15 Presse

Noreg er eit avisland. I 2014 kom det ut 235 aviser. Av desse var 46 formelt redigerte på nynorsk, 20 på begge språka og 167 på bokmål. Meir enn kvar fjerde avis var redigert heilt eller delvis på nynorsk, og slik har det vore i fleire tiår. Ei avis var redigert på samisk, og ei på kvensk og norsk.

15  Presse
Figur 15.1 Offentlege tilskot til aviser 2000–2014. Millionar kroner

I tillegg kom ei rekkje aviser som i praksis brukte begge språka i eige stoff, med Bergens Tidende som den fremste. Kvart år er om lag 10 prosent av alt lesestoff på nynorsk i den avisa. Bokmål prega dei store avisene, og nynorsk var mest brukt i dei små.

Dei tre største avisfylka i 2014 var Hordaland med 28 aviser, Oslo med 21 og Møre og Romsdal med 20. Utover på 2000-talet førte det allmenne fallet i opplag til at Oslo-avisene mista det etablerte hegemoniet sitt, iallfall på papir. Både dei reine nynorskavisene og dei språkblanda avisene auka marknadsdelane sine på 2000-talet og stod for nær 15 prosent av samla opplag i 2014, mot 11 prosent i 1996.

To av tre aviser fekk direkte pressestøtte i 2014. Ordninga med pressestøtte er språkpolitisk blind, men er det viktigaste allmenne tiltaket for norsk skriftkultur. Den direkte pressestøtta var i 2014 på 319 millionar. Til dette kom verdien av fritak for mva på abonnementsaviser, som i 2008 var utrekna til om lag 2,3 milliardar. Nesten halvparten av den direkte støtta gjekk til fem aviser. Resten blei fordelt mellom nærmare 150 aviser, medrekna åtte minoritetsspråklege publikasjonar. I 2014 gjekk om 35 prosent av pressestøtta til nynorskaviser eller språkblanda aviser, mot vel 21 prosent i 2000.

 

15.1 Utgivingar
15.2 Opplag
15.3 Nynorsk og bokmål i aviser
15.4 Nynorskpresse
15.5 Pressestøtte
15.6 Utdanning
15.9 Historisk statistikk
Tema: den nynorske riksavisa
Perspektiv: språkblind pressestøtte

Last ned heile teksten i pdf her

 

15.1 Utgivingar

Avisene var dermed det viktigaste domenet i utviklinga og vedlikehaldet av skriftkulturane i Noreg. Frå 1858 har over 170 aviser vore redigerte på nynorsk, medan noko slikt som 1800 har vore redigerte på bokmål.

235 aviser med eit samla opplag på vel 2,1 millionar eksemplar blei gitt ut i 2014, og då er kommersielle gratisaviser ikkje rekna med. Det kom ut 34 slike aviser i 2012 med eit samla opplag på 1,2 millionar eksemplar.²¹³

167 eller 71 prosent av alle avisene var formelt redigerte på bokmål, 66 (28 prosent) heilt eller delvis på nynorsk, ei avis kom ut på samisk og ei på kvensk og norsk (tabell 15.1.1). Reelt var dei fleste avisene språkblanda. I prinsippet kunne det stå noko på nynorsk i nesten alle avisene som var redigerte på bokmål, og tilsvarande kunne det stå noko på bokmål i alle avisene som var redigerte på nynorsk. Det formelle redaksjonsspråket seier difor ikkje alt om avisene si rolle i den språkdelte norske kulturen.

Alt i 1880 var 119 aviser i drift over heile landet. Berre ei av dei, Fedraheimen, var redigert på landsmål. Det samla talet på aviser har vore ganske stabilt sidan 1930-åra, og det er nynorskavisene som er blitt fleire, frå 35 i 1939 til 66 i 2014. I det same tidsrommet gjekk talet på bokmålsaviser ned frå 251 til 167.

Aviser kjem ut, aviser går inn. Desse nettotala skjuler store utskiftingar. Mellom 1950 og 2014 blei heile 219 nye bokmålsaviser sette i gang (tabell 15.1.2). Flest nye aviser kom til mellom 1970 og 1990. Også innanfor det nynorske var det mange utskiftingar med 77 nye aviser mellom 1950 og 2014.

For kvart tiår blei som regel utvalet av nynorskaviser større. Etter femti år med aviser på landsmål var det enno i 1909 færre enn ti å velje mellom for lesarane. Hundre år etter Vinjes Dølen hadde nynorsk avisutgiving stabilisert seg kring 35 titlar, og med mange nye avistiltak frå 1970-åra utgjorde nynorsk presse kring 60 aviser tidleg på 2000-talet. Dette gav ein geografisk spreidd og nokså mangslungen redaksjonell kompetanse i vidare utvikling av den nynorske skriftkulturen.

Nynorsk faktabok 1998 presenterte det første samla oversynet som har vore laga om norsk presse sortert etter redaksjonsspråk. Dokumentasjonen gjaldt åra 1996 og 1997. Materialet blei oppdatert i Nynorsk faktabok 2005 med data for 2004. No er alt dette korrigert, oppdatert og vesentleg utvida, med komplett informasjon ordna etter fylke og språk.

Dei tre største avisfylka i 2014 var Hordaland med 28, Oslo med 21 og Møre og Romsdal med 20 aviser. Av dei 46 reine nynorskavisene kom 15 ut i Hordaland, 12 i Møre og Romsdal og åtte i Sogn og Fjordane. Nordland var utgivarstad for 19 bokmålsaviser, Oslo 18 og Sør-Trøndelag 14.

Dei avisene som har kome til etter 2000, er små lokalaviser som med svært få unntak blir redigerte på bokmål. ÅmliAvisa blei etablert som ei tospråkleg avis i 2008. Norge IDAG lanserte hausten 2014 Kulturavisa redigert på nynorsk, men denne er eit vedlegg til den ordinære avisa og kan ikkje reknast som noka ny avis.

 

15.2 Opplag

Bokmål pregar dei store avisene, nynorsk pregar dei små. Utover på 2000-talet mista Oslo-avisene det etablerte hegemoniet sitt målt i opplag, men dei største tok det att i digital bruk.

Frå 2005 stupte det samla avisopplaget. I 2014 kom det ut 235 aviser med eit samla opplag på nær 2,2 millionar eksemplar (tabell 15.2.18 og 15.2.19). I 1997 var der nesten like mange aviser, 227, men det samla opplaget var då vel tre millionar eksemplar (tabell 15.2.8). Enno i 2004 var det samla opplaget like stort for dei 230 avisene som då kom ut (tabell 15.2.13). I 2008 var fallet der; på fire år var 200 000 eksemplar blitt borte (tabell 15.2.15). Det skulle bli verre. Alt i 2010 var nye 200 000 eksemplar ute av historia og det samla opplaget redusert til 2,6 millionar (tabell 15.2.16 og 15.2.17).

Nedgangen var mindre for aviser redigerte på nynorsk eller begge språka, fram til 2008. For desse minka opplaget med fire prosent mellom 1997 og 2008. Struktur, ikkje språk, var grunnen til desse skilnadene. Frå 1990 til 2008 auka lokale fådagarsaviser opplaget mest. Konkurransen frå Internett hadde til då hatt mest å seie for dei store avisene enn for dei små, og meir for riksavisene enn for lokalavisene. I tida etter 2008 slo den digitale røynda også inn i dei fleste fådagarsavisene, nynorsk så vel som bokmål.

I takt med denne utviklinga la avisutgivarane meir og meir vekt på lesartal både på papir og i digitale format. Desse opplysningane bygde på visse føresetnader, var meir stipulerte og dermed ikkje så pålitelege som dei notorialstadfesta opplagstala. Vel så viktig er det at den dokumentasjonen som finst, er svært mangelfull. Databasen Medienorge.uib.no har publisert lesartal frå og med 1996 som er henta frå TNS Gallup. For 2014 dekte den dokumentasjonen berre 128 av 235 aviser. Over 100 aviser mangla, og blant dei svært mange nynorskaviser, medan 110 av 167 bokmålsaviser var med. Av dette kan ingen påliteleg og relevant tabell lagast.

Eiga summering av lesartala for 2014 fortel at dei 128 nettavisene hadde 7,4 millionar daglege lesarar. Av dette stod VG og Dagbladet for 3,2 millionar. Dei to osloavisene hadde dermed 43 prosent av dei dokumenterte nettlesarane. Dei to avisene dominerte mykje meir på Internett enn på papir, der dei med eit samla opplag på 212 000 eksemplar stod for ti prosent av avisopplaget. Hadde alle nettavisene vore med, ville dominansen for dei to avisene truleg vore berre litt mindre.²¹⁴

For bokmålsavisene minka opplaget med vel 800 000 eksemplar frå 2,7 millionar i 1997 til 1,9 millionar i 2014. Tre firedelar av denne reduksjonen skriv seg frå lokal- og riksaviser utgitt i Oslo. Resten av nedgangen fordelte seg ganske likt utover landet, men i Nordland var reduksjonen ekstra stor.

I desse tabellane er Bergens Tidende rekna som bokmålsavis. Formelt har avisa vore redigert på nynorsk og bokmål sidan 1976. Då formaliserte avisa ein praksis med at journalistane sjølv valde om dei ville skrive nynorsk eller bokmål. I 1991 blei dette presisert til at bokmål er det normale i Bergens Tidende.²¹⁵ Bokmål har vore så dominerande at det ville gi eit skeivt bilete om ei så stor avis skulle reknast med blant dei språkblanda. I 2014 hadde Bergens Tidende eit netto-opplag på 82 422 eksemplar. Frårekna denne avisa stod bokmålsavisene for 82,5 prosent av samla opplag i 2014, ikkje 85,4 som oppført.

I midten av 1960-åra hadde dei reine nynorskavisene eit samla opplag kring 120 000 eksemplar, men reknemåten i det tilfellet er ukjend og talet må difor skrivast inn i kapitlet for fragmenterte kuriosa.²¹⁶ Eit første oversyn over opplag for nynorskavisene i nyare tid blei publisert i Nynorsk faktabok 1998. Då blei dei reine nynorskavisene trykte i 255 000 eksemplar; i 2014 hadde dei auka til 315 000 eksemplar (tabell 15.2.4).

Dette oversynet er jamleg blitt oppdatert. Opplagstoppen blei nådd i 1992 med 358 000 eksemplar. Skilnadene fylka imellom var ganske stor, alt etter kva som kom til av nye aviser i tidsrommet. Denne utviklinga kan følgjast meir spesifisert på fylkesnivå frå 1996 til 2014 (tabell 15.2.6 og 15.2.7). For kvar einaste avis er utviklinga dokumentert i åra 2003 og 2004 (tabell 15.2.11 og 15.2.12).

Berre éi nynorskavis er riksavis, nokre få er lokale dagsaviser, og dei aller fleste lokale fådagarsaviser. For dei avisene som var redigerte på nynorsk, fall det samla opplaget frå 193 000 eksemplar til 176 000. Nedgangen var mindre for dei språkblanda avisene, frå 145 000 til 139 000 eksemplar. Rekna i prosent av alle norske aviser styrkte derimot nynorskavisene posisjonen. Dei reine nynorskavisene stod for 6,3 prosent av samla opplag i 1996 og auka til 8,1 prosent i 2014, og dei språkblanda avisene auka sin marknadsdel frå 4,9 prosent i 1996 til 6,4 i 2014. Alt i alt var dette ein auke frå 11,2 prosent i 1996 til 14,5 prosent i 2014.

Dei største nynorskavisene i 2000 var også størst i 2014, men rekkjefølgja endra seg noko (tabell 15.2.9 og 15.2.10). Firda var desidert størst i 2000, men avstanden til avis nr. 2 skrumpa kraftig inn, og i 2014 var Dag og Tid på veg til å bli den største nynorskavisa. Det same skjedde for dei språkblanda avisene. Sunnmørsposten var suverent størst tidleg på 2000-talet, men i 2014 hadde avstanden til Vårt Land på 2. plass skrumpa frå nær 9000 eksemplar til vel 3000. I det første tiåret på 2000-talet peika opplagspila oppover for mange av avisene på denne lista, etter det berre for to – Dag og Tid og Klassekampen.

I nynorskpressa er der tre riksdekkjande publikasjonar, skipa mellom 1887 og 1962. Dei er alle store på sine område, men små i marknaden. Norsk Barneblad er det eldste nynorske bladet som framleis kjem ut; det er også eitt av dei eldste barneblada i verda. Syn og Segn er på si side blant dei eldste kulturtidsskrifta i landet, medan Dag og Tid er den einaste landsdekkjande avisa som er redigert på nynorsk.

Dag og Tid hadde frå 1970-åra eit nettoopplag mellom 6500 og 7500 (tabell 15.2.3). Frå og med 2002 auka opplaget kvart år. Det ligg ikkje føre tal for dei første ordinære driftsåra 1964–1969. Den opplagsveksten mange papiraviser fekk til i 1980- og 90-åra, var Dag og Tid ikkje ein del av, men i seinare år har altså avisa auka opplaget jamt og stødig, medan dei fleste avisene då minka opplaga sine. I ein avismarknad prega av store svingingar over tid har Dag og Tid greidd å drive stabilt, men med små marginar.

Mellom 1970 og 2008 heldt Dag og Tid opplaget stabilt. For Syn og Segn og Norsk Barneblad rasa opplaget nedover i det same tidsrommet. Det allmennkulturelle tidsskriftet Syn og Segn gjekk frå 10 100 tingarar i 1970 til om lag 2500 frå midten av 1990-åra (tabell 15.2.2). Der har opplaget stabilisert seg. Syn og Segn er medlemsblad for Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, og dei same tala vil difor finnast i tabell 19.1.1. Etter at Syn og Segn passerte Samtiden ein gong i 1960-åra, heldt det likevel lenge posisjonen som det største allmenne kulturtidsskriftet i landet.

For Norsk Barneblad er tidlegare publiserte oversyn vesentleg utvida og oppdatert i denne utgåva, og er no så påliteleg som det kan bli også for dei første tiåra (tabell 115.2.1). For tidsrommet 1988–2010 ligg det føre to sett av opplysningar. Alt i 1916 hadde bladet passert 10 000 i opplag. Norsk Barneblad hadde eit høgt og stabilt opplagstal i to mannsaldrar, frå om lag 1920 til ut på 1980-talet. Den nedgangen som tok til etter 1980, er først blitt stoppa dei aller siste åra. Opplaget fall frå 11 300 i 1970 til om lag 3000 i 2006, og der har utgivarane no greidd å stabilisere drifta.

Dei store opplaga i nynorsk publisistikk er det julehefta som står for. Det ligg føre systematisk dokumentasjon for åra frå og med 1988 (tabell 15.2.5). Frå og med 2006 er opplagstala erstatta med pålitelege salstal. Opplaget for Smørbukk fall frå 90 000 i 1988 til 53 000 i 2005. For Tuss og Troll var nedturen mindre bratt; frå 65 000 til 40 000. Tilfeldige opplysningar i ymse skrifter peikar i retning av at Smørbukk på det meste har hatt eit bruttoopplag på om lag 100 000 eksemplar. Kring 1920 var Juletre, juleheftet til Norsk Barneblad, oppe i 50 000 eksemplar. Også for dette bladet har fallet vore stort i seinare år.

Storleiken på bruttoopplaga seier ikkje alt. Iallfall i seinare år er om lag halvparten av opplaget blitt selt. Frå 2005 til 2014 auka salet av Smørbukk frå vel 26 000 til over 31 000, medan Tuss og Troll låg stabilt kring 16 000 selde eksemplar.

 

15.3 Nynorsk og bokmål i aviser

Ein del aviser tok til på bokmål og enda i nynorsk. I alt er det registrert språkskifte til nynorsk for 23 aviser mellom 1890 og 2004 (tabell 15.3.1). Berre fire av desse gjorde det etter 1945. Kor mange som har gått andre vegen, er ikkje kartlagt, men frå midten av 1990-åra har også nokre få aviser gått frå å vere nynorskavis til å vere redigert på begge språka eller på bokmål. Trønderbladet gjekk såleis over til bokmål etter at Adresseavisen kjøpte avisa frå Åsmund Snøfugl i 1996.

Det eldste oversynet over fordeling av stoff på nynorsk og bokmål i 15 blad og aviser skriv seg frå åra 1929–1931 (tabell 15.3.2). Bruken av nynorsk strekte seg sjeldan lenger enn til ein–to prosent sjølv i blad som ein ville tru stod den nynorske tradisjonen nær.

