19 Språk- og kulturinstitusjonar

I Noreg er der åtte landsdekkjande språkorganisasjonar. Fem av desse arbeider for nynorsk, ein for samnorsk, ein for bokmål og ein for riksmål. Størst er Noregs Mållag med 13 000 medlemer i 2014. Godt over 95 prosent av nynorskbrukarane er ikkje organiserte målfolk, men medlemene er spreidde jamnare utover landet enn nynorskbrukarane er.

19  Språk- og kulturinstitusjonar
Figur 19.1 Norske museum 2013. Prosent

 

Begge dei to store norskdomsorganisasjonane, Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag, hadde vesentleg færre medlemer utover på 2000-talet enn i sine velmaktsdagar i første halvdel av 1900-talet. Slikt har det gått med mange frivillige organisasjonar. For første gong var dei to organisasjonane jamstore i medlemstal.

To av dei største kulturjubilea og -markeringane etter 1990 har vore gjennomførte av nynorskmiljøet. Ivar Aasen-året 1996 var med og endra oppfatninga om Ivar Aasen, og medan Språkåret 2013 stod på, skifta 250 000 nordmenn meining i sentrale språkpolitiske spørsmål.

I 2014 hadde kvart femte museum nynorsk som administrasjonsspråk. Størst var Jærmuseet, og i 2013 vitja 700 000 desse musea, noko fleire enn i 2010. Det var i 2015 registrert 70 festivalar og sogespel med nynorsk som administrasjonsspråk.

18 nasjonale og regionale nynorskinstitusjonar hadde 350 fast tilsette i 2015, mot nær 37 021 institusjonar i 2003. Nokre få av desse er store på sine område, ingen av dei er store generelt sett.

Samarbeidsorganet Nynorsk Forum har sidan 2000 dokumentert kor stor del dei statlege løyvingane til nynorsktiltak utgjer av det samla budsjettet for Kulturdepartementet. Frå ein topp på 3,6 prosent tidleg på 2000-talet fall denne nynorskindeksen til 2,6 prosent i 2015.

 

19.1 Medlemsorganisasjonar
19.2 Jubileum og markeringar
19.3 Museum og festivalar
19.4 Drift
Tema: skriftkulturens fellesskap
Perspektiv: mange og små institusjonar

Last ned heile teksten i pdf her

 

19.1 Medlemsorganisasjonar

Innanfor nynorsk skriftkultur er der fem organisasjonar for private medlemer, og éin for institusjonar. Som for andre frivillige organisasjonar har medlemstalet falle mykje dei siste tiåra.

Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag fekk raskt mange medlemer etter at dei var blitt skipa i 1896 og 1906 (tabell 19.1.1). Grunnen er at det alt fanst ei rekkje lokale mållag og ungdomslag då landsorganisasjonane blei skipa. Sidan har Noregs Mållag halde det jamnaste nivået. Noregs Ungdomslag nådde nok vidare ut og har hatt to tydelege toppar i medlemstalet sitt, etter begge verdskrigane, med opp mot 50 000 medlemer. Seinare er medlemstalet blitt meir enn halvert, og Noregs Mållag var i 2014 for første gong nesten jamstor med Noregs Ungdomslag. Med periodiske unntak har Noregs Ungdomslag på 2000-talet hatt ei vag språkleg-ideologisk plattform.

Litteraturselskapet Det Norske Samlaget er vel utan like i Noreg. Sjølv om dette ikkje er ein vanleg medlemsorganisasjon med lokallag, er det altså medlemene som utgjer tingarane av Syn og Segn, og ved sida av Vestmannalaget er Samlaget den eldste målorganisasjonen i Noreg. Etter ein første topp i tida kring 1920 også her auka medlemstilslutninga på ny kraftig i 1950-åra og frametter med 13 400 i 1968 som toppåret. Frå 1990-åra har medlemstalet falle og flata ut kring 2300 medlemer.

