17 Kyrkje og religion

Kyrkja er den samfunnsinstitusjonen i Noreg som har den klaraste språkpolitiske praksisen. Nynorsken står relativt sterkare i kyrkja enn i andre delar av samfunnet. Av nærmare 1300 kyrkjesokn i 2015 brukte 385 eller 30 prosent nynorsk liturgi. Forholdet 30–70 mellom nynorsk og bokmål blei etablert alt før 1940 og har endra seg svært lite seinare.

17  Kyrkje og religion
Figur 17.1 Liturgispråk i kyrkjesokn 1910-2015. Absolutte tal

Som nytt skriftspråk blei nynorsk sungen inn i kyrkja gjennom 150 salmar som Elias Blix skreiv frå 1860-åra og ut hundreåret. Frå 1893 var desse med i Landstads salmebok, som då var nesten einerådane i kyrkjelydane, og seinare har aldri mindre en 19 prosent av salmane i salmebøkene vore på nynorsk. Norsk salmebok blei teken i bruk i 2013, og der er fire av ti norske salmar på nynorsk.

Nynorsk salmebok blei godkjend til kyrkjebruk i 1926. Då var alt Blix-salmane innførte i halvparten av sokna. Blix-salmane rydda også vegen for den nynorske liturgien.

Heile Bibelen kom på nynorsk i 1921. Før ei revidert utgåve var ferdig i 1938, var 100 000 eksemplar selde. Bibelselskapet har ført salsstatistikk etter språk like sidan 1899 og hadde ved utgangen av 2014 selt 10,1 millionar biblar og nytestamente. I 2014 selde Bibel-selskapet 59 000 biblar – 85 prosent på bokmål, 15 prosent på nynorsk. Den fordelinga har vore ganske uendra i mange tiår.

På få år har Bibelen kome i to nye omsetjingar. Etter eit arbeid som tok mange år og involverte mange medarbeidarar, gav Bibelselskapet ut nye omsetjingar til nynorsk og bokmål i 2011. Fire år seinare gav Hermon Forlag ut Det nye testamentet på nynorsk som eit einmannsverk utført av Norvald Yri.

 

17.1 Den norske kyrkja
17.2. Bibel og salmebøker
17.9 Historisk statistikk
Tema: myten om hjartespråket
Perspektiv: religiøse kulturmøte

Last ned heile teksten i pdf her

 

17.1 Den norske kyrkja

Den norske kyrkja er truleg den samfunnsformasjonen som mest systematisk og konsekvent praktiserer ein språkdelt kultur. Det har også ført til få endringar i forholdet mellom nynorsk og bokmål gjennom mange tiår.

Bruk av nynorsk i Den norske kyrkja viser heilt andre tendensar enn skulemålet. Om lag 30 prosent av kyrkjesokna brukte nynorsk liturgi i 2015 (tabell 17.1.1). Det var dobbelt så mange som kring 1925 og ein like stor prosentdel som i 1940. Tal frå ei lang rekkje kjelder måtte samlast for å kunne vise utviklinga frå dei første nynorske kyrkjelydane i 1892 og fram til vår tid. Talet på nynorske sokn auka jamt like fram mot 1980, og i prosent har nynorskdelen lege ganske fast dei siste 40 åra. Området frå Sunnhordland til Nordmøre utgjer tyngdepunktet i bruk av nynorsk i kyrkja.

Den språkfordelinga som blei etablert i Den norske kyrkja fram mot 1940, er såleis ført vidare etterpå. I tiåra før var det mange stridar og folkerøystingar (sjå kapittel 6.9). Det var det også i skulen, men dei demokratiske prosessane i kyrkja skapte meir ro enn dei same prosessane gjorde i skulen, og medan bruken av nynorsk raskt blei halvert etter 1950, heldt bruken i kyrkja seg på det same høge nivået.

