Høyringsfråsegn om planprosess museumsplan

Nynorsk kultursentrum takkar for høyringsdokument i planprosess for museumsplan for Møre og Romsdal. Det er positivt at fylkeskommunen ønskjer direkte kontakt med dei institusjonane saka gjeld, og vi har arbeidd grundig med dokumentet. Saka har vore drøfta av alle tilsette, den utvida leiargruppa og rådet før styret vedtok denne fråsegna i møte 11.4.2016. Fråsegna sluttar med ein oppsummerande konklusjon.

Last ned høyringsfråsegna i pdf her 

1 Historie

Nynorsk kultursentrum er ein nasjonal kulturinstitusjon med 24 stiftarar frå heile landet og frå ulike samfunnsområde. Møre og Romsdal fylkeskommune var ein av dei 14 opprettarane i 1993. I dag er Nynorsk kultursentrum eit konsern med Ivar Aasen-tunet som hovudarena. Den første samanslåinga og omorganiseringa av museum på 2000-talet var at Ivar Aasen-tunet i 2000 tok opp i seg det gamle Ivar Aasen-museet frå Sunnmøre Museum.

Eit privat initiativ frå tre personar sette det heile i gang i november 1990. Etter få veker var alle hovudlinjene på plass til det som i 2000 kunne opnast som Ivar Aasen-tunet. Åra 1990–1995 gjekk med til å avklare innhald, organisering og budsjettrammer. Mot seks røyster frå Frp vedtok Stortinget 17.11.1995 å opprette Ivar Aasen-tunet som eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. Stortinget vedtok samstundes at alle ordinære offentlege tilskot til drifta av Aasen-tunet skal kome frå staten. Ørsta kommune, Volda kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok i 1996 sine løyvingar til bygging av Aasen-tunet.

Omgrepet nasjonalt er heilt sentralt. Dei som leidde arbeidet med prosjektet, føresette frå første dag at dette skulle vere ein nasjonal institusjon av di nynorsk er eit riksdekkjande, jamstilt språk i heile Noreg; nynorskbrukarane bur over heile landet. Greidde ein ikkje å få dette til som eit riksdekkjande prosjekt, ville arbeidet blitt lagt ned. Visjonen blei formulert i 2007 og står uendra: «Nynorsk sjølvsagt, når som helst, kor som helst.»

Stiftingsforma blei vald av fleire grunnar. Det var viktig at institusjonen skulle vere så uavhengig som mogleg av nasjonale, regionale og lokale styresmakter. Likeins var det viktig å etablere institusjonen slik at mange blei involverte. Ivar Aasen-stiftinga, som var namnet fram til 1998, blei skipa av 14 opprettarar i 1993, og i dag er altså 24 institusjonar frå heile landet med. Likeins har styret i alle år vore breitt samansett med deltaking frå ulike miljø og landsdelar.

Styret vedtok i 2010 at Nynorsk kultursentrum berre tek på seg oppgåver og prosjekt som ikkje stiller i fare stortingsvedtaket frå 1995 om finansiering.

 

2 Status

Nynorsk kultursentrum er ein av svært få nasjonale kulturinstitusjonar utanfor Oslo, er det største litteraturmuseet i Noreg, det einaste senteret for lyrikk i mange former i Noreg, det einaste språkmuseet i Norden, det eldste språkmuseet i verda, det einaste nasjonale og redigerte leksikonet på nynorsk, og vi er det einaste museet med to nasjonale festivalar i to fylke.

Nynorsk kultursentrum blei stifta i 1993 for å etablere og drive Aasen-tunet. No er stiftinga organisert som eit konsern med tre driftsavdelingar, dotterselskapet Allkunne og åtte nettstader. Frå skipinga har vi bygt ut verksemda stein for stein, driv no museum i to fylke og har under oppbygging eit tredje museum i eit tredje fylke.

Til no har vi hatt vel 327 000 gjester på arrangement og utstillingar og 3 652 000 unike nettstadbrukarar. I alt har altså nær 4,0 millionar nytta tilboda våre. Etter 16 driftsår er dette gjort:

• 65 716 bøker, skrifter, foto, kunsthistoriske og tradisjonelle gjenstandar i samlingar frå heile landet
• 4672 arrangement og utstillingar i 152 kommunar i alle fylke med 10 747 utøvarar
• 31 temautstillingar er laga og har vore lånte ut 170 gonger til stader i 18 fylke
• 1521 turnéframsyningar av seks elevprogram i Den kulturelle skulesekken for
46 246 elevar og lærarar i seks fylke
• 349 talar og foredrag, 206 artiklar og 29 bøker og småskrifter

 

3 Armlengds avstand og institusjonelt sjølvstende

I utgangspunktet er det positivt at fylkeskommunen vil lage ein museumsplan. Den politiske og praktiske verdien av det dokumentet er heilt avhengig av at dokumentet blir brukt til å klargjere grensene for det fylkeskommunale myndet, og kva musea sjølve avgjer fullt ut.

