18 Kunst og brukskunst

Scenekunst, film og musikk er alle viktige delar av ein skriftkultur. For bokmål har alle tre vore viktige, for nynorsk mest scenekunst og musikk.

18  Kunst og brukskunst
Figur 18.1 Finalesongar i Melodi Grand Prix 1960–2014. Absolutte tal

Det Norske Teatret blei opna i 1913 for å fremje scenekunst på nynorsk og dialekt. Til og med 2014 hadde teatret hatt premiere på nærmare 1200 oppsetjingar og gjennomført nær 53 000 framsyningar. Gjestetal ligg føre frå og med 1960, og teatret hadde ved utgangen av 2014 spelt for meir enn 9,9 millionar menneske. Dei nynorske regionteatera Sogn og Fjordane Teater og Hordaland Teater hadde då spelt 15 000 framsyningar for nær 1,7 millionar gjester.

Nationaltheatret og Det Norske Teatret har vore jamstilte nasjonale scener sidan 1990-åra. I 1990 hadde Nationaltheatret mange fleire gjester enn Det Norske Teatret, men statstilskotet var om lag like stort. I 2014 hadde Det Norske Teatret mange fleire gjester, men mykje lågare statstilskot.

Frå den første norske filmen i 1907 og ut 2014 hadde nær 1000 norske kinofilmar hatt premiere. Komplette gjestetal ligg føre frå og med 1967. Til og med 2014 hadde norske filmar hatt ein marknadsdel på 18 prosent av alle kinogjester, og etter dårlege tider på 1990-talet auka norsk film med 2,7 millionar gjester marknadsdelen sin til 25 prosent i 2014. Frå 1990-åra blei også språktonen mykje ledigare i norske filmar.

Mellom 1960 og 2015 blei over 500 songar framførte i dei norske finalane i Melodi Grand Prix. Lenge dominerte songar på bokmål heilt, men frå slutten av 1990-åra tok engelsk over på kostnad av bokmål. I det same tidsrommet auka interessa hos norske artistar for å syngje på norsk, og fleire gjorde noko med det.

 

18.1 Scenekunst
18.2 Film
18.3 Musikk
18.4 Brukskunst
18.9 Historisk statistikk
Tema: scener for språk
Perspektiv: norsk på norsk

Last ned heile teksten i pdf her

 

18.1 Scenekunst

Nationaltheatret var den dominerande teaterscena utover på 1900-talet, men frå 1990-åra har Det Norske Teatret vore formelt jamstilt med Nationaltheatret og i gjestetal blitt ein større institusjon.

Gjennom arbeidet med statistisk dokumentasjon av nynorsk skriftkultur er truleg Det Norske Teatret det best kartlagde teatret i Noreg, saman med omfattande historiske framstillingar kvart 25. år. Tal for produksjonar og framsyningar ligg føre frå og med premiereåret 1913, tala for selde billettar frå og med 1960 (tabell 18.1.1).

I åra 1960–2014 gjesta over 9,9 millionar menneske Det Norske Teatret. Enno er 1968 rekordåret med over 236 000 gjester, og der var ein ny topp kring 1990 og frå 2012. Den viktigaste forklaringa på toppåret 1968 er Spelemann på taket (tabell 18.1.2). Stykket hadde premiere dette året og blei til saman vist heile 335 gonger. Av dei mange produksjonane på Det Norske teatret frå og med opningsåret 1913 hadde 29 oppsetjingar vore spelte minst 150 gonger ved utgangen av 2014. 16 av desse var spelte meir enn 200 gonger. Fire av oppsetjingane hadde premiere etter tusenårsskiftet. Slik speglar denne dokumentasjonen eit viktig endringstrekk i norsk teaterbransje: Fleire produksjonar blir viste færre gonger, og framsyning nr. 150 er blitt eit klenodium. Dei nyaste stykket i denne adelskalenderen er Abrahams barn frå 2011, spelt 248 gonger på fire år og likevel ikkje utspelt.

