Noregs Saga i Stuttmaal (utdrag)

    (Historieverk, 1862)

    Noregs Saga i Stuttmaal (utdrag)
    Noregs Saga
    Av Eirik Martin Torvaldsson Sommer
     
    1 Den fyrste Skipnaden¹ hjaa Nordmennerne i Noreg. Deira Tru og Sed
     
                                  Noreg er Fedralandet vaart, og Nordmenner kalladest Federne vaare, liksom Folket vaart kallast enno. Det var inkje Folk her i Landet fyre Nordmennerne, utan berre nokre Finnar, som raako um [2] paa Fjelli med Reins-Dyrom sine, og nokot annet faamennt Folk, som det er funnet Merke etter mest sud i Landet. I Dalarne og paa Slettorne stod Skogen daa so stor og tjukk, som han hadde vakset fraa Skapingar-Tidi; Øks eller Eld hadde inkje minkat honom endaa.
     
    Nokre Hundrad Aar fyre Kristi Burd [3] og lenge etter strøymde det stora Folkaferder austan or Asia vest yver Europa [4] og funno seg nye Bustader dar. Dei toko ymse Veger og stadnade i ymse Land. Soleides for [5] det Folket, som kallast Tydskar, mest den midtre Vegen; andre vaaro Angelsaksar (Engelskmenner), Gautar og fleire. Men av den Folka-Greini, som tok den nørdste Vegen, er vaart Folk Nordmennerne komet. Denne nørdste Folkagreini hadde fyrr Heimen sin i Asia aust-med Volga-Elvi, og ferdadest vest og nord etter, til dess ho møtte Hav. So skilde [6] ho seg paa ymse Veger; sume Flokkar foro nord um Øystresjoen [7] og lenger vest etter; det var Nordmennerne, og daa komo dei inn i Noreg: andre Flokkar kalladest Svear (Sviar), dei foro midt yver Øystresjoen, og toko det Landet som vardt kallat Svitjod eller Sverike; Danerne siglde lenger sud yver Østresjoen, og dei toko det Landet, som sidan er kallat Danmark. Soleides ero Svearne og Danerne dei næste Skyldfolki [8] aat oss Nordmennerne. Nokre Flokkar av same Folkegreini vordo verande atter paa hi Sida aat Øystresjoen, − og vordo raadande der i Gardarike (Rysland). Gautarne vaaro fyrr komne sunnan fraa inn i Danmark og i den synnste Luten av Sverike og i nokra Bygder i Noreg. Med deim og Nørdste-Folki vardt det eit hardt Møte ein gong sidan.
     
    Det Folka-Namnet Nordmenner, som dei forne Federne vaare aatte, og som me hava ervt [9] etter deim, det kom av di, at Folket for i Nord og breidde seg ut nordan ifraa yver Landet. (Nordmenner − det er Menner nordanfraa). Lands-Namnet Noreg kjem av det same, det var i Forntidi Norðrvegr, som tyder den nørdre Vegen. Federne vaare kallade seg og Noregsmenner og norrøne Menner. Alt det, som kom ifraa Nordmennerne, elder som aatte Heim i Noreg, var kallat norrønt (no verdt sagt norskt); soleides norrøn Klænad, norrønt Tungo-Maal, norrønt Skip, norrøna Varor).
     
    Nordmann var eit govugt [10] Namn
    Noreg var dess trygge Hamn,
    Alt norrønt var Æra,
    − U-øydt [11] skal det vera!
     
    Nordmenner, Svear og Daner vordo kvar fyre seg eit Hovudfolk elder ei Tjod [12], som dei Gamle sagde. Nordmanna-Tjodi breidde seg langsamt ut-yver alt Landet vest fyre Fjellet Kjølen [13], og hundrad Aar fyre Krist skal dei hava naatt fram paa alle Leiti, der som Landslaget var nokot lettvint, berre Finnmarki fraateki. Svea-Tjodi [14] busette seg ausfyre Kjølen sud til dei store Vatni Venern og Vettern. Sunnan fyre desse Vatni budde Gautar og Daner. Lika so budde Gautar og Daner paa den jutske Halv-øyi og Øyarne atmed henne (det som no er kallat Danmark). Nordmanna-Tjodi skilde seg i manga stora Ættar-Greiner [15], og det var kvor av desse, som var kallad eit Folk [16]. Kvart Folk tok ein Bolk [17] av Landet fyre seg sjølv, og det Landstykket var kallat eit Fylke [18] (Folkland), soleides Raumar, Folket i Rauma-Fylke [19], Sygner i Sygna-Fylke [20] osv. Fylki laago ofta langt fraa kvarandre og store Fjell og Skogar laago imillom deim, so dei hadde inkje myket Samkvæme med kvarandre. Difyre laut kvart Folk skipa [21] seg fyre seg sjølv i Fylket sit, og det vardt inkje Samfeste imillom Fylki. Kvart Fylke hadde sit Ting og sine Loger [22] og Lands-Stjorn [23] fyre seg sjølv. Soleides vardt kvart Fylke som eit sjølvstødugt Rike og hadde ingi Samgreidor med dei andre. Berre i Kaupferd og stundom i Stridsferd søkte dei heim aat kvarandre. Det var kringum tretti slike Fylke elder Smaarike her i Noreg. Etter di som Folket busette seg i Landet, so toko dei rike og velduge Mennerne seg ei Jordvidd kvar, og no laut Øksi ljoma, Skog vardt rudd og Gardar bygde. Faatøke [24] Folk fingo leiga seg Jordrum av hine og luto reida Landskyld [25] fyre di; dei kalladest Leiglendingar. Den Mannen, som tok Jord og bygde Gard, han aatte og Garden med di all si Tid og reidde ingen Skatt av honom; etter hans Dagar kunde ingen annan en næste Ættingen hans faa honom i Eiga; var Garden seld, so hadde han Rett til aat løyva honom atter. Denne Retten til Jordi var kallad Odal, og Eigaren kalladest Odalsmann elder Hauld [26]. Baade Odalsmann og Leiglending var kallad Bonde (buandre, ein som hever fast Bu). Dei kalladest og Tegnar, fyre di dei vaaro frie Menner. Rike Menner aatte og Trælar elder ufrie Tenarar, som fraa fyrsto vaaro hertekne (i Strid) elder kaupte, so Husbonden aatte deim som Kyr og Hestar og kunde gjera med deim, kvat han vilde, men dei livde daa tollega, og sume fingo tena seg lause.
     
    Dei forne Federne vaaro inkje Kristne fyrr tusund Aar etter Kristi Burd. Men Guda-Trui deira var vitugare og reinare en dei fleste Heidninga-Truer, og ho hadde og nokon god Verknad paa Folket. Ho kallast Aasa-Trui, og ein kann vita henne av dei gamle Kvædi deira og Visorna, som det stend mange av i tvo gamla Bøker, kallast den eldre og den yngre Edda. − Det skulde i Upphavet [27] vera tvo store Heimar, ein Muspelheim, full av Eld og Ljos, og ein Nivlheim, full av Myrker og Kalde. Imillom deim var eit stort Rum, der som Jøtunen [28] Ymer og Av-Eldet hans livde. Gudarne kalladest Æserne [29]; dei draapo detta rimkalde Trollet, han Ymer, og gjorde det, som betre var, i Staden: dei skapade Verdi (elder Himelen og Jordi) av Likamen hans, so som dette Verset segjer:
     
    Or Ymes holdi
    var iörð um sköpuð,[30]
    en or beinum biörg,[31]
    himinn or hausi
    ins hrimkalda iötuns,[32]
    en or sveita sior.[33]
     
