4 Demografi og geografi

Den språkege variasjonen er stor i Noreg. Store er også skilnadene i språkleg status. Nordmenn er i skiftande språklege fleirtal og mindretal. Bokmål er mest brukt over heile landet, og nynorskbrukarane er framleis mange på Vestlandet, i indre strøk på Sørlandet og i det vestlege dalføra på Austlandet. I Trøndelag og Nord-Noreg har samisk fått sterkare formell status fleire stader. Noreg er i ferd med å bli tredelt språkleg: dialekt i nord, nynorsk i vest, bokmål i aust.

4  Demografi og geografi
Figur 4.1 Resultat av folkerøystingar om opplæringsspråk i grunnskulen etter landsdel 1965-2014

Dei seinare tiåra har Noreg fått innvandrarar frå over 200 land og sjølvstendige regionar. Desse har med seg endå fleire morsmål, men buset seg mest på Austlandet. Ein større del av innvandrarane i nynorskkommunar kjem frå vestlege land enn i resten av landet.

Nynorskbrukarane finst i alle fylka, truleg også i alle kommunar. Ein av tre nynorskbrukarar bur ikkje på Vestlandet, men det er der dei er mest konsentrerte og mange stader utgjer dominerande fleirtal. Ni av ti nynorskelevar i grunnskulen bur på Vestlandet, og tre av fire i nynorskkommunar.

Kommunane og kyrkjelydane har vore viktige, stabiliserande faktorar i den språk-delte norske kulturen. Den norske kyrkja held oppe ein viss bruk av nynorsk også i Trøndelag, og på Austlandet kjem det ut fleire nynorskaviser no enn kring 1900. Dei fleste ny-norskbrukarane bur på Vestlandet, men berre halvparten av medlemene i Noregs Mållag.

Nær 400 folkerøystingar har vore haldne om opplæringsspråk i skulane etter 1965. I dei fleste av desse har fleirtala vore knappe, og fleire røysta for nynorsk på 2000-talet enn i 1960- og 1970-åra. Berre på Austlandet enda eit fleirtal av folkerøystingane med ja til nynorsk 

4.1 Skriftspråk
4.2 Demografi
4.3 Landsdelar og regionar
4.4 Folkerøystingar, val og meiningar
4.5 Utdanning
4.6 Offentleg forvaltning
4.7 Presse
4.8 Kyrkje og religion
4.9 Språk- og kulturinstitusjonar
4.19 Historisk statistikk
Tema: språkportrett av eit fylke
Perspektiv: den regionale krafta

Last ned heile teksten i pdf her

4.1 Skriftspråk

Bruken av nynorsk blir i aukande grad konsentrert om Vestlandet, medan bruken av bok-mål truleg i endå større grad enn nynorsk er under press frå engelsk.¹

Bokmål er det mest brukte språket i alle landsdelar. Slik har det vore like sidan Stortinget jamstelte dei to språka i 1885. Ei av dei viktigaste endringane dei siste femti åra er at det er blitt høvesvis færre nynorskbrukarar i andre landsdelar enn på Vestlandet. Nesten halvparten av dei som helst bruker nynorsk privat, bruker like gjerne bokmål som nynorsk. Dei fleste av desse er personar som hadde nynorsk som opplæringsspråk i skulen.

Ei bearbeiding av materiale frå valundersøkinga i 1957 gir eit sjeldan innsyn i dei regionale språkskilnadene på 1950-talet (tabell 4.1.1). Bokmål eller riksmål blei då brukt av minst to av tre vaksne i alle landsdelar, også på Vestlandet. Innslaget av nynorskbrukarar var lite både på Austlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg, men på Sørlandet og Vestlandet svara tre av ti at dei brukte nynorsk. Nesten alle desse nynorskbrukarane er no borte på Sørlandet, medan nynorskbrukarane utgjorde ein like stor del av innbyggjarane på Vestlandet på tidleg 2000-tal som 50 år tidlegare (tabell 4.1.5).

Valforskarane avdekte frå slutten av 1950-åra klare regionale meiningsmønster i oppslutninga om politiske parti og i språkleg praksis blant veljarane. På Vestlandet ønskte 48 prosent å skrive nynorsk privat i 1965, mot berre fire prosent i resten av landet. I 1981 svara høvesvis 29 og tre prosent det same (tabell 6.3.2).

Dei sosiale skilja gav tydelege skilnader i bruken av skriftspråka, men den geografiske skilnaden by–land slo endå sterkare ut (tabell 4.1.2). Bruken av dialekt aukar i dag med avstanden frå hovudstaden (tabell 4.1.6 og 4.1.7). Den skriftspråklege variasjonen for dei norske språka var minst i Oslo-området og størst på Vestlandet og i Trøndelag. Desse tendensane er også tydelege i undersøkingar frå 1995 (tabell 4.1.3), 2002 (tabell 4.1.4) og 2005 (tabell 4.1.5).

Ei undersøking frå 2014 stadfestar at nynorskbrukarane bur over heile landet, er ikkje i fleirtal i nokon landsdel, men gjer mest av seg på Vestlandet (tabell 4.1.8). Det er også på Vestlandet det er mest vanleg å skifte mellom nynorsk og bokmål. Når dei tospråk-lege er rekna med, var det 37 prosent nynorskbrukarar på Vestlandet, mot 35 prosent i 2005. Kvar fjerde person på Vestlandet nytta nynorsk og berre nynorsk privat i 2015.

Mellom 1965 og 1989 blei det vesentleg færre nynorskbrukarar også på Sør- og Vestlandet, særleg i bygdene. Størst var endringane i 1960- og 70-åra. Sentralisering og mange kommunesamanslåingar kan vere viktige årsaker til at byane og forstadene her faktisk har fått fleire nynorskbrukarar. Det er altså på Sør- og Vestlandet endringane har vore størst. Skilnadene innanfor landsdelen kjem ikkje fram i materialet, men særleg på Agder og på Nordmøre har nynorskbrukarane tradisjonelt vore færre ute ved kysten enn lenger inn i landet.

Valundersøkingane viser eit generasjonsskifte blant nynorskbrukarane, med 1940 som skilje. Nynorsken har gått meir tilbake hos etterkrigsgenerasjonen enn hos dei eldre årskulla. Generelt ser nettopp alder ut til å vere den faktoren som forklarer mest av ned-gangen til alle motkulturane. Og sjølv om bokmålsbrukarane dominerer blant dei med høg utdanning, er der framleis ein tydeleg og sterk allianse mellom bønder, bygdefolk og aka-demikarar blant nynorskbrukarane. Denne politiske alliansen er nærast ein nødvendig føresetnad for at nynorskbrukarane også i dag kan representere og utøve motkulturell kraft. Ikkje minst i organisert form gjennom lokale folkerøystingar om opplæringsspråk i skulen ovrar denne krafta seg; målrørsla er ein maktfaktor når lokale avgjerder om språk skal fattast (sjå kapittel 6).

 

4.2 Demografi

Det tettbygde samfunnet ser ikkje ut til å fremje det tradisjonelle norske språkege mangfal-det. I 1965 meinte geografen Hallstein Myklebust at åtte av ti nordmenn kom til å bu i tett-bygde strøk i 2000. Han trefte godt. I 2014 budde åtte av ti nordmenn der. Det har sine språklege følgjer: Dialekt står svakare i hovudstaden enn i resten av landet, og utanfor Vestlandet gjer nynorskbrukarane seg lite gjeldande i større byar.

