Paa stølen

    (Lesestykke, 1902)

    Paa stølen
    Paa Stølen
    Av Jonas Vellesen

        Eg lika meg svært godt paa stølen, daa eg var liten. Det var liksom maten smaka betre der enn andre stader. Mjølki var no reint maka-laus, og so var det kjeldor med klaart kaldt vatn, og so mykje moltor og blaa-bær og krekling. Att-med støls-husi var det ein liten bekk. Yver den gjorde eg ei bru. So stemde eg vatnet, og naar eg so slepte upp stemmen, vart det slik flaum, at brui strauk med, so eg laut byggja paa nytt lag. Det var sjeldan eg fekk fisk i denne litle bekken; men i ei elv austan-for stølen fiska eg mykje med stong.

        So hadde eg mange hestar og kyr av tre, og so bygde eg hus aat deim og reiv gras og gav deim. Men desse tre-dyri gløymde eg reint burt, naar eg fekk augo paa den rette buskapen. Um kvelden kom geiterne i leite paa aasar og tindar; dei saag mest ut som kvite prikkar. Kyr og sauer muna seg ned etter bakkar og brekkor. Bjøllorne singla og ringla. Kyrne rauta, sauerne bræka, og geiterne mekra. Gjætarane hauka og bles i lur, so det ljoma i nutarne.

        Um kvelden samla baade folk og fe seg paa stølen. Paa ei grøn slett stod det fem støls-hus i ein krans. Nordan-for var det eit berg, som livde for vinden; men rundt um paa dei andre tri kantarne var det ein høg stein-gard, so stølen saag ut som ein hage, og daa buskapen laag i denne hagen um natti, vart han kalla lega. Geiterne lika seg elles best paa berget, og um kvelden heldt eg meg ogso helst der. Eg var med gjætarane og kveikte upp ein stor eld paa berget. Med den vilde me skræma skrubben og bjørnen, for alle udyr skal vera rædde eld og røyk.

     


    Frå Jonas Vellesen: Den fyrste bok aat barnet. Bergen: F. Beyers Boghandels Forlag. 5te utgaava - 1902. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad