13 Digitale medium

Ni av ti nordmenn bruker Internett dagleg. Det styrkjer norsk skriftkultur generelt. Vurderinga i 2010 var at Internett ikkje hadde endra forholdet mellom bokmål og nynorsk, og at aldri før hadde fleire tekstar vore tilgjengelege på bokmål og nynorsk. Det same kan seiast i 2015.

13 Digitale medium
Figur 13.1 Nynorske tekstar på statlege nettstader og NRK.no 2010–2014. Prosent

For nynorskbrukarane med eit mindre brukt språk er ein digital skriftkultur særleg viktig. I 2015 var truleg fem prosent av dokumenta på nettsider med norsk tekst på nynorsk. Dette forholdet mellom nynorsk og bokmål har vore ganske stabilt frå den første målinga i 1997. Nynorsk var på veg til å bli like mykje brukt i det nyaste massemediet Internett som i dei gamle formene boka og avisa. Dei digitale tekstane er berre så mykje meir tilgjengelege.

Bokbransjen opna aldri for gratis, allmenn tilgang til utgivingane sine på Internett. Det gjorde avisene frå 1990-åra, og rekninga blei betalt utover på 2000-talet. Alle viktige nynorsk- og bokmålsaviser hadde digitale utgåver i 2014, og der var ein viss tendens til meir språkblanda redigering på nettstadene enn i papirutgåvene. Dei to handordbøkene Nynorskordboka og Bokmålsordboka hadde i 2014 74 millionar unike brukarar, mot 88 millionar året før. Relativt sett blei Nynorskordboka mest brukt.

Berre VG.no hadde fleire brukarar enn NRK.no i 2014. Med sin språkblanda praksis er NRK.no den viktigaste formidlaren av stoff på nynorsk til eit stort publikum. På statlege nettstader auka bruken av nynorsk vesentleg frå 2005 til 2014.

På Facebook, Twitter og i andre sosiale medium vekslar mange melom fleire språk. Truleg skriv om lag seks av ti dialekt eller det som kan kallast eit unormert privatspråk. Slik har mange nordmenn skrive også før dei digitale formata tok over.

 

13.1 Internett
13.2 Oppslagsverk
13.3 Andre allmenne nettstader
13.4 Offentleg forvaltning
13.5 Næringsliv
13.6 E-post, sms og sosiale medium
Tema: døgnskrift
Perspektiv: mellom dialekt og engelsk

Last ned heile teksten i pdf her

 

13.1 Internett

Det ser ut til at om lag fem prosent av tekstar på norske nettsider er på nynorsk. Fleire undersøkingar frå 1997 til 2015 peikar i den leia.

Ved å søkje etter språkmarkerande ordformer som «ikkje» på nynorsk og «ikkje» på bokmål er det mogleg å få eit ganske påliteleg oversyn over bruken av nynorsk på Internett. Det første søket blei gjennomført alt hausten 1997 av Norsk språkråd til bruk i Nynorsk faktabok 1998 (tabell 13.1.2). Dette var første gongen ein prøvde å kartleggje omfanget av norsk språk på Internett i det heile.

I 2015 blei nynorsk brukt i 1,6 prosent av dei dokumenta på norskspråklege nettsider som var indekserte og registrerte i Google, og i 4,6 prosent av tilsvarande dokument i Bing (tabell 13.1.11). Eit søk med Yahoo gav 16,4 prosent nynorsk. Det ligg altså ikkje føre eintydig informasjon om kor mykje nynorsk er brukt på norskspråklege nettsider. Den søkemetoden som har vore brukt sidan 1997, kan vere forelda.

Seint i 1990-åra var søkjemotoren AltaVista rekna som den beste. Typiske nynorskord var i gjennomsnitt brukte i 4,3 prosent av alle dokumenta i 1997 (tabell 13.1.1). Det vil seie at Internett som massemedium då hadde mindre nynorsk enn dei fleste andre massemedia i Noreg. I bokmediet utgjorde nynorsken då om lag 7 prosent, i verbalsendingane til NRK kring 10 prosent, i avisene over 20 prosent.

Søk i 1999, 2001, 2003, 2004, 2005 og 2009 gav nokså ulike tendensar med dei to søkjemotorane (tabell 13.1.3–13.1.10). Med AltaVista låg bruken av nynorsk stort sett på 4–5 prosent i det nemnde tidsrommet, med ein tydeleg topp kring 2001, medan Google gav nærmare 8 prosent nynorsk.