Prinsippet om armlengds avstand blei i si tid etablert for å sikre sjølvstendet til Kulturrådet. Regjeringa Solberg har svært tydeleg overført dette prinsippet til andre delar av kultursektoren. I tildelingsbrevet vårt frå Kulturdepartementet for 2016 heiter det:

«Musea skal ha ei fagleg fri stilling som gjev handlingsrom for å stilla kritiske spørsmål om både notida og fortida. Det krev armlengds avstand til offentlege styresmakter.»

Denne forståinga av forholdet mellom sjølvstendige kulturinstitusjonar og offentlege styresmakter saknar vi i høyringsdokumentet. Dette er driftsgrunnlaget for både Nynorsk kultursentrum og andre museum i fylket. Som ein av opprettarane våre har Møre og Romsdal fylkeskommune i rådet slutta seg til denne grunnforståinga ved fleire høve.

Nynorsk kultursentrum har i svært mange samanhengar over lang tid peikt på og insistert på at vi er ein sjølvstendig institusjon. I Visjon og strategi 2016–2019 seier styret det slik: «Vi spelar ei sjølvstendig og kritisk rolle overfor styresmaktene. I dette ligg at vi er ein aktør i den norske offentlegheita både nasjonalt, regionalt og lokalt. Kritisk og konstruktivt er vi med og styrkjer den nynorske skriftkulturens plass i det norske samfunnet.»

I dette ligg at Nynorsk kultursentrum sjølv avgjer korleis institusjonen skal organiserast og drivast innanfor dei vedtektene som gjeld. Ingen offentlege forvaltningsnivå bør kunne overprøve desse avgjerdene, føresetje bestemte løysingar eller svare på uønskte avgjerder med negative endringar i løyvingspolitikken. Å vere fagleg sjølvstendig og drive med armlengds avstand bør innebere at institusjonane sjølve må kunne avgjere korleis dei vil organisere arbeidet sitt. Det er såleis noko anna at tre museum i eit fylke tek eit initiativ og slår seg saman enn at ein fylkeskommune eller eit departement tek initiativ eller jamvel pålegg bestemte løysingar.

Å hevde dette sjølvstendet gjorde vi også i dei åra på 2000-talet då det ikkje var så enkelt å gjere det. Det må likevel seiast at det ikkje ved noko høve fekk negative følgjer for oss – kanskje tvert om.

I offentleg museumspolitikk har fire F-ar vore framheva dei siste åra – forsking, formidling, forvaltning og fornying. Nynorsk kultursentrum tek med denne høyringsfråsegna initiativet til at ein femte F for fridom blir innført i offentleg museumspolitikk. På den måten blir det institusjonelle sjølvstendet tematisert og formalisert i alt arbeid med vidare utvikling av norske museum.

 

4 Bakgrunn, rammer og føringar

Nedanfor peikar vi på dei fire momenta som er mest sentrale for oss.

Samfunnsrolle: Alt i innleiinga heiter det at museumsplanen skal «tydeleggjera musea si rolle i samfunnet» (s. 4). Seinare følgjer fylkeskommunen opp med eit avsnitt der ein slår fast kva slags institusjonar musea skal vere (s. 7). Vidare heiter det at omgrepet «samfunnsoppdrag» skal avklarast «i lys av regionale og statlege rammer og føringar». Her ville det ha vore rimeleg at oppfatningane til dei saka gjeld, musea, også var med.

Nynorsk kultursentrum meiner tida er omme for at folkevalde organ og offentleg forvaltning skal meine noko om innhaldet i verksemda til sjølvstendige kulturinstitusjonar. Her gjekk staten altfor langt i samanslåingsprosessane for musea på 2000-talet, og Nynorsk kultursentrum kritiserte dette ved mange høve. Ein fylkeskommune står fritt til å gjere det ein vil overfor institusjonar som fylkeskommunen eig, men det er ikkje fylkeskommunen som skal planleggje eller vedta i ein plan kva samfunnsoppdrag sjølvstendige museum skal arbeide ut frå. Derimot bør fylkeskommunen vurdere kva følgjer det har for si verksemd, sine prioriteringar og sine budsjett at sjølvstendige museum vedtek dei samfunnsoppdraga dei gjer. For oss er dette formulert i Visjon og strategi 2016–2019, vedteke i styret i juni 2015.