Norsk Målungdom har om lag 1300 medlemer. Hausten 2002 avslørte TV2 at organisasjonen hadde juksa med medlemstala, og Oslo tingrett gav ein fellande dom i desember 2003. Etter dette er det rydda opp, men pålitelege tal for 1980- og 1990-åra vil truleg aldri kunne skaffast. Mest truleg har Norsk Målungdom aldri hatt særleg over 2000 medlemer, sjølv om det ligg føre slike rapporterte tal for fleire år, særleg på 1970-talet.

Stor har nedgangen vore for Kringkastingsringen, som på 2000-talet har stabilisert seg kring 1000 medlemer, mot om lag 2000 kring 1990 og heile 5000 i 1970-åra. Til liks med Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag fekk organisasjonen raskt mange medlemer. Alt eitt år etter skipinga i 1955 hadde organisasjonen nær 10 000 medlemer, i ei tid då medlemstala til dei andre norskdomsorganisasjonane gjekk tydeleg tilbake. Verksemda femnde vidt, men er blitt konsentrert i pakt med minkande medlemstal dei siste åra.

Den regionale krafta som pregar den nynorske skriftkulturen generelt, er mindre tydeleg i norskdomsorganisasjonane. Den organiserte målrørsla jamnar såleis ut andre tendensar i utviklinga av den nynorske skriftkulturen, og stabiliserer situasjonen. Organiserte målfolk er spreidde over heile landet (tabell 19.1.2–19.1.4). Bakgrunnen til desse veit vi lite om, men det blir nok for enkelt å forklare det med at dei er utflytta vestlendingar.

Geografisk sett har lokallagsstrukturen i Noregs Mållag endra seg lite geografisk sett frå 1995 til 2004. Noregs Mållag held delvis fast på den gamle futedøme-inndelinga i organisasjonsstrukturen, og Noregs Ungdomslag gjer det i endå sterkare grad. Diverre ligg det ikkje føre opplysningar om tal på ungdomslag over tid som gjer det mogleg å studere eventuelle endringar der meir inngåande.

Den auka dialektbruken viser att organisatorisk i Noregs Mållag ved at fleire lokallag kallar seg dialekt- og mållag. I 2013 hadde organisasjonen ni slike lag, mot fem ti år tidlegare.²⁴⁶ Alle laga heldt til i dei delane av landet der nynorsk etter kvart var lite brukt, og dei fleste heldt til i Hedmark eller Oppland.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) har både kommunar, fylkeskommunar og interkommunale føretak som medlemer. Lakmustesten er talet på kommunar, som no ligg stabilt på over 100. Det vil seie at ni av ti nynorskkommunar er med i organisasjonen (tabell 19.1.5).

 

19.2 Jubileum og markeringar

Til rapporten om Språkåret 2013 samla Nynorsk kultursentrum inn nøkkeltal for ein del kulturjubileum og markeringar frå 1990-åra fram til 2013. Dei fleste jubilea det siste tiåret har hatt samla inntekter mellom 6 og 10 millionar (tabell 19.2.1). Då er eigeninnsatsen til sentrale samarbeidspartnarar ikkje rekna med. Diverre har det vore rapportert svært ulikt om jubilea og markeringane. Berre halvparten har rapportert arrangementstal, og det er ikkje sikkert at alle har rekna arrangementstal på same måten. Det ser likevel ut til at Språkåret 2013 ikkje hadde større budsjett til rådvelde enn dei fleste jubilea, men utløyste større aktivitet enn det som har vore vanleg.

Det blei gjennomført 3320 arrangement i Språkåret 2013 (tabell 19.2.2). Desse fordelte seg på 219 kommunar i alle fylka og i svært ulike språkmiljø. Mønsteret er ganske likt Ivar Aasen-året 1996, men den markeringa hadde relativt fleire arrangement på Vestlandet. Garborg-året 2001 var mykje meir konsentrert om vertskapsfylket Rogaland enn tilfellet var for dei to andre tiltaka.