Nynorsk faktabok 2005 blei skriven, såg det ut til at ein tydeleg større del av norskspråklege dokument var på nynorsk kring 2005 enn i 1997. Etter nødvendige korrigeringar blei biletet eit anna. Nynorsk utgjorde kanskje ein like stor eller liten del av norskspråklege dokument på Internett i 2009 som i 1997. På desse åra hadde derimot dokumentmengda på Internett eksplodert i omfang. Difor var mykje meir nynorsk tekst tilgjengeleg på Internett utover på 2000-talet enn på slutten av 1900-talet.

 

13.2 Oppslagsverk

Dei to ordbøkene Nynorskordboka og Bokmålsordboka inneheld til saman om lag 175 000 oppslagsord. I 2000 søkte publikum 1,1 millionar gonger i desse ordbøkene. I 2014 blei det gjennomført heile 74,3 millionar søk (tabell 13.2.1). Forholdet mellom søk i nynorsk og i bokmål var 40–60. Relativt sett blei altså Nynorskordboka mest brukt. Det seier noko om at mange nynorskbrukarar er usikre på sitt eige språk, men ny rettskriving for nynorsk i 2012 gjorde at ekstra mange brukte ordboka det året. Det var 25 prosent færre søk i Bokmålsordboka i 2014 enn året før. To viktige årsaker kan vere betre (betalings)teneste på Ordnett.no og at Bokmålsordboka langt frå var oppdatert.

Det største nynorske oppslagsverket på Internett på Wikipedia Nynorsk. Frå den første artikkelen i 2004 hadde dette verket vakse til meir enn 120 000 oppslagsord sommaren 2015. Wikipedia Bokmål hadde i 2015 nådd endå høgare. Den første bokmålsartikkelen blei publisert i 2001, og bokmålsutgåva inneheldt våren 2015 nærmare 410 000 oppslagsord. Det gjorde Wikipedia Bokmål til det 20. største av 285 Wikipedia-utgåver.¹⁹² Nynorskversjonen stod for 23 prosent av alle oppslagsorda i dei to norske utgåvene, mot 17 prosent i 2006.

Store Norske leksikon inneheld ein del artiklar på nynorsk, men desse er ikkje merka med språkkode, og det er difor uvisst kor mange dei er og dermed kor stor del dei utgjer av alle artiklane i verket. Sommaren 2015 inneheldt Store Norske leksikon om lag 170 000 artiklar.¹⁹³

Allkunne er det einaste redigerte oppslagsverket på Internett. Dette blei planlagt frå 1999, og tenesta opna i 2009. Ved utgangen av 2014 hadde Allkunne publisert vel 14 000 artiklar (tabell 13.2.3). Sommaren 2015 hadde dette auka til om lag 22 000.

 

13.3 Andre allmenne nettstader

Før 2000 var Internett ein lite brukt kanal. Eit mindretal av pc-brukarane hadde tilgjenge til Internett, og overføringskapasiteten var liten. I 1996 kunne berre 11 prosent av alle i Noreg klikke seg ut på Internett. I 2008 hadde 85 prosent tilgjenge til Internett, og 71 prosent brukte det dagleg. I 2014 hadde 96 prosent av alle i Noreg tilgjenge til Internett, og 88 prosent brukte nettet på ein vanleg dag.¹⁹⁴

Alt i 1996 var dei første allmenne nettavisene i gang som berre blei produsert digitalt. Nettavisen var redigert på bokmål, og utfordra iallfall storavisene og regionavisene til å satse på det nye massemediet nettavis. Schibsted tok regien først. Dag og Tid var den første nynorskavisa med nettutgåve, i avgrensa form, frå 1996.

Ved utgangen av 2009 var 59 nynorske nettaviser i drift (tabell 13.4.1). Denne dokumentasjonen er ikkje oppdatert seinare. I åra frå 1996 til 2009 varierte det mykje korleis desse nettavisene brukte det digitale mediet. Utviklinga gjekk gjerne i fire fasar, frå heimeside via smal nettavis til ei oppdatert fådagarsavis til å bli ei vanleg nettavis med jamleg oppdatering (tabell 13.3.2).

