landet som tek eksamen i vg3.

 

8.6. Fylke

Rekna i absolutte tal har Hordaland flest nynorskelevar (tabell 8.1.4). Der brukte 24 000 elevar nynorsk i skuleåret 2014/15. For første gong sidan 1920-åra var Sogn og Fjordane då det nest største fylket med nær 17 000 nynorskelevar. Ni fylke hadde færre bokmålselevar enn Hordaland hadde nynorskelevar.

Eit fleirtal av nynorskelevar har det vore i fem fylke. Eit slikt fleirtal har det vore i Hordaland og Sogn og Fjordane like sidan 1910, i Møre og Romsdal sidan 1920, mens nynorskelevane også har vore i fleirtal i Rogaland (1920–1964) og Nord-Trøndelag (1939–1958). I 2015 var det berre fleirtal i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, og om få år er Sogn og Fjordane åleine på den lista.

Til Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012 blei det laga ein første regional studie av opplæringsspråk i grunnskulen (tabell 8.6.2 og 8.6.3). I Språkfakta 2015 er denne følgd opp med liknande regionale framstillingar for Hordaland og Møre og Romsdal. I Sogn og Fjordane viste dei regionale skilnadene seg å vere små, og ein venta skilnad mellom ytre og indre strøk var i beste fall usikker. For Møre og Romsdal var derimot skilnadene store mellom regionane, med mest nynorsk på Sunnmøre, mindre i Romsdal og lite på Nordmøre (tabell 8.6.1). For kortare tid kan dette studerast på kommunenivå (tabell 8.6.5). I Hordaland var situasjonen stabil frå 1992 til 2012 i Sunnhordland, Hardanger og Voss, medan nynorskprosenten i grunnskulen fall frå 24 til 16 i Midhordland og frå 96 til 84 i Nord-hordland i det same tidsrommet (tabell 8.6.4).

 

8.7 Lærarar

Mykje har vore skrive om den pedagogiske sida av saka, men lite i form av statistiske undersøkingar. Der ligg føre to undersøkingar, ei om lærarane i Bærum i 2003 og ei om lærarane i Oslo i 2006.

Undersøkinga i Bærum dekte 88 ungdomsskulelærarar. Kommunen hadde arbeidd meir målretta med desse spørsmåla enn sjølv mange nynorskkommunar hadde gjort. Haldningane blant ungdomsskulelærarane gav likevel ingen grunn for målrørsla til å slå stiften.

62 av dei 88 ungdomsskulelærarane i Bærum hadde inntil eitt års utdanning i norsk (tabell 8.7.1). Dei var ikkje særleg godt nøgde med den nynorskundervisninga dei i si tid fekk som studentar. Likevel meinte dei jamt over at dei kunne nok om nynorsk, rett nok også med ønske om fagleg påfyll (tabell 8.7.2 og 8.7.3).

Kring 2000 hadde mange teke til orde for at elevane måtte få lese og skrive nynorsk i fleire fag enn norsk. Berre ein av tre lærarar i Bærum la opp til dette (tabell 8.7.4). Fleirtalet av lærarane la heller ikkje vekt på språket når dei valde ut tekstar til undervisninga (tabell 8.7.5). Seks av ti lærarar meinte dei ikkje var fagleg engasjerte nok i undervisninga si; der låg altså ei uro under om at dei burde ha meir å gi (tabell 8.7.6). Det alvorlege var at like mange lærarar meinte elevane ikkje hadde nokon fordel av å lære både nynorsk og bokmål som skriftspråk (tabell 8.7.7). Di meir utdanning lærarane hadde, di større del meinte det var positivt at elevane lærer å skrive og lese både nynorsk og bokmål.

Kvar femte ungdomsskulelærar i Oslo blei i 2006 spurd om deira eigen kompetanse i nynorsk (tabell 8.7.8). Eit klart fleirtal meinte at dei hadde god oversikt over nynorske skriftspråksnormer, og eit like klart fleirtal var usamd i at dei hadde for lite kompetanse til å undervise i nynorsk som sidemål.

Dette fleirtalet likte å undervise i nynorsk, men likte også betre å vurdere elevtekstar på bokmål enn på nynorsk (tabell 8.7.9). Derimot sa eit like stort fleirtal at dei ikkje brukte tekstar på nynorsk i andre delar av norskfaget, og heller ikkje i andre fag.