Den første meir utførlege studien av demografiske særtrekk ved nynorsk- og bok-målsområde stod samfunnsforskaren Håvard Teigen for i 2002. Det stod betre til i ny-norskområda i 2000 enn i 1970.

Teigen delte landet inn i utkantkommunar, mellomsentrale og sentrale kommunar og konstaterte at 47 prosent av nynorskbrukarane i 2000 budde i utkanten mot berre 14 prosent av alle nordmenn. I tidsrommet 1970–2000 auka folketalet meir i nynorskkommunane enn i bokmålskommunane, både dei som låg i sentrale strøk og dei som låg i utkant-strøk (tabell 4.10.6). Kvinner i nynorskkommunar fødde fleire born enn kvinner andre sta-der i landet, ganske mange flytta attende til heimbygdene sine i nynorskkommunane, der det også budde fleire eldre enn elles. Det siste heng saman med at fleire blei rekrutterte til bygdene i den eldre generasjonen då desse var unge enn tilfellet var seinare, og folk på bygdene lever lenger enn folk i byane.

Mange flytta ut frå utkantkommunane, men sjølv om dette flyttetapet var mindre i nynorsk- enn i bokmålskommunane, fekk det meir å seie for den nynorske utkanten fordi ein større del av nynorskbrukarane budde der. Dessutan flytta nynorskbrukarane sjeldan frå ein nynorskkommune til ein annan, og dermed oftare til bokmålsområde. Dermed hamna fleire nynorskbrukarar i mindretal på dei nye bustadene og utanfor sitt opphavlege språklege hegemoni. Tilflyttarane til nynorskkommunar var med andre ord helst bokmåls-brukarar. Også desse kom i ein ny posisjon, men dei tok også med seg det språklege hegemoniet, og dei brukte det.

På meiningssida identifiserte Teigen fleire særtrekk ved nynorskbrukarane kring tusenårsskiftet. Sju av ti nynorskbrukarar ville bu på landet, i nynorskkommunane ville heile ni av ti det. Nynorskbrukarane hadde altså ein sterkare preferanse for landsbygda og var sterkare knytte til oppvekstkommunen. Den store undersøkinga Norsk Monitor viste kring 2000 at over halvparten av alle nordmenn var stolte over å vere norske. Blant dei minst stolte var nynorskbrukarane i bokmålskommunar.

Nokre andre sosioøkonomiske særtrekk for nynorskområda presenterte Øystein A. Vangsnes og to andre språkforskarar i 2015. Med data frå åra 2009–2012 konstaterte dei at utdanningsnivået var lågare og sysselsetjinga høgare i lokalsamfunn med nynorsk profil enn i bokmålssamfunn, og der var fleire intakte familiar i nynorsksamfunna enn i bokmålssamfunna. Ein større del av både kvinner og menn var sysselsette i nynorskområda enn i bokmålsområda. Det går også fram av denne studien at berre fire prosent av nynorskelevane budde i samfunn der det var meir enn 30 prosent av både nynorsk- og bokmålselevar.

I ein annan presentasjon av funn frå det same materialet konsentrerte Øystein A. Vangsnes og Göran Söderlund seg om situasjonen i Sogn og Fjordane. Her presiserte dei at dei sosioøkonomiske faktorane som hadde mest å seie for resultata på dei nasjonale prø-vene, var utdanningsnivået til foreldra, kor mange kvinner som var yrkesaktive, og skilsmisseraten. Dei kunne også dokumentere ein annan strukturell faktor som kanskje var den viktigaste. I kommunar der minst halvparten av elevane var nynorskbrukarar, gjorde dei same skilnadene seg gjeldande som er nemnde ovanfor.

Dette peikar på ny i retning av eit tydeleg nivå for kritisk masse: Nynorskelevane må vere i fleirtal for å ha ein tydeleg fordel.

Forholdet mellom nynorsk og bokmål som opplæringsspråk i skulen har endra seg mykje det siste hundreåret, men lite som liturgispråk i kyrkja og som tenestemål i offentleg forvaltning. Dette viser også att når innbyggjarane blir sorterte etter tenestemål i kommu-nane.

Aldri har fleire menneske budd i nynorskkommunane enn i første halvdel av 1950-talet. Då hadde desse kommunane over 700 000 innbyggjarar. Godt og vel 500 000 budde i slike kommunar då lov om målbruk i offentleg teneste blei innført i 1930-åra. På nokre få tusen nær budde det like mange i desse kommunane i 2015.

Dei språknøytrale kommunane er som regel nøytrale på papiret, men praktiserer bokmål som sitt teneste- og administrasjonsspråk (sjå kapittel 11). På det meste, også det i 1950-åra, budde tre av fire nordmenn i desse kommunane. I alle år frå registreringa tok til i 1933, har mange fleire budd i språknøytrale kommunar enn i bokmålskommunar.

På dette punktet er nynorskkommunane like stabile som Den norske Kyrkja (sjå kapittel 17). Like sidan 1960-åra har om lag 11 prosent av alle nordmenn budd i nynorskkommunar. I det same tidsrommet fall nynorskprosenten i grunnskulen frå 23 prosent til 12 prosent (sjå kapittel 8).

Resten handlar no om nynorskkommunane.

Kvart år bytar mange hundre tusen nordmenn bustadadresse. Somme flyttar langt, andre reiser kort. Der er mange undersøkingar og analysar av flyttemønster, men sjeldan er desse kopla til språkbakgrunn. Ingunn Kleggetveit tok med eit slikt spørsmål då ho i 2013 undersøkte språkhaldningar hos vidaregåandeelevar i indre Agder (tabell 4.2.6). På spørsmål om kva dei helst ville slå seg til, ville nynorskbrukarane helst busetje seg i heimbygda, medan bokmålsbrukarane i større grad ville ut (sjå kapittel 5.4).

Frå 2001 til 2015 auka folketalet i nynorskkommunane med vel 6 prosent (tabell 4.2.2). Variasjonen var stor frå fylke til fylke. Både Rogaland og Hordaland hadde 14 pro-sent fleire innbyggjarar i nynorskkommunane i 2015 enn i 2001. Den største nedgangen hadde nynorskkommunane i Aust-Agder, der folketalet minka med 6 prosent. Summert enda også nynorskkommunane i minus for dette tidsrommet.

Det meste av veksten stod innvandrarar for. Til innvandrarane reknar Statistisk sentralbyrå personar busette i Noreg som anten har innvandra sjølve eller er fødde i Noreg med innvandrarforeldre.

Vekst gjennom innvandring er etter kvart blitt nesten like viktig i nynorskkommu-nane som i resten av landet. Den skilnaden som oppstod i den tidlege fasen av innvand-ring er derimot ikkje blitt jamna ut. I 2001 budde om lag 300 000 innvandrarar i Noreg. Dei var blitt vel 500 000 i 2009 og 805 000 i 2015. I 2001 utgjorde innvandrarar 3 prosent av innbyggjarane i nynorskkommunane og nær 7 prosent i heile landet (tabell 4.2.3). Åtte år seinare var dei same prosenttala 6 og 11, og i 2015 11 og 16 (tabell 4.2.4 og 4.2.5).

