14 Radio og fjernsyn

Internett har endra medievanane, men framleis er tv og radio mykje brukte massemedium i Noreg. I begge media har dialektane teke over mykje sendetid dei siste tiåra og oppnådd jamt høgare status. Dermed høyrer publikum mindre normert nynorsk og bokmål i radio og tv, og det som har minka mest, er bruken av normert bokmål.

14  Radio og fjernsyn
Figur 14.1 Nynorsk, dialekt og bokmål i NRK Radio 1972–2014. Prosent

I NRK radio var dialekt brukt i 25 prosent av sendetida i 2014, i tv i 17 prosent. Målt i sendetimar sender NRK radio no meir på nordsamisk enn på normert nynorsk, medan NRK tv sender meir normert nynorsk enn nordsamisk.

Allmennkringkastaren NRK er med sin status og si utbreiing framleis den viktigaste språkprodusenten i Noreg. NRK oppfyller enno ikkje det målet om minst 25 prosent nynorsk som Stortinget sette i 1970, men dei siste åra har dei greidd det for fleire av kanalane sine.

Når vi veit kor mange fleire bokmålsmedarbeidarar NRK har rekruttert over tid, er det eit mirakel at NRK faktisk bruker meir nynorsk enn før. Språkleg fordelte medarbeidarane seg i NRK i 2012 ganske likt innbyggjarane sett under eitt. I redaksjonane hadde NRK derimot færre nynorskbrukande medarbeidarar på 2000-talet enn på slutten av 1980-talet. Ein effektiv rekrutteringskanal var NRK Nynorsk mediesenter, som til og med 2015 hadde skaffa NRK og andre medieverksemder 115 journalistar sidan senteret blei opna i 2004.

Trass i dette var truleg den norske tv-marknaden aldri mindre norsk enn i 2015. Aktørar som HBO, Netflix og YouTube styrkte den angloamerikanske kulturindustriens grep om mediekvardagen.

 

14.1 Program
14.2 Medarbeidarar
14.3 Utdanning
14.9 Historisk statistikk
Tema: å føre språkstatistikk
Perspektiv: talemål eller skriftspråk

Last ned heile teksten i pdf her

 

14.1 Program

Der er meir nynorsk enn før i NRK, men ikkje nok. Andre riksdekkjande radio- og tv-kanalar bruker gjerne dialekt, men set som oftast grensa for språkleg mangfald ved nynorsk.

NRK hadde i 2015 enno ikkje nådd det målet Stortinget sette opp i 1970 om at minst 25 prosent av verbalsendingane i radio og tv skulle vere på nynorsk, men aldri var målet nærmare. I 2014 brukte både NRK P1, NRK1 og NRK2 meir enn 25 prosent nynorsk (tabell 14.1.3). Tidlegare hadde NRK berre nådd dette kravet for tre kanalar ein gong, i 2001. Utover på 2000-talet stabiliserte allmennkringkastaren seg på meir enn 20 prosent nynorsk i dei fleste kanalane.

Det er bruken av dialekt som har auka, ikkje normert tale. Denne dialektbruken har først og fremst redusert bruken av normert bokmål (tabell 14.1.4). I radio brukte NRK dei fleste åra etter 2000 mellom 30 og 40 prosent dialekt i radio og mellom 15 og 20 prosent i tv. Då det blei meir allment akseptert å snakke dialekt frå 1970-åra og framover, slo dette tidlegare og sterkare inn i radio enn i tv i NRK. Den skilnaden var der framleis i 2014.

I radio har nynorsk vore mest brukt i P3 og minst i P2, og på tv meir i NRK1 enn i NRK2. Hausten 2007 opna NRK den nye tv-kanalen NRK Super, og etter 2010 har godt og vel 20 prosent av sendingane deira vore på nynorsk. Skilnadene mellom kanalane var små. I 2006 la NRK om til ei meir påliteleg måling av språkbruken enn tidlegare. Sidan den tid har nynorsk minka og bokmål auka. Prinsipielt kan det vere uheldig å jamføre tal før og etter 1999, men den nye målemetoden førte ikkje til heilt andre tal enn åra før. Det indikerer at språkstatistikken i NRK har vore betre enn ryktet ville ha det til.

Her blir det dokumentert at bruken av normert nynorsk har minka svært mykje sidan 1970-åra, medan nedgangen har vore mykje mindre for normert bokmål. NRK bruker no mindre normert nynorsk enn på 1930-talet. Ein annan skilnad er at ikkje all annan språkbruk i NRK no er bokmål.

Med unntak av nokre tomrom blir det her lagt fram komplette oversyn over utviklinga av nynorskprosenten i NRK radio sidan 1933 og i NRK tv sidan 1961 (tabell 14.1.1 og 14.1.2). Så langt materialet rekk, inneheld desse to tabellane også dokumentasjon av samla sendetid i timar. Prosenttala gjeld normert nynorsk tale, dialekt ikkje medrekna.

