Ivar Aasen-tunet eldste språkmuseet i verda

Ivar Aasen-tunet eldste språkmuseet i verda

– Ivar Aasen-tunet i Ørsta er det eldste språkmuseet i verda. Det blei opna i 1898 som eit museum over Aasens liv og verk, og blei i 2000 omforma til det moderne Ivar Aasen-tunet, fortel direktør Ottar Grepstad.

Ivar Aasen-tunet eldste språkmuseet i verda
Ottar Grepstad (foto: Aasen-tunet, Sunniva Lund Osdal)
Han har kartlagt språkmuseum verda rundt og funne 58, men ingen eldre enn Aasen-tunet. Dei neste musea på lista er Gutenberg-museet i Mainz og eit museum for ordbokforfattaren Samuel Johnson i London.

Grepstad har samla dokumentasjonen i e-boka  «A world of languages and written culture» som no er utgitt på Aasentunet.no. Skriftet blir også publisert av fleire museum i andre land.

 

Flest museum i Europa

Dei fleste av musea er nye og ligg i Europa. To av tre museum ligg i Europa, og fire av ti blei etablerte etter 1990. Det overraskar ikkje Grepstad.

– Vi har vist at tenking om språk og språkpolitisk praksis har endra seg i mange land og verdsdelar dei siste 25 åra. Å lage språkmuseum er ein del av dette, og slik er det også med mange av dei dagane for språk som blir feira verda rundt.

 

Stolt over å vere eldst

Ivar Aasen-tunet eldste språkmuseet i verda
Gaute Øvereng (foto: Aasen-tunet, Sunniva Lund Osdal)

Dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet er stolt av å ha ansvaret for det eldste språkmuseet i verda.

– Vi visste at Ivar Aasen var før si tid, og at dette er det eldste personmuseet i Noreg og det einaste språkmuseet i Norden. Vi blei overraska då det viste seg at vi også er eldst i verda, seier Øvereng.

 

Dannar globalt museumsnettverk

Grepstad har hatt kontakt med mange språkmuseum i arbeidet med dokumentasjonen. Også alle diplomatiske stasjonar i Noreg fekk spørsmål om saka, og det førte til at lista kunne utvidast.

I den internasjonale museumsorganisasjonen ICOM finst ein seksjon for litterære museum, men ikkje for språkmuseum. Seinare i vinter inviterer Nynorsk kultursentrum alle språkmusea til å bli med i eit globalt nettverk.

– I første omgang etablerer vi kontakt via e-post, og så vonar vi at det blir mogleg å få til ei samling når museum frå heile verda møtest til verdskongress i Milano sommaren 2016. Fleire har alt meldt interesse, seier Ottar Grepstad.

 

E-boka «A world of languages and written culture»  kan du laste ned og lese her: