1 Verda

I 2015 var det dokumentert kunnskap om 7102 språk i dagleg bruk. I 2000 var det tilsvarande talet 6809, og i 1988 var 6188 språk dokumenterte. Kunnskapen om all verdas språk har aldri før vore større.

1  Verda
Figur 1.1 Vitalitet for all verdas språk 2015. Prosent språk og brukarar

Det største språket var mandarin, førstespråk for om lag 848 millionar. Etter mandarin følgde spansk med 399 millionar brukarar og engelsk med 335 millionar førstespråksbrukarar.

23 ulike språk er førstespråket for seks av ti innbyggjarar på jorda. Dei aller fleste språka blei altså brukte av få menneske. Det skil seg mykje kor vitale og sosialt sterke dei ulike språka er. I 2015 rekna amerikanske Summer Institute of Linguistics godt og vel 100 språk som institusjonaliserte og dei mest vitale. Norsk – bokmål og nynorsk – var blant dei språka.

Skriftfesting er det kritiske punktet. I 2015 var der sikker kunnskap om 3600 skriftspråk. Bibelen eller delar av Bibelen var omsett til nær 2900 språk, og åtte av ti innbyggjarar hadde gjennom Wikipedia tilgjenge til leksikalsk kunnskap på sine førstespråk. Langt frå alle desse hadde teknisk tilgjenge til denne kunnskapen.

I 2015 var minst 2000 språk ikkje skriftfesta, og om lag 2400 språk eller kvart tredje språk var i vanskar eller på veg ut av bruk. Desse blei brukte av ein prosent av innbyggjarane.

Særleg frå 1990-åra endra tenkinga om språk seg både i Europa og andre verdsdelar, og jamt fleire legg no vekt på den kulturelle, mentale og demokratiske verdien av språkleg mangfald. Om lag 175 av 206 statar hadde i 2015 grunnlovsfesta reglar om språk. Fleirtalet av desse statane er formelt eittspråklege. Truleg anerkjenner styresmaktene i kvar fjerde stat meir enn eitt språk, og der blir fleire fleirspråklege statar. 29 land hadde minst fem offisielle språk.

1.1 Talte og skrivne språk
1.2 Vitalitet og sosial posisjon

1.3 Lese- og skrivekunne

1.4 Religion

1.5 Digitale medium

1.6 Ordbøker, litteratur og institusjonar

1.9 Historisk statistikk

Tema: språk i fare

Perspektiv: den språkpolitiske vendinga

Last ned heile teksten i pdf her

 

1.1 Talte og skrivne språk

Dei fleste språka har få brukarar.

Kort oppsummert såg språkverda slik ut i 2015:

I våre dagar er om lag 7100 språk dagleg i bruk på jorda. Skriftfesting er det kritiske punktet. Om lag ein tredel av all verdas språk er knapt for skriftspråk å rekne.²

Halvparten av alle språka blir brukte av færre enn 7000 menneske.³ I gjennomsnitt budde det i 2015 nær 12 000 menneske i kvar norsk kommune.

Så mykje som kvart tredje språk er i vanskar eller på veg ut av bruk. Det dreiar seg om 2400 språk. Desse blir brukte av ein prosent av innbyggjarane på jorda.

Om lag 175 av 206 statar har grunnlovsfesta reglar om språk. Fleirtalet av desse statane er formelt eittspråklege. Truleg anerkjenner styresmaktene i berre kvar fjerde stat meir enn eitt språk, men der blir jamt fleire fleirspråklege statar.⁴

Kanskje har fleirtalet av innbyggjarane i to tredelar av alle nasjonane eit felles språk i tydinga forståeleg for dette fleirtalet.⁵ At fleire språk blir offisielle i fleire land, endrar lite på dette. Tre firedelar av alle borna i verda som får skulegang, lærer meir enn eitt språk. Nokre lærer fire eller fem på same tid.⁶

Der er ein tendens til at dei språka som kjem frå Afrika, blir brukte av ein aukande del av innbyggjarane i verda, medan dei asiatiske språka minkar tilsvarande (tabell 1.1.1). Dei 23 språka med flest førstespråksbrukarar blei i 2015 brukte av nær 3,8 milliardar menneske (tabell 1.1.2). Det vil seie at meir enn 60 prosent av alle innbyggjarane på jorda hadde eitt av desse 23 språka som sitt førstespråk. Tok ein desse få språka ut av det samla systemet av språk i verda, ville fenomenet språk knapt vere mogleg å forstå, konstaterer den tyske språkforskaren Dieter Wunderlich.⁷ Det språklege mangfaldet ligg likevel i det marginale: Dei meir enn 1700 førstespråka til vel 365 millionar innbyggjarar utgjer 25 prosent av alle språk i bruk (tabell 1.1.3).

Utbreiinga av desse språka er eit avtrykk av mange hundreårs økonomisk dominans og kulturelt samkvem. Den engelske språk- og kulturhistorikaren Nicholas Ostler har framheva kor ulikt møte mellom kulturar verkar inn på dei aktuelle språka.⁸ Militær erobring og økonomisk dominans har ikkje alt å seie når språkbruk endrar seg eller eitt språk tek over for eit anna. Det er ikkje eingong sikkert at slike faktorar over tid fører til store språklege endringar. Folkevandringar og organiserte folkeflyttingar har til liks med religiøse rørsler berre i nokre tilfelle sett djupe språklege spor som ikkje har gått bort.

Kulturelle skilnader kan ha vore viktige, men ikkje alltid avgjerande. Språk spreier seg over generasjonar, hundreår, stundom tusenår, og sjølv det mest utbreidde språket kan hamne i klemme. Det som kan forklare framgangen for eitt språk, eller det som truleg har hatt mest å seie for at eit anna språk blir svekt, forklarer altså ikkje all framgang, stagnasjon, tilbakegang.

Rekna i brukarar er dei indoeuropeiske språka dei mest utbreidde. Nesten halvparten av menneska på jorda taler eit indoeuropeisk språk i 2015 (tabell 1.1.4). Desse språka er særleg å finne i Europa, Amerika, Australia og austover frå Iran til India. Rekna i tal språk er derimot nigerkongo den største språkfamilien med over 1500 språk. Desse språka blir talte i Afrika. Kvart femte språk i verda er eit nigerkongo-språk, men berre sju prosent av innbyggjarane bruker eit slikt språk.

Dei fleste av all verdas språk kjem frå området kring ekvator eller lengre sør. Det språklege mangfaldet er størst i Afrika og Asia. To tredelar av alle språka blir brukte i desse to verdsdelane. Berre tre prosent av alle språka i verda blir heimfesta til Europa, opphavet til verdsspråk som engelsk, spansk og portugisisk. Asia har flest språkbrukarar og flest språk. Europa og Asia er dei to einaste verdsdelane med ein høvesvis større del av språkbrukarane i verda enn av språka i verda.

