5 Haldningar og meiningar

Noreg er eit språksamfunn med stor språkleg variasjon i tale og skrift, bygd på to språk som er formelt jamstilte og gjensidig forståelege for dei fleste, saman med tre samiske urfolksspråk og fleire historiske minoritetsspråk. Dette språklege mangfaldet var ganske allment akseptert i 2015.

5  Haldningar og meiningar
Figur 5.1. Meiningar om vidare jamstilling melom nynorsk og bokmål 2013. Prosent

Mange nordmenn har no akseptert nynorsk, svært mange meiner dialektane ikkje blir brukte for mykje, men like mange ønskjer ikkje fleire varige minoritetsspråk. Å bruke dialekt er mest akseptert i vest og nord, minst i hovudstaden. Like mange var i 2013 for og mot vidare jamstilling mellom nynorsk og bokmål, og størst var motstanden i Nord-Noreg.

Ein av tre likte i 2013 at Noreg blir eit meir fleirspråkleg samfunn, like mange verken likte eller mislikte det, og ein av tre likte det dårleg. Dei som tener lite, er meir positive til både nynorsk, dialektar og nye varige minoritetsspråk enn dei som tener mykje. Dei som tener minst og mest er mest positive til meir engelsk i Noreg, menn er meir negative enn kvinner, og nynorskbrukarane er meir kritiske enn bokmålsbrukarane til auka bruk av engelsk.

Det meiningsdannande mønsteret er eintydig. Som språk, så meining. Meiningane om språk følgjer det språket ein bruker og inneber at nynorsk- og bokmålsbrukarar generelt sjeldan eller aldri meiner det same om språkpolitikk.

Tre av ti liker å lese nynorsk. Dei fleste av desse bur i Oslo eller på Vestlandet, og gjerne i nynorskkommunar. Mange yngre nynorskbrukarar har eit dårleg språkleg sjølvbilete. Jamt over liker nynorskelevane betre å lese bokmål enn nynorsk; berre to av ti ny-norskskrivande tenåringar liker best å lese nynorsk.

Fire av ti veljarar er interesserte i språkspørsmålet. Denne interessa har vore stor i minst 50 år.

5.1 Eit fleirspråkleg Noreg
5.2 Språkpolitisk engasjement
5.3 Talemål
5.4 Bokmål og nynorsk i skrift
5.5 Engelsk og norsk
5.6 Lesing og skriving
5.7 Lærarar
5.8 Elevar
5.9 Musikk
5.19 Historisk statistikk
Tema: tenåringar i Stavanger anno 1996
Perspektiv: gamle rettar og nye språk

Last ned heile teksten i pdf her

5.1 Eit fleirspråkleg Noreg

Innvandring i nord frå aust og vestfrå i sør la i farne tider grunnlaget for det som blei eit fleirspråkleg samfunn der kolonispråket dansk aldri mista grepet, men endra seg. Det tek tid å etablere toleranse for nye innvandrarspråk.

Språkleg og kulturell toleranse heng saman. Dette emnet er undersøkt få gonger, men tendensane har vore tydelege. Dei som kring tusenårsskiftet var positive til nynorsk, var også meir positive til innvandrarar enn dei nynorsknegative er (tabell 5.1.1) Di meir positive dei er til nynorsk, di meir positive er dei også til innvandrarar (tabell 5.1.2 og 5.1.3). På den tida var det vesentleg færre innvandrarar i dei nynorskdominerte delane av landet enn i resten av landet. Dermed var det også færre kontaktpunkt mellom nynorsk-brukarar og innvandrarar enn mellom bokmålsbrukarar og innvandrarar.

I undersøkingane 1999–2001 fekk svararane presentert ulike utsegner. Det første spørsmålet gjaldt utsegner om at innvandrarane yter sitt til eit større kulturelt mangfald i Noreg, eller at skikkane deira kan bli ein trussel mot norsk kultur. Det andre gjaldt utsegner om at innvandrarane er arbeidssame folk som yter verdfulle bidrag til norsk økonomi, eller at dei utnyttar velferdsordningane våre og får del i gode dei sjølve ikkje har vore med på å skape. Det tredje spørsmålet var om dei liker eller misliker at vi har fått muslimske trussamfunn i Noreg.

Statistisk sentralbyrå har i ei årrekkje kartlagt kva etniske nordmenn meiner om innvandrarar og flyktningar. Språk er ikkje blant spørsmåla.⁹⁹ På fleire sentrale punkt endra meiningane seg lite frå 2005 til 2014. I 2005 var 69 prosent heilt eller nokså samde i at innvandrarar flest gjer ein nyttig samfunnsinnsats. Det same meinte 77 prosent i 2014. Sju av ti nordmenn meinte både i 2005 og 2014 at innvandrarar gjer kulturlivet i Noreg rikare, medan ni av ti i heile tidsrommet meinte nærkontakt med innvandrarar som naboar og på anna vis ikkje var negativt.

Den allmenne velviljen overfor innvandrarane var størst når det gjeld kulturelt mangfald generelt, minka kraftig når det blei tale om økonomi og velferdsgode, og var minst når det var tale om at nye religiøse institusjonar tok form i Noreg, så som muslimske trussamfunn. Desse haldningane varierte mykje alt etter kva syn vedkomande har på nynorsk. Dei som likte godt å lese nynorsk, var meir positive enn gjennomsnittet, mens dei som ikkje kunne tenkje seg å lese nynorsk, var blant dei mest negative.

Haldningane var ikkje dei same hos alle dei som var mest positive til å lese nynorsk. Dei som budde i dei fire vestlandsfylka frå Rogaland til Møre og Romsdal, var i alle tre tilfella meir positive til innvandrarar enn landsgjennomsnittet. Men: Dei som var positive til nynorsk og budde i andre delar av landet, var klart meir positive til innvandring enn vestlendingane.

Haldningane fordelte seg ulikt geografisk også blant dei som var mest negative til nynorsk. Dei av desse som budde på Vestlandet, var ein tanke meir positive til innvandrarane enn dei som budde andre stader i landet.

Eit eintydig mønster kjem til syne. Det seier ikkje noko om årsaker, men det syner eit klart samanfall mellom kulturelle oppfatningar.

Særleg dei nynorskpositive i fylke utanfor det nynorske kjerneområdet var mykje meir innvandrarvennlege enn dei i desse områda som var negative til nynorsk. Ikkje uventa var haldningane til at det no finst muslimske trussamfunn i Noreg, meir negative i dei nynorske kjerneområda enn i resten av landet. Her blei etablerte norske kulturmønster særleg sterkt utfordra.

Dette vil ikkje seie at alle nynorskpositive bokmålsbrukarar eller at alle nynorskbrukarar er positive til innvandrarane si rolle i det norske samfunnet. Særleg tala for vestlandsfylka tyder på at ein god del nynorskbrukarar var skeptiske, kritiske eller avvisande til innvandrarane.

Dialektar står sterkt i Noreg. Det gjer ikkje dei nye minoritetsspråka som innvandrarane har hatt med seg til Noreg sidan dei første tyrkarane kom i 1965. I 2009 blei nordmenn for første gong spurde om korleis dei stiller seg til at fleire nye varige minoritetsspråk utviklar seg i Noreg. Berre 17 prosent var samde i at slike språk burde få sin plass i Noreg (tabell 5.1.5). Heile 64 prosent var heilt eller delvis usamde i ei slik utvikling.

Vesentleg fleire yngre enn eldre var samde i at det er greitt med slike nye minoritetsspråk. Dei med vidaregåande utdanning eller fagskule som høgaste utdanning, var meir usamde i denne utviklinga enn dei som berre hadde grunnskule eller universitets- og høgskuleutdanning. Dei med lågast inntekt var meir samde i slik utvikling av nye minoritetsspråk enn dei med høgare inntekt. Geografisk var skilnadene små.

Summen av kunnskap om bruk av nynorsk, haldning til dialekt og innstilling til nye minoritetsspråk gir eit uventa svar: Dei med høg utdanning og/eller høg inntekt er mindre språkleg tolerante enn dei med låg inntekt og/eller låg utdanning.

Dei siste tiåra er det stilt mange spørsmål om synet på norsk språkpolitikk. Eit av dei sjeldne spørsmåla kom frå Noregs Mållag i 2006: «I kva grad synest du det er ein fordel for det norske språket at vi har nynorsk i tillegg til bokmål?» 33 prosent meinte at det i nokon eller svært stor grad er ein fordel, medan 48 prosent i nokon eller svært liten grad såg ein fordel ved dette (tabell 5.1.4). Kvinner var litt meir positive enn menn, og dei over 50 var mykje meir positive enn dei som var yngre. Dei som tente minst, såg ingen fordel i det heile, medan dei som tente litt meir, var dei mest positive, og så fall tilslutninga i takt med høgare inntekt. Folk i mindre byar med 5000–50 000 innbyggjarar var mest negative og folk i hovudstaden mest positive. Størst var motstanden i nord, der 84 prosent av folk i Finnmark og 65 prosent av innbyggjarane i Troms i liten eller svært liten grad såg nokon fordel med to norske språk. Motstykket var, som så ofte elles, Sogn og Fjordane. Der meinte 65 prosent at det i nokon eller svært stor grad var ein fordel med nynorsk i tillegg til bokmål, tre prosent såg i liten grad nokon fordel, men ingen svara «i svært stor grad».

Stortinget vedtok alt i 1885 å jamstille dei to språka som i dag heiter bokmål og nynorsk. Før 2012 hadde ingen spurt nordmenn om bokmål og nynorsk framleis burde vere jamstilte språk. Undersøkinga frå 2006 ga nokre peikepinnar om meiningslandskapet, men svara var ukjende i 2012.

Spørsmålet om jamstilling deler Noreg i to, og uvanleg mange meiner noko om saka. Fire av ti meiner nynorsk og bokmål skal bli verande jamstilte, og like mange er usamde i dette. Berre ein av ti veit ikkje kva dei meiner om spørsmålet. Slik var det i 2012, og slik var det i 2013, men signifikant fleire tek stilling no enn før Språkåret.

I 2012 var 46 prosent heilt eller delvis samde i at nynorsk og bokmål skal vere jamstilte språk, og 31 prosent svara at dei likte godt eller svært godt at Noreg blir meir fleirspråkleg (tabell 5.1.6). Dei tilsvarande tala i 2013 var 48 prosent og 34 prosent. Her gav verken utdanning eller inntekt særlege utslag, kvinner og eldre var meir positive enn menn og dei yngre, og motstanden var minst på Vestlandet.

Spørjeundersøkingar seier aldri alt, heller ikkje om kor tolerante nordmenn faktisk er språkleg sett. Over tid har det kome mange meiningsmålingar om kulturell toleranse, og nokre om språkleg toleranse. Tendensen har vore at dei som er mest positive til at Noreg er eit land med to jamstilte norske språk, også er dei som er mest positive til nye kulturelle impulsar frå innvandrarar.

Der var ein skepsis. Hausten 2013 likte ein av tre godt eller svært godt at Noreg blir eit meir fleirspråkleg samfunn, like mange verken likte eller mislikte det, og ein av tre likte det litt eller svært dårleg (tabell 5.1.7). Også her var det fleire som tek stilling no enn for eit år sidan, og dei som gjorde det, fordelte seg ganske likt mellom for og mot. Kvinner var meir positive enn menn, unge meir positive enn eldre, folk med høgare utdanning meir positive enn dei med mindre utdanning, det same gjaldt for høg inntekt, og folk på Austlandet var dei mest positive – men folk i Oslo dei mest negative.

Svara i undersøkingane tyder på at så mykje som 250 000 menneske kan ha skifta meining i eitt eller fleire av desse språkspørsmåla i 2013. Det er umogleg å bevise at det er Språkåret som er årsaka til desse meiningsendringane, og det er sannsynleg at fleire årsaker har gjort seg gjeldande. Endringane tyder iallfall på at Språkåret greidde å fange opp og spele på lag med andre endringsmekanismar i samfunnet.

Frå og med 2005 blir det regelmessig publisert integreringsbarometer. Integrerings- og mangfalddirektoratet publiserte det sjuande i rekkja i 2014. Her er det diverre inga kopling til førstespråket hos dei som svarar, og det materialet som er blitt utvikla mellom 1995 og 2013 på anna hald, kan difor ikkje koplast til dette barometeret.

 

5.2 Språkpolitisk engasjement

Fire av ti veljarar er interesserte i det som i valundersøkingane blir kalla språkspørsmålet. Liknande data er ikkje kjende frå andre land, men iallfall i Norden er det tydeleg at språk engasjerer nordmenn meir enn andre, kanskje med unntak av islendingane.

