Gunnhild Øyehaug

    Gunnhild Øyehaug

    Gunnhild Øyehaug er forfattar, litteraturkritikar, lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og aktør i det offentlege rom.

    Gunnhild Øyehaug er fødd 9. januar 1975 i Volda og er no busett i Bergen. Ho er utdanna cand.philol. frå Universitetet i Bergen (2002), med hovudfag i litteraturvitskap. Øyehaug arbeider som skrivelærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho har vore medredaktør i tidsskrifta Vagant og Kraftsentrum (2005–2009), litteraturkritikar i Morgenbladet og Klassekampen, og ho har vore forlagskonsulent.

    Øyehaug debuterte i 1998 med diktsamlinga Slaven av blåbæret. I 2004 kom novellesamlinga Knutar og i 2006 Stol og ekstase, som inneheld både essay og noveller. Vente, blinke (2008) var den første romanen hennar. Ho har ein særeigen stil, språket er medvite, utan klisjear, og med humor og eleganse leikar ho med lesaren, språket og personane sine. Ho tøyer grensene for det moglege og realistiske med leikande stil og detaljskildringar. Øyehaug skriv om forhold mellom menneske, om einsemd, makt og avmakt. I 2014 kom den andre romanen hennar, Undis Brekke.

    I 2009 fekk Øyehaug Nynorsk litteraturpris for romanen Vente, blinke. Romanen er omsett til tysk, svensk og dansk. Ho fekk òg Sultprisen (2009) og Doblougprisen (2009). I 2007 representerte ho Noreg i «Scritture Giovani», eit europeisk litteraturprosjekt der unge, talentfulle forfattarar er med. I 2010 fekk ho Prins Eugens Kulturpris. Gunnhild Øyehaug var festspeldiktar for Dei nynorske festspela i 2015.

    Lyrikar, novellist og essayist
    Øyehaug skriv med eit ønske om ei djupare forståing av dei emna ho tek opp. Debuten Slaven av blåbæret (1998) er ei diktsamling med eit humoristisk og absurd blikk på tilværet.

    Novellesamlinga Knutar (2004) inneheld 22 korte noveller. Ei av dei absurde historiene er om guten som blir fødd med ein navlestreng som er så sterk at det ikkje er mogleg å klippe han av. Kjærleikshistoriene har ein sentral plass i samlinga, og dei fortel om familiære, mentale og seksuelle band. Forteljingane balanserer mellom det sanselege og det surrealistiske, med detaljskildringar, ein leikande og bevisst stil og snedig forteljarposisjon. Boka fekk Bergensprisen i 2004 av Natt&Dag for beste bok og blei nominert til Brageprisen. Ei av novellene, «Liten knute», er òg filmatisert.

    Stol og ekstase (2006) er ei samling av essay og noveller. Samlingar handlar om tilhøvet mellom det verkelege og det uverkelege. Ho reflekterer kring det fantastiske, det ironiske og det sanne i litteraturen gjennom lesing av forfattarar som Virginia Wolf og Arthur Rimbaud. Øyehaug likar å bryte med realismen og har sans for science fiction-element i tekstane sine. Ho er oppteken av einsame personar, maktesløyse, forknytte tilstandar og det å ikkje greie å kommunisere med omverda. Ho kan gjerne skrive satirisk, men ho prøver å forstå personane, ikkje gjere narr av dei. Øyehaug sympatiserer med karakterane sine, som ho skildrar med varme og humor, medan ho utleverer dei inste tankane deira.

    Vente, blinke
    Vente, blinke (2008) har undertittelen «Eit perfekt bilete av eit personleg indre». Romanen er idérik, annleis og morosam, både når det gjeld innhald og språk, og vekslar mellom ulike historier, fortalde av ein allvitande forteljar. Boka leikar med lesaren og er full av litteraturreferansar og popkulturelle referansar, og er ein miks av det saklege og det humoristiske. Øyehaug reflekterer over karakterane sine håp, ønske og draumar utan å gi ein psykologisk analyse av dei. Romanen er empatisk og varm, og lesaren håper at det skal gå bra med hovudpersonen, litteraturstudenten Sigrid. Vente, blinke handlar om kjærleik, draumar, drifter, kjønn og det å våge og vere seg sjølv.

    Romanen blei nominert til Brageprisen, blei sterkt rost av kritikarane og hadde uvanleg høge salstal. Vente, blinke er også utgangspunkt for filmen Kvinner i for store herreskjorter (2015), der Øyehaug skreiv manus i samarbeid med Yngvild Sve Flikke.

    Litteraturvitar og aktør i det offentlege rom
    Øyehaug er utdanna litteraturvitar, og ho skreiv hovudoppgåve om den franske lyrikaren Arthur Rimbaud og diktsamlinga hans En årstid i helvete. Det finst akademiske element i tekstane hennar, og teori og skrivepraksis vitnar om påverknad frå det franske, ikkje berre Rimbaud. Øyehaug vil vise at litteraturteori ikkje er så fjernt frå livet, og ho sjonglerer med teorien ved å skrive litteratur sjølv, der ho tøyer grensene for det moglege. Ho held føredrag, skriv artiklar om litteratur og er representert i ulike antologiar.

    Øyehaug redigerte tidsskriftet Kraftsentrum saman med Olaug Nilsen. Det hadde ein skarp språkpolitisk og kvinnepolitisk profil. I opningsnummeret var temaet DRIT, noko som var med på å kjenneteikne det litteraturpolitiske programmet deira.
    Ho har gjendikta den svenske lyrikaren Sonja Åkesson i 11 dikt om einsemd (2009) og den franske poeten Christophe Tarkos i Kasser (2011), den siste saman med Cathrine Strøm.

    Gunnhild Øyehaug er festspeldiktar for Dei Nynorske Festspela i 2015.

    Frå Vibeke Lauritsen: "Gunnhild Øyehaug", Allkunne.no, sist oppdatert 29.1.2018 [lesedato 5.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.