    Aasgudarne skulde sidan hava skapad den fyrste Mannen, som heitte Ask, og den fyrste Kona, som heitte Embla, og gjevet deim Jordi. Av deim olost daa alle Menne [34] sidan. Gudarne saato i Himelen og styrde Folket og all Verdi. Den veldugaste av deim var Odin, han kalladest All-Fader, og fraa honom kom alt Liv og Ande. Han gav og Folk Gaava til aa dikta og herde Hugen deira til Strid. Kona hans var Frigg; Sønerne deira var Tor og Tyr og den blide Balder, som raadde fyre Uskyld og Godlynde [35]. Tor var Styrkens Gud; han var alla Manna Ven og verja imot Jøtnarne, Ætti til Ymer, som laago kringum deim med alt Illt. Jøtnarne laago og i Strid med Aasgudarne og vilde støypa ned Skipnaden deira i Verdi og øyda alle God-Verki, som Aasgudarne gjorde; dei slengde ut Daude medan Æserne sende Liv. Tor hadde ein Hamar, som han kunde knustra Alting smaa som Mjøll [36] med, endaa Bergi, og di fyre var Hamaren kallad Mjøllner. Denne Hamaren slengde Tor jamnan imot Jøtnarne, og det var med Naud, at han varde [37] Riket deira Aasgudarne [38] med di. Ein Jøtun heitte Loke, han var myket fager men endaa meir svikal og full av Illska [39]. Aasgudarne hadde teket honom i Lag med seg, og det vardt deira Skade; fyredi Loke drap Balder, og Hel, Dotter til Loke, den bleike Seggja, som raadde fyre Dauden, ho tok honom til Helheim aat seg. Og so veikte han og Styrken aat Aasgudarne med di, at han let Jøtnarne faa vita Raaderna, som Æserne toko, og freistade jamnan at hjelpa Jøtnarne og skada Æserne sjølve og øyda det, som dei vilde fremja og verja. Æserne bundo Loke; men dei kunde inkje tyna honom. Det var og mange andre Gudar og Diser (Gydjor, kvinnelege Gudar), so som dei tri Nornerna, som raadde myket yver baade Gudar og Menne, og Valkyrjorna, som Odin sende ut, der som Strid var, til aat heimta inn i Valhalli, Salen hans, dei Venerne hans, som fallne vaaro; dei kalladest Einherjar [40], og dei skulde fylgja Aasgudarne i den sidste Striden deira imot Jøtnarne. − Dei Menne, som merkte seg med Dygd og Godverk og Sannmæle [41] og Mod i Strid, deira Ander skulde hevjast upp til Samliv med Guderna i deira skinande [42] Himla-Salar, so Hel inkje fekk meir av deim en det likamlege Emnet. − Den sidste Striden kalladest Ragnarøk (Styrke-Slitingi): daa kom Loke til aat slita seg laus, og han sjølv med det storille Aveldet sit, Midgards-Ormen og Fenris-Ulven, skulde famna alle Jøtnarne og trolli og møta Æserne i det hardaste Kapp [43]. Daa skulde Æserne og Jøtnarne fella kvarandre, og Surt, Høvdingen i Muspelheim, skulde slengja ut Logarne sine yver Jordi og brenna henne upp, og so skulde ho søkka ned i Havet.
     
    Men Jordi skulde øydast berre til dess, at ho kunne nyskapast hævt og dyrlega [44]. Det skulde koma upp ei fagrare Jord or Havet og ho skulde mannast med ei sterkare Folka-Ætt. Æserne skulde og livna upp atter og sitja i dei forne Himla-Salarne sine. Daa skulde og dei avlidne, gode Anderna samnast med Odin i den ljosande Salen Gimle. Dei vonde skulde støypast ned i Naastrondi [45] i Nivlheim og vada der um all Æva [46] i tunge og kalde Eiter-Straumar imillom kvasse Orma-Ryggjer. Daa skulde det og koma ein veldug ein, som ingen torde nemna, og syna seg i Stor-Dyrd [47], og med di skulde alt Godt hava vunnet fullkomen Siger [48], og alt det Vonde skulde vera burte. Myrker-Draken Nidhogg skulde fljuga burt med Dauden paa Vengjerne sine. − Denne Trui gjorde vist nog dei forne Federne vaare lika hjelpkause som andre Heidningar; men det finnst daa mange reine Grunn-Tankar atter i henne, og ho var lagleg til aat halda Folket nokot av ifraa det vonde og driva deim til det, som godt var. Men ho gjorde og det, at Nordmennerne fingo ovsterk [49] Hug til Strid.
     
    Dei heidne Nordmennerne dyrkade Gudarne mest i Gudahus, som dei kallade Hov [50], og der hadde dei Bilæte [51] av dei kjæraste Gudarne uppsette. Dei blotade [52] Dyr, mest Hestar, som dei hoggo ned og limade [53] sunder; og dei skvette Blodet paa Guda-Bilæti, paa Hovs-Veggjerne og paa Folka-Mugen; di næst heldo dei Veitsla [54] (elder Gjesta-lag] og aato Kjøtet og Soddet og drukko or Horn Minnes-Skaaler aat Aasgudarne. Naar det var stor Naud so blotade dei og Menne, jamnast Trælar og Illmenne [55]. Dei heldo tri stora Blot-Veitslor [56] um Aaret, det var Vetternatta-Blot, daa dei blotade for godt Aar, og Midtvetters-Blot (elder Jol), daa dei blotade til Fred og god Vetter, og Sumarnatta-Blot, daa dei blotade til Siger.
     