Fylkeskommunens rolle: Det er positivt at fylkeskommunen gjennom museumsplanen vil «klargjere kva ansvar og rolle Møre og Romsdal fylkeskommune har overfor musea i regionen» (s. 4). Vi har ved fleire høve etterlyst nettopp dette med tanke på kva rolle fylkeskommunen kan og vil ha som vertskapsfylke for ein nasjonal kulturinstitusjon. På den andre sida stiller vi oss undrande til at fylkestinget skal vedta ein museumsplan som «skal leggast til grunn for regionale, kommunale og statlege aktørar si verksemd i fylket» (s. 8). Då tildeler fylkeskommunen seg ei makt over sjølvstendige institusjonar som det nok ikkje er grunnlag for å gjere.

Nynorsk kultursentrum rår difor til at arbeidet med museumsplanen blir brukt til nettopp det som står på s. 12: Vurdere og avklare fylkeskommunens rolle og ansvar overfor musea i fylket. Vi reknar med at fylkeskommunen som før kjem til å ha ulike roller overfor ulike institusjonar.

Økonomisk prioritering: Det er positivt at museumsplanen skal gi «tydelige signal om satsingsområde og prioriteringar i planperioden». Nynorsk kultursentrum føreset at dette også inkluderer økonomiske rammer. Planen bør difor både gi ein analyse av løyvingane frå fylkeskommunen til musea frå og med 2000, og kva fylkeskommunen vil gjere økonomisk i planperioden. Her må museumsplanen hengje nøye saman med økonomiplanen for fylket.

Føringar frå musea: I tråd med det som er nemnt ovanfor, er det ikkje nok at plandokumentet peikar på internasjonale, nasjonale og regionale rammer og føringar (s. 5–6). Her manglar det viktigaste – musea sine eigne føringar og rammer. Desse må vere med om det skal bli ein god prosess.

 

5 Hovudtema i planarbeidet

Nedanfor peikar vi på dei sju momenta som er mest sentrale for oss.

Fylkesmuseum for Møre og Romsdal: Dette er det kritiske punktet. Fylkeskommunen tek mål av seg til å ta stilling til kva som er den mest føremålstenlege organiseringa av musea (s. 9). Seinare viser ein til konklusjonar frå to evalueringsrapportar frå 2010 og 2012 som ikkje inkluderte Nynorsk kultursentrum. Eit sentralt punkt der er at stiftingar er ei vanskeleg organisasjonsform «når målet er samordning og felles drift» (s 13 og 14). Nettopp – for ein sjølvstendig institusjon er stiftinga ei framifrå driftsform.

I samanslåingsprosessen frå 2000 la Stortinget til grunn at ei geografisk samanslåing skulle vere overordna ei fagleg. Nynorsk kultursentrum har i møte med sentrale kulturpolitikarar i Stortinget merka at det synspunktet står svakare i dag. Med ei driftsavdeling i Ulvik og snart ei i Vinje har vi erfart at den faglege nærleiken er større enn den geografiske avstanden. Det same har vi sett gjennom eit nasjonalt museumsnettverk som vi leidde 2008–2014. Kvart museum bør difor ha rett til å vurdere kvar dei meiner dei finn mest fagleg fellesskap.

Musea må altså sjølve avgjere korleis dei vil organisere seg for å nå måla sine. På grunnlag av premissane i punkt 1–4 ovanfor, og etter ei drøfting som har involvert alle tilsette, rådet med alle stiftarane og styret konkluderer styret slik: Nynorsk kultursentrum avviser tanken om eit fylkesmuseum som blir drive fram av Kulturdepartementet og/eller fylkeskommunen med skiftande grad av press. Det er noko heilt anna viss musea sjølve på eige grunnlag og initiativ ønskjer ei slik løysing. Nynorsk kultursentrum blir ikkje på noko vilkår med i ein slik institusjon. Styret føreset at administrasjonen bruker minst mogleg tid på denne delen av deltakinga i planarbeidet.

