Før tala

Dette er den fjerde samlinga av statistisk informasjon om språk på 20 år og erstattar dei førre utgåvene. Målet er å samle all relevant statistisk informasjon om bruk og utbreiing av språk i Noreg mot ein internasjonal bakgrunn, med vekt på dei to norske språka.

Språkfakta 2015 inneheld 867 tabellar, 34 figurar og kart, ein språkplakat for Noreg og Norge 38 kommentarar under vignettane tema og perspektiv, tre samanfattande forteljingar om noko av det som kjem fram i denne dokumentasjonen, og eit avsluttande essay om å dokumentere utbreiing og bruk av språk.

408 tabellar og 26 figurar blir publiserte for første gong, anten ved at data ikkje har vore publiserte før i det heile eller ikkje er blitt redigerte slik dei er her.

I utskrift utgjer tabellane om lag 1350 sider i A4-format. Det gir ikkje meining å publisere alt dette på papir. Alt saman er difor å finne på Aasentunet.no.

 

Dokumentasjon som tradisjon

Arbeidet med å kartleggje utbreiing og bruk av nynorsk tok til i 1905, og utviklinga er no breitt dokumentert med få brot like frå Ivar Aasens tid. Han var ein av dei første språkforskarane som brukte statistisk dokumentasjon av språkbrukarar i arbeidet sitt.

I seinare tid er perspektivet utvida slik at også utbreiing og bruk av det andre norske skriftspråket, bokmål er kartlagt. Det same gjeld dialektar på dei områda der det er mest aktuelt. I 2010 tok dokumentasjonsarbeidet inn heile verda, med særleg vekt på Norden og Europa. Dette arbeidet er vesentleg utvida med denne nye utgåva som inneheld fleire originalbidrag om internasjonale emne.

Arbeidet med å kartleggje nynorsk skriftkultur tok altså til året før Noregs Mållag blei stifta. Det ser ut til at lektor og mållagsaktivist Peder Hovdan tok dette initiativet på eiga hand, og han arbeidde samanhengande med stoffet til tidleg 1950-tal. I tillegg til tallause artiklar og årsoversyn samla han den viktigaste dokumentasjonen i boka Frå folkemål til riksmål i 1928, med ny utgåve i 1947 under tittelen Eit norsk Noreg.

Hovdan interesserte seg mest for framgang og positive tal. Tapte lokale folkerøystingar om opplæringsspråk i skulen eller liturgispråk i kyrkja oversåg han gjerne. Då han gradvis avslutta arbeidet sitt kring 1950, gjekk det om lag 25 år før nokon tok opp att arbeidet. Difor er den store tilbakegangen i 1950- og 1960-åra enno svakt dokumentert. Eit utval under leiing av Berge Furre stod for utgreiinga og pamfletten Målreising 1967 i 1967, der dokumentasjonen var noko fragmentert. Det blei meir orden i talrekkjene att då Olaf Almenningen og Åsmund Lien i 1978 gav ut Striden for nynorsk bruksmål. Frå då av hadde Noregs Mållag god kontroll over opplæringsspråket i grunnskulen, både dei lokale folkerøystingane og språkfordelinga mellom elevane.

Statistisk sentralbyrå hadde frå 1910 publisert tal for språkfordelinga i folkeskulen, seinare grunnskulen, og frå 1930-åra meir sporadisk oppdaterte oversyn over tenestemål i kommunane og liturgispråk i kyrkjene. Etter 1950-åra publiserte derimot byrået ingen nye tak for kyrkjespråk. Forståinga av den norske språksituasjonen blei avgrensa til årlege tabellar i Statistisk årbok for opplæringsspråk i skulen og tenestemål i kommunane.

I 1980 vedtok Stortinget ei ny lov om målbruk i offentleg teneste. Den nye lova utløyste regelmessige stortingsmeldingar om situasjon og utvikling i offentleg forvaltning, der ein for første gong også fekk vite korleis det stod til med fordelinga mellom nynorsk og bokmål i statsforvaltninga. Norsk språkråd tok til med eit systematisk tilsyn av dette i 1994; det er ikkje lenger sidan.