Både i Stavanger, Bjørgvin og Møre bispedøme utgjorde dei nynorske kyrkjesokna ein større del i 2015 enn i 1996. Dette er det motsette av utviklinga i grunnskulen, men der er bruken av nynorsk individuell, medan den er institusjonell og kollektiv i kyrkja. Dette stadfestar analysen om skilnaden mellom institusjonell og individuell språkbruk (sjå kapittel 3). Mellom 2005 og 2015 var det få endringar i fordelinga mellom nynorsk og bokmål, likeins få organisatoriske endringar. Nokon eigen tabell over nyare røystingar og avgjerder om nynorsk i kyrkja er difor ikkje bygd opp enno.

I 1990-åra blei organisasjonsstrukturen i Den norske kyrkja justert. 1369 sokn i 1996 var i 2015 blitt til 1260. Tilsvarande var 353 nynorske sokn i 1996 blitt til 369 sokn i 2015, spreidde på sju av 11 bispedøme og 11 av 19 fylke (tabell 17.1.2). Prestegjeld er tenestedistriktet til den enkelte presten, og det er ofte fleire sokn i eitt prestegjeld. Ei ny kyrkjelov av 1996 førte til at alle tidlegare kapelldistrikt blei omforma til eigne sokn eller slått saman med andre sokn. Det kan vere fleire kyrkjer i eitt sokn, men språket er som regel det same for alle. Derimot kan enkeltgudstenester ha avvikande liturgispråk (tabell 17.1.3).

Nynorsk faktabok 1998 presenterte det første samla oversynet over kyrkjesokn ordna etter bispedøme, prosti og språk for 1996 (tabell 17.1.4) Tabellen blei vidareført i forenkla form konsentrert om nynorsk i 2005 med tal frå 2004 (tabell 17.1.5). I 2010-utgåva var den komplette forma på plass att (tabell 17.1.6). Denne er ført vidare i oppdatert form for 2015 (tabell 17.1.7). Heile tida hadde minst 29 prosent av kyrkjesokna nynorsk liturgi.

Kyrkjemøtet vedtok i 2011 Strategiplan for samisk kirkeliv som over tid skal utløyse fleire stillingar for både sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk. I kyrkja blir samisk mest brukt i det samiske forvaltningsområdet (sjå kapittel 3). Der var samiske prestestillingar i tre bispedøme – Nord-Hålogaland, Sør-Hålogaland og Nidaros, og i Oslo og Bergen har det vore fleire årlege gudstenester på samisk sidan 1990-åra.

 

17.2. Bibel og salmebøker

Med Kirkesalmebog av M.B. Landstad fekk Kingos Kirke-Psalme-Bog frå 1699, Guldbergs Psalme-Bog frå 1778 og Balle Evangelisk-christelig Psalmebog frå 1798 avløysing i Den norske Kyrkja frå og med 1869. I 25 år var denne salmeboka eittspråkleg, i praksis dansk. Frå og med 1893 blei 150 salmar av Elias Blix tekne med, og desse utgjorde 19 prosent av dei 784 salmane i boka (tabell 17.2.1). I alle seinare fellesspråklege salmebøker har nynorsksalmane utgjort ein større del enn dette.

Som ein parallell til den tospråklege Kirkesalmebog blei også Nynorsk salmebok tospråkleg alt i 1926, året etter at første utgåva låg føre. I den nye utgåva utgjorde bokmålssalmane 22 prosent.

Den neste store salmeboka var Norsk salmebok i 1984. Der var 40 prosent av salmane på nynorsk, 60 prosent på bokmål. I 2008 la ei nemnd i Den norske kyrkja fram forslag til ny salmebok. Av 1147 salmar i framlegget var 376 eller 36 prosent på nynorsk. Dette var noko færre enn i dei to bøkene som kyrkja då brukte – Norsk Salmebok og Salmer 1997. I det endelege utvalet i Norsk salmebok 2013 er det fleire nynorske salmar i absolutte tal enn i noka tidlegare salmebok, og i prosent av norske salmar nær like mykje som i 1984-utgåva.

Det ligg ikkje føre noka brukarundersøking som kan seie noko om den faktiske bruken av salmar på nynorsk og bokmål.