Tilretteleggjar for ulike behov: Som nemnt i punkt 4 reknar vi med at fylkeskommunen også i framtida vil ha ulike roller overfor ulike institusjonar. Vi og andre kulturinstitusjonar treng ein fylkeskommune som legg til rette for fellestiltak av typen Senter for digitalisering av kulturarven. Kulturinstitusjonane er og skal vere ulike, og med det følgjer ulike behov som fylkeskommunen må ta omsyn til. Ei slik sentral oppgåve er å vere vertskapsfylke for ein nasjonal kulturinstitusjon, utdjupa i punkt 7 nedanfor.

Innhaldet i museumsarbeidet: Omtalen av forvaltning, forsking, formidling og fornying avdekkjer den vanskelege situasjonen fylkeskommunen set seg i med den tilnærminga som er vald for arbeidet (s. 10-11). Innhaldet i musea er det viktigaste av alt, for musea er det musea gjer, men i plandokumentet blir emnet redusert til knappe setningar. I høyringsdokument blir det vist til ABM-utvikling, ein institusjon som blei avvikla for fem år sidan. Vi trur ein ville ha kome tettare på saka ved å leggje strategidokumenta frå musea til grunn. At ein vil orientere seg i slike dokument, blir berre nemnt som ein del av kunnskapsgrunnlaget (s. 14). Dei dokumenta er meir enn eit kunnskapsgrunnlag – dei er basisdokument for museumsarbeidet.

Oppgåvene til Nynorsk kultursentrum: Det står i dokumentet at Nynorsk kultursentrum «har i ein viss grad andre oppgåver enn dei andre museumseiningane» i fylket (s. 11). Når fylkeskommunen elles i dokumentet legg stor vekt på å vise til stortingsdokument, hadde vi gjerne sett at ein viste til det nemnde stortingsvedtaket i 1995 og såg nærmare på hovudlinjene i verksemda vår. Det dreiar seg om mykje meir enn «til ein viss grad».

Den nasjonale rolla: Fylkeskommunen stiller seg spørsmåla: «Har våre museum tatt si nasjonale rolle» innanfor område som immateriell kulturarv, og «bør vi ha ei nasjonal leiande rolle?» (s. 11). Problemstillinga er viktig, ordbruken uheldig. Vi kan berre brukast om dei musea fylkeskommunen faktisk eig. Noko av det Nynorsk kultursentrum har gjort nasjonalt og internasjonalt, er dokumentert i punkt 3 ovanfor.

Den kulturelle skulesekken: Det er positivt at fylkeskommunen ønskjer å drøfte korleis ein kan samarbeide med musea om Den kulturelle skulesekken (s. 11). Dokumentet er rett nok uklart på dette punktet, men når spørsmåla først blir stilte, er det også mykje å oppnå. Nynorsk kultursentrum helsar saka velkomen, for Møre og Romsdal fylkeskommune og vi har til no hatt svært ulike oppfatningar av roller og mynde på dette feltet.

Fråvær av digitale perspektiv: Plandokumentet seier mykje om bygnings- og fartøyvern, som er sentrale emne (s. 11 f.). På dette punktet kan det nok også vere relevant for fylkeskommunen å stille visse krav til arbeidet ved musea fordi dei forvaltar fellesverdiar som fylkeskommunen også må ta stilling til. Før sommarferien opnar Nynorsk kultursentrum nettstad nr. 9. Vi er nok eit av få norske museum som eig fleire nettstader enn bygningar, og skal ein lage ein museumsplan anno 2016, kan ikkje det digitale perspektivet utelatast.

 

6 Organisering av arbeidet

Nynorsk kultursentrum står for opne og inkluderande prosessar som blir bygde opp nedanfrå. Slik arbeider vi med alle større saker internt, og slik arbeidde vi med den prosjektplanen for Vinje-senteret som vi la fram 29.2.2016.

Forarbeidet til denne planprosessen og det framlegget til prosess som ligg føre, vitnar om ein heilt annan måte å arbeide på. Det er sjølvsagt relevant å vise til lovfesta krav til slike planprosessar (s. 8). Lovfesta krav er likevel sjeldan nok for å få til ein god prosess. Då arbeidet med planprosessen tok til, snakka fylkeskommunen berre med nokre av dei institusjonane saka gjeld. Nynorsk kultursentrum blei først informert då høyringsdokumentet kom 3.3.2016.