Grunnlaget for statistikken frå NRK skil frå og med 1972 mellom nynorsk, dialekt og bokmål. I prinsippet blir all ikkje-normert tale kategorisert som dialekt. Når NRK offentleggjer språkstatistikkane sine, fordeler dei dialektbruken likt mellom nynorsk og bokmål. Det er gjerne desse korrigerte tala som er blitt nytta i offentleg debatt om språket i NRK. Di meir dialekt som blir brukt, di høgare kan altså nynorskprosenten bli; på papiret kan prosenten bli 50 utan eit einaste innslag med normert nynorsk. 50 prosent bokmål og 50 prosent dialekt gir 25 prosent nynorsk. Difor er det viktig å få fram også dei tala som viser bruken av normert nynorsk og bokmål i tillegg til dialekt.

Dette er gjort for både radio og tv (tabell 14.1.1 og 14.1.2). Frå og med 2000 rapporterer ikkje NRK lenger om kor stor del verbalprogramma utgjer av den samla sendetida. Det ligg derimot føre ein omfattande dokumentasjon like sidan 1933. Det som då viser seg, er at bruken av det som kan reknast som normert nynorsk, frå 1980 til 2014 har falle frå 16 prosent til ni prosent i radio, medan normert nynorsk utgjorde 17 prosent av tv-sendingane både i 1980 og 2014. Ei viktig årsak er at NRK tv har brukt ein god del normert nynorsk i manusbundne program av typen filmar med norske kommentarar

Årleg sender NRK truleg minst 7500 timar med norsk tale i radio og minst 4000 timar i tv. Dei tala føreset at ordsendingane utgjer om lag same delen av samla sendetid no som i 1990-åra, der nøyaktige tal ligg føre. Dette er eit svært viktig bidrag til at den språkdelte norske kulturen utviklar seg vidare. Av ordsendingane utgjer då normert nynorsk om lag 1250 timar – 500 timar i radio og 750 timar i tv. I 1930-åra utgjorde den nynorske sendetida i radio under 200 timar. Det vil seie at NRK radio no sender mykje meir normert nynorsk enn på den tida då nynorsk blei mest brukt i grunnskulen (sjå kapittel 8.1). Det vil også seie at NRK årleg sender mindre på normert nynorsk enn på nordsamisk.

Dialektbruken aukar mest. Radiokanalane er prega av aukande dialektbruk. Fjernsynssendingane har tradisjonelt vore dei normerte språka sitt domene. Frå midten av 1990-åra er dialektane blitt vesentleg meir brukte også i tv-sendingane, men skilnaden mellom radio og tv er framleis stor. I 1996 blei for første gong dialektar brukte meir enn normert nynorsk i NRK. Når sendeskjemaet er blitt utvida dei siste åra, har auken stort sett kome på dialekt- og bokmålssida.

I prosent er bruken av normert nynorsk blitt nesten halvert sidan tidleg på 1970-talet. Størst var prosentdelen i 1977: 18,5 prosent. Dei siste åra har talet sige langt under 10. Sidan den samla sendeflata har auka sterkt, er ikkje den faktiske reduksjonen like stor. Det kan likevel sjå ut til at noko av prisen for målrørsla sine dialektaksjonar på 1970-talet blir betalte i form av meir dialekt og mindre normert nynorsk i programma frå den viktigaste radio- og fjernsynsstasjonen i Noreg. Det inneber at lyttarar og sjåarar møter mindre nynorsk som talemål, og det er ikkje med og gjer nynorsk til eit alminneleg språk.

Den språklege praksisen til NRK kan dokumenterast nesten samanhengande like frå 1933. Om andre kringkastarar er kunnskapen liten.

Både TV2, P4 og Kanal24 skulle i dei første konsesjonsvilkåra «styrkje norsk språk, identitet og kultur». I dette låg ein klar føresetnad også om å bruke nynorsk utan at noko er talfesta. Det vesle som finst av materiale om desse programflatene, tyder ikkje på at dei har mykje å tilføre det språklege mangfaldet i Noreg (tabell 14.9.8). Grensa går ved dialektar. I alle desse radio- og tv-stasjonane sit bruk av normert nynorsk tale og skriftleg nynorsk langt inne.

Likevel, der er glimt som tyder på at nynorsk er akseptert som språk i tv-mediet. Det må vere ein viktig grunn til at det var så små skilnader mellom bruken av nynorsk i NRK, TV2 og TVNorge som det blei dokumentert i 1996 (tabell 14.9.6 og 14.9.7). Ei samanliknande gransking mellom nyheitsinnslag i NRK1 og TV2 våren 1997 synte til og med at TV2 brukte meir nynorsk enn NRK (tabell 14.9.10). Her rådde også slumpetreffet, for talemålet til ankermannen og -kvinna i studio slo sterkt ut.

Den kommersielle radiostasjonen P4 bruker mykje meir bokmål enn NRK og TV2 og har minimale innslag av dialekt og normert nynorsk (tabell 14.1.5). Det vesle som er av dialekt, er stort sett talemål frå Austlandet. Her var det få endringar i tida 2008–2013.

Utanom NRK, TV2, P4 og Kanal24 står alle radio- og fjernsynskanalar fritt til å føre det språket dei vil. Det gjer dei også. Blant dei mange nærradio- og lokalfjernsynsstasjonane finst nok ein del innslag av talemål som ligg nynorsken nær, men til no er ikkje dette undersøkt i form av statistisk analyse.

