6 Folkerøystingar og val

Lokale folkerøystingar er eit viktig element i det norske lokaldemokratiet, både som prinsipp og i omfang. Frå 1892 er opplæringsspråk i grunnskulen og liturgispråk i kyrkja blitt avgjort gjennom folkerøystingar, og sidan den gongen er det truleg gjennomført godt over 4000 slike folkerøystingar.

6  Folkerøystingar og val
Figur 6.1 Kommunevalet 2015 i nynorskkommunar og alle kommunar. Prosent


I åra 1965–2014 blei det halde nær 400 folkerøystingar om opplæringsspråk i skulen. Over 73 000 personar røysta, og valdeltakinga var gjerne høgare i andre lokale folkerøystingar.

Mellom 1892 og 1954 blei det gjennomført meir enn 1300 folkerøystingar om liturgispråk i kyrkja. Som regel gav dei klare fleirtal for nynorsk. Slik har det også vore i skulen. Nynorsk er blitt røysta inn med klart fleirtal og ut att med knappe marginar, og fleire røysta for nynorsk på 2000-talet enn i 1960- og 1970-åra. Endringane i busetnadsmønster har likevel meir å seie for bruken av nynorsk enn folkerøystingane.

Kvar fjerde lokalpolitikar i Noreg anno 2015 sat i kommunestyret i ein nynorskkommune. Veljargrunnlaget i desse kommunane er ein viktig del av fundamentet for fleire parti.

Sentrumspartia får mange fleire røyster i nynorskkommunane enn i resten av landet, og på 2000-talet gjorde Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti det best i den delen av landet.

På landsbasis står nynorsk sterkast blant veljarane til sentrumspartia med Senterpartiet som det fremste nynorskpartiet på 2000-talet. Framstegspartiet og Høgre hadde færrast dialektbrukarar blant veljarane sine, SV og sentrumspartia flest.

6.1 Lokale folkerøystingar om opplæringsspråk
6.2 Kommuneval og folkevalde
6.3 Stortingsval
6.9 Historisk statistikk
Tema: på parti med språket
Perspektiv: folkerøystingar som strategi

Last ned heile teksten i pdf her

6.1 Lokale folkerøystingar om opplæringsspråk

Frå og med 1892 har det truleg vore gjennomført over 3000 lokale folkerøystingar om opplæringsspråk i skulen. Etter 1945 har jamt fleire av folkerøystingane vore haldne i avgrensa område der ein tidlegare nynorsk dominans er komen under press. Desse grenseområda blir i målrørsla gjerne kalla randsonar.

Den offisielle skulestatistikken inneheldt tidlegare publisert statistikk ned på kommunenivå fram mot 1950-åra. Diverre tok publiseringa slutt akkurat då den store overgangen (tilbake) frå nynorsk til bokmål tok til. Eit fragmentert arkivmateriale i Peder Hovdans arkiv frå åra 1952–1954 gav informasjon om resultatet av 43 folkerøystingar om skulemål desse åra. Dette er seinare supplert med andre fragment, og tabell 6.1.1 inneheldt i 2015 opplysningar om 116 folkerøystingar mellom 1945 og 1964. Der var mange fleire. For mange av dei registrerte folkerøystingane er utfallet førebels ikkje kjent.

Det etablerte språklege lokaldemokratiet førte til at det blei halde folkerøysting i 393 skulekrinsar mellom 1965 og 2014 (tabell 6.1.2). Flest folkerøystingar har det vore i Nord-Trøndelag (71), Møre og Romsdal (65) og Rogaland (47), og i alle tre fylka var tyngdepunktet mellom 1965 og 1990.

Fram mot 2000 blei folkerøystingane sjeldnare. Etter dei mange kommunesamanslåingane i 1960-åra følgde 190 folkerøystingar på 15 år fram til 1980, mot 124 røystingar dei neste 20 åra. Frå og med 2000 har det vore gjennomført berre 78 folkerøystingar (tabell 6.1.3). I 232 av folkerøystingane blei resultatet bokmål, i 157 nynorsk. Det vil seie at nynorskbrukarane tapte i seks av ti skulekrinsar. 45 prosent av røystene gjekk til nynorsk, 55 prosent til bokmål, men berre 40 prosent av vedtaka blei nynorsk. I vedtaks form har likevel resultatet vore oftare bokmål enn nynorsk, då likevel slik at i seinare år har nynorsk jamt oftare vore resultatet.

Når ei ordning har vore i bruk så lenge som ordninga med folkerøystingar om skulemålet har vore, samstundes som presset mot nynorsk iallfall ikkje er blitt mindre, kunne vi vente at ordninga ville verke mindre positivt for nynorsk i dag enn for tretti år sidan. Slik er det likevel ikkje. Fleire røystar for nynorsk i dag enn for tretti år sidan. I bolken 1965–1969 røysta berre 34 prosent for nynorsk, mot 47 prosent i bolken 2010–2014. Når veljarane får høve til det, vel mange fleire aktivt nynorsk i dag enn for tretti år sidan.

Folkerøystingane frå og med 1965 er sorterte både etter år (tabell 6.1.4) og fylke (tabell 6.1.5).

