Johan Einar Unger

Johan Einar Unger, prest og bibelomsetjar. Han var kanskje den første ordinerte presten som preika på landsmål.

Unger var fødd i Kristiania 4. september 1831, voks opp i Kvinnherad og døydde 19. mai 1911. Han tok examen artium i 1851 og vart cand.theol. ved universitetet i Kristiania i 1858. 1858–64 var han privatlærar i Bergen og var med i vestmannamiljøet, den vaknande målrørsla i byen. I 1864 vart han kapellan i Kvam i Hardanger, og 1871–77 var han residerande kapellan i Alversund. Den lengste prestetenesta hadde han i Kvinnherad, der han var sokneprest 1878–1910. 

Då Henrik Krohn byrja gi ut vekebladet Ferdamannen i Bergen i 1865, skreiv Unger i bladet. 11. november 1865 skreiv han anonymt «Ein fin Haustdag», der han omset salme 148 frå Bibelen. Omsetjinga er den første bibelteksten som er prenta på landsmål. Han skreiv òg føreordet til Georg Griegs landsmålsomsetjing av Markus-evangeliet i 1870. Posthumt i 1911 kom Minne og dikt

Unger var kanskje den første ordinerte presten som preika på landsmål. Biskop A.Chr. Bang hevda det i eit foredrag i Bondeungdomslaget i Oslo i 1902, fortel landsmålsbiografen Anton Aure. Kvar og når dette skjedde, er uvisst. Det er likevel grunn til å tru at han preika på landsmål i alle fall i Kvinnherad. Kristofer Janson preika på landsmål i Fåberg kyrkje 7. februar 1872. Han var cand.theol., men ikkje ordinert prest i statskyrkja.

Jon Grepstad

 

Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.