Ein del tidlegare kulturjubileum har gjort det stort i utlandet. Ibsen-jubileet i 2006 blei markert i 83 land, Hamsun-jubileet i 2009 i meir enn 30 land, og Bjørnson-markeringa i 2010 i 15 land.²⁴⁷ Språkåret hadde aktivitet i fem land og skil seg såleis ut frå dei andre. Det var ikkje noko mål for Språkåret å bruke tid og krefter på tiltak utanfor landegrensene. Språkåret skulle feire det norske språklege mangfaldet, og det skulle primært gjerast i Noreg.

Dobbelt så mange fekk kjennskap til Språkåret i tida som gjekk frå hausten 2012 til hausten 2013 (tabell 19.2.3). To veker før Språkåret 2013 opna, hadde to av ti nordmenn høyrt om det. Då Språkåret 2013 blei avslutta, kjende fire av ti nordmenn til det.

Kan Språkåret vere nøgd med at under halvparten av alle vaksne nordmenn hadde høyrt om Språkåret 2013 nokre dagar før det blir avslutta? Tala kan ikkje målast mot noko tidlegare kulturjubileum, men for merkevara Språkåret er det positivt at dobbelt så mange hadde fått med seg kva Språkåret var i 2013 enn i 2012.

Det var inga prioritert oppgåve for Språkåret å byggje merkevare. Innhald var det som gjaldt – skape engasjement, idear og refleksjonar om språk. Kommunikasjonsbudsjettet var lågt, men ikkje lågare enn dei kulturjubilea det har vore mogleg å jamføre med. Språkåret 2013 skulle vere året som aldri sluttar, og i det ligg det eit ønske om å vidareføre innhaldet i året, ikkje å vidareføre Språkåret 2013 som organisasjon. I 2013 endra 250 000 nordmenn meining i sentrale språkpolitiske spørsmål (sjå kapittel 5.1).

 

19.3 Museum og festivalar

Etter skiftande organisasjonsformer og profilar har Dei nynorske festspela til og med 2014 gjennomført over 1000 arrangement (tabell 19.3.1). Både gjestetal og økonomisk resultat har svinga. Denne sjangerkryssande festivalen kom til som ein del av arbeidet med å realisere det nye Ivar Aasen-tunet, som det gamle Ivar Aasen-museet blei ein del av i 2000.

Museet er det eldste personmuseet i landet. Det ligg føre lite informasjon om gjestetal fram gjennom tidene etter opninga i 1898, men mot slutten av 1900-talet hadde museet 1500–2000 gjester i året (tabell 19.9.2). I 2000 blei museet ein del av det nye Ivar Aasen-tunet.

I 2000 hadde Nynorsk kultursentrum ni fast tilsette og samla inntekter på 6,2 millionar. Medrekna dotterselskapet Allkunne AS hadde institusjonen 17 fast tilsette ved utgangen av 2014, og dei samla inntektene hadde auka til 25,9 millionar (nominell verdi). I dette tidsrommet hadde Nynorsk kultursentrum hatt over 3,7 millionar gjester og brukarar, 4300 arrangement var gjennomførte i 146 kommunar, og 30 temautstillingar var lånte ut 146 gonger i 18 fylke. Dette gjorde Nynorsk kultursentrum til den tredje største nynorskinstitusjonen, etter Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget.

Frå 1990-åra har det kome fleire analysar av kva ringverknader kulturinstitusjonar har og kan ha. Særleg interesse har det å finne ut noko om kva lokalsamfunn og storsamfunn får att av verdiar. Éin av desse analysane gjeld i enkle former pengestraumen gjennom Nynorsk kultursentrum (tabell 19.9.3).

Frå 1991 og fram til opninga i 2000 utgjorde dei offentlege utviklings- og investeringskostnadene 73,3 millionar kroner. Av dette stod staten for 65 prosent. Dei lokale leveransane til denne byggjeverksemda utgjorde truleg om lag 30 millionar. Desse kjøpa av varer og tenester hadde i neste omgang sine verknader for lokale lønsinntekter og lokale skatteinntekter. Alt før ein einaste gjest hadde vore inne i nybygget i Ivar Aasen-tunet i 2000, var dobbelt så mykje midlar førte tilbake til lokalsamfunna som det vertskommunane hadde satsa. Med på kjøpet fekk kommunane eit anlegg til ein teknisk verdi av det firedoble av innsatsen og ein institusjon som no tel 11 faste arbeidsplassar.