I ei landsdekkjande undersøking frå 2010 mangla det ikkje på kompetanse, iallfall ikkje i bokmål, ifølgje lærarane sjølve. 99 prosent av lærarane meinte at dei i svært stor grad eller ganske stor grad hadde den kompetansen som trongst for undervisning i bokmål (tabell 8.7.110). Når det gjaldt undervisning i nynorsk, strekte 80 prosent seg like langt. Blant lærarane i studieførebuande fag i vidaregåande var det fleire enn gjennomsnittet som meinte at dei i svært stor grad hadde nok kompetanse i nynorsk. Som kompetanse, så meining: Lærarar med bokmål som førstespråk og høg kompetanse i nynorsk var mykje meir positive til nynorskens plass i skulen enn bokmålslærarar med låg kompetanse (sjå kapittel 5.7).

 

8.9 Historisk statistikk

Fleire av tabellane i dette underkapitlet er kommenterte ovanfor.

I det avsluttande arbeidet med Språkfakta 2015 dukka det opp eit oversyn som viste nynorsk- og bokmålsprosentane i dei ulike regionane i 1930 (tabell 8.9.2). Då budde 53 000 av 78 000 nynorskelevar på Vestlandet, eller to av tre. I 2015 budde ni av ti nynorskelevar der. Dei sterkaste nynorskregionane utanfor vestlandsfylka i 1930 var Indre Aust-Agder (81 prosent), Øvre Telemark (80 prosent) og Inderøy (74 prosent). No er berre Øvre Telemark att av desse.

Fram til 1961 var lærebokutgiving noko som forlaga stort sett hadde stelt med sjølve. Det gjekk som det måtte gå: Det kom få lærebøker på nynorsk. For å rette på dette og dekkje andre presserande lærebokbehov blei Statens lærebokutval oppretta i 1961. Ordninga gav raskt resultat, men berre fragmentert informasjon ligg føre.

Statens lærebokutval fordelte i åra 1962–1966 700 000 kroner i tilskot til lærebøker på nynorsk, og av dette gjekk 400 000 til bøker for folkeskulen og ungdomsskulen. I 1966 disponerte lærebokutvalet 200 000 kroner. Halvparten av dette løyvde utvalet til nynorske lærebøker i økonomisk gymnas.¹²⁵ Eit par tiår seinare blei det løyvt 24,3 millionar til utgiving av basisutgåver og parallellutgåver i 1979, men denne støtta minka utover på 1980-talet og utgjorde i 1986 19,9 millionar.¹²⁶ Over tid blei dette store summar.

 

Tema: eit fleirtal med opplæring i nynorsk

Dei språklege vendepunkta i norsk skulepolitikk på 1900-talet er innføringa av obligatorisk ungdomsskule i 1969 og omlegginga til vidaregåande skule i 1974. Før dette var det i røynda berre eit ørlite mindretal som gjekk gymnasvegen. Det var aldri meir enn to prosent av dei elevane som hadde hatt nynorsk i grunnskulen, som mange år seinare hadde nynorsk ved eksamen artium. Ordninga med obligatorisk sidemål i gymnas og på lærarskule var dermed i alle år ei ordning for eit lite, men ikkje uviktig mindretal.

I 1970-åra skifta den skriftlege sidemålsundervisninga ham. Frå då av har i praksis så godt som heile årskulla hatt skriftleg undervisning i nynorsk, anten som hovudmål eller som sidemål (tabell 8.9.8). Den 1. januar 2004 budde 3,7 millionar menneske over 15 år i Noreg. Alle som då var mellom 15 og 50 år gamle, hadde hatt skriftleg nynorskundervisning av di så godt som alle desse i det minste har ungdomsskule eller realskule. Det dreia seg om 2,5 millionar menneske. Av dei 1,2 millionar nordmennene som i 2004 var eldre enn 50 år, kan vi rekne med at om lag ein tredel, eller 400 000 menneske, hadde hatt skriftleg nynorskundervisning.

Det vil seie at alt endra seg på éin mannsalder. Kring 1970 hadde om lag 900 000 nordmenn «lært» nynorsk skriftleg (tabell 8.9.7). Kring 2015 har godt over tre millionar «lært» det. Vi lever i ei tid då for første gong eit fleirtal av innbyggjarane over 15 år i Noreg har hatt skriftleg undervisning i nynorsk.