Frå første dag i 1930-åra var NRK med og gjorde nynorsk til eit språk for Dagsnytt og aktuelt. Det har dei gjort med så stor kraft og med så høg kvalitet at kommersielle radio- og fjernsynsstasjonar utan nokon systematisk språkpolitikk bruker til dels mykje nynorsk i nyheitssendingane sine. Særleg gjeld dette TV2 og P4. Tendensane er dokumenterte i kapittel 14.

I avisene har aldri nynorsken fått nokon slik posisjon utanfor dei reint nynorskredigerte avisene og i tospråklege aviser. I 1959 stod nynorsken ganske lågt i kurs mange stader. Ei undersøking av avisspråket dette året avdekte ei sterk gettofisering av nynorsken sjølv i aviser som vende seg til lesarane i nynorske kjerneområde (tabell 15.3.5). Dette er den einaste eldre, større granskinga av språk i avisene. Lesarane gav sjølve nynorsken plass ved å bruke språket i mange lesarinnlegg. Avisredaksjonane brukte gjerne nynorsk i bygdenytt, men for innanriksnytt var dei i stor grad avhengige av kva språk Norsk telegrambyrå (NTB) brukte. Då som no var NTB ein bokmålsinstitusjon. Dette viste særleg att i ei undersøking av Sunnmørsposten frå 1992, der det var nesten like mange artiklar frå NTB som det var nynorskartiklar i avisa (15.3.11).

Ei av dei avisene som blei undersøkte i 1959, var Sunnmørsposten. Språkfordelinga i denne avisa blei også undersøkt i 1989 og 1992 (tabell 15.3.9). Frå 29 prosent nynorsk i 1959 gjekk avisa til 23 prosent nynorsk i 1989 og 28 prosent i 1992. Kjeldegrunnlag og metode kan vere grunnen til skilnadene mellom 1989 og 1992.

Avisa har altså halde ein ganske høg nynorskprosent i meir enn 50 år. Inga vestlandsk regionavis har ein større stoffdel på nynorsk enn Sunnmørsposten. I 1992 var 23 prosent av stoffet i avisa på nynorsk (tabell 15.3.11). Jamført med andre språkblanda aviser er det mykje. Jamført med marknadsgrunnlaget er det lite. I 1992 gjekk om lag 30 000 av det samla opplaget på 39 000 til lesarar med nynorsk som opplæringsmål. Derimot var to tredelar av artiklane på bokmål, og tre firedelar av notisane. Sunnmørsposten laga ei avis med 70 prosent bokmål i eit distrikt der berre vel 20 prosent av lesarane hadde hatt bokmål som opplæringsmål. Det mest uventa var tendensen til at bokmål var mindre brukt enn nynorsk i næringslivsstoffet i avisa.

Ei av avisene frå 1959-materialet, Dagen, var også blitt undersøkt i 1931 (tabell 15.3.3). På nær 30 år auka avisa bruken av nynorsk frå 5 prosent til 12 prosent. Også Bergens Arbeiderblad, no Bergensavisen, blei undersøkt desse to åra. I denne avisa auka bruken av nynorsk frå 2,6 prosent nynorsk i 1931 til 8,0 prosent i 1959. For fem region- og riksaviser kan bruken av nynorsk og bokmål i 1959 jamførast med 1980 og 2005 (tabell 15.3.4). Både Nationen og Vårt Land brukte vesentleg meir nynorsk i 2005, men Dagen og Stavanger Aftenblad brukte vesentleg mindre.

Ei meir omfattande kartlegging av bokmålsaviser ligg føre frå 1977 (tabell 15.3.6). Der var det sju aviser som hadde minst 20 prosent av stoffet på nynorsk. Ei av dei var Bergens Tidende, der 29 prosent av stoffet var på nynorsk. Frå og med 1991 førte avisa språkstatistikk for alt redaksjonelt stoff, medrekna lesarbrev. Det er ikkje kjent at noka anna avis gjer det same. Materialet blei for første gong publisert i Nynorsk faktabok 2005 og blei i Språkfakta 2010 oppdatert til og med 2008. Årleg publiserte avisa då godt og vel 40 000 artiklar. Om lag 37 000 av desse var på bokmål, og kring 4000 på nynorsk. Avisa låg i desse åra såleis ganske stabilt kring ni prosent nynorsk. Det var mykje mindre enn i 1977, og mindre enn i 1959, då 13 prosent av stoffet var på nynorsk(tabell 15.3.5). Etter 2008 fall språkmerkinga bort i ein av rasjonaliseringsrundane, og tabellen er dermed avslutta.

Bergens Tidende er storavisa på Vestlandet. I den landsdelen brukte i 2005 21 prosent nynorsk, og 13 prosent skreiv like gjerne nynorsk som bokmål (sjå kapittel 4). Det vil seie at Bergens Tidende bruker mykje mindre nynorsk enn språkvanane hos lesarane skulle tilseie. Då er det kanskje heller ikkje så rart at berre ti prosent av lesarane tidleg på 2000-talet meinte det var for mykje nynorsk i avisa – like mange meinte det var for mykje bokmål.²¹⁷ Sju av ti lesarar meinte i 2013 at nynorsk er viktig for Bergens Tidende, færre enn før reagerer på nynorsk i avisa og fleire forsvarer bruken av nynorsk.²¹⁸

Tendensen er ganske tydeleg: Dei språkdelte avisene bruker om lag like mykje nynorsk no som dei gjorde for fleire tiår sidan. Samstundes er det blitt fleire språkdelte aviser, og dei har styrkt marknadsposisjonen sin. Sjølv om langt færre elevar har nynorsk som opplæringsspråk no enn før, blir det brukt mykje nynorsk i ulike samanhengar. Truleg er dette grunnen til at ei rekkje aviser i dag er redigerte på både nynorsk og bokmål.

I 1970-åra voks kritikken mot dei riksavisene som ønskte å vere redigerte berre på bokmål. Ei spørjeundersøking viste at dei to avisene som brukte ein del nynorsk, Nationen og Vårt Land, hadde fleire nynorskbrukarar blant lesarane sine enn dei andre avisene (tabell 15.3.7). Omrekna til absolutte tal var det likevel VG og Dagbladet som hadde flest nynorskbrukarar blant lesarane sine. Ved å kombinere kjende opplysningar synte tabellen at blant dei 2,2 millionar som las dei seks norske riksavisene i 1977, brukte om lag 130 000 nynorsk. Særleg ekspansjonen til VG i tiåra etterpå gjorde truleg talet for den avisa mykje høgare.

Til pressa høyrer også dei allmenne kulturtidsskrifta. Dei siste tiåra har det kome ut mange slike kulturtidsskrift i Noreg. Denne typen publikasjonar er ustabile, dukkar brått opp og forsvinn gjerne like fort. Ganske få kulturtidsskrift har stabil drift i mange tiår, som Syn og Segn. Ei omfattande undersøking frå 1987 av 49 slike tidsskrift syner at dei språkleg sett skil seg lite ut frå pressa generelt. 12 prosent av bidraga i tidsskrifta var på nynorsk, 6 prosent på svensk eller dansk, og 82 prosent på bokmål.²¹⁹ Liknande undersøkingar finst førebels ikkje for fagpressa eller vekepressa.

I 1977 var 27 nynorskaviser medlemer i Norske Avisers Landsforbund (no Mediebedriftenes Landsforbund). Desse stod for 5,6 prosent av det samla opplaget frå medlemsavisene (tabell 15.3.8). 20 språkblanda aviser med minst 2,5 prosent nynorsk stod for 14,4 prosent av opplaget. Det vil seie at 20 prosent av dei organiserte avisene stod for så godt som heile det samla tilbodet av avisstoff på nynorsk i 1977.

Mot slutten av 1990-åra representerte Norske Avisers Landsforbund vel 60 prosent av det samla nynorskopplaget, mens Landslaget for lokalaviser stod for 60 prosent av avisene som er redigerte på nynorsk (tabell 15.9.15). Dei fleste avisene som er redigerte på begge språka, var og er med i Mediebedriftene. Denne situasjonen viser att ved at Landlaget for lokalaviser lenge var blant dei få privatdrivne nettstadene med ein nynorsk meny. Dokumentasjon ordna etter avisorganisasjon er ikkje ført vidare.

Blant lesarane er meiningane delte om bruk av nynorsk og bokmål i pressa, men den tydelege tendensen er at eit fleirtal ikkje ønskjer meir nynorsk i riksavisene (sjå kapittel 5.4). Her slår mange sosiale og kulturelle konvensjonar inn til fordel for status quo. Sjølv ein del nynorskbrukarar stiller seg på sida av spørsmålet. Noko heilt anna er det at ingen veit om få, nokre, mange i det fleirtalet som ønskjer bokmålsredigerte aviser, ville reagere med kjøpsstopp viss Aftenposten, VG og Dagbladet faktisk blei redigerte som tospråklege aviser, og om nokon fleire då ville kjøpe avisene nettopp fordi dei var blitt språkblanda. Det er også eit faktum at språkblanda aviser, særleg regionavisene, bruker mindre nynorsk enn marknaden skulle tilseie.

 

15.4 Nynorskpresse

Frå den første i 1858 er det til og med 2014 blitt skipa minst 159 nynorske aviser.

Mange tusen bøker var trykte på dansk då dei første nynorskskriftene kom kring 1850, og avislesarane hadde i fleire tår hatt sine norskdanske dagsaviser då A. O. Vinje gav ut første nummeret av Dølen i 1858. Det tok tid før dette eine bladet blei til mange. Då Ivar Aasen døydde i 1896, var det blitt skipa åtte aviser redigerte på landsmål. Frå 1858 til 2014 kom minst 159 slike aviser i gang (tabell 15.4.1). Halvparten av desse, 80 i talet, blei etablerte før 1945, med tiåra 1920–39 som den store tida for landsmålspressa. Over halvparten av alle nynorskavisene før 1945 blei skipa i det intense tiåret.

I 2014 var 65 aviser redigerte på nynorsk eller nynorsk og bokmål. Desse var mykje meir spreidde geografisk no enn for hundre år sidan. Nynorskredigerte aviser kom då ut på meir enn 50 stader i ti fylke, mot utgivingar i tre fylke i 1900. Språkfakta 2010 dokumenterte også kva nynorskaviser som kom ut i 2010 (tabell 15.4.6). Dei fleste nynorskavisene var ganske unge. To tredelar av dei avisene som kom ut i 2014, var skipa i 1970 eller seinare.

1800-talet igjennom var mest alle avisene i vest redigerte og skrivne på dansknorsk. Utover på 1900-talet blei fleire aviser tospråklege, og svært mange er i dag eittspråkleg nynorske – som oftast med ganske låge opplagstal.

Dag og Tid var i 2015 den nynorske riksavisa som har vore lengst i drift. Den 17de Mai heldt det gåande i 42 år mellom 1894 og 1935, men i 2015 var Dag og Tid inne i sin 53. årgang. Journalistisk blei avisa raskt viktig, men økonomisk var vilkåra marginale i fleire tiår etter dei første prøvenummera i 1962. Utover på 2000-talet blei drifta stabil, opplaget voks kvart år, og inntektene auka. Nøkkeltal ligg føre for nesten alle driftsåra (tabell 15.4.2). Med marknadsinntekter på nær 19 millionar i 2014 var det berre Det Norske Teatret (53 millionar) og Det Norske Samlaget (35 millionar) av nynorskinstitusjonane som hadde større marknadsinntekter.

Som språkleg motvekt til NTB har Nynorsk Pressekontor (NPK) spelt ei viktig rolle sidan skipinga i 1969. Eit samla oversyn over verksemda ligg føre frå og med 1972 (tabell 15.4.3). Frå 2007 blei drifta av NPK integrert i NTB, men med eige driftsstyre for NPK. Dette gav nye utvegar for NPK, som produserte nesten tre gonger så mange saker i 2014 som i 2010, medan samla inntekter auka mykje mindre. Den pressa medieøkonomien gjorde at talet på kundar gjekk noko ned i det same tidsrommet, men dei som brukte NPK, fekk altså svært mykje meir å velje mellom.

Syn og Segn har eit forlag å stø seg til. Norsk Barneblad har eit fond frå tidlegare gullår å tære av, så lenge det varer. Desse to institusjonelle og økonomiske ankerfesta har vore nødvendige føresetnader for drifta av blada. Den geografiske spreiinga av Dag og Tid og Syn og Segn i 2004 og 2012 viser at begge publikasjonane har om lag 40 prosent av tingarane sine i Oslo eller Hordaland (tabell 15.4.4).

I 2004 hadde Dag og Tid 48 prosent av tingarane sine på Austlandet og 32 prosent på Vestlandet, medan Syn og Segn hadde 39 prosent på Austlandet og 40 prosent på Vestlandet. Dette endra seg lite til 2012. For begge publikasjonane var altså utbreiinga på Austlandet mykje støre enn bruken av nynorsk i denne landsdelen skulle tilseie; i 2005 brukte mindre enn 4 prosent av innbyggjarane på Austlandet nynorsk (sjå kapittel 4) Det er sannsynleg at både avisa og tidsskriftet har ein del tingarar som til vanleg bruker bokmål, særleg Dag og Tid.

For 2010 ligg det føre redaksjonelle nøkkeltal for nynorskavisene, presentert i årstale nr. 10 om tilstanden for nynorsk skriftkultur (tabell 15.4.5).²²⁰ Det året arbeidde 726 personar i dei 59 avisene som formelt var redigerte på nynorsk. Størst var Firda med 64 tilsette, minst var Samningen med tre. Berre fem aviser hadde meir enn 30 tilsette, og over halvparten hadde færre enn ti. Miljø med mindre enn 10–12 personar blir før eller seinare for spinkle. Der ligg nivået for kritisk masse. Som andre nynorskinstitusjonar er altså mange nynorskaviser i minste laget. Sett under eitt utgjorde derimot nynorskpressa eit mykje større miljø for språkproduksjon enn NRK.

Halvparten av medarbeidarane i 2010 arbeidde redaksjonelt. Kvar veke produserte desse 362 redaktørane og journalistane stoff på nynorsk som blei publisert på papir og/eller nett. Kvar veke gav nynorskavisene ut over 120 nummer med meir enn 3000 avissider. Annonsar fylte om lag 30 prosent av desse sidene. Av dei sidene som då var att, gjekk inntil 40 prosent bort i illustrasjonar. Vidare må tekst på bokmål trekkjast frå. Summen av dette nokså stødige reknestykket blei at nynorskavisene kvar veke gav lesarane minst 1150 avissider nynorsk tekst. Varsamt rekna svara det til om lag 8600 boksider i romanformat. Gjennom eit heilt år publiserte desse avisene dermed ei tekstmengd på nynorsk som ville fylle godt over 2100 bøker. Kring 2010 kom det årleg ut vel 500 bøker på nynorsk (tabell 16.1.2).

Lokalavisene er ikkje små. Dei er større enn alle andre, språkleg sett. Iallfall i 2010 gav Firda lesarane sine om lag 2000 heile avissider nynorsk, Sunnmørsposten 1000 og Bergens Tidende 800 sider. Utanfor offentleg forvaltning var dagsavisa Firda den største produsenten av nynorsk tekst.

Etter 2010 har dei fleste medieverksemdene redusert talet på redaksjonelle medarbeidarar, men NK har auka. I 2015 publiserte nok dei fleste avisene mindre stoff på papir enn i 2010. Omfanget av denne digitale stoffproduksjonen var ukjent.

Her kan du laste ned Figur 15.2. Tidslinje for nynorske aviser 1858–2014 

15.5 Pressestøtte

Mange aviser får pressestøtte, men det meste går til nokre få aviser, og støtteordninga har fått utilsikta verknader til fordel for det språklege mangfaldet i Noreg.

Mellom 2000 og 2014 har om lag 150 aviser fått direkte offentleg støtte (tabell 15.5.2). Om lag to av tre aviser får slik støtte. Talet på aviser med støtte ordna etter redaksjonsspråk viser få endringar i perioden.

Frå og med 2000 er pressestøtta dokumentert på avisnivå annakvart år (tabell 15.5.8, 15.5.9, 15.5.10, 15.5,11. 15.5.12, 15.5.14, 15.5.15 og 15.5.16). Desse tabellane viser små strukturendringar frå år til år. Nokre aviser har kome inn på ordninga, andre har falle utanfor eller har gått inn. Den mest interessante endringa i pressestøtta gjeld fordeling etter redaksjonsspråk.