Dei aller fleste språka blir brukte av få menneske. I 2009 blei 85 av 6909 språk brukte av minst 10 millionar menneske, og færre enn 400 språk var brukte av minst ein million menneske. Det året var over 5300 av alle språka brukte av færre enn 100 000 menneske. Det inneber at 77 prosent av alle språka var brukte av så få menneske.

I 2015 var situasjonen uendra for dei mest brukte språka. Derimot var meir enn 5800 språk då brukte av færre enn 100 000, eller 82 prosent. Noko av denne auken kan skrive seg frå endra klassifisering og utskiljing av enkeltspråk, men tala vitnar også om at berre for dei mest brukte språka er situasjonen stabil over tid.

Svensk var av Ethnologue i 2009 rangert som det 88. største språket i verda, dansk som nr. 118 og norsk som det 132. største språket.

Demografi, geografi og språk er vilkårlege relasjonar. Sverige, Papua New Guinea og Kamerun er om lag like store i flatevidd. Skilnaden er større i folketal – Sverige 9,6 millionar, Papua New Guinea 7,7 millionar, Kamerun 21,1 millionar. Språkmengda er ein av dei store skilnadene: Ifølgje Ethnologue har Sverige 14 språk, Papua New Guinea 851 og Kamerun 285.

Ein annan måte å få fram slike skilnader på, er dei tre statane Hellas, Kamerun og Noreg.

I Hellas reknar alle seg som grekarar, og grekarar bruker berre gresk; styresmaktene anerkjenner ikkje at der er andre språk i landet. I Kamerun er alle kamerunarar, men ingen bruker språket kamerunsk, berre eit av dei mange andre språka; i det landet møtest nær sagt alle språkfamiliar.⁹ I Noreg bruker dei aller fleste norsk, men språket norsk finst berre som bokmål eller nynorsk.

Den store uvissa har vore kor mange av dei talte språka som også er skriftspråk. Den mest pålitelege kjelda for dette er Ethnologue. Det ligg føre sikker informasjon om 3570 språk med skriftsystem (tabell 1.1.5). Dette er halvparten av alle språk i bruk. Ein veit med visse om nær 700 språk utan skriftsystem, medan det manglar sikker informasjon om godt og vel 2800 språk. Den engelske språkforskaren David Crystal har lagt til grunn at om lag ein tredel av språka er utan skrifttradisjon.¹⁰ Overført til dokumentasjonen frå Ethnologue vil det seie at vel 2300 språk enno ikkje er skriftfesta.

Korleis blir eit talespråk eit skriftspråk? Den norske språkforskaren Rolf Theil skisserte i 2008 eit kontinuum delt inn i 11 område. Framstillinga er seinare blitt oppdatert (figur 1.2).¹¹ Med åtte språk illustrerer Theil korleis talespråk typisk blir skriftfesta på område etter område. Lys skravur markerer at skriftfestinga på det aktuelle området er lite omfattande.

1  Verda
Figur 1.2 Rolf Theils matrise for utvikling frå talemål til skriftspråk (2015)

 

Sentinelesisk er eit av språka utan noka skriftfesting. Språket blir talt av ei folkegruppe på ei øy i øygruppa Sentilane langt aust for India. Ingen utanforståande har vore i kontakt med sentinelesarane på fleire hundreår, og øyfolket ønskjer ikkje besøk. Dermed veit ein også strengt tatt lite om språket deira.

Oppe: regelrett frå skrift til tale

1  Verda
Figur 1.3 Rolf Theils språk-kvadrat om forholdet mellom tale og skrift (2015)


Nede: uregelrett frå skrift til tale
Venstre: regelrett frå tale til skrift → Høgre: uregelrett frå tale til skrift


Nettpublikasjonen Survival arbeider for å fremje rettane til stammefolk og skriv dette: “Perhaps no people on Earth remain more genuinely isolated than the Sentinelese. They are thought to be directly descended from the first human populations to emerge from Africa, and have probably lived in the Andaman Islands for up to 60,000 years. The fact that their language is so different even from other Andaman islanders suggests that they have had little contact with other people for thousands of years.”¹²

Avstanden mellom skrift og tale er ulik frå språk til språk og kan by på vanskar for brukarane. Denne avstanden kan identifiserast ut frå to kriterium:

• Når vi veit korleis eit ord blir skrive, kor lett er det då å vite korleis ordet blir uttalt?
• Når vi veit korleis eit ord blir uttalt, kor lett er det då å vite korleis ordet blir skrive?

For 29 språk er svara plasserte inn i Rolf Theils språk-kvadrat (figur 1.3)

Oppe: regelrett frå skrift til tale

1  Verda
Figur 1.4 Rolf Theils modell for den skriftspråklege tyngdekrafta (2015)

 
Nede: uregelrett frå skrift til tale
Venstre: regelrett frå tale til skrift → Høgre: uregelrett frå tale til skrift

1  Verda
F01.4Theilsmodelltyngdekrafta_del2.jpg

 

Blant dei utvalde språka er både ekstremspråk (språk som plasserer seg i dei fire hjørna), språk dei fleste kjenner (stort sett europeiske), dei store innvandrarspråka i Noreg og språk frå alle verdsdelar. Eksakt vitskap er dette ikkje, men språka illustrerer allmenne trekk ved forholdet mellom tale og skrift.¹³

Språka til venstre har meir samsvar enn språka til høgre når ein går frå tale til skrift, og språka lengst oppe har meir samsvar enn språka nedst når ein går frå skrift til tale. Språk oppe til venstre har såleis minimale skilnader mellom skrift og tale, men nede til høgre kan desse skilnadene vere store og gå i begge retningar (skrift til tale; tale til skrift). Finsk og nordsamisk er døme på språk med liten avstand, engelsk er eit av dei verste døma på avstand, og for mandarin er forholdet mellom skrift og tale så vilkårleg at språket fell utanfor kvadraten.

Historisk har skriftspråka plassert seg annleis i dette kvadratet enn dei gjer i dag. I prinsippet er dei i rørsle, og den rørsla går heile vegen nedover mot venstre. Dette kallar Rolf Theil den skriftspråklege tyngdekrafta (figur 1.4). Alle språk byrjar anten øvst eller til venstre. Små språk må gjerne halde seg oppe mot venstre for å overleve; store språk som engelsk og mandarin kan oppføre seg annleis – dei har så mange brukarar at språka absolutt ikkje er truga.

Generelt ligg altså unge språk oppe til høgre. Språk som engelsk eller fransk har fastsett rettskrivinga for mange år sidan, slik at det ikkje blir teke omsyn til at talespråket endrar seg. Då er skriftspråket «konstant», men talespråket er i rørsle. Isolert sett vil det vere lettare å lære eit språk som er oppe til venstre enn eit som ligg langt nede til høgre.