Internett gjorde stoff på nynorsk meir tilgjengeleg enn nokon gong før. Alt må ta til ein stad, og språkbruksmønsteret på Internett viste mykje same tendensen som i tidlegare medium. Rundt 1900 kom det ut få aviser og bøker på landsmål. Hundre år seinare var tilbodet eit heilt anna. Då var det digitale tilbodet på nynorsk om lag like lågt som avistilbodet hadde vore i 1900.

Ein annan viktig tendens var at nettutgåvene stundom er meir språkblanda enn dei same avisene er på papir. På nettet går det ofte fort, og dermed styrer kjeldene språket i større grad enn i papirutgåvene. Ved fleire høve har såleis VG.no publisert delar av nyheitssaker på nynorsk ved at dei redigerte saman utdrag frå dokument på nynorsk og bokmål frå ulike departement. Der fekk den tospråklege statsforvaltninga ein direkte konsekvens.

Etter at dei første nettavisene var i drift, blei berre om lag ti nye nynorskaviser skipa. Dei nye avisene kunne lage nettavis parallelt med papiravisa frå første nummer, med eventuelle taktiske og praktiske avgrensingar. Medieforskaren Sigurd Høst har dokumentert utbygginga av norske nettaviser sidan 1996. Ved utgangen av 2014 publiserte 198 norske nettaviser nyheiter digitalt, mot 194 i 2011.

I 2008 hadde 52 nynorskaviser utvikla ei eller anna form for nettavis, medan seks aviser mangla heilt ei slik teneste. 24 av desse dreiv det som kan kallast ei vanleg nettavis. Dei 28 andre avisene baud anten nettbrukarane ei avgrensa nettavis eller ei netteneste som blei oppdatert på linje med papirutgåva. Der var ingen eintydig samanheng mellom satsing på nettavis og utgivingsfrekvens for papiravisa; blant dei 24 nettavisene var ti vekeaviser på papir.¹⁹⁵

Over halvparten av nettavisene blei etablerte før 2002. Også dei fleste bokmålsavisene utvikla sine nettaviser til og med 2001. Særleg i 2000 og 2001 gjekk mange nynorskaviser på nettet. Stabiliteten var derimot så som så. På få år har mange nettaviser veksla mellom å vere avgrensa nettaviser, vanlege nettaviser eller nettaviser med avgrensa oppdatering.

Papir- og nettutgåvene var enno ikkje i 2009 blitt identiske. Dei større avisene heldt ein del av kommentarstoffet borte frå nettavisene, men dei fleste nynorskavisene var små og hadde difor heller lite slikt. I deira tilfelle var ein annan skilnad tydeleg, sjølv om det ikkje var ein skilnad som berre gjaldt nynorskpressa. Dei heldt att på personaliastoffet og reserverte dette jamt over for papirutgåva. Nettstrategien for nynorskavisene veksla frå regelmessig til selektiv oppdatering.

Språkleg prega pressekonsernsystemet nettutgåvene meir enn papiravisene. Då Firda i 1996 blei kjøpt opp av A-pressen, viste dette i første omgang mest att i leiar- og kommentarstoffet. På Internett blei den eittspråkleg redigerte papiravisa Firda til ein tospråkleg nettstad. Både papir- og nettutgåva var i 2009 framleis redigerte på nynorsk, men på nettet publiserte avisa mykje redaksjonelt stoff på bokmål, levert direkte frå det som hadde vore A-pressens eige byrå, Avisenes Nyhetsbyrå (ANB), og som no var selt til NTB. I pressekonsernet A-pressen var tunge tradisjonar frå det gamle partipressesystemet ført vidare. Det svake innslaget av nynorskaviser i den gamle arbeidarpressa var blitt til eit sterkt innslag av redaksjonelt bokmålsstoff i nettutgåvene i den nye A-pressen.

Med nettavisene fekk også kvar einaste nynorsk lokalavis riksdekkjande distribusjon. Stoffet var lokalt, men spreiinga uavgrensa. Aldri før var tekstar på nynorsk så allment tilgjengelege som no, og lokalavisene var viktige for at denne stoffmengda skulle kome over nivået for kritisk masse. Her hadde det absolutte talet meir å seie enn styrkeforholdet mellom nynorsk og bokmål.

Den viktigaste tilveksten i nynorsk nettjournalistikk etter 2000 er Framtida.no, ei nettavis redigert spesielt for unge lesarar. Med etableringsstøtte frå Kulturdepartementet i tre år gjekk Framtida.no frå å vere ein liten nettpublikasjon i 2010 til å bli ein ganske stor i 2014, då med meir enn 300 000 unike brukarar (tabell 13.3.4). Same året hadde Allkunne nær 100 000 brukarar.

Den fremste nettstaden for publisering på nynorsk var utan tvil NRK.no. År om anna var 16 prosent av artiklane på nynorsk, og i 2014 vil det seie at NRK.no publiserte om lag 12 000 artiklar på nynorsk (tabell 13.3.5). Dette er mindre enn Wikipedia publiserer på eitt år, men brukartala var svært høge. Med meir enn 5,6 millionar brukarar kvar veke var NRK.no i 2014 den nest mest brukte nettstaden i Noreg. Berre VG.no var større.¹⁹⁶

Den første store kartlegginga av publikumsretta nettstader i Noreg blei utført for Nynorsk faktabok 2005 (tabell 13.3.3). Metoden som blei brukt, var den same som for allmenne søk etter nynorsk- og bokmålsførekomstar på Internett. I 2005 utgjorde nynorskartiklar 28 prosent av det samla tilbodet på NRK.no, 29 prosent frå Utdanningsdirektoratet og 52 prosent på sprakrad.no. Dei fleste nettstadene hadde den gongen svært lite på nynorsk.

 

13.4 Offentleg forvaltning

Statlege nettstader bruker meir nynorsk enn før, men jamt fleire brukte i 2015 bere bokmål og engelsk som redaksjonsspråk. Utanom nynorskkommunane var kommunale nettstader ganske konsekvent på bokmål i 2015.

Internett er blitt jamt viktigare for kontakten mellom forvaltning og borgarar. Nynorsk faktabok 2005 la i samarbeid med Norsk språkråd fram ein omfattande dokumentasjon av kor mykje nynorsk, bokmål, samisk og engelsk var brukt på 173 nettstader i statleg regi (tabell 13.4.1). Berre tolv forvaltningsorgan gjorde då som Stortinget hadde føresett om fordeling av nynorsk og bokmål.

Nettsidene til statsorgan kjem inn under reglane i lov om målbruk i offentleg teneste. For sentrale statsorgan, dvs. statsorgan som har heile landet som tenestekrins, inneber det anten (1) at tekstar som statsorganet sjølv lagar, finst både i bokmåls- og nynorskversjon, slik at ein velje språk ved å klikke på bokmål eller nynorsk, eller (2) at minst fjerdeparten av tekstane er på nynorsk (eller på bokmål, dersom fleirtalet av tekstane er på nynorsk). Begge språka skal vere klart synlege på nettstadene. Ikkje berre ein del av det vekslande tilfanget skal vere på nynorsk, men også ein del av dei faste tekstane og menyane. Reglane blei fastsette i St.meld. nr. 9 (2001–2002) og St.meld. nr. 48 (2002–2003), og alle partia i Stortinget utanom Framstegspartiet slutta seg til dette.

Prosenttala for bokmål og nynorsk kan omfatte tilfang som ikkje kjem inn under mållovsreglane for sentrale statsorgan. I Den norske kyrkja, i undervisningsverksemda og i rettsstellet gjeld lova berre den administrative delen av verksemda. Nettstadene til somme etatar omfattar også regionale avdelingar, som anten har tenestemål eller er språkleg nøytrale. Vidare kan nettstadene ha tilfang laga av andre og der institusjonen sjølv ikkje har ansvaret for språket.

Færre enn tjue nettstader gav i 2005 brukarane høve til å velje mellom nynorsk og bokmål, eller var i ferd med å utvikle slike løysingar. Berre ni prosent av nettstadene hadde nynorsk skjermmiljø, medan 24 prosent hadde innslag av nynorsk på side 1.

I det redaksjonelle stoffet var det mindre enn ein prosent nynorskdokument på heile 49 nettstader – 28 prosent av alle nettstadene. 16 statlege nettstader var fri for nynorsk. I den grad femtalet er noko å skrive heim om, var det 52 nettstader – 30 prosent – som hadde meir enn 5 prosent av dokumenta på nynorsk. Av desse låg 30 nettstader over 10 prosent. Éin nettstad, Høgskulen i Sogn og Fjordane, skilde seg ut ved å ha for lite bokmål. Her høyrer den merknaden med at mållova primært blei utvikla for å auke bruken av nynorsk.

