Rasmus Stauri

    Rasmus Stauri, forfattar og folkeopplysar, grunnla Gudbrandsdalens Folkehøgskule i 1902.

    Rasmus Stauri
    Rasmus Stauri

    Rasmus Stauri var fødd på Stauri i Stryn 3. mars 1867 og døydde 22. juni 1932. Mora, Siri f. Valaker, gav i 1890 ut Vævebog. Kortfattet praktisk veiledning i 70 forskjellige nyttige og smukke vævninger. Etter eksamen ved Stord lærarskule i 1888 var Stauri lærar i barneskulen og ei tid lærar på Viggo Ullmanns folkehøgskule i Telemark, før han i 1902 grunnla Gudbrandsdalens Folkehøgskule. Skulen låg først på Kvam (1902–1915), så på Hundorp, på den gamle garden til Dale-Gudbrand. Stauri var styrar på folkehøgskulen heilt til han døydde.

    Mellom 1905 og 1930 gav Rasmus Stauri ut 12 bøker, åleine eller saman med andre. I all si skriving var han folkeopplysningsmann og nasjonsbyggjar, med stor vekt på verdien av soge og diktekunst. Fleire av bøkene har tema knytte til folkehøgskulerørsla, Grundtvig og pedagogikk. Nokre er til skulebruk, som Songbok for norsk ungdom (saman med Mads Berg 1923).

    I ei særstilling blant skulebøkene står Fraa sjælelivet. Tri foredrag for lærarar (1911). Det er framleis tyngde i Stauris pedagogisk grunnsyn: «Ein pædagogisk grunnregel er, at barnet maa faa si undervisning paa det spraak som det er vokse op i, og at dei forestillingar, som læraren vil overføre til sine elevar, maa knytast til forestillingar, som barnet har før. (...) Under arbeidet med undervisningsemnet maa han altid spyrgje seg sjølv: Kva veit elevane um dette? Korleis tenkjer dei og kva form gjev dei tankane sine? Korleis skal eg faa binde det nye til dei gamle forestillingane?» I same boka peikar han på at elevane er ulike i høve til læring: Nokre er auditive, andre akustiske og andre igjen motoriske. Læringsstilar har det heitt i pedagogiske krinsar dei siste tiåra, men altså føregripe av Stauri i 1911.

    I Anders Sandvig og Maihaugen (1926) hyllar han samlaren Sandvig og arbeidet hans for å berge ein historisk arv som var truga. I Nyaarshelg (1914) er programmet noko av det same – i det ytre ein roman, men forteljinga er helst ei orsaking for å formidle kulturhistorisk stoff frå Nordfjord.

    Frå Ove Eide: "Rasmus Stauri", Allkunne.no, sist oppdatert 12.12.2017 [lesedato 8.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.