På dei fem første driftsåra etter opninga i 2000 hadde Nynorsk kultursentrum ei samla omsetning på vel 42 millionar. Lokalt forbruk og investeringar hadde saman med dei direkte skatteinntektene tilført lokalsamfunna 27,5 millionar på fem år. Det vil seie at to av tre kroner frå omsetninga gjekk til dei to lokalsamfunna i form av skattar, forbruk og investeringar.

Slår vi saman utviklings- og investeringsmidlane frå 1990-åra og driftsmidlane 2000-2004, hadde dei to vertskommunane Ørsta og Volda då brukt 15,5 millionar. Saman med det lokale næringslivet hadde dei same kommunane fått tilbake minst 30 millionar i 1990-åra og 27,5 millionar i tida 2000–2004. Det vil seie at 15,5 millionar kommunale kroner var blitt til 57,5 millionar kroner i lokaløkonomien. Alt etter så kort tid var kvar kommunale krone blitt til fire kroner i lokaløkonomien.

To av tre kroner frå verksemda til Nynorsk kultursentrum hamnar i næringslivet eller i kommunekassa i vertskommunane. Der er nokre trekk ved denne institusjonen som langt frå er typiske i norsk kulturøkonomi, men det kan ikkje vere tvil om at kulturinstitusjonar har sitt å seie for den dynamikken som økonomien i kvart einaste lokalsamfunn er avhengig av.

Ved utgangen av 2014 var det 66 museum i det som blir kalla det nasjonale museumsnettverket. Kvart femte museum hadde nynorsk som administrasjonsspråk (tabell 3.1.4.3). Størst av desse var Jærmuseet (tabell 19.3.3). Dette museet passerte 200 000 gjester på eitt år i 2011 og hadde nær 225 000 gjester i 2013. Nest størst var Sunnmøre Museum med 70 000 gjester. Det største statstilskotet gjekk til Musea i Sogn og Fjordane. På dei fem åra 2010–2014 auka tilskotet frå 21 til 30 millionar. I det same tidsrommet fall gjestetalet frå 99 000 til 60 000.

Kor mange festivalar og sogespel som blir avvikla i Noreg kvart år, er uvisst. Eit første oversyn over slike kulturtiltak med nynorsk som administrasjonsspråk inneheld 53 festivalar og 17 sogespel anno 2015 (tabell 19.3.4). 28 av dei heldt til i Hordaland, 20 i Sogn og Fjordane.

Felles for musea og festivalane med nynorsk som administrasjonsspråk er at dei ligg i nesten alle delar av det som ein gong var kjerneområdet for nynorskbrukarar – Gudbrandsdalen, Valdres, Vest-Telemark og heile Vestlandet. Hallingdal og Trøndelag er utan slike museum.

 

19.4 Drift

Offentlege midlar inn i nynorskmiljøet gir store ringverknader.

Ei rekkje organisasjonar og verksemder skipa samarbeidsorganet Nynorsk Forum i januar 1997. Desse medlemsinstitusjonane har kvar si historie og driv sitt sjølvstendige arbeid. Men langt på veg er bakgrunnen og føremåla dei same. I Nynorsk faktabok 1998 blei difor desse rekna saman. Desse 18 institusjonane og verksemdene hadde ei samla omsetning på 314 millionar i 1996.²⁴⁸ Av dette var 63 prosent eigeninntekter. Held vi utanfor Det Norske Teatret med si spesielle finansieringsordning, utgjorde eigeninntektene heile 86 prosent. For kvar offentlege krone som blei sett inn i desse nynorske tiltaka. skapte dei altså sju kroner sjølve. Oversynet for 1996 er ikkje ført vidare.

