Nyttig om nynorsk

Eit utval peikarar for alle som brukar nynorsk eller som er interesserte i nynorsk språk, litteratur og kultur.

 

Allkunne - nynorsk digitalt oppslagsverk
Allkunne er eit nynorsk digitalt oppslagsverk. Prosjektet er drive av Allkunne AS, eit selskap heileigd av Nynorsk kultursentrum. www.allkunne.no inneheld i 2013 over ti tusen artiklar innan ei rekkje fagområde: mellom anna biografiar, samfunnsfag, naturvitskap, historie, politikk, filosofi, litteratur og faktaartiklar om ei rekkje av verdas språk. Artiklane er skrivne av fagfolk. Du kan også laste ned gratis og reklamefri mobilapplikasjon for Allkunne. 
 

Språkrådet
Språkrådet er statens fagorgan i språkspørsmål. Nettstaden inneheld mykje nyttig informasjon for alle språkbrukarar.
 

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
Senteret vart etablert 1. januar 2005 som eit ledd i oppfølginga av stortingsmeldinga Kultur for læring, og skal vere eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa

 

Norsk Ordbok - ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet - gjev ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane og i nynorsk skriftspråk. Under oppslagsorda finn du informasjon om ordtydingar, dialektformer, grammatiske opplysningar og opplysningar om ordhistorie.