Årets nynorskbrukar
Årets nynorskbrukarar 2012, 2013 og 2014.Foto: Sunniva L. Osdal, Kjell Arne Steinsvik, Mari Rabben Igland

Årets nynorskbrukar

Prisen «Årets nynorskbrukar» blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

Styret i Nynorsk kultursentrum er jury for prisen, som er blitt delt ut kvart år sidan 2000.

Årets nynorskbrukarar 2000–2016

2000 Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård

2001 Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge

2002 Ringstabekk skole 

2003 Redaktør Martin Toft

2004 Musikkgruppa Side Brok

2005 Forfattar Kjartan Fløgstad

2006 Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa

2007 Forlagsredaktør Guri Vesaas

2008 ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin

2009 Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal

2010 Forfattar Maria Parr

2011 Bloggar Linda Sæbø

2012 Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise

2013 Filosofen Gunnar Skirbekk

2014 Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga

2015 Kunsthistorikar og forfattar Jorunn Veiteberg

2016 Facebook- og dataspelomsetjar Martine Rørstad Sand