Denne verda av statistikk stoppa ved skule, kyrkje og forvaltning.

Kringkastingsringen følgde med på bruken av nynorsk og bokmål i NRK, og enkeltpersonar gjorde studiar i pressa. Det breie, samla perspektivet frå Hovdans pionerarbeid blei likevel først henta fram att med Nynorsk faktabok 1998. Ein viktig del av innhaldet var å fylle ut flest mogleg av tomromma i dei tabellane som strekte seg over lang tid. Utan Hovdans nitide dokumentasjon hadde dette vore umogleg.

Nynorsk faktabok 1998 inneheldt 133 tabellar og annan dokumentasjon på 377 sider.

Nynorsk faktabok 2005 presenterte 351 tabellar og 46 figurar på 786 sider. Der var så godt som alt det statistiske materialet frå 1998-utgåva med.

Språkfakta 2010 var avgrensa til 247 tabellar og 95 figurar. Saman med tekstdelen på 141 sider utgjorde publikasjonen 653 sider. I eit avsluttande kapittel blei det vist til 309 tabellar og figurar som kunne finnast i tidlegare utgåver, men som ikkje var teke med i 2010-utgåva.

Ut av dette arbeidet kom også den regionale studien Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012 i 2012 med 57 tabellar.

Når Språkfakta 2015 blir lagd til, er summen av det heile at 853 tabellar er blitt publiserte for første gong i ein av desse publikasjonane.

 

Mellom Noreg og verda

«Hele den norske sprogoffentlighed har gennem hundrede år lært, hvad et sprog er», skreiv den danske språkforskaren Jørn Lund i 1996, «hvad identitet er, hvordan sprog og kultur lever i en bevidst og ubevidst vekselvirkning af betydningen for hele det mentale liv.»¹

Dette kan det setjast ord på. Dette kan det setjast tal på.

Det ligg føre mykje meir kunnskap om utbreiing av språk i Noreg anno 1900 enn for resten av verda. Det tok tid for språkvitskapen å forstå, sortere og ordne alle språka i verda. Først når dei lingvistiske likskapane og skilnadene var identifiserte, gav det meining å finne ut kor mange som brukte dei ulike språka. Interessa for slik dokumentasjon er ganske ny og tok form gjennom eit utilsikta samspel mellom teologiske og lingvistiske fagmiljø. Dette blir utdjupa i det avsluttande essayet «Teljing og forteljing».

Skal utbreiinga av språk dokumenterast godt nok, kjem ein ingen veg utan konsistente og kjende kriterium og variablar. Slike var mangelvare like til 1970-åra. Når systema først var der, blei det ein kunnskapseksplosjon. På få tiår er den samla kunnskapen om språkleg utbreiing og bruk løfta til eit heilt nytt nivå. Det vil ikkje seie at all tvil er borte, langt ifrå, men no er det lettare å vite kvar det er nødvendig å tvile.

Størst er kunnskapen om språk i demokratiske statar med ei historie som fleirspråklege samfunn og tydelege motsetnader som følgje av dette. Finland har gode data, men ikkje Sverige og Danmark. Både USA, Canada, New Zealand og Sveits har mykje statistisk kunnskap frå eldre og nyare folketeljingar, og det er karakteristisk for språkpolitikk allment at ein har grundig dokumentasjon av språk i Wales og Katalonia, men ikkje i England og Spania.

Det internasjonale perspektivet som blei introdusert i 2010-utgåva, er ført vidare og utvida i Språkfakta 2015. Det har ikkje vore føremålstenleg å overlappe dei fagmiljøa som jamleg arbeider med slik dokumentasjon, men mange kjende opplysningar er her kombinerte på nye måtar. Dei er også viktige for å forstå språksituasjonen i Noreg.