 

1.2 Vitalitet og sosial posisjon

Tidleg på 1900-talet enda eit britisk overslag på 1500 språk, det franske akademiet gjekk ut frå om lag 2800 ulike språk, medan tyske forskarar strekte seg til 3000.¹⁴

Først i seinare tiår kjenner vi det reelle språklege mangfaldet. I 1974 dokumenterte Ethnologue at nær 5700 språk var i bruk. I 2005 hadde dette auka til 6912 språk, og i 2015 var 7102 språk i bruk (tabell 1.2.1). Instituttet bruker den same definisjonen av språk heile tida, men for kvar ny utgåve aukar talet på språk som er i bruk. Det vil ikkje seie ar 200 nye språk var tekne i bruk på ti år, men at det var så mange språk Ethnologue meinte å ha sikker kunnskap om, og som måtte reknast som eigne språk.

Det språklege mangfaldet er altså større enn nokon har visst. Kvart femte språk som er dokumentert i dag, var lite kjent før Vietnamkrigen var over. Språka var der, men dei var ikkje dokumenterte, eller dei var ikkje definerte som eigne språk.

Størst er endringa i dokumentasjonen for Europa. Det heng nok saman med at denne verdsdelen var den Ethnologue sist tok til å arbeide med. Samstundes som vi fekk meir kunnskap om språk i verda, tok jamt fleire regime og grupper av språkbrukarar til å fremje bruk av fleire språk. Heile tida har skriftfesting vore det kritiske punktet.

Tal er ein ting, substans noko anna. Spørsmålet er kor vitalt eit språk er og kva sosial posisjon det har som bruksspråk. Tidlegare har språkforskarar utvikla typologiar som kan klargjere kor truga eit språk er. Som første forskingsmiljø har Summer Institute of Linguistics utvikla eit sett kriterium for å identifisere kor vitalt eit språk er. Det gir det mogleg for dei å plassere kvart einaste dokumenterte språk på ein skala frå 1 til 12, som i deira nummersystem går frå 0 til 9, med 10 som kategorien «ute av bruk».

Dei tolv nivåa er ordna i fem grupper – institusjonaliserte, i utvikling, livskraftige, i vanskar og på veg ut av bruk (tabell 1.2.2).

0 International. The language is widely used between nations in trade, knowledge exchange, and international policy.
1 National. The language is used in education, work, mass media, and government at the national level.
2 Provincial. The language is used in education, work, mass media, and government within major administrative subdivisions of a nation.
3 Wider communication. The language is used in work and mass media without official status to transcend language differences across a region.
4 Educational. The language is in vigorous use, with standardization and literature being sustained through a widespread system of institutionally supported education.
5 Developing. The language is in vigorous use, with literature in a standardized form being used by some though this is not yet widespread or sustainable.
6a Vigorous. The language is used for face-to-face communication by all generations and the situation is sustainable.
6b Threatened. The language is used for face-to-face communication within all generations, but it is losing users.
7 Shifting. The child-bearing generation can use the language among themselves, but it is not being transmitted to children.
8a Moribund. The only remaining active users of the language are members of the grandparent generation and older.
8b Nearly extinct. The only remaining users of the language are members of the grandparent generation or older who have little opportunity to use the language.
9 Dormant. The language serves as a reminder of heritage identity for an ethnic community, but no one has more than symbolic proficiency.
10 Extinct. The language is no longer used and no one retains a sense of ethnic identity associated with the language.

Denne inndelinga publiserte Ethnologue i den 17. utgåva i 2013. Alt to år etter var inndelinga justert for ein del språk i den 18. utgåva. I 2015 rekna Ethnologue 4658 språk som livskraftige, i utvikling eller som institusjonaliserte. Det skal ein del til før dei språka går ut av bruk. I 2013 klassifiserte Ethnologue 682 språk i gruppa av institusjonaliserte språk.¹⁵ To år etter var talet redusert til 578. Det var berre åtte prosent av alle språka, men dei var brukte av godt over 80 prosent av alle innbyggjarane. Færre enn kvart tiande språk utgjer altså vitale skriftkulturar i dag.

Ethnologue definerte seks språk som internasjonale og 95 språk som nasjonale (tabell 1.2.2). Nasjonale språk blir «brukte i utdanning, arbeidsliv, massemedia og offentleg forvaltning på nasjonalt nivå». Her blir norsk rekna som eitt språk med to skriftvariantar og plasserer norsk som eit nasjonalt språk saman med 94 andre.

Jamt fleire i Noreg snakkar om bokmål og nynorsk som to norske språk, ikkje som to målformer. Dette endrar ikkje den språklege posisjonen i verdssamfunnet. Både bokmål og nynorsk oppfyller krava for å reknast som nasjonale språk, og dei er skilde ut som to språk i tabellane i Språkfakta.

Bokmål og nynorsk høyrer altså med i ein eksklusiv einprosentklubb av all verdas språk. Noreg blei medlem i denne klubben parallelt med og ikkje i strid med at styresmaktene tidlegare enn noko anna land i Europa gjorde Noreg til eit formelt fleirspråkleg samfunn. Medlemskapen i Einprosentklubben har dei to norske språka oppnådd parallelt med og ikkje i strid med at Noreg formelt blei eit fleirspråkleg samfunn.

Den nynorske skriftkulturen skapte Noreg og utvida Norge.

Fundamentet for å gjere bokmål og nynorsk til komplette, samfunnsberande språk er rett og slett mykje sterkare enn det allmenne språkpolitiske ordskiftet gir inntrykk av. Der heiter det gjerne at norsk er eit lite og skrøpeleg språksamfunn. Tvert om, med eit internasjonalt blikk er norsk to svært robuste språk.

Storleik åleine seier ikkje alt. Spørsmålet er kva plass språka har i samfunnet og kor godt dei aktuelle skriftkulturane er organiserte. Då stiller norsk endå sterkare.

I 2015 var 2444 språk i vanskar eller på veg ut av bruk. Desse mange språk var brukte av 1,1 prosent av alle innbyggjarane. Mest kritisk var situasjonen for ein del språk i Europa, og i Oseania og Amerika, der vernet av urfolksspråk og minoritetsspråk har vore svakast og presset mot tradisjonar størst (tabell 1.2.3).

Skriftfestinga er eit grenseland. Eit språk med skriftsystem er eit langt steg nærmare ei sikrare framtid enn eit språk utan skriftfesting. Enno er kunnskapen for spreidd til at det kan lagast eit nokolunde sikkert oversyn over utbreiinga for dei ulike skriftsystema og kor mange som bruker dei (tabell 1.2.4). Det hender at nokre språk blir skrivne med meir enn eitt alfabet men tabellen er summert til 8,3 milliardar brukarar av ulike alfabet, og det gjer at tala må lesast kritisk. At det latinske alfabetet dominerer fullstendig, og at det kinesiske er det nest mest brukte, stemmer. Ser vi bort frå vel 900 millionar analfabetar, er det ein rimeleg konklusjon at nær seks av ti bruker det latinske alfabetet og to av ti det kinesiske.

