Olav Sveinsson

    (1842-1922). Fødd i Seljord. Poliktikar og lærar.

    Lærareksamen frå Kviteseid i 1861, lærar og klokkar i Gransherad 1861-76, sidan i Seljord, der han òg var lensmann frå 1903. Stortingsrepresentant for Venstre 1883-1903. Ihuga målmann og fråhaldsmann. Skreiv mykje i blad, særleg om folkeminne og folkemedisin. Litt.: "Kivlemøyarne. Helsing til Olaf Sveinsson på 75 aarsdagen hans" (1917). JG