7 Individuell språkbruk

Bokmål er det mest brukte språket i Noreg og har vore det sidan nynorsk og bokmål blei jamstilte norske språk i 1885. Auka bruk av engelsk inn på 2000-talet svekte bokmål på fleire viktige område, medan bruken av nynorsk var ganske stabil, og det blei jamt fleire med andre språk enn norsk som førstespråk. Den store språklege endringa i Noreg dei siste 50 åra er at dialekt no blir brukt på nær sagt alle område i samfunnet og særleg i privat skrift.

7  Individuell språkbruk
Figur 7.1 Bruk av dialekt i skrift 2013. Prosent

Det finst om lag 600 000 nynorskbrukarar i Noreg. Fire av ti er reelt tospråklege i den forstand at dei like gjerne bruker bokmål som nynorsk. Prosentdelen nynorskbrukarar over 15 år har halde seg stabil sidan 1990-åra, men fleire av dei skriv no ofte dialekt.

På 2000-talet har også bruken av dialekt som skriftspråk auka, ærleg blant dei yngre, og etter kvart skriv tre av ti dialekt i ein eller fleire samanehengar. Generelt skriv oslofolk minst dialekt, vestlendingar og nordlendingar mest, og Noreg nærmar seg eit samfunn med tre norske skriftspråk – to normerte og eit unormert med stor variasjon.

Det er ein svak tendens til at fleire kvinner enn menn bruker nynorsk privat, og at nynorskbrukarane utgjer ein større del blant eldre enn yngre. Di meir utdanning ein person har, di meir sannsynleg er det at vedkomande bruker bokmål. Det er også fleire bokmålsbrukarar blant dei med høg inntekt enn blant dei med låg inntekt. Det sosiale elitespråket er bokmål.

Fleire nynorskbrukarar enn for 50 år sidan blir verande nynorskbrukarar, særleg viss dei er mange nok, har eit trygt språkmiljø i skulen, kan bruke nynorsk på jobb, har lett tilgjenge til lesestoff på nynorsk, og språket ikkje er særleg omstridd i lokalsamfunnet. Om lag halvparten av nynorskelevane held seg til nynorsk fram til eksamen i vidaregåande skule. Særleg unge bokmålsbrukarar les lite nynorsk, medan unge nynorskbrukarar les mykje bokmål, til dels meir bokmål enn nynorsk.

 

7.1 Talemål
7.2 Skriftspråk
7.3 Sjølvmeldingar
7.4 Verne- og sesjonspliktige
7.5 Språkstabilitet og språkskifte
7.6 Lesing
7.9 Historisk statistikk
Tema: tre generasjonar nynorskbrukarar
Perspektiv: frå nasjonalromantikk til modernisering

Last ned heile teksten i pdf her

7.1 Talemål

I Noreg er vi fleirspråklege på ulike nivå, i tale som dialektar, i skrift gjennom nynorsk, bokmål og delvis dialekt. Mange er fleirspråklege i både tale og skrift.

Stortinget er den fremste norske institusjonen. I denne institusjonen gjeld merkverdig nok ikkje alle lover, til dømes lov om målbruk i offentleg teneste. Det som derimot blir følgt opp, og som er blitt det sidan 1913, er retten til å bli referert på nynorsk eller bokmål. I det ligg ein indikator om talemål, og den einaste vi har som strekkjer seg over meir enn 100 år. Denne referattradisjonen marker også at både bokmål og nynorsk er så vel talemål som skriftspråk.

Lenge var det slik at saksordføraren avgjorde om komitéinnstillinga blir skriven på nynorsk eller bokmål, og kva språk ei lov blei forma på. Seinare års bruk av teksthandsaming har no ført til at mest alle komitéinnstillingar inneheld anten setningar, avsnitt og kapittel på skiftande språk.

Stortingsrepresentantane er i alle høve ei gruppe det er lett å få oversyn over, og som truleg har mykje å seie for det allmenne omdømet for nynorsk. Der er mykje fleire nynorskbrukarar på Stortinget enn blant veljarane, og slik har det vore lenge. Skilnaden er truleg større i dag enn i mellomkrigstida (tabell 7.1.1). I Stortinget stod nynorskbrukarane sterkast i 1960-åra, då nynorsken elles sleit med oppslutning og bruk. Sidan 1981 har nynorskbrukarane utgjort ein ganske stabil prosentdel på Stortinget, men med eit markert fall det siste tiåret. I perioden 2013–17 blir berre 19 representantar eller 11 prosent refererte på nynorsk. Ein lågare prosentdel nynorskbrukarar har ikkje vore registrert i Stortinget sidan slutten av 1913.

Utanom Stortinget er éin arbeidsplass er kartlagd betre språkleg enn andre, men utvalet er lite og neppe representativt. I 2011 svara 82 NRK-medarbeidarar på spørsmål om eige talemål. 48 svara at dei snakka dialekt, 28 standardisert bokmål og 5 standardisert nynorsk (tabell 7.1.3).

Den eldste undersøkinga av utbreiinga av ulike talemål er frå 1969 (tabell 7.1.2). Dei data som er tilgjengelege, er diverre fragmenterte, men undersøkinga syner iallfall at ein av tre snakka dialekt ut frå eiga vurdering. Svært få snakka nynorsk, og enno snakka mange riksmål. Dialekt blei mest brukt av dei som budde utanfor byane, arbeidde i primær- og sekundærnæringane og tente mindre.

Ei større undersøking i nyare tid av dette emnet stod NRK for i 2012 (tabell 7.1.4). I 1969 hadde 65 prosent svara at dei snakka bokmål eller riksmål. I 2012 svara 49 prosent at dei snakka bokmål eller mest bokmålsprega. 34 prosent snakka i 1969 dialekt, og i 2012 gjorde 46 prosent det.

Den skilnaden skulle ein tru ville vere større enn mange tiår med auka status for dialektar. Meir som venta var det at fleire unge enn eldre snakka dialekt, at bruken av bokmål minka på vegen frå storbyen til bygda, og at Oslo og Nord-Noreg var to språklege ytterpunkt. I Oslo snakka 76 prosent bokmål eller mest bokmålsprega; i Nord-Noreg snakka 85 prosent dialekt eller mest dialektprega. Det skil seg mykje kor sterk identiteten er mellom tale og skrift, ikkje minst i Nord-Noreg, der mange nok oppfattar sitt eige talemål som bokmålsnært.

Kor mange som snakkar dei ulike dialektane, har også vore ein ukjend variabel; ein kan ikkje slutte frå bustad til talemål. Forholdet mellom ulike dialektar viste seg å vere jamnare enn folketalet i ulike delar av landet skulle tilseie då NRK kartla dette i ei ny undersøking i 2014 (tabell 7.1.5). Fordelingane må lesast med det atterhaldet at dette er sjølvforståinga til kvar og ein som blei spurd.

I 2014 var bruk av dialekt ganske allment akseptert. Det inneber ikkje at alle bruker dialekt i kva samanheng som helst. Dette var det også litt delte meiningar om (sjå kapittel 5.3). Mange fleire snakka meir dialektprega privat enn på jobb, og fleire normerte mot bokmål når dei var på arbeid (tabell 7.1.6). Her var det klare skilnader aldersgruppene imellom. Privat snakka 59 prosent av alle mest dialektprega og 34 prosent mest bokmålsprega. I aldersgruppa 30–39 år snakka derimot 69 prosent mest dialekt og 23 prosent mest bokmål. I nordmenns språklege sjølvforståing var altså bokmål i 2014 på veg til å bli meir og meir eit skriftspråk og lite anna.

Dialektane er geografisk definerte, og geografisk definert er også den plassen dialektane har i kvardagen i eit eintydig mønster kysten rundt (tabell 7.1.6).

Privat fall bruken av dialekt privat frå 92 prosent i Nord-Noreg via 60 prosent på Sørlandet til 32 prosent i Oslo. Bruken av bokmål var heilt motsett, frå 59 prosent i Oslo ned til seks prosent i Nord-Noreg.

Språkbruken på arbeid viste det same geografiske mønsteret, men med mindre skilnader. På jobb fall bruken av dialekt frå 75 prosent i nord til berre 20 prosent i Oslo, medan bruken av bokmål fall tilsvarande frå 67 prosent i Oslo til 17 prosent i nord.