Eit anna slåande trekk er at nynorskkommunane fekk høvesvis fleire vestlege inn-vandrarar enn andre delar av landet. Denne skilnaden auka kraftig utover på 2000-talet. Forholdet mellom vestleg og ikkje-vestleg innvandring var i 2001 38–62 i nynorskkommunane og 32–68 for heile Noreg. I 2015 var det same forholdet 63–37 i nynorskkommunane, mot 44–56 for heile landet.

Innvandrarane kom i 2015 frå 221 land og sjølvstyrte regionar, mot 214 i 2009.

To tredelar av innvandrarbefolkninga hadde i 2001 ein ikkje-vestleg bakgrunn og kom frå Aust-Europa, Asia medrekna Tyrkia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika. Innanfor Noreg fordeler desse ikkje-vestlege innvandrarane seg i eit interessant mønster. Ein tredel av innvandrarbefolkninga budde i 2004 i Oslo, og det var då dobbelt så mange innvand-rarar i hovudstaden som på heile Vestlandet. Dei ikkje-vestlege innvandrarane utgjorde nær 80 prosent av alle innvandrarane i Oslo. Dette var mykje meir enn landsgjennomsnit-tet. På Vestlandet var i 2004 dei ikkje-vestlege innvandrarane om lag ein like stor del som for landet sett under eitt.

I nynorskkommunane auka folketalet med berre 11 000 frå 2001 til 2009. I det same tidsrommet fekk desse kommunane 15 000 fleire innvandrarar. Utan innvandrarane ville altså folketalet i nynorskkommunane ha minka. Det same gjeld for tida 2009–2015. Då auka folketalet med 25 000, men kommunane fekk 28 000 nye innvandrarar.

Med vel 1200 innvandrarar var Flora den nynorskkommunen som hadde flest inn-vandrarar i 2009. Det andre ytterpunktet var Modalen med sine sju innvandrarar. Rekna i prosent låg likevel Hemsedal øvst. Der utgjorde innvandrarar 12 prosent av folketalet. I den andre enden låg Masfjorden med 1,5 prosent. Innvandrarane utgjorde meir enn 5 prosent av folketalet i 63 nynorskkommunar i 2009, mot berre 13 i 2001. Då talde inn-vandrarane mindre enn 2 prosent i 29 kommunar. Åtte år seinare hadde 28 av desse krabba over totalet.

Skilnadene var store også i fordelinga mellom vestlege og ikkje-vestlege innvandra-rar. Dei ikkje-vestlege innvandrarane utgjorde i 2001 alt frå 19 prosent i Hjelmeland, Rogaland til 85 prosent i Hjartdal, Telemark.

Med eit nynorsk blikk var Rogaland ein kulturelt brytingsområde for møtet mellom dei to norske kulturane. Til dømes hadde Rogaland fleire skular med klassar som er delte mellom bokmål og nynorsk enn noko anna fylke. Eit liknande brytingspunkt er dette fylket også når innvandrarspørsmål står på saklista. Av dei fylka som i 2001 hadde eit visst inn-slag av innvandrarar blant innbyggjarane sine, hadde Rogaland den jamnaste fordelinga mellom dei vestlege og dei ikkje-vestlege. Her var 51 prosent av innvandrarbefolkninga ikkje-vestleg. I skarp kontrast til dette hadde 78 prosent av innvandrarane i Oslo ein slik bakgrunn.

Det var til dels andre kommunar som gjorde seg gjeldande i 2015.

Då låg Klepp i Rogaland øvst med vel 2600 innvandrarar. Det andre ytterpunktet var framleis Modalen med 26 innvandrarar. Rekna i prosent låg då Nord-Fron i Oppland øvst med 23 prosent innvandrarar blant innbyggjarane. I den andre enden låg Lom i Oppland med 2,3 prosent. Innvandrarane utgjorde meir enn fem prosent av folketalet i 107 nynorskkommunar i 2015, mot 63 i 2009 og 13 i 2001.

Skilnadene var store også i fordelinga mellom vestlege og ikkje-vestlege innvandrarar. Dei ikkje-vestlege innvandrarane utgjorde i 2015 alt frå sju prosent i Gaular, Sogn og Fjordane, til 64 prosent i Valle, Aust-Agder. På fylkesnivå var fordelinga jamnast i Aust-Agder med 53–47.

 

4.3 Landsdelar og regionar

Den nynorske skriftkulturen er med sine dialektar grunnfesta i det regionale. Dei viktigaste regionale trekka er identifiserte og følgde over hundre år frå 1910 (tabell 4.3.1). Både for offentleg skrift og offentleg tale var det vesentleg større del som brukte nynorsk på Vestlandet i 2010 enn i 1910, medan utviklinga hadde gått andre vegen for privat skrift.

Dei mange veljarundersøkingane frå 1960-åra og framover gir mykje informasjon som også gjeld språk. Alt frå dei første undersøkingane var nynorsk såpass lite brukt privat utanfor Vestlandet at dei sosiale variablane gav liten informasjonsverdi for resten av Noreg (tabell 4.3.2). Denne tabellen er fragmentert, og det vesle som kan lesast ut av tala, er det velkjende mønsteret med at nynorsk har stått sterkare i primærnæringane på Vest-landet enn i andre delar av næringslivet, og meir hos eldre enn hos yngre.

Eit politisk stikkprøve ligg føre som viser den språklege posisjonen til Høgreveljarane fram mot 1980, då partiet utvida veljargrunnlaget sitt gjennom den såkalla Høgrebølgja på 1980-talet (tabell 4.3.3). Der viser det seg at Høgre gjekk like mykje fram både blant nynorskbrukande veljarar på Sør- og Vestlandet som i resten av landet.

Eit geografisk tverrsnitt av den språkdelte kulturen i Noreg er gjort for 2015 (tabell 4.3.4). Den institusjonelle bruken av nynorsk var som venta mykje sterkare enn den indi-viduelle bruken på Vestlandet. For dei fleste andre landsdelane var begge typane bruk såpass liten at den tyngda som ligg i den nynorske skriftkulturen, er bygd på det vestlandske.

 

4.4 Folkerøystingar, val og meiningar

Eit stort utval av meir enn 1300 folkerøystingar om liturgispråk i kyrkja mellom 1892 og 1954 er sortert etter landsdel (tabell 4.4.1). Det store fleirtalet av desse røystingane blei haldne på Vestlandet, men noko uventa var ja til nynorskprosenten vesentleg høgare på Austlandet. Dei viser at den lokaldemokratiske forankringa av norsk språkpolitikk har vore viktig for at den nynorske skriftkulturen skulle bli riksdekkjande.

Folkerøystingane om opplæringsspråk i skulen frå og med 1965 viser ein annan uventa tendens. I heile tidsrommet 1965–2014 var det berre på Austlandet at eit fleirtal av folkerøystingane enda i ja til nynorsk. Flest røystingar var det på Vestlandet, med eit samla resultat på 44 prosent nynorsk og 56 prosent bokmål. Også i Trøndelag var det mange røystingar, og der enda 72 prosent med bokmål. For bruken av nynorsk gav dette klare utslag, og det fekk mykje å seie for nynorsk som eit riksdekkjande språk.