Den språklege vitaliteten kjem også til uttrykk gjennom den formelle statusen til eit språk. Difor kan det ha mykje å seie om eit språk har offisiell status eller ikkje. Her er det smått med historiske data, og det varierer mykje kva type offisiell status språka har. Dei tre landa med flest offisielle språk, nasjonalt og/eller regionalt, er Kina, India og Bolivia (tabell 1.2.5).

Dei sameinte nasjonane har ført den same språkpolitikken like sidan 1945, men blei utvida frå fem til seks offisielle språk i 1973, då arabisk fekk slik status (tabell 1.2.6).

Fram mot 1800-talet blei teorien om ein stat – eitt språk utvikla og handheva av mange makthavarar. Framleis står det prinsippet sterkt, men det statistiske gjennomsnittslandet er Mosambik med 35 språk. I 2015 hadde 21 land meir enn 100 språk som var talte av førstespråkbrukarar, mot 22 i 2009 (tabell 1.2.7). Som før låg Papua New Guinea øvst; 3,8 millionar innbyggjarar brukte 839 ulike språk i 2015. Både Indonesia, Nigeria, India, USA og Kina hadde over 300 ulike språk.

 

1.3 Lese- og skrivekunne

Der er store variasjonar i lese- og skrivekunne.

I 2014 rekna UNESCO med at 781 millionar vaksne og 126 millionar unge ikkje kunne lese og skrive.¹⁶ I alt var dermed 907 millionar analfabetar, og 573 millionar av desse (63 prosent) var kvinner.

Utviklingsprogrammet til Dei sameinte nasjonane, UNDP, reknar lese- og skrivekunne som eit viktig kriterium for samfunnsutviklinga. Både Noreg og mange andre land med høg gjennomsnittsinntekt lèt vere å rapportere om eiga lese- og skrivekunne, og for desse landa blir prosentdelen sett til 99. Andre land vil ha interesse av å rapportere høgare verdiar enn det faktisk er grunnlag for. Dette gjer at opplysningar om lese- og skrivekunne generelt er nokså upålitelege (tabell 1.3.1 og 1.3.2).

Dei fleste landa med svært låg lese- og skrivekunne ligg i Afrika. I dei fleste landa kan mellom 50 og 80 prosent av innbyggjarane truleg lese og skrive.

 

1.4 Religion

Bibelen er det mest omsette skriftverket i verda. Den europeiske misjonsverksemda har sett djupe språklege spor og styrkte det språklege mangfaldet.

Det gamle testamentet var skrive på hebraisk og låg føre i omsetjing til andre språk fleire hundreår f.Kr. Det nye testamentet var skrive på koiné, administrasjonsspråket i det hellenske riket, og blei omsett til andre språk frå 300-talet. Lenge var Bibelen berre omsett til ti språk, og ved inngangen til den europeiske reformasjonen låg enno berre omsetjingar til godt under 100 språk føre (tabell1.4.1). Trykte utgåver på mange nye språk skaut først fart på 1800-talet, og fram til 1937 låg Bibelen eller bibeldelar føre på 1008 språk. Tre av ti språk var afrikanske.

Seinare gjekk det endå fortare. I 2015 var Bibelen eller bibeldelar omsette til 2882 språk (tabell 1.4.3). Slike omsetjingar finst for tre av ti asiatiske språk og nesten seks av ti europeiske (tabell 1.4.4).

Omsette utgåver av Koranen har ein heilt annan status enn omsetjingar av bibeltekstar. Kvar utgåve av Bibelen har same teologiske status, men for muslimar er det den arabiske utgåva som gjeld. Difor er Koranen omsett til ganske få språk, sjølv om dei første omsetjingane kom tidlegare enn for Bibelen. Opplysningane er spreidde og usikre, men det ser ut til at Koranen kan lesast på vel 160 språk (tabell 1.4.2).

 

1.5 Digitale medium

I 2014 brukte 2,9 milliardar Internett. Ein milliard brukarar blei passert i 2005, to milliardar i 2010. Rekna i prosent hadde flest i Nord-Amerika, Europa og delar av Asia tilgjenge til digitale medium, lågast i delar av Afrika.¹⁷

Dei statistiske opplysningane for språk i digitale medium er høgst usikre. På tvers av ulike metodar og problemstillingar ser det likevel ut til å vere ein tendens at engelsk over tid er blitt mindre dominerande på Internett (tabell 1.5.1). Ei av dei tidlegaste, meir pålitelege undersøkingane er frå 1999. Då var 72 prosent av alle tekstar på Internett på engelsk. I 2015 hadde dette minka til under 56 prosent. Berre frå 1.7.2014 til 8.7.2015 gjekk engelskprosenten ned frå 55,8 til 55,2. Globalt er dette skiftet på så få år den største endringa i det språklege styrkeforholdet internasjonalt som har vore dokumentert det siste hundreåret. Ei tilsvarande endring viser seg når ein prøver å sortere Internett-brukarar etter språk. 36 prosent engelsk i 2004 var i 2014 blitt til 29 prosent (tabell 1.5.3).

Eit oversyn frå Google er nok ein av dei mest pålitelege dokumentasjonane av språk på Internett i den tidlege fasen for dette mediet. I 2008 noterte Google 25 milliardar nettstader på engelsk, nær 4 milliardar på forenkla kinesisk og 3 milliardar på japansk (tabell 1.5.2). Over 64 prosent av godt vel 50 milliardar nettstader var på eit av dei tre språka. Blant nettstader på europeiske språk låg norske på 12. plass, danske på 14. plass, finske på 15. plass og svenske på 22. plass. For bruken av digitale medium har teknologiske løysingar og tilbod meir å seie enn folketal og kor mange som bruker dei ulike språka.

Tala for den engelske posisjonen kring 2010 er ganske like. På same måten som 51 prosent av nettstadene var på engelsk i 2008, stod engelsk for 52 prosent av språka på Facebook i 2010 og 50 prosent på Twitter same året (tabell 1.5.4 og 1.5.5.). For utviklinga på Facebook er tala usikre, men tal for Twitter stadfestar den nemnde tendensen til at engelsk er mindre dominerande digitalt no enn for få år sidan. 50 prosent engelsk på Twitter i 2010 var i 2014 blitt til 34 prosent.

