3 Noreg

I Kongeriket Noreg budde i 2015 folk frå over 200 land, og grunnskulen hadde frå og med 2001 hatt elevar med over 200 ulike morsmål.

3  Noreg
Figur 3.1 Privat bruk av nynorsk og bokmål 1951–2014

Stortinget vedtok i 1885 å jamstille nynorsk og bokmål som offisielle språk i Noreg. Det gjorde Noreg til ein av dei først formelt fleirspråklege statane i verda. Stortinget har aldri seinare handsama noko forslag om å oppheve vedtaket. Dette har gitt ein språkdelt norsk kultur med to gjensidig forståelege norske språk. Desse skriftkulturane er solid funderte gjennom skrift, institusjonar og regelverk. Difor var brukssituasjonen både for nynorsk og bokmål prega av stabilitet på mange område i 2015.

Av vel 4,2 millionar innbyggjarar over 15 år i 2015 var bokmål førstespråket for 3,6 millionar, nynorsk for om lag 600 000. Fire av ti nynorskbrukarar var reelt tospråklege ved at dei brukte nynorsk og bokmål om lag like mykje. Om lag halvparten av alle nordmenn budde i språknøytrale kommunar, og ein av ti budde i nynorskkommunar. Innvandrarar utgjorde ein mindre del av busetnaden i nynorskkommunane enn i resten av landet.

Sikre tal for brukarar av samiske språk eller kvensk ligg ikkje føre. Nordsamisk stod i 2015 vesentleg sterkare enn for 30 år sidan, medan sørsamisk og lulesamisk var i vanskar. Det gjeld også kvensk, som færre elevar lærte å lese og skrive utover på 2000-talet.

Der engelsk blei meir brukt, gjekk det mest ut over bokmål, særleg i vitskap, næringsliv og underhaldningsindustri. Talt bokmål var dessutan under press frå dialektar i radio og tv. Nynorsk blei mest pressa av bokmål i vidaregåande skule, høgare utdanning og i underhaldningsindustrien, men blei brukt jamt meir i aviser. Både departementa og resten av statsforvaltninga brukte meir nynorsk i 2015 enn ti år tidlegare.


3.1 Skriftkulturar
3.2 Demografi og geografi
3.3 Meiningar og val
3.4 Individuell språkbruk
3.5 Utdanning og forsking
3.6 Offentleg forvaltning
3.7 Næringsliv
3.8 Digitale medium
3.9 Radio og fjernsyn
3.10 Presse
3.11 Bøker
3.12 Kyrkje og religion
3.13 Kunst
3.14 Språk- og kulturinstitusjonar
Tema: tenkjemåten mangfald
Perspektiv: matrise for tale og skrift

Last ned heile teksten i pdf her

 

3.1 Skriftkulturar

Forholdet mellom dei to norske språka nynorsk og bokmål på ulike område kan dokumenterast gjennom meir enn to hundreår.

Noko av den viktigaste dokumentasjonen dekkjer eit vidt kulturfelt: bokutgivingar frå 1800, aviser frå 1860, salmebøker frå 1869, opplæringsspråk i folkeskulen og grunnskulen frå 1890, liturgispråk i kyrkja frå 1892, lover frå 1894, bibelsal frå 1899, tenestemål i kommunane frå 1921, radiosendingar frå 1933, litteraturprisar frå 1934, verne- og sesjonspliktige frå 1947, privat bruk frå 1951, songar i Melodi Grand Prix frå 1960, stortingsdokument frå 1961, stortingsval frå 1965, innkjøpsordningane for litteratur frå 1965, tv-program frå 1972, scenekunst frå 1988, plater og cd-ar frå 1981, digitale medium frå 1997, pressestøtte frå 2000.

Dei skiftande utgangspunkta gjer det vanskeleg å etablere eit språkbarometer for nynorsk og bokmål med mange variablar for noko langt tidsrom. Eit første språkbarometer i enkelt format blei første gongen publisert i Nynorsk faktabok 1998. Seinare er det laga tre til (sjå kapittel 7.9).

Det mest utbygde språkbarometeret gjeld nynorsk skriftkultur, inneheld 33 variablar og dekkjer tiårsintervall frå og med 1900 (tabell 3.1.1). Dokumentasjonen er sortert i dei fire områda offentleg skrift, offentleg tale, privat skrift og privat tale. Tala gjeld bruk av nynorsk og dialekt, men gir dermed også eit ganske komplett bilete av bruken av bokmål. Bruken av nynorsk låg i intervallet 3–19 prosent for fire variablar i 1900, og mellom 4 og 47 prosent i 2010. Den berande linja er at dei posisjonane nynorsk skriftkultur vann fram mot 1930-åra, stort sett var dei same på 2000-talet.

Nynorsk var i 2010 eit 15 prosent-språk.

Det vil seie at om lag 85 prosent av innbyggjarane i Noreg til vanleg bruker bokmål. Likevel er det ikkje slik at eventuell nedgang for nynorsk alltid inneber ein oppgang for bokmål. Under det høge talet skjuler det seg eit sterkt press mot bokmål frå engelsk særleg i underhaldning, næringsliv og akademia. Språkbarometeret for Noreg 2015 registrerer språkfordeling og utvikling på 30 område (tabell 3.1.5). For 25 av desse kan utviklinga målast over tid. På 17 område var situasjonen stabil for nynorsk, på 14 for bokmål. På to område hadde bruken av nynorsk minka, og for bokmål gjaldt dette seks område. Bokmål er under press frå engelsk og dialektar, nynorsk mest frå bokmål. Presset frå engelsk går i liten grad ut over nynorsk, men svekkjer bruken av engelsk bruken av bokmål i vesentleg grad, kan det også få følgjer for nynorsk.⁶⁴

For bruken av nynorsk er situasjonen stabil, men krevjande. Frå og med 2000 er bruken av nynorsk dokumentert på 28 område (tabell 3.1.3). På dei fleste kan utviklinga følgjast frå 2000 til 2014. For å unngå meir eller mindre tilfeldige avvik og moglege feilkjelder må ei endring vere på minst to prosent det siste tiåret for å bli markert som endring. På 12 område var bruken av nynorsk uendra frå 2005 til 2014, bruken hadde minka på sju område og auka på fem. På 18 av 25 område var altså bruken stabil eller aukande frå 2005 til 2014. Eit ganske likt mønster gjorde seg gjeldande for bokmål: Det meste endrar seg lite eller inkje.

Eitt utviklingstrekk er særleg viktig.

Nynorsk blir på dei fleste områda brukt like mykje eller like lite som før, og bruken av nynorsk er meir akseptert. Bruken av nynorsk i 1990-åra var prega av stabilitet og vekst. For det første tiåret på 2000-talet høver oppsummeringa at nynorsk er blitt meir akseptert, og at bruken er stabil. Kjartan Fløgstads ord frå 1980-åra om at nynorsk er eit fleirtalsspråk brukt av eit mindretal, står ved lag.⁶⁵

Målt i absolutte tal er det mange fleire individuelle nynorskbrukarar i dag enn for 50–60 år sidan. Målt i prosent er det færre individuelle nynorskbrukarar i Noreg no.

Både kommunane, skulane og kyrkja er institusjonar som verkar stabiliserande i norsk språkpolitikk. Slike institusjonar finst også innanfor teater, avis- og bokutgiving. Endringane skjer som regel sakte. Både målt i talet på skulekrinsar, kyrkjesokn og kommunar med nynorsk tenestemål er det fleire enn 25 prosent som bruker nynorsk. Færre kommunar enn før har nynorskelevar i grunnskulen, færre elevar i grunnskulen og færre vernepliktige bruker nynorsk.

Nynorsk blir lite brukt på Internett og endå mindre i akademia, men ikkje mykje mindre enn før. Det er meir nynorsk i massemedia enn nokon gong tidlegare i dette hundreåret. Skilnadene mellom dei ulike massemedia er tydelege. Det blir brukt meir nynorsk i aviser enn i bøker, radio og fjernsyn. Kvar fjerde avis er redigert på nynorsk, kvar tiande bok er skriven på nynorsk. Dei individuelle brukarane utgjer ein mindre del av alle innbyggjarane i dag enn for nokre tiår sidan, men bruken av nynorsk har auka i både radio- og bokmediet og er fast etablert i tv.

Nynorsk blir brukt mange stader i landet, kvar dag, i så godt som alle fylke.