Dei regionale skilnadene er store. I Telemark har nynorskbrukarane tapt godt over halvparten av folkerøystingane, og i Sogn og Fjordane kom den første folkerøystinga om skulemålet etter 1965 så seint som i 2005. Sidan 1965 har nynorsken rast ut av skulekrinsane i Nord-Trøndelag. Ikkje i noko fylke har nynorsken mista meir på desse åra. 24 tapte krinsar i Sør-Trøndelag strekar under at i historia om nynorsk i skulen skriv Trøndelag no på siste kapitlet. Det same gjeld i endå større grad Nordland og Troms. Jamnast har summen av folkerøystingar vore frå Aust-Agder til Hordaland (tabell 6.1.6).

32 kommunar hadde minst fem folkerøystingar om skulemål frå og med 1965 (tabell 6.1.7). Flest hadde Steinkjer og Bergen med høvesvis 21 og 20, Verdal 13, Rennesøy 11 og Drangedal 10. I desse og andre kommunar med mange folkerøystingar har det vore særleg mykje debatt og usemje om opplæringsspråket i skulen, men dermed også ein svært aktiv bruk av lokalt folkestyre.

Mykje tyder på at nynorsk som opplæringsspråk forsvann ut att der nynorskbrukarane stod svakast utanfor skulen. Det kan sjå ut til at endringa kom lettast på dei stadene der nynorsk ikkje var blitt noko meir enn eit opplæringsspråk i skulen, og verken hadde støtte i lokal presse eller kyrkjelyd. I ein slåande analyse av folkerøystingar om skulemål 1965–2002 er tidlegare statssekretær Morten Søberg inne på det same. Han viser til at i åtte av ti tilfelle blei desse folkerøystingane haldne «i situasjonar der nynorsk var skulespråk medan den aktuelle kommunen ikkje nytta nynorsk som administrasjonsspråk». ¹⁰⁷Der nynorsk aldri blei ein sosial eller formell konvensjon i lokalsamfunnet, stod språket i røynda svakt også som skulemål.

Mest grunn er det til å stoppe opp ved Møre og Romsdal og Rogaland. Det er i desse to fylka presset mot nynorsk i skulen no er sterkast. Rogaland blei aldri eit så sterkt nynorskfylke for skulemål som dei andre vestlandsfylka. Difor har tilbakegangen i Møre og Romsdal særleg mykje å seie. Berre i Nord-Trøndelag har nynorsken mista fleire skulekrinsar enn her. Ein grundigare studie vil likevel vise at det var i perioden 1965–1971 det glapp mest. Det var då særleg mange krinsar i Nord-Trøndelag gjekk over til bokmål. Etter 1970 har nynorskbrukarane vunne fleire krinsar enn dei har tapt.

 

6.2 Kommuneval og folkevalde

Kvar fjerde lokalpolitikar i Noreg var i tida fram til 2015 folkevald i ein nynorskkommune (tabell 6.2.1). Nær 2600 folkevalde utgjorde kommunestyra i desse kommunane. I tillegg var det om lag 200 folkevalde i dei nynorskbrukande fylkeskommunane.

I det norske lokaldemokratiet utgjer nynorskkommunane ein arena som på viktige punkt skil seg frå landsgjennomsnittet. Godt og vel kvar tiande veljar bur i desse kommunane, og det er ikkje all verda. Til gjengjeld er dei ein del av fundamentet for fleire parti. Éin konklusjon er at sentrumspartia treng nynorskbrukarane. Ein annan er at nynorskbrukarane treng sentrumspartia. Ein tredje konklusjon er at den språklege makta framleis er ein gyldig faktor i forståinga av norsk politikk og samfunnsendringar.

I nyare valforsking er det få spor av moglege samanhengar mellom faktiske valresultat og tenestemål i bustadkommunane til veljarane. Den første analysen stod Ottar Hellevik for i 2002 med tal frå Norsk Monitor 1995–1999 (tabell 6.2.2). For fleire parti var der klare skilnader mellom oppslutninga i nynorskkommunar og andre kommunar, og mellom nynorsk- og bokmålsbrukarane i desse kommunane. Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Arbeiderpartiet gjorde det best i nynorskkommunane, Høgre og Framstegspartiet best blant bokmålsbrukarane. I kommunar med anna tenestemål var det SV, Arbeiderpartiet og Senterpartiet som henta flest røyster blant nynorskbrukarane, og Arbeiderpartiet og Høgre blant bokmålsbrukarane. Alle sentrumspartia og Framstegspartiet gjorde det høvesvis blant nynorskbrukarane i nynorskkommunane enn i andre kommunar.

Ein enkel analyse av kommunevalet i 2007 blei lagd fram i årstale nr. 7 om tilstanden for nynorsk skriftkultur i 2007. Den er her følgd opp med analysar av lokalvala i 2011 og 2015.

Mange nasjonale tendensar gjer seg sjølvsagt gjeldande også i nynorskkommunane. Underlagsmaterialet viser fleire interessante mønster.

Kva parti som er størst i kommunane, varierer derimot mykje, og dette endra seg ein god del frå 2007 via 2011 til 2015 (tabell 6.2.4). Ved dei tre kommunevala i 2007, 2011 og 2015 var Arbeiderpartiet det partiet som var størst i flest kommunar. Det kan vere andre parti som har ordførarane eller som utgjer det politiske fleirtalet, men rekna i røystetal er Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Høgre dei tre store partia i nynorskkommunane.