Fire av ti salmar som blir brukte i Den norske kyrkja i dag, er altså på nynorsk. Meir uventa er det at godt over 30 prosent av dei songane og salmane som blir brukte i lekmannsrørsla, er på nynorsk. Sjølv om alle Blix-salmane var godkjende til bruk frå 1892, tok det enno litt tid før den nynorske salmesongen var fullt integrert i kyrkjelivet. At nynorske salmar er så tilgjengelege og mykje brukte, har nok også hatt sitt å seie for den generelle posisjonen for nynorsk i Den norske kyrkja og lekmannsrørsla. Bruken av nynorsk i skule og kyrkje er såleis konsolidert på to vidt ulike nivå.

To private organisasjonar skil seg ut med sine omfattande historiske dokumentasjonar av nynorsk og bokmål. Begge gjeld bøker og skrifter – den eine er Bibelselskapet, det andre er Det Norske Samlaget (sjå kapittel 16.9).

Årleg står biblar og nytestamente på nynorsk for om lag 15 prosent av det samla salet av desse skriftene (tabell 17.2.2). Ein slik samla dokumentasjon blei for første gong lagd fram i Nynorsk faktabok 1998, og er her oppdatert. Det Norske Bibelselskap har ført salstal etter språk for Bibelen og Det nye testamentet like sidan 1899; det var langt frå opplagt at dei skulle gjere det.

Frå og med 1930 hadde Bibelselskapet ved utgangen av 2014 selt 628 000 biblar på nynorsk og bort mot 3,2 millionar på bokmål. Bibelen låg føre i nye omsetjingar til nynorsk og bokmål i 2011. På fire år kjøpte 326 000 desse utgåvene.

For sal av Det nye testamentet er salstala komplette frå og med 1899. Av denne boka hadde Bibelselskapet ved utgangen av 2014 selt 967 000 eksemplar på nynorsk og 6,2 millionar på bokmål. Salet følgjer fordelinga for opplæringsspråk i skulen av di ein god del av salet gjeld konfirmantane.

Historiene om bibelomsetjingar til bokmål og nynorsk er nøye skildra.²³⁰

Etter mange danske utgåver i bruk låg den første, gjennomarbeidde omsetjinga av Det gamle testamentet til bokmål føre i 1891, og Det nye testamentet i 1904. Ei meir fornorska utgåve kom i 1930, og det vil seie at omsetjingane i 1891 og 1904 i røynda var på dansk-norsk.

På nynorsk var Det nye testamentet ferdig i 1889, og heile Bibelen kom på nynorsk i 1921. Eit førsteopplag på heile 50 000 eksemplar var utselt på ti år, og nye 50 000 var selde før ei revidert utgåve kom i 1938. Då overtok Bibelselskapet salet.

Frå slutten av 1980-åra har der vore to språkleg ulike omsetjingar av Bibelen til nynorsk. Ei meir høgnorsk utgåve kom ut i 1988 som svar på den omsetjinga som var gitt ut i 1970-åra. Bibelselskapet gav som nemnt i 2011 ut heilt nye omsetjingar av Bibelen til nynorsk og bokmål, utført av eit stort arbeidskollektiv. Berre fire år seinare gav Hermon Forlag ut eit einmannsverk, ei komplett omsetjing av Det nye testamentet og Salmane ved den tidlegare misjonæren Norvald Yri.

Det nye testamentet blei omsett til nordsamisk alt i 1840 og kom i revidert utgåve i 1874. Heile Bibelen var omsett til nordsamisk i 1895, og i 2015 var arbeidet godt i gang med ei ny komplett omsetjing til nordsamisk etter at Det nye testamentet var ferdig i 1998, då i den nordsamiske rettskrivinga som var blitt fastsett i 1978. Det nye testamentet blei omsett til lulesamisk i 2000, og Markusevangeliet låg føre på sørsamisk i 1993.²³¹