Når emnet i det språkpolitiske ordskiftet er norsk språk, blir det snakka om norsk, riksmål, nynorsk og dialekt. Namnet på det mest brukte språket i Noreg blir sjeldan brukt i slike høve. Norske massemedium, analoge eller digitale, brukte ordet «bokmål» 1707 gonger i 2014, men nemnde «dialekt» 1930 gonger og «nynorsk» 3832 gonger (tabell 3.1.4). Det året var Bjørnstjerne Bjørnson og Ivar Aasen nemnde like mange gonger, medan Noregs Mållag var omtalt nesten fem gonger så ofte som Riksmålsforbundet.

 

3.2 Demografi og geografi

Den 1. januar 2015 budde vel 5,1 millionar menneske i Noreg.⁶⁶

Eit levande språk blir brukt av folk, ikkje prosent. Den nynorske skriftkulturen er ein av dei 100 mest vitale i verda (sjå kapittel 1.2). Brukargrunnlaget er sterkast institusjonelt, men med om lag 600 000 daglege brukarar privat – i tillegg kjem dei mange bokmålsbrukarane som dagleg eller nesten dagleg bruker språket i arbeid, er nynorsk eit mindre brukt språk i Noreg og eit stort språk i verda (tabell 3.1.2).

Noreg var i 2015 delt inn i 19 fylkeskommunar og 428 kommunar. Sidan 1930 har kvar kommune sølv bestemt om staten skal bruke nynorsk eller bokmål i sin kontakt med kommunen, og omvendt, eller om kommunen skal vere språknøytral. Dette blir kalla tenestemål, og i dei fleste kommunane er dette identisk med administrasjonsspråket kommunane sjølve bruker.

Nær 2,4 millionar menneske budde i dei språknøytrale kommunane i 2015, mot 1,9 millionar i bokmålskommunane og godt og vel fem millionar i nynorskkommunane (tabell 3.2.1). Det vil seie at halvparten av alle nordmenn budde i ein språknøytral kommune. Sidan 1970 har folketalet i nynorskkommunane utgjort 10–11 prosent.

Den språklege variasjonen i Noreg er svært stor. Det typiske er at norske språkbrukarar er i skiftande fleirtal og mindretal, alt etter kvar dei til skiftande tider bur og arbeider. Bokmål er mest brukt over heile landet, men nynorskbrukarane er framleis mange på Vestlandet, i indre strøk på Sørlandet og i dalføra aust og vest på Austlandet. I Trøndelag og Nord-Noreg har samisk fått sterkare formell status fleire stader.

I 1971 brukte halvparten av alle elevane på Vestlandet nynorsk i grunnskulen. I 2015 var fire av ti elevar på Vestlandet nynorskbrukarar (tabell 3.2.2).

Blant dei vaksne var der to ytterpunkt. Det eine var Vestlandet. Der var 21 prosent av alle over 15 år nynorskbrukarar i 2005, og 13 prosent brukte nynorsk eller bokmål om kvarandre (tabell 3.2.3). I praksis var ein av tre innbyggjarar på Vestlandet tospråklege norske. Det andre ytterpunktet var Oslo-området, der 96 prosent brukte bokmål.

Frå 1965 har Noreg fått innvandrarar frå over 200 land og sjølvstendige regionar. Innvandrarane var i 2015 rekna til om lag 800 000 menneske. Det vil seie at Noreg då hadde fleire innvandrarar enn nynorskbrukarar, sjølv om der var nynorskbrukarar også blant innvandrarane.

Innvandrarane har med seg mange ulike morsmål og buset seg mest på Austlandet. Såleis har Aust-Noreg, Vest-Noreg og Nord-Noreg no kvar sin språkprofil. Kommunane med nynorsk tenestemål har gjennom auka innvandring dei siste åra også fått større kulturell variasjon. Det vesle det har vore av folkeauke i desse kommunane dei siste åra, har innvandrarane stått for (tabell 3.2.4). Dette kan gjere fleire innvandrarar til nynorskbrukarar. Som i 2001 utgjorde innvandrarane i 2015 ein mindre del av folketalet i nynorskkommunane enn i resten av landet.

Nynorskbrukarane finst i alle fylka, truleg også i alle kommunar. Ein av tre nynorskbrukarar bur ikkje på Vestlandet, men det er der dei mange stader utgjer dominerande fleirtal. Den norske kyrkja held oppe ein viss bruk av nynorsk også i Trøndelag, og på Austlandet kjem det ut fleire nynorskaviser no enn kring 1900.

Det har i lang tid vore vanleg å snakke om nynorske kjerneområde. Dette omgrepet har knapt nokon gong vore definert, men det har alltid referert til geografiske område.

Uttrykket kan då forståast på to måtar.

Den eine tydinga er at det dreiar seg om område der nynorsken dominerer sterkt i den forstand at minst 50 prosent av innbyggjarane på ein eller annan måte er nynorskbrukarar, og at denne dominansen har vore der i lang tid. Såleis kunne ein seie at nynorske kjerneområde er futedøme, fylke eller regionar der det har vore minst 50 prosent nynorskelevar i grunnskulen.

Den andre tydinga ville vere at det dreiar seg om område der nynorsken relativt sett er mykje meir brukt enn elles i landet. Då ville det vere nok å føresetje at minst 25 prosent bruker nynorsk.

At det nye skriftspråket så raskt blei teke i bruk av store grupper, var avgjerande for gjennomslagskrafta til den nynorske skriftkulturen. Frå 1892 har det vore opp til kyrkjelydane og skulekrinsane å gjere liturgispråk i kyrkja og opplæringsspråk i grunnskulen. Alt tjue år seinare var nynorskelevane i fleirtal i både Hordaland og Sogn og Fjordane. På kort tid følgde Rogaland, Agder og Telemark etter. Sidan har denne regionale krafta vore der.

Sjølv om det no finst nynorskelevar i 39 prosent av alle kommunane og den nynorske skriftkulturen blir meir brukt i riksmedia enn tidlegare på 1900-talet, er mykje av den daglege bruken av nynorsk blitt konsentrert til dei fire vestlandsfylka frå Rogaland til og med Møre og Romsdal. Mest har gått tapt i Aust-Agder og Nord-Trøndelag, og i Nord-Noreg blei nynorsk skriftkultur eit blaff i åra kring den andre verdskrigen. Samstundes er der også tydelege tendensar til at austlandsfylka Oppland og Telemark var viktigare innanfor nynorsk skriftkultur i 1990-åra enn dei var før den tyske okkupasjonen.

Det tettbygde samfunnet ser ikkje ut til å fremje det norske språkege mangfaldet. I 1965 meinte geografen Hallstein Myklebust at åtte av ti nordmenn kom til å bu i tettbygde strøk i 2000.⁶⁷ Han trefte godt. I 2014 budde åtte av ti nordmenn der.⁶⁸ Statistisk sentralbyrå har vurdert folketalsutviklinga for alle kommunar i dei 25 åra frå 2015 og 2040 (tabell 3.2.5). Byrået har laga tre reknestykke alt etter om folketalsveksten blir låg, middels eller høg. I alle tre tilfella held nynorskkommunane anno 2015 på sin del av innbyggjarane i Noreg. Den faktiske veksten vil derimot variere med låg vekst i mange, middels i somme og høg i nokre.

 

3.3 Meiningar og val

Noreg er eit språksamfunn med mange språklege skilnader i både skrift og tale. Mange nordmenn har no akseptert nynorsk, svært mange meiner dialektane ikkje blir brukte for mykje, men like mange ønskjer ikkje fleire varige minoritetsspråk. Dei som tener lite, er meir positive til både nynorsk, dialektar og nye varige minoritetsspråk enn dei som tener mykje. Dei som tener minst og mest er dei som er mest positive til meir engelsk i Noreg.

Mange nynorskbrukarar har framleis eit dårleg språkleg sjølvbilete. Jamt over liker nynorskelevane betre å lese bokmål enn nynorsk. Truleg skiftar kvar tredje nynorskbrukar til bokmål før vedkomande er 20 år gamal.

Store språkspørsmål står til avklaring. Utgangspunktet er godt, for nesten halvparten av veljarane seier dei er interesserte i språkspørsmålet generelt. Framleis står nynorsk sterkast blant veljarane til sentrumspartia.

Interessa for det som i undersøkingane blir kalla språkspørsmålet er stor blant veljarane, og den interessa har vore stor i mange tiår (tabell 3.3.1). Dei siste tiåra har godt over 10 prosent vore svært interesserte, og godt over 30 prosent har vore nokså interesserte. Det inneber at halvparten av alle nordmenn er nokså interesserte eller svært interesserte i språkspørsmålet. Interessa var tydeleg større i 2013 enn i 1969. Det gir eit interessant grunnlag for den språkpolitiske vendinga som har prega så vel Noreg som andre land dei siste tiåra (sjå kapittel 1).