Arbeiderpartiet var størst i 44 av 113 nynorskkommunar i 2015, mot 37 i 2011 og 39 i 2007. Interessant er det også at Senterpartiet var størst i 35 kommunar i 2015, mot 21 i 2011 og 33 kommunar i 2007. Det tredje store partiet var Høgre – størst i 17 kommunar i 2015, mot heile 32 i 2011 og 14 i 2007. Slik sett resulterte lokalvalet i 2015 i eit styrkeforhold mellom partia som likne mykje på 2007, men med eit svakare Høgre og sterkare Arbeiderpartiet enn den gongen. I 2011 mista Senterpartiet posisjonen sin i mange kommunar, og Høgre tok tilsvarande mange. Derimot var Arbeiderpartiet eller Senterpartiet størst i sju av ti nynorskkommunar i 2015.

I dette er eit svært tydeleg geografisk mønster. Arbeiderpartiet og Senterpartiet er store i nynorskkommunar både i aust og vest, medan dei andre partia med få unntak berre er størst i vestlandskommunar. Slik har det vore ved alle dei tre vala som er undersøkte. Det viser seg også at dei største partia er høvesvis mykje større enn andre parti på Austlandet enn på Vestlandet, der fleire parti gjerne er meir jamstore.

Om lag 11 prosent av innbyggjarane bur i kommunar med nynorsk tenestemål. Ved kommunevalet i 2007 kom 244 000 røyster eller 11,8 prosent av alle røystene frå desse kommunane (tabell 6.2.5). Valdeltakinga i desse kommunane var om lag som i resten av landet. Det politiske mønsteret i nynorskkommunane var derimot svært ulikt det samla resultatet på landsplan.

Dei 244 000 veljarane som røysta, fordelte seg annleis mellom partia enn i Noreg sett under eitt. På landsplan blei Høgre større enn Framstegspartiet, men i nynorskkommunane var det omvendt. Der var berre Arbeiderpartiet og Senterpartiet større. Det samla valresultatet gav store skilnader mellom Framstegspartiet, Høgre og Senterpartiet, men i nynorskkommunane var det Senterpartiet som så vidt blei størst.

Særleg delar av Høgre mobiliserte også ved dette valet for det bidraget til norsk kulturelt mangfald som går under namnet nei til nynorsk. I dei tyngste nynorskmiljøa blei dette standpunktet flagga med såpass lite trøkk at det neppe forklarer kvifor Høgre gjorde det dårlegare i nynorskkommunane enn elles i landet.

Historisk har som nemnt dei tre sentrumspartia vore sterkt knytte til nynorsk som språk og som kulturberar. I seinare år har det vore hevda at dei historiske motkulturane, som Stein Rokkan kalla dei, har tapt det meste av krafta. Språk åleine er ikkje årsaka til at sentrumspartia står sterkare i nynorskkommunane enn elles i landet, men det er altså der partia er størst. Berre Senterpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti gjorde betre val i nynorskkommunane enn i landet sett under eitt. Alle andre parti kom dårlegare ut i nynorskkommunane enn dei gjorde totalt.

Til saman fekk dei tre sentrumspartia 20,2 prosent av røystene ved kommunevalet 2007. I nynorskkommunane fekk dei derimot 34,6 prosent tilslutning (tabell 6.2.3). Meir enn kvar tredje veljar i nynorskkommunane sokna til sentrumspartia. I 72 kommunar gjekk meir enn 20 prosent av veljarane til sentrumspartia, og i 52 av desse kommunane røysta over 40 prosent på eit sentrumsparti. I over 20 kommunar utgjorde dei tre sentrumspartia reine fleirtal. Dei rikspolitiske overtonane gjer at denne sentrumstendensen er ein analytisk faktor, ikkje ein operativ politisk faktor.

Det partiet som henta størst del av veljarane sine i desse kommunane, var Senterpartiet. Kvar fjerde Senterparti-veljar i 2007 budde i ein nynorskkommune. Det same gjorde kvar femte Kristeleg Folkeparti-veljar og kvar åttande Venstre-veljar. Av sentrumspartia var det Venstre som var minst avhengig av desse nynorskveljarane.

På papiret, men berre der, ser den politiske røynda slik ut: Utan røystene i nynorskkommunane hadde Senterpartiet enda på 5,9 prosent og mista eit ukjent tal ordførarar, Venstre hadde stoppa på 5 prosent og Kristeleg Folkeparti hadde hamna på 5,1 prosent. Utan nynorskveljarane hadde heller ikkje Framstegspartiet gjort det beste lokalvalet nokon gong.

Ved lokalvalet i 2011 kom 277 000 eller 11 prosent av røystene frå nynorskkommunane (tabell 6.2.6). I nynorskkommunane gjekk berre Høgre og Venstre fram. For Høgre var framgangen mindre her enn for heile landet, medan Venstre gjekk meir fram her enn elles. Arbeiderpartiet gjekk ørlite tilbake i nynorskkommunane, men auka to prosent samla. For dei partia som gjekk tilbake ved kommunevalet, var tilbakegangen mindre i nynorskkommunane for SV og Framstegspartiet, men større for Senterpartiet, og den same for Kristeleg Folkeparti.