TV er eit snakkemedium, sa ein gong den danske kulturforskaren Søren Kjørup. Med sine teksta program er det også eit skriftmedium. Sylfest Lomheim estimerte i 2000 at kvar nordmann las tv-tekstar svarande til om lag 1200 boksider.¹⁹⁹ Ein meir inngåande studie frå Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo tyder på forbruket i 2003 utgjorde om lag 6000 sider, eller 17–18 romanar.²⁰⁰ Nordmenn såg ein tanke mindre på tv i 2014 enn i 2003; 84 minutt dagleg var blitt til 74 minutt.²⁰¹ Den endringa er så lita at reknestykket frå 2003 gjeld framleis. Desse tekstane er altså ein viktig del av den språklege kvardagen.

I 2014 teksta NRK 19 400 sendetimar i tv, mot 11 900 fem år tidlegare (tabell 14.1.6). Denne store auken fordelte seg ganske likt mellom framandspråklege program og program på norsk. I 2010 teksta NRK godt og vel halvparten av alle programma, og i 2014 var 85 prosent teksta. Kor mykje av dette som var på nynorsk, og kor mykje på bokmål, kan førebels ikkje seiast.

Teksting femner om endå meir enn dette. Norsk audiovisuell oversetterforening la i 2005 fram ein rapport som viste at 25 ulike tv-kanalar teksta om lag 15 000 sendetimar i 2003, 211 kinofilmar og 700 filmar til utleige. Dette utgjorde 240 000 boksider. Med same om rekningsfaktor som ovanfor svara dette til 720 romanar.²⁰²

Trass i dette var truleg den norske tv-marknaden aldri mindre norsk enn no, konstaterte direktøren i Riks-TV sommaren 2015.²⁰³ Aktørar som HBO, Netflix, YouTube og Facebook styrkte den angloamerikanske kulturindustriens grep om mediekvardagen. YouTube var vinnaren blant dei gratis strøymetenestene og hadde ei dagleg dekning på 23 prosent. Den største brukarbetalte strøymetenesta var Netflix, som kvar tredje husstand abonnerte på.

 

14.2 Medarbeidarar

Nynorsk faktabok 2005 dokumenterte for første gong korleis programmedarbeidarane fordeler seg etter språk like frå 1965 til 2003 (tabell 14.2.1). Detaljar i dette materialet kan studerast (tabell 14.2.2 og 14.2.3). Frå berre 25 nynorskbrukande medarbeidarar i 1965 hadde NRK i 2003 171 slike medarbeidarar, og då jamt fordelt mellom riksredaksjonane og distriktskontora. I prosent var NRK likevel høgare oppe i 1980-åra. Då brukte kvar femte programmedarbeidar nynorsk.

NRK Nynorsk mediesenter blei opna i Førde i 2004. I planlegginga blei alle redaksjonelle medarbeidarar i NRK i 2003 kartlagde etter språk og avdeling. Som ein del av det arbeidet blei ei undersøking frå 1988 henta fram og gjennomført på nytt. Då undersøkinga blei gjennomført i 2003, var materialet frå 1965 ikkje kjent.

I 1988 hadde NRK 116 nynorskbrukande programmedarbeidarar. Desse utgjorde 19 prosent på distriktskontora og 18 prosent i riksredaksjonane for radio og tv. I 2003 var det framleis 19 prosent nynorskbrukarar på distriktskontora, men no utgjorde dei berre 10 prosent i riksredaksjonane. Totalt sett utgjorde dermed nynorskbrukarane ein mykje mindre del av programmedarbeidarane i NRK i 2003 enn 15 år tidlegare.

NRK sende mange fleire programtypar i 2003, og dei hadde mange fleire programmedarbeidarar. På distriktskontora var det heile 61 prosent fleire medarbeidarar i redaksjonane i 2003 enn i 1998. Seks av distriktskontora hadde fleire nynorskbrukarar, men det var også seks distriktskontor som stod heilt utan nynorskbrukarar i 2003, og åtte kontor hadde seks eller færre nynorskbrukarar. Nynorske redaksjonsmiljø over den kritiske storleiken var det berre i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, i 1988 så vel som i 2003.

I 2003 arbeidde godt og vel 430 personar i redaksjonane på distriktskontora i NRK. I riksredaksjonane for radio og tv arbeidde det over 870. Språkleg var desse riksredaksjo-nane sette i hop på heilt anna vis enn distriktskontora. Nynorskmedarbeidarane i NRK er regionaliserte på ein slik måte at over halvparten av dei arbeidde på distriktskontora.

Det var i sentralredaksjonane dei negative tala skjulte seg. Talet på nynorskbrukarar i sentralredaksjonane i radio og TV har auka med 35 prosent sidan 1988, frå 65 til 88. I det same tidsrommet var det derimot blitt meir enn dobbelt så mange bokmålsmedarbeidarar i sentralredaksjonane til NRK. Spreidde rundt på mange redaksjonar som nynorskbrukarane er, innebar dette at berre dagsnytt- og magasinredaksjonane for rikskanalane i NRK hadde den nødvendige kritiske storleiken for bruk av nynorsk.

Undersøkinga i 2003 synte at NRK då var på veg tilbake til der institusjonen var før utbygginga av distriktskontora blei pressa fram i 1970-åra. NRK voks på 2000-talet meir sentralt enn regionalt. Samstundes stod bruken av nynorsk i NRK generelt i fare for å bli innsnevra til nyheiter og det regionale. Heile 9 av 33 redaksjonseiningar var fri for nynorsk. Særleg kritisk var det i barne- og ungdomsredaksjonane, og i underhaldningsavdelinga.

Når vi no veit kor mange fleire bokmålsmedarbeidarar NRK har skaffa seg i seinare år, er det eit mirakel at nynorskprosenten i NRK-programma faktisk har auka og ikkje falle som stein til botnars.

I 2009 blei det gjennomført ei undersøking blant alle NRK-tilsette som kunne ha gitt påliteleg og oppdatert informasjon til undersøkingane frå 1965, 1988 og 2003 (tabell 14.2.4 og 14.2.5). Diverre valde NRK Forsking ein metode som gjer det umogleg å vite om svara var representative. Truleg var det fleire nynorskbrukarar enn bokmålsbrukarar som svara av di dei var meir motiverte til å gjere det. Undersøkinga blei lagd fram ved femårsjubileet for NRK Nynorsk mediesenter i Førde.

Av vel 2000 journalistar og redaksjonssjefar svara 754. Av desse brukte 15 prosent alltid nynorsk skriftleg, og 9 prosent sa dei gjorde det ofte. Det vil seie at kvar fjerde medarbeidar i undersøkinga ofte eller alltid skreiv nynorsk på arbeid. 10 prosent svara at dei skreiv dialekt ofte eller alltid. Så stor del av alle redaksjonsmedarbeidarar utgjer ikkje nynorskbrukarane; då hadde også ein større del av sendingane vore på nynorsk (eller dialekt).

22 prosent av dei som svara, skreiv som regel nynorsk eller begge språka. Dette er mange fleire enn dei som gjer det på landsplan (sjå kapittel 7.2). Det kan nok hende at nynorskbrukarane utgjer fleire prosent i NRK enn i heile landet, men også dette svaret tyder på at undersøkinga ikkje er representativ.

NRK gjennomførte ei større og påliteleg undersøking i 2012 (tabell 14.2.6). Der svara 6 av 10 at dei snakka bokmål eller mest bokmålsprega, medan 3 av 10 snakka mest dialekt, og 9 prosent snakka nynorsk eller mest nynorskprega. Dette viser at den store staben av redaksjonelle medarbeidarar i NRK er språkleg ganske representativ for Noreg.

Medieforskaren Jon Peder Vestad sette ved tusenårsskiftet i gang eit doktorgradsprosjekt om nynorskjournalistane i NRK. Om lag 190 nynorskjournalistar svara på spørsmåla hans. Dette var 70 prosent av dei som då brukte nynorsk i nasjonale og regionale kringkastingsstasjonar. Prosjektet blei aldri fullført, men alt i 2001 publiserte han nokre hovudfunn i ein artikkel.²⁰⁴

Ni av ti svara at det var viktig for dei å bruke nynorsk. Fire av fem sa seg heilt eller ganske samde i at identiteten deira som nynorskbrukarar var sterk. Tre av fire var heilt eller delvis samde i at «eg er kry av å vere nynorskbrukar». Berre fem prosent var samde i det gamle slagordet «Nynorsk einaste skriftspråk i Noreg».

Heile 95 prosent vurderte si eiga rolle som viktig, både som språkleg førebilete og som garantistar for nynorsk i framtida. 60 prosent meinte det var viktig at språket dei brukte i sendingane viste kvar dei kom frå. Kvar femte meinte at nynorsk kunne vere til hinder for dei på arbeidsmarknaden i framtida, og dette meinte kvar tredje av dei som hadde vakse opp utanfor det nynorske kjerneområdet. Likevel svara halvparten nei på om dei kunne tenkje seg å bruke bokmål som arbeidsspråk. Over 80 prosent hadde aldri vurdert seriøst å skifte til bokmål som arbeidsspråk, men 10 prosent hadde snust på tanken. Det var også 10 prosent som hadde hatt bokmål som opplæringsspråk i skulen.

Om lag halvparten av dei 190 journalistane snakka nynorsk med dialektpreg, som Vestad sjølv rekna som normert nynorsk. Dei fleste var usamde i at normert tale er en uting, eit lite fleirtal meinte ein burde snakke normert i rikssendingar, men eit fleirtal ville også ha meir dialektbruk i etermedia generelt. 27 prosent snakka nynorsk med tydeleg dialektpreg. Berre 34 prosent meinte det var lett å snakke normert utan manuskript, medan over 80 prosent meinte det var lett å snakke normert med manuskript.

Ni av ti fekk ros frå ukjende for språkbruken sin, men over halvparten hadde fått negativ kritikk. 60 prosent ønskte ei liberal linje i tilnærminga mellom nynorsk og bokmål, medan 33 prosent ønskte ei tradisjonell linje for nynorsk, med avstand til bokmål. Berre 10 prosent var heilt samde i bokmål påverka nynorsk for mykje.