Til og med 2014 hadde teatret hatt 1165 premierar med til saman nær 53 000 framsyningar; det spelte framsyning nr. 50 000 i jubileumsåret 2013. Premiere nr. 1000 blei gjennomført i 2006. Ordna etter tiår hadde teatret flest premierar i tiåret 1980–1989. Etter ein topp på 136 premierar det tiåret har teatret seinare hatt kring 130 premierar kvart tiår, med mange fleire i året enn før under teatersjef Erik Ulfsby. Då gjekk teatret over til å spele i repertoar og dermed veksla ein mellom mange ulike produksjonar innanfor eit ganske kort tidsrom.

Scenekunsten var i lange tidsrom på 1900-talet ein dominerande rekrutteringsarena for nye nynorske forfattarar (sjå kapittel 16.4). Lenge var amatørteater i regi av ungdomslag og andre frivillige kulturmiljø dei viktigaste scenekunstskaparane i Sogn og Fjordane. I andre halvdel av 1900-talet kom Riksteatret, og Fjernsynsteatret blei eit nytt tilbod. Den som ville ha meir, måtte til byar som Bergen og Oslo. Difor hadde det mykje å seie at regionteatret Sogn og Fjordane Teater opna i 1977 (tabell 18.1.3). Til og med 2014 har teatret hatt nær 840 000 gjester på meir enn 7500 framsyningar. Teatret sette opp framsyning nr. 5000 i 2001 og selde billett nr. 500 000 i 1997. Desse høge tala rommar mange års røynsle med scenekunst på nynorsk, og teatret har markert seg med solid språkrøkt i arbeidet med oppsetjingane.

Eit stykke på veg kan teatret jamførast med den yngste nynorske teaterscena, Hordaland Teater i Bergen. Dette teatret har etter kvart spesialisert seg på barneframsyningar. Frå og med den første premieren i 1988 hadde teatret til og med 2014 hatt vel 840 000 gjester på nær 7500 framsyningar. Hordaland Teater spelte framsyning nr. 5000 i 2004 og hatt gjest nr. 500 000 i 2003.

Det vil seie at desse to regionteatera var blitt om lag jamstore kulturinstitusjonar. Frå 2012 utvikla desse to teatera saman med Det Norske Teatret eit systematisk samarbeid i form av gjesteturnear og fellesproduksjonar.

Noreg har to nasjonalteater – Nationaltheatret og Det Norske Teatret. Nationaltheatret opna i 1899 og har til tider hatt andre rammevilkår enn Det Norske Teatret. I statsbudsjettet blei dei to teatera økonomisk jamstilte frå 1987, men rammevilkåra for dei to institusjonane utvikla seg likevel ulikt (tabell 18.1.5). I 1990 var løyvinga til Nationaltheatret 4,1 millionar og 10 prosent høgare enn løyvinga til Det Norske Teatret. Denne avstanden hadde i 2013 auka til 19,1 millionar og 12 prosent. Gjestetala gjekk derimot andre vegen. I 1990 hadde Nationaltheatret 40 prosent fleire gjester enn Det Norske Teatret, som i 2013 hadde eit par tusen fleire gjester enn Nationaltheatret.

Opera Nordfjord spelte si første framsyning i998 og hadde ved utgangen av 2014 hatt 75 000 gjester på meir enn 200 framsyningar (tabell 18.1.6). Det er store tal for ein liten institusjon. Samla inntekter låg utover på 2010-talet stabilt kring sju–åtte millionar. Av dette utgjorde marknadsinntektene om lag 30 prosent.

 

18.2 Film

Spelefilmen, kinofilmen, er truleg det massemediet som bruker minst nynorsk, trass i den sterke posisjonen til nynorsk dramatikk frå scena. Derimot har bruken av dialekt auka også i spelefilmane.

Til og med 2014 hadde nær 1000 norske kinofilmar hatt premiere (tabell 18.2.1). Fram til 1950-åra hadde gjerne fire–fem kinofilmar premiere kvart år. Frå då av kom dobbelt så mange nye filmar kvart år, og frå tusenårsskiftet har 20 eller feire filmar hatt premiere kvart år. Parallelt med auken i filmproduksjonar endra også talemålet i filmane seg.