Nynorskkommunane er ein viktigare valarena for somme parti enn for andre. I 2011 var veljarane i nynorskkommunane særleg viktige for sentrumspartia. Dei historiske sentrumspartia stod framleis sterkare i nynorskkommunane enn i landet sett under eitt. Særleg Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti gjorde det vesentleg betre i desse kommunane, medan Arbeiderpartiet og Framstegspartiet gjorde det mykje dårlegare der enn totalt sett.

I 2015 røysta 269 000 veljarar i nynorskkommunane. Også dette året utgjorde dei 11 prosent av alle veljarane, og i desse kommunane budde 11 prosent av alle nordmenn. Valdeltakinga var altså like låg i desse kommunane som for landet sett under eitt.

Endringane ved kommunevalet i 2015 var store målt mot valresultatet i 2011, men mindre jamført med 2007-valet. Arbeiderpartiet gjekk fram både i 2011 og 2015, Høgre voks kraftig i 2011 og krympa att i 2015, men var då framleis eit stort parti. Den viktigaste skilnaden ar at Framstegspartiet fall frå 17,5 prosent i 2007 til 9,5 prosent i 2015. I norsk politikk er det ei stor endring.

Dei partia som i 2011 gjorde det betre i nynorskkommunane enn i resten av landet, oppnådde det same i 2015 (tabell 6.2.8). I nynorskkommunane røysta to av ti veljarar på Senterpartiet i 2015, mot mindre enn ein av ti i heile landet. Med 26 prosent av røystene i nynorskkommunane var Arbeiderpartiet desidert størst men Senterpartiet nådde altså nesten opp i 20 prosent. Også Kristeleg Folkeparti og Venstre gjorde det noko betre i nynorskkommunane enn i landet sett under eitt. Trass i nedgangen gjorde også Framstegspartiet det noko betre i nynorskkommunane enn elles i 2015, som partiet også gjorde i 2011, men ikkje i 2007. På fylkesnivå var Høgre det største partiet i nynorskkommunane i Rogaland, Senterpartiet i Aust-Agder (berre to kommunar), Arbeiderpartiet i dei sju andre fylka med nynorskkommunar.

I 2015 røysta 35,6 prosent av veljarane på eit av dei tre historiske sentrumspartia; Miljøpartiet Dei Grøne er ikkje rekna med her. I 2011 røysta 33,2 prosent av veljarane slik, og i 2007 fekk sentrumspartia 34,6 prosent av røystene.

Legg ein partiprogramma til grunn, kan ein stort sett seie at dei tydelegaste nynorskpartia er alle unnateke Arbeiderpartiet, Høgre og Framstegspartiet. Dette skiftar noko frå kommune til kommune; av alle parti som stilte til val i Ørsta eller Volda i 2015, var det berre Volda Høgre som hadde programfesta aktiv nynorskstøtte. I det store biletet er det likevel språkpolitisk dekning for å rekne på forholdet mellom dei tre store og dei mange andre partia. I 2015 fekk «nynorskpartia» 29,8 prosent av røystene når alle felleslister og bygdelister er trekte frå. Dei tilsvarande tala for 2011 og 2007 var 24,2 og 28,3 prosent. Med visse atterhald kan det då seiast at 2015-valet var det beste lokalvalet for nynorskbrukarane på lenge.

I heile 99 av 113 nynorskkommunar gjekk meir enn 20 prosent av veljarane til sentrumspartia i 2015. Som i 2007 røysta over 40 prosent av veljarane i 52 kommunar på eit sentrumsparti. Veksten kom altså i kommunane med 20–39 prosent sentrumsrøyster. I 26 av kommunane røysta fleirtalet på eit av sentrumspartia, mot 22 kommunar åtte år tidlegare. Det eine ytterpunktet var Gloppen kommune i Sogn og Fjordane med 71,4 prosent av røystene til sentrumspartia. Den andre ytterpunktet var Øygarden i Hordaland med 9,4 prosent, men både der og andre stader var det lokale bygdelister og felleslister som gjorde utslaget.

Røystetal er ei sak, verv og posisjonar noko anna. Ofte må lokalpolitiske konstellasjonar brytast ned på personnivå for å gi fullgod meining. Difor er det også relevant å analysere kor viktige nynorskkommunane er på personnivå for ulike parti. Slik dokumentasjon er utarbeidd for perioden 2011–2015 (tabell 6.2.7). Der viser det seg at Arbeiderpartiet var det partiet som hadde svakast eigeninteresse i nynorskkommunane.

Arbeiderpartiet henta ein lågare prosentdel av røystene sine frå veljarane i nynorskkommunane enn i resten av landet, og hadde også høvesvis færre kommunestyremedlemer og ordførarar i desse kommunane. Det nest største partiet ved valet i 2011 var Høgre, som hadde ein større del av kommunestyremedlemer og ordførrar i desse kommunane enn elles i landet. Med tanke på posisjonar var nynorskkommunane viktigast for sentrumspartia og Framstegspartiet i perioden 2011–2015. Endringane i 2015 gjorde at i perioden 2015 – 2019 var nynorskkommunane blitt viktigare for Arbeiderpartiet.