Nynorsk faktabok 2005 dokumenterte derimot statstilskota til dei nasjonale nynorsktiltaka. Denne dokumentasjonen er ført vidare (tabell 19.4.1, 19.4.2 og 19.4.3). Grunnlaget for desse tabellane er dei institusjonane som er med i Nynorsk Forum, supplert med viktige regionale institusjonar. Statlege støtteordningar som blir forvalta av til dømes Kulturrådet, er ikkje rekna med, heller ikkje ad hoc-tiltak. Desse utgjer likevel for små summar til at dei skiplar tendensen i dokumentasjonen.

Summen av løyvingane er rekna i prosent av den årlege ramma for Kulturdepartementet. I kulturmeldinga frå 2003 gjekk regjeringa Bondevik II inn for ei systematisk styrking av nynorsk skriftkultur fram mot 200-årsjubileet for Ivar Aasen i 2013. For å få til dette var det aktuelt å bruke positiv favorisering av nynorsktiltak. Eit breitt fleirtal i Stortinget slutta seg til dette våren 2004. Resultatet blei det motsette. Over tid satsa skiftande regjeringar mindre på nynorsktiltak enn den samla auken i kulturbudsjetta skulle tilseie. Kulturløft I og II frå regjeringa Stoltenberg II hadde altså ingen definert nynorskprofil.

Den førte enkle studien av profesjonaliseringa av nynorskmiljøet blei presentert i årstale nr. 3 om tilstanden for nynorsk skriftkultur i 2003. Det året arbeidde det nesten 370 personar i 18 nasjonale og regionale nynorskinstitusjonar som var med i Nynorsk Forum, og desse utførte 334 årsverk. Kunst- og kulturinstitusjonane stod for to av tre årsverk, og seks av ti tilsette var jamvel under same taket, i Det Norske Teatret. Den nest største gruppa var publisistiske verksemder med 17 prosent av årsverka og forskingsinstitusjonar med sju prosent. Mindre enn to prosent av alle årsverka var å finne i barne- og ungdomstiltak.

Undersøkinga frå 2003 blei gjennomført på nytt i 2015 (tabell 19.4.5). No var 21 institusjonar og organisasjonar i drift, og det samla talet på årsverk var nesten uendra – 329 mot 334 i 2003. No stod kunst- og kulturinstitusjonane for tre av fire årsverk, og som i 2003 arbeidde vel seks av ti ved Det Norske Teatret. Den publisistiske verksemda femnde om fleire tiltak, men stod for færre årsverk enn i 2003, mest fordi Det Norske Samlaget i 2012 måtte selje skulebokavdelinga. Forskingsverksemda var redusert til fire prosent av di Norsk Ordbok 2014 var under avvikling i 2015, medan Nynorsksenteret hadde kome til.

Verksemda skil seg mykje frå institusjon til institusjon, og eit skilje mellom kulturfaglege og driftsfaglege stillingar passar ikkje like godt for alle. 83 prosent av alle årsverka var innanfor det kulturfaglege, 17 prosent var driftsfagleg arbeid i ei vid tyding av det ordet. Det Norske Teatret var framleis den store institusjonen med 69 prosent av alle årsverka, relativt større enn før, for i 2003 blei 64 prosent av årsverka utførte ved den institusjonen.

 

Tema: skriftkulturens fellesskap

For bokmål finst ingen allmenn, brei organisasjon. Både riksmåls- og nynorskmiljøet blei tidleg organisert, men det skjedde på to heilt ulike måtar.

Der var ei regional kraft i utviklinga av ein nynorsk skriftkultur (sjå kapittel 4), medan der var ei sosial kraft i riksmålsmiljøet. Vel er det så at dei første nynorskinstitusjonane blei forma i Oslo og Bergen, men frå 1870-åra dukka det opp ungdomslag og mållag mange stader i landet.