Er desse tala nokolunde korrekte, blei bokmål i 2014 altså knapt brukt i privat tale nord for Trøndelag og også mindre på jobb enn i nokon annan del av landet. I tala ligg også ein språkleg avstand som har auka mykje dei siste 50 åra. Den opplevde språkpraksisen i Oslo og i Nord-Noreg var diametralt ulik. Nesten sju av ti snakka mest bokmålsprega på jobb i Oslo, og ni av ti snakka mest dialektprega privat i Nord-Noreg.

 

7.2 Skriftspråk

Der er stabilt mange nynorskbrukarar, men fleire av dei skriv no meir dialekt enn før, og mange av dei vekslar mellom bokmål og nynorsk. Dei som skriv berre nynorsk, var i 2015 truleg i ferd med å bli eit mindretal blant nynorskbrukarane.

To typar undersøkingar gir to utviklingslinjer i forholdet mellom nynorsk og bokmål etter 1945.

Den eine typen er meiningsmålingar, der spørsmålet om eige skriftspråk blei stilt ganske ofte av Norsk Gallup i andre halvdel av 1900-talet. Bruken av nynorsk gjekk ned frå 25 prosent i 1951 til 8 prosent i 1985. Tala frå 1951 er dei eldste som finst om dette emnet.

Den andre typen er valundersøkingane 1957–2013, der same spørsmålet om kva ein likte best å skrive, er blitt stilt kvart fjerde år unnateke 1961 (tabell 7.2.2). Her gjekk bruken av nynorsk ned frå 12 prosent i 1957 til åtte prosent i 2013. Det er ei tydeleg endring, og nedgangen var like stor etter 2000 som i det 43 åra før.

Hovudtendensane i dei to undersøkingane er dei same som i fem liknande undersøkingar frå 1995, 2000, 2002, 2005 og 2014 (tabell 7.2.1 og 7.2.4). På spørsmål om kva språk dei som regel bruker privat, svara åtte–ni prosent at dei som regel brukte nynorsk, og fem–seks prosent sa at dei brukte nynorsk og bokmål om lag like mykje. Dette innebar at 12–15 prosent av nordmennene var tospråklege utover på 2000-talet, og fleire i 2014 enn i 1995. Fleire enn på lang tid sa i 2014 at dei helst skreiv nynorsk privat, og auken var særleg stor på Vestlandet, der nynorskbrukarane utgjorde ein like stor del av innbyggjarane i vekstfylket Rogaland i 2014 som ti år tidlegare (tabell 7.2.14).

Svaralternativet «begge delar» var aldri med i valundersøkingane. Svara i desse undersøkingane frå 1990- og 2000-talet viser likevel den same tendensen som dei store undersøkingane 1995–2005 (tabell 7.2.5, 7.2.6, 7.2.7 og 7.2.8). Nynorskbrukarane flata i desse undersøkingane etter kvart ut kring ti prosent.

Omrekna til absolutte tal gir 2014-undersøkinga 598 000 nynorskbrukarar (tabell 7.2.14). Av desse bruker 240 000 både nynorsk og bokmål. Dette stemmer godt med ulike anslag på ulike grunnlag. To av tre nynorskbrukarar budde på Vestlandet. Hordaland var størst med 154 000, Møre og Romsdal hadde 92 000, Rogaland 85 000 og Sogn og Fjordane 66 000. I hovudstaden budde det 42 000 nynorskbrukarar. I aldersgruppe 45–65 år brukte 176 000 nynorsk. Det same gjorde 162 000 i aldersgruppa 30–45 år og 131 000 som var 15–30 år gamle. Den eldste gruppa var den minste: 122 000 av dei over 65 år brukte nynorsk. Halvparten av nynorskbrukarane var altså mellom 15 og 45 år gamle i 2014.

Bruken av nynorsk, bokmål og dialekt blei kartlagd nasjonalt i både 2012 og 2013 (tabell 7.2.11 og 7.2.12). Det same spørsmålet blei stilt begge åra, før og etter Språkåret 2013, og handla om kor mykje dialekt folk brukte når dei skreiv. Tendensen var den same begge åra, og undersøkingane kan reknast som pålitelege. To av tre svara at dei heilt eller delvis ikkje brukte dialekt. Ein av fire brukte dialekt i sms-meldingar og ein av ti i sosiale medium. Skilnadene var små mellom kvinner og menn, mange fleire unge enn eldre skreiv dialekt, og det var ein viss tendens til at dei med lite utdanning skreiv meir dialekt enn dei med høgare utdanning. Den største skilnaden var geografisk. Åtte av ti i Oslo svara at dei ikkje skreiv dialekt, mot fem av ti på Vestlandet og fire av ti i Nord-Noreg.

Vestlendingane var midt på treet i dialektbruken sin både i 2012 og 2013. Ei meir avgrensa undersøking hos elevar i fem vidaregåande skular på Vestlandet i 2014. Der svara 119 av 142 at dei skreiv dialekt på Facebook (tabell 7.2.13). Av desse brukte 91 dialekt på Snapchat og 24 på Twitter. For andre digitale medium var tala små.

Denne tendensen kunne sporast alt i 1990-åra. Av 48 ungdomsskuleelevar i Volda svara 25 at dei privat skreiv dialekt, medan 18 skreiv nynorsk og 5 bokmål (tabell 7.5.5). Undersøkinga er lita, men tendensane finst også i anna materiale. Det ser altså ut til at digitale medium ikkje skapte nokon ny skrivetradisjon, men at dei private skriftvanane blei overførte til desse formata (sjå kapittel 13.6).

Dei nyare, store undersøkingane synte at nynorskbrukarane er sette saman av to grupper: Dei som berre bruker nynorsk i privat skrift, og dei som bruker begge språka. Forholdet mellom desse gruppene er om lag 60–40 i dei fire undersøkingane. Mange av dei som bruker begge språka, her kalla blandabrukarar, er mest truleg nynorskbrukarar som har flytta til byane og bruker bokmål i arbeidsdagen og kanskje i ein del urbane samanhengar. I 2005 svara 7,5 prosent at dei helst brukte nynorsk privat, og 5,5 prosent svara at dei like gjerne brukte bokmål som nynorsk. Tilsvarande tal ti år tidlegare var 7,4 prosent og 5,0 prosent

Omrekna til absolutte tal gav dette om lag 350 000 absolutte nynorskbrukarar og om lag 225 000 blandabrukarar kring 2005. Regjeringa Stoltenberg II la i 2008 til grunn at der var om lag 600 000 nynorskbrukarar i Noreg. Det reknestykket bygde på undersøkinga frå 2005.¹¹⁴ I tiåret 2005–2014 auka folketalet med nær 600 000. Sjølv om nynorskprosenten gjekk ned i grunnskulen i det same tidsrommet, tilseier ei rekkje undersøkingar at det er rimeleg å gå ut frå at om lag 600 000 nordmenn var nynorskbrukarar privat i 2015 – 360 000 absolutte nynorskbrukarar og 240 000 blandabrukarar (tabell 7.2.14).

Tal frå Finland set den norske situasjonen i relieff. I Finland er om lag fem prosent svenskspråklege, men ti prosent er reelt tospråklege, og tre av fire svenskspråklege er tospråklege.¹¹⁵ Skilnaden er at nynorsk og bokmål er to gjensidig forståeleg språk, og det er ikkje svensk og finsk.

Der skjer ei sosial demokratisering gjennom språket.

2005-undersøkinga syner at nynorskbrukarane er færre i den yrkesaktive generasjonen 30–59 år enn blant dei yngre og dei eldre (tabell 7.2.8). Blant dei yrkesaktive utgjer nynorskbrukarane ein noko lågare del i privat sektor enn i offentleg sektor, men skilnaden er liten og ligg innanfor den statistiske feilmarginen.

Med dei stillingskrava som mange i offentleg sektor har om å kunne bruke begge språka, var det rimeleg å rekne med at her er det også særleg mange som gjerne vekslar mellom språka privat. Det er det ikkje. I offentleg sektor er det uventa få som like gjerne bruker nynorsk som bokmål.

Der er tydeleg fleire nynorskbrukarar blant dei med lite utdanning enn blant dei med mykje. Tala tyder også på at noko fleire av dei med lite utdanning enn dei med mykje utdanning vekslar mellom bruken av nynorsk og bokmål. Årsaka er truleg at dei er språkleg usikre og ikkje har fått noko eintydig fotfeste i den språkdelte norske skriftkulturen.