Om du skriv nynorsk eller bokmål, snakkar normert eller dialekt – mange meiningar om språk følgjer språket du bruker. Eit titals spørjeundersøkingar etter 1945 viser at dei regionale meiningsgrensene for nynorsk og bokmål følgjer litt andre mønster.

I den aller første spørjeundersøkinga om norsk språk var det ingen slik skilnad å sjå. I byane Oslo Bergen og Trondheim meinte 82 prosent at Noreg burde få eitt skriftspråk, i resten av landet 78 prosent (tabell 5.4.2).

Den nye valforskinga avdekte i tiåra etterpå klare regionale meiningsmønster i oppslutninga om politiske parti og i språkleg praksis blant veljarane. På Vestlandet ønskte 48 prosent å skrive nynorsk privat i 1965, mot berre fire prosent i resten av landet. I 1981 svara høvesvis 29 og tre prosent det same.

Sju av ti meinte i 2009 at nordmenn ikkje brukte for mykje dialekt (tabell 5.3.6). Her var dei geografiske skilnadene ganske små – frå 67 prosent i hovudstaden til 77 prosent nord for Trøndelag. Fem år seinare meinte sju av ti at NRK-sendingane burde vere prega av dialektmangfald, men også at dei som snakka, burde unngå vanskelege dialektord (tabell 5.3.23). Dette dialektmangfaldet hadde mindre tilslutning i Oslo og på Austlandet enn elles, i spørsmålet om å tale normert var Nord-Noreg og Oslo ganske så gjennomsnittlege. Ingen brukte meir dialekt enn nettopp nordlendingane, og ingen var meir positive til allmenn dialektbruk enn dei, berre ikkje i NRK, og særleg ikkje i nyheitssendingane (tabell 5.3.24). Derimot var det knapt regionale meiningsskilnader i synet på norske tekstar i norsk musikk i 2009 (tabell 5.9.1). Når det kom til norsk musikk med engelske tekstar var for ein gongs skuld nordlendingane og vestlendingane samde. Det var dei som var minst begeistra.

Grad av urbanitet viser att i meiningsmønstera. Mellom 1985 og 1999 føretrekte ni–ti prosent å lese nynorsk. I tidsrommet 1995–1999 gjaldt dette 17 prosent av innbyggjarane på landet, mot ti prosent på tettstadene og fire prosent i byane (tabell 5.6.2). Ti år tidlegare sa høvesvis 18, 12 og 5 prosent det same (5.6.1). Frå 1985 til 1999 auka desse nynorsklesarane frå åtte til 11 prosent i byane på Vestlandet, medan dei minka frå 39 til 34 prosent i tettstadene og frå 56 til 46 prosent på bygdene i vest.

Kva ungdom over heile landet meiner om nynorsk, har berre vore kartlagt éin gong, i 1996. I vestlandsfylka nord for Rogaland var eit fleirtal av tenåringane positive til nynorsk, på Austlandet og i Nord-Noreg berre 20 prosent.

I 2006 likte 30 prosent av nordmennene i nokon grad eller svært stor grad å lese nynorsk (tabell 5.6.11). Slik var det med 16 prosent av nordlendingane og 19 prosent av austlendingane. I alle andre landsdelar var det mange fleire som likte å lese nynorsk – på Vestlandet 45 prosent. Over heile landet var det fleire som likte å lese nynorsk enn som sjølve skreiv nynorsk.

Denne avstanden mellom haldning og handling blei mykje større då spørsmålet blei stilt i 2008 om det ar viktig å lære å lese og skrive både nynorsk og bokmål. I store delar av landet var om lag 25 prosent samde i dette (tabell 5.6.12). Berre på Vestlandet og i Trøndelag var er fleire. Ja-svara var likevel mage fleire enn den private bruken av nynorsk skulle tilseie. Det same spørsmålet blei stilt på ny tre år seinare. Då var meiningsmønsteret uend-ra på Vestlandet, medan seks av ti i Oslo og Akershus var usamde i slik opplæring, mot fire av ti i 2008.

Endå klarare var meiningsskilnadene i spørsmålet om VG og Dagbladet burde bruke meir nynorsk. Det som måte vere av kritisk innstilling til Oslo nordpå, viste lite att då dette søs målet blei stilt i 2006 (tabell 5.4.13). Alt i alt var 29 prosent samde i dette, men berre 13 prosent av nordlendingane, mot 24 prosent i Oslo og på Austlandet og 44 prosent på Vestlandet.

Få nordlendingar ser nokon fordel med at Noreg har nynorsk i tillegg til bokmål. Slik var det iallfall i 2006. Då meinte 34 prosent at det i nokon grad eller svært stor grad var ein fordel (tabell 5.1.4). Dette meinte 19 prosent av innbyggjarane i nord og 47 prosent på Vestlandet. I dei andre landsdelane såg stort sett ein av tre det på same måten.

Desse svara kan eit stykke på veg jamførast med meiningane om nynorsk og bokmål framleis bør vere to jamstilte språk. Mange fleire var positive til dette i 2013 enn til spørsmålet om fordelen med nynorsk i 2006 (tabell 5.1.6). Av ale spurde støtta 46 prosent vidare jamstilling. Både i Oslo og Akershus og på Vestlandet – nesten også Trøndelag – meinte fleirtalet at dei to språka burde bli verande jamstilte. Lågast var tilslutninga i Nord-Noreg, der 38 prosent var samde, og på Austlandet, med 39 prosent tilslutning.

 

4.5 Utdanning

Den geografiske fordelinga mellom nynorsk og bokmål i folke- og grunnskulen endra seg mykje frå 1910 til 2012 (tabell 4.5.1). Seint på 1940-talet brukte fire av ti elevar i Trøndelag nynorsk. I 2015 var prosenttalet nede i 0,1. Stor var også tilbakegangen i Nord-Noreg.

Rekna i prosent gjekk nynorskdelen tilbake frå 65 i 1947 til 41 i 2012, men i absolutte tal auka nynorskbrukarane frå 51 000 til 69 000 i det same tidsrommet. Nær seks av ti nynorskbrukarar i folkeskulen budde på Vestlandet i 1947, mot ni av ti i grunnskulen i 2012 (tabell 4.5.2). På kommunenivå kan dette studerast for skuleåra 2001/02 og 2011/12 (tabell 4.5.5).

I gymnas og vidaregåande skule peika derimot vestlandspilene nedover på nynorsksida. Kring 1970 gjekk om lag 30 prosent av dei nynorske artianarane på skular på Vestlandet, men i 2012 gjorde berre 23 prosent dette (tabell 4.5.3). På Austlandet var det nøyaktig like mange nynorskelevar i avgangsklassane i 2015 som i 1968.

Kor viktig tenestemål i ein kommune er for førstespråket til elevar i grunnskulen, er uvisst, men likegyldig er det neppe. 76 prosent av nynorskelevane i grunnskulen i skuleåret 2008/09 budde i nynorskkommunar (tabell 4.5.4). Dette endra seg ganske mykje på få år. I skuleåret 1993/94 burde 70 prosent i dei same kommunane. Det vil seie at nynorskkommunane utgjer eit større, stabilt språkmiljø.

I ei stor undersøking frå 1996 ligg det også føre informasjon om kva språkleg bakgrunn elevane hadde (tabell 4.5.6). Denne viste at 67 prosent av nynorskelevane i under-søkinga kom frå Vestlandet og 54 prosent av bokmålselevane kom frå Austlandet, medan heile 58 prosent av dei som hadde skifta til nynorsk, budde på Vestlandet.