Under halvparten var eller hadde vore medlem i Noregs Mållag eller andre nynorskorganisasjonar. Over halvparten hadde ei svært sterk eller ganske sterk samkjensle med andre nynorskbrukande journalistar i radio og tv. Samkjensla med andre nynorskbrukarar var sterkast hos dei som hadde vakse opp utanfor det nynorske kjerneområdet.

NRK er ein av dei viktigaste språkaktørane i Noreg. Det som NRK gjer språkleg på éin dag, kan ha meir å seie enn det mange andre prøver å få til på eitt år. Lyttarane og sjåarane får meir språkleg mangfald frå denne institusjonen enn nær sagt nokon annan allmennkringkastar i verda er i stand til å gi, og mykje meir enn frå private mediekonsern. Årsaka er dei formelle språkkrava som blir stilte, og måten desse blir handterte i det daglege redaksjonelt og administrativt. Desse krava framhevar språk på ein heilt annan måte i NRK enn hos mange av konkurrentane.

Det er eit privilegium å få spegle det språklege mangfaldet i Noreg, sa dåverande kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas i 2010.²⁰⁵ Stort sett viser dette att i måten NRK framstiller seg sjølv på for omverda, men i rapporten NRK i 2004 var der ikkje eitt ord om språk. I denne institusjonen som i så mange andre er leiinga den kritiske faktoren. Det leiinga ikkje legg vekt på, blir heller ikkje viktig for andre.

 

14.3 Utdanning

Frå 1970-åra blei etter kvart utdanning i journalistikk eit av dei mest etterspurde tilboda ved universitet og høgskular. Sjølv då det eine mediehuset etter det andre på 2000-talet måtte strame inn og skjere ned på stillingstal, heldt denne populariteten seg.

I åra 2007–2009 blei det utdanna 621 journalistar i Noreg.²⁰⁶ Av desse var 51 eller 8 prosent nynorskbrukarar. Halvparten kom frå journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda, der kvar femte journaliststudent brukte nynorsk. På same tid sende NRK Nynorsk mediesenter frå seg 30 nynorskpraktikantar, altså fleire enn Høgskulen i Volda. Her dreiar det seg rett nok om to ulike typar utdanning – ei toårig høgskuleutdanning og ei fem månaders praktikantutdanning.

NRK Nynorsk mediesenter i Førde blei oppretta i 2004. Til og med 2015 hadde institusjonen utdanna 115 nynorskbrukande journalistar (tabell 14.3.1). Desse kom frå om lag 70 kommunar i 11 fylke, og seks av ti var kvinner. Sommaren 2015 arbeidde 57 prosent av dei utdanna journalistane i medieverksemder – om lag 50 prosent i NRK.²⁰⁷ I dei åra verksemda har vore i drift, er ein minkande del av dei utdanna praktikantane blitt verande i massemedia.

 

14.9 Historisk statistikk

Nynorsk faktabok 2005 presenterte eit materiale som dokumenterte bruken av nynorsk i verbalprogram etter emneområde. Materialet gjaldt åra 1956–1971 og 1972–1984 (tabell 14.9.1 og 14.9.2). Her kom det fram at nynorsk – medrekna halvparten av dialektinnslaga i tabell 14.9.2 – var blitt jamnare fordelt med åra. I 1950- og 60-åra var nynorsk knapt brukt i underhaldningsprogram i det heile. Dette er framleis eit domene der nynorsk er lite synleg. Mest brukt var nynorsk i 1950- og 60-åra i Dagsnytt og i religiøse program.

Den eine langtidsverknaden av dette var at nynorsk blei eit respektert og velfungerande nyheitsspråk, til glede for mange aviser (sjå kapittel 15). Så dominerande og prestisjeprega som nyheitssendingane er blitt, har det mykje å seie at nynorsken framleis blir mykje brukt i desse programma.

Den andre langtidsverknaden var at bruken av nynorsk i religiøse program gjorde sitt til å halde ved lag den nynorske posisjonen i kyrkjelivet og byggje opp under den jamstellinga som har prega dette domenet (sjå kapittel 17.1).

Det er vanskeleg å bruke talemål som grunnlag for kategorisering. Kringkastingsringen har i fleire analysar prøvt med andre språkinndelingar og skilt mellom normert og normnært språk og mellom nynorsknære og bokmålsnære dialektar (tabell 14.9.5). Det gjekk tydeleg fram at radiostasjonane sjølve hadde få programmedarbeidarar som brukte normalnynorsk. I nyare radioprogram er det altså ikkje dei tilsette ved radiostasjonane, men studiogjestene, intervjuobjekta og innringjarane som løftar prosenten for nynorsk og nynorsknært talemål.

Tilsvarande har den nesten totale mangelen på nynorskbrukande programmedarbeidarar i barne- og ungdomsredaksjonen og i underhaldningsavdelinga alt sett djupe kulturhistoriske spor. Igjen blir det tydeleg at forholdet mellom tilsette og andre nynorskbrukarar har mykje å seie. Når teksta innslag blir rekna med, viste ei undersøking frå 1996 at NRK hadde mykje meir nynorsk enn TV 2 og TV Norge (tabell 14.9.6, 14.9.7 og 14.9.8). Grunnen var at TV Norge iallfall pr. 1996 let vere å tekste innslag på nynorsk. Ein liknande praksis la TV 2 til grunn i heile konsesjonsperioden til og med 2009.