Utgangspunktet var statisk. Der var knapt meir enn tre talemål i norsk film i 1960- og 1970-åra, alle bymål: Oslo vestkant, Oslo austkant, bergensk. Gigantsuksessen Flåklypa Grand Prix frå 1975 var eit av få unntak med sin bruk av nordøsterdalsk. I 2015 hadde 5,5 millionar sett den filmen.²³⁸

Frå 1990-åra fekk mange norske filmar ein ledigare språktone og opningar for meir dialektbruk. Dette blir ikkje fanga opp i lista. Reklamemakaren Kjetil Try har kalla filmen Mongoland av Kristoffer Joner frå 2001 eit språkleg vendepunkt i populærkulturen.²³⁹ Det er eit godt poeng. Dialekt hadde vore brukt før i spelefilmar, og ikkje minst sosiolektar som plasserte rollefigurar sosialt. No blei dialekt brukt gjennomgåande i ei rekkje filmar.

Der var fleire openberre årsaker til denne endringa. Det blei teknisk enklare og billigare å lage film, slik at mindre produksjonsmiljø kunne gjere det same som dei få store produsentane ein gong hadde vore så åleine om i svære filmstudio på Jar i Bærum. Filmfaget kunne studerast ved fleire lærestader, og dette styrkte framveksten av mange yngre produksjonsmiljø. På desse stadene var dialekt blitt jamt meir allment brukt, og det blei kunstig å isolere filmmediet frå denne kvardagen.

Svært få kinofilmar er blitt laga med tale på anna språk enn norsk, og kinofilmen er med sin status og sine mange sjåarar eit sterkt område for norsk språk – men ikkje for alt av norsk språk. Nynorsk faktabok 2005 inneheldt ei liste over 20 spelefilmar med nynorsk bakgrunn i form av førelegg eller originalmanuskript (tabell 18.2.2). Norsk filminstitutt har gitt gode grunnar for å presisere lista slik at den er konsentrert om norske filmar som har eit fundament i nynorsk litteratur. Berre eit fåtal av desse hadde også nynorsk tale. I tida 1996–2014 blei berre fire kinofilmar laga med nynorsk bakgrunn. I det tidsrommet auka derimot bruken av dialekt sterkt.

Det finst ein del eldre gjestetal for kinoar. Frå og med 1967 er publikum på norske filmar skilde ut (tabell 18.2.3). I 1960-åra kunne norske kinoar selje over 20 millionar bilettar i året. Toppåret for norske filmar var 1975 med over 3,8 millionar gjester, som utgjorde 21 prosent av kinopublikummet det året. På denne marknaden slår publikumssuksessane uvanleg sterkt ut, og dei fleste åra stod likevel norske filmar for mindre enn 10 prosent av billettsalet. Med videospelarane på 1980-talet fall gjestetalet i 1992 for første gong under 10 millionar. På 2000-talet stabiliserte gjestetalet seg mellom 11 og 12 millionar, og marknadsdelen for norske filmar steig mot 20 prosent og forbi. I 2014 selde norske kinoar 11,1 millionar billettar, av dette 2,7 millionar eller 24 prosent til norske fimar.

Det sterkt eittspråklege statsselskapet Norsk Film blei lagt ned i 2001. Frå 2011 blir alle kinofilmar teksta, men på bokmål.²⁴⁰

NRK tv har vore ein av dei store kanalane for film på tv, både spelefilm og dramaseriar. Dette tilbodet har auka dei siste åra, men enno i 2010 utgjorde norsk drama berre tre prosent av sendetida for drama (tabell 18.2.4). I 2014 viste NRK 124 norske filmar, mot 72 i 2009, og 68 svenske eller danske, mot 28 i 2009 (tabell 18.2.5). Det var likevel ikkje-skandinavisk film som dominerte, meir og meir. 497 slike filmar blei viste i 2009, og i 2014 heile 974. I dette tidsrommet auka den samla sendeflata noko, men ikkje så mykje at det forklarer auken.

 

18.3 Musikk

Det går ganske greitt å dokumentere bruken av norske språk i bøker, presse, radio og tv. Musikkfeltet er det verre med.

Songkonkurransen Eurovision, som på folkemunne i Noreg framleis heiter Melodi Grand Prix, kan vere ein interessant indikator for utviklinga fordi rammevilkåra er stabile og arrangementet no dekkjer meir enn 50 år. For første gong er språk i alle norske finalesongar identifisert. Mellom 1960 og 2014 blei over 500 songar framførte i dei norske finalane (tabell 18.3.1). Berre to prosent av desse var på nynorsk og fire prosent på dialekt; fem av ti songar var på bokmål, fire av ti på engelsk. Skiftande regelverk for språk i songane førte til eit kraftig tap for bokmål til engelsk frå slutten av 1990-åra. Frå då av blei godt over 200 songar framførte på engelsk og berre 13 på bokmål. Den same anglofiseringa gjorde seg gjeldande i dei internasjonale finalane (sjå kapittel 2.4).

Denne utviklinga gjekk på tvers av det som prega musikkbransjen elles. I 1966 kom det ut om lag 200 norskteksta plater i Noreg, og 10 prosent av desse var på nynorsk.²⁴¹ Ein seinare og meir påliteleg statistikk frå NRK Platearkivet dekkjer tidsrommet 1987–2004 (tabell 18.3.2). Der viser det seg at kvart tredje lydspor var på nynorsk eller dialekt kring 2000.

Nasjonalbiblioteket merkar ikkje lydfestingar med språk i sine nasjonalbibliografiske data, men NRK Platearkivet språkfesta altså kvart einaste spor i lang tid frå 1987. Dette er den delen av kulturlivet der den nynorske skriftkulturen er mest avhengig av marknadsøkonomien. Då er det interessant at nynorsk og dialekt var så mykje brukt.

Tala fortel også at dialektane blir mykje meir brukte i lydfestingar enn i radio og fjernsyn. Når vi reknar med dialektane, er den nynorske songtradisjonen så rotfesta at nynorsken gjer seg meir gjeldande på plate og cd enn i bokform. I seinare år har det kome mange lydbøker med prosa, men den språklege tendensen er interessant i lys av det faktum at nynorsk lenge har vore eit dominerande språk i norsk lyrikk (sjå kapittel 16.4). Utover på 2000-talet var der ein tydeleg tendens til at fleire norske artistar, både etablerte og nye, song på norsk. Under bransjetreffet Bylarm i 2014 song 26 prosent av artistane på norsk, mot vel 3 prosent i 2007, skriv songdiktaren Idar Lind.²⁴²

Melodi Grand Prix blei verande det store og jamt meir stovereine unntaket.

809 musikarar som alle er medlemer i GramArt, blei i 2009 spurde om eigen språkpraksis – og om eigne haldningar (sjå kapittel 5.9). 64 prosent song mest på eller berre på engelsk, og ikkje meir enn 16 prosent song berre på norsk (tabell 18.3.3). 38 prosent song heilt eller delvis på norsk. Menn song meir på norsk enn kvinner, fleire eldre enn unge song berre på norsk, men til skilnad frå mange andre undersøkingar der Oslo ligg lågt på dialektskalaen og Nord-Noreg høgt, var det i dette tilfellet fleire oslofolk enn nordlendingar som song heilt eller delvis på norsk.

Av dei som song mest eller berre på norsk, brukte 60 prosent bokmål, 54 prosent dialekt og 19 prosent nynorsk (tabell 18.3.4). Det vil seie at nynorsk er meir brukt i den marknadsavhengige songlyrikken enn i aviser og bøker med offentleg støtte som rammevilkår. Menn søkte mot dialekt, kvinner mot bokmål, der var liten skilnad mellom unge og eldre, og bokmål var like mykje brukt i Oslo som dialekt i vest og nord. Nynorskbrukarar var det flest av på Vestlandet.

