Symra

Den mest kjende diktsamlinga til Ivar Aasen heiter Symra. Her finn du mellom anna diktet "Nordmannen", også kjent som "Mellom bakkar og berg".

Diktsamlinga Symra kom anonymt i 1863. Tekstane her er henta frå tredjeutgåva, som kom i 1875. Dikta er der nummererte, og vi har halde på desse nummera her, med to endringar: Diktet "Fyrestev" har fått nummer 00, og dikta 1 til 9 har fått nummera endra til 01 osb, slik at dei her kjem i same rekkjefølgje som i boka.

Diktet "Nordmannen" er det mest kjende diktet i Symra. Ottar Grepstad skreiv 16. mai 2003 om diktet i Dag og Tid.

Vi har også ei eiga temaside om "Nordmannen"