Med desse atterhalda og hovudtendensane var det i 2005 berre tolv av 173 nettstader som kunne seiast å oppfylle krava frå Stortinget og regjeringa:

1. Høgskulen i Sogn og Fjordane
2. Bunad- og folkedraktrådet
3. Høgskulen i Volda
4. Noreg.no
5. Språkrådet
6. Lotteri- og stiftelsestilsynet
7. Høgskolen Stord/Haugesund
8. Norsk lokalhistorisk institutt
9. Brønnøysundregistra
10. Utdanningsdirektoratet
11. Statens lånekasse for utdanning
12. Norsk kulturråd

På lista ovanfor er tre høgskular med. Resten av universitets- og høgskulesektoren strauk diverre med glans. Det same gjeld svært mange av dei mest publikumsretta nettstadene i statleg regi. Blant verstingane merkjer slike som Aetat, Barneombodet, Likestillings-ombodet, Samordna opptak og Skattedirektoratet seg ut saman med nasjonale gallionsfigurar i kulturlivet som Kulturnett Noreg, Nasjonalbiblioteket og Nasjonalmuseet for kunst.

Regjeringa og departementa sin eigen nettstad, som då heitte Odin, kom ut med mindre enn ni prosent nynorsk. Søk på einskilddepartementa gav for små tal til at det gav meining, men når nettstadene frå alle forvaltningsorgana blei ordna departementsvis, var lista overraskande. Justis- og politidepartementet raga høgst saman med Moderniseringsdepartementet og Finansdepartementet. Med eit gjennomsnitt på 5,7 prosent nynorsk i det samla talet på dokument var det likevel ingen departement som hadde grunn til å vere nøgde hausten 2005.

Språkrådet har ført vidare denne kartlegginga med same metoden, avgrensa til statlege nettstader (tabell 13.4.2). Det som i 2005 var mindre enn seks prosent nynorsk på statlege nettstader, hadde i 2014 auka til 15 prosent.

Kommunane er viktige språkprodusentar og språkbrukarar. På nettstadene sine brukte ni av ti nynorskkommunar berre nynorsk i 2011, men ein av ti brukte både nynorsk og bokmål (tabell 13.4.3). Det tyder på at nynorskkommunane ofte prøver å bruke nynorsk, men ikkje alltid får det heilt til.

Statsforvaltninga er generelt prega av ein minimumsstrategi for å oppfylle språkpolitiske krav (sjå kapittel 11.3). Dette pregar også den offentlege satsinga på nettstader. Regjeringa Bondevik II og stortingsfleirtalet gjorde det i sesjonen 2001–2002 klart at offentleg drivne nettstader skulle ha ei rimeleg fordeling mellom nynorsk og bokmål. Dokumentasjon av målbruken på ein del viktige publikumsretta nettstader i 2005 viste at det meste enno var ugjort. Både NRK og Stortinget hadde bra med nynorskdokument på nettstadene sine, medan Det norske kongehus og TV2 var på nullpunktet.

Eit spesielt punkt i norsk språkpolitikk har vore det faktum at administrasjonen i Stortinget ikkje har følgt retningslinjene frå det politiske fleirtalet i Stortinget. Det var ikkje innlysande at Stortinget kunne halde fram med å heve seg over lov om målbruk i offentleg teneste. Eit stortingsvedtak i 2007 endra verda på dette punktet, og nettstaden Stortinget.no har frå hausten 2008 vore tospråkleg, iallfall delvis.

Hausten 2014 la Direktoratet for forvaltning og ikt om nettstaden Regjeringa.no/Regjeringen.no til Regjeringen.no. Dermed braut regjeringa Solberg med dei retningslinjene som lenge hadde vore gjeldande om at statlege nettstader skal ha parallelle versjonar på nynorsk og bokmål, seinast stadfesta i St.meld. nr. 35 (2007–2008) Ein heilskapleg språkpolitikk. I 2015 hadde alt ein del andre statlege nettstader gått bort frå denne praksisen. Ros bør delast ut til Posten. Dette er ein av dei offentlege nettstadene som enno i 2015 gav publikum skjermmiljø på både nynorsk, bokmål og engelsk.