Økonomisk er nynorskbrukaren gjennomsnittsmenneske. Med stigande inntekt blir det færre nynorskbrukarar. Dette verkar nok sterkt inn på den sosiale posisjonen nynorsk har i samfunnet. Den erklærte uviljen og motstanden mot nynorsk i store elevgrupper bør analyserast også i lys av slike økonomiske skilnader.

Det er ein svak tendens til at fleire kvinner enn menn bruker nynorsk privat og at nynorskbrukarane utgjer ein større del i dei eldre aldersgruppene enn i dei yngre. Di meir utdanning ein person har, di meir sannsynleg er det at vedkomande bruker bokmål. Utbygginga av det moderne kunnskapssamfunnet dreg her i stikk motsette retningar: Auka utdanning aukar på somme punkt den språklege og kulturelle toleransen, men endrar også den individuelle språkbruken (sjå kapittel 5.1). Viss auka utdanning gjer den enkelte til ein sikrare språkbrukar, inneber dette ein tydeleg fare for at fleire nynorskbrukarar er språkleg usikre mellom anna fordi fleire av dei har lågare formell utdanning. Ein svak tendens til at noko fleire med låg utdanning enn med høg utdanning like gjerne bruker bokmål som nynorsk, understrekar dette.

Mange har utdanna seg bort frå bruk av nynorsk som skriftspråk. Tendensen er eintydig: Di høgare utdanning, di fleire bokmålsbrukarar. Såleis har talet på nynorskbrukarar i heile etterkrigstida vore høgare i skulen enn blant dei vaksne. Det kan altså sjå ut til at lengre utdanning fører til at færre bruker nynorsk. Grunnen kan også vere at ein del av dei eldre nynorskbrukarane har mindre utdanning enn bokmålsbrukarane i same aldersgrupper, og bokmålsbrukarane har høgare inntekt.

Dei sosiale skilnadene mellom bokmål og nynorsk er små, men tydelege. Nynorsk er ikkje noko sosialt eller økonomisk overklasse- og elitespråk. To yrkesgrupper skil seg ut: Så mykje som kvar fjerde bonde eller fiskar bruker nynorsk privat. Denne sosiale fordelinga av nynorskbrukarane er svært stabil; når talet på bønder har gått ned, har det svekt nynorsken. Nynorskbrukarane gjer mest av seg på dei mindre glamorøse stadene i samfunnet.

 

7.3 Sjølvmeldingar

I fleire tiår har om lag ti prosent av alle nordmenn levert sjølvmeldingane sine på nynorsk. Blant næringsdrivande er det endå fleire som bruker nynorsk.

Ein tidleg dokumentasjon av nordmenns språklege sjølvbilete skriv seg frå 1978. Då var det framleis slik at Postgirokontoret trykte blankettar og katalogar på nynorsk og bokmål, og kontohavarane blei bedne om å krysse av for ønskt språk. Av dei 258 000 kontohavarane i 1978 ville 9,1 prosent ha trykksakene på nynorsk, 90,0 prosent på bokmål.¹¹⁶

Det er ikkje alltid like viktig for folk kvar nynorsken blir brukt. Det har meir å seie med nynorsk i kyrkja enn i formelle samanhengar som sjølvmeldinga. I 2004 leverte nordmenn 3,6 millionar sjølvmeldingar (tabell 7.3.1). 385 000 eller 11 prosent av desse var på nynorsk. I 2013 brukte 10 prosent nynorsk i sjølvmeldingane sine. Målt i absolutte tal stemmer dette ganske godt med dei tala som kjem ut av undersøkingar om kva skriftspråk folk helst bruker privat (sjå kapittel 7.1).

Overraskinga ligg i skiljet mellom næringsdrivande på den eine sida og lønsmottakarar og pensjonistar på den andre (tabell 7.3.2). 14 prosent av sjølvmeldingane frå næringsdrivande var på nynorsk i 2004, mot 10 prosent frå privatpersonar. Det var altså ein større del av næringsdrivande enn av personlege skatteytarar som då brukte nynorsk.

Dette blei første gongen dokumentert i Nynorsk faktabok 2005. Funna går på tvers av ein hypotese i Nynorsk faktabok 1998 om at høvesvis fleire personlege skatteytarar enn næringsdrivande nyttar nynorsk. Éin viktig grunn til at det likevel ikkje er slik, kan vere at det gjerne er rekneskapskontor som fyller ut oppgåvene frå næringsdrivande. I så fall vil det seie at rekneskapskontora er ei viktig gruppe av nynorskbrukarar i næringslivet.

 

7.4 Verne- og sesjonspliktige

Like sidan 1947 er verne- og sesjonspliktige spurde om sitt eige førstespråk. Inga anna gruppe er så nøye kartlagd også språkleg.

Bruken av nynorsk og bokmål hos dei vernepliktige følgjer ganske nøye dei endringane som blir viste gjennom dei allmenne spørjeundersøkingane, men med eit raskare fall ned mot 10 prosent (tabell 7.4.1). I 1953 svara 24 prosent av dei vernepliktige at dei brukte nynorsk. Alt frå midten av 1960-åra var om lag 10 prosent av dei vernepliktige nynorskbrukarar. Den viktigare endringa etter dette er at dei som i 1960- og 1970-åra stilte seg nøytrale i dette språkspørsmålet, frå 1990-åra er heilt borte. Skiftet kring 1990 er såpass markert at kanskje spørsmålsstillinga eller metoden då blei endra.

I 2004 kom det nynorskbrukande vernepliktige frå alle fylke og frå 39 prosent av alle kommunane i landet. Ein nærstudie frå 2008 av vernepliktige i nynorskkommunane viser store variasjonar kommunane imellom, men mange av tala er for små til at nokon utførleg analyse gir meining (tabell 7.4.7). Regionalt har fordelinga mellom nynorsk- og bokmålsbrukarar endra seg mykje frå det eine nynorskfylket til neste.

Endringane har vore store i mange fylke frå 1950-åra til i dag. Den overordna tendensen er her som på andre område at bruken av nynorsk utover på 2000-talet var mest stabil og sterkast på delar av Vestlandet. Materialet viser også her at nynorskbrukarane finst i alle fylke.

Sju av ti vernepliktige i Hordaland og Møre og Romsdal brukte nynorsk i 1953 (tabell 7.4.3). Dette er dei eldste tala på fylkesnivå. I 2014 brukte fem av ti i Hordaland nynorsk, og tre av ti i Møre og Romsdal (tabell 7.4.4).

Prosentdelen nynorskbrukarar blei halvert blant dei vernepliktige på Austlandet og i Rogaland på dei fem tiåra frå 1963 til 2014. Utviklinga kan studerast på fylkesnivå for åra 1963, 1964, 2000 og 2004 – dei to sistnemnde åra også på kommunenivå (tabell 7.4.2, 7.4.4, 7.4.5 og 7.4.6). I Hordaland var det store endringar undervegs, men i 2010 og 2014 var prosentdelen nynorskbrukarar større enn i 1964. Også i Sogn og Fjordane brukte fleire av dei sesjonspliktige nynorsk på 2000-talet enn i 1960-åra. Her kan situasjonen i 2010 studerast på kommunenivå (tabell 7.4.7). Pila peika nedover i Møre og Romsdal med eit markert fall på 2000-talet.

Frå og med 2010 ligg det føre data ikkje berre på fylkesnivå, men også med skiljet mellom kvinner og menn (tabell 7.4.10, 7.4.11, 7.4.12 og 7.4.13). Færre kvinner enn menn brukte nynorsk. Tala for 2014 var såleis typiske – åtte prosent av mennene brukte nynorsk, sju prosent av kvinnene. Denne kjønnsskilnaden går att i svært mange undersøkingar; færre unge kvinner enn unge menn bruker nynorsk.

Også i Sogn og Fjordane er der ein slik skilnad, men den er mindre enn i andre delar av landet og må målast i desimalar (tabell 7.4.9). I 2011 brukte 88,6 prosent av sesjonspliktige menn nynorsk, mot 87,1 prosent av kvinnene. I dei andre fylka var prosentdelen nynorskbrukarar mykje mindre, og skilnaden mellom kvinner og menn var på om lag tre prosent.