Det inneber på langt nær at alle meistrar å skrive nynorsk eller handterer det skriftspråket i det daglege. Mange bokmålsbrukarar har hatt ganske stor avstand til språket og hatt lite med det å gjere i det daglege, og det er eit godt stykke frå det å bli undervist i nynorsk i nokre skuleår og å skulle bruke det språket etterpå. Gjennom opplæringa i skulen for alle kan ikkje språket berre veljast vekk eller setjast til sides.

Unntaket er dei som etter lovverket kan fritakast, som det heiter, for sidemålsundervisning (sjå kapittel 9.4).

I skuleåret 2014/15 fekk 43 000 elevar særskild norskundervisning. Av desse følgde 14 000 elevar læreplan for språklege minoritetar. I skuleåret 2000/01 hadde 31 000 elevar slik undervisning.¹²⁷ Elevane med særskild norskundervisning utgjorde sju prosent av alle som gjekk i den norske grunnskulen hausten 2014, mot seks prosent hausten 2000.

 

Perspektiv: språk i barnehøgd

Språket tek alltid til i barnehøgd. Det var perspektivet i årstale nr. 8 om tilstanden for nynorsk skriftkultur i 2008.

Frå og med 1960-åra og 70-åra vann to store og tidsdekkjande institusjonar fram i Noreg: fjernsynet og barnehagen. Det siste tiåret er Internett også blitt ein slik institusjon der barn møtest i fellesskapar, får impulsar, uttrykkjer seg. Barndomslandet er blitt det Jon Bing alt i 1984 kalla det elektroniske landskapet, og som altså er prega av både skjermar og hagar.

Medieforskinga dokumenterer medieforbruket på kryss og tvers, men berre dei som er ni år eller eldre, blir spurde og rekna med. Det vi veit sikkert om forbruket hos born under skulepliktig alder, er kor mykje tid dei bruker på fjernsyn og kva kanalar dei då ser på. Dei minste borna bruker faktisk ganske lite tid på tv. Dei ser heller ikkje meir på tv i dag enn dei gjorde ved inngangen til det nye tusenåret. I 2007 såg born frå 3 til 6 år i gjennomsnitt 78 minutt tv kvar dag, mot 83 minutt i 2000. Fordelt på kanalar er tendensen soleklar: Både i 2000 og 2007 var NRK1 den viktigaste kanalen for born mellom 3 og 6 år. Dei brukte 44 prosent av tv-tida si på NRK1.

Born under skulepliktig alder har til no brukt lite tid på fjernsyn. Dei er mange fleire timar i barnehage enn i fjernsynskroken. I 2007 var det 6436 barnehagar i landet. Då den første utgreiinga om offentleg politikk for små born blei laga i 1972, hadde mindre enn 13 000 born under sju år kontakt med ei eller anna form for barnehage. Desse utgjorde tre prosent av alle under skulepliktig alder. I 2007 hadde om lag 250 000 born barnehageplass. Det vil seie 84 prosent av alle born under skulepliktig alder. I nynorskfylket Sogn og Fjordane hadde heile 88 prosent av borna slik plass. Berre Sør-Trøndelag og Troms låg endå litt høgare i barnehagedekning.

Etter barnehagelova av 2006 er det kommunane som skal godkjenne og føre tilsyn med alle barnehagar, same kven som eig dei. I dag er barnehagen nesten ein reint skuleførebuande institusjon. Nytteperspektivet står sterkare, og utvikling av ferdigheitene i lesing, skriving og matematikk er viktigare. Nesten alle barnehagane driv med språkstimulering i ustrukturerte former, og 40 prosent har systematisk språkstimulering på norsk.

Å lære lesekunsten er ein språkleg prosess, og innlæring av skrift byggjer på talespråket. Då må barnehagen, ikkje berre skulen, ta omsyn til den språklege bakgrunnen til elevane og kva språk dei meistrar. Samstundes er det altså slik at nettopp i sine første leveår er mennesket særleg lærenemt og mottakeleg for inntrykk. Det gjeld å trø forsiktig, slik mange barnehagetilsette gjer. Det gjeld også å ta sjansar. Det er det mange barnehagetilsette som ikkje tør, iallfall ikkje når det gjeld språk. Dei får heller ikkje mykje hjelp frå faglitteraturen og forskinga.