Hausten 2009 rapporterte Språkrådet til Kulturdepartementet om den språklege jamstillinga i statsforvaltninga. Der kom det fram at berre 20 av 129 rapporteringspliktige organ hadde skjermmiljø på både nynorsk og bokmål på nettstadene sine, 40 hadde nynorsk på framsida, og 80 hadde skjermmiljø på engelsk.¹⁹⁷

 

13.5 Næringsliv

I næringslivet er det eit ganske delt syn på bruken av norsk og engelsk i digitale tenester, og spørsmålet om nynorsk når ikkje opp hos dei fleste.

Språkrådet gjennomførte i 2008 ei spørjeundersøking blant bedriftsleiarar om bruk av norsk og engelsk. Den avdekte delte syn i næringslivet på bruk av engelsk på nettstadene til bedriftene (tabell 13.5.1). Heile 58 prosent meinte at engelsk var lite eller svært lite viktig å bruke, medan 27 prosent såg dette som viktig eller svært viktig. Di fleire tilsette bedriftene hadde, di større vekt på bedriftsleiarane på engelsk på nettstadene. Særleg handelsnæringa såg det som viktig å bruke engelsk på nettstadene (sjå kapittel 12.3).

Den einaste kjende undersøkinga av digital praksis i næringslivet skriv seg frå den maritime klynga på Sunnmøre i 2015 (tabell 13.5.2). Berre bedriftene med nynorsk som hovudspråk brukte ganske konsekvent nynorsk på nettstadene og i sosiale medium. Bedriftene med bokmål som hovudspråk brukte uventa mykje engelsk, medan bedriftene med engelsk hovudspråk som venta brukte lite anna enn engelsk.

 

13.6 E-post, sms og sosiale medium 

Ei av dei eldste undersøkingane av språk i sosiale medium skriv seg frå 2003 (tabell 13.6.1). Alt då svara sju av ti elevar at dei skreiv sms-ar på dialekt, og halvparten sa at dei tilpassa språket etter mottakaren. Ei eldre gruppe av lærarar skreiv derimot i hovudsak det som i undersøkinga blei kalla «vanleg norsk».

Alderen på lærarane hadde lite å seie for måten dei skreiv på i sms-meldingane, men det var tydeleg fleire i storbyane enn på bygdene som skreiv «vanleg norsk» (tabell 13.6.2). Det same mønsteret gjer seg gjeldande i ei rekkje meiningsmålingar; særleg innbyggjarar i Oslo-området skriv mindre på dialekt enn andre (sjå kapittel 5).

Ei undersøking av språket til ungdomsskuleelevar i 2009 stadfestar dette (tabell 13.6.3). Der var det mange byelevar (Trondheim) som brukte bokmål på Internett, og mange bygdeelevar (Sunnmøre) som skreiv på dialekt eller ei blanding av dialekt og normert skriftspråk.

Dette skiljet var mindre hos vidaregåande-elevar i indre Agder i 2012 (tabell 13.6.5). Utvalet var på berre 49 elevar, så atterhald må til, men det var eit slåande trekk at nokre av elevane med nynorsk som førstespråk brukte bokmål i sms og chat. Prosentdelen som skreiv mest på dialekt var like store hos nynorsk- og bokmålsbrukarane.

Dei aller fleste av 123 ungdomsskule-elevar i Vindafjord og Haugesund sa i 2013 at dei skreiv mest dialekt i sms og på Facebook (tabell 13.6.6). Interessant nok svara 21 av 51 nynorskelevar at dei skreiv mest på nynorsk, og 25 av 51 sa at dei skreiv mest på bokmål. I dette ligg nok at dei veksla mellom nynorsk, dialekt og bokmål i praksis.

Ei spørjeundersøking hos vidaregåande-elevar på Vestlandet i 2014 viste same mønsteret som den landsdekkjande undersøkinga i 2003 og den regionale i 2012. Også i denne undersøkinga er utvalet avgrensa, 118 respondentar, så atterhald høyrer med. Tre av fire elevar skreiv mest dialekt på Facebook (tabell 13.6.7). I statusoppdateringar og kommentarar spreidde dei seg over ni ulike språkkombinasjonar der dei tre største var dialekt, dialekt og nynorsk, og kvartetten dialekt, nynorsk, bokmål og engelsk (tabell 13.6.8). Dei om svara at dei skreiv dialekt på Facebook, brukte dialekt særleg i chat og elles «stort sett over alt» (tabell 13.6.9). Dei som skreiv mest dialekt, grunngav det med at det var slik dei snakka (tabell 13.6.10). Mange la også vekt på at dialekt er uformelt og difor passar i dette mediet.