    Nordmennerne hadde inkje eigenlege Prestar, men Hov [57] hadde dei mange. Den Bonden, som aatte eit Hov, han var Prest sjølv og blotade; han vart kallad Gode. Nokra Bygder vaaro saman um aat halda eit Hov, som dei sokte alle til, og dessa Bygderna vaaro kallade til saman eit Herad. Den Bonden, som raadde fyre Herads-Hovet, han var kallad Herse, og han var Formann fyre dei andre Goderna og Aalmugen i alt Heradet. Det var fleire Herad i kvart Fylke. Dei hadde og Hov, som alt Fylket var saman um (Fylkes-Hov), og den Goden, som raadde fyre det, han var Høvding yver Hersarne og Aalmugen i alt Fylket. Han var i fyrste Tidi kallad Fylker og sidan Konung; men det var og andre ætt-store [58] Menner, som vordo kallade Konungar. Andre Høvdingar, som styrde Her i Strid, kalladest Jarlar; sidan vaaro dei kallade Jarlar, som hadde største Vyrdingi og Valdet næst Konungen. Soleides vaaro Høvdingarne Konungar, Jarlar og Hersar; Konungen og Jarlen hadde Tign [59], men inkje Hersen. Konungen hadde ein Mann-Flokk i Tenesta si, som han gav Kost og Løn; dei vaaro jamnan ikring Konungen og gaavo honom Raader og greidde dei Ærenderna, som han sette deim til. Flokken kalladest Hyrd, og kvar Mann Hyrdmann, fyre di dei skulde hyrda elder varna Konungen; dei vaaro dei æro-gjernaste Menner og dei Snarpaste Kappar [60] i Striden, dei hadde og Heiders-Staden næst Konungen.
     
    Nordmennerne vaaro myket kjære fyre Fridomen, dei gaavo inkje Konungarne og dei andre Høvdingarne nokot stort Vald yver seg. Fylkes-Konungen kunde ikkje fremja nokon aalmenn Sak, som var vigtug, utan at han fekk Samtykkje av Aalmugen til di. Han var den høgste Hov-Gode i Fylket. Han var Semjar [61] i Trættor elder Domar, naar dei, som usaatte [62] vaaro, vilde hava honom til aat telja til Sætt [63] elder segja Dom i Saki deira. Han var Herførar i Ufred og hadde Umsyn med, at Log vardt fylgd og Rett gjekk fram. Folket greidde sjølv Sakerna sina paa Tinget. Konungen elder dei Mennerne, som klokaste vaaro, sagde der fram Emne til Logor, − og Aalmugen samtykte elder neittade [64] deim, fyre di Folket sjølv hadde Vald til aat setja Log i Landet. Der vardt og sagt Dom i Trættor, og det var tolv Bønder, kalladest Logretta, som dømde. − Naar Konungen kravde det, so laut eit vist Tal af Stridsmenner, baade Odals-Menner og Leiglendingar, fylgja honom i Strid anten til dess aat verja Fylket deira elder til aat vinna seg Land elder Gods. Slik Utferd var kallad Leidang.
     
    Dei gamle Nordmennerne vaaro inkje so raae og villmannslege i Sed og Aatferd og Livemaate, som no jamnast verd trutt um deim. Dei vaaro kjære fyre Fridomen; men dei visste daa aat stydja og greida honom med goda Loger. Dei skrivo inkje Logerna, men dei sette deim lika væl saman i eit fast Ordalag [65], og dei vitugaste Mennerne gjøymde det i Minnet ifraa den eine Ætti til den, som etter kom. Dei vaaro duglage til aat gjera Kvæde og Visor, og Kvædi deira vaaro prydde baade med fagre Tankar og strenge Rim. Den som var hag til aat dikta han kalladest Skald, og denne Gjerdi kalladest Skaldskap. Dei hadde og stor Hugnad i dei gamle Minne, og dei famnade Fraasegner um dei merkjelege Tilburdarne, som hende. Slike Fraasegner (elder Fortelningar) fingo og eit fast Ordalag, medan dei gingo ned igjenom Ætterna; de kalladest Sagor [66]. Ei Skrift hadde dei og, som dei kallade Runar. Denne Skrifti nytte dei jamnast, naar dei vilde senda løynlege Tidender, daa dei skaaro inn Ordi i ein Stav (Runekjevle), − og til aat hogga inn Minnes-Ord paa Gravsteinar elder andre Minnes-Merke (Bauta-Steinar). Her stend ei liti Prøva:  
     