 

7.5 Språkstabilitet og språkskifte

Dei som blir verande i språket, har eit trygt språkmiljø i skulen, kan bruke det på jobb og i fritid, har tilgjenge til mykje lesestoff på språket, og det er truleg ikkje svært omstridd i lokalsamfunnet. Der må vere mange andre nynorskbrukarar for at mange også skal bli verande.

På 1990-talet låg det føre berre to studiar av språkstabilitet – Sauda kring 1980 og Nord-Gudbrandsdalen i åra 1990–1995. I 2015 var desse supplerte med studiar i fylke som Møre og Romsdal, regionar som Valdres og indre Agder, og kommunar som Volda, Lindås og Nord-Fron. I tillegg er det utført analysar på landsplan av endringane frå 1. til 10. steg i grunnskulen, og frå ungdomsskule til vidaregåande skule. Det finst også materiale som viser endringar frå vidaregåande skule til høgare utdanning (sjå kapittel 10).

Haldningane til språkskifte er dokumenterte i kapittel 5. Praksis viser at ein del av dei som meinte dei kom til å bli verande nynorskbrukarar, nok skifta til bokmål. Årsakene er samansette. Det har å gjere med individuell språkbruk, situasjonen i skulen og haldningar hos så vel enkeltpersonar som større miljø. Under det heile ligg det sosiale hegemoniet det mest brukte språket representerer, som blir forsterka av at bokmål blir særleg mykje brukt i dei samanhengane og på dei arenaene der tenåringar helst vil vere. Heile forklaringa er dette likevel ikkje.

Trass i det nemnde hegemoniet er der ein vesentleg språkstabilitet i delar av nynorskområda. Viss nasjonale arenaer har den same prestisjen i desse områda som i resten av landet, inneber det at tenåringane i desse områda blir eksponerte for nesten like mykje bokmål som elles. Likevel blir mange av dei verande nynorskbrukarar. Kva mekanismar og maktfaktorar som gjer seg gjeldande her, er lite undersøkt.

Problemet språkskifte blei bretta ut i årstale nr. 4 om tilstanden for nynorsk skriftkultur hausten 2004. Etter studiar i tilgjengeleg materiale var konklusjonen at om lag ein tredel av nynorskbrukarane skiftar til bokmål før dei har fylt 20 år, og at dei fleste gjer dette etter avslutta ungdomsskule. Ein annan og like klar tendens er at dei tidlege kulla heldt meir fast ved nynorsken enn det som kan kallast mellomgenerasjonane.

Eit lengdesnitt i tidsrommet 1915–1995 viser at den språklege lekkasjen frå nynorsk til bokmål truleg var på det høgaste i dei årskulla som var fødde 1936–1965 (tabell 7.5.1). På det meste forsvann då seks av ti nynorskbrukarar over til bokmål. Mange av dei som i 1940-åra og 1950-åra blei rekna som nynorskelevar i statistikken, kom drivande på ei fjøl og kvarv i første stryket. Dei var nynorskbrukarar berre på papiret. Det er nok også mest sannsynleg at dei som i vaksen alder står fram som nynorskbrukarar, også var det i skuleåra.

I dei nemnde mellomgenerasjonane er over halvparten av nynorskbrukarane blitt borte (tabell 7.9.2). I så fall blei årskull på om lag 15 000 nynorskbrukarar med tida reduserte til 7500. Rekna i absolutte tal kan dette tyde på at nesten like mange personar frå kvart årskull blir verande nynorskbrukarar i dag som for femti år sidan, trass i at skulemålsprosenten er mykje lågare.

Språkskiftet frå barnesteget til ungdomsskulen har aldri vore stort, men det blei større frå midten av 1990-åra (tabell 7.5.4). I det årskullet som tok til i barneskulen hausten 1995, skifte for første gong to prosent til bokmål i ungdomsskulen. Dette mønsteret har vore stabilt i tiåra etterpå.

I det språkpolitiske ordskiftet har det lenge rådd uvisse om utviklinga i vidaregåande skule. Frå og med 2009 ligg det føre sikre data om kva språk elevane bruker ved avgangseksamen i vg3. Konklusjonar kan trekkjast. Då dei årskulla som tok eksamen i vidaregåande skule 2009–2012, byrja i 1. klasse i grunnskulen, hadde på landsplan 15 prosent av dei nynorsk som hovudmål (tabell 7.5.7). To prosent gjekk over til bokmål innan 10. klasse, og fem prosent til før eksamen i vg3. Om lag halvparten av nynorskbrukarar skiftar dermed til bokmål før dei går ut av vidaregåande skule. vg3. Dette har vore rekna på før, men no er tala trygge.

Denne språklege lekkasjen pregar også Vestlandet, men svært ulikt frå fylke til fylke. Størst er skiftet i Møre og Romsdal. Der går heile 28 prosent frå nynorsk til bokmål – fire prosent i grunnskulen, resten i vidaregåande skule. Minst er endringa i Sogn og Fjordane: to–tre prosent skiftar i grunnskulen, ni–ti prosent i vidaregåande skule.

Den relative stabiliteten er stor frå fylke til fylke (tabell 7.5.8). Ni av ti elevar i Sogn og Fjordane blei verande nynorskbrukarar gjennom grunn- og vidaregåande utdanning. Det same gjaldt fem av ti elevar i Møre og Romsdal og Hordaland, tre av ti i Aust-Agder, to av ti i Rogaland. Lågast var stabilteten i Telemark, Oppland og Vest-Agder.

Noko av det same mønsteret kan lesast ut av tal for endringar på fylkesnivå frå 1. til 10. steg i grunnskulen (tabell 7.5.8). I Nynorsk faktabok 2005 blei for første gong desse skilnadene dokumenterte (tabell 8.5.7). I dei fylka der lekkasjen er stor frå ungdomsskule til vidaregåande skule, er den tendensen synleg alt i overgangen frå barneskule til ungdomsskule. Oversynet for skuleåret 2004/05 synte at få nynorskelevar skifta språk på veg frå barnesteget over i ungdomssteget. Størst var skilnaden nettopp i Oppland, og i Telemark. Det skuleåret hadde 22 prosent av elevane i Oppland nynorsk på barnesteget, mot 19 prosent på ungdomssteget. I skuleåret 2009/10 hadde 21 prosent av barneskuleelevane i Oppland nynorsk, men berre 17 prosent av ungdomsskuleelevane (tabell 8.1.13).

Eit anna tidsbilete viser at 17 prosent av dei elevane som tok til i 1. klasse hausten 1992, brukte nynorsk. Då det same kullet gjekk ut av 10. klasse våren 2002, brukte 16 prosent nynorsk (tabell 7.5.4). For det kullet som går ut av 10. klasse våren 2010, er endringa større. Av dei brukte 15 prosent nynorsk då dei tok til på skulen i 2000. Hausten 2009 brukte 13 prosent av desse nynorsk. Det vil seie at kvar sjuande nynorskelev hadde gått over til bokmål på vegen frå 1. til 10. klasse.

Dette gjer eldre tal ekstra interessante. I gjennomsnitt hadde kvar tredje elev ved vidaregåande skular i Sauda skifta frå nynorsk til bokmål i 1979 (tabell 7.5.2). I 1990-åra var lekkasjen mykje større i Nord-Gudbrandsdalen. Der hadde ni av ti elevar nynorsk i grunnskulen (tabell 7.5.3). På Lom vidaregåande skule brukte derimot berre seks av ti elevar frå Lom og Skjåk nynorsk, og fire av ti frå Vågå. Nærleiken til Otta kan forklare at lekkasjen var større i Vågå enn i dei to andre kommunane.

I 1996 blei meiningar og praksis hos 79 nynorskelevar i 9. klasse i Volda kartlagde (sjå kapittel 5). Gutane følgde heilt andre språkmønster enn jentene (tabell 7.5.5). Gutane skreiv helst nynorsk i brev, dagbøker og på lappar, dei aller fleste jentene skreiv bokmål. I meldingar til skulen skreiv alle mest nynorsk, og på plakatar og på pc-en var skilnadene små mellom gutar og jenter. Det mønsteret som her blei synleg, at jentene skreiv mest dialekt i private samanhengar, har vist seg i mange seinare undersøkingar, og eit par tiår seinare var det blitt vanleg å skrive dialekt privat og i digitale medium (sjå kapittel 13).

I Volda anno 1996 brukte 64 av elevane nynorsk når dei kunne, og 56 trudde dei kom til å skrive mest nynorsk i framtida. Typiske grunnar for å skifte til bokmål var då flytting til bokmålsdominerte område, omsyn til mottakaren, krav i jobben, fleirtalsdominansen til bokmålet, og at «nynorsk er dumt». Det var ein tydeleg tendens til at jentene la meir vekt på å kunne bruke dialekt enn nynorsk, og at jentene jamt over var meir positive til bokmål.

Ti år seinare stilte Nordal på ny spørsmål til dei same elevane. Denne gongen svara 48; av desse budde 20 framleis i Volda eller Ørsta (tabell 7.5.6). Også denne undersøkinga er for lita til å kunne vere representativ, og den språklege praksisen hos dei 31 som ikkje svara, kan vere ein heilt annan enn hos dei som svara. Tendensane er likevel interessante, ikkje minst fordi emnet har vore så lite undersøkt, og den praksis som blei avdekt i 2006, kan jamførast med forventningane ti år tidlegare.

Nesten alle (45 av 48) hadde halde fast ved nynorsk også i vidaregåande skule. Det tyder på at det har mykje å seie kor mykje nynorsk ein er omgitt av i kvardagen også utanfor skule eller arbeid.

Av dei 40 som opplyste om eige språk i høgare utdanning, hadde 29 brukt bokmål i eksamenssvar, 19 nynorsk og ein både nynorsk og bokmål. Resten hadde kombinert på ymse vis. Etter vidaregåande skule hadde altså 25 av 45 gått over frå nynorsk.

Ein tredel brukte nynorsk i arbeidet sitt, ein tredel bokmål, og resten brukte språk i ulike kombinasjonar. Presset for å bruke bokmål som arbeidsspråk var stort. Hadde dei stått fritt til å velje nynorsk eller bokmål på arbeidsplassen, ville 26 brukt nynorsk og 20 bokmål. Sjølv blant dei som budde i Ørsta eller Volda, ville eit fleirtal bruke bokmål i arbeidet.

Privat skreiv 25 dialektprega, 18 skreiv nynorsk og fem bokmål. I 1996 var jentene mest tilpassingsvillige, men i 2006 var det kvinnene som heldt mest fast ved å skrive nynorsk. Både hos menn og kvinner var det likevel dei som skreiv dialektprega som var den største gruppa – 17 av 30 kvinner, 9 av 18 menn.

Dei som på denne måten hadde gått frå nynorsk til bokmål, eller til å bruke begge språka, meistra i prinsippet begge. Den språkkompetansen kan ikkje overvurderast. Det er berre det at ei større undersøking frå 2009 trugar med å grave grunnen unna for dette resonnementet.

Ein liten studie av språk hos ungdomssuleelevar i Volda i 1996 tyder altså på at svært få skifta frå nynorsk til bokmål i vidaregåande skule, men at halvparten gjorde det då dei tok til på høgare utdanning (tabell 7.5.5). Ein større studie av elevar ved vidaregåande skular i Lindås (Nordhordland) og Nord-Fron (Gudbrandsdalen) i 2012 viste stor lekkasje begge stader til bokmål, men likevel større språkstabilitet i Lindås (tabell 7.5.14.). På Vinstra blei fire av ti verande nynorskbrukarar i vidaregåande skule, mot fem av ti i Lindås.

Årsakene til språkskifte er mange. Gjengangarargumentet blant dei elevane i Lindås og Nord-Fron som skifta til bokmål, var at dei likte bokmål betre enn nynorsk (tabell 7.5.15), medan det taktiske argumentet om å få betre karakter var det nest mest brukte argumentet. Utdanningsnivået til foreldra er ingen utslagsgivande faktor i denne prosessen. Iallfall var utslaga små i ei undersøking av språkstabiliteten hos elevar ved fire vidaregåande skular i Møre og Romsdal i 2008 (tabell 7.5.11). Ei undersøking frå 1996 tyder derimot på at dette kan ha ein del å seie for haldningane hos elevane (sjå kapittel 5.8).

Tenåringane som bruker bokmål, er sikrare i språkvalet sitt enn nynorskbrukarane. Slik var i det minste den klare tendensen i ei mindre undersøking hos elevar ved to vidaregåande skular i indre Agder i 2012 (tabell 7.5.16). Der svara sju av ti bokmålsbrukarar at dei var heilt sikre i valet, mot fire av ti nynorskbrukarar. Den klare tendensen til at nynorskbrukarane er reelt tospråklege, kom til uttrykk også her. Svært få bokmålsbrukarar brukte aldri nynorsk i andre fag enn norsk, medan halvparten av nynorskelevane gjorde det (tabell 7.5.17). Ved desse skulane skreiv ein tredel av nynorskelevane mest nynorsk i lengre tekstar, ein tredel skreiv mest bokmål og ein tredel skreiv om lag like mykje på begge språka. Derimot skreiv åtte av ti bokmålsbrukarar mest bokmål i lengre tekstar og berre to av ti om lag like mykje på begge språka. I den grad strategien om å bruke nynorsk i fleire fag enn norsk er etablert, og desse to skulane var representative anno 2012, var det langt att.

Språkbruken hos vidaregåande-elevar i Møre og Romsdal i 2013 skilde seg mykje frå skule til skule. Tre av fire ved Molde vidaregåande og fem av ti ved Fagerlia i Ålesund hadde alltid brukt bokmål, og ni av ti i Volda hadde alltid brukt nynorsk (tabell 7.5.19). I Molde hadde to av ti skifta frå nynorsk til bokmål ved Fagerlia tre av ti. Dei fleste av dei som alltid hadde brukt nynorsk, kom frå kommunar med nynorsk tenestemål (tabell 7.5.20). Dei som skifta, gjorde det helst i vidaregåande skule, men så mykje som ein av fire svara at dei hadde gjort det i ungdomsskulen (tabell 7.5.21).

Ein har gjerne rekna med at den språklege lekkasjen av nynorskbrukarar har vore større på yrkesførebuande enn studieførebuande program. Den tidlegare skarpe skilnaden mellom teoretisk og praktisk vidaregåande utdanning viste att i spørsmålet om språkleg lekkasje slik tilfellet har vore i Sauda (tabell 7.5.2). Der var det mange fleire som skifta til bokmål av dei som tok praktisk utdanning enn av dei som tok teoretisk utdanning. I 1996 var mange fleire elevar på allmennfag enn i yrkesfag positive til nynorsk (tabell 5.8.2). Skiljet mellom yrkes- og studieførebuande program er der framleis, men det er lite. På nasjonalt nivå finst berre tal for dei som kjem frå yrkesførebuande program og tek påbyggingskurs i vg3. I åra 2013–2015 var det ein noko større del som brukte nynorsk ved eksamen i studieførebuande program enn i allmenn påbygging (tabell 9.1.2 og 9.1.3).

Den vesle desimalskilnaden er interessant og har sitt unntak i Hordaland. Dette er det einaste fylket der prosentdelen nynorskelevar er større på påbyggingskurset enn for dei som har følgt det studieførebuande programmet. Skilnaden er så stor at den slår ut nasjonalt. Mykje må undersøkjast for å kunne forklare dette, og sjølv om det trengst tal for fleire år, dreiar det seg neppe om eit tilfeldig blaff. Så store skilnader i språkbruk oppstår ikkje frå eitt år til neste. Mest truleg ligg den viktigaste forklaringa i næringslivet og næringsstruktur. Både Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har eit desentralisert næringsliv. Likevel kan det sjå ut til at det desentraliserte næringslivet er kopla sterkare til sterke, regionale nynorsktradisjonar i Hordaland enn i dei to fylka, og at dette gjer det lettare for ein del nynorskbrukarar å halde på språket. Årsakssamanhengen er ikkje opplagd, og er det noko det er språk- og sosialpolitisk viktig å finne ut meir om, er det dette.

Noko av språkskiftet må reknast som taktisk skifte ved eksamen. Det er kjent at ein del nynorskelevar i vidaregåande skule melder seg opp til eksamen med bokmål som hovudmål, slik at dei er sikra gode karakterar både i hovudmål og sidemål. Ingen veit kor mange som gjer dette, men det var openbert lite av slike språktaktiske skifte ved Firda vidaregåande skule både i 2004 og 2010. Det vitnar om ein skule som skaper språkleg tryggleik.