Ei undersøking frå 1997 viste at nynorsk var nesten fråverande i teksting av barne- og ungdomsprogram (tabell 14.9.9). Med NRK Super fekk allmennkringkastinga ein gyllen sjanse til å snu opp ned på dei språklege konvensjonane i barne-tv på norsk. I 2009 blei eit dubbefirma for nynorsk bygt opp i Volda. Praksis har vist at dubbing også blir brukt i program for sjåargrupper som kan lese, slik at fleire program no blir dubba som før berre blei teksta.

Det var NRK som etablerte ein fleirspråkleg praksis for nyheitsformidling i riksdekkjande massemedium her til lands. Då TV 2 opna sendingane sine i 1992, var denne praksisen blitt ein sosial konvensjon som TV 2 vanskeleg kunne oversjå. I staden gjekk dei til dels lenger enn NRK, iallfall i nyheitsdekninga. Ei lita undersøking frå 1997 er førebels den einaste i sitt slag, og den viser at TV2 då brukte mindre normert bokmål enn NRK og meir normert nynorsk (tabell 14.9.10).

 

Tema: å føre språkstatistikk

NRK har ført språkstatistikk sidan 1933. Det skulle borge for ein viss kvalitet. Sluttala i statistikkane byggjer på opplysningar frå svært mange medarbeidarar i verksemda, og då skal det godt gjerast at alt blir ført konsistent. Kva er normalmål, kva er dialekt?

På grunnlag av tilråding frå språkkonsulent Finn-Erik Vinje valde NRK å inkludere dialektbruken i tala for dei normerte talespråka nynorsk og bokmål. 50 prosent av dialektbruken blei rekna som nynorsk, 50 prosent som bokmål. Ein time på dialekt frå Fredrikstad, Kristiansand eller Kirkenes ville altså bli rekna som 30 minutt nynorsk og 30 minutt bokmål.

Denne reknemåten har NRK halde fast ved like sidan 1972. Det som har endra seg, er vurderinga av språkgrensene og sjølve statistikkføringa.

Lenge bygde statistikkane for språkbruk i NRK på faktisk registrering av kvart program, utført av eit ukjent tal medarbeidarar. Dette gav neppe pålitelege tal. Ein peikepinn på dette kan finnast i tabell 14.9.5. Der blei det lagt fram eit statistisk materiale der all språkbruk var registrert og vurdert av éin person, Randi Alsnes i Kringkastingsringen. Ho hadde lytta til vilkårleg utvalde program og sjølv ført opp språkbruken. Ho kom fram til at bruken av normert eller normnær nynorsk låg langt under dei offisielle tala frå NRK. Sjølv om programutvalet var avgrensa, viste materialet det sannsynlege i at det personlege skjønet har variert for mykje i føringa av NRK-statistikken.

Etter ein overgangsfase frå 1999 endra NRK statistisk metode og gjekk over til å ta systematiske stikkprøver. Språkfordelinga etter 1998 kan knapt samanliknast med tidlegare år. Grunnen er at NRK la om til ulike datastyrte redigeringsprogram. Det skulle normalt gjere det lettare å registrere språk i innslag, særleg for NRK sine eigne medarbeidarar. I staden blei arbeidet fragmentert og meir vilkårleg enn det var før. Nyheitsdivisjonen (NYDI) tok i bruk databasen ENPS i midten av juni 1999. Her kom diverre ikkje språk med som kategori. Når nyheitssendingane dermed fall utanfor, og vi veit at nettopp nyheitsredaksjonane tradisjonelt har hatt ein ganske sterk nynorskprofil, blir dermed det samla biletet misvisande. For 1999 skriv tala for radiokanalane seg frå eit utval program, og i tv er ikkje program frå NYDI rekna med.

Den språklege dokumentasjonen blei på ny lagd om i 2006. Frå då av blir det gjennom året samla inn om lag 1000 programklipp frå kvar hovudkanal. Dette skal gi eit utval av innhaldet både gjennom døgnet og året. sju–åtte personar ser eller lyttar seg gjennom alle klippa, kodar språk og tek tida. Dei koda tidene for kvar kanal blir summerte og omrekna til prosentar. Datamengda er altså mykje mindre enn før, men systematikken større og vurderingane under større kontroll.

Uvissa som sit att, gjeld den språklege vurderinga av kva som er nynorsk, dialekt og bokmål. I 2006 endra NRK også kriteria for fordeling mellom normert språk og dialekt. Frå då av blir alle tvilstilfelle rekna som dialekt. Det ligg ein norm i det også: Tvilen skal kome dialektane til gode.

Endringane kunne i prinsippet ha gitt eit mykje meir påliteleg grunnlag enn den individuelle registreringa. Til gjengjeld blei det språklege skjønet endå meir avgjerande, ikkje minst fordi dialektar blei meir brukte i NRK, og skiljet mellom dialekt og normert tale blei meir uklart. Metodisk er tala for dei siste åra difor meir pålitelege enn dei var for tidlegare år. Språkfagleg kan derimot tala vere vel så usikre no som dei var før.

