Skjønnlitterære debutantar på nynorsk og dialekt

– Nesten 1300 forfattarar har debutert skjønnlitterært på nynorsk eller dialekt. Det går fram av ein bibliografi av Ottar Grepstad over alle som har debutert skjønnlitterært på nynorsk og dialekt. Bibliografien blei første gongen publisert på den internasjonale morsmålsdagen 21. februar 2015. Med nokre rettingar og tillegg blei 2. opplaget publisert 1. september 2016.

Last ned og les bibliografien her.

Grepstad kjenner ikkje til at ein slik dokumentasjon er blitt laga for andre språk før. – Eg har kalla dette eit kapittel i den nynorske litteraturhistoria, seier han. – Slike oversyn blir sjeldan komplette, men vi nærmar oss.

Lite på dialekt, mange kvinner

Skjønnlitterære debutantar på nynorsk og dialekt
Bilete frå omslag

Dialekt blir meir brukt i skrift enn nokon gong før. I skjønnlitteraturen skriv derimot dei færraste på dialekt. – Dialekt var mest brukt på 1800-talet. I prosent var debutantane på dialekt like få tidleg på 1900-talet som dei er i dag.

Lenge var det mennene som dominerte listene, men sett under eitt har kvar fjerde debutant vore ei kvinne. Grepstad har funne året då det snudde. I 1958 var det for første gong fleire kvinner enn menn som debuterte skjønnlitterært på nynorsk. Dei siste 25 åra har like mange kvinner som menn gitt ut førsteboka si på nynorsk.

Spreidd over heile landet

Dei skjønnlitterære debutantane har kome ut på nærmare 300 forlag, men i seinare tiår står nokre få forlag for dei fleste utgivingane. Dei siste 50 åra har Det Norske Samlaget gitt ut kvar tredje debutant.

Grepstad er likevel overraska over kor spreidd den nynorske bokutgivinga framleis er. – Over tid har det kome ut nynorske debutantar over heile landet, frå Kristiansand i sør til Havøysund i Finnmark. Det har vore ein viktig del av det å gjere nynorsk til eit språk for heile landet. No veit vi at minst 1289 forfattarar har debutert skjønnlitterært på nynorsk eller dialekt. Det er mykje, og desse har vore viktige for den daglege bruken av nynorsk i vår tid.

Treng ei nynorsk litteraturhistorie

Skjønnlitterære debutantar på nynorsk og dialekt
Ottar Grepstad (foto: Aasen-tunet, Sunniva Lund Osdal)

Direktøren i Nynorsk kultursentrum ser på skriftet sitt som eit argument for å få skrive ei nynorsk litteraturhistorie. Tanken om at eit slikt verk er ikkje ny: – Alt for snart hundre år sidan var det nok somme som pønska på ei slik bok. Seinare tok forfattaren og kritikaren Ragnvald Skrede til orde for ei nynorsk litteraturhistorie, seier Grepstad.

– Ei slik historie bør ideelt sett dekkje både skjønnlitteratur og sakprosa og vil nok vise både likskapar og skilnader mellom bokmål og nynorsk som ingen veit om i dag. Det gledelege er at Jan Inge Sørbø no skriv ei slik historie til 150-årsjubileet for Det Norske Samlaget i 2018. Han konsentrerer seg om skjønnlitteratur og essayistikk, så vonar eg at andre kan gjere meir seinare, seier Ottar Grepstad.