Med litt ulike spørsmål har valundersøkingane frå 1965 kartlagt kor interesserte og engasjerte veljarane har vore i språksaka. Til grunn for undersøkingane ligg erkjenninga av at språkbruken i det private kan representere ei politisk kraft i det offentlege rommet, ei motkulturell kraft. Ved sida av lekmannsrørsla og fråhaldsrørsla tok målrørsla form i førre hundreåret som ein motkultur retta mot dei kulturelle ytringsformene i bysamfunnet. Dette har i det minste vore den vanlege framstillinga i norsk statsvitskap.

Dei som svarar at dei er «nokså» eller «meget» interesserte, blir rekna som aktive, medan dei som seier dei er «lite» interesserte, går som passive. Det er langt frå innlysande at dette gir ein god peikepinn på kven som faktisk bruker nynorsk og bokmål.

Nesten halvparten av veljarane er nokså eller svært interesserte i språkspørsmålet (tabell 3.3.1). Like frå 1965 fram til 2013 har mellom 39 og 48 prosent av veljarane svara slik. Når desse svara blir kopla til kva språk veljarane bruker, blir dei som svara at dei var nokså eller svært interesserte, rekna som aktive bokmåls- eller nynorskbrukarar (tabell 5.2.1). Frå 1965 til 2005 var den største endringa her at det blei mange fleire aktive bokmålsbrukarar.

Den gruppa av nynorskbrukarar som har minka mest mellom 1965 og 2005, er dei som er lite interesserte i språkspørsmålet. Til gjengjeld har engasjementet auka på bokmålssida med mange fleire aktive bokmålsbrukarar. Det er altså bykulturen som her har vunne fram. Samstundes er det blitt færre band mellom dei tre motkulturane.

Partia har endra språkprofil blant veljarane.

Når dei same svara blir sorterte etter kva parti veljarane har røysta på, kjem store endringar mellom 1965 og 2005 til syne (tabell 5.2.2). Både i SV(SF), Ap, V, KrF og Frp var vesentleg fleire av veljarane aktive bokmålsbrukarar i 2005 enn 40 år tidlegare. I Sp var denne endringa mindre. Berre H hadde fleire passive bokmålsveljarar i 2005 enn i 1965, og færre aktive bokmålsbrukarar.

Det partipolitiske potensialet i målsaka er nyleg analysert.¹⁰⁰ Aktive nynorskbrukarar har i tida 1965–2005 aldri vore noka særleg stor veljargruppe. Målsaka skil etter kvart jamt mindre veljarar med ulike partiidentifikasjonar frå kvarandre. Det ser såleis ut til at partiidentifikasjonen til nynorskbrukarane i liten grad heng saman med deira språkpolitiske standpunkt. Til gjengjeld står Ap sterkast blant dei som er lite interesserte i målsaka.

Blant nynorskbrukarane var det jamt over berre mindre endringar i to av sentrumspartia, KrF og Sp. Det tredje sentrumspartiet, V, mista derimot mange aktive nynorskbrukarar frå 1965 til 2005. Til gjengjeld fekk SV fleire slike veljarar. I Ap og Frp var nynorskprofilen nokolunde lik heile tida.

Ein nærstudie av dei seinare stortingsvala syner at i 1993 var 43 prosent av veljarane nokså eller svært interesserte i det som blei kalla språkspørsmålet. Tolv år seinare var endå fleire interesserte. Berre hos Frp-veljarane var språkengasjementet det same i 2005 som i 1993. I det tidsrommet dalte språkinteressa hos veljarane til både Venstre og Høgre. KrF endra seg mykje, særleg frå 2001 til 2005, og fekk fleire engasjerte bokmålsveljarar, men færre engasjerte nynorskveljarar. Sp hadde mange engasjerte nynorskveljarar heile tida, og fekk fleire interesserte bokmålsbrukarar i 2005. Då hadde SV og Ap meir engasjerte nynorsk- og bokmålsveljarar enn i 1993. Dei mest språkinteresserte veljarane gjekk i 2005 helst til KrF, Sp eller Ap (sjå kapittel 6.2 og 6.3).

 

5.3 Talemål

Dialektane har fått ei sterk stilling i Noreg dei siste tiåra. I hundreåra då Noreg var ein del av Danmark og seinare var i union med Sverige, heldt nordmenn flest fram med å tale dialektane sine. Sosialt akseptert av overklassen blei dette først frå 1970-åra då ei rekkje dialektaksjonar gradvis endra haldningane til dialektbruk.

Lenge før den tid var det usemje om kva talemål som var gyldige nasjonalt.

Spørjeundersøkingar frå Norsk Gallup og Aftenposten i 1950-åra synte tydeleg kor sterk oppslutning det var om bruk av normert uttale i NRK, og då først og fremst bokmål. Den første av desse undersøkingane er frå 1956 (tabell 5.3.1). Det mest interessante ved dei svara er at berre to av ti meinte det ikkje burde vere to språk i NRK-sendingane. Få år etter ein opprivande aksjon mot samnorsk og kort tid etter at fredsåra hadde sett spørsmålet om nynorsk og bokmål litt til sides, var dette færre enn venta.

I 1971 meinte 30 prosent av det var for mykje nynorsk i NRK (tabell 5.3.2). I 1979 ville 70 prosent ha radio- og tv-programma på bokmål (tabell 5.3.3). Då meinte vel halvparten av dei spurde at fordelinga mellom bokmål og nynorsk i NRK var nokolunde rettferdig (tabell 5.3.4). Det året var det 75 prosent bokmål i radio og 79 prosent bokmål i tv, dialektbruk ikkje medrekna (tabell 14.1.4).

Dei meiningsendringane som gjorde seg gjeldande i 1980- og 190-åra, er dårleg kartlagde. Resultatet viste att utover på 2000-talet.

I 2002 var eit stort fleirtal av bokmålsbrukarane og eit endå større fleirtal av nynorskbrukarane svært eller ganske positive til at vanleg daglegspråk blir brukt i radio og tv (tabell 5.3.5). Omgrepet «vanleg daglegspråk» kan ikkje reknast som synonym for dialekt, og det er difor vanskeleg å jamføre desse haldningane med tendensar i andre undersøkingar.

I 2009 var 71 prosent av innbyggjarane litt eller heilt usamde i at dialektane blir brukte for mykje (tabell 5.3.6). Kvinnene var meir tolerante til dialektbruken enn mennene, og det var ein svak tendens til at dei yngre aksepterte dialekt meir enn dei eldre gjorde. Med meir utdanning var det også fleire som er usamde i at dialektane blir for mykje brukte. Når dette blir kopla til faktisk bruk av skriftspråk, blir det tydeleg at dei med lite utdanning vil ha mindre språkvariasjon (sjå kapittel 7).

Di meir ein person tente, di meir samd var vedkomande i utsegna om at dialektane blir brukte for mykje. Dei med låg inntekt har ei meir positiv haldning til dialektar, og det var også fleire nynorskbrukarar blant dei med låg inntekt enn blant dei med høg inntekt. Dialekt og nynorsk var i 2009 ikkje eit sosialt overklassefenomen (sjå kapittel 7). Geografisk er austlendingane meir reserverte til bruk av dialekt enn innbyggjarane i resten av landet.

Rett nok var 22 prosent heilt eller litt samde i at det berre bør brukast bokmål i riksdekkjande radio og tv, men 77 prosent meinte også det var greitt å bruke dialekt (tabell 5.3.7). Det var vesentleg fleire som ville at også dialekt skulle brukast i riksdekkjande radio og tv enn det var som ville nøye seg med bokmål eller nynorsk.

Endå fleire ville ha dialekt i distriktssendingane i radio og tv (tabell 5.3.8). Dette skulle helst vere dialektar frå det aktuelle distriktet, og vesentleg fleire meinte det var greitt med dialektar enn om det blei snakka norsk med utanlandsk aksent (tabell 5.3.9). Det ser altså ut til at den språklege toleransen er sterkare overfor det ein oppfattar som norsk enn det ein ser på som utanlandsk.

Mønsteret frå 2009 dukka opp att to år etter. Ei lita undersøking frå 2011 viste at 47 av 82 NRK-medarbeidarar ville ha standardisert nynorsk eller bokmål i rikssendingane, medan 34 meinte at medarbeidarane skulle bruke sin eigen dialekt (tabell 5.3.10). I dist-riktssendingane meinte derimot berre 20 medarbeidarar at ein burde bruke normert nynorsk eller bokmål (tabell 5.3.11). Ei endå mindre undersøking viser kva 41 lyttarar og sjåarar meinte om bruken av nynorsk og dialekt i NRK Sogn og Fjordane (tabell 5.3.13). 11 meinte nynorsk var «godt» radiospråk, og 12 sa det same om dialekt.

Ei representativ publikumsundersøking i 2012 gav sikre haldepunkt om kva lyttarane og sjåarane meiner om saka. 74 prosent var heilt eller delvis samde i at det er greitt at programleiarane i riksdekkjande program bruker dialekt, og berre 24 prosent var like samde i at dei berre burde snakke normert nynorsk eller bokmål (tabell 5.3.19).

Like stor var aksepten for at nyheitsopplesarane bruker dialekt (tabell 5.3.20). Her var det fleire som ville ha normert nynorsk eller bokmål, men ikkje meir enn 34 prosent. For dialektsendingane var heile 87 prosent heilt eller delvis samde i bruk av dialekt (tabell 5.3.21). Det var ikkje fleire som meinte at det burde snakkast normert her enn tilfellet var for rikssendingane.

Det var NRK som gjennomførte undersøkinga i 2012. To år etter laga NRK ein reprise, men med ein annan type spørsmål. Sju av ti meinte at NRK-sendingane burde vere prega av dialektmangfald, men også at dei som snakka, burde unngå vanskelege dialektord (tabell 5.3.23). Berre ein av tre ville ha standard bokmål og nynorsk tale frå programleiarane. Preget av dialektmangfald hadde mindre tilslutning i Oslo og på Austlandet enn elles, og i aldersgruppene var det mest tilslutning hos dei mellom 30 og 39. Å unngå vanskelege dialektord var det ganske allmenn semje om, og i spørsmål om å tale normert var Nord-Noreg og Oslo ganske så gjennomsnittlege.

Der var ein klar tendens til at programleiarane burde snakke meir normert særleg i riksnyheiter, og meir dialekt i distriktssendingar og andre program (tabell 5.3.24). Det synspunktet hadde sterkare støtte i Oslo enn resten av landet, men også her var nordlendingane om lag som gjennomsnittet. Det spesielle ved det var at ingen brukte meir dialekt enn nettopp nordlendingane, og ingen var meir positive til allmenn dialektbruk enn dei (sjå kapittel 7.1). For nyheitssendingane i NRK gjaldt det altså ei anna norm, men berre der. I program av typen Nitimen ville 43 prosent ha mest dialekt – det meinte 56 prosent av nordlendingane, 36 prosent av oslofolk og 31 prosent av austlendingane. Også i dette spørsmålet var det mest stemning for dialekt i aldersgruppa 30–39 år, og minst i gruppa 15–29 år. Desse tala ber i seg tydelege spor av dei mange tiår lang debatt om språket i rikskringkastinga, der meiningssterke oslomiljø støtte den normerte talen, helst bokmål og riksmål

Ni av ti over heile landet meinte det var bra at folk snakkar dialekt (tabell 5.3.25). Her var det små meiningsskilnader mellom geografiske område og mellom ulike aldersgrupper. Slik var det også med spørsmålet om forståing av dialektar. Fire av ti var heilt eller delvis usamde i at alle dialektar er lette å forstå, og like mange meinte at nokre dialektar er umoglege å forstå. At dialektbruk hindrar kommunikasjon i samfunnet, sa 34 prosent seg samde i, nordlendingane var mest usamde, og mange var usikre. Fire av ti meinte at dialektar blir brukte for mykje, men aldersgruppa 30–39 var mest usamd i dette.

Vanskelegast å forstå meinte folk at nordnorske dialektar er, lettast er dialektane i austlandsbyane (tabell 5.3.26). Undersøkinga fortel kva folk meiner og trur om dialektane, ikkje kva dei faktisk forstår, og dei meiningane var eit brukut lappeteppe. Minst meiningsskilnader var det om nordnorske og vestlandske dialektar, medan ein del vestlendingar streva med trøndsk, og ein del trønderar med sørlandske talemål. Dialektane i fjellbygdene austafor var det vestlendingane som forstod dårlegast, og ein av få tydelege meiningsskilnader mellom aldersgruppene gjaldt dialektane på dei austlandske flat bygdene. Dei var det gruppa 50+ som forstod best.

På eit oppfølgingsspørsmål om kva faktorar som gjorde det vanskeleg å forstå tale i NRK, svara 39 prosent dialektar, 19 prosent utydeleg uttale, 10 prosent vanskelege ord. Berre tre prosent meinte nynorsk gjorde det vanskeleg å forstå.

Korleis innvandrarane oppfattar det norske dialektmangfaldet har vore lite undersøkt. Ei av dei første til å stille kritiske spørsmål om dette var språkforskaren Åsta Øvregaard. Å bruke dialekt i alle samanhengar går ikkje utan vidare i hop med ønsket om sosial og kulturell integrering, skreiv ho i 2008. Då risikerer vi at dialekt blir maktspråk.¹⁰¹ Språkforskaren Arne Torp var samd i at det var god grunn til å ta omsyn, men meinte det var å overdrive om dialektar blei framstilt som ei hindring for integrering.¹⁰² I åra etterpå har bruken av dialekt auka på.

I 2009 var 56 prosent at programleiarane i riksdekkjande radio og tv burde snakke normert. Fem år seinare meinte berre 33 prosent det same. Det er ei formidabel meiningsendring på kort tid.

Å vurdere dialektar er og blir synsing. Den synsinga byggjer på ei blanding av kunnskapar, fordomar, meir eller mindre vilkårlege røynsler, sikkert også hören sagen frå andre. I 2011 kåra Dagbladet dei mest og minst sjarmerande dialektane ved at den som ville, svara på Internett (tabell 5.3.12). Best ut av dette kom Stavanger-dialekten, som også var ein av dei tre mest mislikte.

Mindre kuriøs er kunnskap om korleis folk ser på sine eigne dialektar. I ei lita rundspørjing blant elevar ved to vidaregåande skular i indre Agder i 2012 var åtte av ti nynorskbrukarar heilt eller delvis samde i at dialekten i heimbygda deira var fin (tabell 5.3.14). Seks av ti bokmålsbrukarar sa det same. Det var så godt som ingen skilnad mellom desse to gruppene då dei svara på spørsmålet om dei snakka ein dialekt som var vanleg på heimstaden deira (tabell 5.3.15).

Nynorsk- og bokmålsbrukarane i indre Agder skilde lag då spørsmålet var om dei brukte dialekten i alle samanhengar – det gjorde mange fleire nynorsk- enn bokmålsbrukarar (tabell 5.3.16). Derimot var det tydeleg at fleire bokmåls- enn nynorskbrukarar tilpassa dialekten sin i ulike samanhengar (tabell 5.3.17). Og noko fleire av nynorsk- enn bokmålsbrukarane hadde lite til overs for knot (tabell 5.3.18).

Ungdomsskuleelevar i bokmålsbyen Haugesund og nynorskkommunen Vindafjord var delte i sin språklege praksis, men 90 av 123 elevar meinte det var litt eller heilt sant at dialekten deira likna mest på nynorsk (tabell 5.3.22).

 

5.4 Bokmål og nynorsk i skrift

Haldningane til norsk språk endra seg mykje i andre halvdelen av 1900-talet. Det som var ein samlande tanke om eitt språk i åra etter den tyske okkupasjonen – ein var berre usamde om kva språk det skulle vere, blei til ei aukande forståing av eit fleirspråkleg Noreg.

I 1946 ville berre 15 prosent av innbyggjarane halde på både bokmål og nynorsk som skriftspråk, og 79 prosent viller ha eitt språk (tabell 5.4.1). Det var første gongen den nye reiskapen spørjeundersøking blei brukt om språklege emne. Noko fleire menn enn kvinner ville ha eitt skriftspråk, og politisk var Ap-, NKP- og H-veljarane dei mest positive, medan ja-prosenten var minst blant V- og KrF-veljarane (tabell 5.4.2).

Av dei som ville ha eitt skriftspråk, gjekk 66 prosent inn for bokmål og 30 prosent for nynorsk (tabell 5.4.3). Oppslutninga om nynorsk som einaste skriftspråket var størst på Sør- og Vestlandet, og størst om bokmål på Austlandet og i Nord-Noreg. Blant Venstre-veljarane var det eit visst fleirtal for nynorsk som einaste skriftspråket, medan eit stort fleirtal av veljarane i dei andre partia gjekk inn for bokmål.

Alt i 1951 svara 27 prosent at det var nødvendig å ha skriftlege eksamensprøver i både nynorsk og bokmål ved examen artium (tabell 5.4.4). Dette endra seg til at 26 prosent i 1957, 23 prosent i 1966 og 20 prosent i 1975 meinte at gymnasiastane skulle skrive eksa-menssvar på begge språka (tabell 5.4.5 og 5.4.6).

Svara på same spørsmålet i 1957 er sortert etter dei vanlege sosiale variablane. Ein av fire visste ikkje kva dei meinte. Fleire menn enn kvinner ville ha eksamen på begge språka, dei yngre var noko meir positive enn dei eldre, dei med gymnas eller høgare utdanning var mykje meir positive enn dei med lågare utdanning, bygdefolk meir enn byfolk, austlendingane mindre positive enn resten av landet, pensjonistane mykje meir negative enn funksjonærar og sjølvstendig næringsdrivande, dei som arbeidde i primær- eller tertiærnæringane var mest positive, og partipolitisk var tilslutninga mykje større hos Sp-veljarar enn hos H-veljarar.

I 1996 skulle Norsk språkråd avgjere om namneformene «Norge» og «Noreg» skulle jamstillast eller om «Noreg» skule bli verande eineform på nynorsk. Ein del av vurderingsgrunnlaget var ei meiningsmåling blant nynorskbrukarane. Svaret var eintydig: Sju av ti ville jamstille dei to formene (tabell 5.4.7). På få unntak nær var variasjonen i svara liten. Sterkast tilslutning hadde framlegget blant lågare og høgare funksjonærar og sjølvstendig næringsdrivande, og svakast hos heimearbeidande.

Tilgangen på lesestoff i ulike sjangrar og format er med og utvida breidda i ein skriftkultur. Dette rører ved konvensjonar om kva språk passar til, og kva stoff som passar på ulike språk. Lingvistisk er ikkje eitt språk betre enn eit anna i så måte, men dei sosiale og kulturelle oppfatningane formar haldningar til dette. Det kom tydeleg fram då elevar ved Volda ungdomsskule i 1996 blei spurde om kva stoff nynorsk og bokmål passa best til. Utvalet av svararar var ikkje stort, men fleire viktige meiningsskilnader mellom jenter og gutar kom til uttrykk.

Ein like stor del av jentene og gutane meinte at nynorsk ikkje passa i ungdomsblad, mange meinte det ikkje var bra at bokmål dominerte i vekeblad og aviser, og fleire jenter enn gutar ville ha meir nynorsk i riksavisene (tabell 5.4.8). Derimot var jentene og gutane ganske samde om at nynorsk høver best i annonsar og redaksjonelt stoff i lokalavisene, og noko fleire av jentene meinte bokmål passa best i ungdomsbøker og kjærleiksromanar (ta-bell 5.4.9). Det dei var vane til å sjå, var også det som passa best, og jentene var hakket meir konvensjonelle enn gutane i så måte.

Den forklaringa held ikkje for svara frå dei same Volda-elevane om tv-teksting i 1996. Nesten ingen av jentene ville ha tekstane på nynorsk (tabell 5.4.10). Eller kanskje handlar det om det same: Dei programma desse tenåringane såg, var slike som ein ikkje var vane til å sjå teksta på nynorsk.

I Oslo var 55 prosent av vidaregåande-elevar usamde i at det var for mange filmar var teksta på nynorsk i tv (tabell 5.8.12). Same året meinte 83 prosent av lærarar i vidaregåande skule i Oslo det same (tabell 5.7.1).

Då 123 ungdomsskule-elevar i Haugesund og Vindafjord blei spurde om teksting av tv-program i 2013, meinte 39 av 51 nynorskelevar det var greitt at NRK teksta nokre av programma på nynorsk (tabell 5.4.22). Bokmålselevane var delte på midten – 31 meinte det var greitt, 29 at det ikkje var greitt. Svært mange av bokmålselevane meinte at NRK ikkje burde tekste endå meir på nynorsk. Det same meinte 16 av 51 nynorskelevar.

Dette handla om fleire ting, også om ein eventuell samanheng mellom språk og lokale kulturtradisjonar. Dette fekk 300 elevar i seks kommunar spørsmål om i 2000. Di meir nynorsk var brukt i lokalsamfunna, di fleire meinte at nynorsk var ein viktig del av den lokale kulturen (tabell 5.4.11). Eit liknande mønster gjorde seg gjeldande for bokmål, men ikkje med så store utslag som for nynorsk. Elevane hadde sterkare meiningar om nynorsk og lokal kultur enn om bokmål og lokal kultur.

Liknande spørsmål blei stilte til elevar ved to vidaregåande skular i indre Agder i 2012. Åtte av ti nynorskelevar meinte nynorsk var ein del av kulturen i heimbygda deira, mot seks av ti bokmålselevar (tabell 5.4.16). Fleire nynorskelevar meinte altså dette, og dei meinte det sterkare. Meiningsskilnaden var endå større i spørsmålet om nynorsk burde brukast i barneskulen i heimbygda. Det meinte åtte av ti nynorskelevar, men berre tre av ti bokmålselevar (tabell 5.4.17). Mønsteret frå seks kommunar i 2000 kunne såleis finnast att i indre Agder i 2012.

61 elevar ved tre vidaregåande skular på Austlandet svara i 2010 på ei rekkje spørsmål om bruk av nynorsk. Elevane kom frå ein skule i bokmålsområde, i eit språkleg grenseområde og frå eit nynorskområde. Stort sett meinte bokmålselevane det motsette av nynorskelevane, og i dei fleste spørsmåla var elevane i grenseområdet mest samde med nynorskelevane (tabell 5.4.14). 41 av elevane var heilt eller ganske samde i at nynorsk og bokmål burde bli verande jamstilte språk, medan 17 var heilt eller ganske usamde. 47 elevar var heilt eller ganske samde i at journalistane i dei store avisene burde få skrive på nynorsk viss dei sjølve ønskte det, men elevane var meir delte i spørsmåla om fleire filmar burde tekstast på nynorsk og fleire bøker omsetjast til nynorsk.

Dei fleste av desse Austlands-elevane meinte at haldninga deira til nynorsk hang saman med nynorskundervisninga dei fekk i skulen (tabell 5.4.15). Kva slags undervisning skulen tilbyd, har altså med meir å gjere enn fagleg dugleik og evna til å lese og skrive nynorsk. Like mange meinte rett nok at haldninga til nynorsk også hang saman med deira eigen kulturelle bakgrunn, men fleire elevar var usamde i dette enn i kva rolle undervisninga spelte.

123 ungdomsskule-elevar i Haugesund og Vindafjord svara på liknande spørsmål i 2013. Ein tredel av dei visste ikkje kva foreldra meinte om nynorsk (tabell 5.4.20). Heile 55 elevar meinte nynorsk ikkje er ein viktig del av norsk kultur, medan 51 elevar sa at det var litt eller heilt sant, og blant dei 41 var det særleg mange nynorskelevar. Derimot var nynorskelevane meir usikre enn bokmålselevane på om den kulturelle bakgrunnen påverka haldninga deira til nynorsk.

Også i denne undersøkinga skilde nynorsk og bokmålsbrukarane lag i meining, i like stor grad som på Austlandet. 40 av 51 nynorskelevar meinte at journalistar må få velje språk sjølve, og det same meinte 27 av 71 bokmålselevar (tabell 5.4.21). Dei fleste bokmålselevane meinte det ikkje var for lite nynorsk i avisene og at alt burde stå på bokmål. Dei fleste nynorskelevane meinte det var for lite nynorsk, men ville ikkje at alt skulle stå på nynorsk. Som så ofte elles markerte nynorskbrukarane ein tospråkleg posisjon i praksis.

Ungdomsskuleelevane i Volda var vane med nynorsk i lokalpressa og bokmål i rikspressa. Regionavisa Sunnmørsposten kartla i 2002 kva lesarane deira meinte om bruken av nynorsk i spaltene (tabell 5.4.12). Sju av ti meinte det var ei passeleg blanding av nynorsk og bokmål, men særleg i Ørsta og Volda var det fleire som ville ha meir nynorsk. I omlandet til Sunnmørsposten var det mykje meir nynorsk i bruk enn i avisspaltene (sjå kapittel 15.3). Vanen gjorde sitt; det var greitt at det var som det var.