Alle distriktsprogram har vore haldne utanfor språkstatistikken i NRK. Berre program på riksnettet har altså vore rekna med. Det inneber nokså sikkert at bruken av nynorsk har vore undervurdert, og heilt sikkert at tala for dialektbruk har vore for små.

Resultatet av praksis og endringar er at nynorsk ser ut til å vere meir brukt enn det som er tilfelle. Viss svært mange medarbeidarar og programdeltakarar snakkar dialektar frå sentral-Austlandet, ville dette føre til at bruken av nynorsk går opp i statistikken.

Det ser altså ut til at tida er forbi for dei sikre konklusjonane om bruk av nynorsk, dialekt og bokmål i NRK. Iallfall er det berre nokså overordna konklusjonar ein kan trekkje ut frå jamføringar over lang tid.

 

Perspektiv: talemål eller skriftspråk

Det har aldri vore tvil om at bokmål både er eit skriftspråk og eit talemål. Derimot har mange sett på nynorsk som eit skriftspråk og ikkje noko anna. Språkforskaren Alf Sommerfelt hadde eit godt poeng i ein leksikonartikkel frå 1939 om språk i Noreg. Der skreiv han at nynorsk gjennom opplæringa i skulen også var blitt eit talemål.²⁰⁸ 

Det hadde nok skjedd før, og på fleire måtar enn gjennom skulen.

Ei nynorsk kulturhistorie er skriven. Dialektane er grundige dekte i mange språkhistoriske arbeid. Historia om nynorsk som standard talemål ligg derimot berre føre i fragment og kommentarar. Den vordande riksprogramsjefen i NRK, Olav Midttun, tok opp emnet i 1920-åra, og den tidlegare riksprogramsjefen Olav Midttun gjorde opp status i 1960.²⁰⁹ Der peika han på den rolla både kyrkje, ungdomslagsstemna, organisasjonar som Vestmannalaget og ikkje minst NRK hadde spelt. Mange var med og snakka jamt meir frå slutten av 1800-talet, og med NRK blei nynorsk eit talemål på riksplan alt i 1933.

Eit heilt vanleg talemål var det likevel ikkje, meinte Sommerfelt. «Dette talemålet mangler imidlertid sentrum, det har ingen fast, kompakt befolkningsmasse å støtte seg til.»²¹⁰ Det er ei ganske presis framstilling av at nynorsk som talemål blir ein variant på linje med ulike dialektar, som også vil prege nynorsk brukt i tale.

Utviklinga av dialektbruken i NRK og andre radio- og tv-stasjonar er ein direkte konsekvens av dialektaksjonane frå 1970-åra. Generelt er både radio- og tv-programma språkleg ledigare enn for nokre tiår sidan. Normerte talespråk blir oppfatta som stivare og meir formelle. Dermed blir dialekt i aukande grad eit alternativ til både bokmål og nynorsk. Det har mest å seie for oppfatninga av nynorsk, som i utgangspunktet er eit mindre brukt språk enn bokmål.

Tvers gjennom denne store språkendringa er ein sjanger nesten like språkleg einsidig i dag som for 20 eller 40 år sidan. Både program for barn og unge og underhaldningsprogram for vaksne er mykje meir dominerte av bokmål enn den rådande språkpolitikken skulle tilseie.

Det er blitt meir sjølvsagt at radio- og tv-programma skal ha fleire deltakarar frå innvandrarmiljøa enn at dei skal ha fleire med nynorskbakgrunn. Det er lettare å sortere og kvotere etter etnisitet enn etter språk. Svaret er både-og, ikkje anten-eller.

I radio og tv handlar det om tre brukssituasjonar: manusbundne sendingar, programleiars språk og språket til intervjuobjekta.

Språkfordelinga hos intervjuobjekta kan til ein viss grad styrast av kva slags program ein lagar og kvar ein hentar programdeltakarane frå. Di fleire som blir henta frå Oslo-området, der dialekt og nynorsk blir lite brukt, di meir normert bokmål vil det bli. Å normere den spontalen desse programdeltakarane representerer, er blitt utenkjeleg i Noreg. I eit land som Frankrike er situasjonen ein heilt annan. Der vekte det reaksjonar då Miss France i 2011 snakka alsassisk i eit offisielt intervju.²¹¹

Hos dei tilsette i NRK fordeler den private bruken av nynorsk, dialekt og bokmål seg om lag som i samfunnet elles. I tillegg er der ein klar tendens til at ein del medarbeidarar ønskjer å bruke normert tale.

Nyheitsopplesarane er i utgangspunktet bundne til å snakke normert nynorsk eller bokmål. Unntak kan bli gitt, og per 2015 gitt to gonger etter at den unntaksregelen blei innført i 2008. For andre manusbundne sendingar er det ganske lett å fremje bruken av normert tale.

Sommaren 2015 la regjeringa Solberg fram forslag til ny plakat for NRK. Dette er dei overordna retningslinjene NRK skal styre etter. To av 12 punkt handla om språk, og det målet frå 1970 om minst 25 prosent nynorsk som seinare var blitt vedtektsfesta, var ført vidare i det nye framlegget til NRK-plakat.