Då landsorganisasjonen Noregs Ungdomslag blei stifta i 1896, var der difor eit solid lokalt fundament med 8000 medlemer i 96 fylkeslag og ungdomslag. Desse laga hadde alt gjennomført 42 ungdomslagsstemne med til saman 46 000 deltakarar.²⁴⁹

Slik var det også for Noregs Mållag. 122 fylkeslag og lokale mållag med minst 3000 medlemer var alt skipa då Noregs Mållag tok form i 1906.²⁵⁰ Riksmålsforbundet blei derimot skipa i 1907, mest som ein protestorganisasjon mot at alle artianarar skulle kunne skrive både nynorsk og bokmål, og med eit minimum av lokallag som utgangspunkt

Felles for desse organisasjonane og mange andre var derimot at dei forma skriftkulturelle fellesskapar. Di lenger ein organisasjon har vore i drift, di større blir eigentyngda, og di mindre aktuelt er det å avvikle den fellesskapen som er skapt.

Slike fellesskapar formar felles forståingsmåtar og gir handlekraft. Riksmålsmiljøet viste sterk organisering då dei store aksjonane mot samnorsk blei gjennomførte i 1950-åra. Målfolk gjorde det same då dei tidleg på 1900-talet utvikla ei finansieringsform for nye, eigne føretak i eit samfunn der inga offentleg støtte enno var å få. Kvar på sin måte blei difor slike språkorganisasjonar viktige føresetnader for den styrken både bokmål og nynorsk fekk som skriftspråk i eit globalt perspektiv.

Var esperanto berre blitt verande eit individuelt planspråk, ville historia om det språket vore avslutta for lenge sidan. Gjennom organisasjonar og institusjonar blei språket faktisk teke i bruk, ikkje noko anna språk er det laga så mange museum for som esperanto, og dette språkmiljøet er det einaste som lagar internasjonale språkfestivalar som både skal tene til å styrkje esperanto og fremje kjennskapen til andre språk.

Når emnet i det språkpolitiske ordskiftet er norsk språk, blir det snakka om norsk, riksmål, nynorsk og dialekt. Namnet på det mest brukte språket i Noreg blir sjeldan brukt i slike høve (sjå kapittel 3.1). På same måten har det knapt nokon gong vore diskutert offentleg ein strategi for bruk og vern av bokmål, og særleg ikkje i lys av seinare tiårs språkpolitiske vending i retning av mangfald. Eit prinsipielt standpunkt formulerte filosofen og samfunnsdebattanten Helge Ytrehus kring 1960 i eit foredrag i Stavanger Mållag. Det han kalla den etiske kjernen i den norske språkstriden var «ein strid for frigjering av eit norsk språkgrunnlag som lever inni oss alle den dag i dag».²⁵¹ Dette gjaldt for han like mykje bokmåls- som nynorskbrukarane, men han sette grensa ved riksmål. Riksmålsbevegelsen strir mot ein individuell menneskeleg frigjeringsprosess, sa Ytrehus.

Eit halvt hundre år seinare såg ein annan filosof, Gunnar Skirbekk, den norske tospråksituasjonen som ein del av moderniseringa av Noreg, ein kamp om kulturelt hegemoni og som ei anerkjenning av den andre – det siste som ein utilsikta konsekvens av ein læringsprosess som hadde ført fram til «ein viss grad av kulturell toleranse».²⁵² I Noreg har språk lenge handla om meir enn rettskriving, ja, om meir enn språk.

«Sprogsituationen i Norge har fremmet et dynamisk sprogsyn: Sprog opfattes som et menneskeligt udtryk, der nok overleveres, men også kan formes og reguleres», skreiv den danske språkforskaren Jørn Lund i 1996.²⁵³ Det har ikkje minst språkorganisasjonane sin del av æra for.

 

Perspektiv: mange og små institusjonar

Når ein organisasjon eller institusjon er stor nok, utgjer dei ein kritisk masse som er i stand til å stå imot ymse former for press og endringar i rammevilkåra. Fleire av norskdomstiltaka ligg i 2009 under nivået for slik kritisk masse. Når den kritiske massen er der, syter sjølvforsterkande og dynamiske mekanismar for vidare utvikling og vekst. Det som ligg under nivået for kritisk masse, risikerer å ende i stagnasjon.

