Språkfakta 2010

Språkfakta 2010

Språkfakta 2010 inneheld 247 tabellar og 95 figurar på til saman 512 sider. Saman med tekstdelen på 141 sider utgjer publikasjonen 653 sider.

217 tabellar og figurar er her publiserte for første gong, anten ved at data ikkje har vore publiserte før i det heile eller ikkje er blitt redigerte slik dei er her.
 
 
Tabellar og figurar
 
Dette er den tredje samlinga av statistisk informasjon om språk. Nynorsk faktabok 1998 låg føre i 1998 med 133 tabellar og annan dokumentasjon på 377 sider. Nynorsk faktabok 2005 inneheldt 351 tabellar og 46 figurar på 786 sider. Der var så godt som alt det statistiske materialet frå 1998-utgåva med. 309 tabellar og figurar med informasjon som ikkje fullt ut er med i Språkfakta 2010, kan framleis finnast i Nynorsk faktabok 2005. Kapittel 18 inneheld oversyn over dette eldre materialet som ikkje er med iSpråkfakta 2010. Mykje av det er relevant for jamføringar og utdjupande analysar.