Dei største riksavisene har tradisjonelt brukt mindre nynorsk i sitt redaksjonelle stoff enn mindre riksaviser og fleire regionaviser. Noregs Mållag lanserte i april 2006 kampanjen «Slepp nynorsken til!» retta mot VG og Dagbladet. Dei ville få desse to riksavisene til å bruke meir nynorsk på redaksjonell plass. Seks månader seinare overrekte Noregs Mållag 36 000 underskrifter til Dagbladet.

I januar 2006 hadde Sentio gjennomført ei spørjeundersøking om saka for Nynorsk Pressekontor (tabell 5.4.13). 29 prosent svara at dei var samde i kravet, 50 prosent var usamde og 10 prosent visste ikkje kva dei meinte. Der var ingen meiningsskilnader mellom menn og kvinner, men langs alle andre variablar var skilnadene til dels store. Særleg mange sa ja blant dei over 50 år, med høgare utdanning, lita inntekt, vestlendingar, dei som budde på bygdene, og blant dei som røysta på sentrumspartia eller SV.

Nei-prosenten var større blant dei mellom 30 og 39 enn hos dei yngre og dei eldre. 30 prosent av dei under 30 år var samde i kravet. I ei spørjeundersøking med nokolunde same spørsmålet blant Oslo-elevar ved vidaregåande skular i 2005 sa derimot 44 prosent at dei to avisene burde sleppe til meir nynorsk (tabell 5.8.10). Det standpunktet hadde støtte frå eit fleirtal av elevar ved vidaregåande skular i nynorskområde og språklege grenseområde på Austlandet i 2010 (tabell 5.4.14). Det same meinte halvparten av elevane ved ein nynorsk ungdomsskule i Nord-Rogaland i 2013, medan elevane ved to bokmålsskular i same området i større grad var mot I denne saka var mange nynorskelevar usikre.

Fleire undersøkingar har vist at relativt fleire med lite utdanning bruker nynorsk. Sympatien for nynorsk i denne saka var derimot vesentleg mindre hos dei med lite utdanning enn hos dei med høgare utdanning. Derimot var også dei lågtlønte i denne undersøkinga meir positive til nynorsk enn dei med høgare inntekt.

Di meir urbanisert folk budde, di fleire av dei var usamde i kravet frå Noregs Mållag. Størst tilslutning var å finne hos dei som budde på bygdene. Særleg dei som budde i Hordaland, Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal, var positive til meir nynorsk i VG og Dagbladet. Mest negative var dei som budde i Nord-Noreg.

At også ganske mange i Vestfold ville ha meir nynorsk i osloavisene, kan verke overraskande, men vel så uventa var det at heile 24 prosent i Sogn og Fjordane ikkje visste kva dei skulle meine om saka.

Partipolitisk var mønsteret det same som i dei store valundersøkingane. Den positive innstillinga til nynorsk var størst i sentrumspartia og i SV. Meiningsskilnadene blant veljarane til Frp og Ap var derimot små. Også blant Venstre-veljarane var eit fleirtal imot. Dermed stadfesta også denne undersøkinga at dette partiet har endra veljargrunnlaget sitt kraftig.

I slike underlagsmateriale er feilmarginane særleg store. Tendensane i desse svara var likevel så tydelege at nokre av dei lange linjene i norsk kulturhistorie kom til syne.

200-årsjubileet for Ivar Aasen var grunnlaget for Språkåret. Kor mange har høyrt om ein person som levde og døydde på 1800-talet, og kva slags inntrykk har dei av han? Hausten 2012 hadde 96 prosent høyrt om Ivar Aasen. Hausten 2013 hadde 98 prosent høyrt om han. Det høge talet frå 2012 blei altså stadfesta og vel så det (tabell 5.4.18).

For eit år sidan hadde vel fem av ti eit svært godt eller ganske godt inntrykk av Ivar Aasen. I november 2013 svara seks av ti det same (tabell 5.4.19). Fleire meinte noko om han, og fleire hadde eit positivt bilete av han enn før Språkåret tok til. Hausten 2013 hadde berre fem prosent eit dårleg inntrykk av han. Forholdet melom oppfatningane om Ivar Aasen og nynorsk er ein viss parallell til politiske spørjeundersøkingar der ein partileiar kan vere meir – eller mindre – populær enn partiet.

 

5.5 Engelsk og norsk

Nordmenns haldningar til engelsk har vore undersøkte nokre få gonger etter 1945, og der er store skilnader i synet på engelsk.

Nynorsk faktabok 2005 presenterte fleire undersøkingar der meiningane om engelsk var sorterte etter språket til svararane. Den eldste, kjende undersøkinga stod Anne Steinsvik Nordal for i 1996. Blant niandeklassingar i Volda meinte ein av tre at det var greitt med engelske ord i norsk, og fem av ti meinte det var greitt med ein del engelske ord (tabell 5.5.1). I 1998 meinte åtte av ti elevar ved vidaregåande skular i Hordaland at det var greitt med engelske butikknamn i Noreg (tabell 5.5.2).

I Hordalands-tala var det, litt uventa, jentene blant nynorskbrukarane som var mest reserverte overfor engelske namn på butikkar og firma. I Volda var nettopp jentene ørlite meir positive enn gutane til engelske ord i norsk. Bokmålsbrukarane blant Hordalands-elevane var meir positive til engelsk enn nynorskbrukarane. Dette skiljet mellom nynorsk- og bokmålsbrukarar er endå tydelegare blant dei vaksne (tabell 5.5.3). Nynorskbrukarane var i 2002 både fleire som meinte at det bør lagast nye norske ord, og dei meinte det sterkare enn bokmålsbrukarane (tabell 5.5.4). Der var nynorskbrukarane også mykje meir negative til engelsk som arbeidsspråk enn bokmålsbrukarane (tabell 12.3.1). Sju av ti var heilt eller nokså usamde i at det var best om alle brukte engelsk.¹⁰³

I 2007 gjennomførte Språkrådet den første større spørjeundersøkinga om emnet på lang tid. Heile 86 prosent var samde i at det er viktig å vere medvite om sitt eige språk og bruke norske ord og uttrykk (tabell 5.5.5). Derimot svara 50 prosent at det ofte var enklare å bruke engelske enn norske uttrykk, men berre 22 prosent meinte at engelsk var eit betre språk enn norsk.

Den positive haldninga til engelsk stod noko sterkare blant menn enn blant kvinner (tabell 5.5.6). Dei yngre var mykje meir positive enn dei eldre, og tilsvarande som i undersøkinga av haldninga til nye minoritetsspråk (tabell 5.1.4) var det blant dei med minst og mest utdanning den positive innstillinga var størst også til engelsk. Særleg i Oslo, men også på resten av Austlandet, var det fleire som meinte at engelsk er betre enn norsk enn tilfellet var i resten av landet, trass i at det er desse andre landsdelane som står for det meste av eksporten.

Vel halvparten av dei spurde var usamde i at dei fleste snakkar engelsk om 50 år (tabell 5.5.7). Mennene var ein tanke meir samde enn kvinnene. Alder gav uventa lite utslag: 50 prosent av dei mellom 15 og 29 år, og 50 prosent av dei over 50 år, meinte dei fleste ikkje snakkar engelsk om 50 år. Sterkast uttrykk for dette gav vestlendingane, medan Oslo-folk hadde meir tru på engelsk om 50 år enn folk i nokon annan landsdel. Det var i det heile ein markert motstand mot bruk av engelsk i ulike samanhengar i 2007, og særleg til engelske butikknamn og at norske selskap bruker engelsk som arbeidsspråk (tabell 5.5.8).

Heile 67 prosent var negative til at mange butikkar brukte «sale» i staden for «salg»; alternativet «sal» blei ikkje nemnt av Språkrådet som stod bak undersøkinga (tabell 5.5.9). Fleire menn enn kvinner var positive til bruken av «sale», vesentleg fleire yngre enn eldre, og – også her – dei med minst utdanning var meir positive enn dei med utdanning frå universitet og/eller høgskule.

46 prosent av alle spurde brukte i 2007 engelske ord ein eller fleire gonger om da-gen (tabell 5.5.10). Dette gjaldt fleire menn enn kvinner, svært mange fleire yngre enn eld-re, og vesentleg fleire med høgare utdanning enn dei med grunnskule som høgaste utdanning (tabell 5.5.11). Minst bruk av engelske ord i daglegtalen var det i Nord-Noreg og det som i ein del spørjeundersøkingar no blir kalla Vestre Austlandet.

Dei aller fleste nordmenn meiner det er viktig å verne det norske språket. Slik svara ni av ti hausten 2007 (tabell 5.5.12). Så mykje som 61 prosent var heilt samde i dette. På same måten som mennene hadde noko meir tru på engelsk enn på norsk i framtida, var det ørlite fleire kvinner som la særleg vekt på vern av norsk. Skilnadene mellom ulike aldersgrupper var små, ni av ti også blant dei under 30 år delte synspunktet. Same kva landsdel ein budde i, var svaret stort sett det same.

Økonomistudentar ved Universitetet i Bergen og Noregs handelshøgskule blei vinteren 2011/12 spurde om deira syn på engelske og norske finanstermar. For dei var engelsk ikkje noko stort problem. To av tre, 77 av 117, var heilt eller delvis usamde i at det er for mange engelske termar i finansnæringa (tabell 5.5.13). Det var brei semje om at dei engelske termane er meir presise, og at dei norske termane ikkje er gode, men sju av ti var også heilt eller delvis samde i at det er viktig å utvikle norske omgrep. Her var kvinnene meir positive til norske omgrep enn mennene, som på si side meinte sterkare det dei meinte (tabell 5.5.14 og 5.5.15). I det avgrensa utvalet var NHH-studentane noko meir positive til norske omgrep enn studentane ved Universitetet i Bergen var (tabell 5.5.16 og 5.5.17).

 

5.6 Lesing og skriving

Dei språkvala tenåringane tek, verkar inn på haldningane deira etterpå, iallfall for ei tid. Eit stort mindretal av bokmålsbrukarar vil helst ikkje lese nynorsk, og eit like klart mindretal av nynorskbrukarar har eit anstrengt forhold til sitt eige språk.

Frå 1980-åra har den store verdiundersøkinga Norsk Monitor kartlagt mange samfunnsspørsmål, i ein periode også haldningane til å lese bøker, blad og aviser på nynorsk. Med litt variasjonar undervegs var det både i 1985 og 1999 ni prosent som føretrekte å lese bøker på nynorsk (tabell 5.6.1). Dei store lesargruppene var å finne på Vestlandet. Der sa fem av ti at dei føretrekte å lese på nynorsk. Samstundes var der ein nedgang å spore. Frå 1985 til 1999 styrkte KrF posisjonen sin blant nynorskbrukande veljarar, medan særleg Ap og H gjekk tilbake.

Eit nærbilete av åra 1995–1999 viste at mennene var ørlite meir positive til å lese nynorsk enn kvinnene var, velviljen minka i takt med urbaniseringsgrad, og vestlendingane var mykje meir positive enn andre (tabell 5.6.2). Utdanning hadde lite å seie, men alder slo ut – dei eldre var meir positive enn dei yngre. Det største skiljet gjekk mellom innbyggjarane i nynorskkommunar og andre delar av landet. Jamt over føretrekte 34–54 prosent av innbyggjarane i nynorskkommunane å lese nynorsk, med lågast prosentdel i aldersgruppene 25–39 år, medan berre fire prosent av innbyggjarane i andre kommunar føretrekte lesestoff på nynorsk.

Svararane kunne gradere haldninga si ut frå fem svaralternativ: a) Liker godt å lese nynorsk, b) Synest det går greitt å lese nynorsk, c) Vil helst sleppe å lese nynorsk, d) Kan ikkje tenkje meg å lese nynorsk, og e) Usikker. 39 prosent likte i 1999 godt eller syntest det var greitt å lese nynorsk, men 41 prosent ville helst sleppe og 19 prosent kunne ikkje tenkje seg å lese nynorsk (tabell 5.6.3). Det er tal som viser stor avstand mellom allmenn toleranse og spesifikk handling. Dei som var positive til nynorsk, var meir positive di meir bøker dei las generelt. Blant dei negative var haldninga den same om dei las mange eller få bøker.

Der er ein viktig nyanse i dette. 11 prosent av bokmålsbrukarane i nynorskkommunar likte godt å lese nynorsk, 43 prosent synest det gjekk greitt, men 32 prosent ville helst sleppe, og 11 prosent kunne ikkje tenkje seg å lese nynorsk.¹⁰⁴ Bokmålsbrukarar i nynorskkommunar var altså meir positive til å lese nynorsk enn bokmålsbrukarar i resten av landet.