Lokale folkerøystingar er eit viktig element i det norske lokaldemokratiet, både som prinsipp og i omfang. Sidan 1892 har det vore vedtaks- og lovfesta at opplæringsspråk i skulen og liturgispråk i kyrkja skal avgjerast lokalt. Mange tusen folkerøystingar er blitt gjennomførte frå den tid. Berre mellom 1970 og 2014 kunne over 1,5 millionar gi sine røyster ved 727 lokale folkerøystingar om ulike emne.⁶⁹ Eit knapt fleirtal av dei røysteføre deltok.

44 prosent av dei nemnde folkerøystingane gjaldt opplæringsspråk i skulen. Frå og med 1965 hadde det ved utgangen av 2014 vore halde 393 folkerøystingar om opplæringsspråket i skulen. Ved desse folkerøystingane sa 75 000 personar si meining.

Etter 1945 har det vore få folkerøystingar om liturgispråk i kyrkja. Mellom 1892 og 1954 blei det derimot gjennomført meir enn 1300 folkerøystingar om den saka. Som regel gav dei klare fleirtal for nynorsk. Slik har det også vore i skulen: Nynorsk er blitt røysta inn med klart fleirtal og ut att med knappe marginar, og dei marginane har minka med åra. I åra 1965–1969 røysta 66 prosent for bokmål i skulen, mot 53 prosent i åra 2010–2014. Endringane i busetnadsmønster har likevel meir å seie for bruken av nynorsk enn folkerøystingane.

Stortinget jamstilte i 1885 dei to norske språka som i dag heiter nynorsk og bokmål. I tida etterpå har det aldri vore fremja forslag om å oppheve dette vedtaket, som dermed er eit av få vedtak frå 1800-talet som framleis gjeld. Spørsmålet om vidare jamstilling deler derimot Noreg i to (tabell 3.3.3). I 2013 var 48 prosent heilt eller delvis samde i at nynorsk og bokmål framleis skal vere jamstilte, og 45 prosent var usamde. Størst var tilslutninga på Vestlandet, der fire av ti var heilt samde, og størst var motstanden i Nord-Noreg, der fire av ti var heilt usamde.

 

3.4 Individuell språkbruk

Dei språklege skilnadene i Noreg aukar. Bokmål dominerer, bruken av nynorsk er ganske stabil, og det blir jamt fleire med andre språk enn norsk som førstespråk.

Det er eit anslag å seie at om lag 600 000 av innbyggjarane i Noreg bruker nynorsk privat. Talet har stått fast i mange år ut frå ei vurdering av at nynorskprosenten minkar noko, men folketalet veks. Så mykje som 40 prosent av nynorskbrukarane er reelt tospråklege i den forstand at dei like gjerne bruker bokmål som nynorsk. Talet på nynorskbrukarar har halde seg stabilt sidan 1990-åra. Dei bur over heile landet, men Vestlandet aukar prosentdelen sin.

Skriftleg bruk av nynorsk og bokmål privat har vore kartlagd gjennom spørjeundersøkingar like frå 1951 (tabell 3.4.1). Då brukte 75 prosent bokmål, og i 2013 var der 73 prosent bokmålsbrukarar. I mellomtida hadde språkvariasjonen auka ved at jamt fleire frå slutten av 1900-talet brukte kombinasjonar av nynorsk, dialekt og bokmål. I 2013 kunne dermed 13 prosent reknast som nynorskbrukarar, mot 25 prosent i 1951.

Frå 1995 har det same spørsmålet vore stilt med jamne mellomrom om kva språk nordmenn helst skriv privat. Bruken av nynorsk var svakt, men tydeleg aukande. I 2014 svara 15 prosent at dei helst skreiv nynorsk eller begge språka privat, mot 14 prosent i 2005 og 12 prosent i 1995.

Det er ein svak tendens til at fleire kvinner enn menn bruker nynorsk privat, og at nynorskbrukarane utgjer ein større del i dei eldre aldersgruppene enn i dei yngre. Det inneber at den språklege avstanden aukar mellom dei unge og dei eldre. Di meir utdanning ein person har, di meir sannsynleg er det at vedkomande bruker bokmål. Det er også fleire bokmålsbrukarar blant dei med høg inntekt enn blant dei med låg inntekt. Nynorskbrukarane er helst å finne på bygdene og i tettstadene, men dei bur i alle fylke og i alle typar byar også. Når bokmål og nynorsk har ulik posisjon i Noreg, heng det altså også saman med sosiale skilnader.

I Stortinget har dei folkevalde frå 1913 sjølve bestemt om dei skal refererast på nynorsk eller bokmål i dei stenografiske referata frå ordskifte i plenum. Den gongen brukte sju prosent av representantane nynorsk (tabell 3.4.2). Etter ein topp på 25 prosent i 1950-åra brukte 11 prosent av stortingsrepresentantane nynorsk i 2015.

Då Forsvaret i 1947 tok til å dokumentere språkvala hos vernepliktige, brukte 23 prosent nynorsk (tabell 3.4.3). Dette fall til 14 prosent i 1960 og ni prosent i 1970, og der om lag har nynorskbrukarane vore sidan.

Svært få nordmenn skiftar frå bokmål til nynorsk i skulen eller som privat språk som vaksne. Derimot skiftar mange frå nynorsk til bokmål. Ved å kombinere tal frå skule og sesjon er det mogleg å talfeste denne språklege lekkasjen frå den nynorske skriftkulturen (tabell 3.4.4). Med kvart femte år som målepunkt har språkskiftet variert frå 70 prosent på det meste i 1950-åra til 24 prosent i 1990-åra.

Pålitelege tal for samiske språkbrukarar ligg ikkje føre. I utkast til Nordisk samekonvensjon i 2005 la ein til grunn at det budde mellom 80 000 og 100 000 samar i Norden, og at 50 000–60 000 av desse budde i Noreg.⁷⁰ Faglig ressursgruppe for samisk statistikk har sidan 2007 både levert viktige studiar og stilt kritiske spørsmål til dei tala som ligg føre. I Samisk språkundersøkelse rekna ein i 2012 med om lag 30 000 samar i Noreg.⁷¹ Så langt det har vore mogleg, er oppdatert informasjon teken med (tabell 2.3.2). Der er likevel summen av samiske innbyggjarar lågare enn anslaget frå undersøkinga i 2012.

For samiske språkbrukarar kjem det største språkpresset frå bokmål. Slik har det vore sidan ein offisiell fornorskingspolitikk blei innført frå 1860-åra. Presset blei mindre enn fornyinga av samisk språkpolitikk i 1980- og 1990-åra, men enno er dei sosiale strukturane der som representerer eit kulturelt og dermed språkleg press.

 

3.5 Utdanning og forsking

Det språklege mangfaldet har auka mykje i Noreg dei siste tiåra. Det går nynorskelevar i grunnskulen i fire av ti kommunar. I skuleåret 2014/15 hadde 12 prosent av elevane nynorsk som hovudmål, mot 15 prosent i 2000 (tabell 3.5.1). Aldri stod nynorskelevane sterkare i skulen enn i 1945 – då brukte ein av tre nynorsk.

I gymnaset og seinare i den vidaregåande skulen har det alltid vore ein mindre del som har brukt nynorsk enn i folkeskulen og grunnskulen (tabell 3.5.2). Ein del data manglar, men på det meste, i 1940, brukte 11 prosent av gymnaselevane nynorsk. Etter 2010 har nær sju prosent av elevane i vidaregåande skule brukt nynorsk. Kvart år tok om lag 3200 nynorskelevar og 46 000 bokmålselevar eksamen i studieførebuande fag eller allmenn påbygging (tabell 3.5.5).

Ei av dei store språkendringane i Noreg dei siste tiåra kan finnast på hovudfag- og masternivå ved universitet og høgskular. Frå 1970-åra ut fram mot tusenårsskiftet blei bokmål jamt meir dominerande språk i avhandlingar, og i 1996 skreiv tre av fire oppgåvene på bokmål. På kort tida minka dette til seks av ti i 2011. I heile dette tidsrommet auka bruken av engelsk jamt og trutt, frå sju prosent i 1971 til 37 prosent i 2011. Nynorsk har aldri vore brukt av mange i akademia, og situasjonen var stabil – tre prosent i 1971, to prosent i 2011.