 

4.6 Offentleg forvaltning

Det var på Vestlandet ideen om kommunale tenestemål som språkpolitisk verkemiddel raskast fekk fotfeste (tabell 4.6.1). I 1933 hadde heile 146 kommunar vedteke nynorsk tenestemål, berre ni hadde bokmål, medan 63 var nøytrale. Også på Sørlandet var då nynorskkommunane i fleirtal. Dette mønsteret var ganske uendra i 1960.

Etter kommunesamanslåingane frå 1964 forsvann det nynorske tenestemålet ut av dei fleste lokalsamfunna på Sørlandet, og ei negativ utvikling i Trøndelag og Nord-Noreg skaut då fart. På Austlandet var den store endringa at mange bokmålskommunar blei erstatta med nøytrale kommunar, i den grad det hadde noko å seie i praksis. Etter 1990 har ingen kommune i Trøndelag eller Nord-Noreg nynorsk som tenestemål.

Ved inngangen til ein mogleg ny kommunestruktur var der eit firedelt mønster i 2015: nynorskkommunar dominerte på Vestlandet, bokmålskommunar på Austlandet og nøytrale kommunar i Trøndelag, og ein balanse mellom bokmålskommunar og nøytrale kommunar i Nord-Noreg (tabell 4.6.2).

 

4.7 Presse

Utover på 1900-talet blei det skipa svært mange lokale fådagarsaviser på Vestlandet. Dei aller fleste av desse er redigerte på nynorsk eller på begge språka. I 2015 kom åtte av ti nynorskaviser ut på Vestlandet, mot sju av ti i 1925 (tabell 4.7.1). Den gongen var det færre, men større aviser, blant anna fleire dagsaviser.

No dominerer fådagarsavisene heilt blant nynorskavisene (tabell 4.7.2). Likevel har det aldri kome ut fleire nynorskaviser på Austlandet enn mellom 2000 og 2009. Til liks med radio og tv er avisene med og utjamnar dei klare språklege regionaliseringstendensane som kan knytast til bustadadresse.

 

4.8 Kyrkje og religion

Den regionale tendensen som er skildra ovanfor, gjer seg også gjeldande i kyrkjesokna (tabell 4.8.1). I 1937 brukte 47 prosent av kyrkjesokna på Vestlandet nynorsk. Dette har auka mykje over tid, slik at heile 74 prosent av kyrkjesokna på Vestlandet hadde nynorsk liturgi i 2015.

Medan nynorsk som skulemål elles er redusert til langt under 10 prosent i alle andre landsdelar enn Austlandet, brukte då framleis meir enn 10 prosent av kyrkjesokna i Trøndelag, på Sørlandet og Austlandet nynorsk liturgi.

 

4.9 Språk- og kulturinstitusjonar

I organisert form er nynorsken blitt mindre vestlandsk (tabell 4.9.1). I 2012 budde godt over halvparten av alle medlemene i Noregs Mållag på Vestlandet, mot fire av ti i 1918. Dei siste 25 åra har kvar fjerde mållagsmedlem budd på Austlandet.

På papiret er målrørsla altså sterkast der nynorsken er minst brukt. Det er eit ganske typisk trekk for meiningsorganisasjonar – di sterkare ei sak står, di mindre nødvendig er den frivillige organiseringa av meiningsfrendar. Der nei-fleirtalet var størst under folkerøystinga om EF-medlemskap i 1972, var difor ofte der Folkebevegelsen mot EF ganske svakt organisert.

 

4.19 Historisk statistikk

Den vestlandske dominansen i bruk av nynorsk er blitt sterkare med åra, men det nynorske språket er ikkje vestlandsk på same måten.

Det har ofte vore hevda at det skriftspråket Ivar Aasen etablerte, var dominert av vestlandske ord og eit vestlandsk formverk. Ordbog over det norske Folkesprog med 22 000 ord kom i 1850, Norsk Ordbok med 45 000 ord kom i 1873. Ivar Aasen henta mindre enn 40 prosent av ordtilfanget frå Vestlandet til ordbøkene sine, men også at det er store skilnader mellom dei to utgåvene (tabell 4.10.1). I første utgåva var litt over halvparten av orda frå Vestlandet, i andre utgåva var nesten halvparten av orda frå Austlandet.

Slike geografiske hovudmønster seier likevel ikkje noko om den andre sida av denne saka: at Ivar Aasen i første omgang tok lite omsyn til språket som kunne finnast i småbyane (og dei få større byane) austafjells og i andre landsdelar. Planen hans var å gjere det seinare, men det rakk han aldri.

Ivar Aasen framheva språket til folk flest, allmugespråket. Den viktigaste grunnen hans til å gjere det var at han meinte mange såg på dette som sitt morsmål. På Sunnmøre budde om lag 30 000 menneske i 1830-åra, og av desse er det neppe meir enn «en 50de Deel, som ikke bruger Distriktets Almuesprog», og slik vil det vere i store delar av landet, skreiv Aasen. Med det blei han den første iallfall i Noreg som brukte folketal i argumentasjonen for det han ville gjere.

Nokre av skriftene hans som enno er upubliserte, syner at han også tenkte i retning av språksosiologi. I arbeidet med ein skriftnormal for nynorsk tok han omsyn til meir enn det språklege. På veg inn i det store arbeidet med Norsk grammatik som låg føre i 1864, sette han seg hausten 1857 til med «Optegnelse af Statistiske Tabeller over Folketællingen». Den 8. oktober 1857 rekna han seg ferdig Då hadde han mellom anna laga ein tabell som han kalla «Sprogdistrikter (Maalfylke)».

Var det første gongen eit slikt omgrep blei brukt i Noreg? Det var iallfall første gongen nokon rekna på kor mange som brukte dei ulike dialektane.

Ivar Aasen hadde på dette tidspunktet bygt opp den geografiske inndelinga av dia-lektar som seinare er blitt ståande. Det han no gjorde, var å finne ut kor mange som budde i dei ulike delane av landet. På den måten kunne han vite ganske godt kor mange brukarar kvar dialekt hadde. I dei reknestykka tok han også med iallfall ein del av byane, slik at oversynet dekte 90 prosent av alle innbyggjarane (tabell 4.10.2). I Noreg budde nær 1,5 millionar menneske i 1855. Aasen sorterte dei i prinsippet etter talemål. For somme område brukte han dei etablerte futedøme-grensene, andre stader delte han meir detaljert inn. På dette tidspunktet var det enno såpass lite flytting mellom futedøme og regionar at den geografiske inndelinga også var mykje av ei språkinndeling.

Dette materialet sorterte han i tre prioriterte grupper, og då rekna han også med alle byane. Den gruppa han rangerte høgast, var dialektar brukte av nær 600 000 menneske. Her tok han med dialektane frå Sunnmøre, Sogn og Fjordane, Hordaland, Ryfylke, Jæren og Lister, dei sørlege fjellbygdene i Rogaland, Telemark, Numedal, Hallingdal og Valdres, dei nordlege fjellbygdene i Gudbrandsdalen og Østerdalen, dessutan Romsdal, Nordmøre og Orkdalen.