Tre av ti nordmenn liker i nokon grad eller i svært stor grad å lese nynorsk. Det var iallfall situasjonen i 2006 (tabell 5.6.11). 30 prosent likte det i nokon grad eller i svært stor grad. Noko fleire kvinner enn menn gjorde det, dei over 50 år mest og gruppa 30–39 år minst. 45 prosent av dei med meir enn treårig høgare utdanning likte å lese nynorsk, mot berre 23 prosent av dei med vidaregåande skule. Folk med middels høge inntekter var meir positive enn andre inntektsgrupper. Svakast stod lesing på nynorsk i dei mindre byane med 5000–50 000 innbyggjarar, og i denne undersøkinga var det faktisk fleire i Oslo enn på bygdene som likte å lese nynorsk. På Vestlandet gjorde 45 prosent det, i Nord-Noreg berre 17 prosent og på Austlandet utanom Oslo 18 prosent. Mest negative var innbyggjarane i Finnmark og Vestfold, der 79 og 76 prosent i liten grad likte å lese nynorsk. Mest positive var folk i Sogn og Fjordane. Der las 74 prosent gjerne nynorsk, i nokon eller svært stor grad.

Den som liker å lese nynorsk, har altså bra utdanning, tener midels, bur i Oslo, i tettstader eller på bygda, aller helst på Vestlandet.

Det kan vere eit argument for at alle bør lære å lese og skrive begge språka, men jamt over veg det nok tyngre som eit argument mot. Den språkdelte norske kulturen er blitt meir akseptert med åra. Med dei læreplanane som blei innførte frå og med skuleåret 2006/07, blei det eit overordna krav at alle elevar skal lære å lese og skrive både bokmål og nynorsk. I 2008 var det vesentleg fleire enn nynorskbrukarane som meinte dette er viktig (tabell 5.6.13). 27 prosent var samde i dette, og skilnadene var ganske små mellom dei som budde i bygder, i småbyar, større byar og Oslo. 44 prosent var usamde, medan heile 28 prosent la seg midt imellom.

Tendensen til at svararane fordelte seg ganske likt mellom desse tre svara, pregar undersøkinga. Det var jamt over mange fleire som var heilt usamde enn som var heilt samde. Unntaket var vestlendingane. For Vestlandet under eitt var 21 prosent heilt usamde og 22 prosent heilt samde. I Sogn og Fjordane var berre 4 prosent heilt usamde og heile 35 prosent heilt samde. Også i Hordaland og Møre og Romsdal var det mange fleire som var heilt samde enn heilt usamde.

Med stigande alder auka tilslutning til synspunktet om verdien av opplæring i begge språka. Utdanning og arbeid hadde derimot lite å seie. Den partipolitiske skilnaden var derimot tydeleg.

Høgre-veljarane var dei mest negative. Heile 37 prosent var usamde, og berre 10 prosent samde. Dei tilsvarande tala for Frp-veljarar var 34 prosent og 14 prosent. Blant Ap-veljarane var engasjementet like sterkt på begge sider. Berre Sp og V hadde fleire veljarar som var heilt samde enn heilt usamde. Sett under eitt for stortingspartia hadde berre Sp fleire veljarar som var samde enn usamde i at det å lære å lese og skrive både nynorsk og bokmål er verdifullt. Flest veljarar som plasserte seg midt imellom, hadde V, KrF og Ap.

Undersøkinga blei gjennomført på ny tre år seinare (tabell 5.6.17). Samla var svarmønsteret i 2011 svært likt det i 2008, men motstanden var blitt større i Oslo og Akershus. Diverre har det ikkje vore mogleg å skaffe komplette data frå dei som gjennomførte denne undersøkinga.

Ei rekkje regionale og nasjonale undersøkingar frå og med 1996 viser nokre ganske eintydige mønster når det gjeld å lese og skrive nynorsk og bokmål.

Over 3700 elevar i 10. klasse og på VK1 ved nesten 1000 skular svara vinteren 2006 på ei rekkje spørsmål om deira syn på språk, lesing og skriving. Skilnadene mellom ungdomsskule og vidaregåande skule var liten i år, men stor i prosent.

«Liker du å lese bokmål?» var eitt av spørsmåla. I ganske stor eller svært stor grad, svara tre av fire (tabell 5.6.6). I svært liten eller ganske liten grad, svara resten. Jamt over likte bokmålselevane litt betre å lese tekstar på bokmål enn nynorskelevane gjorde. Dei som generelt likte dårleg å lese, same kva språk tekstane var på, vil nok særleg finnast blant dei som likte minst å lese. Der plasserte likevel berre ein av ti elevar seg.

Dette verken overraskar eller uroar. Det store fleirtalet av 16- og 17-åringar likte å lese tekstar på bokmål. Ubehaget slår først inn med svara på spørsmålet «Liker du å lese nynorsk?» Nei, svara åtte av ti (tabell 5.6.5). Så mange var det som i ganske liten eller svært liten grad likte å lese tekstar på nynorsk. Ni av ti bokmålselevar svara slik, men også seks av ti nynorskelevar likte i liten grad å lese nynorsk. Jamt over likte nynorskelevane betre å lese bokmål enn nynorsk, og dei likte det mykje dårlegare i ungdomsskulen enn i vidaregåande.

I 2006 mislikte den typiske nynorskbrukaren blant tenåringane like mykje å lese tekstar på nynorsk som på engelsk. Ja, unge nynorskbrukarar likte betre å lese bokmål enn engelsk, medan bokmålsbrukarane likte uhorveleg mykje betre å lese engelsk enn nynorsk (tabell 5.6.7).

Fire år seinare var det framleis slik på Austlandet at bokmålselevar i vidaregåande skule i større grad enn nynorskelevane likte å lese sitt eige språk (tabell 5.6.16).

Det gjaldt også ved to vidaregåande skular på Sørlandet i 2012. To av tre nynorskbrukarar likte best å lese bokmål og to av ti las like gjerne bokmål som nynorsk (tabell 5.6.18). Berre to av ti nynorskbrukarar likte best å lese nynorsk. Så godt som alle bokmålselevane likte berre å lese bokmål. Dette mønsteret gjekk att då spørsmålet gjaldt kva språk som var lettast å lese, men då var det ingen av nynorskbrukarane som syntest det var let-tast å lese nynorsk (tabell 5.6.19). I mykje større grad enn bokmålselevane las nynorskelevane like gjerne tekstar på begge språka (tabell 5.6.21).

Unntaket var Firda vidaregåande skule i Nordfjord. Det sa 88 prosent av elevane i 2010 at dei likte å lese nynorsk (tabell 5.8.16).

Store grupper av unge nynorskbrukarar har med andre ord eit dårleg språkleg sjølvbilete og eit negativt eller vanskeleg forhold til sitt eige språk. Korleis eit språkleg sjølvbilete kan bli så dårleg, er der minst tre forklaringar på, utan at det hjelper så mykje.

Forklaring 1: Både blant nynorsk- og bokmålselevar er der ein del som generelt ikkje liker å lese. Om desse utgjer ein større del av nynorskelevane enn av bokmålselevane, veit ingen, men særleg sannsynleg er det ikkje. Svara i undersøkinga kan tyde på at ein av ti elevar var slike ikkje-lesarar. Når ein av ti nynorskelevar i svært liten grad likte å lese bokmål, medan to av ti nynorskelevar i svært liten grad likte å lese nynorsk, tyder det på at dei generelle lesehaldningane blir forsterka av haldninga til kvart av språka.

Forklaring 2: Tenåringane finn ikkje det lesestoffet på nynorsk som dei er mest interesserte i. Dei fekk ikkje noko spørsmål om kva type lesestoff dei likte best eller minst, men vi veit at sjangerbreidda av lesestoff på nynorsk for tenåringar er mykje mindre på nynorsk enn på bokmål (sjå kapittel 7.6). Ein vesentleg svarskilnad peikar i same lei. Heile seks av ti nynorskelevar i ungdomsskulen likte i liten grad å lese nynorsk, mot tre av ti i vidaregåande skule. Den mentale skilnaden mellom desse to gruppene er større enn aldersskilnaden skulle tilseie. Det skal meir til for at 15-åringen liker det han les, enn at 18-åringen gjer det.

Forklaring 3: Dei generelle haldningane til dei norske språka slår tungt inn. Desse tenåringane er svært vare for dei allmenne haldningane heime, i venekrinsen, blant klassekameratane, ute i verda. Sjansen er mykje større for at ein ung nynorskbrukar gong på gong høyrer negative utfall mot språket hennar enn at ho høyrer positive utrop om det same. Når mange andre misliker nynorsk, skal det litt til for at ein sjølv liker det.

At språkhaldningane slår inn, viser seg i svara på spørsmålet om kor godt elevane liker å lese engelsk. Der svara nynorsk- og bokmålselevane med små skilnader det same, men med den systematiske skilnaden at nynorskelevane var meir atterhaldne til å lese engelsk enn bokmålselevane var.

På viktige punkt var dei same mønstera der når det handla om å skrive nynorsk og bokmål.

I 1996 meinte om lag like mange ungdomsskule-elevar i Volda at det var lett å skrive både nynorsk og bokmål (tabell 5.6.4). Gutane meinte nynorsk var lettast, jentene bokmål. Slik var det også med svara på spørsmål om det var nynorsk eller bokmål som var lettast å skrive korrekt.

På landsplan likte svært få bokmålselevar i 2006 å skrive nynorsk. Også halvparten av nynorskelevane sa at dei i svært liten eller ganske liten grad likte å skrive nynorsk (tabell 5.6.8). Det kunne forklarast med at langt frå alle liker å skrive i det heile, men her var det slik at halvparten av nynorskelevane svara det same om det å lese nynorsk. Nynorskelevane hadde endå større avstand til å skrive bokmål, som få bokmålselevar ikkje likte å skrive (tabell 5.6.9).

Slik var det også i Valdres i 2009. Åtte av ti nynorskelevar ved Valdres vidaregåande skule sa då at dei likte godt eller ganske godt å skrive nynorsk (tabell 5.6.14). Det gjorde også ein av tre bokmålselevar. Seks av ti av dei som hadde skifta til bokmål, hadde distansert seg og likte ikkje så godt eller ville helst ikkje skrive nynorsk. På den andre sida likte ni av ti bokmålselevar å skrive bokmål. Det same gjorde nesten sju av ti nynorskelevar. Bokmålselevane var såleis meir positive til bokmål enn nynorskelevane til nynorsk. Ein av tre ville helst ikkje skrive nynorsk, og berre ein av ti likte svært godt å skrive nynorsk.

Elevar ved tre vidaregåande skular på Austlandet meinte i 2010 at det var viktig å lære nynorsk språkhistorie på skulen (tabell 5.6.15). Det var omtrent det einaste nynorsk- og bokmålselevane var samde om. Anten spørsmålet var om alle burde lære nynorsk på skulen, om det var viktig å lære å skrive nynorsk på skulen, om det var nødvendig å lese nynorske tekstar på skulen eller om tida til nynorskundervisninga burde brukast til noko anna, svara dei fleste nynorskelevane ja og dei fleste bokmålselevane nei. Elevane i eit språkdelt område spreidde seg meir over heile skalaen frå heilt samd til heilt usamd.

Desse elevane blei spurde om kor lett det var å skrive nynorsk og bokmål. I noko større grad enn nynorskelevane syntest bokmålselevane det var lett å skrive språket sitt (tabell 5.6.16). Her som andre stader var nynorsk- og bokmålselevar samde om at det var lett å lese og å skrive bokmål, men berre dei fleste nynorskelevane og elevane i det språklege grenseområdet meinte det også var lett å lese og å skrive nynorsk.

Likevel var det i 1996 slik at 64 prosent av vidaregåande-elevar over heile landet meinte det var vanskeleg å skrive nynorsk, men berre 12 prosent meinte det var vanskeleg å skrive bokmål (tabell 5.8.3).

Den motviljen mot eige språk hos unge nynorskbrukarar som blei dokumentert på nasjonalt nivå i 2006, blei stadfesta i ei undersøking blant elevar ved to vidaregåande skular i indre Agder i 2012. Der likte nynorskelevane jamt over betre å skrive bokmål enn nynorsk (tabell 5.6.20). Fire av ti nynorskbrukarar i undersøkinga på Sørlandet likte best å skrive nynorsk – og like mange likte like godt å skrive både bokmål og nynorsk. Her svara åtte av ti bokmålsbrukarar at dei likte best å skrive bokmål. Derimot meinte alle bokmålsbrukarane at det var lettast å skrive bokmål, medan halvparten av nynorskbrukarane meinte det var like lett å skrive begge språka (tabell 5.6.21). Få nynorskbrukarar ved dei to skulane i indre Agder meinte at det var lettast å skrive nynorsk.

