Aasmund Olavsson Vinje

Aasmund Olavsson Vinje er mannen bak Dølen, den første avisa på landsmål. Han er òg blitt ståande for ettertida som ein av våre store, folkekjære lyrikarar.

Aasmund Olavsson Vinje
Aasmund Olavsson Vinje
Aasmund Olavsson Vinje var fødd i Vinje i Telemark 6. april 1818 og døydde 30. juli 1870. Han utdanna seg først til lærar, og i 1844–48 var han både lærar og elev ved borgarskulen i Mandal. Han tok artium i 1850. I 1856 blei han juridisk kandidat, og i 1857 fekk han autorisasjon som overrettssakførar.
 
Vinje arbeidde som lærar i nokre år før han gjekk over til dikting og journalistisk verksemd. I studietida medverka han til det satiriske vekebladet Andhrimner. I 1851–58 skreiv han for Drammens Tidende.
 
I 1858 starta han sitt eige vekeblad, Dølen, som han gav ut heilt til han døydde. I 1865–68 var han ekstraskrivar i Justisdepartementet. I 1861 gav han ut Ferdaminni fraa Sumaren 1860. I 1862 skreiv han A Norseman's View of Britain and the British. Seinare kom Diktsamling (1864), det episke diktet Storegut (1866) og diktsamlinga Blandkorn (1867). Kjende dikt av Vinje er mellom anna «Kunnskap skal styra rike og land», «Leitande etter Blåmann», «Tyteberet», og «Den dag kjem aldri at eg deg gløymer».
 
Hilde Kathrine Thomassen
 
Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les meir på Allkunne.no.
 

Bøker og artiklar om Aasmund Olavsson Vinje
H.E. Berner: Aasmund Vinje. 1917
Ivar Mortensson-Egnund: Aasmund Olavsson Vinje. 1910

Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann. 2001. Cappelen og  BIBSYS