Dialektane i gruppe nr. 2 blei brukte av om lag 450 000 menneske. Til desse rekna han ein del nordnorske dialektar, talemåla i Namdalen, Innherred, Stjørdalen, Strindheim og Fosen, flatlandsbygdene i Hedmark, Solør, Odalen, Toten, Hadeland og Ringerike, og talemåla i Vest- og Aust-Agder utanom Lister.

Nedst plasserte han dialektar som blei brukte av vel 450 000 menneske. Desse budde i Buskerud, Vestfold, Østfold og i byane.

Det Norske Samlaget rekrutterte medlemer frå mange av Aasens Sprogdistrikter (tabell 4.10.3). Det medlemsnivået organisasjonen etablerte kring 1885, blei verande nokså uendra heilt fram til 1950-åra. 46 prosent av medlemene til Samlaget i 1880-åra budde på Austlandet, 31 prosent på Vestlandet. Godt over hundre år seinare, i 2005, budde 39 prosent av Samlagsmedlemene austafjells, 40 prosent vestafjells. Busetnadsmønsteret endra seg kraftig i dette tidsrommet, men balansen mellom aust og vest ser ut til å vere eit særtrekk ved Samlaget jamført med andre nynorskinstitusjonar.

For 25 år i ein tidleg fase av den nynorske skriftkulturens historie er utgivingsstader for nynorske bøker sorterte etter landsdel (tabell 4.10.4). Av vel 1900 bøker kom 1100 ut i Oslo og 224 i Bergen. Å gi ut bøker var særleg den gongen først og fremst ei bysak, sjølv om forfattarane kunne vere busette andre stader.

Dei regionale trekka i den nynorske skriftkulturen kan vidare studerast på fylkesnivå for tidsrommet 1930–1996 for seks ulike variablar (tabell 4.10.5). I Språkfakta 2015 er der nok meir materiale som kan analyserast med eit regionalt blikk.

For det kortare, men likevel viktige tidsrommet 1970–2000 har samfunnsvitaren Håvard Teigen analysert folketalsutviklinga ved å skilje kommunane etter tenestemål og kor sentralt dei ligg. I desse tiåra var det berre nynorskkommunane som voks i folketal, anten dei var utkantkommunar, mellom-sentrale eller sentrale (tabell 4.10.6). Ikkje berre det, veksten var større i nynorskkommunane også i dei mellomsentrale og sentrale kom-munane, der også nøytrale kommunar og bokmålskommunar fekk fleire innbyggjarar. Der er ingen enkle samanhengar mellom språk, identitet og samfunnsendring, skreiv Teigen, men tilfeldige årsaker kunne ikkje forklare desse skilnadene. På fleire viktige område har nynorskbrukarane andre haldningar enn bokmålsbrukarane, og ut av dette kunne ein sterkare regionalidentitet ta form. På den andre sida: Jamt over var truleg nynorskbrukarane ikkje i fleirtal i dei fleste nynorskkommunane.

Dei regionale tyngdepunkta i den språkdelte norske kulturen blei identifiserte i 2008 (tabell 4.10.7). Vestlandet var det relative og faktiske tyngdepunktet for nynorsk skriftkultur. Innanfor den institusjonelle bruken av nynorsk skilde seg Sørlandet seg positivt ut, medan den individuelle bruken ikkje hadde andre tyngdepunkt enn Vestlandet.

 

Tema: språkportrett av eit fylke

Sogn og Fjordane er det nynorske grunnfjellet og har vore det i snart hundre år. Posisjonen for nynorsk i fylket har hatt mykje å seie for den nasjonale posisjonen for språket. Som eit sterkt fleirtalsspråk får nynorsk større tyngd her enn andre stader. Bruken av nynorsk er prega av stor stabilitet og få endringar i både skule, kyrkje og offentleg forvaltning etter 1930-åra. Mykje av det som er omstridd rundt forbi i Noreg, er sjølvsagt i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane er det sterkaste, men ikkje det største nynorskfylket rekna i tal brukarar. Dette er eit like eittspråkleg fylke som Vestfold, berre med motsett forteikn. Innbyggjarane i fylket meiner både at det er viktig å bruke meir nynorsk og at alle nordmenn skal lære begge skriftspråka skriftleg. Først i seinare år har fylket og innbyggjarane også fått innslag av innvandra språk og kulturar, men mindre enn dei fleste andre i landet.

Sogn og Fjordane representerer eit språkleg hegemoni som gjer det tydeleg at mange nordmenn lever i skiftande språklege fleirtal og mindretal. Dette kan auke respekten for verdien av språklege skilnader og språkleg variasjon i Noreg.

Det kan anast ein tendens til at bruken av nynorsk er mindre stabil i ytre enn indre strøk. Saman med språk for elevar på yrkesførebuande program i den vidaregåande sku-len og språkbruksmønster i næringslivet er dette det viktigaste emnet å få meir sikker kunnskap om når ein politikk for nynorsk skal formast. Her gjeld det at ein ikkje tek situa-sjonen anno 2012 for gitt.

Sogn og Fjordane har ein så særmerkt språkleg posisjon at fylkeskommunen har god grunn til å be om å vere representert og bli teken med på råd i viktige forum der nasjonal og regional politikk blir drøfta som kan få følgjer for språkleg praksis.

Nynorsk er like sjølvsagt i vest mot Nordsjøen som bokmål er aust ved Oslofjorden. Det spesielle ved dette er at bokmål er det dominerande språket nasjonalt. Då er det ikkje opplagt at eit anna språk kan stå så sterkt i ein del av landet.

Berre to prosent av alle nordmenn bur i Sogn og Fjordane. Språkleg og dermed kulturelt er fylket mykje viktigare enn slike tal skulle tilseie.

Få av dei endringane i bruken av nynorsk som har prega Noreg det siste hundreåret, har gjort seg gjeldande i Sogn og Fjordane. Dette illustrerer at Noreg er eit samfunn med meir enn eitt kulturelt sentrum. Eit slåande døme er den sterke diskusjonen om samnorsk kring 1950. Då samnorskmotstanden var på sitt sterkaste, organiserte Foreldreaksjo-nen mot samnorsk ein stor underskriftsaksjon. Den 1. januar 1953 hadde dei fått inn om lag 400 000 underskrifter. Berre 300 av desse – 0,8 promille – var frå Sogn og Fjordane, medan 124 000 hadde adresser i Oslo. Det som var ei stor sak inst i Oslofjorden, kunne knapt merkast innover i fjordane vestpå.

Den posisjonen nynorskbrukarane etablerte i fylket i tiåra før 1940, er stort sett like sterk i dag. Den som ønskjer å styrkje bruken av nynorsk eller ta vare på den tradisjonen som alt finst, bør ikkje slå seg til ro med at dagens situasjon er stabil. Der er nokre gryande teikn til endring som tilseier ein føre var-strategi.

På dette punktet har det som Sogn og Fjordane gjer, nasjonal interesse og nasjonale konsekvensar fordi fylket har nokre røynsler sentrale styresmakter ikkje kan finne andre stader.

Ei ganske utbreidd oppfatning har vore at nynorsken raskt blei teken i bruk i dei indre bygdene, men blei møtt med meir motstand ute ved kysten i både Hordaland og Sogn og Fjordane. Den oppfatninga har ein del for seg, men der er også fleire døme på at nynorsken kom tidleg i bruk også ute ved kysten – frå Bremanger kom både den første offentlege annonsen og det første bladet i Sogn og Fjordane som var redigert på nynorsk, og det første mållaget i fylket blei skipa i Florø.