Der er ingen sikre tal på kor mange som bruker eit av dei samiske språka, eller kvensk. Den einaste pålitelege informasjonen gjeld elevar i grunnskulen (tabell 3.5.3). I Norden bur dei fleste samane i Noreg, og nordsamane dominerer. Frå og med 2003 gir den offisielle statistikken høve til å sortere mellom førstespråk, andrespråk 2 og andrespråk 3. Det året var samisk førstespråket for 55 prosent av elevane med samisk. Frå og med hausten 2006 har det vore mogleg å ta samisk også som andrespråk 3. Dette har ikkje redusert talet på elevar med samisk som førstespråk.

Frå 2001 til 2012 auka talet på elevar med nordsamisk på eit eller anna nivå frå vel 1600 til vel 1900. I dette tidsrommet blei det også fleire elevar med lulesamisk eller sørsamisk, men dei var få: 98 lulesamiske og 95 sørsamiske elevar i 2012. Derimot blei det mange færre elevar med kvensk eller finsk i grunnskulen – 600 i 2012 mot 1100 i 2001.

Mellom 2000 og 2015 var der elevar med 206 ulike minoritetsspråk i grunnskulen. Mange fleire elevar fekk morsmålsundervisning i store innvandrarspråk som somalisk, arabisk og polsk enn i dei samiske urfolksspråka og historiske minoritetsspråk som kvensk (tabell 3.5.4).

 

3.6 Offentleg forvaltning

Språkleg regelverk og praksis i offentleg forvaltning har mykje å seie for den allmenne språkbruken i Noreg. Det har mykje å seie for utvikling av terminologi at både nynorsk og bokmål blir brukte mykje og godt i offentleg forvaltning.

Utover på 1900-talet var Noreg delt inn i 747 kommunar på det meste (tabell 3.6.1). I 1960-åra blei mange kommunar slått saman til større einingar. Seinare kom det fleire enkeltsamanslåingar, slik at 466 kommunar i 1966 var blitt til 428 i 2015.

Før dei mange samanslåingane i 1960-åra utgjorde nynorskkommunane på det meste 39 prosent av alle kommunar – både dei språknøytrale og bokmålskommunane var færre. Etter 1970 stabiliserte dette seg slik at godt og vel 20 prosent var nynorskkommunar. I 2015 var det 113 nynorskkommunar, eller 26 av alle, mot 157 nøytrale (36 prosent) og 158 bokmålskommunar (38 prosent).

Der var nynorskkommunar i 12 fylke i 1965 og i ni fylke i 2015 (tabell 3.6.2). I desse tiåra blei Vestlandet jamt meir dominerande. 46 av 85 nynorskkommunar låg på Vestlandet i 1965, og i 2015 var 89 av 113 nynorskkommunar å finne der.

Etter omorganisering av den lokale offentlege forvaltninga 1964–1977 fekk fylkeskommunane nye og utvida oppgåver. I språkleg samanheng er det fordelinga mellom nynorsk- og bokmålskommunar som avgjer om ein fylkeskommune skal ha nynorsk eller bokmål som tenestemål i sin kontakt med statsforvaltninga. Dei språknøytrale blir ikkje rekna med. Dei aller fleste fylkeskommunane er språknøytrale (tabell 3.6.3). Tre fylkeskommunar hadde nynorsk tenestemål i 2015, mot to i 1979, og to hadde bokmål, mot tre i 1979.

Bruken av nynorsk og bokmål i statsforvaltninga er lovfesta. Stortinget vedtok lov om målbruk i offentleg teneste første gongen i 1930 og ei ny lov i 1980. Reglane for tenestemål er ein viktig del av denne lova. Andre viktige element er at forvaltninga skal bruke minst 25 prosent av kvart språk i utoverretta dokument og informasjon, og at skjema som skal fyllast ut av publikum, skal liggje føre på både nynorsk og bokmål.

I praksis gjer statsforvaltninga ikkje som Stortinget har føresett gjennom lov om målbruk i offentleg teneste. Dei fleste etatane og organa avgrensar seg til ein språkleg minimumsstrategi. Likevel brukte statsforvaltninga vesentleg meir nynorsk utover på 2000-talet enn i tiåra før.

I 2000 var 22 prosent av stortingsdokumenta på nynorsk, mot tre prosent i 1961 (tabell 3.6.4). Frå og med 2000 blir bruken dokumentert i sidetal ikkje dokumenttal. I 2014 var 28 prosent av samla tekstmengd i stortingsdokumenta på nynorsk, mot 13 prosent i 2000 etter denne reknemåten. Dette er det beste årsresultatet for nynorsk som er registrert på dette området.

Også fleire av dei vedtekne lovene var på nynorsk på 2000-talet enn før (tabell 3.6.5). I 1940 var fem prosent av lovene på nynorsk, i 2012 ugjorde dei heile 30 prosent av dei lovene som blei vedteke det året.

I statsforvaltninga under departementsnivå stod det ikkje fullt så bra til for eit nynorsk blikk (tabell 3.6.7). Frå 1994 til 2014 fall talet på rapporteringspliktige organ frå 220 til under 150. I gjennomsnitt rapporterte etter kvart om lag 80 prosent av desse forvaltningsorgana. Til og med 2014 var det regjeringa Stoltenberg II i åra 2006–2013 som kom lengst i språkleg jamstilling. Sju av 18 departement og tre av ti statlege forvaltningsorgan oppfylte då det lovfesta kravet om minst 25 prosent på kvart av dei to norske språka. Framleis var det altså slik at dei fleste departementa og forvaltningsorgana ikkje oppfylte krava i lov om målbruk i offentleg teneste og dermed ikkje gjorde som Stortinget hadde føresett.

Dette blei ikkje betre med regjeringa Solberg, sjølv om denne altså praktiserte mållova betre i stortingsdokument enn noka tidlegare regjering. Både for dokument under og over ti sider gjorde denne regjeringa det dårlegare i 2014 enn sjølv regjeringa Bondevik gjorde på sitt dårlegaste.

Noreg tok eit oppgjer med seg sjølv om politikken overfor samane i 1980-åra. Dette resulterte i utvida juridiske rettar for samane, det folkevalde organet Sametinget med avgrensa mynde blei opna i 1989, og frå 1990 har ein del kommunar utgjort eit samisk forvaltningsområde (tabell 3.6.6). Fem kommunar i 1990 var i 2015 blitt til ti kommunar med eit samla folketal på 21 000 og eit areal på vel 32 000 km². Det utgjer ti prosent av fastlands-Noreg.

Innbyggjarane i desse kommunane har rett til å bruke samisk i alle offisielle samanhengar. Borna har rett til morsmålsopplæring på samisk og til å bli undervist på samisk i alle fag. Også utandfor forvaltningsområdet har samiskspråklege rett til å bruke språket sitt i kontakt med offentleg forvaltning på alle nivå.

Skilnadene innanfor det samiske forvaltningsområdet er blitt større med åra. Dei kommunane som har kome til sist, er små, samane er få, og det samiske står svakt.

 

3.7 Næringsliv

Næringslivet er eit av dei samfunnsområda vi veit minst om når det gjeld bruken av nynorsk og bokmål.

Der er to undersøkingar om språk i reklame – ei på regionalt nivå over lang tid, og ei på nasjonalt nivå som eit tidsbilete.

Annonsørar i aviser i Sogn og Fjordane har brukt jamt meir nynorsk i tida frå 1948 til 2012. På desse tiåra auka prosentdelen nynorsk frå 38 til 71 (tabell 3.7.1). Endringane var størst i eigedomsbransjen og tekstilbransjen.

Bruk av norsk og engelsk i næringslivet har mykje å seie for den allmenne posisjonen til desse språka i Noreg. Våren 2015 brukte norske annonsørar mykje meir bokmål enn engelsk i tv, blad og magasin, medan utanlandske annonsørarar brukte mykje meir engelsk (tabell 3.7.3.). I utvalet var det lite reklame på dialekt, og knapt noko på nynorsk.

Den praksis frå norske annonsørar som her blei dokumentert, stemmer godt med det norske bedriftsleiarar meiner om engelsk i reklame. Bedriftsleiarar har større tru på norsk enn kundane deira har, og kundane er meir positive til bruk av engelsk i reklame enn bedriftsleiarane. Slik var iallfall tendensen i ei undersøking 2008–2010 (tabell 3.7.2). Engelsk gir høgare status, men ikkje utan vidare større truverde. Særleg dei med lite utdanning har ein tendens til å knyte status til engelsk. Bedriftsleiarane er usikre på språkstrategiane sine for framtida. Større språkleg mangfald i samfunnet elles påverkar også næringslivet. Det kan vere den viktigaste grunnen til at nynorsk etter kvart blir noko meir brukt i reklame.