Ho som stod for denne undersøkinga, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, har kalla dette språket eit skrivesnakke-språk. Det dreiar seg om å bruke eit privatspråk. Frå større og meir representative undersøkingar av privat skrift er det kjent at mange no gjerne bruker dialekt i slike samanhengar. Bruken i tidlegare tider har aldri vore kartlagd, men privatspråk er kjent frå både brev og dagbøker. Dei digitale media forsterkar nok denne tendensen, men det er ikkje dei som har skapt den. Enno i 2015 var sosiale medium ganske nye fenomen, og brukarane såg på desse som så personlege eller private at mange valde å skrive privatspråket sitt der, som i praksis var unormert dialekt (sjå kapittel 14).

Språkforskaren Berit Skog er ein av dei som har arbeidd lengst med studiar i digital skriftkultur. Ei undersøking ho har gjennomført i fleire år, er å kartleggje språkvanane i sosiale medium. Utvala er ikkje representative av di alle som ville, kunne svare på spørsmåla på Internett, og fleire år har undersøkinga vore avgrensa til Trondheim. Respondentane er så mange at tendensane i materialet likevel har interesse, og nokre av spørsmåla har vore stilte i både 2010, 2012 og 2013 (tabell 13.6.4).

Summa summarum skreiv minst seks av ti på dialekt i slike samanhengar. Dette var likevel ikkje det einaste dei skreiv – sju av ti brukte bokmål, fem av ti engelsk. Undersøkinga stadfestar dermed at dei digitale media er prega av språkleg variasjon sjølv på individnivå. Ein og same person skiftar mellom ulike språk alt etter samanhengen. Den sosio-geografiske skilnaden er ikkje til å oversjå: Svært få i Oslo skreiv på dialekt, svært mange i Trondheim gjorde det. Sett under eitt var det også ein tendens til at fleire jenter enn gutar brukte dialekt. Nynorsk var det som blei minst brukt, men her kan det skeive utvalet ha slått særleg ut. Berit Skog såg sjølv ein tendens til at det ho kallar ulike språksamfunn, blei forma gjennom denne digitale skrifta.¹⁹⁸

 

Tema: døgnskrift

Internett var der ganske brått. Før 1990 var dette ei sak for spesielt interesserte og for utvalde fagmiljø. 25 år seinare var det å vere på nett ei kvardagssak for nær sagt alle nordmenn. Ingen teknologiske endringar i rammevilkåra for å tale eller skrive er gjennomført raskare enn utbreiinga av Internett.

På den eine sida er Internett i allmenn bruk. På den andre sida er Internett i eit historisk perspektiv eit ungt medium. Fleire trekk ved tidlegare tider endringar i bruk av skrift har vist seg på nytt. Der ytringsfridom blei etablert, prøvde dei nye språkbrukarane seg fram i form og innhald. Denne meir uformelle skrivinga kunne også finnast att i brev og dagbøker. Langt frå alle var trygge på rettskriving og sjanger.

Kor mykje folk flest har skrive i tidlegare tider, veit ingen. Mangt er teke vare på, mykje har gått tapt, og berre ein del av det heile har vore studert.

Skriving i sosiale medium har noko av dei same trekka – det blir meir privatskrift enn formell skrift. Å jamføre desse tekstane med det ein kjenner av meir eller mindre formelle tekstar frå tidlegare tider, gir ikkje meining. Difor er også den historiske utviklinga vanskeleg å skildre.

Noko av det som er sikrast er at den digitale kvardagen er prega av døgnskrift. I sosiale medium blir det skrive 24/7. Nordmenn fødde etter 2000 er den første generasjonen som i prinsippet skriv kvar dag, frivillig. Av slikt kan det bli både språkskifte og språkstabilitet, men først og fremst kan det gi språkbrukarar som blir jamt tryggare på si eiga skriving. Når dette blir kombinert med ei ganske sofistikert forståing av kva som gjeld i ulike samanhengar, der ein skriv annleis i e-post enn i sms-ar, blir den allmenne kunnskapen om skriving mykje breiare utvikla enn tilfellet var i 1950 eller i 1900.