Sett frå vår synsvinkel tek dette arbeidet til i feil ende og går i feil retning. Det arbeidet som skulle ha vore gjort før prosessen tek til, må framleis gjerast, men då må heile prosessen ta meir tid. Vi meiner ein i slike prosessar kjem lengst ved å tenkje nedanfrå og opp. Administrasjonen i Nynorsk kultursentrum har særleg god kjennskap til arbeidet med samanslåing i tre andre fylke. Ingen av dei går inn i noka lærebok som døme på gode utviklingsprosessar.

Dei det gjeld, må etter vår meining involverast frå første stund. Møre og Romsdal fylkeskommune burde ha invitert alle musea til eit felles informasjons- og drøftingsmøte før arbeidet med å skrive høyringsdokumentet tok til. Gjennom Hauge-senteret i Ulvik har Nynorsk kultursentrum vore tett på arbeidet med museumsplan i Hordaland. Der har fylkeskommunen invitert alle musea inn i eit slikt forum med ei ganske klar forståing av kvar grensene for fylkeskommunen går. På denne måten kunne fylkeskommunen også tidleg fått avklara kva rolle ein ser for seg at styrande organ ved musea bør og skal ha.

Nynorsk kultursentrum meiner at Møre og Romsdal fylkeskommune bør organisere arbeidet med planen på ein annan måte enn det som no ligg til grunn (s. 15). Korleis fylkeskommunen organiserer det interne arbeidet, til dømes med ei prosjektgruppe, legg ikkje vi oss opp i. Derimot bed vi om at styringsgruppa blir utvida slik at alle dei seks musea er representerte på leiarnivå. Så lenge museumsplanen er i arbeid, bør fylkeskommunen dekkje reise- og møtetidkostnader for dei involverte. Før dette, og før arbeidsgrupper blir oppretta, må det avklarast kva mandat dei ulike organa har, og kva måla for arbeidet er.

Plandokumentet legg opp til arbeidsmøte med musea august – oktober 2016. Vi meiner ein første runde med slike arbeidsmøte må haldast snarast råd etter at høyringsfristen er ute, og så kan det vere ein ny runde til hausten. På den måten blir museumsplanen til gjennom tett samarbeid med dei involverte.

 

7 Kontaktforum

For kommunar og fylkeskommunar fører det eit særleg ansvar med å vere vertskap for ein nasjonal kulturinstitusjon. Alt få år etter at Aasen-tunet var opna i 2000, såg vi at denne rolleforståinga i beste fall var vag. Hausten 2004 inviterte vi difor Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunane Ørsta og Volda til eit første møte i eit slikt kontaktforum.

Det møtet handla om Dei nynorske festspela av di dette er det einaste tiltaket vårt som får årleg støtte frå vertskommunane og fylkeskommunen. Møtet gav resultat: I 2004 løyvde kommunane og fylkeskommunen til saman 108 000 til festivalen. To år etter var den samla løyvinga auka til 175 000. I 2016 er den kommunale og fylkeskommunale støtta til Dei nynorske festspela komen opp i 305 000.

Eit meir formelt kontaktforum blei etablert hausten 2005. Dette hadde mykje å seie for at vi kunne byggje utescene i Aasen-tunet, opna av Kronprins Haakon i 2008. Møre og Romsdal fylkeskommune spelte ei svært konstruktiv rolle i den saka.

Kontaktforumet møttest sist våren 2013. Arbeidet med Språkåret, Hauge-senteret og no Vinje-senteret gjorde at vi ikkje greidde å prioritere oppfølging av kontaktforumet. Det kom heller ingen førespurnad frå kommunane eller fylkeskommunen om nytt møte. Vi ønskjer å halde fram arbeidet i kontaktforumet og sender eige brev om nytt møte.

 

8 Konklusjonar

Nynorsk kultursentrum er ein nasjonal kulturinstitusjon med 24 stiftarar frå heile landet og frå ulike samfunnsområde. Møre og Romsdal fylkeskommune var ein av opprettarane våre i 1993. Ivar Aasen-tunet er hovudarenaen vår, og Stortinget vedtok 17.11.1995 at denne institusjonen skulle opprettast.

Frå skipinga i 1993 har vi bygt ut verksemda stein for stein, driv no museum i to fylke og har under oppbygging eit tredje museum i eit tredje fylke, og innan sommarferien driv vi ni nettstader. Samlingane våre dekkjer heile landet og fleire hundreår, og ved utgangen av 2015 hadde vi vore til stades i 152 kommunar i 19 fylke med arrangement og/eller utstillingar.