 

3.8 Digitale medium

Nordmenn bruker Internett mykje. Dagleg var 88 prosent av alle nordmenn på Internett i 2014, mot 77 prosent i 2010 og 27 prosent i 2000.⁷² Menn brukte digitale medium meir enn kvinnene gjorde, dei yngre mykje meir enn dei eldre – i prinsippet brukte alle nordmenn mellom 15 og 44 år Internett dagleg, og bruken auka med utdanningsnivå. I alt brukte vel 3,1 millionar eller 80 prosent av alle innbyggarane Facebook, 1,1 millionar eller 27 prosent brukte LinkedIn og 850 000 eller 21 prosent brukte Twitter.⁷³

Dei digitale media styrkjer norsk skriftkultur generelt ved at tekstar på norsk blir mykje lettare tilgjengeleg for svært ulike brukargrupper. Førebels ser det ikkje ut til at Internett har endra forholdet mellom bokmål og nynorsk. Aldri før har så mange tekstar vore tilgjengelege på norsk, verken på bokmål eller nynorsk. Det har truleg mest å seie for bruken av nynorsk, sjølv om neppe meir enn fem prosent av dokumenta på nettsider med norsk tekst var på nynorsk i 2015 (tabell 3.8.1). Her gav ulike søkemotorar ulike tal, men om lag 95 prosent bokmål og fem prosent nynorsk var typisk frå og med den første målinga i 1997 og fram til 2009. Viss desse målingane er nokolunde korrekte, er nynorsk nesten like mykje brukt i det nyaste massemediet Internett som i eitt av dei eldste media, boka.

Dei to standardordbøkene Nynorskordboka og Bokmålsordboka kom ut i 1985 og har vore digitalt tilgjengelege sidan 1993. Brukstal ligg føre frå og med 2000 (tabell 3.8.2). I femårsperioden 2000–2004 var det 16,7 millionar søk, og i tidsrommet 2010–2014 heile 311,7 millionar. Det svarar til 171 000 søk kvar dag året gjennom. Seks av ti søk gjaldt bokmål, fire av ti nynorsk. 551 000 leksikonartiklar var tilgjengelege digitalt på nynorsk eller bokmål i 2015 (tabell 3.8.3). 25 prosent av desse var på nynorsk, mot 20 prosent ti år tidegare. Dokumentasjonen dekkjer Wikipedia og Allkunne. Store Norske leksikon hadde nokre artiklar på nynorsk, men fører ikkje statistikk etter språk.

Nynorsk blir meir brukt på Internett av fleire sentrale aktørar som NRK og statsforvaltninga (tabell 3.8.4). Både for statsforvaltninga og NRK gjeld kravet om minst 25 prosent på kvart av dei to norske språka. Resultata var langt frå dette kravet men NRK var nærmare enn statsforvaltninga: 16 prosent på NRK.no og 15 prosent på statslege nettstader i 2013.

Frå 1996 tok norske aviser til å utvikle det som eter kvart blei eigne nettaviser, som i 2015 som oftast skilde seg frå papirutgåvene. Etter 2005 auka bruken av nettaviser radikalt. Det endra nettavisene ved at tal klikk blei ein viktig premiss for redaksjonell prioritering på Internett. Også papiravisene endra redaksjonell profil.

 

3.9 Radio og fjernsyn

Internett har endra medievanane, men framleis er tv og radio mykje brukte massemedium i Noreg. Dagleg lytta 64 prosent av alle nordmenn på radio i 2014, og 74 prosent såg på tv. I 2000 var dei tilsvarande prosenttala 82 og 57.⁷⁴ I begge media har dialektane både teke over meir av sendetida dei siste par tiåra og oppnådd jamt høgare status. Dette har ført til at publikum høyrer mindre normert nynorsk og bokmål i radio og tv.

Stortinget vedtok i 1970 ei tilråding om at minst 25 prosent av verbalsendingane i NRK burde vere på nynorsk. Då var om lag 15 prosent av sendingane på nynorsk (tabell 3.9.1). Dette var i stor rad normert nynorsk, og normert nynorsk utgjorde i 2013 berre sju prosent av radioprogramma i NRK.

Det som hadde auka, var bruken av dialekt. Såpass mykje dialekt blei brukt at NRK alt i 1972 fastsette ein grunnregel om at halvparten av all dialektbruk skal førast som nynorsk og halvparten som bokmål. Den regelen har vore følgt heile tida etterpå.

Frå seks prosent i 1972 hadde bruken av dialekt i NRK radio auka til 35 prosent i 2013, men med eit fall ned til 25 prosent i 2014. Det som hadde minka, var bruken av normert bokmål – frå 76 prosent in 1972 til 58 prosent i 2013. Så skvatt bruken av bokmål opp i 68 prosent i 2014, det høgaste som har vore målt på 2000-talet. Desse tala tyder på at presisjonen i skilja mellom normert nynorsk, dialekt og normert bokmål er for dårleg hos dei som fører statistikken for NRK.

Då skulle ein vente liknande brå endringar for tv-sendingane frå 2013 til 2014, men tala for dei to åra var så godt som identiske. No som før blir dialekt brukt mindre i tv enn i radio (tabell 3.9.2). To prosent dialekt i 1972 var blitt til 13 prosent i 2014. Dermed var det like mykje normert nynorsk i NRK tv på 2000-talet som i tiåra før. Også i tv var det bruken av normert bokmål som hadde minka mest.

Allmennkringkastaren NRK er framleis den viktigaste språkprodusenten i Noreg, men NRK oppfyller enno ikkje det målet om minst 25 prosent nynorsk som Stortinget sette i 1970. NRK voks redaksjonelt utover på 2000-talet, men hadde nok færre nynorskbrukande medarbeidarar på 2010-talet enn på slutten av 1980-talet.

Dei norskspråklege programma utgjer mellom 50 og 60 prosent både i NRK og TV 2, men her ligg NRK noko under konkurrenten (tabell 3.9.3). Elles går det mest på engelsk, men særleg NRK bruker jamt meir sendetid til samiske program. NRK tok til med regelmessige sendingar på nordsamisk i 1946. I 2014 sende NRK vel 1700 timar radio og nær 300 timar på samiske språk (tabell 3.9.4). Det inneber at NRK etter kvart sender fleire timar på samisk enn på normert nynorsk i radio, men mindre i tv.

 

3.10 Presse

Noreg er eit avisland. I 2014 kom det ut 235 aviser (tabell 3.10.1). 28 prosent av desse var formelt redigerte på nynorsk eller på både nynorsk og bokmål, 71 prosent på bokmål. Frå tidleg 1900-tal har prosentdelen bokmålsaviser minka frå 96 til 71.

I tillegg kom ei rekkje aviser som i praksis brukte begge språka i eige stoff, med Bergens Tidende som den fremste. Bokmål prega dei store avisene, og nynorsk var mest brukt i dei små.

Talet på aviser har vore ganske stabilt, men opplaget har falle. 235 aviser blei i 2014 trykte i eit samla opplag på nær 2,2 millionar eksemplar (tabell 3.10.3). Frå toppår som 1997 med godt over 3 millionar eksemplar var 900 000 eksemplar blitt borte på kort tid. Denne utviklinga var ikkje lik for alle avistypane. Dei reine nynorskavisene auka sin marknadsdel frå 6,2 prosent i 1997 til 8,1 prosent i 2014, og dei språkblanda avisene frå 5,0 prosent til 6,4 prosent. Fallet var altså størst for dei reine bokmålsavisene, men i 2014 stod likevel desse for 85 prosent av det samla avisopplaget.

Den nynorske rikspressa er liten og utgjer berre tre publikasjonar – kvartaltidsskriftet Syn og Segn, månadsbladet Norsk Barneblad og vekeavisa Dag og Tid (tabell 3.10.2). Frå 1970 til 2014 minka opplaget kraftig for dei to første, medan Dag og Tid etter nokre omskiftande tiår auka opplaget årleg utover på 2000-talet.

Stortinget innførte ei fast ordning med pressestøtte i 1969. Pressestøtta har vore språkpolitisk blind, men er det viktigaste allmenne tiltaket for norsk skriftkultur. Den direkte støtta utgjorde i 2014 336 millionar, mot 191 millionar i 2000 (tabell 3.10.4). I tillegg kom den indirekte støtta i form av fritak for mva. Dette utgjorde i 2008 2,3 millionar.⁷⁵

Den eine støttevinnaren på 2000-talet var dei språkblanda avisene. I 2014 gjekk 26 prosent av støtta til desse avisene, mot 14 prosent i 2000. Den andre støttevinnaren var dei avisene som blei redigerte på samisk eller skreiv om samisk. Denne støtta utgjorde 4,4 prosent i 2014, mot 2,8 prosent i 2000.