Den rådande oppfatninga er at viktige delar av sosialiseringa skjer medan borna enno er små. Identitet tek form, individualisering skyt fart, kompetanse blir utvikla. Særleg i åra frå 6 til 12 formar borna ein identitet om det som har med meistring å gjere.

Dette er også viktig i politikken overfor urfolk og minoritetar.

I 1970 opna den første barnehagen for samiske born, i Kautokeino. Det var eit varsku om at den fornorskingspolitikken som hadde vore ført sidan 1870-åra, var under avvikling. Særleg flyttsamane var skeptiske. For deira born venta internatskule frå dei var sju år gamle. Skulle borna i barnehage før det, ville dei endå tidlegare møte det flyttsamane såg på som ein annan kultur og ei anna livsform. I den barnehagen lærte dei samiske borna leiker og samværsformer som var framande for dei, og den tospråklege førskulelæraren hadde lite å velje i av songar og eventyr på samisk. Med åra har mykje endra seg. I 2006 var 46 samiske barnehagar med meir enn 1100 born i drift. Nær 900 av desse borna var samar.¹²⁸

Spørsmålet om barnehagens rolle auka i styrke då borna frå innvandrarmiljøa skulle få barnehageplass. I 2006 kom kvart femte barn i Oslo-barnehagane frå språklege og kulturelle minoritetar. For landet sett under eitt var åtte prosent av borna minoritetsspråklege, mot tre prosent i 1996. Likevel er nettopp innvandrarane dei som bruker barnehagetilbodet minst.

Kva barnehagane har å seie for språkleg og dermed kulturell sosialisering, kjem til uttrykk i debatten om forholdet mellom innvandrarar og barnehagetilbod. Enkelt er det ikkje, for ut frå ein og same kunnskapen trekkjer partane heilt motsette konklusjonar. Både innvandrarar og etnisk norske veit at barnehagen fornorskar borna. Det kallar mange etniske nordmenn nødvendig og verdfull sosialisering. Ein del innvandrarar ser derimot på dette som eit tap av kulturell identitet for borna deira.

 

Publisert 3.10.2015

Sist oppdatert 22.9.2015

 

¹¹⁹ Gjert Kristoffersen ofl.: Norsk i hundre!, Oslo 2005, s. 28  ¹²⁰ Integrerings- og mangfalddirektoratet: Integreringsbarometeret 2013/2014, Oslo 2014, s. 29.  
¹²¹ Ottar Grepstad: Draumen om målet, Oslo 2012, s. 241–273.  
¹²² Kjell Haugland: Striden om skulespråket, Oslo 1985. 
¹²³ Utdanningsdirektoratet: «Rett til opplæring i eigne språkdelte grupper på ungdomstrinnet», brev til Kunnskapsdepartementet 21.6.2015.  
¹²⁴ Hild Lamvik, Oslo kommune, i e-post til Noregs Mållag 8.12.2012 og 8.10.2013.  
¹²⁵ Berge Furre ofl.: Målreising 1967, Oslo 1967, s. 129.
¹²⁶ Tor Solumsmoen: «Kap 269 post 71 Kirke- og undervisningsdepartements lærebokutvalg», notat 11.10.1986, Den norske Forleggerforening, arkiv Ivar Aasen-tunet. 
¹²⁷ Data frå Grunnskolens Informasjonssystem, gsi.udir.no, lesedato 12.8.2015.
¹²⁸ Samisk statistikk 2008.
 
  Integrerings- og mangfalddirektoratet: Integreringsbarometeret 2013/2014, Oslo 2014, s. 29. 
  Ottar Grepstad: Draumen om målet, Oslo 2012, s. 241–273. 
  Kjell Haugland: Striden om skulespråket, Oslo 1985. ¹²⁰ Integrerings- og mangfalddirektoratet: Integreringsbarometeret 2013/2014, Oslo 2014, s. 29.  ¹²¹ Ottar Grepstad: Draumen om målet, Oslo 2012, s. 241–273.   ¹²² Kjell Haugland: Striden om skulespråket, Oslo 1985. 
    Artikkellesar