 

6.3 Stortingsval

Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti er dei partia som no hentar mest røyster hos nynorskbrukarane (tabell 6.3.1). I prosent har desse partia fått vesentleg fleire røyster blant nynorskbrukarane enn blant bokmålsbrukarane ved alle stortingsvala frå og med 1965. Slik var det også i Venstre fram til 1970-åra. Etter partikløyvinga på Røros i 1972 nærma partiet seg gradvis resultatet i 2005, der partiet for første gong fekk noko fleire røyster blant bokmålsbrukarane enn blant nynorskbrukarane.

Dei store valundersøkingane ved stortingsval inneheld mange data som kastar lys over meiningane om språk. Fragment er publiserte i ei rekkje skrifter. ¹⁰⁸I 1965 røysta nynorskbrukarane helst på Arbeiderpartiet, Venstre og Senterpartiet, men i 1981 hadde dette endra seg til Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti (tabell 6.3.2). Den største endringa mellom 1965 og 1985 var at Venstre mista så mange nynorskveljarar etter EF-striden og etter at partiet blei delt i 1972, men tendensen var tydeleg alt i 1969 (tabell 6.3.3). Bokmålsveljarane gjekk helst til Arbeiderpartiet og Høgre.

Ei ny stor endring gjorde seg gjeldande fram mot tusenårsskiftet og slo sterkt ut i 2005. Då sa heile 33 prosent av nynorskveljarane at dei røysta Arbeiderpartiet, mot 19 prosent fire år før. I kraft av storleik er det dette partiet som ved alle stortingsvala frå 1965 har fått flest røyster hos nynorskveljarane.

Ved dei seinare stortingsvala har Framstegspartiet henta mange fleire røyster hos nynorskbrukarane enn før. Saman med ordførarar i fleire nynorskkommunar frå 2003 inneber dette auka politiske spenningar. Det ser ut til at partiet har styrkt seg meir hos nynorskbrukarar enn hos bokmålsbrukarar dei siste åra. Grunnen er at partiet generelt har gått mest fram i områda utanfor storbyane, ikkje minst på Vestlandet.

Ein av dei mest omfattande veljaranalysane av nyare dato har Ottar Hellevik utvikla gjennom den store og kontinuerlege meiningsmålinga Norsk Monitor. Viktig informasjon frå denne undersøkinga for tidsrommet 1985–2001 er stilt til rådvelde (tabell 6.3.4 og 6.3.5). Vansken er at grunnspørsmålet om nynorsk er om vedkomande føretrekkjer å lese bokmål/riksmål eller nynorsk/landsmål. På same måten som interesse for språkspørsmålet ikkje utan vidare seier noko om faktisk språkbruk, er det å lese ikkje på langt nær det same som å skrive. På den andre sida kan eit slikt spørsmål fange opp haldningane også hos dei som faktisk skriv lite eller ingen ting. Tala ser totalt sett ut til å liggje nær opp til svara for spørsmål om kva vedkomande føretrekkjer å skrive.

Arbeiderpartiet var det partiet som gjekk mest tilbake blant nynorskbrukarane frå 1985 til 2001. Også Høgre mista nynorskrøyster i dette tidsrommet då Erling Norviks høgrebølgje ebba ut. For både SV og RV var skilnaden mellom bokmåls- og nynorskbrukarar liten. «Nynorskveljarar er altså ikkje heilt som andre veljarar, og særpreget har auka sidan 1985», skriv Hellevik.¹⁰⁹

Høgre endra mykje på veljargrunnlaget sitt frå slutten av 1970-åra. Bunads-Høgre blei eit omgrep som tente til å karakterisere ein viktig del av den nye profilen. I dette låg også at partiet fekk fleire røyster frå nynorskbrukarar (tabell 4.3.3). Etter kvart kan det sjå ut til at det har oppstått nokre ganske tydelege skilnader innanfor partiet mellom bygdefolk på Vestlandet og by- og bygdefolk på Austlandet. Kombinert med svekt verdikonservativ profil og sterkare marknadsliberalistiske trekk har dette i prinsippet auka spenningane i partiet, men i seinare år har partiet hatt færre profilerte nynorskbrukarar som talsfolk enn godt er for målrørsla.

Sjølv om Høgre endra ein del av veljargrunnlaget sitt frå slutten av 1970-åra og fekk oppslutning frå fleire nynorskbrukarar, er det framleis slik at bykulturveljarane dominerer i Høgre og motkulturveljarane i sentrumspartia, mens det gjerne er dei som er lite engasjerte i desse kulturmotsetnadene som søkjer mot Arbeiderpartiet og SV. Særleg Kristeleg Folkeparti er blitt ein klar motpol til Høgre på motkultursida. At motkulturane er svekte, har også over tid svekt sentrumspartia. I Venstre står nynorskbrukarane svakare som veljargruppe no enn før. Det er det same mønsteret som valundersøkingane har dokumentert.

For første gong er partipolitisk val knytt til talemålet til veljarane, i ei spørjeunder-søking frå 2012 (tabell 6.3.6). Då blir fleire signifikante skilnader tydelege. 49 prosent av dei spurde seier dei snakkar bokmål eller ei bokmålsnær dialekt. Når desse blir fordelte på partia, spreier dei seg frå 31 prosent av Senterparti-veljarane til 56 prosent av Framstegsparti-veljarane. I alt svarar 45 prosent at dei snakkar dialekt eller mest dialektprega, og her er spreiinga endå større enn for bokmål. 38 prosent av Framstegsparti-veljarane seier dei snakkar dialekt, mot 67 prosent av SV-veljarane. Både i SV, Senterpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti utgjer dialektbrukarane over halvparten av veljarane.