I Møre og Romsdal var det eit liknande bilete i 2013, skarpt språkdelt. 100 av 183 vidaregåande-elevar i Molde og 87 av 195 elevar ved Fagerlia i Ålesund ville helst ikkje skrive nynorsk (tabell 5.6.23). I Volda likte derimot 89 av 112 elevar godt eller svært godt å skrive nynorsk.

På landsplan var det i 2006 slik at ei med gode karakterar såg meir positivt på kvarandre sine språk enn dei som gjorde det dårleg i norsk (tabell 5.6.10). Det mønsteret var ganske likt for både nynorsk- og bokmålselevane.

Svara om skriving forsterkar dei haldningane som viste seg i svara om lesing og rører ved grunnleggjande spørsmål i norsk utdanningspolitikk.

Biletet anno 2006 kan fyllast ut med haldningane hos elevar ved fire vidaregåande skular i Møre og Romsdal to år seinare. Nynorskelevane lånte i større grad bøker på både nynorsk og bokmål enn bokmålselevane (tabell 5.6.12). Kvar tredje bokmålselev ville ikkje låne ei bok viss den var på nynorsk, men ein av ti nynorskelevar ville helst berre låne nynorskbøker. Prisen ved å vere nynorskbrukar er at ein er praktiserande tospråkleg og er positiv til bokmål, medan bokmålsbrukarane skjermar seg mot nynorsk.

Kva som er kjekt eller lettast å lese, heng nok nøye saman med kva type lesestoff som faktisk er tilgjengeleg på ulike språk. Kva ein helst les og skriv, er ofte eit spørsmål om eigen vane og det som dominerer i miljø som er viktige for vedkomande (sjå kapittel 7.6). Difor var det som venta at dei aller fleste nynorskbrukarane i undersøkinga på Sørlandet meinte det var mest naturleg for dei å skrive nynorsk, og at dei aller fleste bokmålsbrukarane sa det same om bokmål (tabell 5.6.22).

Nynorskelevar i Vindafjord meinte i 2013 at det ikkje var vanskeleg å forstå tekstar på nynorsk, og det same sa bokmålselevane i Haugesund (tabell 5.6.24). I spørsmåla om å lese og skrive nynorsk skilde dei derimot lag, desse også. Dei fleste nynorskelevane meinte det var greitt å lære å lese og å skrive tekstar på nynorsk, og dei fleste bokmålselevane mente det ikkje var greitt. Få bokmålselevar meinte det var kult å kunne skrive nynorsk, og nynorskelevane delte seg. 27 meinte det var kult, 17 ikkje. Nokolunde same mønsteret viste seg i spørsmålet om tekstar på nynorsk verkar meir ekte enn tekstar på bokmål. Nynorskbrukarane hadde altså ikkje eit eintydig positivt forhold til sitt eige språk.

 

5.7 Lærarar

I sine allmenne oppfatningar om språkopplæring og språkpolitikk skil lærarane seg lite ut frå resten av innbyggjarane i Noreg.

I den undersøkinga frå 2006 som er referert ovanfor, blei elevane også spurde om korleis dei oppfatta lærarane si innstilling til sidemål, som for ni av ti ville seie nynorsk (tabell 5.7.2). At elevane meiner noko om lærarane, er ikkje det same som at det er dette lærarane meiner, men det inntrykket elevane har av lærarane, har mykje å seie også for innstillinga deira til eit fag eller emne. Nynorskelevane meinte lærarane var mykje meir positive innstilte til sidemål enn bokmålselevane meinte deira lærarar var. Berre 11 prosent av elevane meinte at lærarane deira anten var litt eller veldig negative.

Ungdomsskule-elevar i Vindafjord og Haugesund fekk liknande spørsmål i 2013 (tabell 5.8.20). Bokmåls- og nynorskelevane var heilt samde om at norsklærarane deira var veldig positive til nynorsk.

Svar i ei undersøking året før peika i retning av at lærarane iallfall i Oslo var om lag så positive til nynorsk som elevane generelt meinte lærarane var (tabell 5.7.1). Åtte av ti var heilt eller litt samde i at VG og Dagbladet burde ha meir stoff på nynorsk, åtte av ti var heilt eller litt usamde i at for mange utanlandske tv-seriar var teksta på nynorsk, og sju av ti var heilt eller litt samde i at fleire utanlandske bøker burde omsetjast til nynorsk.

I 2006 gjorde 73 ungdomsskulelærarar i Oslo greie for sitt syn på nynorsk. Det vil seie at kvar femte Oslo-lærar i ungdomsskulen var med i undersøkinga. Eit stort fleirtal var samd i jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, og endå fleire brukte like gjerne litteratur på nynorsk som på bokmål i undervisninga (tabell 5.7.3). Derimot meinte eit fleirtal at det var unødvendig for elevane å lære å skrive nynorsk, og at den undervisningstida heller burde brukast på andre delar av norskfaget (tabell 5.7.4). Obligatorisk sidemålsundervisning burde avviklast, meinte fleirtalet, men dei var likevel samde i at den undervisninga var med og heldt oppe det språklege mangfaldet i Noreg.

Så eintydige var ikkje meiningane då norsklærarar i 2010 blei utfordra på sine eigne fagspørsmål. Lærarane skilde ikkje mellom munnlege og skriftlege ferdigheiter – begge delar var like viktige (tabell 5.7.6). Derifrå skilde meiningane lag, og dei avgjerande skilja var kva førstespråk, utdanning og røynsle lærarane sjølve hadde.

61 prosent meinte at sidemålsundervisninga var svært viktig eller ganske viktig, men 71 prosent av bokmålsbrukarane blant lærarane meinte den var mindre viktig eller ikkje viktig (tabell 5.7.5).

48 prosent av norsklærarane var usamde i at nynorsk og bokmål er jamstilte språk i læreplanen (tabell 5.7.7). Med det var dei like delte som folk flest i det spørsmålet (tabell 5.1.5). Interessant nok var heile 78 prosent av bokmålsbrukarane blant lærarane usamde i den jamstillinga.

Like delte var meiningane i spørsmålet om det burde undervisast i nynorsk og bokmål på alle årssteg i ungdomsskulen og vidaregåande skule (tabell 5.7.7). 51 prosent sa ja, 41 prosent nei. Språket var skilnaden: 79 prosent av lærarane med nynorsk som førstespråk ville ha slik undervisning på alle årssteg, mot 44 prosent av lærarane med bokmål som førstespråk. Her syner underlagsmaterialet at halvpartane av alle lærarane meinte sidemålsundervisninga var ganske viktig eller svært viktig. Det gjorde 74 prosent av ny-norsklærarane og 47 prosent av bokmålslærarane. Blant lærarane på yrkesfag i vidaregåande og blant lærarar med lite erfaring meinte eit tydeleg fleirtal at sidemålsundervisning ikkje var viktig.

Slik var det også med meiningane om elevar i ungdomsskulen bør kunne lese og skrive båe nynorsk og bokmål (tabell 5.7.8). 48 prosent svara ja, 47 prosent meinte det var nok å kunne lese nynorsk, ikkje skrive det språket. Her var meiningsskilnaden endå større. 87 prosent av lærarane med nynorsk som førstespråk meinte alle elevane burde lære alt dette, og 39 prosent av lærarane med bokmål som førstespråk.

To av tre lærarar meinte det var nok at minoritetsspråklege elevar kunne skrive hovudmålet (tab ell 5.7.9). Berre i dette spørsmålet i undersøkinga var skilnaden liten mellom dei to gruppene av språkbrukarar. 51 prosent av lærarane med nynorsk som førstespråk svara slik, og 69 prosent av lærarane med bokmål som førstespråk. Berre tre prosent av alle lærarane meinte at desse elevane burde kunne skrive begge dei norske språka. Minoritetsspråklege elevar har i fleire tiår hatt høve til å få opplæring berre i eitt norsk språk, og den tradisjonen viser att i svara (sjå kapittel 8.2).

Altså: Norsklærarane med nynorsk som førstespråk var mykje meir samde enn bok målslærarane i jamstillinga mellom nynorsk og bokmål i læreplanen, at undervisninga i sidemål må gjelde på alle årssteg frå og med ungdomsskulen, og at alle elevar frå og med ungdomsskulen bør kunne lese og skrive både nynorsk og bokmål.

 

5.8 Elevar

I spørsmål som gjeld opplæringspolitikk og allmenn språkpolitikk er nynorsk- og bokmålselevane knapt samde om noko som helst.

Nesten alle nynorskelevane ved vidaregåande skular i Sauda i 1979 meinte at nynorsk når nærast dialekten deira (tabell 5.8.1). Eit fleirtal av dei elevane som hadde skifta til bokmål, og av dei elevane som heile tida hadde bokmål som førstespråk, meinte derimot at bokmål når nærast dialekten deira.

Den første store undersøkinga av ungdoms haldningar til nynorsk og bokmål blei gjennomført i 1996. Før den tid hadde det vore mest gjettverk og ønsketenking. Berit Skog, Anne Haukenes og Ronny Jørgenvåg fekk inn svar frå heile 5000 elevar ved 111 vidaregåande skular. Materialet blir ekstra interessant gjennom ei jamføring med den undersøkinga frå 2006 som er nemnd tidlegare.

At 27 prosent av elevane var positive til nynorsk, viser at det er mange fleire enn dei primære nynorskbrukarane som har ei slik oppfatning (tabell 5.8.2). Sjølv på Austlandet, der nynorsken no står svakare enn tidlegare i dei fleste samanhengar som blir målte i statistikkar, var kvar fjerde ungdom positiv til nynorsk. Undersøkinga viste at velviljen til nynorsk auka i takt med bokmengda heime. Knapt nokon variabel slo sterkare ut enn akkurat denne. Ein annan tendens var at di fleire bøker, di større språkleg toleranse. Undersøkinga synte også ein klar samanheng mellom bokmengd heime og kor mykje utdanning foreldra hadde.

At bokmålselevar som var positive til nynorsk, var meir kulturelt aktive enn dei som var negative, overraska ikkje. Slik oppstår den kulturelle reproduksjonen som i neste generasjon får følgjer for haldningar og framferd i den språkdelte norske kulturen. Meir uventa var det at jenter var noko meir positive til nynorsk enn gutane var. Haldningane blant nynorskelelevane i Volda same året kunne tvert om tyde på at jentene framleis er såpass rolleorienterte at dei gjerne også er mindre positive til nynorsk.

Haldninga til språka følgde karakterane også her. Dei som meistra skulens prestasjonskrav, var jamt over meir positive til nynorsk enn dei som streva. Også studieretningane viste eit haldningsskilje. Mange fleire av nynorskbrukarane på yrkesfaglege var negative til sitt eige språk enn dei som gjekk på allmennfag. At så mange som åtte av ti nynorskbrukarar på yrkesfag var negative til nynorsk, kastar lange skuggar over fleire dominerande trekk i norsk skule- og språkpolitikk, og forklarer noko av dynamikken i den språklege lekkasjen av nynorskbrukarar.

I synet på bokmål skilde det lite mellom kva parti tenåringane valde. Jamt over var 96 prosent positive. Haldninga til nynorsk varierte derimot mykje med partival. Flest nynorskpositive var der bant veljarane til sentrumsparti, og berre blant KrF-veljarane var eit fleirtal positive til nynorsk: 52 prosent. Mest negative var FrP-, H- og Ap-velarane der høvesvis 83, 77 og 76 prosent var negative til nynorsk.

Dei haldningane som er dokumenterte ovanfor i spørsmål om det å lese og skrive nynorsk og bokmål, gjekk att også i 1996-undersøkinga (tabell 5.8.3). Svara har ikkje vore sorterte etter førstespråket til elevane, men bokmålselevane utgjorde over 80 prosent av svararane (tabell 5.8.2). Mange fleire likte det dei las på bokmål enn det dei las på nynorsk Så godt som alle elevane meinte bokmål var lett å forstå, og det same meinte halvparten av elevane om nynorsk. 64 prosent meinte at nynorsk var vanskeleg å skrive, og 12 prosent meinte bokmål var vanskeleg å skrive.