Dialekt og privatspråk er to ulike normsystem, og den auka bruken av dialekt har ført til at fleire tek til orde for dialektnormering. Det første formelle initiativet tok NRK. Frå og med 2015 har NRK etablert eit regime for dialektrøkt med eigne reglar for bruk av dialekt. I slik dialektrøkt kan ein tenkje seg at ein normerer mot nynorsk der det er konflikt mellom nynorsk og bokmål i dialektane.²¹²

Med unntak av planspråka er alle skriftspråk også talemål. I den nynorske skriftkulturen er både dialektar og normert tale viktig Den sosiale statusen for normert nynorsk tale vil nok aldri vinne den same posisjonen som normert bokmålstale alt tidleg oppnådde. Bandet mellom dialektane og nynorsk har vore både det lingvistiske grunnlaget og den språkpolitiske rettesnora for nynorskbrukarane. Dette artar seg annleis i praksis på somme område. På teaterscenene vil der vere ei reell motsetning mellom dialekt og nynorsk som talemål. I radio og tv vil den same spenninga vere der først og fremst ved at meir dialektbruk kan redusere bruken av normert nynorsk.

I land som Frankrike og Tyskland er det mest utenkjeleg at elevane snakkar dialekt i undervisninga. I Noreg blei elevens rett til å bruke eige talemål knesett så tidleg som i 1878. Var der ein kamp om språkleg tillit, var det dialektane som vann den striden. Då målrørsla sette i gang dialektbølgja i 1970-åra, var det ingen som såg for seg at dialektane kunne bli skriftspråk. Det handla om å legitimere dialektane som talemål når som helst og kor som helst. Så vellykka var dette arbeidet for auka status for dialektane som talemål at jamt fleire brukarar også tok dialektane med inn i skrifta. Den utviklinga blei styrkt av tekniske nyvinningar, først og fremst digitale medium som for mange viska ut skiljet mellom det private og det offentlege.

Det som hadde vore ein språkleg variasjon i brev og andre private dokument, blei på 2000-talet så mykje brukt i nokre digitale format at det nærma seg eit tredje skriftspråk. Å skrive uformelt på dialekt kan vere ei bru til nynorsk, og det kan godt hende at meir skriving på dialekt skaper ei slags språkleg motstandskraft. Blir dialektrøkt akseptert og utbreidd, kan det i neste omgang vere med og normere den skriftlege dialektbruken. Då kan bandet til nynorsk styrkjast eller slitne.

 

Publisert 9.10.2015

Sist oppdatert 22.9.2015

 

¹⁹⁹ 
  Sylfest Lomheim: Skrifta på skjermen, Kristiansand 2000.  
  Espen Seip Blystad og Arnt Maasoe: The Invisible Text, Universitetet i Oslo 2004, upaginert. 
  Odd Frank Vaage: Norsk mediebarometer 2014, Statistiske analyser 143, Statistisk sentralbyrå, Oslo 2015. 
  Referert i Gjert Kristoffersen ofl.: Norsk i hundre!, Oslo 2005, s. 99.
  Christian Birkeland: «TV i Norge har aldri vært mindre norsk», Sunnmørsposten 21.7.2015.
Sylfest Lomheim: Skrifta på skjermen, Kristiansand 2000.    ²⁰⁰ Espen Seip Blystad og Arnt Maasoe: The Invisible Text, Universitetet i Oslo 2004, upaginert.  
²⁰¹ Odd Frank Vaage: Norsk mediebarometer 2014, Statistiske analyser 143, Statistisk sentralbyrå, Oslo 2015.  
²⁰² Referert i Gjert Kristoffersen ofl.: Norsk i hundre!, Oslo 2005, s. 99. 
²⁰³ Christian Birkeland: «TV i Norge har aldri vært mindre norsk», Sunnmørsposten 21.7.2015. 
²⁰⁴ Jon Peder Vestad: «Utfordringar for nynorsk normaltalemål», Vestads vevstad, lesedato 3.5.2001. Først halde som foredrag i Målpolitisk råd ved Det Norske Teatret 21.4.2001.    
²⁰⁵ Hans-Tore Bjerkaas: «Språkrekneskap for NRK», foredrag på Dei nynorske festspela 25.6.2010.  
²⁰⁶ Hans-Tore Bjerkaas, same staden.
²⁰⁷ NRK Nynorsk mediesenter: Statusrapport 15.05.2015, www.nynorskmediesenter.no, lesedato 22.7.2015, og e-post frå Magni Øvrebotten med korrigerte data 20.8.2015.  
²⁰⁸ [Alf Sommerfelt]: «Norges språk», Familieboken, band VI, Oslo 1939, s. 410.
²⁰⁹ Olav Midttun: Nynorsk talemål i samhøve med skriftmålet og målføra, Oslo 1960.
²¹⁰ Alf Sommerfelt, same staden  
²¹¹ Ottar Grepstad: Språksansen, Oslo 2013, innførsel 18. januar.
²¹² Opplyst av språksjef Ragnhild Bjørge i ein debatt på Dei nynorske festspela 26.6.2015
    Artikkellesar