72 prosent av musikarane svara at dei ikkje hadde skifta språk i karrieren (tabell 18.3.5). Det var dobbelt så mange som hadde skifta frå engelsk til norsk (20 prosent) som frå norsk til engelsk (10 prosent). Språkskiftarane gjorde seg mest gjeldande blant 40-åringane, dei etablerte artistane, og meir i vest og nord enn i Oslo. Hovudtendensen var likevel at det språket ein artist tek til med, blir hovudspråket til artisten karrieren gjennom.

 

18.4 Brukskunst

Noko av den brukskunsten som mest umerkande glir inn i kvardagen, er pengesetlar og frimerke. Noregs Bank har jamstilt nynorsk og bokmål frå slutten av 1900-talet, og Posten gir kvart år ut ein viss del frimerke på nynorsk.

Frå og med 1951 til og med 2014 hadde Posten gitt ut 223 frimerke med nynorsk tekst og 30 tospråklege frimerke (tabell 18.4.1). Desse var utgitt i eit samla opplag på 1 675 000 000 eksemplar. Dette har gjort sitt til at den nynorske skriftkulturen blir kvardagsleg og meir sjølvsagd. Posten var likevel seint ute: Det er først frå 1981 at Posten systematisk laga nynorske frimerke kvart år (tabell 18.4.2). Med dei digitale kommunikasjonsformene har bruken av frimerke gått ned, men enno i 2013 kunne opplaga vere store for andre merke enn julefrimerka. Posten gav ut to frimerke til Språkåret 2013 og trykte kvart av dei i 5,1 millionar eksemplar.

Rekordopplaga ligg på eit heilt anna nivå. I 1982 gav Posten ut eit nytt merke i serien «Norske folkemusikkinstrument». Munnharpa var motivet for frimerket med verdi kr 15,00. Dette var trykt i 30,7 millionar eksemplar. Korkje før eller seinare har eit nynorsk frimerke vore spreidd i større opplag, men i 1987 gav Posten ut to tospråklege merke i serien «Ornament». Det eine av dei hadde verdien kr 2,70 og blei trykt i heile 137 millionar eksemplar.

Frå og med våren 1997 gjekk Posten over til eineformene NOREG eller NORGE på frimerka sine. Jamt mindre korrespondanse på papir gjorde frimerka mindre synlege for folk flest utover på 2000-talet. Kor som er utfordrar denne brukskunsten indirekte allmenne oppfatningar om kvar nynorsk høyrer heime. Frimerke om nordlys, ville dyr og norsk tradisjon overraskar ingen, men Posten har også laga nynorske frimerke om arbeidarvern, fyrtårn, mote og astronomi.

Endra betalingsmåtar gjer at også pengesetlane blir mindre brukte enn før. I Noregs Bank er det nynorske innslaget endå nyare enn i Posten. Då Noregs Bank hausten 1985 gav ut ein femtilapp med nynorsk tekst og bilete av A.O. Vinje, blei det leven. I ettertid har det vist seg at dette nok var eit av dei siste tradisjonelle utfalla av motstand mot bruk av nynorsk. Seinare kom ei heil rekkje pengesetlar og ein mynt med nynorsk tekst utan så godt som ein einaste offentleg protest. Berre av femtilappen prenta Noregs Bank 205 millionar eksemplar. I den sjuande utgåva av pengesetlar har Noregs Bank frå og med 1994 konsekvent hatt bokmål på framsida og nynorsk på baksida (tabell 18.4.3).

 

18.9 Historisk statistikk

Nynorske teaterstykke er blitt viste på mange scener, like frå den første framsyninga av stykket I marknaden av Ivar Aasen i 1854. Det blei vist minst 300 originalstykke på nynorsk ved norske teaterscener fram til 1963; omsetjingar ikkje medrekna (tabell 18.9.1). Halvparten av desse stod Det Norske Teatret for.

Slike tal strekar under kor viktige institusjonar med kulturpolitiske forpliktingar er for den nynorske skriftkulturen. Nokon oppdatert statistikk over språk ved norske scener er aldri blitt utarbeidd. Ei oppteljing i 1965 viste at 22 prosent av framsyningane ved teatra var på nynorsk det året: «Reknar vi etter tilskodartalet, vert prosenten høgare.»²⁴³

Frå 1930-åra etablerte Komediateatret seg som ei svært populær teaterscene i Bergen. For første gong blir omfanget av denne verksemda no dokumentert på linje med dei andre teatra (tabell 18.9.2). Teatret spelte den første framsyninga 4. mars 1933, folkekomedien Bertels gjenvordigheter av Torvald Tu. Då den siste framsyninga blei spelt vinteren 1964, hadde teatret stått for 180 produksjonar med til saman meir enn 12 000 framsyningar. På det meste spelte teatret over 600 framsyningar på eitt år. Komediateatret drog tunge vekslar på den scenekunsten Det Norske Teatret hadde utvikla og spelte svært mykje av repertoaret på dialekt, men brukte bokmål administrativt.²⁴⁴

 

Tema: scener for språk

Teaterscena blei tidleg ein viktig arena for striden om det danske språket i Noreg burde fornorskast eller ikkje, og korleis det burde gjerast. Ulike teater førte ulik praksis, og etter kvart kom det til nye institusjonar som hadde eit særleg språkpolitisk føremål. Det tok 20 år å foredle ideen om eit nynorsk teater til Det Norske Teatret kunne opne i 1913, og amatørteater blei eit av dei viktigaste kulturpolitiske bidraga frå ungdomslagsrørsla i første halvdel av 1900-talet. Seinare kom scener som Komediateatret i Bergen, Sogn og Fjordane Teater i Førde og Hordaland Teater i Bergen. Komediateatret gjorde dialekt til eit sjølvsagt kunstnarleg uttrykk mange tiår før dialektbølgja rulla inn.

Filmmiljøet brukte nesten 100 år på å kome dit. Filmen var så kulturelt og sosialt omstridd tidleg på 1900-talet at skodespelarar ved Nationaltheatret ikkje fekk ta filmroller. Det opna vegen til kinosalen for mange skodespelarar ved Det Norske Teatret. Det var berre det at dei med få unntak måtte snakke bokmål. Den språkpolitiske sigeren målfolk vann på teaterscenene, tapte dei i kinosalen.

Det var legitimt å bruke særskilde sosiolektar som talemål i filmar og på den måten plassere folk sosialt. Å la dei snakke normert nynorsk eller ulike dialektar var lite aktuelt.

Ei årsak til dette kan ha vore det kommersielle driftsgrunnlaget for film, mot ein teaterbransje som relativt tidleg fekk offentleg støtte. All norsk filmproduksjon var privat eller kommunalt finansiert fram til 1950. Først då kom den første statlege støtteordninga. Medan støtteordningar for litteratur alltid berre har handla om kvalitet, har popularitet vore eit kriterium for offentleg filmstøtte i Noreg.²⁴⁵

Ei anna årsak, som truleg er viktigare, er den sosiale bakgrunnen i filmmiljøet. Teater blei spelt landet rundt på alle slags scener. Film blei produsert i urbane miljø, og lenge nesten berre i eitt miljø, der den kulturelle avstanden til nynorsk skriftkultur var stor.

Slik blei norsk film ei heilt anna språkhistorie enn norsk scenekunst.

 

Perspektiv: norsk på norsk

Ganske mange biletkunstnarar bruker engelske titlar på prosjekt og utstillingar i Noreg. I scenekunsten er derimot norsk nesten einerådande. Språkleg plasserer delar av populærmusikken seg mellom desse to kunstformene.

Så godt som all tradisjonssong i Noreg har vore på dialekt, men ein del av det blei i skriftleg form normert til dansk, seinare til bokmål eller nynorsk. Kombinasjonen av samfunnsendringar og trykketekniske endringar gjorde skillingsvisa til den populære forma på 1800-talet, nesten utan unntak på dansk og dansk-norsk. Det same gjaldt songane i dei endelaust mange syngjespela som blei framførte på teaterscener på 1800-talet. Salmesongen var dansk til M.B. Landstad laga ei ny salmebok i 1869, men det gjekk mange tiår før vi kan seie at kyrkjelydane jamt over song på norsk – nynorsk eller bokmål.

Å dikte på noko anna enn dansk-norsk, bokmål eller nynorsk var knapt aktuelt for ein einaste norsk diktar før 1950-åra. Skiftet kom med den amerikanske populærmusikken. Her var Det Norske Teatret svært tidleg ute med gjendiktingar av populære musikalsongar til nynorsk alt i 1940-åra, men denne scenekunsten vann ikkje alltid fram. Strengt teke var 1950- og 1960-åra den svakaste tida for song på norsk, men det var då Alf Prøysen dikta vidare på dialekt slik nordmenn hadde gjort i hundreåra før. Visesongen blei verande norsk, og ein god del av det som kom utanfrå, blei gjendikta til norsk.

Rock var sjølve opprørsmusikken for etterkrigsgenerasjonen, og jazz blei ei jamt meir populær musikkform, med Moldejazz som den første store festivalen i Noreg i 1960-åra. Begge desse musikkformene blei ei bru for engelsk språk inn i ungdomslivet. Jazzmiljøet tok knapt nokon gong eit oppgjer med dette, men med Åge Aleksandersens trønderrock frå 1975 kom den klare meldinga om at også pop og rock kunne syngjast på norsk i Noreg. Dette skjedde samstundes som målrørsla rulla i gang dialektbølgja. Cover-versjonar av utanlandske slagerar blei på denne tida gjendikta til norsk, som regel til bokmål. Fleire tiår seinare blei rap, som ei av dei mest stadbundne og urbane musikkformene, fornorska nær sagt frå første linje, med større spelerom for dialektar.

«Norsk på norsk» er difor eit uttrykk med ei kort historie.

Økonomisk er mykje av musikkbransjen svært marknadsavhengig. Der er få offentlege støtteordningar, og det offentlege regulerer lite på musikkfeltet og tilsvarande meir på litteraturfeltet. Vanetenking tilseier at nynorsk (og dialekt) er meir brukt i litteraturen enn i musikken. Så enkelt er det ikkje. Mykje tyder på at nynorsk og dialekt har fått eit godt fotfeste iallfall i ein del musikksjangrar.

Spørjeundersøkinga frå 2009 stadfestar at publikum er open for meir av same sorten. Artistane er opne for endring, men musikkinstitusjonen er det i liten grad. Éin norsk tekst og 20 engelske i Melodi Grand Prix 2010 vitnar om kvar vanetenkinga rår grunnen trass i signala frå marknaden. Betre, sett med norske auge, blei det ikkje i åra som følgde.

 

Publisert 13.10.2015

Sist oppdatert 22.9.2015

 

 
  Opplysning frå caprino.no, lesedato 13.8.2015.
  Kjetil Try i Norsk Tidend nr. 3 2008. 
²³⁸ Opplysning frå caprino.no, lesedato 13.8.2015. 
²³⁹ Kjetil Try i Norsk Tidend nr. 3 2008.  
²⁴⁰ Nina Refseth i foredrag på seminar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar på Voss 24.4.2013, eigne notat.
²⁴¹ Berge Furre ofl.: Målreising 1967, Oslo 1967, s. 65.
²⁴² Idar Lind: Vinsjan på kaia, Oslo 2014, s.115.  
²⁴³ Berge Furre ofl.: Målreising 1967, Oslo 1967, s. 64.
²⁴⁴ Kari Gaarder Losnedahl: Komediateatret 1933–1964, Bergen 1996, s. 31.
²⁴⁵ Gjert Kristoffersen ofl.: Norsk i hundre!, Oslo 2005, s. 97. 
    Artikkellesar