Det språklege, digitale mangfaldet kjem endå klarare til uttrykk når ein prøver å dokumentere tilgjenge til digital, leksikalsk kunnskap etter språk. Då viser det seg at dei 12 største språka i Wikipedia i 2015 var førstespråket til kvar femte innbyggjar på jord (tabell 1.5.6). Vel så viktig var det at åtte av ti innbyggjarar hadde tilgjenge til slik kunnskap på førstespråka sine. I det ligg ein enorm demokratisk verdi, men den språklege tilgangen blei avgrensa av det tekniske.

For 2000-talet er det vanskeleg å finne pålitelege data om språkfordeling på andre kulturområde. UNESCO opplyste i si statistiske årbok at 28 prosent av alle utgitte bøker i 1995 var på engelsk, 13 prosent på mandarin og 12 prosent på tysk.¹⁸ Eit anna oversyn frå om lag 2005 tyder på at engelskspråklege aviser utgjorde 24 prosent av det samla avisopplaget i verda.¹⁹ Viss desse tala er nokolunde pålitelege, vil det seie at den engelske dominansen i digitale medium iallfall førebels er vesentleg større enn i dei klassiske media bøker og aviser.

Den ungarske forskaren Andrés Kornai varsla i artikkelen «Digital language death» I 2013 at svært mange spark ville gå ut av bruk i den digitale tidsalderen. Samandrag: «Of the approximately 7,000 languages spoken today, some 2,500 are generally considered endangered. Here we argue that this consensus figure vastly underestimates the danger of digital language death, in that less than 5% of all languages can still ascend to the digital realm. We present evidence of a massive die-off caused by the digital divide.”²⁰

Det allmenne mønsteret som er skissert ovanfor, gir svak dekning for dette framtidsvarselet. Dei digitale media er i ein svært tidleg utviklingsfase, og ein alternativ hypotese kunne ha vore at dei største verdsspråka ville dominere desse nye formata meir enn dei faktisk gjorde, få tiår etter at Internett blei teke i bruk, og lenge før folk i verda hadde allmenn tilgang til digitale medium.

 

1.6 Ordbøker, litteratur og institusjonar

Innhaldet i skriftspråka blir mellom anna dokumenterte gjennom ordbøker, og ordforrådet blir raffinert gjennom litterær bruk. Kor mange ord ulike forfattarar har brukt, er ingen omfattande vitskap der det er lett å jamføre forfattarar med kvarandre. Difor kan det vere feil at mange av forfattarane med størst ordforråd, er europiske, og det kan vere tilfeldig at fire av dei er norske (tabell 1.6.1).

Meir pålitelege er opplysningane om kor mange oppslagsord ulike ordbokverk har. Ordbøker med meir enn 100 000 oppslagsord har vore utvikla for minst 11 språk dei siste hundreåra (tabell 1.6.2). Så store ordboksverk er sjeldan vare. Ordbøker for nynorsk og dansk er dei einaste verka for mindre språk på ei liste der verdsspråka dominerer.

Ordbøker institusjonaliserer skriftspråk, gjer dei synlege og gjer dei lettare å bruke. Slike verk er blitt til som følgje av behov hos brukarane. Ei anna form for slik institusjonalisering i skriftkulturen er å etablere språkmuseum. I 2015 publiserte Nynorsk kultursentrum ein dokumentasjon av 59 slike museum (tabell 1.6.3). To av tre språk skriv seg frå Afrika eller Asia, men to av tre språkmuseum ligg i Europa. Den språkpolitiske vendinga frå 1990-åra som er omtalt ovanfor, viser att også her ved at godt over halvparten av musea blei opna i 1990 eller seinare. Det eldste av «vanlege» språkmuseum er Ivar Aasen-tunet i Noreg frå 1898.

Ei tid førte UNESCO statistikk for bokutgivingar etter språk. Slike tal er diverre ikkje lenger tilgjengelege i oppdatert form. Dei opplysningane er likevel ikkje nødvendige for å sjå kor språkleg skeivt Nobelprisen i litteratur er blitt utdelt frå og med den første utdelinga i 1901 (tabell 1.6.4). Til og med 2014 var 111 prisar delte ut. 65 av prisvinnarane skreiv på engelsk, fransk, tysk eller spansk, og 13 på skandinaviske språk. Berre sju prisvinnarar skreiv på ikkje-europeiske språk.

Nobel-lista er heilt påliteleg. Det same kan ikkje seiast om forsøk på å rangere forfattarar etter kor mange språk dei er omsette til. Difor er tabellen over dei mest omsette forfattarane todelt, med forfattarar det iallfall finst ein viss informasjon om, og forfattarar der lite er kjent (tabell 1.6.5). Det verkar sikkert at Antoine de Saint-Exupéry med boka Le Petit Prince frå 1943 er omsett til 253 språk og med det ligg klart øvst. God orden er det også i dokumentasjonen av kor mange språk bøker av H.C. Andersen er omsette til. For William Shakespeare finst eit anslag, for Johann Wolfgang von Goethe ikkje ein gong det. Goethe-Institut i Oslo gjorde eit grundig forsøk på å finne ut av dette og kunne slå fast at Die italienische Reise er omsett til 23 språk, men resten er uvisse.²¹

Nokre språkmønster kan lesast ut av den dokumentasjonen UNESCO samlar i databasen for omsetjingar, Index translationum, som har data frå 1932, men som i dag er tilgjengeleg med digital informasjon frå og med 1979.Frå då av er det ein forfattar som skil seg ut med særleg mange omsetjingar Agatha Christie (tabell 1.6.6). Blant dei mest omsette forfattarane skreiv sju på engelsk, ein på fransk (Jules Verne), ein på dansk (H.C. Andersen), ein på russisk (Lenin) og to på tysk (brørne Grimm).

Originalverk på engelsk, fransk, tysk og russisk var omsette flest gonger (tabell 1.6.7). Vesentleg fleire bøker var omsette frå latin og gamalgresk enn frå verdsspråk som kinesisk og arabisk. Det seier sitt om tyngda i ein historisk kulturell dominans og om effektiv samfunnsorganisering. På den andre sida var tysk, fransk og spansk dei språka flest bøker blei omsette til (tabell 1.6.8). Tyskland, Spania og Frankrike var også dei tre landa med flest omsette bøker (tabell 1.6.9). Det kom ut fem gonger fleire omsette bøker i Tyskland enn i USA, og seks gonger fleire enn i Storbritannia. Ut av slike tal kan det lesast retningar og dominans i kulturelle impulsar.

 

1.9 Historisk statistikk

Dieter Wunderlich har peika på eit kuriøst, men interessant historisk særtrekk.

Kor mange som då levde, er rett nok usikkert, men Dei sameinte nasjonane reknar med at det var om lag 300 millionar menneske i år 0. Kring 1000 var det ikkje meir enn 310 millionar, og i 1500 om lag 500 millionar.²² Folketalsveksten har altså vore formidabel dei siste 500 åra.