Norsk salmebok 2013 inneheld 15 salmar på kvart av dei tre samiske språka og 15 på kvensk. I 1996 og 2005 kom det ut to samiske salmebøker med til saman 801 salmar, ei lulesamisk salmebok kom ut i 2005 med 232 salmar, og nokre salmar ligg føre på sørsamisk.²³²

 

17.9 Historisk statistikk

I 1998-utgåva blei for første gong den geografiske framveksten av bruken av salmane til Elias Blix dokumentert i statistisk og samla form (tabell 17.9.1). Salmane kom i fire utgåver frå 1869 til 1891 i eit samla opplag på 10 000 eksemplar. Då tok det heilt av. Berre fram til 1898 var dei til saman prenta i 214 000 eksemplar. Tekstane var difor svært godt kjende alt før dei blei allment aksepterte i kyrkja.

Det meste av dette skjedde det første tiåret på 1900-talet. Då Nynorsk salmebok blei godkjend til bruk i kyrkja i 1926, var alt Blix-salmane innførte i halvparten av sokna. Blix-salmane rydda også vegen for den nynorske liturgien. Dei stadene der nynorske salmar blei sungne tidleg i dette hundreåret, utgjer mykje av grunnfjellet for utbreiinga av nynorsk i dag. Unntaket er Nord-Trøndelag, som var tidleg ute med salmesongen, men der nynorsken no står svakt. På den andre sida var Telemark jamt over tidlegare ute med nynorsk i kyrkja enn i skulen.

Det blir arbeidd med å utvikle mest moglege komplette oversyn over folkerøystingane om kyrkjespråk. Inntil vidare er den dokumentasjonen truleg komen lengst for Sogn og Fjordane (tabell 17.9.2). I dette fylket er kyrkja like eittspråkleg nynorsk som den er eittspråkleg bokmål i mange delar av landet. Både for Noreg sett under eitt og for fylket har nok kyrkja vore ei språkleg stabiliserande kraft over lengre tid. Mellom 1892 og 1954 blei det i Sogn og Fjordane halde minst 109 folkerøystingar om Blix-salmane, 87 om liturgi og 87 om Nynorsk Salmebok. Tala kan vere høgare då registreringa ikkje er komplett enno.

Reglane for kyrkjespråket er i all hovudsak dei same i dag som i 1892. Då vedtok Kirkedepartementet at kvart kyrkjesokn gjennom folkerøysting avgjer om liturgien og kyrkjehandlingane skal vere på nynorsk eller bokmål. Presten står i preikene fritt i bruk av dei to språka. Prestegjeld er tenestedistriktet til den enkelte presten, og det er ofte fleire sokn i eitt prestegjeld. Ei ny kyrkjelov av 1996 førte til at alle tidlegare kapelldistrikt blei omforma til eigne sokn eller slått saman med andre sokn. Det kan vere fleire kyrkjer i eitt sokn, men liturgispråket er som regel det same for alle. Derimot kan enkeltgudstenester ha avvikande språk i liturgien.

I 1920-åra blei det etablerte hegemoniet til Landstads salmebok utfordra av Nynorsk Salmebok. Utbreiinga av Landstads gamle utgåve, Landstads reviderte og Nynorsk Salmebok blei kartlagd i 1933 (tabell 17.9.3). Av vel 1000 kyrkjesokn var det 269 som brukte Landstads gamle utgåve, 462 brukte Landstads reviderte og 147 brukte Nynorsk Salmebok. På den tida brukte over 20 prosent av kyrkjesokna nynorsk liturgi (tabell 17.1.1). Den nynorske salmeboka blei brukt i 15 prosent av kyrkjesokna, og det var såleis ingen direkte samanheng mellom salmespråk og liturgispråk.

I 1930- og 1940-åra tok jamt fleire kyrkjesokn i bruk nynorsk liturgi, og frå slutten av 1940-åra var den fordelinga 30–70 mellom nynorsk og bokmål etablert som gjaldt også i 2015 (tabell 17.9.5). Dei fleste sokna var små, og det var difor berre 15 prosent av alle innbyggjarane i landet som hadde nynorsk liturgi kring 1950 (tabell 17.9.4 og 17.9.5). Administrativt hadde kvar tredje kommune eit eller fleire nynorske kyrkjesokn i 1977 (tabell 17.9.6). Slikt har vore med og gjort nynorsk til ei sak for fleire enn nynorskbrukarane.

