Framlegg til språkreglar for Vestlandsregionen

Framlegg til språkreglar for Vestlandsregionen

Fylkestinga bør vedta nynorsk administrasjonsspråk med språkreglar som tek vare på dei språklege rettane til både tilsette og private (personar, institusjonar, organisasjonar, bedrifter). Ved å følgje reglane for språk i statstenesta på eitt punkt og svare private på det språket dei sjølve bruker, sikrar regionen rettane også til dei mange som bruker bokmål privat, og som er i fleirtal i regionen. Nynorsk kultursentrum har laga eit framlegg til slike språkreglar. Språkreglane ligg ved som pdf både med og utan kommentarar nedst i artikkelen.

Vedlegg til intensjonsavtale signert 16.9.2016
Framlegg frå Nynorsk kultursentrum 30.9.2016 

Vedtak

Desse språkreglane gjeld frå og med det tidspunktet då fellesnemnda og arbeidsutvalet for perioden 2017–2020 kjem i funksjon.

Føremål og omsyn

Språkreglane for tilsette i Vestlandsregionen skal vere klare og lette å forstå, enkle å bruke og formidle til innbyggjarar og tilsette.
Språkreglane tek vare på dei språklege rettane til innbyggjarane og verksemdene uavhengig av om dei bruker nynorsk eller bokmål privat.
Språkreglane tek omsyn til at nynorsk er mest brukt institusjonelt og bokmål mest brukt privat i regionen.
Språkreglane følgjer intensjonane i lov om målbruk i offentleg teneste for situasjonar der lova regulerer tilsvarande forhold i staten. 

Statleg kommunikasjon med Vestlandsregionen

Lov om målbruk i offentleg teneste fastset kva som er tenestemålet til regionale statsorgan. Innanfor grensene til Vestlandsregionen har nesten alle regionale statsorgan nynorsk tenestemål fordi det er fleirtal av nynorskkommunar i tenesteområdet. Det vil seie at dei skal bruke nynorsk i all generell informasjon (annonsar, fellesbrev til alle kommunane i regionen, oppslag på nettstaden, invitasjonar til kurs, rapportar med meir).

Vestlandsregionen skal få skriv frå alle statsorgan på nynorsk.

Administrasjonsspråk i regionen

Administrasjonsspråk er det språket som blir brukt administrativt i regionen. Desse reglane gjeld:
1. Saksførelegg til og protokollar frå politiske organ i regionen skal vere på nynorsk.
2. Privatpersonar, private bedrifter, institusjonar og organisasjonar i og utanfor regionen får svar på nynorsk eller bokmål alt etter kva dei sjølve bruker, anten det gjeld sms, e-post eller vanlege brev. Dette inneber at dokumentmalar for saker som gjeld kontakt med desse, skal liggje føre på nynorsk og bokmål.
3. Til kommunar og kommunale føretak bruker regionen det språket som kommunen eller føretaket har valt i sin kommunikasjon med staten.
4. Ekstern informasjon på nett, i publikasjonar, pressemeldingar, kunngjeringar og annonsar skal vere på nynorsk.
5. Nettstader og kontoar i sosiale medium som er underlagde Vestlandsregionen, blir redigerte på nynorsk. Signerte innlegg blir publiserte på det språket vedkomande bruker.
6. Vanleg brukt programvare på digitale arbeidsstasjonar skal ha menyar på både nynorsk og bokmål. Der dette manglar, krev regionen at leverandøren lagar slike utan meirkostnad for regionen. Dette gjeld programvare til alle tilsette og for elevar i vidaregåande skular og andre skular som regionen eig.
7. Alle skjema som innbyggjarar, institusjonar, organisasjonar eller verksemder i regionen skal fylle ut, skal liggje føre på nynorsk og bokmål.
8. Trafikkskilt, informasjonsskjermar, skilt på offentlege stader eigde av Vestlandsregionen og i bygningar eigde av Vestlandsregionen skal vere på nynorsk.
9. Selskap og einingar som Vestlandsregionen eig, eller som utfører tenester på vegner av Vestlandsregionen, skal følgje dei reglane for administrasjonsspråk som er fastsette i dette dokumentet.
10. Interne styringsdokument, retningslinjer, malar med meir skal vere på nynorsk.
11. I intern kommunikasjon gjeld dei språklege rettane for kvar medarbeidar, som dermed vel om interne notat på intranett og liknande skal vere på nynorsk eller bokmål. I dokument som fleire er med og skriv, blir medarbeidarane på førehand samde om det skal vere på nynorsk eller bokmål. Dokument som seinare skal brukast eksternt, skal vere på nynorsk.
12. Juridiske avtalar som Vestlandsregionen skriv, blir gjorde på nynorsk.
13. Folkevalde til regionting, regionutval med meir skriv nynorsk eller bokmål som før.
Regionutvalet fastset eigne reglar for å oppfylle dei språklege rettane til brukarane av teiknspråk, synshemma og rørslehemma. 

Klart språk og universell tilgjengelegheit

Vestlandsregionen skal bruke eit klart språk som er lett å forstå for innbyggjarane og ei grafisk form som er i samsvar med lov om universell tilgjengelegheit. Dette inneber:
1. Vestlandsregionen skal vere eit føredøme for klart språk i offentleg forvaltning. Regionen vil lære av arbeidet med klart språk i statsforvaltninga og systematisk bruke dei erfaringane i eiga regionforvaltning.
2. Dokument og informasjon skal formast ut i samsvar med retningslinjer som følgjer av lov om universell tilgjengelegheit.

Leiing, kunnskap og oppfølging

1. Regionrådmannen har det administrative ansvaret for at desse reglane blir følgde.
2. Leiarar og mellomleiarar syter for at desse reglane blir følgde i alle delar av organisasjonen, og for at medarbeidarane har den kunnskapen og dei språklege hjelpemidla dei treng for å forvalte desse reglane.
3. Regiontinget handsamar ein gong i kvar valperiode som vedtakssak ei statusmelding frå regionrådmannen om bruken av nynorsk, bokmål og klart språk i regionen.

Lenkje til framlegg til språkreglar for Vestlandsregionen

Lenkje til framlegg til språkreglar for Vestlandsregionen med kommentarar

Lenkje til Språkfakta for Vestlandsregionen