Språksamlingar for folk flest
Styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrumFoto: Ivar Aasen-tunet, Anders Aanes

Språksamlingar for folk flest

Kronikk av Lodve Solholm, styreleiar Nynorsk kultursentrum. Publisert i Bergens Tidende onsdag 25. februar.

I år blir framtida for det største prosjektet i norsk humanistisk forsking avgjort. Representantar for mange vitskapsmiljø på tvers av skiljet bokmål-nynorsk har dei siste månadene arbeidd for å sikre språksamlingar og ordbøker for folk flest og for private og offentlege aktørar.

Ordbøker føreset språksamlingar

I den siste av årstalane sine om tilstanden for nynorsk skriftkultur peika Ottar Grepstad i 2012 på at det nynorske standardspråket representerer 175 års investering i form av milliardar av kroner og millionar av årsverk i forvaltning, institusjonar, bedrifter, organisasjonar. I standardspråket bokmål har Noreg investert veldig mykje meir.

Den norske tradisjonen for språkplanlegging i offentleg regi har gitt eit godt grunnlag for det fleirspråklege samfunnet som Noreg no er, og for den fleirspråklege staten som blei etablert alt i 1885. Ei slik offentleg og demokratisk styring av språk bør førast vidare. «Norsk språk er den viktigaste nasjonale infrastrukturen vår», sa prosjektleiar Knut Jonassen i Standard Norge på Språkdagen i fjor haust.

Iallfall frå slutten av 1800-talet har språksamlingar vore bygde opp systematisk i Noreg. Slike samlingar finst ved mange universitet og høgskular, og dei største er ved Universitetet i Oslo. Der er mellom anna nynorsk- og bokmålssamlingar med til saman over 200 millionar ord og ein nasjonal stadnamnbase med 700 000 namn. Hundrevis av frivillige har vore med og samla inn materialet. Ein av dei budde i Ulvik og heitte Olav H. Hauge.

Folk flest treng ordbøker

Ideen om Norsk Ordbok kom opp i 1927. Det var på den tida nynorsk gjekk frå å vere eit skriftspråk til å bli ein skriftkultur. Samanhengen mellom tale og skrift blei institusjonalisert ved at ordboka skulle dekkje både dialektar og skriftspråk. Då var nok mange på bokmåls- og riksmålssida opptekne av andre spørsmål enn det norske talemålsmangfaldet. Riksmålsvernet oppretta sitt første ordbokutval alt i 1919.

Norsk Ordbok skulle bli to–tre band, men det blei 12, og siste bandet kjem i år. Med over 300 000 oppslagsord er dette eit av dei fremste ordbokverka i verda. Norsk Ordbok er nok også det største forskingsprosjektet i norsk humaniora nokon gong. Dette er verdiar utvikla for offentlege midlar, frivillig arbeid og gjennom mange hundre årsverk, og som må få eit vidare liv, til glede for folk flest.

Bygg på gjensidig språkleg respekt

Norsk Ordbok dekkjer det nynorske skriftspråket og alle norske dialektar, med det også talemålsgrunnlaget for bokmål. Likevel har nokon prøvt å setje nynorsk opp mot bokmål og sagt at no har nynorsken fått sitt. Den utsegna byggjer på kvikksand. Å forvalte dei språklege verdiane bokmål og nynorsk utgjer, tek aldri slutt. Språk utviklar og endrar seg gjennom bruk.

Vårt grunnsyn er at der er to norske språk i Noreg – bokmål og nynorsk. Desse har mykje felles, men også kvar sine tradisjonar og til dels kvar sine skriftkulturelle system. Nynorsk representerer like lite ei partsinteresse og like mykje ei allmenninteresse som bokmål gjer.

Vi meiner ambisjonsnivået for bokmål bør vere det same som for nynorsk. Det trengst eit vitskapleg ordbokverk også for bokmål som dekkjer heile denne språktradisjonen medrekna det vi kan kalle folkeleg bokmål.

Norsk Ordbok er blitt utvikla og redigert i Oslo. Då kan ei allmenn bokmålsordbok lagast også andre stader i landet.

Lag eit nasjonalt fellesføretak

I fjor haust tok Nynorsk kultursentrum eit forpliktande initiativ for å sikre vidare drift av noko som er viktig for mange. I samråd med eit forlag og fire universitet og høgskular la vi fram ei utgreiing om ein ny driftsorganisasjon for språksamlingar og ordbøker.

Universitets- og høgskulelova gjer det mogleg å opprette nasjonale fellesføretak, slik ein har gjort med den viktige Artsdatabanken ved NTNU. Eit slikt føretak bør også opprettast for språksamlingane og ordbøkene.

Eit ganske samla språkvitskapleg miljø stør dei overordna konklusjonane våre – nasjonalt fellesføretak, robust driftsorganisasjon, langsiktig tiltak for utvikling, bruk og distribusjon av data til forsking i og forvaltning av bokmål, nynorsk og minoritetsspråka. Og ikkje minst: tenester og tilbod som er allment tilgjengelege som gratis nettenester for publikum.

Det trengst ei overordna leiing for dei samlingane som finst, og for dei som kjem til. Det som finst, må sikrast og ikkje løysast opp. Nye typar samlingar vil kome til, og behovet for samordning vil auke: Der må vere fellesløysingar som alle kan bruke, og nokon må ha ansvaret for at slike fellesløysingar blir utvikla og haldne ved like.

Ei delt løysing med base i Bergen

Driftsorganisasjonen må vere dynamisk, smidig, fleksibel og utnytte det sterke sidene ved ulike institusjonar. Difor er ei delt løysing den beste. Universitetet i Bergen har eit breitt samansett språkmiljø og bør forvalte samlingane. Høgskulen i Volda er ein smidig og effektiv institusjon som bør ta seg av ordbokredaksjonen.

Verksemda må begge stader utførast i nærkontakt med språk- og kulturfaglege miljø mange stader i landet. Språkrådet har ei særleg rolle i vedlikehaldsarbeidet for Nynorskordboka og Bokmålsordboka.

Språksamlingane i Oslo bør altså flyttast til Bergen. Dei mange større og mindre samlingane som blir forvalta regionalt ved ulike institusjonar, kan vere der dei er.

Verksemda må finansierast sikkert og langsiktig uavhengig av dei ordningane i den statlege marknadsøkonomien som finansiering av universitet og høgskular utgjer. Dette meiner vi krev vel 12 årsverk for samlingane og 5–7 årsverk for Norsk Ordbok. Det er under halvparten av dagens samla stab. Ingen har sagt at vi tek for sterkt. Fleire har derimot sagt at det trengst meir.

Den delte løysinga utnyttar soliditeten i eit stort universitet og smidigheita til ein høgskule og gjer at fleire miljø eig i prosjektet. Den norske kombinasjonen av dialektmangfald, to jamstilte norske språk og eit jamt sterkare vern for samiske språk og nasjonale minoritetsspråk har følgjer for korleis språkressursane best kan forvaltast.