Der er ein dokumentasjon frå 2004 som viser kor mange som tek del i gudstenester med nynorsk liturgi (tabell 17.9.7). Det året var 1 424 000 nordmenn på gudstenester med nynorsk liturgi. Det var nesten like mange som det samla publikumstalet på 1 458 000 for fotballkampar i eliteserien same året. Kvar femte kyrkjegjengar var med på nynorske gudstenester. Dette var fleire enn salet av nynorske biblar utgjorde i prosent det året. I fylke med svak nynorskpresse, til dømes Oppland og Nord-Trøndelag, blir desse gudstenestene eit viktig kontaktpunkt med det levande ordet på nynorsk.

Kor mange av prestane som faktisk held preikene sine på nynorsk, er heilt ukjent. Det einaste sikre er at det er mange færre enn prosentdelen nynorske kyrkjesokn.

 

Tema: myten om hjartespråket

Eit synspunkt som går att i norsk kulturhistorie, og særleg i den nynorske delen av denne historia, er at det religiøse språket er eit særskilt hjartespråk. Bakgrunnen for denne framstillinga har gjerne vore den vurderinga Ivar Aasen gjorde kring 1850 om at han ville vente med å få Bibelen og liturgien på nynorsk. Det skriftspråket han hadde funne, måtte først bli solid etablert i samfunnet.

I Historia om Ivar Aasen blei det sagt slik:²³³ «Han visste kvar han ville, og at det ville bli strid. Difor ville han dryge lengst råd før ein kristna nynorsken. På det religiøse området rekna han det i 1852 som sikkert at der ville kome motstand, og difor burde ein vente med språklege framstøytar her til Begreberne om Sagen vare bedre opklarede.²³⁴ Det stod om hjartespråket og grunnsterke kjensler om det gudegitte språket som han ikkje ville utfordre for tidleg. Dei religiøse tekstane ville han ta til slutt, da Fordommen er stærkest paa denne Side.»²³⁵

Eg er ikkje så sikker på det lenger. Ivar Aasens forståing av situasjonen kan ingen overprøve, det var slik han såg det, men dermed er det ikkje sagt at dette gjeld allment for arbeidet med å gjere religiøse skrifter tilgjengelege på ulike språk. I tilfellet Noreg var det eit innvandra kolonispråk som blei utfordra, og med det eit sosialt og kulturelt hegemoni. I dei fleste tilfella er truleg Bibelen eller delar av Bibelen blitt omsette til språk som ikkje truga eit slikt hegemoni, eller som har ein annan posisjon i dag enn nynorsk hadde på slutten av 1800-talet. Dei aller fleste omsetjingane av Bibelen har kome på 1800-talet og fram mot andre halvdel av 1900-talet. At desse omsetjingane kom til, kan ha vore eit uttrykk for den store språkpolitiske vendinga i retning av språkleg mangfald, og dei kan sjølve ha vore med og styrkt den tenkinga om mangfald.

Det ser iallfall ut til å vere vanskeleg å dra allmenne slutningar om eit religiøst hjartespråk ut frå Ivar Aasens funderingar for 150 år sidan. Når det kjem til stykket, vekte tanken om å etablere eit nytt skriftspråk meir motstand enn dei faktiske litterære uttrykka for dette språket.

 

Perspektiv: religiøse kulturmøte

For bruken av nynorsk hadde det svært mykje å seie at bibeltekstar og kyrkjetekstar nokså tidleg var tilgjengelege på nynorsk. Systemet med folkerøystingar og lokal avgjerd om liturgispråk førte til at kyrkja ikkje kunne distansere seg frå den språklege røynda utanfor.

