Johannes Olsson Skar

    Johannes Skar, folkeminnesamlar som gav ut åtte band med Gamalt or Sætesdal.

    Johannes Olsson Skar
    Johannes Skar
    Skar var fødd i Øyer 18. november 1837 og døydde i Bygland 3. februar 1914. Han var bror til Matias Skard. Han tok examen artium ved latinskulen på Lillehammer i 1859, fullførte andreeksamen ved universitetet i Kristiania i 1860 og hadde tenkt å studere filologi, men måtte slå det frå seg på grunn av sjukdom. Åra 1864–71 arbeidde han med nokre avbrot som huslærar i Ullensaker, Haus i Nordhordland og i Østerdalen. 1871–73 dreiv han «friskule» i Gausdal, ein slags folkehøgskule for born.
     
    Skar var merkt av grundtvigianismen og folkehøgskuletanken. I skuletida på Lillehammer vart han kjend med Christopher Bruun, og venskapen med Bruun, som seinare vart gift med syster hans, varte livet ut.
     
    I 1873 reiste han etter oppmoding frå Vonheim-krinsen til Setesdal for å leite etter meir fullstendige versjonar av «Draumkvedet». Det mislukkast, men han vart oppteken av den gamle kulturen i dalen og vende attende året etter, livnærte seg som blekksmed og lærar og samla folketradisjon. I 1879 vart han kjend med Moltke Moe, som vart ein god rettleiar og hjelpesmann i innsamlingsarbeidet.
     
    I åra 1883 til 1896 var Skar borte frå Setesdal, var lærar og dreiv med bladarbeid. Mykje av denne tida budde han i Gausdal. Mellom anna underviste han på Vonheim og var eit par år huslærar for borna til Bruun.
     
    1897 fekk Skar statsstipend og vende attende til Setesdal. Med hjelp frå Moltke Moe førebudde han omhugsamt utgivinga av det tradisjonsmaterialet han hadde samla. I 1903 kom første bandet av Gamalt or Sætesdal på eige forlag, dei sju andre banda kom ut hos Olaf Norli. Då Skar døydde, sytte Knut Liestøl for prentinga av dei to siste banda. Føremålet med verket var ikkje først og fremst vitskapleg, men å vise for setesdølane og andre den verdien som låg i den gamle folketradisjonen.
     
    Frå Jon Grepstad: "Johannes Olsson Skar", Allkunne.no, sist oppdatert 29.4.2013 [lesedato 7.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.
     
    Tekstar om Johannes Skar
    Stefan Frisch: Johannes Skar (1914)