Dei fleste nynorskelevane ved Volda ungdomsskule meinte det var like viktige å halde på dialekten som på skriftspråket sitt, og dei var meir opptekne av skriftspråket enn av dialekten (tabell 5.8.4). Her svara stort sett jentene og gutane det same, men dei skilde lag på spørsmålet om dei trudde dei kom til å bruke mest nynorsk eller bokmål i framtida (tabell 5.8.5). Åtte av ti gutar meinte at dei kom til å bruke nynorsk mest, mot seks av ti jenter. Rett nok trudde ni av ti jenter og gutar at dei kom til å bruke nynorsk på vidaregåande skule (tabell 5.8.6). Her svara mange fleire gutar enn jenter at foreldra deira nok venta at dei skulle halde fram som nynorskbrukarar, og elevane hadde generelt stor tru på at dei kunne bruke nynorsk i dei yrka dei ville velje, og at nynorsk kunne brukast i dei fleste yrka. Var der ein idé om språkskifte kom den altså frå forventningane i omgivnadene

Ei anna undersøking stod Hordaland Mållag for i 1998 blant nesten 300 elevar på fire vidaregåande skular i fylket. Der svara fire av ti ja og fire av ti nei på spørsmålet om vi treng to skriftspråk i Noreg (tabell 5.8.7). Slik fordelte også svara seg då eit landsrepresentativt utval i 2012 og 2013 blei spurt om jamstillinga mellom nynorsk og bokmål bør halde fram (tabell 5.1.5). Blant nynorskelevane var mange fleire jenter enn gutar for to skriftspråk, men på dei fire skulane Arna, Sotra, Stord og Voss var det berre på Voss eit fleirtal av elevane var for to skriftspråk.

Jamstillingsvedtaket av 1885 er altså meir omstridd blant veljarane enn hos dei folkevalde.

Ved dei fire skulane meinte åtte av ti av det ikkje var for mykje nynorsk i samfunnet (tabell 5.8.8). Det meinte 87 prosent av nynorskelevane og 63 prosent av bokmålselevane. Mange fleire jenter enn gutar sa at ikkje var for mykje nynorsk. Særleg tydeleg var dette i synet på engelske ord i norsk.

Tre av fire sa at dei aldri hadde tenkt på å skifte førstespråk, men det var ein svak tendens til at fleire jenter enn gutar blant nynorskelevane hadde tenkt tanken (tabell 5.8.9). På dette spørsmålet var det knapt skilnader mellom skulane.

Dette var ein statusrapport frå Hordaland i 1998. Seks år seinare svara 798 nynorskelevar i Sogn og Fjordane på liknande spørsmål (tabell 5.8.10). Tre av fire trudde ikkje nynorsk ville bli ein ulempe for dei i framtida, åtte av ti hadde aldri tenkt på å skifte til bokmål, og ni av ti trudde ikkje dei kome til å skifte i framtida. 91 prosent av elevane ved vidaregåande skular i fylket var nynorskbrukarar. Då desse gjekk i barne- og ungdomsskulen, brukte 95 prosent av dei nynorsk. Gjennom vidaregåande skule blei det i denne undersøkinga altså fire prosent færre nynorskbrukarar i Sogn og Fjordane. Dette inkluderer eventuelle innflyttarar med bokmålsbakgrunn. Nedgangen er uvanleg liten; alle andre stader i landet er overgangen til bokmål større. Til gjengjeld er det god grunn til å rekne med at ein del skiftar til bokmål etter avslutta vidaregåande skule, som studentar eller gjennom yrkesliv.

I 2004 rekna altså ein av fire rekna med at nynorsk kom til å bli ein ulempe for dei. Likevel trudde berre ein av ti at dei ville skifte. Det seier sitt om kor sterk nynorsktradisjonen er i Sogn og Fjordane. Tala frå 2004 blei stadfesta i 2010, då 325 elevar ved Firda vidaregåande skule på Sandane svara på liknande spørsmål som i 2004 (tabell 5.8.16). Også då svara ein av ti at dei rekna med å bli bokmålsbrukarar, medan to av ti trudde dei kom til å nytte begge språka. Som i 2004 hadde få skifta til bokmål i vidaregåande skule.

Seks av ti rekna med at dei ville skrive nynorsk i framtida, to av tida både nynorsk og bokmål. Ni av ti likte godt eller svært godt å skrive nynorsk, medan tre av fire likte godt eller svært godt å skrive engelsk. Nesten alle var samde i at det var viktig å bruke nynorsk fordi nynorsk var ein del av den lokale kulturen, og tre av fire var heilt usamde i at ein burde skrive bokmål fordi dei fleste i Noreg skriv bokmål. I dei svara ligg mykje språkleg og kulturell sjølvtillit. I den grad innbyggjarane i Sogn og Fjordane skiftar til bokmål – og somme gjer det, er det noko dei til no har gjort etter at dei har avslutta vidaregåande sku-le.

Haldningane og framtidsutsiktene frå Nordfjord i 2010 kan jamførast med situasjonen i Valdres på same tid.

Valdres har lenge vore eit språkdelt område, med ein ikkje uvesentleg språkleg ambivalens. Lokalavisa Valdres har vore redigert på nynorsk og bokmål sidan 1978, ein del av kommunane har lenge hatt nynorsk tenestemål, 11 kyrkjesokn har nynorsk liturgi og 14 bokmål. I eit slikt område er presset mot nynorskelevar i skulen stort. Ei spørjeundersøking blant dei 414 elevane ved Valdres vidaregåande skule i 2009 dokumenterte det presset, og avdekte ein svært stort lekkasje over til bokmål (sjå kapittel 7.5).

50 prosent var samde i utsegna om at det er viktig å bruke nynorsk i Valdres fordi nynorsk er ein del av kulturen der (tabell 5.8.14). Dette meinte 80 prosent av nynorskelevane og 45 prosent av bokmålselevane. Fleire var heilt usamde enn heilt samde i dette: 15 prosent var heilt samde, 25 prosent heilt usamde. Blant elevane som svara, hadde halvparten skifta til bokmål etter barneskulen (tabell 7.5.12). Det vil seie at mange av dei som hadde skifta til bokmål, meinte det var viktig at ein heldt fram med å bruke nynorsk i Valdres; men det fekk altså andre gjere.

Halvparten av elevane meinte det var viktig at valdrisane heldt fram med å bruke nynorsk. Dette viste også att i svara deira på spørsmålet om kva språk dei rekna med at dei kom til å bruke privat i framtida (tabell 5.8.15). Åtte av ti bokmålsbrukarar rekna med at dei kom til å bruke både nynorsk og bokmål; berre ein av ti svara bokmål. Av dei som brukte nynorsk ved Valdres vidaregåande skule i 2009, svara 31 prosent av dei ville bruke nynorsk i framtida, 25 prosent bokmål, og 42 prosent begge språka.

Noko av det same biletet tok form i svara frå elevar ved to vidaregåande skular i indre Agder i 2012. Tre av fire nynorskelevar var heilt eller delvis samde i at det var viktig å halde på dialekten same kvar dei kom til å bu i framtida, medan mange bokmålselevar ikkje var så sikre på det (tabell 5.8.17). På spørsmålet om eige skriftspråk i framtida delte nynorskelevane seg tre heilt like store delar: mest nynorsk, om lag like mykje nynorsk og bokmål, og mest bokmål (tabell 5.8.18). Ni av ti bokmålselevar meinte dei ville bli verande bokmålsbrukarar.

Likeins svara 88 prosent av elevane i Volda at dei alltid ville skrive nynorsk (tabell 5.8.19). Like interessant er det at «berre» 75 prosent av Molde-elevane og 53 prosent av Fagerlia-elevane i Ålesund trudde dei alltid ville skrive bokmål i framtida.

Fleire undersøkingar har prøvt å kartleggje kva foreldre til elevar meiner om nynorsk, kva lærarane deira meiner og kva den kulturelle bakgrunnen har å seie for haldninga til nynorsk. Kva elevane trur dei andre i klassen meiner, har derimot vore meir ukjent. I 2013 svara dei fleste nynorskelevane ved ein ungdomsskule i Vindafjord at dei andre i klassen var veldig positive til nynorsk, og eit like stort fleirtal av elevane ved to ungdomsskular i Haugesund meinte det motsette (tabell 5.8.20).

Nokre år tidlegare hadde ei anna undersøking vist at haldningane til nynorsk hos vidaregåande-elevar i Møre og Romsdal anno 2008 hang delvis saman med utdanningsnivået til foreldra (tabell 5.8.13). Dei negative haldningane til nynorsk var spreidde utover utdanningsskalaen, medan dei med godt utdanna foreldre, jamt over hadde ei noko meir positiv innstilling til nynorsk enn dei som ikkje hadde det. Skilnadene var likevel ikkje store.

Godt og vel halvparten av 142 elevar ved fem vidaregåande skular på Vestlandet rekna i 2014 med at dei kom til å skrive nynorsk i framtida – resten fordelte seg ganske likt mellom dialekt, bokmål og engelsk (tabell 5.8.21).

Slik såg det ut i Noreg rundt mellom 1996 og 2014. I hovudstaden var det noko heilt anna.

Då Oslo kommune i 2005 tok til med eit treårig prøveprosjekt om munnleg sidemålsundervisning i staden for skriftleg, svara over 2500 elevar og 68 lærarar på spørsmål om sitt syn på nynorsk. Dei adjektiva flest elevar meinte passa ganske godt eller svært for nynorsk, var «gamaldags» (72 prosent) og «kjedeleg» (65 prosent), medan 52 prosent meinte «poetisk» passa godt, og 48 prosent «stygt» (tabell 5.8.11).

Mest usamde var Oslo-elevane i utsegnene om at det trengst ei nynorsk dagsavis (93 prosent), at fleire rock- og poptekstar burde vere på nynorsk og at fleire bøker burde omsetjast til nynorsk (81 prosent) (tabell 5.8.12). Dei utsegnene som fekk størst tilslutning, var at lærebøker på nynorsk er unødvendig (67 prosent), nynorsk skjønnlitteratur burde omsetjast til bokmål (59 prosent), og at ingen skriv nynorsk om 50 år (44 prosent). Likevel meinte også 44 prosent at journalistar burde kunne skrive nynorsk i VG og Dagbladet. 43 prosent sa også at dei forstod nynorsk betre etter å ha lese slik litteratur i skulen.

Tenåringane i Valdres anno 2009 såg for seg ei språkdelt framtid for seg sjølve. Samstundes likte altså svært mange av dei dårleg å skrive nynorsk. Nynorskelevane var positive til å skrive både nynorsk og bokmål, og dei var meir positive til å skrive bokmål enn bokmålselevane var til å skrive nynorsk. Det var eit mykje dårlegare utgangspunkt for deira eigne liv i den språkdelte norske kulturen enn det sunnmørselevane frå 1996 hadde. Skuggen frå det vanskelege språklege sjølvbiletet hos unge nynorskbrukarar som blei dokumentert i 2006, fall også over Valdres.

Vegen frå haldning til handling blir kartlagd i kapittel 7.5.

 

5.9 Musikk

Utover på 2000-talet kunne ei endra haldning til songlyrikk på norsk dokumenterast. Publikum er like positive til songar med norske tekstar som til songar med tekstar på engelsk. Det var eitt av mange funn i ei spørjeundersøking Språkrådet og GramArt gjennomførte i 2009.

Heile 85 prosent hadde eit ganske godt eller svært godt inntrykk av norsk musikk med norsk tekst, og 79 prosent svara det same om norsk musikk med engelsk tekst (tabell 5.9.1). Det var likevel også 85 prosent som hadde eit ganske godt eller svært godt inntrykk av utanlandsk musikk med engelsk tekst. På spørsmålet om norske tekstar påverka inntrykket av musikken, delte publikum seg på midten. 44 prosent svara at dei fekk eit betre inntrykk med tekstar på norsk, men 46 prosent sa at dette ikkje verka inn.

Det slåande trekket ved meiningsbiletet i denne undersøkinga er den breie semja om at det passar godt med norsk tekst i norsk musikk – kvinner som menn, unge som eldre, oslofolk som nordlendingar. Der var likevel ein viss tendens til at bygdefolk var meir positive enn storbyfolk. Også om engelske tekstar i norsk musikk var meiningane ganske like. Mest reserverte var bygdefolk.

Publikum hadde klare meiningar om kva språk som kler ulike musikksjangrar best (tabell 5.9.2). Heile 95 prosent meinte det passa ganske godt eller svært godt med norske tekstar i viser. Svært mange meinte det same om tradisjonsmusikk, danseband og pop/-rock. Derimot meinte publikum at norsk språk passa berre middels til roots/country, hip-hop/rap, samtidsmusikk og klassisk kunstmusikk. Til både jazz, metal, blues og elektronika meinte publikum norske tekstar passa dårleg. Berre 19 prosent meinte norsk tekst passa ganske godt eller svært godt til elektronika.

