Oddmund Vik

    (1858-1930). Fødd i Kvam, Hordaland. Politikar.

    Eksamen frå Stord seminar 1877, folkehøgskulelærar 1878-1888. Redaktør for Rogalands Folkeblad 1888 og Stavanger Avis 1890-1908. Ordførar i Stavanger 19-14, amtmann i Romsdal 1914-19 og fylkesmann i Møre fylke 1919-28. Stortingsrepresentant for Venstre 1900-03 og 1909-12, provianteringsminister 1916-17. Gav m.a. ut "Bjørn Berge" (1883) og "Ole Bull" (1890). JG