Ivar Aasen

For Ivar Aasen var dikt tekstar som skulle syngjast. Så brukte han då også nemninga «Visor» i undertittelen på diktsamlinga Symra.

Ivar Aasen
Ivar Aasen 1871. Foto C. C. Wischmann

Nesten halvparten av det Ivar Aasen sjølv publiserte, var skrive i 1840-åra. Dei viktigaste dikta og visene skreiv han i 1850- og 60-åra.

Mest alt Ivar Aasen dikta eller skreiv, blei til i hovudstaden. Der gjorde han ferdig både første- og andreutgåvene av grammatikken og ordboka si. Dikt, songar og teaterstykke skreiv han helst på vinterstid og utover våren, når han ikkje var ute på ei av språkreisene sine.

19 år gamal publiserte han sine først dikt, eit trykk med to skillingsviser i 1833. Ny Vise om den sørgelige Tildragelse paa Gaarden Krøvle i Ørsten … Tilligemed: en Trøste-Song for en anfægtet og bedrøvet Sjel var om sorga etter ein brann i heimbygda der tre born mista livet. Året etter skreiv han eit vakkert minnedikt om sine nære ven som døydde berre 18 år gamal, «Ved Efterretningen om den unge Sivert R. Aarflots Død». Etter 1840 dikta han med få unntak berre på landsmål. På åtte år gav han ut tre små visetrykk med til saman ti songdikt, alle prenta på Ekset. Fem Viser i Søndre Søndmørs Almuesprog kom i 1843. Året etter kom Tre nye Sange, og i 1851 gav han ut Tvo nye Visor.

Det skjønnlitterære hovudverket hans var diktsamlinga Symra. Den kom ut i tre utgåver i 1863, 1867 og 1875, med mange endringar frå ei utgåve til neste, men kvar gong med 24 dikt pluss føre- og etterstev. I alt publiserte Ivar Aasen 95 dikt og gjendiktingar, og 105 artiklar og prosastykke. Somme av dikta var ein del av Ervingen, ein del stod som enkeltdikt i blad og aviser, men mange blei aldri publiserte medan han levde. Etter 1896 har ulike utgivarar publisert 202 dikt og gjendiktingar for første gong, ein del av dei i utdrag. 

Dikta og visene er visdomsdikting som har mykje til felles med ordtaka han gav ut. Aasens lyrikk skil seg skarpt frå det inderlege uttrykket og den høgstemde melankolien som prega den romantiske diktinga i samtida. Ei slik eg-dikting var framand eller retorisk uinteressant for Aasen. Både på og mellom verselinjene strøymde kritikken hans av den romantikken dei representerte. Han dikta om menneske i landskap, og han dikta menneska pålitelege, arbeidsame, sindige og små; i hans dikt og viser er folk i arbeid.

Alle dikta til Aasen er med i Skrifter i samling, men vi legg dei i tillegg ut her. I første omgang legg vi ut diktsamlinga Symra, men etter kvart vil heile diktproduksjonen til Aasen kome på plass også her. Du finn òg tekstar som ikkje er med i Skrifter i samling, og peikarar til tekstar om Aasen som er skrivne av andre.

Gå til temaside temaside om "Nordmannen".