Ein geografisk nærstudie av Trøndelag viser at trøndarane var meir positive enn andre nordmenn til norske tekstar i pop og rock, hiphop og rap, jazz, metal og blues, berre ikkje i countrymusikk. Det var i Trøndelag artistar med sin trønderrock flytta norsk språk inn i pop og rock, og dei positive følgjene av dette kan altså framleis lesast ut av meiningane til trønderane. Nordmenn 15–35 år skilde seg lite ut frå landsgjennomsnittet, men det vil seie at også yngre nordmenn i 2007 trudde på norske tekstar og gjerne ville ha det. 77 prosent var samde i at det er blitt kulare å syngje på norsk, og 24 prosent føretrekte at artistane song på dialekt).

Tilslutninga til bruk av dialekt var sterkast i nord og på bygdene og svakast i Oslo og i andre store byar (tabell 5.9.3). Eit argument mange var samde i, var at dei kjende seg att i musikken når tekstane var på norsk. Det meinte dei eldre meir enn dei yngre, bygdefolk meir enn byfolk, og tilslutninga auka også her med avstanden til hovudstaden.

809 musikarar som alle er medlemer i GramArt, fekk dei same spørsmåla og gav til dels andre svar. 41 prosent av artistane tykte det var lettare å uttrykkje seg på norsk enn på engelsk, og 44 prosent meinte dei gjorde det best på eigen dialekt (tabell 5.9.4). Svært få av dei, berre åtte prosent, meinte dei måtte syngje på engelsk fordi det språket er mest akseptert i musikk-Noreg.

Artistane blei også spurde om gode grunnar til å syngje på engelsk (tabell 5.9.5). Då meinte eit fleirtal av musikarane at engelsk kling betre enn norsk (59 prosent), at det var lettare å skrive gode tekstar på engelsk (55 prosent). Det argumentet for engelske tekstar som flest artistar var samde i, var at dei brukte engelsk fordi dei ville gjere det bra internasjonalt (74 prosent).

Dette salsargumentet har lenge vore framheva. I røynda er det heller få musikarar som har lykkast i utlandet og som har vore avhengige av at dei då song på engelsk. På spørsmål svara 14 prosent av publikum og sju prosent av musikarane at norsk tekst berre i nokon grad eller i stor grad hindra sal av musikk i Noreg (tabell 5.9.6 og 5.9.7). For sal i Europa meinte derimot 82 prosent av publikum og 87 prosent av artistane det same. Liknande tal prega svara frå både publikum og utøvarar når spørsmålet gjaldt USA eller andre marknader. Også for sal i Norden meinte eit knapt fleirtal både av publikum og artistar at norsk tekst ville hindre salet.

 

5.19 Historisk statistikk

Den store elevundersøkinga i 1996 gjorde det også mogleg å skilje ut dei framandspråklege elevane, som då enno var ganske få i Noreg (tabell 5.19.1). Innstillinga til nynorsk var ganske negativ, og til bokmål tilsvarande positiv. 92 prosent sa dei var positive til bokmål, og like mange var negative til nynorsk.

I den store undersøkinga om engelsk i 2007 blei nordmenn også spurde om kor gode dei meinte dei var i engelsk (tabell 5.19.2). Seks av ti meinte dei meistra engelsk ganske godt eller svært godt. Der var ingen skilnad mellom kvinner og menn, yngre rekna seg som betre i engelsk enn dei eldre gjorde, likeins var det mange fleire med høgare utdanning som meistra engelsk, og denne kjensla av meistring falma di lenger bort ein kom frå Oslo-området.

 

Tema: tenåringar i Stavanger anno 1996

Før 1990-åra visste ein lite om kva språkbrukarane meinte om språk i Noreg. Norsk Gallup gjennomførte sine faste spørsmål frå 1950-åra og frametter, truleg i samarbeid med Aftenposten, og valforskarane gjorde det same, berre meir usynleg. 1960- og 1970-åra var ein normativ periode der mange nok var meir opptekne av kva andre burde meine enn å spørje om kva andre meinte.

Eit vendepunkt var doktoravhandlinga Den vet best hvor sko(l)en trykker – av Lars Sigfred Evensen i 1986 om «elevers og læreres opplevelse av problemer i språkundervisning i ungdomsskole og videregående skole». Ti år seinare gjennomførte Anne-Berith Råbu ei spørjeundersøking som blei eit referansepunkt for mange.¹⁰⁵

Ho intervjua 63 elevar i 8. klasse ved tre ungdomsskular og 70 elevar i VK2 ved tre vidaregåande skular i Stavanger. Dei 59 gutane og 74 jentene hadde alle bokmål som førstespråk. Dei meiningsmønstera ho avdekte, har vist seg i mange seinare undersøkingar.

Tenåringane i Stavanger hadde nokså stereotype og negative oppfatningar av nynorskbrukarar. Her låg ei negativ innstilling til språket i botnen. Dei såg på nynorskbrukaren som mindre urban enn bokmålsbrukaren og oppfatta bokmålsbrukaren som høgare utdanna enn nynorskbrukaren.

Mange elevar skildra nynorskbrukaren som ein lågt utdanna og gamaldags kledd person frå landsbygda, men nokre såg også på nynorskbrukaren som ein person som har lese mykje og er medviten om sin eigen kultur. Den typiske bokmålsbrukaren var for desse tenåringane sin suksessrik person med høg utdanning og god jobb, men som også kunne vere litt fin på det.

Dialekt var ingen open inngang til nynorsk. Mellom 65 og 85 prosent av elevane ved dei tre ungdomsskulane meinte dialekten deira likna mest på nynorsk, og det same gjorde mellom 55 og 75 prosent av vidaregåande-elevane. Ved to skular meinte berre ein av ti elevar at dialekten låg nærmast bokmål. Dette verka likevel lite inn på synet deira på nynorsk.

Dei fleste elevane var negative til å få opplæring i nynorsk. Her var det liten meiningsskilnad mellom ungdomsskule og vidaregåande skule, men jentene var noko meir positive enn gutane. Jentene var også generelt meir positive til nynorsk enn gutane.

64 prosent av ungdomsskule-elevane var usamde i at alle skal ha sidemålsundervisning. Det same meinte 61 prosent av vidaregåande-elevane. Berre 12 prosent av ungdomsskule-elevane ville ha sidemålsundervisning for alle, mot 23 prosent av vidaregåande-elevane. Skilnaden var større mellom kjønn enn mellom utdanningsnivå. På ungdomsskulane var 15 prosent av jentene og åtte prosent av gutane samde i dette, på dei vidaregåande skule 29 prosent av jentene og 11 prosent av gutane.

Dei argumenta for opplæring i nynorsk som sidemål som flest ungdomsskule-jenter brukte, var «lære to språk» (22 prosent) og «likner dialekt». Ungdomsskule-gutane la mest vekt på «ingen ting» (32 prosent) og «forstå nynorsk». Jentene i vidaregåande peika særleg på «likner dialekt» (31 prosent) og «kulturarv». Gutane svara helst «ingen ting» (32 pro-sent) eller let spørsmålet stå ope.

Dei argumenta mot opplæring som flest ungdomsskule-jenter brukte, var «unødvendig» (47 prosent), «vanskelig», «mye grammatikk» og «blander språkene». Ungdomsskule-gutane la mest vekt på «unødvendig» (23 prosent), «kjedelig» og «alt». Jentene i vidaregåande peika særleg på «unødvendig» (47 prosent), «vanskelig» og «blander språkene». Gutane la mest vekt på «unødvendig» (39 prosent) og «alt».

Jentene meinte noko i større grad enn gutane gjorde, og dei meinte det sterkare. 19 prosent av ungdomsskule-jentene og 31 prosent av vidaregåande-jentene såg det som positivt at dialekten deira likna mest på nynorsk, mot høvesvis tre og 11 prosent av gutane.

Både i ungdomsskulane og i vidaregåande meinte 17 prosent av elevane at det var positivt å lære begge språka. Men: Kvar femte elev meinte at ingen ting var positivt ved nynorsk. 56 prosent av vidaregåande-elevane og 35 prosent av ungdomsskule-elevane såg på opplæringa som unødvendig.

Eit fleirtal av tenåringane i Stavanger anno 1996 meinte at Noreg burde ha eitt norsk språk i framtida.

 

Perspektiv: gamle rettar og nye språk

Skilnaden mellom haldning og handling kan vere mykje større enn rekkjefølgja av tre konsonantar. Noreg har vore eit fleirspråkleg samfunn i meir enn tusen år, først i tale, så også i skrift. Med dei nye innvandra kulturane melder spørsmålet seg om kva rettar desse skal ha for sine språktradisjonar. Vesteuropeiske land har som regel utvikla ein språkpolitikk der historiske minoritetar har andre rettar enn dei nye innvandrarane har.

Mange nordmenn er usikre på kva den engelske påverknaden inneber, kva dei bør meine om denne påverknaden, og kva som bør gjerast. Endå meir usikre er dei på kva rettar innvandrarane skal få for sine språktradisjonar. Vegen til ei vellykka sosial integrering går gjennom språket; innvandrarane må meistre norsk. Det siste tiåret har dette blitt eit såpass unisont krav at den andre sida av saka er blitt borte: Korleis skal innvandrarane ta vare på eigne kulturtradisjonar samstundes som dei blir språkleg og sosialt integrerte i det norske samfunnet?

Til no har mange etniske nordmenn hatt meir forståing for utvandraren enn for innvandraren. Utvandra nordmenn som har teke vare på norske tradisjonar i USA, vekkjer sympati. Det same gjer norske koloniar i pensjonslandet Spania. Når utvandrarar frå andre verdsdelar kjem til Noreg og blir innvandrarar, er sympatien meir skjør.

Dei mange nye språkmøta mellom innvandrarar og etniske nordmenn frå 1960-åra og frametter har gjort nordmenn meir avslappa i språkspørsmålet. Skilnader som før var provoserande, er ikkje lenger så farlege. Likevel er det blitt slik at det ein ikkje slepp unna med å meine eller seie om innvandrar, kan ein gjerne meine eller seie om nynorskbrukarar og fenomenet nynorsk.

Samstundes som innbyggjarane i Noreg skal finne ut av haldningane sine til det innvandra kulturelle mangfaldet, skal dei også handtere det etablerte norske mangfaldet. Det burde vere enkelt, men er det ikkje.

I 1996 var det mykje mindre velvilje overfor nynorsk hos framandspråklege elevar enn hos elevar med norsk som førstespråk (tabell 5.8.2). Utvalet i 1996 var lite, men tendensen eintydig. Ti år seinare var det mange fleire framandspråklege elevar i Noreg, men den språklege og sosiale integreringa hadde ikkje kome mykje lenger. Kva innvandrarar meinte om den tospråklege norske situasjonen i 2015, har ikkje vore kartlagd.

Organisasjonar som arbeider med produksjon, formidling og utdanning skipa i 1985 Rådet for skriftkultur. Då var ordet «skriftkultur» ganske nytt, og dette var såleis eit tidleg initiativ. Målet var å styrkje og verne «skriftkulturen på bokmål, nynorsk og samisk», og ambisjonsnivået var å få til eit nasjonalt formidlingssenter for skriftkultur ved Nasjonalbiblioteket etter mønster av Center for the Book som no finst i alle dei amerikanske delstatane.¹⁰⁶ Kva Rådet for skriftkultur oppnådde, er noko uklart. Rådet blei avvikla i 2000 med ei skisse til eit slikt senter ved Nasjonalbiblioteket.

 

Publisert 30.9.2015

Sist oppdatert 22.9.2015

⁹⁹  Statistisk sentralbyrå: «Holdninger til innvandrere og innvandring», ssb.no, lesedato 9.8.2015.
¹⁰⁰  Frode Berglund: Partiidentifikasjon og politisk endring. En studie av langsiktige partitil-knytninger blant norske velgere 1965–1997, Oslo 2004.
¹⁰¹  Åsta Øvregaard: «Når dialekt blir maktspråk», Aftenposten 27.1.2008.
¹⁰²  Arne Torp: «Er norske dialektar maktspråk?», Aftenposten 29.1.2008.
¹⁰³  Gjert Kristoffersen ofl.: Norsk i hundre!, Oslo 2005, s. 23 f.
¹⁰⁴  Håvard Teigen: «Nynorsk og regional utvikling», i Elisabeth Bakke og Håvard Teigen (red.): Kampen for språket. Oslo 2002, s. 167.
¹⁰⁵  Anne-Berith Råbu:  To ulike norskfag? En undersøkelse av holdningene til nynorsk som sidemål blant elever i ungdoms-skolen og den videregående skolen, hovudoppgåve, Universitetet i Oslo 1997
¹⁰⁶  Paul M. Røthe: «Rådet for skriftkultur, notat 16.3.2000, forfattarens arkiv.

 

    Artikkellesar