Frå seinare år blir det dokumentert visse tendensar til at nynorsken står svakare ute ved kysten enn innover i fjordane. Her må meir undersøkjast før eintydige konklusjonar kan trekkjast, men politisk kan det vere føremålstenleg å gå ut frå at det faktisk er slik.

Skilnadene mellom tettbygde og spreidtbygde område er mindre i Sogn og Fjordane enn i det meste av landet elles. Det kan godt hende at fråværet av sterk urbanisering har vore ein styrke for bruken av nynorsk, men det seier heller ikkje seg sjølv at nynorsk skriftkultur taper mot alt urbant. Modernisering av samfunn har med meir å gjere enn urbani-sering, men analysar av moderniseringsprosessar gir innsyn i språklege posisjonsendringar. I ein stor studie av målreising og modernisering har historikaren Oddmund L. Hoel mellom anna vist kva som skjedde då ein del einsidige industristader blei utvikla på Vestlandet tidleg på 1900-talet.

Høyanger er ein slik industristad. Då industrireisinga tok til i 1916, var dette ei veglaus grend i Kyrkjebø herad med 124 innbyggjarar. Då aluminiumsproduksjonen tok til i 1919, budde nær 1000 menneske der.

Landsmålet blei teke tidleg i bruk. Alt i 1891 hadde skulestyret i Kyrkjebø innført ei noregshistorie på landsmål i undervisninga, i 1900 brukte alle skulane i kommunane abc-bok på landsmål, og i 1902 tok Kyrkjebø sokn i bruk Blix-salmane. Mange av innflyttarane kom frå miljø og område fjernt frå landsmålet. Dette gjorde den nye industristaden Høy-anger til eit språkdelt samfunn. Slik blei det også mange andre stader i landet. Noreg var blitt eit land med ein språkdelt kultur ikkje berre nasjonalt, men også lokalt. I 1917 vedtok difor Stortinget at kommunane kunne opprette språklege parallellklassar. I Høyanger kom slike få år seinare. Gruppene av nynorsk- og bokmålsbrukarar var jamstore, og striden var kvass. Noka folkerøysting om saka blei det likevel ikkje; truleg dempa ordninga med parallellklassar behovet.

Landsmålet vann først mest fram i område langt unna byane, og på desse industri-stadene kom landsmålet under sterkt press. Mot dei fastbuande med sin klassiske allianse av bondepolitikarar og lærarar stod innflyttarar i form av funksjonærar på aluminiumsverket og folk frå borgarskapet mot. Nynorsk var likevel så solid etablert i lokalsamfunnet at den innflytta språktradisjonen ikkje tok heilt over. Etter dei store økonomiske og sosiale endringane tidleg på 1900-talet blei Høyanger med tida ein like sterk brukar av nynorsk som bygdene i fylket.

Det som sosiologen Andras Hompland med eit lån frå Norsk Dusteforbund i Dagbladet har kalla innflyttarplaga, prega Høyanger for lang tid. Studiar av Årdal peikar i same retning som Hoels analyse av Høyanger. Med grundige studiar også av andre språkdelte lokalsamfunn, særleg Florø og Måløy, blir det mogleg å forstå meir av regionale og kulturelle skilnader i fylket.

Perspektiv: den regionale krafta

Innanfor ei ramme av demokrati er det ei rekkje mekanismar, lover og system som påverkar bruken av nynorsk og bokmål. Det har nok vore ein tendens til å overdrive den rolla desse har spelt og samstundes undervurdere dei demografiske mekanismane.

Nynorskbrukarane på Vestlandet står for alt frå 38 prosent til 91 prosent av all bruk av nynorsk, alt etter om det gjeld elevar i grunnskulen, privat bruk blant vaksne, medlemer i Noregs Mållag, aviser redigerte på nynorsk, kommunar med nynorsk tenestemål eller kyrkjesokn med nynorsk liturgi.

Slik har det ikkje alltid vore. Ideen om det nynorske blei realisert på ulikt vis frå fylke til fylke:

• Dei første bøkene kom ut i Hordaland.
• Dei første blada blei utgitt i Oslo og Hordaland.
• Det første mållaget blei skipa i Oslo og det første ungdomslaget i Oppland.
• Kyrkjelydar i Telemark var dei første som brukte nynorske salmar i kyrkja.
• Dei første skulekrinsane med nynorsk opplæringsmål kom i Aust-Agder, Hordaland, Møre og Romsdal.
• Kyrkjesokn i Nord-Trøndelag og Hordaland var dei første som innførte nynorsk liturgi.
• Den første kaffistova blei opna i Oslo.
• Det første nynorske teatret blei skipa i Oslo, med utgangspunkt i teatermiljø i Akershus.
• Kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane var dei første som vedtok nynorsk som tenestemål.

Grunnlaget for den nynorske skriftkulturen blei altså lagt i heile ni fylke. Møre og Romsdal, der det heile tok til med Ivar Aasen, var sjeldan tidleg ute. Meir enn noko anna fylke representerer Hordaland både pionerane, breidda og kontinuiteten.

Det er også på Vestlandet bruken av nynorsk har konsentrert seg. Det var høvesvis fleire nynorskelevar i grunnskulen på Vestlandet i 2008 enn i første halvdel av 1900-talet. I 1910 var 33 prosent av vestlandselevane nynorskbrukarar, i 2008 43 prosent. I alle dei andre landsdelane har utviklinga gått motsett veg etter 1945. Resultatet er at snart ni av ti nynorskelevar i grunnskulen bur på Vestlandet. I seinare tiår har bruken av nynorsk i skular på Austlandet vore nokså stabil; 12 prosent av nynorskelevane budde på Austlandet i 1910, mot 10 prosent i 2008.

Alt før Ivar Aasen døydde, var likevel eit tyngdepunkt i norskdomsrørsla på veg vestover. Det geografiske tyngdepunktet i målrørsla flytta seg vestover frå Austlandet alt i 1880-åra. Størst var aktiviteten i Hordaland. Like sidan 1880-åra har Telemark og Vest-landet nord for Rogaland vore kjerneområda for målrørsla. 1900-talet har vore prega av ei rørsle sørover frå Nord-Noreg, vestover frå Austlandet, nordover frå Sørvestlandet.

Desse endringane kjem både av at busetnadsmønsteret har endra seg, og av at det blir færre røyster for nynorsk i skulemålsrøystingane i desse landsdelane. For folke-røystingane på Austlandet etter 1965 har eit klart fleirtal enda med nynorsk. På Sørlandet og Vestlandet har eit knapt fleirtal enda med bokmål, medan det store fleirtalet av folkerøystingar i Trøndelag og Nord-Noreg har gitt bokmål som resultat.

Utover på 1900-talet utvikla Vestlandet eit tungt økonomisk hegemoni i Noreg. Dette forsterka seg med oljeproduksjonen frå 1970-åra. Eit tilsvarande kulturelt hegemoni greidde derimot landsdelen ikkje å etablere. Språkleg sett er der difor ei spenning mellom regional identitet og nasjonal posisjon.