I 2000 gjekk 7,1 prosent av all direkte støtte til nynorskaviser og 14,2 prosent til språkblanda aviser (tabell 15.5.7). I takt med endringane på avismarknaden var dei tilsvarande prosenttala 7,7 og 27,2 i 2014 (tabell 15.5.13). Ein vesentleg større del av den samla pressestøtta til norskspråklege aviser gjekk altså til aviser som fremja det språklege mangfaldet i 2014 enn i 2000 – 35 prosent i 2014, mot vel 21 prosent i 2000.

Med eit par unntak var dette inga politisk tilsikta utvikling.

Pressestøtte blei innført i to former i 1969. Stortinget vedtok at aviser skulle vere fritekne for den nye meirverdiavgifta frå 1970, etter at dei like sidan 1935 hadde vore fritekne for omsetningsavgift. Likeins vedtok Stortinget å innføre ei ordning med selektiv støtte til aviser. Bakgrunnen for dette var at ei rekkje aviser hadde gått inn i 1950- og 60-åra. På denne tida var den norske avismarknaden prega av partipresse, og særleg var det mange Ap-aviser som gjekk dårleg økonomisk. Pressestøtta blei innført for å halde oppe ei partipolitisk differensiert partipresse. Både på litteraturfeltet og avisfeltet innførte dermed Stortinget i 1960-åra ein ny og meir resultatretta støttepolitikk (sjå kapittel 16).

Den første tida var tilskotet ei subsidiering av avispapir. Seinare blei ordninga endra til direkte produksjonstilskot, og ordninga blir i dag forvalta av Medietilsynet. Dette produksjonstilskotet skal gå til «økonomisk vanskeligstilte aviser og aviser med små opplag», heiter det i forskrifta. Det meste av støtta går til aviser med mindre enn 80 000 i nettoopplag og som er nr. 2 i opplag på utgivingsstadene sine, og til lokalaviser med mindre enn 6000 i opplag. Nr. 2-avisene må kome ut minst to gonger i veka, lokalavisene minst ein gong i veka. Løyvinga blir rekna ut frå mekaniske kriterium som opplag, frekvens og geografi. Etter 1969 har det vore gjort mange endringar og partipolitiske kompromiss med taktiske tilpassingar av kriteria.

Eit offentleg utval under leiing av Yngve Slettholm la i 2010 fram ei utgreiing om pressestøtta. Det hadde vore laga mange utgreiingar om dette emnet i tiåra før. Det viktigaste spørsmålet denne gongen var om støtteordningane skulle vere like for papirutgåver og digitale utgåver, og kva slags reglar som skulle gjelde for mva. Som i tidlegare utgreiingar var den språklege sida av saka ikkje nemnd.

I alt løyvde staten 184 millionar til aviser i Noreg i 2000. Denne summen hadde auka til 319 millionar i 2014. Den geografiske sida av saka er interessant. I 2000 gjekk 80 millionar eller 43 prosent av all pressestøtte til aviser utgitt i Oslo. I 2014 gjaldt dette 156 millionar, eller 49 prosent. Frå 1997 (tal for 2000 er ikkje rekna ut) til 2014 fall opplaget for Oslo-avisene frå vel 1,2 millionar til vel 700 000. I prosent av samla avisopplag minka marknadsdelen for Oslo-avisene frå 41 til 34 i det same tidsrommet. Då opplaga fall som mest for aviser utgitt i Oslo, auka den direkte støtta mest til aviser utgitt nettopp i Oslo.

Det andre hovudfylket for utgiving av aviser er Hordaland. I 2000 gjekk 35 millionar i pressestøtte til aviser i det fylket, mot 67 millionar i 2015. I prosent auka Hordaland sin del frå 19 til 21. i Hordaland. Det rimar betre med opplaget, der Hordalands-avisene auka marknadsdelen frå 7 prosent i 1997 til 9 prosent i 2014.

Framgangen for dei språkblanda avisene gjorde det største utslaget.

Presset mot nynorsk skulemål er størst i det som blir kalla randsonene, det vil seie distrikta utanfor dei nynorske kjerneområda. Nettopp i desse randsonene har truleg pressestøtta sin viktigaste misjon. År om anna går om lag 15 prosent av pressestøtta til reine nynorskaviser til aviser i Rogaland, Telemark og Oppland. Her var pressestøtta med og heldt oppe nynorsk som eit nasjonalt språk, og gjorde alternativ sidemålsundervisning mogleg.

Lenge var der ei særordning for «meningsbærende aviser». I 2008 fekk fem aviser støtte på det grunnlaget: Dagsavisen, Dagen, Vårt Land, Nationen og Klassekampen. Det året fekk desse fem avisene i alt 131 millionar i støtte. Det utgjorde heile 46 prosent av den samla direkte støtta til aviser i 2008. Ordninga blei seinare justert, men i 2014 fekk dei same fem avisene 182 av 336 pressestøttemillionar: 53 prosent.

Den direkte statsstøtta til aviser er i praksis fleire ordningar. Den største er det som gjerne blir kalla den ordinære pressestøtta. Viktigast er likevel den ordninga som inneber at avisene på visse vilkår er fritekne for meirverdiavgift. I 2008 utgjorde dette fritaket ein verdi på 2,26 millionar.²²¹ Med minkande opplag har denne delen av pressestøtta minka i åra etterpå, men summen er framleis stor.

Ei støtteordning for periodiske publikasjonar tok gradvis form frå 1980. Tildelingane er dokumenterte frå og med 2000 (tabell 15.5.5 og 15.5.6.)

Ordninga tok til som ad hoc-vedtak for enkeltpublikasjonar i Stortinget, med dei partipolitiske kompromissa dette innebar. Frå å vere ei ordning for «Visse publikasjoner» fekk ordninga seinare namnet «Ymse publikasjoner». Frå og med 2007 tok Norsk kulturråd over forvaltninga av ordninga og gav den først namnet «Periodiske publikasjoner», seinare «Vekepresse».

Stortinget hadde i 26 år tildelt midlane utan retningslinjer. Norsk kulturråd vedtok dei første retningslinjene for støtteordninga i 2008, og desse tok til å gjelde frå og med 2009. Retningslinjene følgde mandatet for Norsk kulturråd og bygde difor på ei vurdering av redaksjonell kvalitet utan å ta stilling til meiningsinnhaldet i publikasjonane. Dette var kontroversielt i pressemiljøet, og i 2012 bad Kulturrådet om at Medietilsynet tok over ordninga. Regjeringa Solberg førebudde ei slik flytting i 2015 med verknad frå 2016.

Støtta skulle frå 2009 gå til aviser som er redigerte på norsk, bokmål og/eller nynorsk, og til aviser med eit minoritetsperspektiv som heilt eller delvis er redigerte på norsk. I alt fekk 16 aviser midlar frå denne budsjettposten i åra 2000–2009. Berre seks aviser fekk støtte i alle desse åra. Blant desse auka støtta til den kvensknorske avisa Ruijan Kaiku mest i prosent, medan auken i kroner lenge var størst for Dag og Tid. Etter 2010 jamna dette seg ut.

Den språklege prioriteringa Kulturrådet gjorde, blei ført vidare til den nye ordninga i regi av Medietilsynet, fastsett av regjeringa Solberg.

Samiske aviser har ei eiga støtteordning (tabell 15.5.3). Denne ordninga dekkjer aviser på samisk og aviser som skriv på norsk om samisk. Inga pressestøtteordning auka meir enn denne i åra 2000–2014. 8 millionar i 2000 var i 2014 blitt til 25 millionar. Då dei to avisene Assu og Min Aigi i 2008 gjekk saman til den nye avisa Avvir, utløyste dette ei løyving frå staten på 10,6 millionar. Det gjorde den nye avisa til ei av dei største enkeltsatsingane på samisk kultur i Noreg, sjølv om opplaget i 2008 berre var på vel 1200 eksemplar (tabell 15.5.12).

Der var lenge også ei eiga støtteordning for minoritetskulturelle publikasjonar (tabell 15.5.4). Denne blei avvikla frå og med 2015. Det er ukjent om alle dei minoritetskulturelle publikasjonane kan reknast som aviser, men ordninga høyrer likevel med her. I alt fekk 11 ulike publikasjonar støtte i åra 2000–2008. Det spesielle i denne ordninga er at Statens medietilsyn etter kontroll stoppa løyvingane til fire publikasjonar frå og med 2007. Dokumentasjonen er ikkje oppdatert etter 2008.

