Peter Andreas Skjeflo

    (1868-92). Fødd i Sparbu. Lærar og forfattar.

    Peter Andreas Skjeflo
    Skjeflo, Peter Andreas

    Peter Andreas Skjeflo var fødd 27. mai 1868 i Sparbu i Nord-Trøndelag. Han døydde 1892 i fødebygda si. Skjeflo tok lærarutdanning ved Klæbu seminar (1885–87). Han var lærar på Hitra i Sør-Trøndelag frå 1887 til 1891, før han tok til som lærar i Sparbu i 1881. Der arbeidde han til han døydde i 1892.

    Skjeflo skreiv lyrikk, prosa og dramatikk frå tidleg alder, men ingen bøker kom ut medan han levde. Etter at han var død, kom prosasamlinga Bygdafolk (1893), diktsamlinga Paa Rim (1893) og skodespelet Tru kjærleik (1911) ut. Skodespelet i tre akter var opphavleg ein følgjetong i avisa Inntrøndelagen.

    Gjennom form og innhald kan diktinga til Peter Andreas Skjeflo plasserast inn i ein nasjonalromantisk og poetisk realistisk tradisjon. Både språk og tema er i slekt med diktinga til Aasmund Olavsson Vinje. Naturbilete og kjærleiken til landet er sentrale motiv i både prosaen, lyrikken og i skodespelet. Forteljingane, til dømes «Ein gamall daling», er levande folkelivsskildringar frå Nord-Trøndelag. Dikta er tradisjonelle i forma. «I kvelden», «Maalstrævarvisa» og «Sumar i Norig» er døme på det. Peter Andreas Skjeflo var ein av dei første forfattarane som nytta landsmålet i diktinga si.

    Fleire av dikta, til dømes «Kvat havbøra syng», er tonesett av komponisten Johan Backer Lunde.

    Frå Espen Tørset: "Peter Andreas Skjeflo", Allkunne.no, sist oppdatert 12.12.2017 [lesedato 8.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.