Utover på 2000-talet auka sentral-Austlandet sin del av busetnaden i landet. Det kan få mange konsekvensar, også språkpolitisk. Ei viktig motvekt vil då vere at nynorsk blir verande mykje brukt på Vestlandet. Dei siste tiåra er det nettopp på Vestlandet at en-keltpersonar, grupper, bedrifter og institusjonar har teke nynorsk i bruk i nye domene.

Det er store språklege skilnader i Noreg og innbyggjarane lever i skiftande språkle-ge fleirtal og mindretal. Nynorskbrukarane er framleis mange på Vestlandet, i indre strøk på Sørlandet og i dalføra aust og vest på Austlandet. I Trøndelag og Nord-Noreg har sa-misk fått sterkare formell status fleire stader.

Innvandrarane dei siste tiåra har teke med seg mange ulike morsmål, men busett seg mest på Austlandet. Såleis har Aust-Noreg, Vest-Noreg og Nord-Noreg no kvar sin språkprofil.

Bokmål er det mest brukte skriftspråket i alle landsdelar. Slik har det vore like sidan Stortinget jamstelte det nye landsmålet med det etablerte bogsproget i 1885. Ei av dei viktigaste endringane dei siste 50 åra er at det er blitt høvesvis færre nynorskbrukarar i andre landsdelar enn på Vestlandet. Nesten halvparten av dei som helst bruker nynorsk privat, bruker like gjerne bokmål som nynorsk. Dei fleste av desse hadde nynorsk som opplæringsspråk i skulen.

Spørsmålet om Vestlandets rolle i nynorsk skriftkultur har vore der like sidan den første organiseringa i 1860-åra. I 1868 blei Vestmannalaget stifta i Bergen og Det Norske Samlaget i Oslo. Vestmennene, som dei blei kalla, aspirerte ikkje til noka dominerande nasjonal rolle, slik Samlagsmiljøet gjorde. Den regionale interessa gav sine utslag i den eine rettskrivingsreforma etter den andre og blei dels brukt, var dels årsak til, dei organisatoriske og rettskrivingspolitiske motsetnadene som etter kvart kom til å prege Noregs Mållag. På den eine sida er det ingen tvil om at Vestlandet utover på 1900-talet gav nynorsk skriftkultur den tyngda som trongst. På den andre sida var det heile tida så viktig å framheve nynorsk som eit riksdekkjande språk, mindre brukt som det var på nasjonalt nivå, at regionale initiativ i beste fall blei møtte med skepsis.

Slik var det også då spesialrådgivar Sverre Jervell i Utanriksdepartementet tok til orde for ein nynorsk Vestlands-region på landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar i 2003. Han viste til regionaliseringa i EU og spurde: «Når kjem nynorskregionen?» Framtida for fylkeskommunane var eit ope spørsmål – Jervell kjende seg i 2003 sikker på at fylkestingsvalet det året ville bli det siste – og meinte dette opna for regionar av typen Vestlandet. Han viste til kor viktig språk og kultur hadde vore for fleire europeiske regionar, med Katalonia som paradedømet: «Det er klokt å tenke ut en regional strategi for nynorsken som gradvis kan erstatte den nasjonale strategien.» Med nynorsk som fleirtalsspråk på Vestlandet fekk ein så heller godta eit krav om minst 25 prosent bokmål i dei regionale radiostasjonane, la han til.

Jervell rekna med at den støtta som nynorsken har i sentralmakta, kunne gå tapt eller i alle fall bli svekt viss ein la opp ein regional strategi: «Jeg er ikke sikker på at det er så farlig». Nettopp den frykta har heile tida vore ankepunktet mot ein regional strategi.

Det kunne vere eit tankeeksperiment å sjå for seg at Bergen i den økonomisk sterke regionen Vestlandet i si tid hadde spelt ei like konstruktiv rolle i språkpolitikken som borgarskapet i Barcelona og Katalonia gjorde. Under Franco-regimet var katalansk eit forbode språk i Sapnia, men det blei brukt privat av mange og var eit sosialt elitespråk i Katalonia, slik engelsk ein gong var i Quebec. Katalonia er på få ti år blitt ein økonomisk motor i det spanske samfunnet, og på like kort tid har styresmaktene i regionen gjennomført ein gans-ke så konsekvent tospråkspolitikk for katalansk og spansk.

Etter eit slikt tankeeksperiment er ein strengt tatt like langt.

 

Publisert 29.9.2015
Sist oppdatert 22.9.2015

 

⁸²  Hallstein Myklebust: «Næringar og busetnad i bygdene fram mot år 2000», Syn og Segn 1965.
⁸³  Statistisk sentralbyrå: «Folkemengde i tettbygde og spredtbygde strøk. Fylke. 1. januar 2014», ssb.no, lesedato 19.7.2015.
⁸⁴  Håvard Teigen: «Nynorsk og regional utvikling», i Elisabeth Bakke og Håvard Teigen (red.): Kampen for språket. Oslo 2002, s. 140–173.
⁸⁵  Håvard Teigen, same staden, s. 166.
⁸⁶  Øystein A. Vangsnes, Göran B.W. Söderlund og Morten Blekesaune: «The effect of bidialectal literacy on school achievement», International Journal of Bilingual Education and Bilingualism, 2015, s. 1–16.
⁸⁷  Øystein A. Vangsnes og Göran Söderlund: «Språk og læring: Fins det nynorske tospråksfordelar?», i Gjert Langfeldt (red.): Skolens kvalitet skapes lokalt, Bergen 2015, s. 97–120.
⁸⁸  Jf. Ottar Grepstad: Historia om Ivar Aasen, 3. utgåva, Oslo 2014.
⁸⁹  Ivar Aasen: «Forerindring», Den søndmørske Dialekt, her etter Jarle Bondevik ofl.: Sunnmørsgrammatikkane av Ivar Aasen, Bergen 1992, s. 59.
⁹⁰  Ivar Aasen: Ms.4° 915:23:9:1, Nasjonalbiblioteket, jf. Ivar Aasen: Brev og Dagbøker, band III, Oslo 1960, s. 214.              
⁹¹  Håvard Teigen: «Nynorsk og regional utvikling», i Håvard Teigen og Elisabeth Bakke (red.): Kampen for språket, Oslo 2002, s. 168 ff.
⁹²  Dette underkapitlet er i hovudsak henta frå Ottar Grepstad: Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012, Ørsta 2012, s. 4–7.
⁹³  Sprog og tall, Oslo 1960, s. 33 f.
⁹⁴  Ottar Grepstad: «Demokratisering i ein språkdelt kultur», Vestlandets historie, Bergen 2006, band 3, s. 175.
⁹⁵  Den vidare framstillinga byggjer på Oddmund L. Hoel: Mål og modernisering 1868–1940, Oslo 2011, s. 249–285.
⁹⁶  Andreas Hompland: SØKELYS på Sogn og Fjordane, nr. 2 1982.
⁹⁷  Dette underkapitlet er i hovudsak henta frå Ottar Grepstad: Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012, Nynorsk kultursentrum 2012, s. 5–6.
⁹⁸  Sverre Jervell: «Europeiske regionar på frammarsj  når kjem nynorskregionen?», foredrag på landstinget til LNK, Ivar Aasen-tunet 2003, manuskript arkiv Ivar Aasen-tunet.

 

 

    Artikkellesar