I år 0 budde 60 prosent av alle i Asia (tabell 1.9.1). Der snakka dei sine asiatiske sapråk, for dette var før alle former for vestleg kolonialisering. Også i 2015 snakka 60 prosent av innbyggjarane i verda asiatiske språk. Den andre store verdsdelen rekna i folketal var Europa. 26 prosent snakka europeiske språk i år 0, og slik var det også i 2015.

Språkbrukarane fordeler seg altså etter opphavsland for språka på same måten i 2015 som på Jesu tid.

Alt i år 0 var truleg minst 44 språk gått ut or bruk, i følgje Wikipedia English.²³ Ut frå den same liste blei 229 språk borte fram til 1960. Spørsmålet om kor mange språk som har gått ut av bruk dei siste 50 åra, har minst to svar. UNESCO meinte altså i 2009 at godt og vel 200 språk var gått ut av bruk etter 1960 (tabell 1.9.3). Seks år seinare registrerte Ethnologue 373 språk som var gått ut av bruk sidan 1960.²⁴ Her er nok Ethnologue den mest pålitelege kjelda. Det vil seie at vi veit om minst 646 språk frå dei siste 5000 åra som ikkje lenger er i bruk.

Den tyske språkforskaren Harald Haarmann har samla nesten 100 av dei i eit leksikon over utgåtte språk. Han sorterer dei i fire grupper: Språk utan spor i det kulturelle minnet (eblaittisk), språk som det er spor etter i moderne språk (fønikisk), språk med ein gamal skriftkultur som delvis gjer seg gjeldande i kuturlandskapet i dag (latin) og språk med ein gamal skriftkultur som nokre få enno bruker (arameisk). Den usikre gruppa er den første, språka utan spor i ettertida. Der er nok fleire av dei enn vi veit om i dag. Før 1974 visste til dømes ingen om språket eblaittisk i Syria.²⁶

Lista i Wikipedia inneheld 37 språk for det første tusenåret og 121 språk for perioden 1000–1899. Frå og med 1900 har minst 454 språk gått ut av bruk. Det svarar til sju av ti utgåtte språk som vi veit om. At så mange er blitt borte i seinare tiår, har nok å gjere med at språkvitskapen og andre fagmiljø har eit heilt anna blikk for dette no enn før 1900. Når 1400 av dei språka vi veit om i dag, ikkje var identifiserte før 1974, kan ein heller ikkje rekne med at kunnskapen om utgåtte språk er presis før i seinare tiår. Den andre viktige årsaka til det høge talet for seinare tiår er at samfunnsutviklinga har fjerna livsgrunnlaget for ein del samfunn som hadde sin eigne språk.

Når utbreiing av språk i tidlegare tider skal talfestast, er det mangt som er usikkert. Sjølv samtidsdokumentasjon frå 1900-talet kan vere vaklevoren. Eit fransk forsøk frå 1926 knytte 1,5 milliardar av to milliardar innbyggjarar til 30 ulike språk (tabell 1.9.2). Det oversynet dekkjer om lag 70 prosent av alle innbyggjarane. All den tid 23 språk i dag er førstespråket til seks av ti innbyggjarar, vil det seie at reknestykket frå 1926 kan ha treft ganske bra. Eit anna reknestykke frå 1950-åra er derimot høgst usikkert. Her brukte åtte av ti innbyggjarar 36 ulike språk. Som ein kontrast til dette står dokumentasjonen frå Ethnologue i 1996, som viste at 65 prosent av innbyggjarane bruke 35 ulike språk. Då var verda i ferd med å få sikker informasjon om utbreiinga av alle språk i bruk.

Det var dei to franske språkforskarane Antoine Meillet og Marcel Cohen som stod bak lista frå 1926. Dei oppdaterte dokumentasjonen sin i 1952, men ikkje slik at det kunne lagast ein uttømande tabell for språka i verda. Mest utvikla var informasjonen om dei indoeuropeiske språka (tabell 1.9.3). Desse var brukte av minst 1,1 milliardar kring 1950. Då var enno engelsk det klart største språket i denne språkfamilien. Slik var det ikkje lenger i 2015. Då snakka 2,9 milliardar eit indoeuropeisk språk, men engelsk var då førstespråket for berre 12 prosent av indoeuropearane, mot 23 prosent kring 1950.

 

Tema: språk i fare

Den 18. oktober 1998 heldt den tyske språkforskaren Dieter Wunderlich eit radioforedrag under tittelen «Kva taper vi når språk døyr?» Det emnet har mange drøfta både før og seinare. Wunderlich trong berre tre setningar for å få fram verdien ved kvart eit språk:

«Kvart enkelt språk er i seg sjølv ein fullt utvikla identitet, ein sjølvstendig og som regel mange hundre år gamal kultur om korleis vi menneske omgår kvarandre og med naturen. Vi mistar meir enn kuriosa om vi mistar eit språk. Kvart einaste språk er eit fullt ut gyldig utkast til det å vere menneske med sine intellektuelle særtrekk, ei historisk radert tilpassing til menneskets behov for kommunikasjon. Mistar vi eit språk, går vi glipp av ein måte å vere menneske på som vi knapt kan greie å førestille oss ved eiga hjelp.»²⁷

Språk er mest utsette der mangfaldet er størst. Språk døyr ikkje, men kan gå ut av bruk. Eit språk som er gått ut av bruk, kan i prinsippet takast i bruk att. Ein slik prosess vil gå lettare viss det aktuelle språket har vore skriftfesta.

Om eit språk er truga, er ikkje eit spørsmål om anten/eller, men om kor truga det er. Då er det absolutte tal som gjeld, ikkje relative tal. Historia om kalispel viser kva det handlar om. Kalispel-Pend d’Oreille er eit urfolksspråk i USA. Den norske språkforskaren Hans Vogt oppheldt seg i reservatet til kalispel-folket i delstaten Washington i nær tre månader sommaren 1937. Tre år seinare gav han ut ein studie av språket: «På reservatet talar eldre folk og små born under skulealder kalispel. Mellomgenerasjonen, særskilt kvinnene, kan litt engelsk, men talar berre kalispel med kvarandre. Den yngre generasjonen, som har lært engelsk på skulen, talar ofte engelsk med kvarandre. Dei gamle klagar over at dei ikkje talar god kalispel.»²⁸

Mange tiår seinare rekna Ethnologue med at kalispel-folket utgjorde 6800 menneske i 1997, og at 2000 då snakka kalispel. I 2005 var det kanskje berre 64 att som brukte språket. I 2015 var difor dette språket rekna med blant dei språka som var kritisk truga, «nearly extinct».²⁹

Ethnologue rekna i 2009 eit språk som «nesten utrydda» viss det hadde 50 eller færre brukarar, eller viss andre kriterium tilsa det same. Ut frå dette meinte Ethnologue-redaksjonen at 457 språk då var nesten utrydda. Seks år seinare rekna den same redaksjonen 766 språk til gruppa «på veg ut av bruk». Tala frå dei to åra kan ikkje jamførast direkte. Klassifiseringa av språk i 2015 gjer det frå no av lettare å seie noko meir sikkert om utviklinga i det språklege mangfaldet.