    Noregs Saga i Stuttmaal (utdrag)




    [Note: Dessa Runarne standa paa Stedjo-Steinen i Sogn
    og skulde vera eit Minne etter Heilage Olav Konung.]
     
    Tungomaalet deira (Norrøna-Tunga) var eit gildt Maal; og dei talade det baade fyndugt og tekkjelegt; dei lagde myken Hug paa di aat verda maalsnild elder hag i Tala; so laut den vera, som vilde hava nokor Vyrding. Dei vaaro myket vande um Æra si; sviklause og sannmælte vaaro dei, so sume vilde inkje sleppa Sanningi, um det endaa galdt Livet. I Huslivet deira vaaro dei rett blide og tekkjelege mot kvarandre. − Men naar tvo hadde nokot aat trætta um, og Vreiden fekk koma fram, so bar det ofta hardt til. Dei fleste tykte det var Skamm aat lida Urett av andre og inkje kunna taka Hevnd fyre di, og det vardt inkje so sjeldan Strid med Odd og Egg. Dei, som hadde Trætta, kunde lata henne greidast med Log og Dom paa Tinget, um dei so vilde; men dei valde stundom aat greida henne med Vaapni paa den Maaten, at ein baud annan til Einvige (Holmganga) [67], og daa hoggost dei oftast, til ein fekk Dauden, elder dei vordo liggjande der baade. Det var daa og mange, som freistade alt til aat semja Uvenerne, so det vardt gjort Sætt og Fred imillom deim. Naar ein vardt drepen, so var det etter Folkatrui Skylda [68] aat næste Ættingen, at han bar Hevnd yver Draapsmannen (Banen), og han tyktest daa inkje kunna hava Ro i Hugen sin elder Æra si heil, fyrren han hadde røktat Hevndi. Sume gingo myket naudslega til di; men stundom vardt Strid og Manndraap av di endaa gjenom fleira Ætter, fyrr en nokon kunde faa semja Sætt imillom Uvenerne. Soleides gjorde Einviget og Hevndi stora Uheppor hjaa Folket.
     
    Dei forne Federne vaare livde mest av Jord-Avlen deira (av Aakrarne og Fenaden) og av Fisket. Dei gingo og paa Veiding [69] etter Fuglar og Dyr. Mange siglde i Kaupferd til framande Land; fyre di dei vaaro duglege Sjomenner og bygde gilde Skip. Men Strids-Hugen raadde so myket med dessa Kaupmennerna, at dei gingo ofta paa Land og kaupte med kvast Staal i Staden fyre annan Kaupøyre [70], dei toko med Strid det Godset, som dei vilde hava, og daa vaaro no dei minst hepne, som selja luto. Naar tvau Skip med slike Kaupmenner møttest, so vardt det Strid paa Liv og Daude um, kven som skulde hava alt Godset, som var i baade Skipi. Dei, som sterkaste vaaro og god nog Lukka hadde, dei komo heim med full Farm av dyrt Gods i Skipi sine. Desse Sjomennerne, som foro med Ran [71], kalladest Vikingar, og dei sagdest fara i Viking elder Vikingferd. Dei heldo inkje slik Aatferd fyre Illverk og Skamm, dei tykte, det var heiderlegt aat fara ute soleides og røyna [72] Manndomen sin. Den, som vilde vera i god Vyrding, han laut fara i Viking elder annan Strid; ellers kunde han lett verda halden fyre berre ein Heimstøyt, som dugde best til aat sitja inne i Stova og varma seg; fyre di den, som inkje var røynd, han vardt helder inkje væl vyrd. [---]
     
    Notar: 
    [I den elektroniske versjonen er notane nummerte løpande.]
     