Der er éi privat støtteordning i norsk presse. Riksfondet for nynorsk presse blei skipa i 1964. Dette er i røynda ei systematisk kronerulling der dei innsamla midlane blir løyvde til ulike nynorske blad og aviser. Frå 1964 til 2013 hadde fondet løyvt 5,4 millionar i nominelle kroner (tabell 15.5.1). Med ei omrekning av gjennomsnitt for kvart tiår til 2015-kroner utgjer dette 13,3 millionar. Godt og vel to tredelar eller ni millionar var løyvt til Dag og Tid.

 

15.6 Utdanning

Det var nynorskmiljøet som i 1919 etablerte den første journalistutdanninga i Noreg, Bladmannaskulen.²²² Først i 1951 kom det neste tilbodet, Journalistakademiet i Oslo. Frå 1970-åra utvikla fleire universitet og høgskular utdanningstilbod. Den språklege sida av saka har aldri vore undersøkt.

I 2013 kom Nynorsk avissenter i gang i Førde, etter modell av NRK Nynorsk mediesenter (sjå kapittel 14.3). Til og med 2015 hadde Nynorsk avissenter utdanna 20 praktikantar (tabell 15.6.1). Dei kom frå 18 kommunar i seks fylke, og tre av fire var kvinner.

 

15.9 Historisk statistikk

Både for blada og avisene var dei tre tiåra 1910–1939 stordomstida. Det ligg føre ein stor firebandsbibliografi over skrifter på nynorsk og bygdemål 1646–1938, og fleire mindre arbeid. Knapt nokon bibliografi er komplett. Det var heller ikkje to oversyn for tidsrommet 1858–1938 som i ein første versjon blei publiserte i Nynorsk faktabok 2005, ordna etter utgivingsår og etter tittel (tabell 15.9.2 og 15.9.3). Avgrensinga til 1938 er nødvendig fordi seinare kjelder ikkje var ordna etter språk, og dokumentasjonen femner om 327 aviser og blad.

Kvart tredje blad blei starta i tiårsperioden 1916–25 (tabell 15.9.1). Det vil seie at både i blad og aviser var det dette tidsrommet som var det store. Mange nynorske blad har hatt kort levetid, men fram mot 1940 ser det ut til at kom dei seg først gjennom 1930-åra, kunne dei halde det gåande lenge. Derimot er altså dei fleste nynorskavisene av yngre dato.

Fire fylke skil seg klart ut på utgivarsida. To av tre nynorske blad og aviser i tidsrommet 1858–1938 blei utgitt i Oslo, Hordaland, Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal. I denne tida kom det ut fleire blad i Sør-Trøndelag enn i Rogaland. Først i 1920-åra passerte talet på nynorske blad 100. Då nynorsk var blitt svært utbreidd i skulen, blei det også ein større marknad for publikasjonar på nynorsk.

Dei mange blada som kom ut mellom 1858 og 1938, hadde jamt over eit meir sosialt avgrensa nedslagsfelt enn avisene. Blada var gjerne meir knytte til institusjonar enn til geografiske område, og kunne difor nå ut til lesarar mange stader i landet. Dei fleste blada heng difor saman med utbygginga av eit organisasjonssamfunn.

Slike periodiske skrifter har vore vel så viktige i oppbygginga av den nynorske skriftkulturen som bokmediet har vore. Der aviser og periodiske skrifter kom til kort i litterær kvalitet og språkleg fornying, tok dei det att i utbreiing.

Talet på nynorskaviser auka jamt utover 1900-talet. I 1900 var berre åtte aviser redigerte på nynorsk (tabell 15.9.10). Det vil seie at fire prosent av avisene var nynorske. I 1932 kom det ut 282 aviser (tabell 15.9.13). 35 av desse var redigerte på nynorsk og to på begge språka. Det vil seie at 13 prosent av avisene i 1932 var nynorskredigerte.

I 1925 hadde Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal skilt seg ut med flest nynorskaviser (tabell 15.9.11). Den posisjonen har vore uendra, men mot slutten av 1900-talet blei også Rogaland eit fylke med mange nynorskaviser. I 2000 kom såleis åtte av ti nynorskaviser ut på Vestlandet. Utviklinga i Sogn og Fjordane er særleg interessant fordi nynorsk blei vanleg i bruk i skulen lenge før pressa i fylket var blitt nynorsk (tabell 15.9.5).

2010 vil i ettertid stå som det året då det kom ut fleire omfattande pressehistoriske oversynsverk, som Norsk presses historie i fire band. Ei av fruktene frå det arbeidet er at det blei mogleg å samle opplysningar om opplagstala for dei viktigaste nynorske publikasjonane mellom 1850 og 1900 (tabell 15.9.4). Blada var alle små i opplag, og vesentleg mindre enn publikasjonar på dansknorsk dei kan jamførast med.

Avisa Den 17de Mai kom ut frå 1894 til 1935, og var den viktigaste nynorskavisa særleg fram til 1913. I norske dagsaviser mangla nynorsken fotfeste det meste av 1900-talet etter at Den 17de Mai byrja på den lange nedturen i 1920-åra (tabell 15.9.6). I åra 1911–1913 var dette truleg den nest største dagsavisa i Noreg med om lag 11 000 i nettoopplag; i 1911 skal opplaget har vore notorialstadfesta til 13 729.²²³ Berre Morgenposten og Aftenposten var då større – i bruttoopplag.

Ole Dalhaug har gjennomført eit ufatteleg arbeid med å registrere alt redaksjonelt og merkantilt stoff i avisa fram til då. Det vil seie at han har registrert over 47 000 artiklar. Noko av den statistiske essensen blei presentert i Nynorsk faktabok 2005 (tabell 15.9.7, 15.9.8 og 15.9.9). Dokumentasjonen synte at stoffet truleg var blitt skrive av meir enn 1300 ulike personar. Kvar fjerde artikkel var skriven av redaktøren, Rasmus Steinsvik. Berre fram til 1907 skreiv han over 12 000 artiklar.

I ei doktoravhandling frå 2009 sneia Oddmund L. Hoel innom pressehistoria. Der dokumenterte han mellom anna partitilknyting for nynorskavisene 1920–1940 (tabell 15.9.12). Både i 1920 og i 1930 dominerte Venstre-avisene, men i 1940 var Bondepartiet blitt det største avispartiet på nynorsksida. Utan at Venstre-avisene var blitt færre.

Under arbeidet med Avisene som utvida Noreg dukka ein villfugl opp i form av opplag for fem av dei største vekeblada i 1949 (tabell 15.9.14). Størst var Hjemmet med over 255 000 eksemplar. Jamført med dette var Nynorsk Vekeblad med sine 26 000 eksemplar eit lite bladtiltak. Dei geografiske skilnadene er vel så interessante. Dei store vekeblada redigerte på bokmål hadde alle den viktigaste marknaden sin i Oslo. Dit gjekk 20–25 prosent av opplaga. Berre ein dryg prosent av opplaget til Nynorsk Vekeblad gjekk same vegen. Som det einaste bladet hadde Nynorsk Vekeblad eit fleirtal av lesarane sine på Vestlandet: 53 prosent. Rekna i absolutte tal var det fleire som las Nynorsk Vekeblad enn Hjemmet i Sogn og Fjordane i 1949.

Postverket førte i si tid det dei kalla ei offisiell bladliste, eit oversyn over alle blad som blei spreidde gjennom posten. For året 1957 hadde dei registrert 1496 publikasjonar i denne lista.²²⁴ Av dette var 1344 eller 89,8 prosent på bokmål og 142 eller 9,5 prosent på nynorsk. Lista inneheldt også ein samisk publikasjon og ni på andre språk. Her ligg eit materiale som nok kan gi meir kunnskap for eit lengre tidsrom.

Nynorsk faktabok 2005 dokumenterte for første gong vist kva rolle region- og riksavisene spelar i dei nynorskprega områda (tabell 15.9.15 og 15.9.16). Største lokal-, region- og riksavis var med der det låg føre informasjon om marknadsdelane deira. Der det finst lokalaviser, når desse alltid ut til mange fleire husstandar enn både region- og riksavisene. I alt var ei nynorskredigert avis i 2004 den største lokal- og regionavisa i 26 av nynorskkommunane. Viktigast i så måte var Sunnmørsposten. I heile 77 prosent av dei 115 nynorskkommunane var dermed ei bokmålsredigert regionavis størst, men fleire av desse hadde likevel ein god del stoff på nynorsk.

