Naar som Norig

(Dikt, 1890)

Av Jørund Telnes
 
Naar som Norig i sylvkaapa glimar,
daa paa føterne spenner me ski,
upp fraa dalen i flokkar me stimar,
og so møtast me gutar i lid.
Der det gjeld vera hard,
der det gjeld vera kar,
der det gjeld vera søner aat far.
 
Og um istapp i trøya seg støyper,
stender kinni i friskaste glod,
ned fraa ufser og nutar me løyper,
so me stend i ein røyk utav snjo,
og so gjer me eit hopp,
og med ski og med kropp
flyg me upp, so det sjugar i topp.
 
Men um guten skuld' treffa til rulle,
han paa nytt legger til like radt,
han lær seinst, han lær best, han som skulde,
naar han syner han stend, der han datt.
Aa, slikt laug som han fekk!
Men so godt som det gjekk,
gjennom lufti der stod som ein sprekk!
 
Lat i snjoen seg smaaguten døypa,
so han syner, når karen vert stor:
”unge Hemingen” enno kann løypa!
Lat oss kveda hans visa i nord!
Han fær mod i sitt flug,
han vert frisk i sin hug,
og hans lunga mot sotti vert drjug.
 
Naar dei gamle lét herørenn' skjera,
ja, daa møtte vel gutarne kvast,
for skii so godt deim kund' bera
der fienden i snjoen stod fast.
Lat oss løypa paa ski!
Lat oss skjota oss fri!
Lat oss elska vaart Norig all vaar tid!
  

Første gong trykt i Netar, 1890. Melodi: M. M. Ulfrstad. Kjelde:Songbok aat ungdomslag ved Svein Moren. Oslo. Hjaa Norsk Maalkontor. 1907. Side 161-162. Elektronisk utgåve 2007 ved Nynorsk kultursentrum.