UNESCO registrerer jamleg kor mange språk som er truga. Organisasjonen skil mellom fem nivå:

Utrygt: Dei fleste borna talar språket, men bruken kan vere avgrensa til visse område og situasjonar
Avgjort truga: Borna lærer ikkje lenger språket som morsmål heime
Alvorleg truga: Besteforeldre og eldre generasjonar bruker språket, foreldra forstår kanskje språket, men bruker det ikkje seg imellom eller til borna
Kritisk truga: Besteforeldre og eldre generasjonar er dei yngste brukarane, og dei bruker språket sjeldan og berre delvis
Ute av bruk: Ingen bruker språket lenger

Ei rekkje kriterium avgjer om eit språk skal med på lista:

• Tradering av språk mellom generasjonar
• Tal brukarar
• Prosentdel brukarar av alle innbyggjarar
• Endring i domene for bruk av språket
• Bruk i nye domene og media
• Tilgjengelege læremiddel i språket
• Statleg og institusjonell språkpolitikk, medrekna offisiell status og bruk
• Språkbrukarane si haldning til sitt eige språk
• Omfang av og kvalitet på dokumentasjon av språket

UNESCO meinte i 2009 at om lag 2300 språk var truga (tabell 1.9.4). Over 1000 av desse var anten alvorleg eller kritisk truga. Størst var faren i 33 land med til saman 2100 truga språk. Kombinert med dokumentasjon frå Ethnologue tyder dette på at ein tredel av språka i desse landa er truga. Mest utsett er det språklege mangfaldet i Brasil, Russland og Bolivia. Der er ni av ti språk i fare. Også i Colombia og Venezuela er svært mange av språka truga.

Korleis blir eit språk truga? Vanlegvis kjem nedgangen fyrst i talet på yngre brukarar. Sosial prestisje vil også vere viktig, likeins kor integrert eit språk er i samfunnsformasjonen. Som regel er det språk utan skriftkultur eller skriftspråktradisjon som er truga. Så godt som alle språk med skriftspråktradisjon er altså trygge. Ikkje minst må mange nok bruke språket. I 2015 hadde 1543 språk færre enn 1000 førstespråkbrukarar, 478 hadde færre enn 100 brukarar og 140 språk hadde færre enn ti førstespråkbrukarar.³⁰

Ei forenkla framstilling av kva det handlar mest om for slike språk, er presentert i figur 1.5. Denne utviklingsmodellen laga Rolf Theil i 2007, og han oppdaterte den før publisering i 2015.³¹ Fleire av kriteria er identiske med dei som er førte opp ovanfor. Utviklinga frå språket som er på trygg grunn til eit språk som er ute av bruk, blir her strukturert i sju fasar, og nøkkelen er kva aldersgrupper som bruker språket. Når ein talt språk skal bli skriftspråk, må ulike bruksområde vinnast. Når eit språk er på veg inn i vanskar, er aldersgruppene det kritiske punktet.

1  Verda
Figur 1.5 Rolf Theils utviklingsmodell for språk i vanskar


Språk er jamt i fare. Alt i 1880 konstaterte den irske forfattaren og statistikaren Michael G. Mulhall: “It is remarkable that while many old languages are dying out, the Press is every year adding new ones to its list of conquests.”³² Som døme nemnde han at det kom ut ei avis på skotsk gælisk i Canada, ei avis på maori blei gitt ut i New Zealand, og ei på cherokee i USA. Det kom jamvel ut bøker på det han kalla rare språk: Shakespeare på kinesisk.

Perspektiv: den språkpolitiske vendinga

Nasjonar er sosialt og kulturelt heterogene, ikkje homogene samfunn. Likevel er altså dei fleste statane framleis formelt eittspråklege. Denne konstitusjonelle og formelle sida av saka er berre ei side av saka. I verda av språk er eintal blitt til fleirtal dei siste tiåra, og store fleirtal er blitt til mange mindretal. Jamt fleire makthavarar erkjenner at dei må utforme språkpolitiske regime som tek omsyn til dette. I Europa har Europarådet sidan 1992 år bygt opp eit heilt nytt regime for utvikling av regions- og mindre brukte språk.

Dette er den språklege vendinga i vår tid, det intellektuelle paradigmeskiftet, den nye tenkjemåten. Denne språklege vendinga byggjer på at forståing av språk har endra seg. Språk kan ikkje definerast eller forklarast berre språkleg. Så vel historiske og økonomiske som politiske, sosiale og kulturelle faktorar høyrer med.³³ I språkvitskapen har det lenge vore sjølvsagt å forstå språk som eit sosialt og kulturelt fenomen, men når det kjem til stykket, blir språk nesten alltid definerte reint lingvistisk.

«Vi», skreiv Otto Jespersen – den danske språkforskaren, ikkje den norske humor-skaparen, i 1946, «vi kjem aldri til å nå fram til ei heilskapleg forståing av språk så lenge vi rettar merksemda berre mot den intellektuelle funksjonen til språket eller som eit kommunikasjonsmiddel for tanken.»³⁴ «Språket er uten tvil det viktigste av alle sosiale fenomener», skreiv den norske kollegaen Alf Sommerfeldt to år seinare.³⁵ «Språk er identitet, historie, kultur og tilhørighet,» seier omsetjaren Siri Næss. «Det vet enhver som har stått ordløs i et fremmed land».³⁶

Di meir utbygde statssystema blir med all si forvaltning, og di meir skriftkulturelle samfunna blir, di tydelegare blir det at språk er meir enn språk. Dei tolv årstalane om tilstanden for nynorsk skriftkultur 2001–2012 var på enklaste vis eit forsøk på å vise dette språklege tidsskiftet og gi framtida ei retning, som draumen om målet. I Noreg er skiljet mellom nynorsk og bokmål det konstituerande skiljet for nesten alle meiningar om språk. Det er noko av det same Dieter Wunderlich peikar på når han skriv at kvart einaste språk er på ein overraskande måte eineståande: «Så langt menneskelege biografiar og læringshistorier er ulike, varierer også språka til menneske, meir eller mindre.»³⁷

Ein viktig del av den språklege vendinga er at dei språklege rettane til innbyggjarane er bitt framheva. I 1996 vedtek over 140 representantar for organisasjonar og forskarmiljø Universal Declaration of Linguistic Rights, seinare ofte kalla Barcelona-erklæringa. Den legg særleg vekt på språklege rettar for brukarar av regionale språk og minoritetsspråk. I erklæringa heiter det mellom anna: «All languages are the expression of a collective identity and of a distinct way of perceiving and describing reality and must therefore be able to enjoy the conditions required for their development in all functions. All languages are collectively constituted and are made available within a community for individual use as tools of cohesion, identification, communication and creative expression.”