Med innvandrarar følgjer nye religionar, eller religionar som no blir utøvde i grannelaget. Det er ein pluss for det kulturelle mangfaldet, men det stiller også integreringspolitikk og mangfaldspolitikk på ein ny prøve. Til no har det vore meir tilslutning til at religiøse minoritetar skal få sine stader å vere enn at språklege minoritetar skal kunne fremje bruken av sine språk.

I Noreg er truleg Koranen den viktigaste nye boka dei siste 50 åra. Førebels ligg den føre berre i ei omsetjing frå arabisk til bokmål av Einar Berg i 1980 (sjå kapittel 1.4). Alt i 1965 hadde Enar Seim fullført ei omsetjing til nynorsk. Tekstgrunnlaget var ei omsetjing av arabisk til svensk av Karl Vilhelm Zetterstéen frå 1917, og John Meadows Rodwells klassiske omsetjing frå arabisk til engelsk av 1861. Seims omsetjing ligg føre som handskrift og er aldri blitt utgitt.²³⁶

For ei vellykka kulturell integrering kan det vere ein nødvendig føresetnad at grunntekstane til dei viktigaste religiøse minoritetane ligg føre på begge dei norske språka. I den grad innvandrarane buset seg meir spreidd enn dei har gjort til no, blir dette særleg nødvendig.

Kristenkonservative miljø reagerte negativt då eg skreiv dette i Språkfakta 2010. Visste eg ikkje at muslimane sjølve heldt seg til den arabiske originalteksten?²³⁷ Var det så enkelt, var det ingen grunn for nokon til å omsetje Koranen til latin på 1100-talet, på eit tidspunkt då latin var på veg nedover bruksstigen. Religiøse skrifter er forkynnande tekstar men dei er også grunnlaget for kulturmøte.

I museumsdelen av det gamle sultanpalasset i Istanbul les imamar høgt frå Koranen døgnet rundt, heile året. Å høyre imamen gjer det klart at han ikkje les, men resiterer, og at verselinjer i Koranen kan vere noko anna enn verselinjer i Bibelen.

Å setje om Bibelen til fleire tusen språk har vore ein del av den misjonsgjerninga som ligg i kristendomen, men det har også vore med på å utvikle lokale språkkulturar og styrkt mange språk. Å omsetje Koranen til språk som mange ikkje-muslimar forstår, får ein annan funksjon og tener til å fremje religiøse kulturmøte ved at ein kan lese det som skrive står.

Omsetjing er blitt kalla det usynlege språket, og omsetjing må til for at religiøse og andre kulturmøte skal bli meir enn overflate. «Sjå ikkje på overflata, men i djupna», sa Hieronymus og sette om heile Bibelen til latin mellom 382 og 405 e.Kr.

 

Publisert 12.10.2015

Sist oppdatert 22.9.2015

 

²³⁰ Dagfinn Rian: Norske bibeloversettelser – sett på bakgrunn av dansk-norsk bibeloversettelsestradisjon», i Bibel og bibeloversettelse, Trondheim 1995, og Jarle Bondevik: Og ordet vart nynorsk. Soga åt den nynorske Bibelen, Bergen 2003.
Strategiplan for samisk kirkeliv, Oslo 2011, s. 72 ff.
  Strategiplan for samisk kirkeliv, Oslo 2011, s. 74 f.

²³¹ Strategiplan for samisk kirkeliv, Oslo 2011, s. 72 ff.  ²³² Strategiplan for samisk kirkeliv, Oslo 2011, s. 74 f.  Ottar Grepstad: Historia om Ivar Aasen, Oslo 2014, s. 209 f.
²³³ Ivar Aasen: «Om det norske Sprog», Skrifter i Samling, III, Kristiania og København 1912, s. 64.  
²³⁴ Ivar Aasen: «Grundtanker til en Afhandling om en norsk Sprogform», skrive 1854, trykt i Maal og Minne 1917, s. 20.
²³⁵ Tove Elise Thue Dale i e-post til forfattaren 23.4.2015.
²³⁶ «Gjør muslimer en bjørnetjeneste», Norge IDAG nr. 8 2010, s. 11. 
    Artikkellesar