I alle nynorskkommunane, som i resten av landet, var VG den største riksavisa i 2004. Dekningsprosenten varierte frå 6 prosent i Solund og 7 prosent i Sund og Meland til 30 prosent i Sogndal, 34 prosent i Lærdal, 36 prosent i Gol, 38 prosent i Hemsedal og heile 54 prosent i Bykle. Mest tankevekkjande var mønsteret i Sogn og Fjordane. Ikkje i noko anna fylke er bokmål mindre brukt enn nettopp her, same kva ein reknar på. I 20 av 26 kommunar i dette fylket var samstundes VG større enn jamvel den største regionavisa. Dette var elles berre tilfellet i Bykle og Eidfjord. Sogn og Fjordane fell mellom dei to stolane Firda som stor lokalavis og Bergens Tidende som lita regionavis, og mellom dei to stolane ligg nettopp VG. Dagbladet spelar derimot ei nokså ubetydeleg rolle i så godt som alle nynorskkommunane.

I dei fire vestlandsfylka selde VG kvar dag 84 000 eksemplar i 2004 (tabell 15.9.18). Det var like mykje som heile opplaget til den største avisa i vest, Bergens Tidende. Spreiinga var stor også i dei større byane på Vestlandet.

 

Tema: den nynorske riksavisa

Dag og Tid er den yngste riksavisa som blei til bortanfor all partimakt. Avisa har utfordra fleire enn ho hadde råd til, prøvt ut grensene for toleranse og har aldri hatt interesse av å gjere nokon til lags.

Den store nynorske riksavisa Den 17de Mai var blitt avvikla i 1935. I fleire tiår etterpå levde draumen om målet, draumen om storavisa. Lenge blei det berre med snakket i Noregs Mållag og andre miljø. Våren 1961 tok alvoret og handlekrafta over.

På eit møte i Bondeungdomslaget i Oslo gav veteranen Anton Beinset frå Den 17de Mai og Dagbladet klar beskjed. Det måtte bli ei søndagsavis, ikkje ei dagsavis. På nynorsk, ikkje om nynorsk. Ikkje nyheiter, men kommentarar. Ubunden, ikkje partipolitisk. Beinset fekk tilhøyrarane til å tenkje på eit nynorsk Newsweek. No rundar Dag og Tid 50 år på handfast papir. Newsweek er på veg over i den virtuelle røynda av nettstader.

I tidsrommet april 1962–mars 1963 kom tre prøvenummer. Frå september 1963 var avisa i det som til tider kunne minne om ordinær drift. Planen var laus, økonomien usikker og bemanninga uklar.

Dei som dreiv fram den nye avisa, hadde eit klart inntrykk av at bokmålspressa voks og nynorskpressa var i krise. I røynda var det omvendt. Frå 1950 auka talet på nynorskaviser, medan mange titals bokmålsaviser gjekk inn. Derimot hadde nynorskprosenten falle sterkt i grunnskulen etter den store flyttesjauen i 1950-åra.

I 1960-åra var målrørsla på veg ut av ei tidskonservativ bakevje og inn i den strie straumen av nye impulsar, utdanningsinstitusjonar og studentkull. Olja i Nordsjøen var enno ein løyndom, og ingen bokstavar hadde samla seg til ordet pressestøtte.

I pressa styrte partia som dei ville, og i målrørsla dreiv lagsbrukskapitalen med sitt. Å drive kaffistover og bondeheimar var ein gamal forretningsidé som enno kasta noko av seg for mållag og ungdomslag. Pengar frå desse lagsbruka måtte til om det skulle bli noka nynorsk riksavis. I mange lagsbruk hadde stivna målfolk søkt ly for røynda. Striast var Bondeungdomslaget i Oslo. Rikt som laget var på både vrangvilje og pengar, gjorde dei alt dei kunne for å hindre den nye avisa i å lykkast. Dei greidde det nesten.

Det trengst fem–ti millionar, hadde Beinset sagt. I staden blei driftsgrunnlaget ein aksjekapital på 155 000 kroner frå 848 aksjonærar. Dei pengane varte berre nokre månader. År om anna skreiv avisa ut nyteikning av aksjar, og som oftast var aksjekapitalen brukt opp før den var innbetalt.

I denne jojo-økonomien var viljen stor og aksjekapitalen liten. Den første tida abonnerte berre halvparten av aksjonærane på avisa.

Med unntak av 1966 var det raude tal kvart einaste år fram til 1975. Likevel vedtok utgivarane det eine underskotsbudsjettet etter det andre. Avisa baserte seg på vona om at pengar ville kome som ikkje fanst. Med sitt nynorske blikk såg utgivarane berre det dei ville sjå. Dei vedtok framtida, men blei hindra av underskota i fortida.

Etter år med jojoen som økonomisk styringsreiskap gjekk leiinga i Dag og Tid over til å rekne. Det hjalp. Etter tiår med prøving og feiling hadde disponentane finpussa systemet for styring av pengane. Saman med profesjonalisering av redaksjonen blei Dag og Tid ei moderne organisert og teknologisk solid avis. Tungvinte løysingar hadde dei ikkje råd til. Difor var det mogleg å satse nytt og sterkt på 2000-talet, både journalistisk og økonomisk.

Utover i 1970- og 1980-åra jakta avisa på annonsar frå statsforvaltninga og utvikla nye former for journalistikk i riksaviser. I ein redaksjon med få tilsette og arbeidstider bortanfor alle paragrafar laga Dag og Tid sidetjukke distriktsnummer som utfordra det som iallfall den gongen var ein ganske konfliktsky lokaljournalistikk.

Sidene blei fylte med så mange meiningar at ingen lesar på førehand kunne vite kva som blei tenkt på hi sida. Komande politikarar og andre makthavarar fekk ordet, og ingen partisekretær kunne vere trygg på kva som var i vente.

Ein av dei som sette standarden, var Per Øyvind Heradstveit. I 1964 var det ukritisk journalistikk som gjaldt. Heradstveit og medarbeidarane hans strauk u-en. I eit nummer tok dei for seg alle verva stortingsrepresentantane oppnemnde seg sjølve til. «Alle bein i denne sal», skreiv Dag og Tid over heile framsida. Dei folkevalde hadde aldri sett maken.

Avisa har hatt mange profilerte og originale journalistar – som den kyniske strategen Kjell Snerte, frifanten Arne Falk og den kritiske undraren Agnes Ravatn. Den fremste var nok Tor Gabrielsen. Han sette på trykk eit utkrope referat over fleire nummer frå eit debattmøte mellom Noregs Mållag og Riksmålsforbundet i Sarpsborg i 1976, og eit infamt, åtte sider langt referat frå Riksmålsforbundets årsmøte to år seinare. Målstriden blei aldri den same att.

I Dag og Tid skriv journalistane kvar på sitt vis og meir personleg enn i aviser flest. Det har gitt avisa eit variert uttrykk. Ein del lesarar følgde jamvel spesielle signaturar såpass nøye at det kunne føre til oppseiing når vedkomande slutta.

Draumen om målet var draumen om storavisa. I 1963 var målet 30 000 tingarar. Det tok 40 år å stabilisere opplaget på over 7000 eksemplar, og først etter 2010 låg opplaget stabilt over 10 000.

Usikre kjelder tyder på at avisa kan ha hatt 15 000 tingarar ved årsskiftet 1963/64. Tre år seinare var der berre 5500, og der blei opplaget liggjande lenge, mellom 5000 og 7500. Ein langtidsplan i 1985 skulle gi eit opplag på 10 000 eksemplar i 1990. Dei greidde 7074, men ti år seinare var avisa tilbake til 1985-nivået.

Endringa kom med meir systematikk og meir ambisiøs journalistikk på 2000-talet. Frå og med 2002 har Dag og Tid kvart år auka opplaget frå 6500 til 8700 i 2011. I oktober 2012 er opplaget kring 9400 eksemplar. Så høgt har ikkje avisa vore sidan året då Jonny Nilsson gjekk fortare enn alle nordmenn på skeiser, Einar Gerhardsen gjekk av som statsminister og nokon planla mordet på John F. Kennedy.