Tenåringane ved Firda vidaregåande skule i 2010 hadde to munnlege språk – sin eigen dialekt og eit såkalla blandingsspråk (tabell 5.8.16). Til familie og kjende brukte dei med få unntak sin eigen dialekt, medan dei til venene i større grad brukte blandingsspråket. Undersøkinga stadfestar at dialektane i fylket har høg status blant unge.

For den vidare bruken av nynorsk er det svært positivt at ni av ti Firda-elevar likte godt eller svært godt å skrive nynorsk, og at dei likte betre å skrive nynorsk enn engelsk, sjølv om svært mange av dei gjerne også skriv engelsk. I ei nasjonal undersøking i 2006 svara seks av ti nynorskelevar i vidaregåande skule at dei i ganske stor eller i stor grad likte å skrive nynorsk (tabell 5.6.6).

Alt dette viser at dagens 19-åringar handterer mange språk og språkvariantar alt etter høve og sjanger. Dei gjer det på anna vis i Nordfjord enn i Valdres. Haldningar og praksis hos Firda-elevane i 2010 kan jamførast med ei tilsvarande undersøking ved Fagernes vidaregåande skule året før.

I Valdres kjem språkskiftet tidleg. I 2009 svara alle dei 414 elevane ved Valdres vidaregåande skule på ei rekkje spørsmål om bruk av nynorsk og bokmål. 65 prosent av dei hadde hatt nynorsk som hovudmål i barneskulen (tabell 7.5.12). Alt i ungdomsskulen hadde berre 41 prosent av dei nynorsk, og då dei tok til i vidaregåande skule, hadde berre 21 prosent av elevane nynorsk som hovudmål. Berre eit par prosent sa dei brukte begge språka.

Elevane kom i hovudsak frå seks kommunar i Valdres. Dei språklege skilnadene mellom kommunane var store (tabell 7.5.13). Nesten halvparten av elevane som svara, kom frå dei to kommunane Nord- og Sør-Aurdal. Eit knapt fleirtal av desse hadde hatt nynorsk på barneskulen. Berre 11 prosent av elevane frå Nord- og Sør-Aurdal hadde nynorsk som hovudmål også då dei tok til på Valdres vidaregåande skule. Det hadde derimot nesten halvparten av elevane frå Etnedal (48 prosent), Vestre Slidre (46 prosent) og Vang (41 prosent).

Overgangen til bokmål var størst i dei språkdelte kommunane, og det var fleire jenter eller gutar som hadde meldt overgang til bokmål. Nesten halvparten av språkskiftarane grunngav dette med at bokmål var lettare for dei. Det kan ha med meistring å gjere, men det har nok også med det samla språkdelte miljøet i dalføret. Den språklege lekkasjen til bokmål har ikkje å gjere med innflytting, for sju av ti elevar med nynorsk i barneskulen hadde begge foreldra sine frå Valdres. Derimot seier ikkje undersøkinga noko om språket til foreldra.

Nesten alt som var stabilt over tid hos Firda-elevane, endra seg mykje hos Fagernes-elevane. 65 prosent av dei hadde hatt nynorsk som hovudmål i barneskulen. I ungdomsskulen hadde 41 prosent av elevane nynorsk, og då dei tok til i vidaregåande skule, hadde berre 21 prosent av dei nynorsk som hovudmål. Einast eit par prosent sa dei brukte begge språka.

Hovudtendensen er framleis at den språklege lekkasjen frå nynorsk til bokmål slår inn med størst kraft først etter ungdomsskulen. Undersøkinga frå Valdres gir likevel grunn til å tru at der nynorsken er under press utanfor skulen, kan dette språkskiftet kome tidlegare. Utviklinga i Trøndelag på 1960- og 70-talet kan tene som eit varsku om kva prosessar som no gjer seg gjeldande i Valdres, Hallingdal og delar av Telemark.

Gjennom det meste av 1900-talet har der altså vore ein språkleg lekkasje frå nynorsk til bokmål i Noreg. Dette gjer ein del av nynorskbrukarane tospråklege ved at dei tek vare på kompetansen i nynorsk. Deira samla språkkompetanse er dermed større enn hos mange andre. Likevel er det tydeleg at dei fleste av desse etter kvart bruker mindre nynorsk.

Sogn og Fjordane står for sin del endå sterkare som nynorskfylke jamført med resten av landet ved utgangen av vidaregåande skule enn ved inngangen til grunnskulen. Her dreiar det seg om grunnfjell av granitt. Også slikt kan slå sprekker. Førebels er sprekkene ganske små, men det ville vere klokt å rekne med at lekkasjen aukar viss særskilde tiltak ikkje blir sette inn.

 

7.6 Lesing

Vi veit ganske mykje om forholdet mellom nynorsk og bokmål i digitale medium, radio, fjernsyn, aviser og bøker. Den faktiske lesinga er derimot ein ganske kvit flekk på kartet.

I leseverk for ungdomsskulen varierer forholdet mellom nynorsk og bokmål meir enn ein skulle vente ut frå læreplanen (tabell 7.6.1). Blant dei leseverka som var i bruk kring 2006, var forholdet skeivast i boka Kontekst frå Gyldendal og jamnast i det språkdelte leseverket Frå saga til CD frå Fag og Kultur. Verket Neon frå Samlaget plasserte seg midt på treet.

I 2006 blei 4000 elevar i ungdomsskular og vidaregåande skular spurde om sitt syn på det å lese og skrive nynorsk og bokmål. Saman med ei rekkje andre undersøkingar gir dette god kunnskap om haldningane hos elevane (sjå kapittel 5.6). Praksis viste at bokmålselevane las lite aviser og teikneseriar på nynorsk og mest dikt (tabell 7.6.2). Dette lesemønsteret var ganske likt i 10. steg i ungdomsskulen og i vg1. Det gir ein svært skeiv inngang til ein heil skriftkultur. Berre vel halvparten sa at dei hadde lese noko på nynorsk i skulebøkene. Ein mykje større del av nynorskelevane las i eit omvendt mønster – flest las bokmål i aviser og teineseriar, noko færre i skjønnlitterær form. Jamt over las nesten ein like stor del av nynorskelevane tekstar på bokmål som bokmålselevane gjorde.

Slik reproduserer skulen den språklege ulikskapen.

To år seinare blei dette mønsteret også stadfesta når det gjeld frekvens. Vidaregåande-elevar i Møre og Romsdal las mykje oftare tekstar på nynorsk enn bokmålselevane gjorde – 28 prosent av nynorskelevane las nynorsk så å seie kvar dag, medan 25 prosent av bokmålselevane så godt som aldri las nynorsk (tabell 7.6.3). Det dei las på nynorsk oftast var stoff på skulen og i avisene (tabell 7.6.4). I populære format som dataspel, Internett og teikneseriar las dei fleste nokså sjeldan eller svært sjeldan noko på nynorsk.

Rekna i tidsbruk las ungdomsskuleelevar i Trondheim i 2009 mest tekst på tv, i lekse og på Internett (tabell 7.6.5). Same året las ungdomssuleelevar på Sunnmøre mest i lekser og på Internett. Skilnadene var ganske store mellom dei seks skulane som var med i undersøkinga. Det var dei også når det kom til språk i lesestoffet til desse elevane. Sunnmøringane las mykje meir nynorsk i aviser og bøker enn trønderane, medan det var lite nynorsk å finne på Internett og i dataspel.

Konklusjonen er ikkje til å kome utanom etter alle desse undersøkingane: For bokmålselevane er nynorsk eit språk dei møter mest i dikt og skulebøker. For nynorskelevane er nynorsk eit språk dei møter minst i dei formata som dei liker best.

 

7.9 Historisk statistikk

Den seinare profilerte og omstridde offiseren Edvard Os arbeide kring 1910 sterkt for å få nynorsk i bruk på mange område, Forsvaret medrekna. Soldatens bok kom i nynorsk parallellutgåve som Hermannsboki frå 1913, og i 1914 fekk Os kartlagt kor mange av rekruttane som tok med seg nynorsk- eller bokmålsutgåvene (tabell 7.9.1). Den samla rekruttstyrken var det året på om lag 16 000. Språkvalet til om 6500 blei kartlagt, og av dei valde 21 prosent nynorskutgåva. Er tala representative for heile landet, er det ein uvanleg høg prosentdel for eit kull der nok færre enn 10 prosent hadde hatt nynorsk som opplæringsspråk i skulen (tabell 8.1.1). Sjansen er difor stor for at undersøkinga gjeld utvalde delar av landet.