Eit liknande initiativ tok PEN International. Hausten 2011 vedtok den 77. kongressen i PEN Internatonal Girona Manifesto on Linguistics Rights i ti korte punkt.

1. Linguistic diversity is a world heritage that must be valued and protected.
2. Respect for all languages and cultures is fundamental to the process of constructing and maintaining dialogue and peace in the world.
3. All individuals learn to speak in the heart of a community that gives them life, language, culture and identity.
4. Different languages and different ways of speaking are not only means of communication; they are also the milieu in which humans grow and cultures are built.
5. Every linguistic community has the right for its language to be used as an official language in its territory.
6. School instruction must contribute to the prestige of the language spoken by the linguistic community of the territory.
7. It is desirable for citizens to have a general knowledge of various languages, because it favours empathy and intellectual openness, and contributes to a deeper knowledge of one’s own tongue.
8. The translation of texts, especially the great works of various cultures, represents a very important element in the necessary process of greater understanding and respect among human beings.
9. The media is a privileged loudspeaker for making linguistic diversity work and for competently and rigorously increasing its prestige.
10. The right to use and protect one’s own language must be recognized by the United Nations as one of the fundamental human rights.

Om lag 5900 språk som var i bruk i 2015, hadde sitt utgangspunkt i så få som 21 statar (tabell 1.2.7). 18 av desse statane var også blant dei med flest truga språk (tabell 1.9.3). Berre Filippinane, Kongo og Tanzania hadde mange språk, men ganske få truga språk. I praksis forvaltar ei gruppe av om lag 20 statar tyngda i det språklege mangfaldet. Den økonomiske verdspolitikken har sine G7- og G20-grupper. På same vis kunne det ha noko å seie viss den internasjonale politikken for språkleg mangfald fekk si L20-gruppe av statar med mange språk i bruk og mange truga språk. Ei slik gruppe ville vere avhengig av oppfølging frå verdssamfunnet.

Publisert 26.9.2015
Sist oppdatert 22.9.2015

² Om lag 2000 språk ikkje er skriftfesta (David Crystal: A Little Book of Language, New Haven 2010, s. 126). Crystal reknar med at det finst om lag 6000 språk i verda, og det vil seie at ein tredel berre er munnlege språk.
³ Dieter Wunderlich: Sprachen der Welt. Warum sie so verschieden sind und sich doch alle gleichen, Darmstadt 2015, s. 35.
⁴ John Edwards: Multilingualism. Understanding Linguistic Diversity, London og New York 2012, s. 26.
⁵ Ronald Wardhaugh: Languages in Competition. Dominance, Diversity, and Decline, Oxford 1987, s. 24.
⁶ David Crystal: A Little Book of Language, New Haven 2010, s. 15.
⁷ Dieter Wunderlich: Sprachen der Welt. Warum sie so verschieden sind und sich doch alle gleichen, Darmstadt 2015, s. 36.
⁸ Nicholas Ostler: Empires of the word, London 2006.
⁹ Dieter Wunderlich: Sprachen der Welt. Warum sie so verschieden sind und sich doch alle gleichen, Darmstadt 2015, s. 110 f.
¹⁰ David Crystal:  A Little Book of Language, New Haven 2010, s. 126.
¹¹ Notat til arbeid med fornying av basisutstilling i Ivar Aasen-tunet.
¹² “The most isolated tribe in the world?”, www.survivalinternational.org/campaigns/mostisolatedld?, lesedato 2.9.2015.
¹³ Notat til arbeid med basisutstilling Ivar Aasen-tunet, og presentert i foredrag under Dei nynorske festspela 2008.
¹⁴ John Edwards: Multilingualism. Understanding Linguistic Diversity, London og New York 2012, s. 6.
¹⁵ M. Paul Lewis ofl. (red.): Ethnologue. Languages of the World, 17. utgåva, Dallas 2013.
¹⁶ Unesco Institute of Statistics: ”International literacy data 2014”, www.uis.unesco.org/literacy/Pages/literacy-data-release-2014.aspx, lesedato 5.8.2015.
¹⁷ Internet Society: Global Internet Report 2014, s. 19.
¹⁸ Unesco Statistical Yearbook, her etter Mikael Parkvall: Limits of language, 2006, s. 73 f.
¹⁹ Mikael Parkvall, same staden, s. 73.
²⁰ Andrés Kornai: «Digital language death», Plos One, http://journals.plos.org/plosone/article?id=10.1371/journal.pone.0077056, lesedato 10.11.2013.
²¹ Jeanette Danzer, Goethe-Institut Oslo i e-post til forfattaren 7.5.2015.
²² Dieter Wunderlich: Sprachen der Welt. Warum sie so verschieden sind und sich doch alle gleichen, Darmstadt 2015, s. 32 f.
²³ Wikipedia English: List of extinct languages, en.wikipedia.org, lesedato 20.8.2015.
²⁴ «Frequently asked questions», ethnologue.org, lesedato 17.8.2015
²⁵ Harald Haarmann: Lexikon der untergegangenen Sprachen, München 2004, s. 7 ff.
²⁶ Ottar Grepstad: Språksansen, Oslo 2013, innførsel 28.3.
²⁷ Dieter Wunderlich: «Was verlieren wir, wenn Sprachen sterben?», manuskript, http://user.phil-fak.uni-duesseldorf.de/~wdl/Bedroht.pdf, lesedato 7.5.2015.
²⁸ Hans Vogt: The Kalispel Language, Oslo 1940, s. 7, omsett av Rolf Theil.
²⁹ Rolf Theil: «Norsken på sotteseng?», foredragsmoment om lag 2005, og Ethnologue, 18. utgåva, Dallas 2015, ethnoogue.com, lesedato 19.7.2015.
³⁰ «Frequently asked questions», ethnologue.org, lesedato 17.8.2015.
³¹ Notat til arbeid med fornying av basisutstilling i Ivar Aasen-tunet.
³² Michael G. Mulhall: The Progress of the World, London 1880, faksimileutgåve London 2015, s. 92.
³³ Tore Janson: «Varifrån kommer språkens gränser?», foredrag op Språkdagen i Oslo 11.11.2009, eigne notat.
³⁴ Otto Jespersen: Mankind, nation and individual, Oslo 1925.
³⁵ Alf Sommerfelt: Språket og menneskene, Oslo 1948, s. 10.
³⁶ Siri Næss i Per Qvale (red.): Det muliges kunst, Oslo 1999.
³⁷ Dieter Wunderlich: Sprachen der Welt. Warum sie so verschieden sind und sich doch alle gleichen, Darmstadt 2015, s. 10 og 29.

 

    Artikkellesar