Stortinget oppretta Norsk kulturråd i 1965. Med det kom også faste støtteordningar for utgiving av bøker. Summen av støtte til utgiving av aviser og bøker på norsk auka frå 245 millionar i 2000 til 435 millionar i 2014 (tabell 3.10.5). Tilskotsdelen til nynorske publikasjonar auka frå 9,5 prosent til 10,2 prosent i det same tidsrommet.

Prosenttala er små, men summane er høge. Ingen stad i det offentlege systemet av støtteordningar til det trykte ord er vi i nærleiken av slike kapitalstraumar til nynorsk skriftkultur som nettopp her. Innkjøpsordningane har hatt umåteleg mykje å seie for både utgivinga og spreiinga av ny nynorsk skjønnlitteratur, på same måten som pressestøtta har gjort det mogleg å publisere aktuelt stoff på nynorsk i mange område av landet nær sagt kvar dag.

 

3.11 Bøker

Mange gir ut bøker i Noreg, mange fleire enn dei ordinære forlaga. Årleg kjem det no ut om lag 9500 bøker i Noreg. Vel 7000 er på bokmål minst 1600 på engelsk og om lag 650 på nynorsk.

Frå 1800 til 2014 var det gitt ut 416 000 bøker og småskrifter på 48 sider eller meir i Noreg (tabell 3.11.1). Av desse var 82 prosent på bokmål og 7 prosent på nynorsk. I prosent utgjorde nynorske bøker ein like stor del av bokutgiving i Noreg tidleg på 1900-talet som tidleg på 2000-talet. Den store endringa kom med engelsk, og det fekk følgjer for bokmål. Frå å utgjere to prosent av alle bøker kring 1900 stod bøker på engelsk for 17 prosent av alle utgivingar i Noreg etter 2010. I det same tidsrommet fall prosentdelen bokmålsbøker frå 89 til 74.

Saman med det å lage nynorskaviser var det å etablere eigne forlag ein viktig del av det å byggje opp eit nynorsk skriftkultur. Mellom 1887 og 2014 ar det vore minst 14 slike større forlag (tabell 3.11.3). Ved utgangen av 2014 hadde dei gitt ut 12 000 titlar. Av desse stod Det Norske Samlaget for 72 prosent, men i første halvdel av 1900-talet var fleire andre nynorskforlag vesentleg større enn Samlaget.

Den første omsetjinga av eit verk av ein norsk forfattar var skodespelet Gildet paa Solhaug av Henrik Ibsen omsett til svensk med premiere i 1857. Dei forfattarane som er omsette til flest språk, er Henrik Ibsen, Thor Heyerdahl og Jostein Gaarder (tabell 3.11.2). Slike lister er det vanskeleg å få feil- og mangelfrie, men det stemmer nok ganske bra at Jon Fosse er omsett til om lag like mange språk som Knut Hamsun. Utover på 2000-talet var det aukande interesse i utlandet for verka av Tarjei Vesaas.

Sal kan vere eit kvalitetsmål, prisar er det som regel alltid. Frå og med 1934 har det vore 49 allmenne litteraturprisar i Noreg som framleis blir delte ut (tabell 3.11.4). Då er prisar øyremerkte eit språk haldne utanfor. Samla sett gjekk 23 prosent av prisane til nynorskforfattarar. Med utdeling frå og med 1992 er Brageprisen blitt den fremste norske litteraturprisen. Der har 21 av prisvinnarane vore nynorske (tabell 3.11.5). Før alle prisane var kartlagde, var det grunn til å tru at Brageprisen skilde seg ut i så måte, men den er altså typisk. Nynorske bøker kan ikkje seiast å vere betre enn bokmålsbøker, men høvesvis fleire av dei beste norske bøkene er på nynorsk enn på bokmål.

I 1965 etablerte Stortinget Norsk kulturråd og dei første innkjøpsordningane for bøker på norsk. Med åra er det blitt seks slike ordningar. Desse er viktige både for bokmål og nynorsk, men viktigast for bokmål. I prosent blir det kjøpt inn fleire bokmålsbøker i dag enn i 1960- og 1970-åra (tabell 3.11.6). I seinare tid har nynorskbøker utgjort 15 prosent av alle innkjøpte bøker. Rekna i prosent er det dermed fleire nynorskbøker blant prisvinnarane enn blant dei innkjøpte bøkene, men fleire innkjøpte bøker enn utgitte bøker.

Bokmål dominerer i dei fleste emnegruppene av bøker, men det har lenge vore mykje nynorsk i bøker om språk, historie og geografi. Målt i titteltal heldt nynorskbøkene bra på marknadsposisjonen sin frå 1974 til 2014 (tabell 3.11.7). I det same tidsrommet auka bøker på engelsk mykje, og prisen var det bokmålsbøkene som betalte. I naturvitskap har bøker på engelsk lenge utgjort ein større del av bokutgiving i Noreg enn bøker på bokmål, og i nytta vitskap var engelsk utover på 2000-talet i ferd med å ta over bokmålshegemoniet. I denne emnegruppa var åtte av ti bøker på bokmål og to av ti bøker på engelsk i 1974. 40 år seinare var fem av ti bøker på bokmål og fem av ti på engelsk.

Førebels har det ikkje vore mogleg å få fram sals- og utlånstal for bøker på nynorsk og bokmål. Derimot kunne så godt som heile tilbodet av bøker gjennom bokhandlane per august 2015 dokumenterast. Bokkjøparane kunne i prinsippet velje mellom 70 000 titlar. Av dei kunne 61 000 kjøpast på bokmål, 7900 på nynorsk, 500 på samiske språk og 200 på ulike dialektar (tabell 3.11.8). Boktilbodet på bokmål var stort i alle sjangrar og nesten alle emnegrupper, medan det var mest å velje mellom på nynorsk innanfor nyskriven norsk skjønnlitteratur for vaksne eller for born og unge. I begge desse sjangrane var kvar femte bok på nynorsk. For nynorsk skriftkultur var det mest kritiske punktet at utvalet av lærebøker for høgare utdanning var nede i sju prosent.

 

3.12 Kyrkje og religion

Kyrkja er den samfunnsinstitusjonen som har den klaraste språkpolitiske praksisen. Bruken av nynorsk står relativt sterkare i kyrkja enn i andre delar av samfunnet. Av nærmare 1300 kyrkjesokn i 2015 brukte 385 eller 30 prosent nynorsk liturgi. Då er språkdelte kyrkjesokn også rekna med (tabell 3.12.2). Av desse låg 93 sokn i andre landsdelar enn Vestlandet, flest i Telemark og på Sørlandet (tabell 3.12.3). Tre av fire kyrkjesokn låg med andre ord i vest.

Like viktig kan det ha vore at det nynorske språket blei sunge inn i kyrkja, frå og med Blix-salmane i 1880-åra til dei mange nyskrivne salmane i den fellesspråklege salmeboka som blei teken i bruk i 2013. Like sidan den første tospråklege utgåva av M.B. Landstads Kirkesalmebog i 1892 har minst kvar femte salme i salmebøkene for kyrkjebruk vore på nynorsk, og frå 1984 fire av ti.

Årleg sel Bibelselskapet om lag 14 000 biblar – 84 prosent er på bokmål, 16 prosent på nynorsk (tabell 3.12.1). Dette forholdet har vore ganske uendra i mange tiår.

 

3.13 Kunst

Det har vist seg i praksis at den språklege toleransen er større i store delar av kunstfeltet enn elles i samfunnet. Motstandsfritt er det likevel ikkje. Det var i teatera den første språkstriden stod i Noreg tidleg på 1800-talet; skulle skodespelarane spele på dansk eller på dansk med norsk aksent? Film, teater og song er tre viktige delar i så vitale skriftkulturar som dei to norske.

På same måten som nynorskmiljøet bygde opp eigne aviser og forlag, blei det også etablert eigne teaterscener. Det Norske Teatret opna i 2013 og var åleine til Komediateatret i Bergen kom og spelte det meste på dialekt i fleire tiår frå 1930-åra. Formelt forplikta var to regionteater som blei skipa i 1970- og 1980-åra, Sogn og Fjordane Teater og Hordaland Teater, likeins Opera Nordfjord frå 1998. Alt i alt spelte desse institujonane over 80 000 framsyningar mellom 1913 og 2014 (tabell 3.13.1). Av desse stod Det Norske Teatret for to tredelar, men nett slik Samlaget ikkje var det største nynorskforlaget i første del av 1900-talet, var Det Norske Teatret mindre enn Komediateatret i eit tidsrom.

