Vedtekter

Vedtekter for stiftinga Nynorsk kultursentrum
Vedtekne på skipingsmøte 31. august 1993, med endringar frå 8. september 1997, 10. mars 1999 og 11. mars 2005
 

§ 1 Føremål
Stiftinga Nynorsk kultursentrum er ei ideell stifting med hovudføremål å arbeide for nynorsk skriftkultur, i gjensidig samarbeid med Ivar Aasen-instituttet i Volda. Stiftinga skal eige og stå føre drifta av Ivar Aasen-tunet og samarbeide med Dei Nynorske Festspela 

§ 2 Grunnfond
Stiftinga skal ha eit grunnfond på minimum 100 000 kroner.

§ 3 Driftsinntekter
Driftsinntektene for stiftinga Nynorsk kultursentrum, medrekna offentleg og privat tilskot, skal gå til å dekkje driftsutgiftene for dei tiltaka stiftinga set i verk og har ansvar for. Overskot skal ikkje betalast ut, men brukast i arbeid for hovudføremålet.

§ 4 Styret
Styret skal leie arbeidet med stiftinga i samsvar med føremålet. Det skal føre tilsyn med forvaltning av økonomi og ressursar og vere hovudansvarleg for å gjennomføre stiftingstiltaka.

Styret har sju medlemer. Fire medlemmer blir oppnemnde av staten for fire år om gongen, to blir oppnemnde av rådet i høve til § 6 i vedtektene for fire år om gongen, og ein av dei tilsette for to år om gongen. Staten oppnemner to varamedlemer i prioritert rekkjefølgje for fire år om gongen. Rådet og dei tilsette oppnemner ein varamedlem kvar, begge for to år om gongen. Ved første gongs opp­nemning skal to statsoppnemnde og ein rådsoppnemnd styremedlem med varamedlem opp­nemnast for to år. Ingen styremedlem kan sitje meir enn åtte år i samanheng.

Styret er vedtaksført når minst fire styremedlemer er til stades.
Innan utgangen av mars kvart år skal styret i møte fastsetje årsoppgjeret. I same møte skal leiar og nest­leiar veljast for to år om gongen.
Styret skal tilsetje dagleg leiar og utarbeide arbeidsinstruks for denne.
Styret skal kvart år innan utgangen av april sende inn årsoppgjer med revisjonserklæring til Kultur­departementet.

§ 5 Revisjon
Årsoppgjer skal reviderast av statsautorisert revisor. Revisor blir oppnemnd etter framlegg av rådet. Oppnemninga skal godkjennast av dei som oppnemner styret.

§ 6 Rådet
Rådet skal sjå til at stiftinga arbeider i samsvar med føremålet. Rådet kan vedta fråsegner om alle spørsmål som vedrører stiftinga, men kan ikkje gi bindande pålegg til styret.

Rådet har 20 medlemer med personlege varamedlemer, alle oppnemnde for to år om gongen med ein representant frå kvar av følgjande institusjonar:

Det Norske Teatret
Hordaland fylkeskommune
Høgskulen i Volda
Landssamanslutninga av nynorskkommunar
Litteraturselskapet Det Norske Samlaget
Møre Folkehøgskule
Møre og Romsdal fylke
Møreforsking Volda
Noregs Mållag
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Noregs Ungdomslag
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sunnmøre Museum
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
Universitetet i Tromsø
Vestmannalaget
Volda kommune
Ørsta kommune

Rådet skal ha ein ordførar, som skal innkalle til og leie rådsmøta. Ordførar skal veljast for to år om gongen.
Rådet kan samrøystes vedta at nye institusjonar får rett til kvar å oppnemne ein representant med personleg varamedlem til rådet, dersom institusjonen sluttar seg til føremålet for stiftinga og betaler inn minst 10 000 kroner til grunnfondet. Slikt vedtak om tilslutning frå nye institusjonar er ikkje ei formell vedtektsendring i høve til § 7.
Rådet skal oppnemne to styremedlemer med varamedlemer og gjere framlegg til revisor i stiftinga.
Rådet skal ha minst eitt møte i året, til drøfting av årsoppgjer og drifta av stiftinga. Rådet er ved­taks­­ført når eit fleirtal av medlemene er til stades. Styret kan vere til stades på rådsmøta. Stiftinga Nynorsk kultursentrum stiller sekretær til rådvelde for rådet.

§ 7 Vedtektsendringar
Styret kan vedta endringar i vedtektene med 5/7 fleirtal. Framlegg om vedtektsendringar må gå fram av innkallinga til møtet. Før endringar av vedtektene blir vedtatt skal framlegg drøftast i rådet. Vedtektsendringar er bindande frå det tidspunktet dei er godkjende av Kulturdepartementet.

§ 8 Oppløysing
Styret kan vedta å oppløyse stiftinga med 5/7 fleirtal. Oppløysingsvedtak er berre gyldig dersom rådet har slutta seg til oppløysingsvedtaket med 3/4 fleirtal. Framlegg om oppløysing må gå fram av møteinnkalling. Dersom stiftinga blir oppløyst, skal alle aktiva overførast til eit fond som skal nyttast til å fremje arbeidet for nynorsk skriftkultur.

§ 9 Avhending av eigedom
Den rørlege og urørlege eigedomen til stiftinga kan ikkje avhendast, med mindre det følgjer av gjenstandens art eller føremålet med å tileigne seg gjenstanden.