Som dei aller fleste nynorsktiltaka er Dag og Tid boren fram og finansiert av nynorskbrukarane og andre med sans for kulturelt mangfald. Viktigast har Riksfondet for nynorsk presse vore. I tidsrommet 1964–2013 hadde dette fondet overført ni millionar 2015-kroner til Dag og Tid (sjå kapittel 15.5). For ei avis som dreiv med stort akkumulert underskot like fram til 1990-åra, utgjer den summen skilnaden mellom konkurs og overlevingsevne.

Dag og Tid har først og fremst trykt meiningsprosa. Spaltelangs har det vore like mange meiningar i denne avisa som gatelangs i verda den vide. Bitre gamalnazistar, nyblinde ml-arar, distriktsoptimistar og petimeter av alle slag: Ein årgang av denne avisa rommar eit ubehageleg innsyn i livet bak pannebraskane, særleg i tida før meiningsløysa viste sitt sanne andlet på Facebook.

Dag og Tid kom til verda då ein førestelt nynorsk fellesskap var forma, blei teken for gitt og verken trongst dokumenterast eller legitimerast. Avisa har følgt trusvedkjenninga frå Anton Beinset: på nynorsk, ikkje om nynorsk. Fekk redaksjonen kritikk for at avisa skreiv for lite om nynorskmiljøa, svara redaksjonen at avisa ikkje ville inn i ei slik journalistisk tvangstrøye. Her møttest den allmenne profesjonaliseringa av norsk journalistikk og konsolideringa av ein nynorsk skriftkultur. Dag og Tid prøvde å vere både innanfor og utanfor ein førestelt nynorsk fellesskap.

Lenge var Dag og Tid eit økonomisk risikabelt prosjekt med ørsmå marginar, samstundes som avisa iallfall i periodar knapt var på fleirtal med rådande haldningar i målrørsla. Avisa utfordra fellesskapen, men ikkje identiteten. Allmennpolitisk er avisa meir på linje med haldningane hos lesarane og nynorskbrukarane i 2015 enn då dei første prøvenummera kom i 1962.

Omrekna til 2015-kroner hadde avisa ved utgangen av 2014 hatt ei samla omsetning på godt og vel 495 millionar. Av alle desse kronene kom 13 prosent som ulike former for pressestøtte. Resten kom frå lesarane og alle dei andre gode hjelparane.

Å byggje opp ei slik ny riksavis frå grunnen av er ein av dei største tankane i norsk presse etter 1960. No har Dag og Tid halde det gåande lengre enn noka tidlegare nynorsk riksavis. Svært mange papiraviser var på veg ned mot dei dalbotnane i opplag og økonomi då Dag og Tid tok til å vekse seg trygg. Denne avisa kunne berre målrørsla skipe og drive, trass alt. Kvar gong var det mange nok som ikkje gav opp.

 

Perspektiv: språkblind pressestøtte

Pressestøtta er eit indirekte tiltak i arbeidet med å styrkje norsk språk – og språk i Noreg. Der har aldri vore nokon føresetnad om at støtteordninga skal ha ei språkpolitisk retning. Dette kjem i så fall som ein utilsikta effekt. Den effekten er der i så stor grad at pressestøtta er det viktigaste enkelttiltaket i språkpolitikken.

Den første analysen av pressestøtta ut frå eit språkpolitisk perspektiv blei presentert i årstale nr. 1 om tilstanden for nynorsk skriftkultur hausten 2001. Der blei det dokumentert at Statens medieforvaltning fordelte 179 millionar i pressestøtte til norske aviser i 2000 (seinare korrigert til 184 millionar). Då var både den vanlege produksjonsstøtta og støtta til «visse publikasjoner» rekna med, men ikkje dei reint partipolitiske blada, heller ikkje støtta til pressekontor. Av desse midlane gjekk 10 millionar til aviser med nynorsk som redaksjonsspråk, 28 millionar til aviser med både nynorsk og bokmål som redaksjonsspråk, og 141 millionar til bokmålsaviser. Det vil seie at vel 21 prosent av pressestøtta i 2000 gjekk til nynorskredigerte aviser.

Det er pressa som når ut til flest lesarar og som flest les. Det vil også seie at pressa er språkpolitisk svært viktig. Likevel har Stortinget aldri drøfta pressestøtta i eit språkpolitisk perspektiv. Våren 2009 kommenterte rett nok for første gong alle partia kravet om at pressestøtte også må innebere språkkrav til mottakarane av pressestøtte. Den debatten var prega av at det var stortingsval same året, og av at både pressa og politikarane gjorde problema større enn dei er.

Over tid har styresmaktene utforma selektive og målretta tiltak for nynorsk skriftkultur, men aldri for andre delar av nynorskpressa enn Nynorsk Pressekontor og Dag og Tid.

Sidan 1969 har Noreg halde seg med ein statleg pressestøttepolitikk. Offentlege utval har utgreidd saka i 1967, 1976, 1982, 1992, 2000 og 2010. I alle dei siderike dokumenta står det alt i alt berre eit par setningar om den språklege sida av saka.

Eitt av dei sterke argumenta avisbransjen aldri har brukt, er at avisene er viktige språkprodusentar. Truleg produserer ingen bransje i privat sektor meir tekst på norsk enn avisbransjen. Heller ikkje har avisbransjen sjølv framheva den kulturelle og språklege verdien av dei mange lokalavisene. Jamført med bokbransjen har avisbransjen plassert seg på sidelinja i arbeidet med å utvikle ein heilskapleg norsk språkpolitikk.

For den kunstnarlege og intellektuelle utviklinga har utan tvil bokmediet vore det viktigaste også i nynorsk skriftkultur. I større grad enn for bokmål har derimot utbreiinga av nynorsk vore avhengig av pressa. Nynorskpressa har vore den mest utbreidde skriftstaden for nynorsk og det vanlegaste lesestoffet for store brukargrupper. Pressa er eit viktigare medium for nynorsk skriftkultur enn for bokmålskulturen fordi så mange av avisene er redigerte på nynorsk og ein liten del av bøkene er skrivne på nynorsk.

Sjølv utan ei språkpolitisk linje er pressestøtta den kulturpolitiske støtteordninga som har mest å seie for produksjon og spreiing av lesestoff på nynorsk. All den tid pressestøtta ikkje har teke omsyn til den særskilde situasjonen for aviser på nynorsk, er det rein politisk flaks at pressestøtta har gitt norske lesarar eit slikt mangfald av aviser også på nynorsk.

Sommaren 2015 la Kulturdepartementet fram eit forslag til ny støtteordning for vekepresse. Der gjekk regjeringa Solberg inn for ei pressestøtteordning med språkpolitisk profil ved at det i den nye ordninga skulle takast øyremerkt omsyn til nynorsk. Det var første gongen i den historia om norsk presestøtte som tok til i 1969.

 

Publisert 10.10.2015

Sist oppdatert 22.9.2015

 

²¹³ Sigurd Høst: Avisåret 2012, Volda 2013, s. 6. 
  Medienorge: «Lesertall for norske nettaviser», medienorge.uib.no, lesedato 6.8.2015.  
  Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg, Oslo 2010, s. 278.
 
²¹⁴ Medienorge: «Lesertall for norske nettaviser», medienorge.uib.no, lesedato 6.8.2015.   
²¹⁵ Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg, Oslo 2010, s. 278.  ²¹⁶ Berge Furre ofl.: Målreising 1967, Oslo 1967, s. 56. ²¹⁷ Informasjon frå Olav Kobbeltveit i Gjert Kristoffersen ofl.: Språk i hundre!, Oslo 2005, s. 44.
²¹⁸ Sjefredaktør Gard Steiro på seminar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar på Voss 24.4.2013, eigne notat. 
²¹⁹ Sigve Gramstad: Norske kulturtidsskrift 1986, Oslo 1987.  ²²⁰ Ottar Grepstad: Draumen om  målet, Oslo 2010, s. 332 f.  ²²¹ NOU 2010:14: Lett å komme til orde, vanskelig å bli hørt – en moderne mediestøtte, s. 41.  
²²² Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg, Oslo 2010, s. 131.  ²²³ Arne Falk: Frifant-epistlar, Oslo 1969, s. 27 ff.
²²⁴ [Hans Aarnes] H. Aa.: «Noreg», Norsk Allkunnebok, band VIII, spalte 1128. 
    Artikkellesar