13 argument om språk i Vestlandsregionen

13 argument om språk i Vestlandsregionen

Vestlandsregionen blir ein viktig region både økonomisk og kulturpolitisk. Slik Vestlandsregionen er forma i intensjonsplanen, vil den med si økonomiske kraft og over ein million innbyggjarar bli ein mektig aktør i norsk samfunnsutvikling og offentleg forvaltning. Då gjeld det at regionen blir like tydeleg språkpolitisk som næringspolitisk.

Kommunar, fylkeskommunar og regionar er språkleg viktigare aktørar enn mange politikarar trur. Det handlar om identitet, folkestyre og å skrive godt og forståeleg. Å sikre bruk av nynorsk i saksdokument, planar, rapportar, annonsar, skilt, namn, nettsider er svært viktig for det samla omfanget av nynorsk tekst. Det er også ei viktig støtte til dei mange kommunane som skal lage planar og saksutgreiingar med utgangspunkt i dokument frå regionen.

Vestlandets nasjonale rolle for språkleg jamstilling. I intensjonsavtalen blir det med rette slått fast at «nynorsk har vore, og er ein viktig felles identitetsbyggar». Dette gjeld for både Vestlandet og andre landsdelar. Ved å jamstelle nynorsk og bokmål i 1885 gjorde Stortinget truleg Noreg til den første formelt fleirspråklege staten i verda. No er slike fleirspråklege statar blitt meir og meir vanlege. Ei spørjeundersøking i 2013 viste at Vestlandet var den einaste landsdelen der så mykje som seks av ti innbyggjarar meinte at nynorsk og bokmål framleis skal vere to jamstelte språk.

Det nynorske tyngdepunktet ligg i Vestlandsregionen. At nynorskbrukarane tidleg danna fleire regionale tyngdepunkt i landet, var ein nødvendig føresetnad for at jamstellinga kunne bli meir enn ord. Enno er det likevel langt fram til ei reell jamstelling, og Vestlandet er den einaste landsdelen med eit nynorsk tyngdepunkt. Det har ringverknader for heile landet, og det forpliktar. Seks av ti nynorskkommunar i Noreg ligg i den nye regionen. Det same gjer godt over halvparten av alle kyrkjesokn med nynorsk liturgi, likeins seks av ti aviser redigerte på berre nynorsk. Sju av ti nynorskelevar i grunnskulen bur i dei tre fylka, det same gjer sju av ti avgangselevar i vidaregåande skule.

Vestlandsregionen er språkdelt. Det går fram av «Språkfakta om Vestlandsregionen» at fleirtalet av vaksne innbyggjarar i Vestlandsregionen helst skriv bokmål privat. Bokmålsbrukarane er i stort fleirtal i Rogaland, nynorskbrukarane i like stort fleirtal i Sogn og Fjordane. Der er 138 000 grunnskuleelevar i dei tre fylka, og for 62 prosent av dei er bokmål opplæringsspråket, for 38 prosent nynorsk.

Nøytralitet må ikkje forvekslast med jamstelling. I språknøytrale kommunar og fylkeskommunar er det som regel bokmål som dominerer. Fleire norske fylkeskommunar har delte løysingar med nynorsk i nokre sektorar og bokmål i andre, eller nynorsk i nokre typar dokument og bokmål i andre. Desse løysingane fungerer aldri godt over tid. Det som er det mest brukte språket privat, blir etter kvart dominerande også i yrkeskvardagen. At regionen er språkdelt, er eit sentralt argument for at dei språklege rettane for alle blir respekterte.

Kommunane og regionen avgjer kva språk staten skal bruke overfor dei. 2016 er det 85 kommunar i dei tre fylka. Staten bruker nynorsk til 67 av desse kommunane, eller 79 prosent. 30 kommunar i Hordaland har nynorsk, alle 26 kommunane i Sogn og Fjordane, og 11 kommunar i Rogaland. Det er 12 språknøytrale kommunar i Rogaland og tre i Hordaland (Bergen, Askøy og Odda). Dei tre byane Eigersund, Stavanger og Haugesund er dei einaste bokmålskommunane i regionen.

Nynorsk er tenestemålet til dei regionale statsorgana i heile regionen. I området til Vestlandsregionen er det eit overveldande fleirtal av nynorskkommunar. Difor er bruken av nynorsk er altså tungt etablert frå før. Alle statsorgan skal bruke nynorsk i all generell informasjon (annonsar, fellesbrev til alle kommunane i regionen, oppslag på nettstaden, invitasjonar til kurs, rapportar med meir). Alle statsorgan skal i dag skrive nynorsk til fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland, medan Rogaland fylkeskommune har definert seg som språknøytral.

Nynorsk dominerer i kyrkjelydane i Vestlandsregionen. Også kyrkja er Det er 288 kyrkjesokn i dei tre fylka. 206 av desse, eller 72 prosent, bruker nynorsk liturgi. Innanfor regionen går det eit visst skilje mellom dei to bispedøma.

Mange medieverksemder og kulturinstitusjonar bruker nynorsk. Det kjem ut 51 aviser i dei tre fylka. Over halvparten av dei er redigerte på nynorsk, mange er språkblanda redaksjonelt, og berre tre av ti er redigerte på bokmål. Likeins er administrasjonsspråket nynorsk i over halvparten av dei 15 musea i regionen. Nynorsk kultursentrum har identifisert over hundre kulturinstitusjonar på Vestlandet, frå historiske spel og festivalar til arkiv og museum, som bruker nynorsk i administrasjon og marknadsføring.

Høgskulen på Vestlandet vil bruke mykje nynorsk. Med avdelingar frå Førde til Haugesund kjem Høgskulen på Vestlandet i drift frå 1. januar 2017. Partane blei alt tidleg i forhandlingane samde om at nynorsk skal vere det administrative hovudspråket. Det skjedde utan strid, og saka var avgjort på kort tid.

Vestlandsregionen må sikre rettane til alle, også dei mange bokmålsbrukarane i regionen. Nynorsk- og bokmålsbrukarar er i skiftande fleirtal og mindretal, alt etter kvar dei flyttar og kvar dei buset seg. Det er vi nynorskbrukarane som m å insistere på dei språklege rettane som både bokmåls- og nynorskbrukarar har og skal ha. Kor viktige slike språklege rettar er, har styresmaktene i jamt fleire land teke meir omsyn til dei siste tiåra.

Vestlandsregionen bør vere eit føredøme for klart språk i offentleg forvaltning. Difor treng regionen reglar for klart språk og universell tilgjengelegheit. Det har lenge vore eit demokratisk problem at offentleg forvaltning har ordlagt seg uforståeleg eller vanskeleg. Staten har i mange år måtta bruke mykje tid og pengar på å formulere seg klarare, enklare og tydelegare til innbyggjarane. Offentlege dokument kan aldri bli for godt og klart skrivne. Dette arbeidet for klart språk går i staten hand i hanske med meir nynorsk. Vestlandsregionen bør leggje ambisjonen høgt på dette punktet.

 

Sist oppdatert 20.10.2016