 

6.9 Historisk statistikk

Også i kyrkja har det vore mange folkerøystingar om liturgispråk, om Blix-salmane skulle takast i bruk og om Nynorsk Salmebok skulle takast i bruk. Det ligg føre informasjon om 1312 slike folkerøystingar mellom 1892 og 1954 (tabell 6.9.1). Seks av ti folkerøystingar blei haldne på Vestlandet, men det var folkerøystingar i alle fylka.

Nesten 1000 av folkerøystingane gjaldt bruk av salmar. Det blei halde 638 folkerøystingar om å innføre Blix-salmane, og 337 om å innføre Nynorsk Salmebok. I gjennomsnitt røysta vel 60 prosent ja. Det blei også gjennomført 337 folkerøystingar om nynorsk liturgi. Her var det fleire som svara ja, i gjennomsnitt 72 prosent.

Når eit språk først har vore røysta inn i kyrkja, er det som regel blitt verande. Det konserverande ved kyrkjespråket blir illustrert ved røystingar på Nordmøre og i Romsdal, der nynorskbrukarane jamt over er i klart mindretal. Tidleg i oktober 2001 var over 300 med og røysta over opplæringsspråk ved Haukås skule i Fræna i Romsdal. ¹¹⁰To tredelar av røystene gjekk til bokmålet. Då Tingvoll sokneråd på Nordmøre seinare på hausten samrøystes ville byte ut nynorsk med bokmål i liturgien, gjekk eit knapt fleirtal i soknemøtet mot. På denne gamle skulestaden hadde den siste nynorske skulekrinsen forsvunne i 1970. Då var det berre eit tidsspørsmål før iallfall spørsmålet om neste formelle endring ville kome. Det var likevel ikkje nok; fleirtalet heldt på det som var blitt etablert.

 

Tema: på parti med språket

Det norske språkspørsmålet var der før partia kom til. Tyngda i saka gjorde det nødvendig for partia å ta stilling, og opna utvegar for å bruke saka til eige beste. Å fremje nynorsk kan gjerne lesast som ein del av ei norsk nasjonsbygging, men det var også ein del av ei norsk partibygging.

Venstre, Høgre og Arbeiderpartiet blei alle skipa i det vesle tidsrommet 1884–1887. Det tok tid før dette blei moderne organisasjonar, valprogram var gjerne avgrensa til nokre få sentensar, og der formulerte ingen parti noko om språk før 1906. Sidan den gongen har det ikkje vore gjennomført eit einaste val i Noreg utan at språkpolitikk har vore med. Emnet har sjeldan prega valkampane, men ingen parti har i lengda kunna stille seg på sida av saka. Kva partia har meint om språkpolitikk gjennom meir enn hundre år, er dokumentert ein annan stad.¹¹¹

Den språkpolitiske vendinga som har prega mange språksamfunn frå 1990-åra, slo også inn i Noreg. Her viste endringa seg på fleire måtar i valprogramma til partia. Først og fremst brukte partia på 2000-talet meir plass på urfolk, nasjonale minoritetar og nye innvandrarspråk enn for nokre tiår sidan. Innhaldet skilde seg. Overfor urfolk og nasjonale minoritetar la partia vekt på at desse måtte få utvikle sine språktradisjonar parallelt med kompetansen i norsk. Overfor nye innvandrarar var det derimot integrering som gjaldt.

Faglitteraturen om språk baud på mange fleire og ulike tankegangar enn før. Vegen frå fagboka og seminaret via den allmenne debatten til programkomiteane og partilandsmøta er og var så lang at det aller meste av dette nye stoffet blei borte før vedtaka blir gjorde. Ved stortingsvalet i Språkåret 2013 var såleis knapt noko anna parti enn Miljøpartiet Dei Grøne nokolunde på høgd med hovudlinjer i det som då måtte reknast som standard språkfagleg tenking. Dette fråværet av oppdatert politikk fekk få følgjer, truleg mest fordi feltet er så lite politisert som det er. Det gode resultatet for dette partiet ved lokalvalet i 2015 var difor interessant også språkpolitisk sett.

I klima- og miljøpolitikken måler ein gjerne politiske motstandarar mot det som fagmiljøa seier. Det gjer ein også på mange andre politiske saksfelt. I språkpolitikken kjem ein framleis langt med allmenne analysar og til dels stivna resonnement.

Dette er påfallande av to grunnar.

Dei siste tiåra var det berre på norsk skrive mange tilgjengelege, oppdaterte og nytenkjande bøker og artiklar om språk og språkpolitikk. I det same tidsrommet hadde dei fleste partia gjort valprogramma til svært omfangsrike trykksaker. Lite av denne utvida spalteplassen kom oppdatert språkfagleg innsikt til gode.

Det er som det må vere at partia destillerer ein essens av analysar, resonnement og tiltak på kvart område av politikken. Det skal vere legitimt å snakke like allment om språk som ein gjer om helsevesen og samferdsel. Valprogramma er ingen skriftstad for fotnotepresis vitskap. I så måte kan programma lesast som ei melding til språkfaglege miljø om kor mykje som står att i arbeidet med å gjere djup innsikt allment tilgjengeleg og relevant. På den andre sida bør dei same krava til ein kunnskapsbasert politikk gjelde her som elles i samfunnet.

Halvparten av veljarane er interesserte i språkspørsmålet. Det var dei i 2013, og det var dei 50 år tidlegare. Likevel var det ikkje slik at språkpolitikken var ein utslagsgivande faktor valdagen. Det var heilt andre spørsmål som avgjorde kva parti ein røysta på, i den grad desse vala stod seg ved ein rasjonell analyse. Samstundes har norsk valforsking i eit halvt hundreår vist at partivala sil seg i nynorskdominerte område frå dei bokmålsdominerte områda. Språk er og blir meir enn språk, og dei sosiale og kulturelle samanhengane språk er knytte til, viser att når røystene blir talde opp. Nokre parti gjer det betre i nynorskprega område enn i resten av landet, og nokre gjer det betre i bokmålsprega område. Slik har det vore ved stortingsvala, og dokumentasjonen i Språkfakta 2015 viser den same klare tendensen ved kommunevala.

Tydelegare kan det ikkje vere at forholdet mellom nynorsk og bokmål høyrer den norske kvardagen til, anten ein vil eller ikkje. I hundre år har det norske demokratiet også handla om språk.

 

Perspektiv: folkerøystingar som strategi

Lokal folkerøysting som strategi og prinsipp i kulturpolitikken blei innført i 1892.

Då avgjorde først kyrkjeminister Wilhelm Andreas Wexelsen at Elias Blix’ Nokre Salmar kunne brukast i kyrkja «hvor Beslutning om saadan Benyttelse bliver fattet af Menighedens Husfædre». Eit par månader etterpå vedtok Odelstinget i lov om landsfolkeskulen at ”Skolestyret bestemmer, om Skolens Læse- og Lærebøger skal være affattede paa Landsmaal eller i det almindelige Bogmaal, og i hvilket av disse Maal Elevernes skriftlige Arbeider i Almindelighed skal affattes. Dog skal Eleverne lære at læse begge Maal. Inden Skolestyret fatter sin Beslutning, skal Overtilsynets og derefter Kredsens Erklæring være indhentet. Er denne sidste afgivet med to Trediedele af de mødende Stemmer, skal den af Skolestyret tages tilfølge.”

Seinare har det vore system med både rådgivande og bindande folkerøystingar om desse emna. I 1915 vedtok Odelstinget at val av skriftleg opplæringsspråk skal avgjerast ved folkerøysting i skulekrinsen. Tidlegare hadde ikkje skulestyret vore bunde av vedtak i dei enkelte krinsane. To år seinare vedtok Odelstinget at foreldre som ønskjer eit anna opplæringsspråk for borna sine enn det som er hovudmålet ved skulen, kan få det viss det er mange nok born til å fylle ei klasse og det ikkje inneber «nævneværdig større utgifter for kommunen». Systemet har vore halde godt ved like, og fleire saker enn opplæringsspråk har vore emne for lokale folkerøystingar.

Med folkerøystingar som system gav staten kommunane og lokalsamfunna ei språkpolitisk rolle – kyrkjesokna skulle avgjere salmesaka, kommunane skulle avgjere opplæringsspråket. I begge tilfella har det seinare veksla mellom folkerøystingar og vedtak i representative organ, men heile tida er makt blitt verande i lokalsamfunna.

Dei mange tusen folkerøystingane gjennom meir enn 100 år representerer eit språkleg lokaldemokrati som er eit viktig grunntrekk i den språkdelte norske kulturen. Røystingane er interessante ikkje minst fordi dei syner kva innbyggjarane i dette landet faktisk meiner når dei må ta aktivt stilling til språkspørsmålet, og står overfor eit reelt val. På ny får vi stadfesta at den nynorske skriftkulturen kjenner dei parlamentariske vegane til makt, men så mange nynorskrøyster ville det ikkje ha blitt utan det utanomparlamentariske arbeidet rundt desse røystingane. I dette ligg også eit avklara samspel mellom språkpolitikk og demokratisk utvikling.

Lite har vore undersøkt systematisk om korleis nynorsk blei røysta inn som opplæringsspråk i skulen fram mot 1940, og korleis nynorsk blei røysta ut att i 1950-åra. Den største enkeltstudien har språkhistorikaren Roger Lockertsen stått for i sin analyse av målreising i Nordland og Troms 1898–1940.¹¹²

Det norske hegemoniet i nord aksepterte på denne tida verken verdien av eller bruken av språk som samisk og kvensk. I tillegg til dei konfliktane dette utløyste, var det også strid innanfor det norske. Norsk var i ferd med å bli meir enn bokmål også her. Berre i 1939 blei det gjennomført 318 folkerøystingar om skulemål i Nord-Noreg – 175 i Nordland, 143 i Troms. Dette var nesten tre gonger så mange som i heile tidsrommet frå 1900 til 1938. I gjennomsnitt blei det altså halde ei folkerøysting kvar yrkedag i 1939.

Den tyske okkupasjonen frå våren 1940 sette sin bråstoppar for denne demokratiske språkbygginga nedanfrå. Frammøteprosenten var låg; jamt over røysta færre enn 25 prosent av alle røysteføre. Difor stod skulestyra i mange tilfelle fritt til å leggje valresultatet bort og innføre kva opplæringsspråk dei ville. Skulestyra hadde tidlegare avvist nynorsken så snart dei såg den minste sjansen til å gjere det, meiner Lockertsen: «I 1939 var det andre vegen: Da innførte skolestyra nynorsk i ei mengd krinsar som hadde fleirtal for bokmål, men der frammøtet var dårleg.»

Særleg mellom 1910 og 1930 var der fleire sterke nynorskmiljø nordpå, og på Helgeland blei bruken av nynorsk meir enn eit blaff. Privat var det ein del som brukte nynorsk nordpå også på 2000-talet, men i haldning til nynorsk var nordlendingane blant dei mest kritiske i Noreg. Knapt nokon brukte dialekt meir enn dei, og knapt nokon såg så positivt på bruk av dialekt som dei men brua mellom dialekt og nynorsk var stegd.

Slik fører den språkdelte kulturen i Noreg til at innbyggjarar i ulike lokalsamfunn jamleg held folkerøystingar om språk i kyrkje eller skule. Etter som tiåra går, blir språk på denne måten filtra meir og meir inn i dei allmenne politiske prosessane som det norske demokratiet no er tufta på. Folkerøystingane har vore ein del av ein prosess der språkstriden ga nordmenn erfaring med å løyse kulturelle konfliktar utan vald.

Systemet med lokale folkerøystingar utfordrar den språkdelte norske kulturen. I kvar einaste folkerøysting om skulemålet er valet kategorisk, anten bokmål eller nynorsk. Dette har Ola E. Bø i ein samtale kalla språkpolitikk etter utslagsmetoden.

Folkerøystingane fører til at mange får høve til eller må ta stilling til viktige språkpolitiske spørsmål. Det er med og gjer språk viktig, som språk er for mange i Noreg (jf. kapittel 5). Etter kvart blei folkerøystingane ein strategi for å utvikle det eittspråklege samfunnet. Dilemmaet i dag er at i slike folkerøystingar kan ikkje begge sider vinne. Folkerøystinga gir mykje makt til fleirtalet og lite vern for mindretalet. Prisen er ikkje berre at eit språk blir røysta ut for minst fem år, men også at forståinga av den språkdelte norske kulturen blir sett under press.

Å vere mot folkerøystingar er lett å stemple som ei udemokratisk oppfatning, særleg når dette systemet har vore i bruk i mykje meir enn 100 år. Spørsmålet er kor lenge det er mogleg å vere for både prinsippet om folkerøystingar og verdien av det språklege mangfaldet.

Etter kvart som innvandrarane blir bufaste, kan systemet med lokale folkerøystingar vere med og integrere dei meir i det norske demokratiet. Folkerøystingane kan også tene til å gjere den norske språksituasjonen viktigare for dei. Dette føreset at dei i større grad enn no buset seg i område der slike folkerøystingar er aktuelle.

Folkerøystingar ar likevel ikkje vore ein konsekvent strategi for alle. Så mykje som 90 prosent av skulane med nynorsk som opplæringsspråk kan vere resultatet av lokale folkerøystingar, men det har neppe vore folkerøysting om meir enn halvparten av skulane med bokmål som opplæringsspråk.¹¹³

 

Publisert 1.10.2015

Sist oppdatert 22.9.2015

 

¹⁰⁷ Morten Søberg: «Språkleg konkurranse i Noreg. Ein analyse av folkerøystingar om nynorsk eller bokmål», Tidsskrift for samfunnsforskning nr. 4/2004, s. 659–701.
¹⁰⁸ Døme på slike studiar er Henry Valen og Willy Martinussen: Velgere og politiske frontlinjer, Oslo 1972, s. 46–51 og 76–83; Tor Bjørklund og Bernt Hagtvet: Høyrebølgen, Oslo 1981 s. 37–44; Stein Rokkan: Stat, nasjon og klasse, Oslo 1987, s. 170–201; Bernt Aardal og Henry Valen: Velgere, partier og politisk avstand, Oslo 1989, s. 232–237; Henry Valen: Valg og politikk, Oslo 1992, s. 155–192; Dag Østerberg og Fredrik Engelstad: Samfunnsformasjonen, Oslo 1995, s. 346–349.
¹⁰⁹ Ottar Hellevik: «Nynorskbrukaren – kven er han?», i Håvard Teigen og Elisabeth Bakke (red): Kampen for språket, Oslo 2002. ¹¹⁰ Romsdals Budstikke 3.10.2001.
¹¹¹ Ottar Grepstad: På parti med språket? Språkpolitikk i norske partiprogram 1906–2017, Ørsta 2013.
¹¹² Roger Lockertsen: Målreising i Nord-Noreg 1890–1940, hovudoppgåve, Universitetet i Tromsø 1984
¹¹³ Ingar Arnøy i foredrag på seminar på Sunndalsøra 27.3.2013, eigne notat. 
  Romsdals Budstikke 3.10.2001.
  Ottar Grepstad: På parti med språket? Språkpolitikk i norske partiprogram 1906–2017, Ørsta 2013.
¹¹⁰Romsdals Budstikke 3.10.2001.¹¹¹Ottar Grepstad: På parti med språket? Språkpolitikk i norske partiprogram 1906–2017, Ørsta 2013.