Stortinget legg vekt på at musea skal ha ei fagleg fri stilling med armlengds avstand til offentlege styresmakter. Då må institusjonane sjølve avgjere korleis dei vil organisere arbeidet sitt utan noka form for økonomiske eller andre reaksjonar. Berre slike institusjonar kan vere reelt sjølvstendige og uavhengige og fylle den samfunnsrolla dei ønskjer. I offentleg museumspolitikk har fire F-ar vore framheva dei siste åra – forsking, formidling, forvaltning og fornying. Nynorsk kultursentrum tek med denne høyringsfråsegna initiativet til at ein femte F for fridom blir innført i offentleg museumspolitikk. På den måten blir det institusjonelle sjølvstendet tematisert og formalisert i alt arbeid med vidare utvikling av norske museum.

Det er positivt at Møre og Romsdal fylkeskommune vil avklare si eiga rolle overfor musea, gi tydelege signal om økonomiske prioriteringar og inviterer til ei drøfting av samarbeid med musea om Den kulturelle skulesekken. På andre punkt har vi kritiske merknader som er formidla ovanfor. Diverre manglar digitale tenester i plandokumentet.

Det overordna spørsmålet i det dokumentet er å avklare grunnlaget for eit fylkesmuseum for Møre og Romsdal. Nynorsk kultursentrum er den einaste nasjonale kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Arbeidsgrunnlaget er eit klart mandat gitt av Møre og Romsdal fylkeskommune og dei andre stiftarane våre gjennom skipinga av i 1993 og eit like klart stortingsvedtak i 1995. Nynorsk kultursentrum har i alle år lagt til grunn at vi er ein sjølvstendig kulturinstitusjon med armlengds avstand til alle offentlege styresmakter. Den posisjonen har vore ein nødvendig føresetnad for det vi har utretta og oppnådd. Nynorsk kultursentrum går aldri inn i tiltak som kan svekkje denne posisjonen.

Med støtte frå alle tilsette og eit samrøystes råd avviser eit samla styre tanken om eit felles fylkesmuseum for Møre og Romsdal som blir drive fram av Kulturdepartementet og/eller fylkeskommunen med skiftande grad av press. Å gå inn i ein slik modell ville vere å detronisere det oppdraget Stortinget gav oss i 1995, skrive ned det arbeidet vi har utført sidan 1993 og annullere mellom anna Hauge-senteret og Vinje-senteret som delar av verksemda vår. Styret bed direktøren bruke minst mogleg tid på den delen av arbeidet med museumsplanen som gjeld fylkesmuseum.

Nynorsk kultursentrum vil altså delta aktivt i dei forum og møte fylkeskommunen inviterer til i arbeidet med museumsplanen, basert på at all informasjon når ut til alle involverte institusjonar. Eit overordna synspunkt frå vår side er at alle dei seks musea er representerte på lik linje i styringsgruppa.

Møre og Romsdal fylkeskommune burde ha gjort eit grundigare og meir systematisk forarbeid med høyringsdokumentet, involvert musea frå første stund og på den måten tidleg ha kunna avklara rammene for museumsplanen. Nynorsk kultursentrum føreset at det i denne saka ikkje ligg føre noka form for føresetnader frå Kulturdepartementet. Slike spørsmål ventar vi at departementet tek det opp med dei musea det gjeld som i dag er ein del av Det nasjonale museumsnettverket.

Møre og Romsdal fylkeskommune bør avgrense museumsplanen til å vere eit dokument der fylkeskommunen analyserer dei behova musea har meldt og som fylkeskommunen kan gjere noko med, avklarar og avgrensar si rolle overfor musea, kva det betyr å vere vertskapsfylke for ein nasjonal institusjon, regionmuseum og temamuseum, og kva følgjer alt dette har for fylkeskommunens museumspolitikk det neste tiåret. I eit slikt arbeid deler Nynorsk kultursentrum gjerne røynslene våre med å vere ein nasjonal institusjon utanfor Oslo, frå arbeid med museum i andre fylke, og den kunnskapen vi har om samanslåingsprosessar andre stader i landet.

Nynorsk kultursentrum tok i 2004 initiativet til å opprette eit kontaktforum med kommunane Ørsta og Volda og Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi viser til eige brev med invitasjon til nytt møte i dette forumet i august 2016 i Aasen-tunet.

 

Med venleg helsing
Nynorsk kultursentrum 

Lodve Solholm (s)
styreleiar 

Ottar Grepstad, direktør