Emne som blir dekte utførleg av offentleg statistikk, som dei årlege Kulturstatistikk-utgivingane frå Statistisk sentralbyrå, er stort sett ikkje dublerte her, men det er då også få data i offentleg statistikk som klargjer forholdet mellom bokmål og nynorsk. Det samiske er dekt godt gjennom Samisk statistikk, som blir utgitt annakvart år frå 2012, og publikasjonen Samiske tall forteller, som har vore utvikla sidan 2007 av Faglig analysegruppe for samisk statistikk.

Då Stortinget i 1980 vedtok ny lov om målbruk i offentleg teneste, blei det føresett at regjeringa i kvar stortingsperiode skulle leggje fram ei stortingsmelding om bruk av nynorsk og bokmål i offentleg forvaltning. Den siste av desse var St.meld. nr. 7 (2005–2006) frå regjeringa Stoltenberg II i desember 2005. Etter at Stortinget i 2009 slutta seg til hovudlinjene i språkmeldinga, St. meld. nr. 35 (2007–2008) Ein heilskapleg språkpolitikk, har det ikkje kome fleire slike statusmeldingar frå regjeringane. Arbeid var i gang i 2012 for å leggje fram ei ny melding i 2013, men den meldinga blei ikkje ferdig.

På oppdrag frå Kulturdepartementet utarbeidde Språkrådet i åra 2010–2012 ein årleg rapport kalla Språkstatus. Desse rapportane skulle utgjere ein del av grunnlaget for den planlagde stortingsmeldinga i 2013.

I 2015 var dermed Språkfakta den einaste systematiske statusrapporten om norsk språk. Det er det teke omsyn til i arbeidet med innhaldet.

Den lange forteljinga om språk i Noreg og verda er halden oppe av tre ord, vitalitet, stabilitet og meining. Det første handlar om kor sterke språk og skriftkulturar er, det andre kor mange som over tid held fram med å bruke det som var førstespråket deira som born, det tredje korleis språkbrukarane sjølve ser på bruken av sitt eige og andre sine språk. Alle tre orda peikar langt forbi ein klassisk lingvistisk definisjon av språk.

 

Omgrep, sjanger og orden

Med Språkfakta 2015 er eg tilbake til utgangspunktet. Det som finst, og som framleis er relevant, skal finnast på ein stad. Stort sett er stoffet inndelt i dei same kapitla som før, men i kvart kapittel er det mange underkapittel. Difor har alle tabellar eit treledda nummer frå og med denne utgåva. For kvart av desse er stoffet med få unntak ordna kronologisk etter første kalenderår i tabelltittelen. Tabellar som skal oppdaterast regelmessig, er ikkje tidsavgrensa og har ope sluttår. Når nytt stoff kjem til ved seinare oppdateringar, blir difor ikkje dei etablerte tabellnummera endra.

Til slutt i kvart kapittel står det som blir kalla historisk statistikk. Detter avslutta framstillingar som dels inneheld vesentleg informasjon dels det meir kuriøse. Desse underkapitla er nummererte slik at fleire underkapittel kan leggjast til med nytt materiale.

I 2010-utgåva var der ei drøfting av det særnorske ordet målform. Med Språkfakta 2015 har eg sett punktum for eiga tenking om det emnet. I dette verket er bokmål og nynorsk presenterte og omtalte som to norske språk.

Dei gamle omgrepa frå skulekvardagen, hovudmål og sidemål er erstatta med førstespråk og andrespråk, som alt lenge har vore brukte her til lands, berre om alle andre språk enn dei to norske. I mange tilfelle kunne nemninga morsmål ha vore brukt, men ikkje alltid.

Nynorsk faktabok 1998 kom ut, var omgrepet nynorskbrukar ganske nytt. Den definisjonen som blei lagd til grunn den gongen, står ved lag og er no den som gjeld. Ein parallell til dette er bokmålsbrukar.

Opplysningar frå mange hundre skriftlege, digitale og munnlege kjelder er sette saman i denne boka. Etter 1945 er det gjennomført nærmare 100 spørjeundersøkingar av skiftande storleik, og dei viktigaste svara er tekne med. Det same gjeld dei mange akademiske avhand-lingane som er skrivne om relevante emne, og som ofte er bygde på spørjeundersøkingar. Det som finst av laupande offentleg statistikk og dokumentasjon, skal ha kome med. Sist, men ikkje minst, er mykje av materialet resultatet av eigne undersøkingar og kombinasjonar av opplysningar frå ulike kjelder.

Under kvar tabell er det opplyst kvar opplysningane er henta frå. Komplette og oppdaterte kjeldeopplysningar er samla i kapitlet «Kjelder». For tabellar utvikla etter 2010 er også komplette kjeldetilvisingar førte opp under kvar tabell.

Ein skriftkultur blir brukt av menneske, ikkje av prosentar. I denne utgåva er det difor med mange fleire absolutte tal enn før, ofte i kombinasjon med prosent. Ein skriftkultur kan vere liten i prosent og stor i absolutte tal, og begge delar må med. Dette må til for å få ei klarare forståing av kvar grensa går for minste kritiske masse i ulike høve.

Språkfakta 2010 hadde altfor mange tusen tal til at variasjonane, skilnadene og endringane kan fangast i nokre få setningar av éin person, heitte det i forordet den gongen. No er det endå mykje verre. Likevel er det nettopp dette eg har prøvt å gjere i innleiingane til kvart kapittel. Ved at alle detaljar blir presenterte i tabells form, kan kvar og ein gjere sine eigne analysar og utvikle vidare innsikt. Når sjølv dei minste og ganske upålitelege studiane blir sette i ein samanheng, kan dei få ein meirverdi.

Dei grafiske figurane er stort sett avgrensa til ein per kapittel. I figurane er det brukt faste fargekodar frå og med kapittel 3:

Før tala

Her er meir forteljing enn forklaring og meir samanheng enn analyse. Materialet dekkjer svære fagfelt – frå språksosiologi og medievitskap til valforsking og demografi. Alle tabellar er kommenterte, men mykje meir kan gjerast for den som vil studere detaljar, linjer, kontrastar.

Kvart kapittel er komponert med eit innleiande samandrag, temakommentarar som følgjer underkapitla i innhaldslista og som i dei fleste kapitla endar i kommentarar til det som blir kalla historisk statistikk. Dette er data som gjerne ligg på sida av det materialet som blir oppdatert og følgt over lang tid, men som likevel har interesse som utfyllande mosaikkbitar. Mange stader er kommentarane knytte til utviklinga på 2000-talet, men der informasjon ligg føre, blir historiske utviklingslinjer over lang tid skisserte. Kvart kapittel blir avslutta med mindre studiar under emneknaggane tema og perspektiv.

Kjeldekritiske kommentarar har vore med like sidan Nynorsk faktabok 1998. I Språkfakta 2015 er desse merknadene for første gong samla i eit eige kapittel.

Framstillinga er med få unntak avgrensa til elementære statistiske presentasjonar som ikkje krev særskilde kunnskapar i statistikk. Dette inneber at ein del finkalibrert dokumentasjon særleg av statistiske samanhengar ikkje er med.

No som før er den samle framstillinga prega av at tiltrua til den overordna verbale kommentaren er vel så sterk som trua på at figurar kan forklare verda. Kva statistisk doku-mentasjon av språk handlar om, korleis det kan gjerast, og kva spørsmål det utløyser, er drøfta i det avsluttande essayet. Språkfakta 2015 er altså ikkje eit festskrift til positivismen med ei lære om den absolutte verdien av data som kan observerast, gjerne målast. Presis empiri kan vere ei plage, men mangelen på slik kunnskap er verre.

Å talfeste og skriftfeste er langt frå nok til at ein kan feste lit til alt som blir observert, dokumentert, jamført. Atterhalda er der, men det er også linjene til å gripe tak i eller følgje vidare.