    [1] Skipnad (les Skjipnad) av skipa, det er: stella i Lag (kvat Maate dei lagade seg paa i Landet, so dei kunde hjelpast).
    [2] Raako um, rak, flakkade um.
    [3] Burd, Fødsla.
    [4] Sjaa etter paa Landkart.
    [5] for, (med lang o), av fara.
    [6] Les skjilde.
    [7] Øystresjoen er Havet imillom Sverike og Rysland.
    [8] Les Skjyldfolki.
    [9] Erva − erver − ervde − ervt (Fengjet i Arv).
    [10] Govugt, same som hævt.
    [11] U-øydt, ikkje øydt elder gjort til inkje.
    [12] Les Tjood. Det, som fyrr hadde voret berre eit stort Folkaslag, det skilde seg i tri store [F]olk (Hovud-Folk), eit av deim var Nordmennerne.
    [13] Kjølen, Fjellet imellom Norge og Sverike.
    [14] Svearne, det svenske Folket.
    [15] Ei Ætt er det same som eit Skyldfolk.
    [16] Eit Folk var daa berre ei Deild af all Nordmanna-Mugen.
    [17] Bolk, ei Avdeild, ein Lut.
    [18] Eit Fylke, fleire Fylke, − desse Fylki.
    [19] Raumarike rokk fraa Oslofjorden og upp med Mjøsi.
    [20] Sogn, vest i landet.
    [21] Skipa seg: laga, stella seg.
    [22] Ei Log er Bodord, som dei lyt retta seg etter alle, som ero under deim. (Fleirtal: Loger).
    [23] Styrnad, det aat styre.
    [24] Faatøk, den, som hever berre faatt (litet) aat taka, som eig berre litet.
    [25] Landskjyld er Leigopengar fyre Jord.
    [26] Hauld var eit gjildt Namn paa den, som aatte stor Jord. Kunde det inkje brukast no og lika godt som eit framandt namn?
    [27] Upphavet: Byrja, Fyrsta.
    [28] I Staden fyre Jøtun verd og sagt Jutul (Troll).
    [29] Ein Aas, fleire Æser, Æserne.
    [30] Verset er av Vavtrudnesmaal i Edda. Eg set dette her i det gamle norske Maalet utan Avbrøyte til ei liti Syning av Norrøna-Tunga. Tyding: Or Holdet (Kjøtet) hans Ymer var Jordi skapad.
    [31] Men or Beini hans vaaro Bergi skapade.
    [32] Himelen var skapad or Hausen (Skolten) av hin rimkalde Jøtunen.
    [33] Men or Sveiten (Blodet hans) var Sjoen skapad. − Dei Gamle hadde mange Rim i Versi sine; men dei høyrest inkje so bert fyre deim, som ero uvane med deim. I det fyrste par Rader er desse Rim: fyrste Bokstaven i: Or − Ymis − iörð, o − y − jö, (Sjølvljod skal vera ulike). I tredje Radi: b − b (i beinum − biörg; Medljod skal vera like). I andre Halv-Verset er desse Rim: h − h − h (i: himinn − hausi − hrimkalða) og: s − s (i sveita − sior).
    [34] Menne: eit Menne, fleire Menne, dette er eit lett Ord i Staden fyre Menneskja.
    [35] Lynde: Huglag, Hjartalag; Godlynde, godt Hjartalag.
    [36] Mjøll: det som er ør smaat.
    [37] Varde, av verja.
    [38] Det er: Æserne sit Rike.
    [39] Illska, det som vondt er.
    [40] Einherjar er Stridsmenner; ein tyder her utmerkt, soleides: utmerkta Kjempor.
    [41] Sannmæle, det aat vera sann-orden, inkje ljuga.
    [42] Les skjinande.
    [43] Strid, av kappast, strida.
    [44] Dyrlega, det er: som allagjildast, hævast.
    [45] Naastrondi, (open o, mest som Straand) det er: Lik-strandi.
    [46] Æva: ævig Tid, Endeløysa.
    [47] Stordyrd: størst Hævskap og heider.
    [48] Siger, open i, mest som Seger.
    [49] Ov- − tyder: for myket.
    [50] Hov, open o, mest som Haav. Paa dei Gardarne, som enno kallast Hov, Hove, Hoven, Haav osv., hever det vist stadet Hov (Gudahus), som Namnet daa er komet av.
    [51] Bilæte, open i (Bel−).
    [52] Blota, blotade: ofra.
    [53] Limade, open i (mest som lem −).
    [54] Veitsla, av veita, gjeva, lata til (dei Ting, som dei skulde gjera seg til Goda med i Laget).
    [55] Illmenne, ei Menneskja, som hever gjort vond Gjerning, so han skulde hava Dauden elder onnor hard Refsing fyre det.
    [56] Blot, det var Ofring. Blot-Veitslor, Høgtider, daa Folket samnadest aat Hovi og ofrade og hadde glade Lag til Æra aat Gudarne. Vetter, same som Vet', Vinter; Vetternæter; dei fyrste Samdøgri av Vettren (15 Okt.); Sumarnæter: Fyrsta av Sumaren (15 Apr.).
    [57] Gudahus.
    [58] Ætt-stor, som er komen av stor Ætt, av hævt Folk.
    [59] Tign er Storvyrda (Majestæt).
    [60] Ein Kappe, fleire Kappar (av kappa, strida) same som Kjempa.
    [61] Semjar, av semja, telja ifraa Uvinskap.
    [62] Usaatte ero dei, som trætta um nokot.
    [63] Sætt er semja etter ei Trætta.
    [64] Neittade, av neitta, segja nei til.
    [65] So Logi vardt jamnan framsagd paa same Tidi.
    Kvæde: Songar (av kveda: syngja, gjera Songvers.
    [66] Ei Saga (av segja).
    [67] Ein-Vige: Strid ein mot ein. Det var og kallat Holmganga, naar dei gingo ut paa ein Holm (som dei ofta gjorde) og hadde Striden der.
    [68] Skjylda er det, som nokon er skjyldug til aat gjera.
    [69] Veiding; aat ganga og drepa elder taka Dyr (Skyting, fanga i Snara).
    [70] Kaupøyre er Pengar elder annat Gods aat kaupa med.
    [71] Ran, av rana: taka Gods med Magt ifraa andre.
    [72] Røyna: freista og syna.

    Frå Noregs Saga i Stuttmaal. Elder Fortelning um dei største Tilburdarne med Nordmennerne og deira Tilstand i Noreg gjenom Forntidi til vaare Dagar. Skrivit i Landsmaalet av Eirik M. Torvaldsson Sommer. Kristiania: P. T. Mallings Forlagsbokhandel 1862. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad

      

      Eirik Martin Torvaldsson Sommer

      Eirik Martin Torvaldsson Sommer, lærar og forfattar som gav ut nokre av dei aller første bøkene på landsmål.

      Sommer var fødd 28. oktober 1832 i Trondheim og døydde 12. april 1904 i Åfjord. Han var skomakarson og tok lærarprøva ved Klæbu seminar i 1852. Den følgjande tida skal han ha arbeidd som huslærar hos presten i Bjørnør i Sør-Trøndelag og deretter åtte år som lærar på verksskulen ved Nedre Leirfoss i Strinda ved Trondheim. 

      I 1857 gav Sommer ut ei av dei første bøkene på landsmål etter Ivar Aasen, den vesle diktsamlinga Soga-visor om de norske Konungar og de største Hend i Norrig i den hedenske Tidi til Haaken Jarl sit Fall. Dei neste åra gav han ut to bøker til: Noregs Saga i Stuttmaal (1862), med føreord av Aasen, den første framstillinga i bokform av norsk historie på landsmål, og det første heftet av ei landsmålsomsetjing av Sverresoga (1864). Sommer var òg heilt sentral i det første mållaget i Trondheim (1862–63). 

      Han hadde ein augesjukdom som gjorde at han måtte gi seg som lærar, truleg tidleg i 1860-åra. Han prøvde å livnære seg av skrivinga og skal ha vore huslærar ei lita stund før han kjøpte eit lite gardsbruk i Åfjord på Fosen i 1867. Han var no veikhelsa og nærmast blind, så han måtte gi opp skrivinga. Gardsdrifta måtte han òg gi seg med etter få år, og tida i Åfjord vart heller fattigsleg for han.

       

      Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.