Verksemda til alle norske institusjonsscener for teater og opera er kartlagd frå og med 1988 (tabell 3.13.2). Kvart år gjennomfører desse institusjonane om lag 10 000 framsyningar for 1,8 millionar gjester. Av dette står nynorskscenene for om lag 1500 framsyningar for 250 000 menneske. Det vil seie at dei nynorske institusjonane stod for 17 prosent av framsyningane og 16 prosent av gjestene. Der var nok fleire, for både dramatikk og opera blei framført på nynorsk også på andre scener enn dei nynorske i desse åra. Då slår det lite ut av nokre av oppsetjingane på Opera Nordfjord var på bokmål. Denne nynorske marknadsdelen er mykje høgare enn for avisopplag og utgitte bøker.

Norske kinofilmar har med få unntak vore på norsk (den første tida var det ein del stumfilmar, men med tekstplakatar på norsk). Den første norske kinofilmen hadde premiere i 1907, og fram til utgangen av 2014 hadde nær 1000 kinofilmar hatt premiere (tabell 3.13.3). Frå og med 1967 er det mogleg å skilje gjestetal for norske filmar ut frå det samla kinopublikummet. Etter dårlege kår for norsk film i 1980- og 1990-åra, videoalderen, auka norske kinofilmar marknadsdelen sin til 24 prosent av kinopublikummet i 2014.

Bruken av norsk i musikk har aldri vore dokumentert i offisiell statistikk. Det nærmaste vi kjem, er kor mykje norsk musikk som blir spelt i dei viktigaste radiokanalane, og kor mykje av dette som er musikk med norske tekstar (tabell 3.13.5). Både NRK P1, P2 og P3 speler år om anna like mykje utanlandsk musikk som P4 og Radio Norge, dvs. om lag 60 prosent. Norsk på norsk utgjorde i 2014 27 prosent i P1, men berre 11 prosent i P3 og 6 prosent i P2.

Språkprofilen for Eurovision Song Contest er i seinare år blitt svært engelsk (sjå kapittel 2.4). Det same har skjedd i dei norske finalane (tabell 3.13.4). Nynorsk og dialekt har vore lite brukt heilt tida frå den første finalen i 1960, og frå slutten av 1990-åra blei bokmål bytta nesten heilt ut med engelsk. Mellom 2000 og 2015 var 13 finalesongar på bokmål, 10 på nynorsk eller dialekt, og heile 219 på engelsk. Mellom 1960 og 1999 var berre 11 songar på engelsk.

 

3.14 Språk- og kulturinstitusjonar

Meir enn 95 prosent av nynorskbrukarane er ikkje organiserte målfolk. Begge dei to store norskdomsorganisasjonane, Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag, hadde mykje færre medlemmer kring 2010 enn i sine velmaktsdagar i første del av 1900-talet (tabell 3.14.1). Den utviklinga har dei felles med mange andre frivillige organisasjonar. Kringkastingsringen var ein viktig og handlekraftig organisasjon i 1950- og 1960-åra, men hamna utover på 2000-talet på same nivået som Norsk Målungdom.

Kor mange medlemer andre språkorganisasjonar har, har til no vore lite kjent. I arbeidet med Språkfakta 2015 bad vi om slik informasjon frå Landslaget for språklig samling, Bokmålsforbundet og Riksmålsforbundet. Landslaget for språklig samling har noko over 200 medlemer. Bokmålsforbundet skriv på nettstaden at dei har om lag 1000 medlemer, men etter fleire purringar svara dei at «Bokmålsforbundet svarer ikke på slike henvendelser».⁷⁶ Til slutt ombestemte dei seg og har oppgitt medlemstal 1.1.2015.[1] Riksmålsforbundet oversåg den første førespurnaden. Dei fleste medlemene deira er tilslutta forbundet sentralt, men lokale riksmålsforbund er sjølvstendige einingar, og deira medlemer kjem i tillegg. Den 1.9.2015 hadde Riksmålsforbundet 1505 medlemer sentralt og 400–500 medlemer lokalt. Riksmålsforbundet har lova utfyllande informasjon seinare.⁷⁷

Ved utgangen av 2014 var det 66 museum i det som blir kalla det nasjonale museumsnettverket. Her er også Nasjonalmuseet for kunst rekna med, men ikkje universitetsmusea. Kvart femte museum hadde nynorsk som administrasjonsspråk (tabell 3.14.3). Nokre museum er i praksis språkdelte ved at nokre avdelingar bruker nynorsk og andre bokmål. Med alle lokale historielag og andre slike fagmiljø som bruker nynorsk, er ikkje det så uventa, heller ikkje i lys av korleis mange av musea i si tid blei skipa. Truleg er musea ei av dei kulturnæringane som bruker mest nynorsk.

6,1 millionar vitja musea i 2013. 700 000 av desse var på museum med nynorskprofil. Det vil seie at dei i all hovudsak såg utstillingar med nynorsk tekst og også på anna vis var i eit nynorskmiljø. Det understrekar inntrykket av at dette er viktige nynorskbrukande institusjonar. Noko knivskarpt språkskilje er det ikkje i museumsbransjen. Ringve museum i Trondheim presenterte såleis i 2015 temautstillinga «Folkemusikk og nasjonalisme», bygd på ei utstilling frå Valdresmusea og som den skriven på nynorsk.

20 prosent av musea hadde altså ein nynorskprofil. 11 prosent av alle museumsgjestene var på desse musea, medan 10 prosent av dei statlege driftstilskota gjekk til desse musea. Det vil seie at mange av desse nynorskprofilerte musea var mindre institusjonar.

Som andre kulturinstitusjonar skaffar dei nynorske organisasjonane og institusjonane ein god del av inntektene sine gjennom eigne aktivitetar. Desse marknadsinntektene er ikkje nok til å dekkje behovet for nokon av dei. Offentlege tilskot har difor vore ein nødvendig føresetnad. Gjennom samarbeidsorganet Nynorsk Forum, skipa i 1997, har nynorskmiljøet frå og med 2000 kartlagt kor mykje statsstøtte ulike nynorskinstitusjonar får. Den årlege sluttsummen er rekna ut i prosent av det samla budsjettet for Kulturdepartementet (tabell 3.14.2). Denne nynorskindeksen har på sitt høgaste i åra 2001, 2002 og 2004 med 3,6 prosent. I 2015 utgjorde derimot desse løyvingane berre 2,6 prosent av dei samla løyvingane frå Kulturdepartementet.

 

Tema: tenkjemåten mangfald

Mangfald er ein måte å tenkje på. Ein kan ikkje velje vekk dei delane ein ikkje vil ha, ta vare på resten og utrope seg som varm tilhengjar av mangfald.

Noreg er eit fleirspråkleg samfunn med ein språkdelt norsk kulturtradisjon. Denne samla språklege og kulturelle variasjonen gir gode føresetnader for å møte dei utford-ringane det fleirkulturelle samfunnet representerer. I staden blir det samla mangfaldet sett på spel. Når folkevalde og forvaltning skal fremje interkulturelle møte mellom det norske og det innvandra, framstiller dei nesten alltid det kulturelle mangfaldet som noko som oppstår i møte mellom det norske og det ikkje-norske. Det kulturelle mangfaldet som så sterkt har prega det tradisjonelle norske samfunnet med sine sosiale og kulturelle variasjonar, skilnader og motsetnader, blir då alltid einsfarga og eindimensjonalt. Det er som om ein må få det norske til å verke einsformig for at ein skal sjå verdien av det innvandra. Då risikerer ein også å gjere det særmerkt nynorske uformeleg og umerkeleg.

