Lensmannssøkna*

    (Dikt, 1878)

    Lensmannssøkna*
    Av Jørund Telnes
     
    Te Amtmannen.
     
    Mit største Ynskje er,
    at eg maatte bli Lensmann her.
    Eg kann pante, eg kann krevje,
    Folk paa Dynni kann eg hevje,
    eg kann stevne, eskevere,
    melle Folk og arestere.
    Formularen hev eg lært,
    og dæ er svert.



    p. t. Steinsta, ein Veterdag i 30 Graders Kulde.
     
    Ærb.
    Stein Steinson.
     
    *Etter ein verkleg Søkna.
     

    Frå  Rupe-Ber av Jørund Telnes. Hamar. Prenta hjaa D. Arvesen. 1878. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad

     

      Jørund Telnes

      Jørund (Jørgen) Telnes var bonde, norskdomsmann og diktar. Sjølv om han var mest aktiv lokalt, hadde han lesarar over heile landet.

      Telnes var fødd 10. januar 1845 (ikkje 20. januar, slik det står i nokre kjelder) i Seljord og døydde same staden 3. februar 1892. Han var ein markant lokalpolitikar i Seljord, der han sat som ordførar i fire periodar mellom 1878 og 1888, då han sa frå seg attval. I 1886 vart han ein av dei første ordførarane i landet som førte møteboka på landsmål. Både i politikken og elles var han ein bondeven og tok fleire gonger til motmæle mot lokale embetsmenn.
       
      Telnes gav ut fleire diktsamlingar, og dikta hans vart etter kvart lesne over heile landet. Det er sett tone til fleire av dikta, og mest brukt som allsong var truleg «Skilauparvisa» (1890), med opningslinene «Naar som Noreg i Sylvkaapa glimer, daa paa Føtane spenner me ski». Diktinga hans er sterkt knytt til Seljord. Fleire av bøkene hans er forteljande diktsyklusar som hentar stoffet frå lokale soger og segner.
       
      Eirik Helleve

       

      Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.