Tenåringars skriftspråk i Sauda anno 1979 var prega av normert skrift (tabell 7.9.3). 14 av 81 ungdomsskuleelevar brukte dialekt, mot 20 av 136 av dei vidaregåande elevane, altså om lag 15 prosent. Det kan ha med skulesituasjonen å gjere, men det kan også vere eit uttrykk for at dialektbølgja ikkje hadde rulla inn fjorden enno. Kombinasjonen nynorsk + bokmål dominerte på begge utdanningsnivåa, men det er god grunn til å merke seg at det berre ved elevar med nynorsk som førstespråk som sa at dei brukte dialekt i ungdomsskulen, og svært få av dei som hadde bokmål som førstespråk i vidaregåande.

Eit reknestykke viser dynamikken i denne språkbruken. Mellom 800 000 og 850 000 nordmenn vil få, har eller har hatt nynorsk som hovudmål, skreiv sosialøkonomen Asbjørn Torvanger i 1985 (tabell 7.9.4). Han hadde kombinert folketalsdata for personar fødde mellom 1917 og 1976 med døyingstal og eksisterande data om skulemål, altså personar i alderen 9–68 år i 1985. Ut frå dette kom han fram til at om lag 850 000 personar som var i live i 1985, hadde hatt nynorsk som hovudmål.

For første gong var nynorskbrukarane skilde ut kvantitativt, ikkje etnisk, og definerte, talfesta og skriftfesta. Kvar femte nordmann frå skulepliktig alder og oppover hadde nynorskbakgrunn i 1985. Langt frå alle var då framleis nynorskbrukarar, men dei hadde alle saman hatt dette som sitt språk i skulen og brukt nynorsk i kortare eller lengre tid i liva sine.

Til den 12. og siste årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur gjorde Asbjørn Torvanger reknestykket på nytt, med same metoden. Som i 1985 hadde Torvanger delt elevane i grunnskulen inn i grupper etter fødselsår, eller kohortar. Alle personar fødde mellom 1917 og 2005 var delte inn i 11 slike grupper. Vidare klargjorde han overlevingsraten, altså kor stor del av kvar gruppe som framleis lever på eit framtidig tidspunkt, ut frå eit gjennomsnitt for kvinner og menn. Med dette på plass kunne han estimere samla tal på nynorskbrukarar i eit år ut frå talet på nynorskelevar i kvar gruppe, multiplisere med overlevingsraten fram til dette året og så summere alle dei 11 gruppene. Til dette kom dei som er fødde før eller etter desse gruppene

Dei 850 000 menneska anno 1985 var i 2011 blitt til 780 000. I 2011 levde det altså som venta noko færre nordmenn med nynorskbakgrunn enn tilfellet var i 1985. Den gongen hadde kvar femte nordmann ein slik språkleg bakgrunn, i 2011 godt og vel kvar sjette. Når tala blir korrigerte for den språklege lekkasjen til bokmål, blir konklusjonen at nynorskbrukarane er blitt færre, men framleis er mange.

Ny kunnskap om overlevingsratane gjorde det aktuelt for Torvanger å justere reknestykket for 1985. Nordmenn med nynorskbakgrunn fødde mellom 1917 og 1985 blei i 1985 rekna til 690 000, men må ut frå nye data korrigerast til 646 000. Dei som i 2011 var fødde mellom 1917 og 2005, utgjorde 737 000. Dei som var fødde før 1917 eller etter 1985, utgjorde 160 000 i 1985 og 43 000 i 2011. Medrekna korrigeringa frå 2011 vil dette seie at det i 1985 levde 646 000 + 160 000 nordmenn med nynorskbakgrunn, altså 806 000, medan det i 2011 levde 737 000 + 43 000, altså 780 000. Same korleis ein reknar, var det færre nordmenn med nynorskbakgrunn i 2011 enn i 1985.

Tala stadfestar resultata i fleire store spørjeundersøkingar mellom 1995 og 2014. Ved fire høve svara mellom 12,4 og 14,2 prosent at dei privat helst skreiv nynorsk eller både bokmål og nynorsk. Det talet Torvanger rekna seg fram til for 2011, 780 000, svarar til 15,7 prosent av det samla folketalet.

Om lag 800 000 har altså hatt eller vil få nynorsk i skulen. Minst 200 000 av dei brukte lite eller ingen ting nynorsk i 2011.

Nynorskbrukarane har vore fleire enn offentleg språkpolitikk har føresett og er blitt færre enn den same språkpolitikken har greidd å hindre. Somme har nok teke avstand frå si eiga språklege fortid, men mange lever i det tospråklege grenselandet i den språkdelte norske kulturen.

Tospråklegheit er ikkje noko vi får, men noko vi har, seier språkforskaren Trond Trosterud. Spørsmålet er, legg han til, kva vi får når vi har tospråklegheit.¹¹⁷ Det tydelegaste svaret har kome frå ein annan språkforskar, Øystein A. Vangsnes: «Tospråklegheit i kva språk det måtte vera, gir born ei rekkje språklege fortrinn og nokre spesifikke ikkje-språklege fortrinn som gjer dei betre rusta til å tenkja og handla i kvardagslege situasjonar.»¹¹⁸ Utrekninga frå Asbjørn Torvanger fortel i tillegg at det norske samfunnet mellom anna får jamt fleire som ein gong var einspråklege nynorskbrukarar, men som med tida blei tospråklege bokmålsbrukarar. Dei har ein språkleg fordel.

Dette seier likevel lite om kor mange av desse som er blitt verande nynorskbrukarar. Mykje tyder på at kvar tredje tidlegare, no kvar fjerde, nynorskbrukar skiftar til bokmål før vedkomande går ut i arbeidslivet. I reknestykket ovanfor utgjer desse minst 250 000 menneske. Når desse er rekna frå, sit vi også der att med noko under 600 000 nynorskbrukarar. Dei seinare spørjeundersøkingane stadfestar langt på veg Torvangers analyse.

Språkbarometer har vore eit formidlingsgrep i dette dokumentasjonsarbeid like frå Nynorsk faktabok 1998. Metaforen var vald for å framheve at det handlar om press og trykk mot bruk, ikkje om temperatur i ein debatt.

Det aller første barometeret som blei laga, viste situasjonen i 1995 for individuell og institusjonell bruk av nynorsk (tabell 7.9.5). Denne framstillinga blei oppdatert i 2004 (tabell 7.9.6). Til Språkfakta 2010 blei barometeret utvida (tabell 7.9.7). Det nye barometeret var todelt, med endringar og utviklingstrekk i bruken av nynorsk og bokmål, og tilsvarande for andre språk i Noreg, først og fremst engelsk, samisk og historiske minoritetsspråk. Av 31 utvalde variablar viste 10 at situasjonen var stabil for nynorsk, 10 markerte auke og 11 nedgang. «Ingen av endringane er dramatiske; norsk skriftkultur er tungt etablert og institusjonalisert i samfunnet. Det kjem både nynorsk og bokmål til gode», var konklusjonen i 2010.

Til Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012 i 2012 blei det laga eit gjerde språkbarometer, no med ei jamføring mellom Sogn og Fjordane og Noreg (tabell 7.9.8). På dei aller fleste områda låg fylket høgt oppe i nynorskbruk, landet sett under eitt var derimot spreidd med retning nedre del av barometeret.

 

Tema: tre generasjonar nynorskbrukarar

Mykje av den grunnleggjande leseopplæringa har vore institusjonalisert i skule og kyrkje. Bibelen, Nytestamente og lærebøker har vore inngangsdøra til leseverda for mange. Det som ikkje har vore undersøkt, er kva som har prega tilbodet for den frivillige, individuelle lesinga der kvar og ein gjer sine val. Meir presist: Kva har dei unge nynorskbrukarane hatt å velje mellom i dei tiåra då det moderne forbrukarsamfunnet blei bygt ut? Eit gruppeportrett av tre ulike tiår viser tydelege endringar og éin konstant.

