Johannes Nilsson Skaar

    (1828-1904). Fødd i Kvam, Hordaland. Biskop.

    Cand.theol. 1857. Sokneprest i Gjerpen, biskop i Tromsø frå 1885, så i Trondheim 1892-1904. I 1865 medlem av kommisjonen som vurderte Landstads salmebokutkast, og i 1876 med i kommisjonen som vurderte Lindemanns melodiar til salmeboka. Gav ut "Lovsange og aandelige Viser" i 1863. Hovudverket hans er "Norsk salmehistorie" i to band frå 1879-80. JG