For å fremje bokmål var der i 2015 ingen slagkraftig organisasjon med eit breitt rekrutteringsgrunnlag og mange medlemer. Riksmålsforbundet har lita politisk fornyande kraft og manglar det lokale nettverket til Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag. Dette er eit av fleire uttrykk for den prisen det krev å vere den største språkbrukargruppa. Når forholdet bokmål–nynorsk er 85–15, blir det heller ikkje noko behov for ein slik organisasjon. I England har ein i mange år arbeidd for å etablere eit museum for engelsk, men det er fleire grunnar enn finansieringsvanskar til at dette prosjektet enno ikkje er realisert. Ein vil heller ikkje finne noko museum for tysk, fransk eller spansk.

Eit slikt museum finst det for nynorsk, og for nynorsk er der mange organisasjonar. Frå 1990-åra kom det til ei rekkje nye nynorskinstitusjonar. Felles for dei alle er at dei er ganske små på kvar sine område.

Størst i kroner og medarbeidarar er Det Norske Teatret, og dette er den einaste nynorskinstitusjonen som også er stor i sin eigen bransje. Nest størst er Det Norske Samlaget. Alle dei andre nynorskinstitusjonane er små. Med sine 18 fast tilsette i 2015 var Nynorsk kultursentrum det største litterære museet i Noreg og det einaste språkmuseet i Norden, men blant norske museum var det ein liten institusjon.

Noko av dette blir kompensert gjennom tett samarbeid mellom institusjonane, ikkje minst gjennom samarbeidsorganet Nynorsk Forum. Det organet blei skipa i 197, og på desse 20 åra har det vore minimalt med motsetnader i nynorskmiljøet utover det som alltid vil og bør vere av sakleg usemje. Den grunnleggjande føresetnaden har vore samarbeid ut frå største sams mål og ein reell vetorett for kvar medlemsinstitusjon. Dette har lite å seie for publikum, men i det allmenne politiske arbeidet har det vore viktig.

Tilsvarande institusjonar finst i liten grad for bokmål anna enn Nationaltheatret som ein parallell til Det Norske Teatret. Til gjengjeld er dei fleste kulturinstitusjonane jamt over i praksis institusjonar som helst ser berre den eine sida av den språkdelte norske skriftkulturen.

 

Publisert 14.10.2015

Sist oppdatert 22.9.2015

 

²⁴⁶ 
Noregs Mållag: Årsmelding 2003–2004 og Årsmelding 2013–2014, nm.no, lesedato 9.8.2015.
  Så lenge der er språk, kjem det år. Årsrapport 2011–2014 for Språkåret 2013, Ørsta 2014, s. 36. 
Noregs Mållag: Årsmelding 2003–2004 og Årsmelding 2013–2014, nm.no, lesedato 9.8.2015. 
²⁴⁷ Så lenge der er språk, kjem det år. Årsrapport 2011–2014 for Språkåret 2013, Ørsta 2014, s. 36. 
²⁴⁸ Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 1998, Oslo 1998, tabell 60. ²⁴⁹ Sven Moren og Edvard Os: Den frilynde ungdomsrøresla, Oslo 1921, s. 386, og Werner Steinsland: Den frisinna ungdomsrørsla til skiping av Noregs Ungdomslag, hovudoppgåve, Universitetet i Bergen 1981, s. 54 og 57.
²⁵⁰ Olaf Almenningen: Målstrev og målvokster 1905-1913. Organisering, ideologi og arbeidsoppgåver, hovudoppgåve, Universitetet i  Oslo 1984, s. 13–15.  
²⁵¹ Helge Ytrehus: Vår nasjonale målstrid, [Stavanger] u.å., s. 3. ²⁵² Gunnar Skirbekk: Norsk og moderne, Oslo 2010, 39.
²⁵³ Jørn Lund: «Aasen set fra Danmark», Språknytt nr. 1 1996, s. 16. 
    Artikkellesar