I 1950-åra brukte mellom 20 og 25 prosent av innbyggjarane i landet nynorsk. I absolutte tal vil det seie om lag 750 000 nynorskbrukarar. Den som voks opp i Noreg i 1950-åra, møtte først og fremst sitt eige språk heime i familien. I radio kunne ein tenåring høyre i gjennomsnitt ein time program på nynorsk kvar dag. Det kom om lag 150 nye bøker på nynorsk i året, ingen allmenne riksaviser var redigerte på nynorsk, men var tenåringen heldig, budde ho i eit område der ei av godt og vel 30 lokalaviser på nynorsk kom ut nokre dagar i veka. Grammofonplater med songtekstar på nynorsk var knapt å få kjøpt.

I 1980-åra brukte om lag 11 prosent av innbyggjarane nynorsk. Dei 750 000 i 1950 var no blitt til 450 000 utanom dei som brukte nynorsk og bokmål om lag like mykje, men som ingen kartla den gongen. Både dei og alle andre nordmenn kunne høyre to timar nynorskprogram i radio kvar dag, og sjå ein time med nynorsk på tv. Dette var altså vesentleg meir enn tilbodet ein generasjon tidlegare. No kom det ut om lag 60 aviser som var redigerte på nynorsk, ei av dei var riksavis. Spreiinga av desse gjorde det sannsynleg at mange fleire av nynorskbrukarane i 1980-åra enn i 1950-åra hadde tilgang på ei nynorsk avis, lita eller stor, men sjeldan kvar dag i veka. No hadde dei også tilgang til ei allmenn riksavis på nynorsk ein gong i veka. Kvart år kom det ut om lag 400 bøker og småskrifter på nynorsk. Til skilnad frå 1950-åra kunne tenåringane no velje mellom om lag 50 grammofonplater på nynorsk eller dialekt.

På 2010-talet brukte fleire nordmenn nynorsk privat enn før, og nynorskbrukarane utgjorde då om lag 600 000. Den bratte nedgangen frå 1950-åra hadde flata ut, og ein auke kunne registrerast. No kom det ut 66 riks- og lokalaviser som var redigerte på nynorsk eller både nynorsk og bokmål, og fleire dagsaviser med riksdekning brukte dagleg også nynorsk som redaksjonelt språk. Den nynorske riksavisa heldt fram i same omfang som nokre tiår tidlegare, og mengda av nye bøker på nynorsk var uendra. Kvart år kom det ut om lag 650 bøker på nynorsk. Det nye var at mengder av dokument på nynorsk var tilgjengelege på Internett, saman med eit ukjent tal musikkfiler med tekstar på nynorsk eller dialekt.

I 2015 var det mykje meir sannsynleg at ein nynorskbrukar såg eller høyrde sitt eige språk dagleg enn i 1950-åra. Meir usikkert var det om ein nynorskbrukar lettare og oftare møtte andre nynorskbrukarar enn for 60–70 år sidan. I dette lange tidsrommet blei brukarane færre, men tilbodet auka både i mengd og breidd.

Slik er valfridomen på norsk.

 

Perspektiv: frå nasjonalromantikk til modernisering

Prosjektet nynorsk var ein av dei store tankane på 1800-talet, forma av sterke impulsar frå opplysningstida på 1700-talet. Det prosjektet blei sett ut i livet samstundes som den norske samfunnet tok til å bli gjennomorganisert, den folkevalde makta blei avklara, ein sterk stat blei utvikla, og interessemotsetnadene mellom arbeid og kapital blei balanserte og formaliserte. Historia om dette er blitt skriven på fleire måtar.

Bode statsvitskap, historie og andre fagmiljø har over tid skrive nye forteljingar om Noreg. Det som først var heroisk nasjonalromantikk, blei etter kvart til nasjonsbygging før nye kapittel om modernisering kom til.

Norsk språk allment blei skrive inn i desse grunnforteljingane, og det forma seg eit mønster der bokmålsskrivande forskarar heldt nynorsk fast i ei nasjonalromantisk forståing. Nynorskskrivande søkte mot andre perspektiv, festa seg ved det sosiale fenomenet skriftkultur og skreiv frå 1990-åra nynorsk jamt oftare inn i forteljingar om modernitet, modernisering og demokratisering. Med større tyngd i skriftene om modernisering blei omgrepet etter kvart historisk prega og ganske marginalt, men det spelte ei viktig rolle i fleire tiår.

I den unge statsvitskapen blei «motkultur» den viktigaste merkelappen for nynorsk skriftkultur, gjerne kopla til ei forteljing om nasjonsbygging. Noreg var gjennom ein fase med nasjonsbygging frå midten av 1800-talet til langt inn i 1950- og 60-åra. Institusjonar skulle etablerast, lov- og regelverk formast, velferdsstaten utviklast og ein mest mogleg felles kultur formast.

Før eller seinare går ein stat som regel gjennom ei slik nasjonsbygging. Med nasjonsbygginga følgjer gjerne ideen om den eittspråklege staten. Kvar stat skal ha eitt offisielt språk. Det har vore norma. Praksis har vore annleis. Den klassiske norske språkstriden som tok til i 1850-åra, blei etter kvart eit spørsmål om kva for eit språk som skulle vere språket i nasjonalstaten Noreg. Tanken om det tospråklege eller fleirspråklege samfunnet var fjern både for begge sider i striden. Dette gjekk også ut over forståinga for verdien av urfolksspråket samisk og historiske minoritetsspråk som kvensk.

Utover på 1900-talet tok moderniseringa gradvis over for nasjonsbygginga i Noreg. Med modernisering følgjer gjerne andre normer. Særleg ideen om den eittspråklege staten står då for fall. I Noreg skjedde dette samstundes med at den nye innvandringa tok til i midten av 1960-åra. Kulturelt og språkleg mangfald var ikkje enkelt å integrere i den store forteljinga om nasjonsbygging. Tidlegare hadde dei fleste innvandrarane kome frå grannelanda eller andre vesteuropeiske land. No kom det innvandrarar med heilt andre kulturelle referansar. Det norske samfunnet har brukt nokre tiår på å omstille seg til den nye fleirkulturelle situasjonen.

Utover på 2000-talet gjekk tida for ideen om det eittspråklege Noreg ut. Kva skjer når røynslene som fleirspråkleg samfunn frå gamalt av blir kopla til dei språklege røynslene innvandrarane har frå sine land? Desse kjem frå samfunn med mange språk, men sjeldan med så sterke skriftkulturtradisjonar som Noreg har.

Dei nye innvandrarane som kom til Noreg frå 1965, tok nordmenn med inn i ein ny type språkmøte. Det handla ikkje om å ta inn over seg den brutale fornorskinga frå 1850-åra eller den striden om det norske språket som enda med to norske skriftspråk, men om å leve med mange fleire språklege skilnader enn før.

Resultatet av desse språkmøta avgjer korleis den individuelle språkbruken i Noreg er i 2025 og i 2050. Tendensen på 2000-talet var ikkje til å ta feil av. Berre eit lite mindretal brukte nynorsk og bokmål om lag like mykje, men det var trass alt 240 000 som gjorde det. Ved stortingsvalet i 2013 fekk berre Ap, H og Frp fleire røyster.

 

Publisert 2.10.2015

Sist oppdatert 22.9.2015

 

¹¹⁴ St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining, s. 52.  ¹¹⁵ Opplyst på møte med Svenska litteratursällskapet i Finland i Helsingfors 12.6.2014, eigne notat.  
¹¹⁶ Norges kulturhistorie, band 8, Oslo 1984, s. 137. 
  Trond Trosterud: «Språkmangfaldet i Europa», foredrag på haustseminar Noregs Mållag i Bergen 26.9.2009, eigne notat.
  Øystein A. Vangsnes: «Fleirspråklege fordelar», tale på landsmøtet i Noregs Mållag27.4.2012, nm.no, lesedato 
 
¹¹⁷ Trond Trosterud: «Språkmangfaldet i Europa», foredrag på haustseminar Noregs Mållag i Bergen 26.9.2009, eigne notat.  ¹¹⁸ Øystein A. Vangsnes: «Fleirspråklege fordelar», tale på landsmøtet i Noregs Mållag27.4.2012, nm.no, lesedato 
    Artikkellesar