Døgnskrifta var eit av dei mest dominerande trekka ved den digitale skriftkulturen som blei forma utover på 2000-talet. For ein nynorsk digital skriftkultur var truleg NRK.no, lokalavisene og offentleg forvaltning dei tre viktigaste aktørane med tanke på autoritet og legitimitet. I det daglege var det om å gjere at flest mogleg brukte nynorsk. Difor la nynorskmiljøet alt før tusenårsskiftet stor vekt på å utvikle skjermmiljø for begge dei to norske språka. I 2015 låg både Windows, dei allmenne programma frå Microsoft, Facebook og søkemotoren Google føre i oppdaterte nynorskversjonar, men synonyme parallellsøk var enno ikkje etablert som ein sjølvskriven funksjon.

 

Perspektiv: mellom dialekt og engelsk 

Internett kan forståast som eit medium for effektiv spreiing av dei dominerande språka og kulturane. Like relevant er det å sjå Internett som ein eineståande sjanse for mindre brukte språk, regions- og minoritetsspråk. Internett kan brukast både til å gjere desse språka meir synlege enn dei elles har kunna vere, og til å utvikle bruken av desse språka.

På ganske få år er Internett blitt eit dagleg medium for fleirtalet av innbyggjarane i mange land, i Noreg for så godt som alle. Dette pregar tekstproduksjonen i dette mediet. Internett gir høve for mange fleire til å kome til orde, og representerer ei demokratisering av skriftkulturar som alt finst. Med breiare sosial rekruttering av dei som skriv, blir også spennvidda større i måten dei skriv på. I Noreg har dette ført til at både dialektar, sosiolektar, etnolektar og sjargong pregar ein del av tekstproduksjonen. Internett kan over tid påverke forståinga av skilnaden mellom skrift og tale, særleg i land der talespråket har høg prestisje. Talegjenkjenningsteknologi kan også kome til å gjere normert tale meir vanleg.

Alt dette gjer at Internett langt frå berre er endå ein kanal for meir engelsk inn i andre språksamfunn. Internett kan både gi mindre brukte språk nye utvegar og gjere det lettare for brukarane av andre store verdsspråk å utfordre det engelske hegemoniet. Her vil økonomiske styrkeforhold mellom land og regionar vere grunnlaget for dei språklege endringane Internett vil bli prega av dei neste tiåra.

At NRK utvikla eit nyheitsspråk på nynorsk for radio og tv, sette lite spor etter seg i papiravisene. Der blei bokmål verande bokmål. Nettstaden nrk.no har lenge vore redigert tospråkleg. Etter kvart som nettavisene tek meir og meir over for papiravisene, kan allmennkringkastaren dermed få endå meir å seie språkleg i Noreg.

 

Publisert 8.10.2015

Sist oppdatert 22.9.2015

 

¹⁹²
  https://meta.wikimedia.org/wiki/List_of_Wikipedias, lesedato 10.7.2015. 
  https://snl.no, lesedato 10.7.2015. 
  Odd Frank Vaage: Norsk mediebarometer 2014, Statistiske analyser 143, Statistisk sentralbyrå, Oslo 2015.
 https://meta.wikimedia.org/wiki/List_of_Wikipedias, lesedato 10.7.2015.  
¹⁹³ https://snl.no, lesedato 10.7.2015.  
¹⁹⁴ Odd Frank Vaage: Norsk mediebarometer 2014, Statistiske analyser 143, Statistisk sentralbyrå, Oslo 2015.  
¹⁹⁵ Sigurd Høst: Avisåret 2014, Volda 2015., s. 32.
¹⁹⁶ NRK: Årsrapport 2014, Oslo 2015. 
¹⁹⁷ Språkrådet i brev til Kultur- og kyrkjedepartementet 7.12.2009.  
¹⁹⁸ Berit Skog: «Språket i sosiale medier», Berit Skogs blogg 26.11.2010, «Stammespråket i sosiale medier», Berit Skogs blogg 11.11.2012 og «Dialekt i sosiale medier», Berit Skogs blogg 28.10.2013, forsking.no.
    Artikkellesar