Bernt Støylen

    Bernt Andreas Støylen var biskop. Han leidde arbeidet med Nynorsk Salmebok og var med på å kristne nynorsken.

    Bernt Støylen
    Bernt Støylen
    Støylen var fødd 17. februar 1858 på Kvamsøy på Sunnmøre og døydde i Bærum 18. november 1937. Han tok lærarprøva i Volda i 1875, var huslærar, og etter examen artium 1879 flytta han til Oslo, der han tok teologisk embetseksamen i 1885 og praktisk teologi i 1886. Etter fullførte studiar var han mellom anna kapellan i Bergen og sjømannsprest i Cardiff. Frå 1895 til 1903 var Støylen styrar ved Notodden friseminar (lærarskule) med mottoet «for norskdom og kristendom». I 1903 vart han hovudlærar ved Det praktisk-teologiske seminar, professor frå 1909. Frå 1914 til 1930 var han biskop i Agder, den første biskopen som nytta landsmål.
     
    Støylen var politisk engasjert på venstresida, men teologisk konservativ. Han var med på å skipe studentfråhaldslag i 1883, var leiar i Prestemållaget og var aktiv i Norske presters fredslag og Det norske totalavholdsselskap. Han sat i Kyrkjekommisjonen 1908–1911 og i hovudstyret for Indremisjonen 1911–1914.
     
    Av dei mest brukte salmane hans er «Gud signe vårt folk der dei sigler og ror», «Kvar skal eg vel av» (eigne salmar), «Eg synger julekvad», «Eg veit i himmerik ei borg» (omdikta frå tysk).
     
    Olga Støylen Runde

     

    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.