– Norsk Ordbok må bli eit nasjonalt føretak

– Norsk Ordbok og språksamlingane ved Universitetet i Oslo bør bli eit nasjonalt fellesføretak slik Artsdatabanken er det, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. På eige initiativ og i samråd med fleire universitet og høgskular har Nynorsk kultursentrum levert ei utgreiing til Kulturdepartementet om kva som bør gjerast når Universitetet i Oslo neste år avviklar sitt arbeid med språksamlingar og ordbøker.

– Norsk Ordbok må bli eit nasjonalt føretak
Prosjektdirektør Åse Wetås i Norsk Ordbok og direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum (foto: Annica Thomsson og Sunniva L. Osdal)

Nynorsk kultursentrum rår til å opprette ein ny driftsorganisasjon tufta på universitets- og høgskulelova. Denne gir styresmaktene høve til å leggje drifta av ei nasjonal fellesoppgåve til ein bestemt institusjon med eit eige styre, slik det er gjort med Artsdatabanken.

Driftsorganisasjonen dekkjer både bokmål og nynorsk og skal utvikle tenester og tilbod som er allment tilgjengelege som gratis nettenester for publikum. Særleg gjeld det å forvalte og vidareutvikle dei store språksamlingane, gjere Norsk Ordbok til eit fulldigitalt ordbokverk (i dag gjeld det berre oppslagsorda i–å), og oppdatere og jamleg utvide heile verket.

Det nasjonale fellesføretaket kan leggjast samla til Universitetet i Bergen eller delast slik at språksamlingane blir lagde til Universitetet i Bergen og ordbokredaksjonen til Høgskulen i Volda, meiner Nynorsk kultursentrum. Den samla staben bør utgjere 16–19 årsverk – av desse står språksamlingane for vel 12 årsverk.

– Vi halverer dagens stab, og det er mykje. Det finst gode argument for at staben bør vere større, og minst like gode argument for at den iallfall ikkje må vere mindre, seier Ottar Grepstad. – Arbeidet med ordboka held då fram med like få medarbeidarar som i 1972, og språksamlingane utgjer ein endå mindre stab enn den gongen.

For første gong har nokon rekna grundig på kva vidare drift vil koste. Årlege driftskostnader vil truleg utgjere 17–19 mill. kr, alt etter organisering og lokalisering. I år bruker det offentlege minst 37 mill. kr på språksamlingane og ordbokarbeidet.

– Knut Johanssen i Norsk Standard sa nyleg at norsk språk er den viktigaste nasjonale infrastrukturen vår. Så stor er denne saka for både næringsliv, forsking og innbyggjarane i Noreg, seier Ottar Grepstad. Han meiner Norsk Ordbok både fagleg og teknisk er eit av dei fremste ordbokverka i verda.– Noreg er eit rikt land, men ikkje så rikt at vi har råd til å skusle bort den kulturarven språksamlingane og Norsk Ordbok utgjer, seier direktøren i Nynorsk kultursentrum.

 

Brev til kulturdepartementet 27.11.2014: Språksamlingane og Norsk Ordbok – ny driftsorganisering

Notat 27.11.2014: Språksamlingane og Norsk Ordbok – skisse til ny driftsorganisasjon