Vi må ta vare på dei språklege og kulturelle skilnadene vi har i Noreg, både dei som har vore her i meir enn tusen år, og dei som har vandra inn i landet dei siste tiåra. Utan ei slik plattform lærer vi aldri tenkjemåten mangfald, skreiv Sigve Gramstad i 2008; han var då nestleiar i Europarådets ekspertkomité for pakta om regions- og minoritetsspråk.⁷⁸

Verdien av dette mangfaldet har mange sett gode ord på. «Språket er livslinja vår til fortida», sa den tidlegare islandske presidenten Vigdís Finnbogadóttir i eit foredrag i 2012, «og språk er nøkkelen til å forstå det kulturelle mangfaldet i verda.⁷⁹ Året etter sa ho: «Det finst berre store språk. Mange gjer språka mindre enn dei er.»⁸⁰ «Språket er slik at vi alltid kan seie noko anna enn det som har vore sagt til no», sa språkforskaren Leiv Inge Aa i 2013.⁸¹

Mange regjeringar har teke mål av seg til å styrkje nynorsk skriftkultur. Likevel utgjer ikkje nynorskbøker ein større del av norsk bokproduksjon i dag enn for 100 år sidan. Både her og på fleire andre domene har den statlege språkpolitikken dei siste tiåra stabilisert situasjonen, ikkje styrkt dei endringane som norskdomsrørsla dreiv fram med eigne midlar tidleg på 1900-talet. Det kjem ut mange fleire bøker på nynorsk no enn for hundre år sidan, men i prosent utgjorde bøker på nynorsk ein like liten del i 1908 som i 2008. Den nynorske pressa er mangfaldig, men manglar den tyngda som følgde med dei nynorske dagsavisene tidleg på 1900-talet.

Der det har vore stilt klare språkpolitiske krav, har endringane kome. Radio- og tv-kanalane i NRK har vore redigerte tospråkleg heile tida. Det viser att i bruken av nynorsk, men aller mest i bruken av dialekt.

Språksituasjonen i dei skandinaviske landa er ulik, og der er gode historiske grunnar for dette. Sverige kan seiast å ha vore eit gjennomorganisert samfunn alt på 1600-talet med ei sterk sentralmakt. I Danmark-Noreg var sentralmakta sterkare i Danmark enn i Noreg på 1700-talet, og i Noreg var sentralmakta ganske svak også langt utover på 1800-talet. Med formannskapslovene av 1837 blei det i formalisert form innført ei ny organisering av den norske staten med ei formelt sterk lokalmakt. Denne lokalmakta blei overført til språkfeltet frå 1890-åra. Då var Sverige og Noreg alt sentralisert språkleg med dominerande talemål i hovudstadområda, rett nok sterkast i Danmark.

Desse formelle strukturane kan ha mykje å seie for det språklege mangfaldet. Det har også den språklege prestisjen. Variasjon er eit teknisk omgrep, mangfald eit kulturelt. Stor språkleg variasjon har det vore i mange hundre år i Noreg. På eit overflatisk nivå er dette eit språkleg mangfald. Eit reelt språkleg mangfald føreset derimot at alle språk er like mykje verd.

 

Perspektiv: matrise for tale og skrift

Den norske språksituasjonen kan analyserast ut frå ulike modellar. To av dei er særlege relevante: individuell og institusjonell bruk, og offentleg og privat bruk.

Nynorsk blir meir brukt av institusjonar enn av enkeltpersonar, meir av yngre enn av eldre brukarar, og den institusjonelle bruken endrar seg mykje mindre over tid enn den individuelle.

Eitt grunnleggjande skilje i samfunnsstrukturen går mellom privat og offentleg. Eitt tilsvarande grunnleggjande skilje i språkbruk går mellom skrift og tale. Desse to aksane, offentleg – privat og tale – skrift, kan plasserast som ein loddrett og ein vassrett akse i ein matrise av skriftkulturelle samfunnssegment. Matrisen i figur 3.2 blei introdusert i årstale nr. 3 om tilstanden for nynorsk skriftkultur i 2003 og er brukt i seinare dokumentasjon (tabell 3.1.1).


Figur 3.2 Matrise for tale og skrift

 OffentlegPrivat
Tale Offentleg talePrivat tale
Skrift Offentleg skriftPrivat skrift  


Med offentleg meiner vi verksemd som er regulert av lover eller regelverk, eller som er nøye knytt til verksemda i offentlege institusjonar, eller som er styrt av vedtak som nokon gjer på vegner av alle som følgje av fastsette prosedyrar. Privat viser dermed både til privat sektor i tradisjonell forstand og til dei delane av offentleg sektor som ligg utanfor det som blir regulert av lover, regelverk eller kollektive vedtak.

Generelt veit vi meir om bruken av nynorsk i skrift enn i tale, og vi veit meir om offentleg tale enn om privat tale.

For privat tale er tala få og berre delvis relevante for ei forståing av den uformelle munnlege bruken av nynorsk og dialektnær nynorsk. Meiningsmålingar fortel ein del om privat skriftleg bruk, men privat tale utgjer framleis lite anna handfast enn aningar og sannsynleggjeringar.

I privat skrift står brukarane formelt fritt til å bruke det skriftspråket dei ønskjer. Den reelle valfridommen er absolutt ikkje alltid til stades. Bruken av nynorsk i dette samfunnssegmentet held seg helst i området 5–15 prosent.

For målrørsla blei nynorsk i offentleg tale tidleg viktig innanfor det kyrkjelege, mens det først var med radio og særleg tv at dette også blei viktig innanfor det verdslege. For offentleg tale ligg bruken av nynorsk mest i området 10–25 prosent.

Det er i området offentleg skrift det har vore lettast å etablere den nye skriftkulturen, først og fremst av di ein sterk stat samstundes var under bygging. Av same grunn er det her vi lettast finn historisk materiale. Det syner at bruken fordeler seg frå 5 prosent like inn til 40 prosent.

Bruken av nynorsk i offentleg skrift strekkjer seg mot høgare prosenttal enn bruken av nynorsk i privat skrift, medan vurderinga av forholdet mellom offentleg og privat tale er avhengig av korleis vi ser på samspelet mellom nynorsk og dialekt. Meir privatisering og avregulering av offentleg sektor fører for sin del til at dei private samfunnssegmenta blir ein stadig viktigare arena for nynorsk skriftkultur.

Framstillinga opnar for den konklusjonen at nynorsk nasjonalt er eit 15 prosent-språk med meir utsikter for å bli eit 10 prosent-språk enn eit 20 prosent-språk.

 

Publisert 28.9.2015

Sist oppdatert 22.9.2015

 

⁶⁴   Gjert Kristoffersen ofl.: Norsk i hundre!, Oslo 2005, s. 43.
⁶⁵  Kjartan Fløgstad: «Ikkje utanom Aasen, men over den», Syn og Segn 1983.
⁶⁶  Statistisk sentralbyrå: «Folkemengde, 1. januar 2015, berekna», ssb.no, lesedato 24.7.2015.
⁶⁷  Hallstein Myklebust: «Næringar og busetnad i bygdene fram mot år 2000», Syn og Segn 1965.
⁶⁸  Statistisk sentralbyrå: «Folkemengde i tettbygde og spredtbygde strøk. Fylke. 1. januar 2014», ssb.no, lesedato 19.7.2015.
⁶⁹  Statistisk sentralbyrå: «Lokale folkeavstemninger, 2014», ssb.no, lesedato 24.7.2015.
⁷⁰  Strategiplan for samisk kirkeliv, Oslo 2011, s. 36.
⁷¹  Karl Jan Solstad (red.): Samisk språkundersøkelse 2012, NF-rapport nr. 7/2012, Bodø 2012, s. 31.
⁷²  Odd Frank Vaage: Norsk mediebarometer 2014, Statistiske analyser 143, Statistisk sentralbyrå, Oslo 2015, tabell 1
⁷³  Ipsos MMI, intervju med 1704 personar i 3. kvartal 2014.
⁷⁴  Odd Frank Vaage: Norsk mediebarometer 2014, Statistiske analyser 143, Statistisk sentralbyrå, Oslo 2015, tabell 1.
⁷⁵  NOU 2010:14: Lett å komme til orde, vanskelig å bli hørt – en moderne mediestøtte, s. 41.
⁷⁶  Bokmålsforbundet, ww.allverden.no/polorg/bokmal/rapport, lesedato 3.9.2015, og Steinar Øksengård i e-post til forfattaren 18.9.2015.
⁷⁷  Redaktør Sverre Martin Gunnerud i Riksmålsforbundet i e-post til forfattaren 3.9.2015.
⁷⁸  Sigve Gramstad: «Mangfald på norsk», Aftenposten 27.12.2008.
⁷⁹  Vigdís Finnbogadóttir i foredrag på Språkdagen i Oslo 13.11.2012, eigne notat.
⁸⁰  Vigdís Finnbogadóttir i foredrag på landsmøtet i Noregs Mållag i Ørsta 19.4.2013, eigne notat.
⁸¹  Leiv Inge Aa i foredrag på Språkdagen i Oslo 12.11.2013, eigne notat.


 

 

    Artikkellesar