Helsing til Norsk Ordbok frå Nynorsk kultursentrum
Grete RiiseFoto: Aasen-tunet

Helsing til Norsk Ordbok frå Nynorsk kultursentrum

Nestleiar Grete Riise ved mottaking i Domus Bibliotheca, Oslo 9.3.2016

I dag feirar vi at jobben er gjort.

Vi takkar Universitetet i Oslo og Det Norske Samlaget for Norsk Ordbok band 1–12. Vi takkar Kulturdepartementet og Stortinget for tilskot, og vi takkar lek og lærd rundt om i landet for dugnadsinnsatsen gjennom 85 år. Vi feirar eit formidabelt offentleg-privat samarbeid over generasjonar! Eit skattkammer for forskarar. Eit genuint bidrag til den immaterielle verdsarven. Ein føresetnad for Nynorskordboka og Bokmålsordboka. Ei viktig minnebok for oss alle.

Norsk Ordbok er så mykje meir enn ei samling av ord. Verket er også meir enn forteljinga om språket si utvikling. Norsk Ordbok er den norske kulturhistoria frå 1600-talet til i dag, slik folk flest sette ord på si eiga samtid og fortid.

Vi takkar for samarbeidet med redaksjonen gjennom 16 år. Om Dagens ord, som vi publiserte frå sommaren 2000 til ut i 2011, og som vart ei heil lita digital ordliste. Om Ordspelet, eit dataspel for femteklassingar om ord og ordtydingar som bygde på grunnmanuskriptet til Norsk Ordbok. Frå 2005 samarbeidde vi om å digitalisere og publisere alle artiklane i avisa Fedraheimen frå 1877 til 1891 slik at alle skal kunne lese dei. Norsk ordbok var også med då vi i 2005 arrangerte konkurranse om norske avløysarord for det engelske golfspråket.

Gjennom Nynorsk forum, som samlar det meste av nynorskorganisasjonar og -institusjonar, har vi kvart år framheva verdien av Norsk Ordbok til Kulturdepartementet og Stortinget og behovet for å sikre ei framtid etter at band 12 var trykt. Det var med stort alvor vi hausten 2014 drog i gong det arbeidet som no held fram i Bergen.

For alt er sjølvsagt ikkje gjort. Att står det å gjere den digitale utgåva av Norsk Ordbok band ein til fem tilgjengeleg for ålmenta. Att står det òg å leggje til gamle og nye ord, ny bruk av gamle ord og nye uttrykk. Att står det heile tida å utvide kunnskapen om norsk tale- og skriftmål.

«Det verket som er fullført i dag, er sjølve brua mellom fortida og framtida. Den brua må haldast døgnopen, iallfall til ut på ettermiddagen domedag», skriv direktøren for Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, i artikkelen «333 173 grunnar til å elske norsk».

I dag takkar vi for den jobben som er gjort, og vi ynskjer Universitetet i Bergen til lukke med vidareføringa og vidareutviklinga. Nynorsk kultursentrum vil også i framtida vere ein påliteleg støttespelar og samarbeidspartnar og gjere vårt til at Norsk Ordbok aldri blir erklært som ferdig.