 

Kjelder, takk

Stoffet blir mest brukarvenleg viss alt er samla der ein treng det mest. Difor er dei avsluttande og med tida endelaust lange kjeldelistene til slutt i bøkene erstatta med komplett informasjon under kvar tabell. I kommentarkapitla blir det vist til tabellar eller figurar i parentesar. Alle tilvisingar til eksterne kjelder og tidlegare utgåver, er samla i fotnotar.

Alt grunnlagsmateriale er arkivert i Ivar Aasen-tunet, ein del av det i digital form. Materialet dekkjer heile perioden frå dei første initiativa til Nynorsk faktabok 2005 og er sortert etter kapittelnamna i Språkfakta 2015. Arkivet er allment tilgjengeleg på førespurnad.

Mange har raust stilt materiale til rådvelde, utvikla spesialdokumentasjon eller kommentert emne undervegs. Det fortener mange takk for, særleg Altaposten v/Tor Sara, Bibelselskapet v/Odd Petter Tornes, Bokbasen v/Fride Fosseng, Trude Bukve, Det Norske Samlaget v/Dag K. Elingsen, Hjalmar Eiksund, Goethe Institut v/Jeanette Danzer, Jan Fredrik Hovden, Karoline Riise Kristiansen, Kommunal- og moderniseringsdepartementet v/Hanne Lauvang, Kulturrådet v/Arne Vestbø, Jon Låte, Medietilsynet v/Jørgen Abelsen, Nasjonalbiblioteket v/Jonny Edvardsen og Rebecca Boxler Ødegaard, NRK v/Ragnhild Bjørge, Wenche Gjendem og Kristian Tolonen, Opera Nordfjord v/Kari Pavelich, Oslo Fila-telistklubb v/Thore Habber-stad, Oslo kommune v/Hild Lamvik, Ola Relling, Berit Skog, Språkrådet v/Kristin Solbjør, Janne Sønnesyn, Rolf Theil, Iselin Eidhammer Tveit, Utdan-ningsdirektoratet v/Tone Vindegg, Vox v/Magnus Fodstad Larsen, Monika Haanes Waagan, Jon Østbø, Bernt Aardal.

Den største takken går til Rolf Theil. Like sidan arbeidet med basisutstillinga i Ivar Aasen-tunet frå 1998 har han analysert og fortalt og inspirert og kommentert og poengtert og snakka og skrive om all verdas språk på ein slik måte at ein i det minste fekk eit snev av tanken om at noko var forstått. Sjenerøst har han stilt originalarbeid til rådvelde for publi-sering.

Språkfakta 2015 og Language facts 2015 kunne ikkje ha vore laga viss ikkje medarbeidarane i Nynorsk kultursentrum gjorde det dei gjer. Utan Laila Walseth Lid hadde den digitale publiseringa blitt verande ein virtuell tanke. Trekløveret Jonas Krøvel, Eivind Myklebust og Ingrid Saure veit no alt om kva det inneber å leggje til rette eit stort materiale med alle sine fotnotar, kursivar og tabellar på ein nettstad. Eivind Myklebust tok jamvel sjansen på å seie ja til å lese korrektur, og sanneleg nytta han høvet. Det som måtte vere av lausaktige formuleringar og skrivefeil, skal ikkje han lastast for.

Emne og ambisjonsnivå har vore ein ståande invitasjon til feil om å snike seg med. Sjølv om mykje har vore gjort for å unngå eller luke ut slikt, er nok heller ikkje dette den feilfrie publikasjonen. Feil som blir melde til admin@aasentunet.no, vil bli retta snarast råd. Like kjærkomne er tips om ubrukte kjelder og ønske om vidare dokumentasjon av det ingen kan klare seg heilt utan.

 

Ivar Aasen-tunet, 8. september 2015

Ottar Grepstad

¹   Jørn Lund: «Aasen set fra Danmark», Språknytt nr. 1 1996, s. 16.