Eirik Martin Torvaldsson Sommer

Eirik Martin Torvaldsson Sommer, lærar og forfattar som gav ut nokre av dei aller første bøkene på landsmål.

Sommer var fødd 28. oktober 1832 i Trondheim og døydde 12. april 1904 i Åfjord. Han var skomakarson og tok lærarprøva ved Klæbu seminar i 1852. Den følgjande tida skal han ha arbeidd som huslærar hos presten i Bjørnør i Sør-Trøndelag og deretter åtte år som lærar på verksskulen ved Nedre Leirfoss i Strinda ved Trondheim. 

I 1857 gav Sommer ut ei av dei første bøkene på landsmål etter Ivar Aasen, den vesle diktsamlinga Soga-visor om de norske Konungar og de største Hend i Norrig i den hedenske Tidi til Haaken Jarl sit Fall. Dei neste åra gav han ut to bøker til: Noregs Saga i Stuttmaal (1862), med føreord av Aasen, den første framstillinga i bokform av norsk historie på landsmål, og det første heftet av ei landsmålsomsetjing av Sverresoga (1864). Sommer var òg heilt sentral i det første mållaget i Trondheim (1862–63). 

Han hadde ein augesjukdom som gjorde at han måtte gi seg som lærar, truleg tidleg i 1860-åra. Han prøvde å livnære seg av skrivinga og skal ha vore huslærar ei lita stund før han kjøpte eit lite gardsbruk i Åfjord på Fosen i 1867. Han var no veikhelsa og nærmast blind, så han måtte gi opp skrivinga. Gardsdrifta måtte han òg gi seg med etter få år, og tida i Åfjord vart heller fattigsleg for han.

 

Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.