Språkfakta 2015

Språkfakta 2015 er den mest omfattande dokumentasjonen av språk som nokon gong har vore gitt ut på norsk. I 20 år har forfattaren samla og sjølv utvikla store mengder statistisk informasjon om bruk og utbreiing av språk i Noreg mot ein internasjonal bakgrunn, med særleg vekt på nynorsk og bokmål.

Kommentarar og analysar av 867 tabellar er forma til ei forteljing om identitet, utbreiing og meining gjennom fleire tusen år. Halvparten av dei har ikkje vore gitt ut før i den forma dei der har fått. Tabellane ligg under kvart kapittel i menyen til høgre, men finst også som komplett liste i pdf (ikkje søkbar): Last ned register over tabellar og figurar her 

Ein språkplakat for Noreg og Norge innleier det heile i knappe konklusjonar. I eit avsluttande essay «Teljing og forteljing» om språk, tal og kart leitar forfattaren etter språklege skilnader og utbreiing av språk frå reformasjonen til vår tid.

Ottar Grepstad (fødd 1953) er direktør i Nynorsk kultursentrum og forfattar. Han har skrive eller redigert over 30 bøker om språk og litteratur, historie og samfunn, kultur og politikk.

 

Illustrasjon: Utgivingsmønster for vekeavisa Dølen 1858–1870, redigert av Aasmund Olavsson Vinje ofl.

Alle merknader, eventuelle rettingar og opplysningar er velkomne til Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda, admin@aasentunet.no

© Ottar Grepstad og Nynorsk kultursentrum 2015

 

Språkfakta 2015

Bestill boka her

Alle tekstane er trykte i denne boka på 509 sider i eit lite, nummerert opplag.
Eit av kapitla står berre i boka.